MØTEBOK Tidspunkt: Tysdag 11 november 2014 kl 1800 Stad: Rauland Kraftforsyningslag Desse møtte: Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit, Meldt forfall: Dorthe Huitfeldt. Det vart freista å kalle inn vara, men denne kunne ikkje møte. Andre til stades på møte: Sveinung Olsnes, sekretær Saker til styremøtet: Sak 12/14: Referat og meldingar Sak 13/14: Oppsummering av reinsjakt 2014, samjakt, reglar Sak 14/14: Rupejakt, status, ordning for 2015 Sak 15/14: Økonomi Sak 16/14: Planlegging for vintersesongen Sak 17/14: Eventuelt Me stadfestar med dette at møteboka er i samsvar med det som vart bestemt under møtet: Halvor Fehn /s/ Tor Aaage Dale/s/ Jarle Nordjordet/s/ Marit Jordtveit/s/ Rauland Fjellstyre – Åmotvegen 8 –3890 Vinje Telefon: 902 13 655 - E-post: rauland@fjellstyrene.no Bankkonto: 2620 27 01336 Sak 12/14: Referat og meldingar Saksdokument: Ingen Sakssutgreiing: 04/14: Frå: NFS: Utkast til nytt kontrollkort for villrein 05/14: Frå: HF: Sluttoppgjer for tenestekjøp 2013 06/14: Frå: Vinje rekneskapskontor: melding om ferdig rekneskap 07/14: Til: Miljødirektoratet: høyringsuttale på kontrollkort for villrein 08/14: Frå: Miljødirektoratet: melding om motteke høyringsuttale 09/14: Til: TU Telemark: søknad om landingsløyve og motorbåt 10/14: Til: Vinje kommune: førespurnad om søknadsplikt for ombygging av uthus 11/14: Frå: Vinje kommune: svar søknadspl uthus 12/14: Frå: Villreinutvalet: høyring på villreinkvote 2014 13/14: Til : Villreinutvalet: svar på høyring om villreinkvote for 2014 14/14:Frå: HF: Økonomisk oversikt tom april 15/14:Frå: TU Telemark: avslag på søknad om landingsløyve 16/14:Til: TU Telemark: klage på avslag om landingsløyve 17/14:Frå: Miljødirektoratet: svar på klage om landingsløyve 18/14:Frå: TU Telemark: utviding av løyve for motorferdsle i NP. 19/14: Frå: Statskog: Registrering av faste innstallasjonar i Rauland SA. 20/14: Til: Statskog: svar på førespurnad om faste innstallasjonar i Rauland SA 21/14: Frå: Statskog: forslag til avtale om punktfeste for naust på Meinsvatn. 22/14: Frå: NFS: høyring på forskrift om utøving av jakt og fangst. Framlegg til vedtak: Referat: Gjennomgang av meldingssaker ved sekretær. Kort ordskifte omkring avslag på landingsløyve. Styret gjekk gjennom forslaget til avtale om punktfeste for naustet på Meinsvatn. Dette vart godkjent og underskrive av nestleiar i leiars fråver. Vedtak: Styret tek gjennomgangen til vitande og godkjenner forslaget til avtale om punktfeste for naustet på Meinsvatn. Samrøystes Sak 13/14: Oppsummering av reinsjakt 2014, samjakt, reglar Saksdokument: Ingen Sakssutgreiing: Reinsjakta er over og resultatet for RS vart 35,5 % felling mot 57,6 % i fjor. Tilbakemeldingane på årets ordningar har vore positive så langt. Det har i år vore samjaktavtale med Berunuten Vest og Ulvik Fjellstyre. Om lag 10 dyr av 27 er felt på andre vald enn Rauland SA. Det er då i hovudsak Mårfjell, Berunuten og Gjuvsjåen det er tale om. Det var vanskeleg å verte kvitt korta i år, men til slutt vart alt seld. Det er verd å merke seg at ordninga med at alle bruksberettiga i allmenningen kan ta med seg kort inn kanskje kan vere med å undergrave eige kortsalg. Med så stor kvote vil det vere veldig mange rimelege kort å få kjøpt vestpå og elles i Vinje. Det har vorte seld fritt dyr kort ned i under 1000 kr før jakt og heilt ned i 500 litt uti jakta. Då seier det seg sjølv at det vil bli veldig rimeleg å kjøpe kort her og ta med seg inn framfor å betale full pris direkte frå RF. Dette er noko ein bør diskutere i styret. Samjakta med Ulvik har fungera godt og det har kome tilbakemeldingar frå Ulvik FS at desse jegerane vart teke godt imot. Det vart i år seld kort til 10 utanbygds jegerar før jakta. Det har ikkje kome negative tilbakemeldingar på denne ordninga og dette representerar ei viktig inntektskilde for Rauland SA. Framlegg til vedtak: Ingen Referat: Styret