Undervisningstime for konfirmantar og ungdom. Manual med rettleiing og forslag til aktivitetar. FOTO: Paul JeffreyACT Alliance FASTEAKSJONEN 2015 Dette heftet skal brukast i Kirkens Nødhjelps fasteaksjon i 2015. For å gjennomføre heile opplegget treng du dette heftet samt DVD. Vi anbefaler også at du brukar PowerPointpresentasjonen som du finn på fasteaksjonen.no. www.fasteaksjonen.no Innhald Kjære konfirmant- og ungdomsleiar 4 Rettleiing til bruk av heftet 5 Kalla til teneste 6 Klimavitne: Jhoana 7 Klimavitne: Dat 8 Klimavitne: Mwanaidi 9 Quiz om vatn, klima og faste 10 Vote with your feet- vatn 11 Fattigdom handlar om urettferd 12 Disposisjon til ein konfirmanttime 13-16 Klimavitne: Higino 17 Klimakampanjen 18 Changemaker19 Jakta på gullbilletten 20 Velsignelse for et brennende hjerte 21 Samling på aksjonsdagen 22 Rett bøsseberarutstyr 23 Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2015-2016 • 3 Kjære konfirmant- og ungdomsleiar Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon er ein innarbeida tradisjon i dei aller fleste norske kyrkjelydar. Kvar vår er cirka 40 000 bøsseberarar med på denne store dugnaden, som er den nest største dør-til-dør aksjonen i Noreg etter TV-aksjonen. Konfirmantane er ryggrada i denne aksjonen, men vi ser at stadig fleire kyrkjelydar også engasjerer andre grupper og gjer det til heile kyrkjelyden sin aksjon. Vi i Kirkens Nødhjelp meiner at vi både må ta tak i problema vi ser i verda, og samstundes gjere noko med årsakene til uretten. Fasteaksjonen er eit flott høve til å gjere begge deler: • Ved å gå med bøsse og gje pengar kan vi bidra til at fattige menneske får dei grunnleggjande rettane sine oppfylt, og at dei får moglegheiter som vi i Noreg tek for gitt. • Ved å delta i vår klimakampanje, kan vi bidra til å legge press på menneske med makt og ansvar, og stille krav om at dei tek avgjerer som fremmer fattige menneske sine rettar. 4 • Pedagogisk opplegg for konfirmantar Pengane frå fasteaksjonen går til ulike delar av Kirkens Nødhjelp sitt arbeid. I år vil vi spesielt trekke fram døme frå katastrofearbeidet vårt i aksjonen. Mange av desse katastrofane heng saman med klimaendringar. Gong på gong ser vi at det er dei fattige som blir hardast ramma. Det såg vi då tyfonen trefte Filippinane, då flaumen herja i Vietnam eller når regnet ikkje kom og tørka ramma Tanzania. Klimaendringane gjer at naturkatastrofar rammar hyppigare. Mange menneske kjenner difor klimaendringane på kroppen. Gjennom materiellet vil vi i år bli kjend med nokre klimavitne som fortel si historie. Kirkens Nødhjelps fasteaksjon er eit høve til både å gjere noko konkret for dei som er ramma av klimaendringane, og til å legge press på politikarar slik at vi kan få ei klimaavtale som tek omsyn til dei fattigaste. Vi håper du vil vere med på dette arbeidet gjennom aksjonen i år. Lykke til! Rettleiing til bruk av heftet Dette heftet har ein struktur som vi håper gjer det enkelt for deg å presentere fasteaksjonen for konfirmantane. Det finns mange måtar å legge opp ein konfirmanttime på, men her er eit opplegg som forhåpentlegvis kan vere til hjelp. Du kan følgje vår enkle oppskrift på ein time, som blir presentert i midtsida av heftet, eller velje ut element som passar ditt opplegg. Materiellet vårt blir gjort tilgjengeleg på www. fasteaksjonen.no. Der kan du laste ned ein powerpointpresentasjon som kan brukast til å sette konfirmantane inn i tematikken, finne informasjon om korleis du kan delta i den politiske kampanjen, og laste ned mobiliseringsfilmen. I tillegg har vi mykje godt tilleggsstoff som kan nyttast i ulike samanhengar, både i konfirmantundervisninga og for andre samlingar i fastetida. Vi anbefaler at de spreier undervisninga over to samlingar. Den fyrste samlinga gir dykk bakgrunnsinformasjon om aksjonen, og set konfirmantane inn i tematikken. Den andre samlinga kan vere ei kort samling på aksjonsdagen, rett før de skal sende ut bøsseberarane. Då er det viktig å gå gjennom praktisk informasjon og motivere bøsseberarane til handling. UNDERVISNING I FORKANT AV AKSJONSDAGEN • Powerpoint - bruk gjerne powerpointen som du finn på fasteaksjonen.no når du skal fortelje om årets aksjon. Her får du møte fleire klimavitne frå ulike katastrofar, meir bakgrunn om klimautfordringane og informasjon om Kirkens Nødhjelp sitt arbeid. • Vis mobiliseringsfilmen- - denne finn du på DVD-en, eller du kan laste den ned på fasteaksjonen.no • Aktivitetar - bruk gjerne ein eller fleire av aktivitetane i heftet som handlar om temaa vatn, klima, faste og urett. Du kan bruke quizen vår, ”Vote with your feet” eller ”fattigdom handlar om urett” som du finn på side 10-12. • Handling – bruk materiell frå dette heftet og fasteaksjonen.no for å fortelje om at vi kan omsette kunnskapen vår til handling. 