Les heile saka i MØRE-NYTT

4 TORSDAG 05. FEBRUAR 2015 MØRE-NYTT
Landbruksmesse: Eiksenteret, A-K Maskiner, Felleskjøpet, Øye Maskin og Ørsta næringskontor har teke initiativ til landbruksmesse i Ørsta. I april vil det vere mykje aktivitet over to
dagar på Utstillingsplassen i Ørsta, og eit av måla er å skape meir optimisme innanfor næringa. F.v. Ove Myklebust (Eiksenteret), Bernt Brekk (A-K Maskiner), Per Arild Skjåstad (Felleskjøpet), Johnny Øye (Øye Maskin) og Odd Magne Vinjevoll (Ørsta næringskontor).
Skal setje Ørsta på kartet
Fire lokale landbruksforhandlarar går no
saman for å lage ei
landbruksmesse som
igjen skal setje landbrukskommunen Ørsta på kartet.
• Joachim Kroken Åsebø
joachim@morenytt.no
Landbruksmessa i Ørsta har
kome i stand etter initiativ frå
Øye Maskin, Eiksenteret, A-K
Maskiner, Felleskjøpet og Ørsta
næringskontor. 24.- og 25. april
vil Utstillingsplassen i Ørsta
vere fylt av utstyr og maskiner
til m.a. landbruk, skog og hage.
– Vi ynskjer å skape glede og
positivitet innan næringa. Det
er ei veldig sterk næring som
er godt samla i Ørsta. Vi ynskjer
å vise styrke og vi er optimistiske for framtida, seier dagleg
leiar Bernt Brekk ved A-K Maskiner.
Tidlegare har den enkelte
aktør hatt sine eigne dagar,
men no står dei samla bak ei
større messe. Med landbruksmessa ynskjer aktørane å verkeleg setje Ørsta på kartet
innan landbruk. Alt som er relatert til agri vil verte å sjå på
messa.

Vi er
optimistiske
for framtida
– Vi er på den plassen på
nordvestlandet der flest leverandørar er best representert.
For vår del er det viktig at vi
samlar oss og viser styrkje. Vi
har ei breidde her i Ørsta som
er unik.
Innanfor næringa i dag er det
over tretti arbeidsplassar i Ørsta kommune. For dei ulike
landbruksforhandlar strekkjer
distriktet seg frå Måløy og
Stryn i sør til Haram, Ørskog og
Geiranger i nord.
– Ørsta er ei stormakt innan
landbruk, men dette er veldig
usynleg på ulike statistikkar,
seier næringssjef Odd Mange
Vinjevoll.
Eit av måla med landbruksmessa er å skape meir optimisme innanfor næringa.
– Vi har von om trekkje mykje folk til landbruksmessa og
vise fram kva vi har og kva vi
kan tilby. Ved å slå oss saman
rundt dette vil vi også skape
mykje større interesse blant
kundar og eksterne leverandørar.
Landbruksmessa skal ha eit
breitt nedslagsfelt og i tillegg til
utstyr vert det og hesteutstilling med Fjordhestlaget. Det vil
verte dyr, barneaktivitetar,
nærmat og informasjon rundt
finansiering og forsikring.
– Det vert som ein marknad.
Vi vonar at dette vert eit årleg
arrangement og at vi vil vekse
oss større på sikt, seier Brekk.
– For oss er det viktig å vere
ein medspelar og vere med på
synleggjeringa av ein stor
bransje. Det er ein bransje der
endringane har vore store med
tanke på kva dei tradisjonelt
har levert til. Dess meir aktivitet vi klarer å skape dess meir
merksemd får vi, seier Vinjevoll.
Karen Høydal ny leiar i Ørsta Ap
Karen Høydal er valt til ny
leiar i Ørsta Ap. Ho tek
over etter Petter Bjørdal,
som sa frå seg attval.
Ny Ap-leiar: Karen Høydal er ny leiar i Ørsta Ap.
Det var godt frammøte på Ørsta Ap sitt årsmøte. Tema var
kommunikasjon med kommunikasjonsdirektør Solveig Moe
Frøland i Kystverket. Ho la vekt
på at kommunikasjon er demokrati, makt, kultur og eit viktig
verktøy i samhandling. Det er
ein balansekunst å manøvrere
mellom god intern kommunikasjon og å vere synleg i det
offentlege rom.
Stortingsrepresentant Fredrik Holen Bjørdal la vekt på det
helsefremmande i arbeidslivet
og kor viktig det er at alle har
arbeidsavtalar og føreseielege
arbeidsforhold. Han orienterte
elles om aktuelle saker sentralt.
Årsmelding, kommunestyregruppa si årsmelding, rekneskap og budsjett vart behandla
og godkjent. Det er ei fin re-
kruttering til partiet og valet
gav dette resultatet:
Styret: Karen Høydal (leiar)
Ingvild Aasen (nestleiar), Inge
Birger Bjørdal (kasserar), Hans
Andrè Sørvik
(studieleiar).
Iselin Steinnes Foldal (kvinnepolitisk leiar) og Jostein Mo
(styremedlem). Styret nemner
opp sekretær.
Vara: Karen Longva Buset,
Lars Johan Hammer, Maria
Halse og Alexander Riise Olsen. Revisor: Roar Rønning og
Brynjulf Skurtveit.