diskutera årets jakt. Kort ordskifte. Ingen negative tilbakemeldingar er registrera. Vedtak: Styret tek orienteringa til vitande og kjem attende til ordningar for neste års jakt på fyrste styremøte i 2015. Samrøystes Sak 14/14: Rjupejakt Saksdokument: Sakssutgreiing: Rjupejakta har etter vedtak gjort i fjor vore freda i 2014. I vedtaket vart det bestemt å ta dette opp til ny handsaming hausten 2015. I 2014 har me hatt eit formidabelt smågnagarår på Hardangervidda. Dette har gjeve utslag i større kull og meir rype enn på mange år. Dette ser ein på takseringar utført på Eidfjord og Øvre Numedal statsallmenningar. Tilbakemeldingar frå jegerar og oppsyn fortel og om meir fugl i våre område i år. Det synast å vere ei svakt positiv utvikling på rjupebestanden i år og ein bør derfor vurdere om ein skal opne for jakt i 2015. For å unngå for mykje jegerar i området bør ein vurdere tiltak i kortsalet som hindrar dette. Til dømes avgrensa tal på jegerar pr dag. Dette kan enkelt regulerast gjennom vår salsløysing på Inatur. Framlegg til vedtak: Rauland Fjellstyre opnar for rjupejakt fom 1 oktober 2015 og ut året. Det skal selgjast maksimalt 10 kort per dag til utanbygds jegerar og maksimalt 5 kort per dag til innanbygds jegerar. Det er ikkje høve til å jakte med hund. Kvar jeger kan skyte maksimalt 3 ryper per dag. Det er ikkje høve til å samle opp frå dag til dag. Vedtaket er gjort med heimel i Fjellova § 23. Referat: Kort diskursjon om saka. Fjellstyret samlar seg omkring forslag til vedtak. Vedtak: Rauland Fjellstyre opnar for rjupejakt fom 1 oktober 2015 og ut året. Det skal selgjast maksimalt 10 kort per dag til utanbygds jegerar og maksimalt 5 kort per dag til innanbygds jegerar. Det er ikkje høve til å jakte med hund. Kvar jeger kan skyte maksimalt 3 ryper per dag. Det er ikkje høve til å samle opp frå dag til dag. Vedtaket er gjort med heimel i Fjellova § 23. Samrøystes Sak 15/14: Økonomi Saksdokument: Sakssutgreiing: Økonomien til fjellstyret har betra seg noko i 2014. Dette skuldast auka inntekter på sal av reinsdyrkort og redusera tenestekjøp frå Fjelloppsynet. Framlegg til vedtak: Ingen Referat: Kort orientering om økonomi ved sekretær. Vedtak: Styret tek orienteringa til vitande. Sak 16/14: Planlegging vintersesongen 14/15 Saksdokument: Dugnadsliste, vert lagt fram på møte Plan for 2014, vert lagt fram på møte Sakssutgreiing: Planlegging av vinteren 2015: transport, arbeidsoppgåver, vedlikehald, søknadar mv. Framlegg til vedtak: Ingen Referat: Dugnad: liste over dei som er viljuge til dugnadsjobbing vart lagt fram. Det vart trekt liste over tildeling av løyve for dette arbeidet. Ansvarleg for ved og dugnadskøyring vert Halvor Fehn. Uthus Meinsvatn: Uthuset på Meinsvatn er i dårleg forfatning og det vil vere lite føremålsteneleg å vøle på dette. Styret ser for seg at det vil vere betre å rive dette og så byggje nytt etter same mål som det gamle. Styret ynskjer å prioritere dette denne vinteren og så kome attende til arbeidet med å vindtette og kle hytta eit seinare år. Ansvarsfordeling for framdrift og arbeid med uthus: Jarle Nordjordet: utarbeide teikningar og lage kostnadsoverslag Halvor Fehn: ordne med plass til prefabrikkering av uthuset, dugnadsfolk Sekretær: søkje om løyve til tiltaket inkl transportløyve Vedtak: Styret ynskjer å rive og bygge nytt uthus på Meinsvatn. Arbeidet startar opp vinteren 2015. Samrøystes Sak 12/13: Eventuelt Saksdokument: Sakssutgreiing: Framlegg til vedtak: Referat: Halvor Fehn orienterar om innkjøp av ny båt til Meinsvatn. Dette er ein aluminiumsbåt av merket Viking. Styret ynskjer den gamle båten køyrt til Kostveit for å få opp fisket der. Denne må førebels leggjast ute ved hytta, men ein skal freiste å finne ein eigna stad for den nedmed vatnet ila vinteren. Tor Aage Dale ordnar med årer og redningsverstar til båten ved Kostveit. Vedtak: Styret tek orienteringa til vitande.
© Copyright 2024