Postvegen Nordfjellet Onarheimslia PÅ TUR Populære turløyper i nærområdet PÅ TUR Storslagen natur —like utanfor stovedøra Bedriftsidrettslaget har opp gjennom dei siste 10 åra vore med på å gi ut fleire flotte brosjyrar med turar til naturperler i heile kommunen. I denne brosjyren vil ein i hovudsak synleggjera turmåla vi har på fjelltrimmen vår og på trimkortet for nærområdet. Fjelltrimmen er ei vel etablert ordning som starta på midten av 80talet med 4 registreringspunkt: Kaldestadåsen, Bremstølen, Nordfjellet og Mjelkhaug. Rundt 50 personar var med på fjelltrimmen frå starten av. Talet har dei siste åra lege på rundt 200 personar. Registreringspunkta har i dag rundt 25000 besøk pr år fordelt på 10 turmål. Naturleg nok er det dei næraste turmåla som har mest besøk. Kaldestadåsen, Onarheimslia, Bremstølen, Fenafjell, Nordfjellet og Vardhaugselet er turmål som ein kan nå heile året og står for rundt 23550 registreringar. 2 Frå 2009 er turkortet utvida med flotte turmål i nærområdet og resten av kommunen. For dei fleste er startpunktet for desse turane berre få minutt unna godstolen heime. I tillegg er det mogleg å føra inn «valfrie turmål» frå andre område. Skaff deg turkort for høgt og lågt og plukk flotte turmål heile året! GOD TUR. For styret i bedriftsidrettslaget og trimgruppa. Geir Berntzen, Hans Haukland, Tordis Sagstad og Bjørn Heimvik Populære turløyper i nærområdet Nokre praktiske råd om ferdsle og åtferd til fjells Når du ferdast i fjellet er det særs viktig at du held deg mest mogeleg til oppmerka/varda løyper, for fjellet kan vera ganske lumsk, det kan skifte frå fint vêr til skodde på utruleg kort tid, og då er det best å vita kvar ein er, og kvar ein skal. Ha alltid med rikeleg mat og drikke i sekken, og ta med litt klebyte, det kan bli kaldt å vera på toppane i sveitte/våte klede. Alt du ber med deg av emballasje, plast og papir skal sjølvsagt takast med heim og kastast der det høyrer til. Allemansretten I utmark kan du ferdast overalt til fots og på ski og rasta kor du vil. Overnatting under open himmel eller telting er tillate i utmark, men ikkje nærare enn 150 meter frå hus eller hytte. Skal du liggja meir enn to døger på same staden, må grunneigaren gi løyve. Som brukar av allemannsretten har du òg plikter. Alle skal opptre hensynsfullt og varsamt så det ik- kje skjer skade eller er til ulempe for eigar, brukar eller andre. Ta omsyn til miljøet. Alle må rydda opp etter seg og ikkje etterlata staden slik at det verkar skjemmande. Ver særleg varsam med eld og respekter forbodet mot å tenna bål i eller i nærleiken av skog i tida 15. april til 15. september. Dei fleste stader kan du plukka bær, sopp og blomar. Uansett korleis du ferdast, skal du visa omsyn og ikkje skada eller forstyrra husdyr, natur eller vilt. 3 PÅ TUR 1 Pollen - Fenafjell - Kaldestadåsen Turen startar i Pollen på Opsanger (Sunde). Frå parkeringsplassen ved rundkjøringa går ein inn på grusveg og følgjer denne i omlag 30 meter. Herifrå er stien merka. Første del går delvis inne i granfelt, deretter i kanten av Storemyr. Etter passering av nokre bruer går stien over i god traktorveg. Følg denne vidare nokre hundre meter og ta av til høgre opp Liabakkane. Her kjem ein til stidele for mange løyper, ta av på sti merka Fenafjell. Stien går bratt opp nokre minutt, dei siste i tett granfelt. På Fenafjell (160 m.o.h.) får ein løn for