1) Gå med bøsse. 2) Delta i den politiske kampanjen- sjå side 18 og les meir om korleis du kan delta i kampanjen på fasteaksjonen.no frå 26. januar. • Andakt - Bruk gjerne andakten på side 16, eller hent inspirasjon til din eigen. KORT SAMLING PÅ AKSJONSDAGEN • Praktisk informasjon - gå gjennom praktisk informasjon. Sjå side 22-23. • Bruk gjerne Jonna sin bøsseskule - du finn den på DVD-en, eller du kan laste den ned på fasteaksjonen.no • Fortel gjerne historiene til ein eller fleire av klimavitna, for å engasjere bøsseberarane til handling. Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2015-2016 • 5 Kalla til teneste ”Vi takker deg, visdommens Gud, for ditt måltids dype hemmelighet: At brødet vi har brutt, er ett, og at din Sønn har gitt sitt liv for én verden og én menneskehet. Vi ber deg: Hjelp oss å høre det rop du har hørt, se den nød du har sett og å elske vår neste som oss selv. Amen.” (Takkebønn for nattverden, brukast av Rødtvet menighet i Oslo) Som ein del av den verdsomspennande kyrkja møtes vi til fellesskapet i nattverden. Vi deler brød og vin saman med dei vi feirar gudsteneste med, og med dei som feirar gudsteneste i kyrkjer over heile jorda. I 1 Kor 12 les vi at vi alle er ein del av Kristi kropp. Og når ein lem lir, lir heile kroppen. Gjennom samarbeidspartnarane til Kirkens Nødhjelp i sør møter vi menneske som er ein del av den same verdsomspennande kyrkja, men som har eit heilt anna utgangspunkt enn det vi har her i Noreg. Vi møter menneske som kjempar for å få oppfylt dei grunnleggjande rettane sine, og som treng at vi står saman med dei i kampen deira. Jesus såg dei menneska som samfunnet ikkje ville sjå; han stoppa, han lét seg gripe av den nøda som møtte han, og han tok menneska på alvor. Han skapte forandring. Han var likevel ikkje naiv. Sjølv om han møtte dei og gav dei tilgjeving og oppreising, stilte han krav til dei når det kom til vidare liv i verda og i fellesskapet. På den måten møtte han dei som menneske med ressursar og med verdigheit. Denne måten å møte menneske på utfordrar også oss. ”Gjennom dåpen set Gud oss inn i si verdsvide kyrkje og gir oss del i Jesu kall og oppdrag”, heiter det i ordninga for dåp for Den norske kyrkja. Vi er tekne i mot, vi er sett og stadfesta av Gud, og vi er fullverdige lemmer i Kristi 6 • Pedagogisk opplegg for konfirmantar lekam og i Guds kyrkje på jorda, og dette utfordrar oss til teneste. Det utfordrar oss til å ta på alvor at medmenneska våre i sør også er ein del av fellesskapet og ein del av Kristi kropp – på lik linje med oss. Vi blir utfordra til å høyre ropet frå dei som lir, sjå den nøda som kanskje er langt vekke, og vi blir utfordra til å gjere noko med det. Vi blir utfordra til å skape forandring. Oppdraget som er gitt til Kirkens Nødhjelp frå norske kyrkjer, er «å gjere Guds kjærleik til røyndom i verda ved å fremje verdigheita til menneska og verne om skaparverket». Gjennom fastetida går vi vegen mot Golgata – vegen mot Jesu siste måltid saman med disiplane sine. Og på denne vegen blir vi spesielt utfordra til å høyre ropet frå sør. Gjennom fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp blir vi utfordra til å delta i ein dugnad for ei rettferdig verd. Vi blir utfordra til å vere med å kjempe saman for at fellesskapet rundt nattverdsbordet og i Guds rike blir eit fellesskap der alle menneske kan blir møtt med verdigheit uavhengig av kvar vi bur og lever. Gjennom dette konfirmantopplegget ønskjer vi å gi nokre reiskapar til at konfirmantane kan kjenne seg som fullverdige delar av dette fellesskapet også med den utfordringa som ligg i det. Vi ønskjer å leggje til rette for at konfirmantane gjennom deltaking i klimakampanjen og innsamlingsaksjonen kan bidra saman med resten av kyrkjelyden i det oppdraget som vi står saman om – norske kyrkjelydar og kyrkjene i resten av verda: «Saman for ei rettferdig verd.» Takk for at de er med! KLIMAVITNE Jhoana frå Filippinane Jhoana frå Filippinane har fått merke klimaendringane på kroppen. Då tyfonen Haiyan ramma Tacloban, jobba ho som sjukepleiar på sjukehuset i sentrum. FOTO: Anette Andresen/Kirkens Nødhjelp Jhoana hadde kveldsvakt kvelden før tyfonen, og sov på sjukehuset fordi ho skulle byrje på vakt igjen klokka