FAU-MØTE, GARNES SKULE – 10.02.2015 Til stades: Njål, Bjørn Arne, Linda, Teddy, Sara, Erlend (ref.) 1) Godkjenning av innkalling Samrøystes godkjent. 2) Kvalitetsgjennomgang Njål orienterer om konklusjonane av kvalitetsgjennomgangen for Garnes skule 2015. Referat blir sendt ut på mail til alle FAU-representantane. 3) Årsmøte a) Dato for årsmøtet blir sett til 24. mars. b) Utferding av årsmelding og rekneskap for skuleåret 2014/2015: Njål lagar utkast til årsmelding og sender dette ut til godkjenning. Sandra gjer tilsvarande med rekneskapet. Årsmelding og rekneskap blir sendt ut saman med innkallinga seinast tre veker før vedtatt møtedato (3. mars). c) Uavklarte saker frå i fjor: Njål sjekkar status for bassengsaka. Bjørn følgjer opp gateljossaka (Øvre Seimsmark og Bjørnarhallen). d) Revisjon av rekneskap for 17. mai-komitéen og joletrefesten. Sandra gjer dette før møteinnkallinga blir sendt ut. 4) Oppsummering av møte i SU Det har berre vore eitt SU-møte sidan konstitueringa av dette FAU-et. Njål orienterer om møtesakene. Vedk. framlegg om å «framskunde» Barnevaktkvelden til fjerde trinn: FAU meiner det er viktig at elevane er mogne nok til å reflektere over medieetiske spørsmål, og ønskjer å oppretthalde ordninga med at det blir arrangert møte mellom Barnevakten og foreldre og elevar på femte trinn – men at skulen orienterer om nettvett på foreldremøte også på lågare trinn. 5) Val til skulemiljøutvalet FAU må stille med fire representantar. Framlegg til kandidatar: leiar og nestleiar + to utan verv (les: Njål, Linda, Teddy og Sara). Samrøystes vedteke. 6) Sikring av handballmål i gymsalen på GUS FAU ber Garnes skule kontakte GUS for å få sikra handballmåla på forsvarleg vis. 7) Årshjul Njål har lagt inn faste aktivitetar på eit eige årshjul (tilgjengeleg på fau.garnesbarn@gmail.com sin googledisk). 8) Publisering av referat Referatet blir sendt ut på mail til FAU-representantane for godkjenning, og blir deretter sendt til skulen for nettpublisering innan ei veke etter møtet. 9) Oppbevaring av rekneskap for 17. mai-komité og joletrefestkomitéen Framlegg: FAU oppbevarer originalrekneskapa for desse komitéane imellom dei «verksame» periodane. Samrøystes vedteke. Linda skaffar til vege rekneskapet frå joletrefestkomitéen, Njål skaffar til vege rekneskapet for 17.mai-komitéen. 10) Eventuelt a) Mobilbruk i skuletida Foreldre har meldt inn at det førekjem mobilbruk i skuletida – trass forbodet mot dette. FAU oppmodar skulen om å ha fokus på mobilbruk, og at det gjerne også blir sendt ut eit skriv til foreldra om dette. b) Hakkebakkeskogen Rektor svarer FAU at skulen har valt å droppe den årvisse Hakkebakkeskogenførestillinga på Aksjonsdagen, fordi tidsbruken ikkje står i forhold til det pedagogiske utbytet. FAU tek svaret til etterretning.
© Copyright 2025