strevet med utsyn over store delar av Sunnhordalandsbassen- get. Stien er merka vidare til Kaldestadåsen via Thorsenedalen og opp den bratte lia derifrå. Frå Kaldestadåsen har ein utsyn mot Husnes og fjella ovanfor. På turen ned er det 4 merka turalternativ å velja mellom. Fakta: Høgd: 271 m.o.h. Turtid: 1 time Startpunkt: Pollen 2 Kaldestad - Kaldestadåsen Fakta: Høgd: 271 m.o.h. Turtid: 45 min Startpunkt: Kaldestad 4 Turen startar på Kaldestad -frå riksvegen ved avkjørsla for den søre vegen ned til Prestnes. Stien går etter 50 meter bratt opp gjennom eit granfelt. Over granfeltet er det fin utsikt innover Hardangerfjorden og utover Sunnhordlansbassenget. Følg merking i slakare lende til gapahuken på toppen. Populære turløyper i nærområdet Husnes - Kaldestadåsen Merka løype startar ved trappa bak verkstadbygget til Kvinnherad vidaregåande skule (KVV). Etter nokre minutt gange kjem ein inn i eit hogstområde og herifrå ber det oppover. Einskilde parti er bratte, og det kan vera litt vått, men stien er godt opptrakka og merka. Utsynet er ikkje det beste på turen opp avdi ein går inne i skogen. Toppen av Kaldestadåsen når ein etter omlag 45 min. I gapahuken er det bok for namneregistrering. 3 Fakta: Høgd: 271 m.o.h. Turtid: 1 time Startpunkt: Husnes idrettspark Merk dei mange stiane som fører til dette turmålet. 5 PÅ TUR 4 Bogsnesåsen Startpunktet er ved bommen til skogsvegen inst i Bogsnesvågen. Turen går innover fin grusveg i vekslande terreng. Etter 20-30 min. er det ein kvilebenk. Ta av grusvegen til venstre innover i skogen. Stien er litt tilgrodd med småskog, men har fleire fine utsiktspunkt mot Husnesfjorden og Tysnes i nordvest. Bogsnesåsen er elles kjent for eit yrande fugleliv. Framom Tysnes ligg øyane: Ånuglo, Midtøya, Seløya, Skorpo og 6 Huglo. I vest ligg Stord med den store radio- og TV-masta på platået kalla Stovegolvet. Rett i nord ligg Lokksundet med brua mellom Tysnes og fastlandet på Ølve. Etter 15-20 min. gange deler stien seg i to. Ein kan ta snarturen oppom høgaste punktet på Bogsnesåsen og skriva namnet sitt i boka, som ligg under straumhuset. Eller ein kan halda rett fram og koma attende til grusvegen (skogsvegen) og startpunktet ved hovudvegen. Fakta: Høgd: 125 m.o.h. Turtid: 45 min. Startpunkt: Skogvegen i Bogsnesvågen Populære turløyper i nærområdet SØRAL-løypa Ein lett og grei lavlandstur som kan gjennomførast av alle, til fots, med barnevogn eller i rullestol. Turen går på gode og tørre stiar. Rundløypa rundt golfbanen Fakta: Høgd: 60 m.o.h. Turtid: 1 time Startpunkt: SØRAL-hovudport/ båthamna, ICA/Statoil eller SØRAL-adm.bygg er best eigna for barnevogn/rullestol, i den øvre delen, mellom riksvegen og SØRAL-området, er deler av løypa ikkje så «hjulvenleg». Ver merksam ved golfspel på banen innanfor turstien. Startpunkt for rundløypa kan vera ved: SØRAL sin hovudport, vegen ned til båthamna, ICA/Statoil eller adm.bygget til SØRAL. Byrjar ein ved ICA/Statoil kan ein òg velja gangvegen sørover gjennom parken langs Opsangervatnet/Opsangervegen, forbi campingplassen og roklubben og utover Kaldaneset. Lett og nydeleg tur. 5 Størstedelen er eigna for barnevogn/rullestol. Frå same startpunkt går ein rundt SØRAL-løypa på gang-/sykkelstien opp mot rundkjøringa med skulpturen «Samspel», der ein tar til venstre inn mot SØRAL sitt adm.bygg. Kryss vegen ved skilt (SØRAL-løypa) og fortset på skogsvegen opp mot riksvegen. Følg denne omlag 600 m og ta til venstre og ned gjennom skogen til SØRAL sitt administrasjonsbygg. Følg gangvegen langs gjerdet til SØRAL-området rundt sørsida og fortset så rundt golfbanen attende til utgangspunktet. 