Preikestolen Nr. 1. FEBRUAr 2015 • 76. årg. KYRKJEblad for HJELMELAND • STRand • forsand Nr.1 / 2015 Endra samansetnad av befolkninga...3 Adresse: Postboks 188, 4126 Jørpeland Neste nummer av Preikestolen kjem ut ca. 16. april. Frist for innlevering av stoff 4.mars. Redaksjon: Redaktør Annbjørg Strøm Haukalid Tlf. 99476436 ahaukali@online.no Magne Nag Elise Norland Sørheim Liv Åse Gaard Anita Grødem Olav Frantzen Siv Fossan Yvonne Langeland Meltveit Haldis Karine Nilsen Kyrkja sin kontaktperson: Liv Åse Gaard kyrkja@strand.kommune.no Inkluderande fellesskap.........................4 Nye i kyrkjelyden vår ..............................6 Korttidsmisjonærar...............................8 Vil truande bli trudde i 2015?..............11 Side 8 Spelar på lag.........................................12 Kvardagsven i Hjelmeland..................14 Sanning...................................................15 Åsmund Thomsen ...............................15 Andakten...............................................18 Fasteaksjonen......................................19 Side 12 Minnelund..............................................19 Oppslagstavla.......................................20 Slekters gang......................................23 Side 15 Om det er nokon som ikkje får PREIKESTOLEN i postkassa, kan ein kontakte posten eller kyrkjekontora. Frivilleg abonnementpris pr. år kr. 200,Bankgiro: 3205.30.06158 Grafisk formgjeving: Anita Grødem anitagrdem@gmail.com Trykk: Gunnarshaug Trykkeri Opplag: 6400 Framsidefoto: Kristine Knudsen og ei jente frå favelaen i Brasil. 2 Å bli sett og tatt imot, det er livsviktig for deg og meg Dette gjeld i familien, på arbeidsplassen, i nabolaget, i kyrkjelyden. Me skriv litt om dette i Preikestolen denne gongen. Her tenkjer me først og fremst på når ein kjem som ny til kyrkjelyden, frå eit anna land eller ein annan stad i landet. Ser me kvarandre? Tar me imot kvarandre? Inkluderer me kvarandre? Dette tykkjer me er vanskeleg av og til. Vågar me likevel ? Ta ein sjanse! Annbjørg Strøm Haukalid Endra samansetnad av befolkninga Dei to siste åra har Hjelmeland kommune annonsert barnehageopptaket på polsk og litauisk i tillegg til norsk. Det er ikkje utan grunn. Hjelmeland har i dag ein uvanleg stor innvandrarandel, og folk frå Litauen og Polen utgjer dei to største gruppene. Av Haldis Karine Nilsen Mellom 17 og 18 prosent av Hjelmeland si befolkning er av Statistisk sentralbyrå definerte som innvandrarar/norskfødde med innvandrarforeldre. Prosentdelen i Strand og Forsand er per i dag ein god del lågare enn i Hjelmeland, men i desse to kommunane er veksten størst mellom dei tre, både i tal innbyggjarar og tal innvandrarar. Nye befolkningsgrupper gir nye muligheiter og nye utfordringar for lokalsamfunna våre. I dag er det t.d. over 100 personar med bakgrunn frå Litauen i Hjelmeland, stort sett unge folk. Statistisk sentralbyrå (SSB) er elles ei oppdatert og spennande informasjonskjelde, mellom anna med kvartalsvise oppdateringar på folketalet. Sidan 2009 – altså på fem år – har talet innvandrarar i våre tre kommunar ifølgje SSB auka frå 955 til 1795, altså ikkje så langt frå ei dobling. For Hjelmeland sin del reknar ein med at berre ein snau tredel av innvandrargruppa på knapt fem hundre, kjem frå land utanom EU/EØS/USA/Canada/Australia. Eit stort fleirtal er arbeidsinnvandrarar; folk som er komne her p.g.a. arbeid, men som ikkje har rett eller plikt til norskopplæring. Tek me for oss dei ulike aldersgruppene, viser det seg at andelen innvandrarar varierer kraftig. Det er veldig få som er over femti år. I Hjelmeland er så mykje som ein tredel av aldersgruppa 30–39 år innvandrarar. I dei to