sju om morgonen. Ved femtida blei ho vekka av uvêret. Då var det kraftig vind og eit valdsamt regnvêr ute. Ved sjutida kom den fyrste bølgja. Dei vassa med vatn til knea i fyrste etasje på sjukehuset, og byrja å evakuere pasientar opp til andre etasje. Etter eitt kvarter var heile fyrste etasje fylt med vatn. Og så gjekk straumen. Både straumaggregata til sjukehuset, medisinsk utstyr og maskiner blei øydelagt av sjøvatnet. Sjukehuset blei stengd som følgje av tyfonen, og vil ikkje opne igjen før om lang tid. Jhoana fortel at stormen og tida etter har vore ei prøving. Men livet må gå vidare. - Eg er lykkeleg for at eg framleis lever, smiler ho. I dag jobbar Jhoana for Kirkens Nødhjelp, i hygieneteamet. Ho reiser rundt i landsbyane og informerer om viktige tiltak for å betre folk si helse. Ho trivst godt i jobben. Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2015-2016 • 7 KLIMAVITNE Dat frå Vietnam Dat er 16 år og bur i Hue i Vietnam. Då han var liten, overlét foreldra han til eit tempel som også fungerar som ein barneheim. Dat har vakse opp ved dette tempelet. - Når det er flaum, blir vi gutane ofte med for å bære ting for folk. Vi drar og hentar elektroniske apparat heime hos dei som bur lågast, og nokon treng hjelp til å få med seg barna, seier Dat. Dat er overbevist om at den aukande flomaktiviteten skuldast menneskeskapte klimaendringar. Han har støtte i internasjonale klimarapportar. I følgje dei er Vietnam ein av dei landa som er aller mest utsett for klimaendringar. Dat har ei klar oppmoding til rike land: - Bilar, fabrikkar og trehogst er dei største årsakene til klimaendringar. USA og Europa må kutte sine utslepp, seier han. 8 • Pedagogisk opplegg for konfirmantar FOTO:Pham Van Ty/Kirkens Nødhjelp Området tempelet ligg i er svært utsett for flaum. Dei seinare åra har flaumane vore kraftigare, slik at flaumvatnet fyller hus og trugar risavlingar. I slike situasjonar hjelper tempelet dei flaumutsette familiane. Dat er ein av dei som bidreg: KLIMAVITNE Mwanaidi frå Tanzania Mwanaidi (14) bur i Dar es Salaam, den største byen i Tanzania. Ho er leiar for miljøgruppa på skulen, og dei jobbar mellom anna med å lære folk å bruke andre, meir klimavenlege energikjelder enn vedfyring. Mwanaidi ser mange bevis på korleis klimaendringane påverkar landet hennar. - Klimaendringane er ein realitet – dei skjer faktisk. Eg las i ei bok på skulen om korleis isen på Kilimanjaro smeltar, islaget på toppen er mykje mindre no enn i 2001. Sola er sterkare, vi ser meir tørke og fleire flaumar. Her i Tanzania har fleire små øyer forsvunne fordi havet stig, fortel Mwanaidi. FOTO: Lucian Muntean/Kirkens Nødhjelp Før det store klimatoppmøtet i New York i september, deltok ho og mange av venene hennar i Peoples’ Climate March, ein marsj som føregjekk samstundes over heile verda. Her haldt Mwanaidi også ei tale, der ho oppmoda til handling for å stoppe klimaendringane. - Det er mogleg å redde jorda vår, men då må vi handle no. Viss vi ikkje kjempar mot klimaendringane, er vi i trøbbel alle saman. Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2015-2016 • 9 AKTIVITET Quiz om vatn, klima og faste 1. Kor mykje av vatnet som finns på jorda kan nyttast til drikkevatn? a)70% b)40% c)3% 2. Kor mange gonger meir betaler menneske som lever i slummen for ein liter vatn, samanlikna med rike menneske i same by? a) 1-2 gonger b) 5-10 gonger c) 100 gonger 3. Kva er FNs tusenårsmål om reint drikkevatn? a) Syte for at alle som kan betale får tilgong til reint drikkevatn b) Dele ut vassflasker til heile verdas befolkning c) Halvere talet på menneske som ikkje har tilgong til reint drikkevatn 4. Mangel på vatn og sanitære fasilitetar tek kvart år fleire liv enn det våpen i krig gjer. a)Rett b)Feil 5. Kva er dei vanlegaste naturkatastrofane forårsaka av klimaendringar? a) Flaum og tørke b) Flo og fjære c) Oskeskyer og jordskjelv 6. Menneskeskapte klimaendringar er ein av dei største utfordringane i vår tid, men konsekvensane av klimaendringane vil folk kjenne på kroppen fyrst om mange år. a) Rett. Klimaendringane vil ramme oss fyrst om mange år. b) Feil. Klimaendringane rammar allereie, og det er dei fattige som ofte rammast hardast. 