7 PÅ TUR 6 Onarheimslia - Gråskallen Turen til Gråskallen startar ved avkjøringa til skogsvegen oppover Onarheimslia, rett over vegen nedanfor rasteplassen på «stripa» (riksvegen mellom Helland og Langgåt). Første delen av turen går på fin grusveg, som strekkjer seg oppetter lia. I den skarpe venstresvingen etter omlag eit kvarters gange, kan ein ta av og gå oppover i Husnesfjella (Bremstølen, Sundsstølen, Svartavatn, Mannen, Mjelkhaug, Englafjell). Til Gråskallen forset ein gjennom svingen og følgjer grusvegen til endes (Totalt omlag 45 min). Her 8 er det sett ut bord og benker som gjer det høveleg med ein rast for å nyta utsynet over Husnesfjorden og registrera seg i boka. Stien inn mot Gråskallen fortset i enden av skogsvegen, og den er skilta og merka. Første delen går gjennom granskog, der det òg kan vera noko vått. Etterkvart går skogen over til fin, open fureskog og stien er turrare, litt ulendt til tider, men stigninga er jamn og ikkje tung. Siste kneika opp mot Gråskallen er noko brattare, men ikkje lang, og utsynet over fjorden og øyane frå top- pen er vel verdt litt tung pust. Frå Gråskallen kan ein gå ned forbi Hellvikvatnet til Herøysund som eit alternativ. Fakta: Høgd: Turtid: Startpunkt: 439 m.o.h. 3 timar tur/retur Avkjørsel ved rasteplass, Onarheimslia Populære turløyper i nærområdet Postvegen Den 13. mai 1785 vart det ved kongeleg resolusjon vedteke å opna ei postrute mellom Bergen og Stavanger. Den skulle gå ein gong i veka gjennom kystdistrikta «for at gagne fiskeriene og andre næringsveier i disse avsides beliggende steder, samt lette og befordre den derav flytende handel». Posten skulle gå frå Stavanger til Bergen kvar tysdag middag kl. 12, og frå Bergen laurdag ettermiddag kl. 5. Veglengda blei rekna til 18 mil, og desse skulle gjerast unna på 36 timar. Det tok oftast dobbelt så lang tid. Gjennom Kvinnherad var ruta slik: Hellvik (Herøysund) - Husnes - Teigen - Valen - Sandvoll - Ølfernes. Postruta vart kalla «Den Stavangerske Posttour» og vart verande uendra fram til 1870 åra. 7 Rute 1: Husnes - Valen - Handeland Start frå parkeringsplassen ved SØRAL, følg den merka postvegen mot sør. Turen går over gamle bruer, langs bekkar og vatn, gjennom kulturlandsskap og beite og over høgdedrag med flott utsyn. Ved butikken på Valen følg gang- og sykkelvegen forbi Valen sjukehus til driftsbygningen på Valen gard og derifrå vidare på den gamle postvegen. Denne ruta kan brukast av rullestolbrukarar med elektrisk rullestol og tar omlag 3 timar tur/retur. Rute 2: Skarvaland - Ølfernes Start ved Skarvaland skule og gå langs riksvegen mot sør. Gå til høgre for steinbrotet og følg den merka vegen heilt til Ølfernes. Undervegs passerer du flotte, gamle bruer, går gjennom kulturlandskapet og kan ta pause på vakre rasteplassar. På Ølfernes finst graver frå bronsealderen (over 2500 år gamle). Turen tar omlag 2,5 time tur/retur. Fakta: Høgd: 80 m.o.h. Turtid: 3 timar tur/retur Startpunkt: Husnes 9 PÅ TUR 15 6 14 4 5 13 2 3 1 7 12 10 11 9 10 Populære turløyper i nærområdet 1 2 3 8 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 Pollen - Fenafjell - Kaldestadåsen Side 