andre kommunane er det også i denne aldersgruppa at innslaget av innvandrarar er størst, men det utgjer ikkje meir enn 16,5% i Strand og 20% i Forsand. For Hjelmeland sin del er elles utslaga størst i born under skulealder (25%) og gruppa 20–29 år (25%). Når det gjeld førskuleborn, er tilsvarande tal for Strand og Forsand 10% og 7%, altså er det stor forskjell. Innvandrargruppa er også samansett, og i alle fall i Hjelmeland registrerer me Det er viktig med møteplassar. Det er ikkje alltid nødvendig å skapa nye, men å orientera på ein god måte om dei som allereie er. 17.-maifeiring er ein slik møteplass i Jøsenfjorden. Fiskefestivalen er og ein møteplass. Her møtes små og store, fastbuande og tilreisande, til tradisjonell aktivitet, leik og moro. at dei buset seg i heile kommunen, også ytterkrinsane. Det siste året har t.d. to småbarnsfamiliar med bakgrunn frå landa nemnde innleiingsvis, kjøpt seg hus i Jøsenfjorden, noko som definitivt bidreg til optimisme og framtidstru i bygda. Fiskeindustrien er nok den viktigaste årsaka til den uvanleg store innvandrarandelen som er i Hjelmeland, men den verdifulle arbeidskrafta er etter kvart å finna i mange ulike roller dei fleste stader; som tilsette i kommunen, i byggenæringa, i landbruksnæringa, i handel og i service. Nye folk gir nye muligheiter! Er så lag og foreiningar, og kyrkja med, nok merk- same på dei nye gruppene og tilflyttarar generelt? Det varierer nok sterkt, kanskje idretten har vore dei som har rekruttert flest til no. Hjelmeland bygdekvinnelag er døme på eit lag som har satsa målretta, aktivt og utoverretta, og har opplevd sterk medlemsvekst. Men har kyrkjelydane våre oppfatta den nye situasjonen og teke nok høgde for tilrettelegging for nye befolkningsgrupper? Kva med orientering om t.d. dåp , 4-årsbok og konfirmasjon på fleire språk, slik at foreldre med avgrensa kunnskap i norsk kan veta kva dette i røynda dreier seg om? Og kva veit me sjølv om dei landa me rekrutterer flest nye innbyggjarar frå? Her er utfordringar for oss alle! 3 INKLUDERANDE FELLESSKAP Av Charlotte og Andreas Frantzen Charlotte og Andreas Frantzen, nå busette på Forsand, har vore i teneste i Ungdom i Oppdrag i mange år, både i Norge og i utlandet. Nå er den epoken avslutta. Preikestolen bad dei kome med tankar om inkluderande fellesskap, ut frå sine erfaringar. Her kjem det – på nynorsk og bokmål: Andreas: Denne bortreiste sonen – er komen tilbake til si kjære heimbygd. Med seg har han hustrua Herren så altfor sjenerøst skjenka han for femten år sidan, Charlotte Millianne. Ho vaks opp med rullande r i meir tettbygde strok eit kraftig steinkast frå Tusenfryd fornøyelsespark. Og så er det borna, minstemann med rulle-r og to jenter med skikkeleg r. Sett og verdsatt Charlotte: Å bli spurt om å skrive ned noen tanker om inkluderende fellesskap var jo flott, men nå skal det sies at ekspertene på inkluderende fellesskap nok er de som har tatt imot oss i sitt fellesskap. De sier det er både på godt og vondt å bo i ei lita bygd. Mannen som vokste opp her har kanskje opplevd begge sider, men for oss som familie å komme til Forsand, har vært en eneste stor opptur. Slitne og litt utafor etter 10–15 år i misjonstjeneste, kom vi «hjem». Det som nok betydde mest i begynnelsen, var da de eldre med erfaringer i bagasjen ga en klem, spurte hvordan det gikk, lyttet og sa slapp av og ta det med ro. Som en tidligere misjonær sa til oss idet hun siterte et kinesisk ordtak: «Har du funne att sjela? Det tar tid ‘å komme hjem’!» Dette tror jeg vi kan ha i bakhodet når det gjelder alle nye som kommer. Det å spørre oss om å være med på ting er også veldig omsorgsfullt. Det er klart det er lurt å tenke