7. Utslepp av klimagassar i atmosfæren fører til at temperaturen på kloden stig. FN sitt klimapanel seier vi må kutte drastisk i utsleppa for å hindre at temperaturen stig endå meir. Kva for mål er satt for å dempe den globale oppvarminga? a) 2 grader b) 3 grader c) 4 grader 8. Kva for farge er symbol på fastetida? a)Grøn b)Blå c)Lilla 9. Kor lenge varar fasta? a) Til du blir svolten b) 40 dagar c) 50 dagar 10. Kva er fasteaksjonen? a) Ein rask innsamlingsaksjon b) Ein rask slankekur c) Ein innsamlings- og informasjonsaksjon Svar: 1 – C, 2 – B, 3 – C, 4 – A, 5 – A, 6 – B, 7 – A, 8 – C, 9 – B, 10 - C 10 • Pedagogisk opplegg for konfirmantar AKTIVITET «Vote with your feet»- vatn! ”Vote with your feet” er ein fin aktivitet å bruke for å sette seg inn i eit tema. Denne handlar om vatn, og kan nyttast for å illustrere uretten i at nokon har uavgrensa tilgong på vatn, medan mange andre har for lite. SLIK GJER DU DET: Du leser opp dei ulike påstandane. Dei som trur påstanden er rett, reiser seg. Dei som trur påstanden er feil, blir sittande. Utfordre gjerne dei som trur påstanden er feil til å fortelje kva dei meiner er rett svar på spørsmålet. PÅSTANDAR: 1. I løpet av ein dag brukar jenter og kvinner 200 millionar arbeidstimar på å hente vatn. Dette er den same tida som det tar å byggje 8 Empire Statebygningar. Feil: Tida det tar for verdas jenter og kvinner å hente vatn dagleg, tilsvarar tida det tar å byggje 28 Empire State-bygningar. 2. 443 millionar skuledagar går tapt i året på grunn av vassrelaterte sjukdommar. Rett: At barn blir ramma av vassrelaterte sjukdommar som gjer at dei går glipp av skulen, er eit stort problem. Ved å sikre reint vatn til menneske kan vi bidra til at dei kan bruke tid på skule og utdanning i staden for. 3. Ein nordmann som tar ein 5 minutters dusj brukar meir vatn enn det ein gjennomsnittsperson i eit utviklingsland brukar på ein heil dag. Rett: Ein dusj på 5 minutt brukar ca 30 liter vatn, noko som er meir enn ein gjennomsnittsperson i eit utviklingsland brukar på ein heil dag. 4. Kvar dag døyr 410 barn av diaré som følgje av dårleg vatn. Feil: Kvar dag døyr det 4100 barn av diaré som følgje av dårleg vatn. Det er eit kjempeproblem, men talet kan bli sterkt redusert om menneske får tilgong på reint vann! 5. 780 millionar menneske har ikkje tilgong på reint vann. Rett: Dette er urettferdig. Alle burde ha tilgong til reint vatn, og det er vår oppgåve å bidra til at fleire får nettopp det. Vi tar reint vatn som ei sjølvfølgje, men slik er det ikkje for store delar av verdas befolkning. 6. Investering i vatn til menneske er ei stor utgift. Feil: Investering i reint vatn skaper økonomisk vekst. I gjennomsnitt gir 1 krone investert i vatn tilbake 8 kroner. Mange stader er dette langt høgare. Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2015-2016 • 11 AKTIVITET Fattigdom handlar om urettferd FØREMÅL: Få ungdommane til å kjenne på urettferd og informere om kvifor fattigdom er eit urettferdsproblem. • DU TRENG: 5 posar med godteri. Talet på godteriposar kan endrast, berre det er deleleg på fem. Bruk gjerne ferdigposar med til dømes Fox eller Non Stop, slik at det blir nok til alle. Det bør helst vere ein smakebit til alle i konfirmantgruppa når trikset er over! • SLIK GJER DU: • Start med ei innleiing som skaper ei forventning om at alle skal få godteri, slik at kjensla av urettferd blir endå større seinare. Du kan til dømes innleie med å seie:”Før vi går meir inn på temaet, har eg med ein del godteri som eg tenkte vi kunne dele og kose oss litt med denne timen.” • Vis så fram det som skal fordelast, og forklar at godteriet er eit symbol på alle ressursane i verda. • Del konfirmantgruppa i ei stor og ei lita gruppe: 80 prosent av konfirmantane skal vere i den store gruppa, 20 prosent i den vesle. For kvar person i den vesle gruppa skal det då vere fire personar i den store gruppa. Den store gruppa representerer no dei fattige i verda, medan den vesle representerer dei rike i verda. Viss gruppa er veldig stor, kan du velje ut fem frivillige til å kome opp og representere fattige og rike. Alternativt tek du berre opp ”dei rike” slik at dei står framfor dei andre. 