4 Kaldestad - Kaldestadåsen Side 4 Husnes - Kaldestadåsen Side 5 Bogsnesåsen Side 6 SØRAL-løypa Side 7 Onarheimslia - Gråskallen Side 8 Postvegen Side 9 Utåker - Dyrrinda - Ulvanosa Side 12 Sandvoll - Handelandshorga Side 13 Valen - Olderbotn Vardhaugselet - Mjelkhaug Side 14 Valen - Nordefjellet Vardhaugselet - Mjelkhaug Side 15 Husnes - Nordefjellet Side 16 Husnes - Svaneheia - Mjelkhaug Side 17 Onarheimslia - Bremstølen Svartavatnet - Mannen Side 18 Onarheimslia - Bremstølen Svartavatnet - Englafjell Side 1911 PÅ TUR 8 Utåker - Dyrrinda - Ulvanosa Turen er litt krevjande, men større barn med turtrening greier det fint. Fjellet vart brukt som seglingsmerke i gamle dagar. Start frå skisenteret i Tveitedalen og følg skogsvegen/skitraséen innover langs elva til dei skil lag og terrenget byrjar å stiga, fortset til høgre og opp over moreneryggen Dyrrinda, til selet som ligg på omlag 600 m.o.h. Herifrå er løypa T-merka og varda. På toppen ovanfor selet opnar landskapet seg og det er flott utsyn mot Skånevik og Etnefjella i 12 sør, Handelandshorga i vest og turmålet i nord. Vidare på vegen er det mykje berg og stein, men lett å gå. Før toppen er nådd går stien langs det svært bratte stupet ned mot Fjellandsbø øvst i Uskedalen. Utsynet gir verkeleg sug i magen, men om det er er ynskjeleg, er det råd å halda seg litt borte frå kanten og unngå det. Varden på Ulvanosa er stor og majestetisk, men er likevel heilt dekka av snø om vinteren. Herifrå er det storslagent utsyn over Folgefonnshalvøya med «Rosendalsalpane» og Folgefonna og heile fjordlandskapet i Sunnhordland. Dette er også ein flott skitur på ettervinteren/våren. Skiene må då vanlegvis berast til Dyrrinda. Fakta: Høgd: 1247 m.o.h. Turtid: 6 timar tur/retur Startpunkt: Utåker Populære turløyper i nærområdet Sandvoll - Handelandshorga Turen er ikkje av dei lettaste, men kan stort sett gjennomførast av heile familien. Start ved bommen øvst på Handeland gard, her er det god parkeringsplass. Gå innover grusvegen og over brua, etter omlag 100 m ta av til venstre på traktorvegen oppetter lia. Denne går etter kvart over til godt synleg sti. Hald mot venstre heile vegen oppover. Omlag hundre meter inne i skogen, etter at det har flata ut, tek vegen av til høgre. Heretter er det stigning gjennom heile skogspartiet på ein godt markert sti. Etter kvart blir det mindre skog og stien tar en sving til venstre over ei lita myr. Herifrå er det god merking i form av vardar og raudemåla merkepinnar. Etterkvart som ein kjem opp på berg og fjell er turmålet synleg oppe i høgda. Undervegs oppetter lia er det mange synsopplevingar: demningane nede i Valedalen, Nordfjellet og Vardhaugen på den andre sida av dalen, og elles god utsikt over vestlege deler av Sunnhordlandsbassenget. Ved varden på Handelandshorga, er det utsyn mot Halsnøy i sør, Skånevik og Etne i aust, Ulvanosa og Folgefonna i nord, og Mjelkhaug og Mannen i vest. Denne turen bør gåast i tida april til oktober/november, då det kan elles vera snø som ligg og gjer det vanskeleg i brattane ned mot dalen. 