over hvordan man spør, så den nye ikke føler at man spør kun for hjelpens skyld. Men å gi verdi til andre på den måten, betyr mye. 4 Interessen for å høre hva vi hadde å dele var så nydelig, og selv om vi har sagt mye nei, så har ikke menigheten sluttet å spørre. Tommel opp. Jeg tror alle nye har noe å dele, og om ikke tida er der for å dele fra en talerstol, så er det uansett godt å oppleve lyttende ører og interesserte hjerter. Jeg husker at det en av de første dagene vi bodde her kom en nabo fra menigheten med et velkommen-kort og noen ting til barna. Tror det var noe bakverk med i bildet også. Kanskje en tenker at det en har, ikke er så mye, men det er utrolig hvordan det varmer. Når man da kommer til kirken/bedehuset første gangen, ser man automatisk etter dette kjente fjeset, og ensomhetsfølelsen blir mindre. Grøt og pizza Vi opplever folk i menighetene her på Forsand og Jørpeland som veldig inklu- derende og gjestfrie, og det er klart sånt smitter. Invitasjoner til grøt en lørdag, felles grilling på stranda etter en gudstjeneste. Eller som en annen familie gjorde, inviterte noen som skulle be med seg noen – så stod pizzadeigen klar på bordet. Vi ble nødt til å bli litt kjent med hverandre over pizza-lagingen og -spising. Og vi gikk alle derfra den kvelden med en følelse av at vi hadde vært med på noe gøy og spleisende. Fellesskap uten en agenda samler og spleiser, spesielt når det skjer hjemme hos folk. Under overflaten «Guds menighet er jordens største under!» Det vil man oppleve om man tør være åpen og sårbar selv. Plutselig sitter man der og gråter sammen med noen i et hjem bare etter en times bekjentskap. En mail i ny og ne fra en annen god venn med ordene «hvordan går det?» – en innbydelse til å dele gleder og sorger. Vi som er i Guds familie, er jommen søsken. Det å kjenne søskenkjærligheten over kirkegrensene, gjør oss mer rause med hverandre. Raushet innbyr til åpenhet, og åpenhet innbyr til åndelig fellesskap. Åndelig fellesskap skapes av Den Hellige Ånd som er aktivt interessert Fellesskap med pølsegrilling og gode kaker. i et inkluderende fellesskap som vokser i kjennskap til Herren selv. Jesus Kristus, kjærlighetens opphav. Andreas: For mange er «himmelsk» ei skildring av noko eksepsjonelt, noko fantastisk. I Matteus 18,20 snakkar Jesus om ein type fellesskap som har Guds himmel som tak: heiter Han også – Gud med oss! Tenk at Gud vil vera saman med oss: Himmelsk! Då står me igjen med tre element i eit inkluderande fellesskap: Jesus Du og eg Ein invitasjon Enkelt, ikkje sant? «For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt imellom dei.» Eg kan ikkje tenke meg eit betre fellesskap enn det som har Jesus gåande mellom dei som er til stades, han som tilgir frå den minste til den største ugjerning bare ein ber Han om det, trøystar i den tyngste sorg og gir håp som ingen annan kan. Igjen og igjen har me funne oss sjølv i dette fellesskapet på ulike stader etter at me flytta heim til Forsand, enten i ein heim eller blant mange. Alle dei tre barna våre (6, 9 og 13) har på eitt, eller faktisk fleire tidspunkt uttrykt ynskje om å flytte frå oss. Så greie er vi å vera saman med... Mens himmelens Gud ville dø for å vinne vårt venskap. Immanuel Kom og bli med oss! 5 Når dei nye i kyrkjelyden vår Ja, kva gjer me då? Vågar me å ta kontakt, ynskje velkommen, be heim på kaffi for å bli kjent med dei, invitere med i bibelgruppa? Og gje dei oppgåver i kyrkjelyden, går det an? Les kva to av desse fortel, ein frå Færøyane og ei frå Nederland. Frå Færøyane til Årdal Tekst og foto: Olav Frantzen Frodi Durhuus og kona Antonia kom til Årdal hausten 1993. Året før hadde dei flytta frå heimlandet Færøyane