12 • Pedagogisk opplegg for konfirmantar • Spør korleis godteriet må delast om det skal delast rettferdig Spør så korleis ungdommane trur godteriet blir delt i verkelegheita. Gi til slutt éin godteripose til den store gruppa som representerer dei fattige i verda, og resten av posane til den vesle gruppa som representerer dei rike. Forklar at det er slik ressursane er fordelt i verda i dag: • 20 prosent av befolkninga i verda har kontroll over 80 prosent av ressursane. • Vidare kan du fortelje at det faktisk er nok godteri til alle (dersom du har sørgd for det!), akkurat slik det er nok mat til alle i verda. Likevel har ikkje alle nok mat. • Spør korleis det kjennest å ikkje få – når ein veit at det eigentleg er nok til alle. Nokon kjem kanskje til å svare at det kjennest urettferdig. Fortel at det ikkje treng å vere sånn! Spør om den rike gruppa vil dele godteriet med resten, og drag parallellen til at det er dette denne timen skal handle om. At fattigdom er mangel på moglegheiter, og at fattigdom handlar om urettferd. NB: For å illustrere urettferda endå meir, kan du gi den «rike gruppa» fleire fordelar enn den «fattige gruppa». Til dømes kan dei rike få sitje, medan dei fattige må reise seg. Disposisjon til ein konfirmanttime Her er eit forslag til korleis du kan leggje opp ein 45 minuttar lang konfirmanttime om fasteaksjonen. Fasteaksjonen handlar om internasjonal solidaritet og diakoni. Vi ynskjer at denne timen skal gi konfirmantane kjensla av at det er viktig å bry seg, og at dei gjennom fasteaksjonen kan vere med å bidra. Napp gjerne ut denne midtsida og bruk den som ein enkel mal for timen. I resten av dette heftet og på fasteaksjonen.no finn du meir utfyllande informasjon om dei ulike elementa. Disposisjon 1. Innleiing 2. Mobiliseringsfilmen 3. Aktivitet 4. “Tre måtar å forandre verda på” 5. Andakt Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2015-2016 • 13 1. Innleiing: • • Fortel kven Kirkens Nødhjelp er og kva vi driv med. - Kirkens Nødhjelp er der når katastrofen rammar – kva for katastrofar hugsar de? (Syria, Pakistan, Haiti, Sudan….) Fortel om kva konfirmantane skal få vere med på. - Fasteaksjonen handlar i år om vatn og klima - Fasta handlar både om å vende fokus innover og utover. Ved å ta del i fasteaksjonen, er vi med på noko stort, og vi viser solidaritet i praksis. Vi tar del i kyrkja sitt oppdrag om å bry oss om nesten vår. Bruk gjerne PowerPoint-presentasjonen vår, som du kan laste ned på www.fasteaksjonen.no/materiellbank. 2. Mobiliseringsfilmen: • • • Sett på mobiliseringsfilmen Filmen ligg på DVD-en som blir sendt alle kyrkjelydane, og kan også lastas ned på fasteaksjonen.no Gi gjerne konfirmantane ei oppgåve før du setter på filmen. Då følgjer dei gjerne betre med. F.eks. Kva er det viktigaste du lærte av denne filmen? 14 • Pedagogisk opplegg for konfirmantar 3. Aktivitet: • • Bruk gjerne ein eller fleire av aktivitetane våre frå dette heftet; “Quiz om vatn, klima og faste” (side 10), “Vote with your feet - vatn” (side 11) eller “Fattigdom handlar om urett”(side 12). Powerpoint til “Quiz om vatn, klima og faste”, og fleire aktivitetar ligg tilgjengeleg på fasteaksjonen.no/materiellbank 4. ”Tre måtar å forandre verda på”: 1. GÅ MED BØSSE: • Gi gjerne nokre døme på kva pengane kan gå til (sjå side 22) • Gå heile roda - fortel at mange har tatt ut pengar og ventar på at bøsseberarane skal kome på døra. Ved å gå heile roda får alle høve til å gi. Fortel om ”Jakta på gullbilletten” (sjå side 20). • Vis gjerne Jonna sin bøsseskule (på DVD-en eller du kan laste den ned på fasteaksjonen.no) 2. DELTA I KLIMAKAMPANJEN: Fortel om klimakampanjen og at dei kan delta (sjå side 18). Informasjon om korleis du kan delta i klimakampanjen finn du på fasteaksjonen.no frå 26. januar. 3. SKAFF DEG KUNNSKAP: Fortel om Changemaker (side 19) eller sett på filmen om Changemaker som du finn på DVD-en. Fortel også konfirmantane at dei kan følgje Kirkens Nødhjelp på Facebook eller lese meir om arbeidet vårt på kirkensnodhjelp.no Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2015-2016 • 15 5.Andakt: Bruk gjerne denne ferdige andakten som den er, eller la den inspirere deg til å lage din eigen. Har du nokon gong tenkt på korleis Jesus ville vore og kva han ville gjort om han gjekk rundt på jorda i dag? Mange menneske går med eit armband rundt handa der det står WWJD. Det er ei forkorting for What Would Jesus Do eller Walk With Jesus Daily. Ved å gå med dette armbandet, blir ein minna på trua si og at Jesus er eit eksempel vi kan følgje i dagleglivet. Om vi spør kva Jesus ville gjort om han var i min situasjon, kan vi få gode svar om korleis vi kan leve liva våre. Vi kan få inspirasjon til å gjere gode val og handlingar. I Bibelen kan vi lese om då Jesus møtte ein blind mann på veg inn i Jeriko. Den blinde mannen ropa på Jesus og bad han om å vise miskunn med han. Då stilte Jesus spørsmålet «Kva vil du eg skal gjera for deg?» Mannen bad om å få synet att, og Jesus svara han: «Du skal bli sjåande! Trua di har frelst deg!” Mannen fekk straks synet tilbake. I forteljinga om den blinde mannen ved Jeriko, spør altså Jesus: «Kva vil du eg skal gjera for