9 Fakta: Høgd: 893 m.o.h. Turtid: 4 timar tur/retur Startpunkt: Bom ved Handeland gard 13 PÅ TUR 10 Valen - Olderbotn Vardhaugselet - Mjelkhaug Mjelkhaugsteinen Turen høver for alle med litt turtrening. Start frå Søsterheimen øvst i innmarka til den tidlegare sjukehusgarden på Valen, og følg den stigande traktorvegen opp gjennom skogen. Traktorvegen går gradvis over til merka og godt synleg sti der den passerer Olderbotnhytta. Hytta vart oppført i 1920åra, som kvilebu for vedhogst ved Valen sjukehus. Etter iherdig dugnadsinnsats dei seinare åra er hytta bygt heilt oppatt, og det er 14 kome til uthus. Over tregrensa bryt stien av til høgre ved stor stein og går vidare til det steinsette selet under Vardhaugen. Selet vart bygt rundt 1860 som stølshus. Etter mange års forfall er det dei seinare åra sett i svært god stand ved hjelp av stor innsats både frå einskildpersonar og lag. Det er òg sett opp uthus, som vart frakta opp med helikopter som ferdig bygg. Turen til Vardhaugselet er flittig brukt som treningstur/dagstur av folk frå Valen og bygdene rundt. Vegen vidare mot Mjelkhaug går bratt, men kort, opp til Vardhaugen. Herifrå er det godt utsyn over Skånevik, Etne, Halsnøy, Stord, Tysnes og vidare endå. Innover mot Mjelkhaug er det flott fjellterreng opp til platået, deretter gjennom det steinete «månelandskapet» før varden vert nådd. Det er òg verdt å ta den korte turen bortom den store, firkanta Mjelkhaugsteinen, som vart brukt som seglingsmerke i tidlegare tider. Utsikten er, som alltid i fjellet, storslått og syner mellom anna Mannen, Englafjell, Ulvanosa og Folgefonna - og fjordane og øyane i Sunnhordland, som kan nytast under heile tilbaketuren. Gå gjerne ned over Svaneheia og via Nordfjellet. Fakta: Høgd: 1005 m.o.h. Turtid: 5 timar tur/retur Startpunkt: Søsterheimen på Valen Populære turløyper i nærområdet Valen - Nordefjellet Vardhaugselet - Mjelkhaug Denne turen har same turmål, og går frå same staden som tur 10, men går via Nordfjellet i staden for Olderbotnen. Berre eit par hundre meter etter starten frå Søsterheimen bryt traktorvegen skarpt av til venstre og fortset oppover lia ovanfor Valebygda. Rett før skogsvegen tar slutt bryt den av mot venstre igjen og fortset som sti gjennom den etterkvart meir glisne og lysare skogen. Det er her mogleg å ta endå ein gong til venstre og gå den «gamle» stien via Kokkelberg, eller å gå rett fram gjennom plantefeltet og koma opp ovanfor Kokkelberg, der desse to stiane møtest att. Herifrå ber det over berga mot varden på Nordfjellet. Gå vidare ned på Svaneheia bak Nordfjellet og følgjer den merka stien innover mot høgre/aust under kraftlina til den møter stien frå Valen via Olderbotnen i stidele ved stor, firkanta stein. Her er det skilta og merka mot Vardhaugselet og vidare (sjå tur 10). 11 Fakta: Høgd: 1005 m.o.h. Turtid: 5 timar tur/retur Startpunkt: Søsterheimen på Valen 15 PÅ TUR 12 Husnes - Nordefjellet Turen til Nordfjellet er ein fin søndagstur for heile familien. Start på andre sida av rv. 48 i vegkrysset med innkjøringa til Husnes. Her er det òg plass å parkera bilen. Gå opp den vesle skråninga og følg traktorvegen innover innmarka/beitemarka øvst på Helland. I det komande vegskiljet ta den merka stien til høgre, skilta til Nordfjellet. Stien går oppetter lia under høgspentlina og kan til tider vera ganske bratt. 