for at Frodi skulle gå på Fjelltun bibelskule i Stavanger. Frodi vaks opp i sjøkanten og vart etterkvart skipper og kaptein på både fiskebåt og fraktebåt. Det var ingen diskusjon om at det var sjømann han skulle bli, men han hadde også solid bakgrunn frå oppdrettsbransjen då dei flytta til Norge. Med utgangspunkt i sitt kontor i Årdal selde Frodi laks over heile verda gjennom firmaet Atlantic Food Salmon, som var eit salgsselskap eigd av lokale fiskeoppdrettarar. Seinare vart dette selskapet innlemma i Marine Harvest der Frodi haldt fram som ein nøkkelperson i sal av oppdrettslaks, noko han gjer den dag i dag. Frodi er ofte å sjå både i kyrkja og på bedehuset. Kristentrua har han med seg heimanfrå, og det å gå på bibelskule var noko han hadde ønskt å gjera i mange år før det vart realisert i 1992—1993. I Stavanger gjekk han ofte i Bekkefaret kirke, og han seier at han vart godt motteken i kyrkja, og likte seg utruleg godt på bibelskulen, sjølv om dei aller fleste elevane var mykje yngre enn han. – Kor naturleg var det for deg å ta kontakt med kyrkja då du kom til Årdal? – For meg var det ganske naturleg. Eg hadde alltid gått i kyrkja på Færøyane, og ville gjerne tilhøyra ein kyrkjelyd, men eg gjekk også på bedehuset der eg vart kjent med mange. Me lurer også på korleis møtet med kyrkjelyden i Årdal var. Frodi seier: – Dette er lenge sidan nå, og eg hugsar ikkje så nøye, men også her vart eg veldig godt tatt imot. Eg blei fort kjent med folk, og spesielt fekk eg eit godt og nært forhold 6 Frodi til Magnus Strøm. Han skal ha all ære for at eg kom til å trivast så godt i det miljøet, både i kyrkja og på bedehuset. I det heile følte me oss veldig godt mottekne i Årdal, ikkje berre i kyrkja og på bedehuset, men i bygda generelt. – Når du tenkjer tilbake, er det nokon skilnad på måten du vart tatt imot her hos oss, samanlikna med slik det er eller var på Færøyane? – Eg meiner nok at folk på Færøyane er opnare og har lettare for å ta kontakt med tilflyttarar. Slik trur eg også det er i kyrkja. Her i Årdal er det gudsteneste berre kvar 3. søndag, og då kan det vere vanskelegare å bli kjent. Men dei som flyttar hit, må også gjere ein innsats for å komma inn i eit fellesskap. Dei må ikkje vera redde for å ta kontakt, og dei har eit ansvar for å bli kjent med oss som bur her. – Har du eit råd eller eit tips du vil dela for at kyrkja skal bli flinkare til å ta imot tilflyttarar? – Nå har eg budd her så lenge at eg skal vera forsiktig med å gje råd. Men eg vil gjerne nemna ein ting; nemleg å invitera. Eg vart invitert med i ei bibelgruppe/ mannsgruppe. Der har eg gått i 18—19 år nå, og me møtest ein gong i månaden. Det har hatt stor betydning for meg, og eg håpar at mange vert inviterte med i slike grupper. Elles må me invitera tilflyttarar med på gudstenester og på møte og andre samlingar på bedehuset. Det er ikkje farleg å invitera, sjølv om svaret av og til er nei. – Er det ei konkret hending som du vil nemna som har betydd noko spesielt for deg i møte med den lokale kyrkja? – Ja, eg har gått på Alpha-kurs her i Årdal. Det har også hatt stor betydning for meg, både for å læra meir om den kristne trua, men og for å bli godt kjent med dei andre som gjekk på kurset. Så eg ønskjer at det blir arrangert fleire Alpha-kurs. Og når det skjer, vil eg oppfordra både innflyttarar og andre til å delta. er utlendingar... Frå Nederland til Strand Tekst og foto: Magne Nag. Nicolien Haasbroek er frå Nederland og kom til Noreg saman med mannen sin sommaren 1999. Dei budde først eit år på Jørpeland, men kjøpte seg så hus på Tau og flytta dit. No er dei fem i familien, ein gut på 13 år og to jenter, ei på 10 og ei på 6 år. – Kvifor