deg?” Det er eit enkelt spørsmål – men våger vi å stille det? Det er eit spørsmål som syner ei haldning der vi fyrst og fremst ser etter kva vi kan gjere for den andre. Når vi høyrer om menneske som opplever naturkatastrofar eller krig, og desperat treng vatn, mat og husly fordi dei måtte flykte frå alt dei hadde, må vi leite etter måtar vi kan bidra på. Bibelen utfordrar oss til å bruke fastetida til å vende blikket innover i oss sjølve, men også utover til medmenneska våre. I fastetida kan vi difor gjere ein forskjell i andre menneske sine liv. Jesus har gjennom å vere eit eksempel, vist oss korleis vi skal vere mot kvarandre. Han viste tydeleg at vi skal løfte kvarandre opp og strekke ut ei hand for å syne at vi bryr oss. Jesus seier: «Alt de gjorde om eit av desse minste syskena mine, det gjorde de mot meg» (Matt 25, 40b). Å gå med bøsse på fasteaksjonsdagen er eit høve til å gjere noko for andre i praksis. Å vere med på klimakampanjen er eit anna. Når vi engasjerar oss i fasteaksjonen, får menneske moglegheit til å endre sin eigen kvardag og jobbe seg ut av fattigdom. Når vi går med bøsse, gir vi menneske høve til å få oppfylt den grunnleggjande retten til eit verdig liv. What Will You Do? 16 • Pedagogisk opplegg for konfirmantar KLIMAVITNE Higino frå Mosambik FOTO: Jens Aas Hansen/Kirkens Nødhjelp DÅ HUSET STOD UNDER VATN Ein som har merka klimaendringane på kroppen, er Higino i Mosambik. Han jobbar med klima hos Kyrkjerådet, og blei sjølv ramma av storflaumen i Mosambik i 2013. - I fjor fekk eg ein telefon frå foreldra mine, som var heime i landsbyen min. Dei sa: «Flom! Flaumen kjem!». Bror min nekta å reise, så eg måtte køyre frå Maputo til landsbyen min som er ca 200 km unna, for å redde bror min som allereie var i fare. Då eg kom fram var det ikkje mogleg å køyre i townshipen, så vi måtte bruke ein båt. Innan vi kom dit var mesteparten av huset under vatn. Vi fann bror min på taket av huset, fortel Higino. Han ser ein klar samanheng mellom flaumane i Mosambik og klimaendringane. - Medan Mosambik tidlegare blei ramma av flom kvart femte eller åttande år, skjer det nå årleg, fortel han. Eg trur det har ein klar samanheng med at klimaet endrar seg, seier Higino, som også ser andre endringar. - Eg ser store endringar dei siste 20 åra. No er somrane ekstremt varme, medan vintrane er ekstremt kalde etter forholda, fortel Higino. Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2015-2016 • 17 KLIMA KAMPANJEN KVA KAN DU GJERE MED KLIMAENDRINGANE? Engasjer deg på www.fasteaksjonen.no/klima KVIFOR ENGASJERE SEG: Vi ser det når flaumen rammar Vietnam, når regnet ikkje kjem i Tanzania eller når tyfonen rammar Filippinane: Klimaendringane er i gong, og dei vil gjere naturkatastrofane som vi allereie opplever endå verre. Mange av oss i Noreg veit at klimaendringane skjer, og mange av oss er også frustrerte: Vi veit ikkje kva vi kan gjere, og vi føler at politikarane ikkje gjer noko. Men du kan faktisk gjere noko. Du kan forandre norsk klimapolitikk. DETTE KAN DU VERE MED PÅ: Når du er med på Changemaker og Kirkens Nødhjelp sin kampanje gjer du alt dette: • Du ber politikarane om å kutte meir i klimagassutsleppa. • Du ber politikarane hjelpe fattige land å tilpasse seg dei endringane som allereie er i gong. • Du ber politikarane gjere alt dei kan for at landa i verda blir einige om ei klimaavtale som kan stoppe klimaendringane. BLI MED PÅ NOKO STORT I 2015 skal verdas leiarar møtest for å lage ei ny klimaavtale. Blir den god, kan den syte for at vi stoppar klimaendringane tidsnok til å unngå dei verste konsekvensane. Dette kan du be den norske regjeringa om å bidra til gjennom kampanjen vår. Då er du også ein del av ein stor internasjonal kampanje der menneske frå heile verda jobbar for å løyse klimautfordringa. Klimakampanjen lanserast 26. januar 2015 på www.fasteaksjonen.no/klima SLIK GJENNOMFØRER DU KAMPANJEN Slik gjennomfører du kampanjen i konfirmanttimen: 1. Sjå film: For å få meir info om korleis klimaendringane rammar, og kva du kan gjere -snurr mobiliseringsfilmen! Den finn du på www. fasteaksjonen.no eller på DVD-en. 2. Gå inn på www.fasteaksjonen.no/klima og bli med på kampanjen. Her finn du ut KVA du skal gjere for å vere med på kampanjen, i tillegg til meir informasjon om kampanjen. (Dersom du ikkje har høve til å gjere dette, kan du gjerne signere kampanjen på underskriftslistene som du har fått tilsendt.) 3. Fortel gjerne også historia om Higino, og gjerne noko av det som står under ”Kvifor engasjere seg”. Fortel gjerne frå faktaboksen om klimaendringar under. 