16 Det går ein liten time for å koma over tregrensa, og deretter omlag 15 min opp til varden på Nordfjellet. Den obligatoriske blå boksen med tang for klyppekort og bok til å skriva namnet i finst rett under knausen. Frå Nordfjellet kan ein sjå rett ut Hardangerfjorden og heilt til havs, og elles Høylandssundet og Husnesfjorden og alle øyane i desse fjordane og endå vidare. Nordfjellet er eit knutepunkt med stiar vidare til Vardhaugselet (643 m.o.h) eller over Svaneheia til Mjelkhaug (1005 m.o.h.) Fakta: Høgd: 559 m.o.h. Turtid: 2 timar tur/retur Startpunkt: Hellandsbrua, Husnes Populære turløyper i nærområdet Husnes - Svaneheia - Mjelkhaug Turen til Mjelkhaug høver for alle med turtrening. Start på andre sida av rv. 48 i vegkrysset med innkjøringa til Husnes. Her er det òg plass å parkera bilen. Gå opp den vesle skråninga og følg traktorvegen innover innmarka/beitemarka øvst på Helland. I det komande vegskiljet ta merka sti som er skilta til Mjelkhaug. Herfrå går det bratt oppover og etter 45-60 min, akkurat i tregrensa, passerer stien eit nyrestaurert sel. Då er verste stig- ninga unnagjort, vegen vidare går oppover Svaneheia. Ned til venstre ligg Bremstølen, ovanfor den, Sundstølen, og vidare dalføret innover mot Svartavatnet. Etterkvart byrjar «klatreetappen» opp mot Mjelkhaugplatået, og deretter det lette flate partiet mot toppen. Mjelkhaug er med sine 1005 m.o.h. den 3. høgste av toppane i Husnesfjella. Frå Mjelkhaug er det utsyn til Ulvanosa og Folgefonna i nordaust og Sunnhordlandsbassenget, Husnes og Stord i sørvest. 13 Den korte turen til det gamle seglingsmerket Mjelkhaugsteinen, sørvest for varden, er obligatorisk. Fakta: Høgd: 1005 m.o.h. Turtid: 4 timar tur/retur Startpunkt: Hellandsbrua, Husnes 17 PÅ TUR 14 Onarheimslia - Bremstølen Svartavatnet - Mannen Turen tar 5-6 timar tur-retur og høver for dei som går litt i fjellet. Turen går opp skogsvegen frå rv. 48, over vegen for Husnes motor, ved informasjonstavla som viser turmål i området. Her er det òg plass til å parkera bilen. Første delen av turen går på traktorveg opp gjennom skog og hogstfelt, denne går over i merka sti og fører til Bremstølen/Bremstølsvatnet (460 m.o.h), som er mykje brukt som turmål for folk frå Husnesområdet. Stien går vidare i kupert terreng med lett 18 barskog til Sundstølen/Sundstølsvatnet og endå vidare opp bratt stigning til/på dei flotte berga som går inn- og oppover dalføret mot Svartavatnet. (drikkevasskjelde for ytre Kvinnherad.) Turen fortset opp mot Mannen. På venstre sida av vatnet på merkt sti over stein og berg. Følg stien skilta med «Nyevegen» opp gjennom eit lite dalsøkk før den rundar på utsida oppover fjellet og det er råd å sjå fram mot turmålet over ein flate og opp ei ny stigning. Fakta: Høgd: 777 m.o.h. Turtid: 6 timar tur/retur Startpunkt: Avkjørsel ved rasteplass, Onarheimslia Utsynet er som vanleg praktfullt innover fjella og utover fjorden. Populære turløyper i nærområdet Onarheimslia - Bremstølen Svartavatnet - Englafjell Ruta er som for rute 14 fram til Svartavatnet. Herifrå er det merka veg til høgre for vatnet innover berga før siste oppstiginga, som er nokså bratt, men komen over kanten er det berre ei lita flate før varden på Englafjell. Ned att kan ein, i staden for å følgja same vegen som opp, anten gå ned Eikedalen (mellom Mannen og Engla- fjell) til Eik i Uskedalen, eller gå over berg og fjell til Mjelkhaug og vidare ned derifrå. Det er òg merka ein trasé frå varden i og langs fjellsida ned mot Uskedalen via Såta og ned til Fet. På denne ruta er det flott utsikt både innover fjella og ut mot fjorden. 15 Fakta: Høgd: 1200 m.o.h. Turtid: 9 timar tur/retur Startpunkt: Avkjørsel ved rasteplass, Onarheimslia 19 www.soralbil.no
© Copyright 2025