valde de å flytta til Noreg? – Me hadde nok litt utferdstrong, og såg for oss at Noreg var eit vakkert land, noko me verkeleg har fått erfart. Mannen min fekk arbeid på West Control på Tau, og eg fekk arbeid på Kartverket Sjødivisjon i Stavanger. Me likar oss godt i Strand, og her har me tenkt å fortsetja å bu. – Kor naturleg var det for deg å ta kontakt med kyrkja då du kom hit? – For meg var det heilt naturleg. Eg var van med å gå i kyrkja i heimlandet, både i oppveksten og seinare i studentkyrkjelyden i studietida. Så sjølv om norskkunnskapen ikkje var så god den første tida, prøvde eg å få med meg så mykje som råd. – Korleis var møtet med den lokale kyrkja? – Sidan me i starten budde på Jørpeland, var det der eg først møtte den lokale kyrkja i Noreg. Geir Øy, som då var prest der, var veldig inkluderande. Han sende til dømes preika for søndagen til meg på førehand, slik at eg kunne setja meg inn i den. Det var til kjempegod hjelp sidan min kunnskap i norsk var heller liten, og utan den hjelpa ville eg nok fått minimalt ut av preika. I kyrkjelyden på Jørpeland var det og ein del som eg visste kven var på grunn av felles pendling til jobb. Dette gjorde det lettare å bli kjent med folk i kyrkjelyden. Så flytta me til Tau, og eg fann det då naturleg å gå i Strand kyrkje. Eg må jo berre vedgå at overgangen var stor i starten. Eg kjende ingen, og følte meg ganske åleine. Det gav meg ei kjensle av n e i l o c i N at eg ikkje var velkommen. Men dette har endra seg. No er det mange friviljuge som tek del i gudstenesta, og eg har fått vera med både som forsongar og kyrkjevert. Spesielt tenesta som forsongar har gitt meg nye kontaktar. – Kva fungerte bra, og kva fungerte ikkje så bra? – Eg tykkjer sjølve gudstenesta er flott. Det at så mange friviljuge tek del i gudstenesta med ulike oppgåver, er med å gjere den rikare. Det er og frisk og god song, noko organisten må ta mykje av æra for. Men eg trur at me som er faste medlemmer i kyrkjelyden, kan verte mykje betre til å ta imot nye. Eg opplevde at det var vanskeleg å få nye kontaktar. For meg har husgruppene vore viktige, og det er her eg i stor grad har fått kontakt med nye. Difor meiner eg at det må satsast meir på slike grupper. Kyrkjekaffien skal ein kanskje og gjere noko med. Den skal jo vera ein arena for å treffa nye, men eg trur diverre ikkje den fungerer slik. Eg ser jo at det er praktiske hindringar for at det skal fungere optimalt. – Kva forskjell er det på måten ein tek imot tilflyttarar i den kyrkja du kom ifrå og kyrkja her hos oss? – Eg trur ikkje forskjellen er så stor. Nederlendarar og nordmenn er nok ganske like både i kultur og lynne. Når ein kjem ny til ein stad, vil det alltid ta litt tid før ein får nye kontaktar, og det tek tid å venna seg til kulturen der ein kjem. – Har du nokre erfaringar/tips du vil dela for at kyrkja skal bli flinkare å ta imot tilflyttarar? – Som nemnt er trongen til å bli inkludert, bli sett, grunnleggjande for dei som kjem nye, og som ynskjer å gå i kyrkja vår. No er det kyrkjevertar som ynskjer vel møtt til kyrkje, men kanskje det hadde vore ein idé å ha nokon som stod ved utgangen etter gudstenesta og takka for samværet og ynskte god søndag vidare? Eg kunne og tenkt meg at nokon tok kaffikanna og nokre koppar med seg og serverte kaffi i staden for at alle klumpar seg rundt bordet bak i kyrkja. Det er ikkje alltid så mykje som skal til for at dei som er nye, skal føla seg velkommen hos oss. 7 Ungdommar som Mitt år i Estland Av Sondre Fossan Dahle Tere, tere! Hei, hei! Jeg, Sondre Fossan Dahle fra Forsand, har fått gleden av å tilbringe ett år i Tallinn, hovedstaden i Estland, som ettåring i NMSU – en avdeling i Det