4. Meir informasjon finn du på www.fasteaksjonen.no/ klima • • • • • 18 • Pedagogisk opplegg for konfirmantar I følgje FN er vi så sikre som vi kan vere på at klimagassutsleppa frå menneskeleg aktivitet er hovudårsaka til den globale oppvarminga frå 1950 til i dag. Menneske i låginntektsland, som Bangladesh og Somalia, slepp ut ein tidel per innbyggjar samanlikna med den rike delen av verda (til dømes USA og Noreg). Samstundes er det menneske i låginntekstland som vil bli ramma hardast av klimaendringane. Det vil bli meir nedbør der det allereie er mykje nedbør, til dømes i våte, tropiske område, og mindre nedbør i områder som er prega av tørke. Fleire menneske vil måtte flykte, og dei fattigaste vil ha størst problem med å tilpasse seg klimaendringane. For å avgrense klimaproblemet tilstrekkeleg må dei globale utsleppa reduserast med 40-70 prosent frå nivået i 2010. Det må skje innan 2050. Changemaker FØREMÅL: Å syne ungdom at det eigentleg er ganske lett å forandre verda om dei jobbar saman. VIS FILM: På DVD-en finn du ein film som presenterar Changemaker for konfirmantane. Ein av dei viktigaste tinga dei har lært om å forandre verda, er at det ikkje er så vanskeleg som ein skulle tru, men også at det er lettare de fleire som er med og stiller krav til dei som bestemmer. Er det nokon som ynskjer å bli med i Changemaker? Sjå oppskrift i snakkebobla. Då vil det kome påmeldingsskjema heim i posten som føresette må signere. FOTO: Changemaker SLIK KAN DU SEIE DET: Changemaker, ungdomsrørsla til Kirkens Nødhjelp, er ein gjeng med 1600 ungdommar mellom 13 og 30 år som forandrar verda kvar dag. Det gjer dei ganske enkelt gjennom kunnskap, kreativitet og handling. Dei møtast på SNU, leiren til Changemaker, tre gonger i året for å ha det artig og lære om uretta i verda og korleis vi kan gjere noko med den. Changemaker påverkar dei som bestemmer gjennom kreative politiske kampanjar. Dei samlar inn underskrifter samstundes som dei kler seg ut som diktatorar eller sjukepleiarar, stiller opp i avisa, lagar heiarop, møter politikarar; alt for å gjere verda meir rettferdig. Besøk gjerne changemaker.no eller kontakt changemakerkontoret på changemaker@nca.no for undervisningsmateriell, besøk eller om de vil starte opp changemakerarbeid i kyrkjelyden. På nettsida finn de også oversikt over resultat av arbeidet vårt eller informasjon om neste Changemakerarrangement. Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2015-2016 • 19 Gullbillett Tusen takk for at du er bøssebærer! Den turen du går nå er kjempeviktig. Ved å samle inn mest mulig penger kan du bidra til at flere mennesker får tilgang til rent vann. Pengene du samler inn kan også bidra til arbeidet med å redusere effekten av klimaendringene. God tur videre! Bli med i jakta på gullbilletten! Jakta på gullbilletten er eit enkelt og morosamt konsept som gjer bøssebering meir spennande. Målet er å inspirere fleire bøsseberarar til å vere med på dugnaden og gå heile roda. Erfaringar viser at jakta på gullbilletten både motiverer bøsseberarane og fører til meir pengar i bøssa. SLIK GJER DU DET: 1. Klistre de to gullbillettane på to mjølkesjokoladar og gi dei til to husstandar innanfor innsamlingsområdet til kyrkjelyden. Desse to husstandane har ansvaret for å gi gullbillettane til bøsseberarane som kjem på døra deira, og må derfor vere heime under innsamlinga. 2. Informer alle bøsseberarane om konkurransen og reglane. Hugs at kvar dør må opnast for å sikre at billettane blir funne, og at pengeinnsamlinga aukar. 20 • Pedagogisk opplegg for konfirmantar Du vel sjølv korleis du fordelar gullbillettane. Kanskje du kan gi dei til nokon du kjenner, eller kan dele dei ut på neste gudsteneste? Det er lurt om gullbillettane blir fordelt på hus som er omtrent midt i roder, slik at korta ikkje blir ”umoglege” å finne. Les meir om jakta på gullbilletten og finn døme på morosame, lokale variantar av konkurransen på fasteaksjonen.no. BØNN Velsignelse for ET BRENNENDE HJERTE Må Gud velsigne deg med ulyst overfor enkle svar, halvsannheter og overfladiskhet, så du lever fra dypet av ditt hjerte. Må Gud velsigne deg med vrede over urettferdighet, undertrykkelse og utnyttelse, så du arbeider for rettferdighet, frihet og fred. Må Gud velsigne deg med tårer for dem som lider, i smerte og krig, med sult og avvisning så du strekker ut en hånd til trøst. Og må Gud velsigne deg med naivitet nok til å tro at du kan forandre verden, så du kan gjøre det som andre kaller umulig. Må velsignelsen fra Gud -Skaperen, Fornyeren og Opprettholderenvære med deg nå og til evig tid. Fra boka ”Legender og velsignesler” Av Kristina Reftel Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2015-2016 • 21 Aksjonsdagen: Rett før kyrkjelyden skal ut å gå med bøsse, kan det vere fint å setje søkjelys på kva pengane går til, nettopp for å engasjere bøsseberarane til å gå heile roda og gjere ein ekstra god innsats. FØREMÅL: • Gå gjennom praktisk informasjon om gjennomføring – bruk gjerne Jonna sin bøsseskole som du finn på DVD-en. • Vis mobiliseringsfilmen for å inspirere bøsseberarane og informere om kva pengane går til. • Ønsk bøsseberarane lykke til og fortel at innsatsen deira er svært verdifull og viktig. PRAKTISK INFORMASJON: Dette er informasjon som det er viktig at gis bøsseberarane før de skal ut å gå med bøsse: 1. Hugs å ha ID-kortet godt synleg. 2. Det er viktig å gå rett rode og at ein går heile roda. 3. Dersom folk ikkje har kontantar: Gi dei ein lapp med kontonummer og givartelefonnummer (lappane kjem i blokker som blir bestilt saman med bøssemateriellet). 4. Dersom folk ikkje er heime: Legg ein lapp i postkassa. 5. Dersom folk er uhøflege eller byrjar å krangle i døra: Be dei ringe til hovudkontoret til Kirkens Nødhjelp som har open telefon heile kvelden på aksjonsdagen. 22 • Pedagogisk opplegg for konfirmantar KVA SKAL EG SEIE NÅR EG RINGER PÅ DØRA? 1. PRESENTER DEG ENKELT OG HYGGELEG, SNAKK ROLEG OG TYDELEG. ”Hei, eg kjem frå Kirkens Nødhjelp. Vil du støtte aksjonen vår?” 2. SMIL! Det skaper kontakt og gir folk meir lyst til å støtte aksjonen. Ver blid og stolt. Innsatsen din i dag utgjer ein forskjell for fattige menneske. 3. KOR LANGT REKK PENGANE? • For 200 kroner kan du gi eitt menneske sikker tilgang til reint vatn. • For 400 kroner kan du bidra til flaumsikring av eit hus. • For 1000 kroner kan du gi hygienepakkar til fem familiar. I katastrofar tar epidemiar mange liv. Born er spesielt utsett! Pengane som blir samla inn, går til heile arbeidet til Kirkens Nødhjelp. Pengane blir brukt der dei trengst aller mest. 4. HUGS Å TAKKE. Folk gir det dei synest dei har råd til. Det er viktig å takke uansett kva beløp som blir gitt. Det blir kvart år laga ein liten folder for utdeling til bøsseberarane. Bestill dette saman med anna materiell, og del ut til alle konfirmantane. Her er det kort informasjon om aksjonen, kva pengane går til og litt om Kirkens Nødhjelp. Riktig bøsseberarutstyr Hei, eg kjem frå Kirkens Nødhjelp. Vil du støtte aksjonen vår? Gullbillett Tusen takk for at du er bøssebærer! Den turen du går nå er kjempeviktig. Ved å samle inn mest mulig penger kan du bidra til at flere mennesker får tilgang til rent vann. Pengene du samler inn kan også bidra til arbeidet med å redusere effekten av klimaendringene. God tur videre! HUGS GULLBILLETTEN Minn konfirmantane på at dei kan finne to gullbillettar bak to dører i roda. Dette er ein flott aktivitet som kan motivere bøsseberarane. #FASTEAKSJONEN Fortel bøsseberarane at dei kan tagge bilete frå fasteaksjonen på Instagram med #fasteaksjonen. ØNSK UNGDOMMENE LYKKE TIL Dersom det blir servert kakao, pølse eller liknande, er det hyggeleg å få vite dette før ein går ut. Hugs å be alle gå heile roda si! Det kan godt hende at dei som bur i det siste huset, har venta på bøsseberaren og har tenkt å gi masse pengar! Plombert bøsse ID-kort SMS-blokk Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2015-2016 • 23 www.fasteaksjonen.no E-post: fasteaksjonen@nca.no Telefon: 22 09 27 00 Kontonummer: 1594 22 87493 SMS: GAVE til 2468 (200 kr) #fasteaksjonen Kirkens Nødhjelp kjempar saman med menneske og organisasjonar over heile verda for å avskaffe fattigdom og urettferd. Vi gjev naudhjelp i katastrofer og jobbar langsiktig for utvikling i lokalsamfunn. For å fjerne årsaker til fattigdom påverkar vi samstundes styresmakter, næringsliv og religiøse leiarar til å ta rette avgjerder. Kirkens Nødhjelp er ein felleskyrkjeleg diakonal organisasjon for global rettferd. Vi utfører arbeidet vårt utan intensjon om å få menneske til å endra kva religion dei tilhøyrer. For å sikre effektivitet og skape resultat er Kirkens Nødhjelp medlem av ACT Alliance, ein av dei største humanitære alliansane i verda. Kyrkjelege organisasjonar over heile verda er med i alliansen som også samarbeider med organisasjonar uavhengig av religiøs forankring. Kirkens Nødhjelp – saman for ei rettferdig verd! Kirkens Nødhjelps ungdomsbevegelse
© Copyright 2024