Norske Misjonsselskap. Her stortrives jeg og er med på så mye som mulig. Jeg jobber i to menigheter. Den ene ligger i Saku, som er en liten kommune rett utenfor Tallinn. Den andre ligger i Mustamäe, som er en bydel i Tallinn. Sondre sammen med en av de andre ettåringene. Dåpsbarn og faddere i Mustamae. Sondre fikk være fadder til en gutt som heter Henrich. Mine arbeidsoppgaver her er først og fremst barne- og ungdomsarbeid, og det innebærer at jeg er med på ungdomskvelder, gutte- og jenteklubber, søndagsskoler og fotball, og jeg hjelper til på gudstjenester, ofte ved å være med de minste på lekerommet mens gudstjenesten foregår. Vi holder på med en del prosjekter som vi prøver å få best mulig til. Vi har noe som heter Saku gospel, som er et kor i Saku. Vi har også en avtale med en menighet på Bømlo der oppgavene våre er å reise sør i Estland og hjelpe til med en samarbeidsmenighet til Bømlo. Her arrangerer vi ungdomskvelder og deler det som står i Bibelen. Vi har også matutdeling, hver onsdag i Mustamäe og annenhver torsdag i Saku. Her kommer de som ikke har det så godt, og får en matpakke som varer rundt to uker. Disse arbeidsoppgavene er nye for meg, men er veldig spennende, og en dag er aldri lik den andre. Du får nesten hele tida nye oppgaver som du lærer mye av, både om deg selv, kristendommen og kulturen her. Jeg stortrives i Tallinn og vil anbefale dette på det sterkeste. Det er et år der du vokser og lærer ufattelig mye. Juleselskap i NMSU-regi i Tallin. 8 korttidsmisjonærar Projecto Casa i Brasil Av Kristine Knudsen Jumala õnnistust! Guds velsignelse! Dette skuleåret går eg på Hald Internasjonale Senter i Mandal. Hit kjem ungdom frå heile verda. Me byter plass i 6 månadar, så nå sit eg i Brasil, mens nokre brasilianarar er i Noreg. Eg deltar i Norges kristelige student- og skoleungdomslags program og får lov til å reisa med Fredskorpset. Leik og moro ute. I brasilianske storbyar bur om lag halvdelen av befolkninga i slumområde med skur laga av papp, plankebitar, bølgjeblikk mm. Slike område heiter favelaer. Eg får lov til å vera med på eit prosjekt i ein favela. Prosjektet er retta mot barn frå 2 til 12 år, og barna kjem hit to gongar i veka. Veldig mange av dei kjem frå heimar som har det vanskeleg. Alle barna på prosjektet har ei historie bak seg. Ofte har fedrane reist Kristine med ei lita veninne på fanget. frå kone og barn, og mødrene er kanskje vekke på jobb heile dagane. Nokre har ikkje foreldre som tar seg av dei, nokre bur hos besteforeldre. Ofte kjem dei største barna i prosjektet med småsyskena sine, dei passar dei og oppdrar dei som om dei skulle vore mødrer. Barna er tynne, nokre av dei et bare ein eller to gonger til dagen. Og tenk deg når foreldra ikkje er heime, kor skal dei då få mat ifrå? På prosjektet lærer barna å leike samandele på fargeblyantar og sakser, og at dei ikkje skal slå kvarandre. Grunnleggjande ting som ikkje alle lærer heime. Nokre av foreldra drikk og er valdelege, og barn lærer det som foreldre gjer. Mange av barna har opplevingar dei aldri skulle hatt. Kvar gong startar vi med ein time med leik. Då går det i UNO, Memory og lego. Etterpå er det undervisning frå Bibelen, og barna får ei oppgåve, til dømes å klippa og farga ein figur frå bibelhistoria. Mens me hadde undervisning ein gong, sa ein gut med mykje energi, ein av dei som gjer mest av seg: «Kan ikkje me prøva å visa foreldra våre kven Jesus er med oppførselen vår?» Me kan sjå at Jesus er med på prosjektet. Barna blir forandra. Dei får læra Jesus å kjenna, og Jesus forandrar! Eg blir og forandra, dette er fantastisk å vera med på. Eg gler meg til å sjå barna igjen kvar gong! Konsentrasjon rundt memory-spelet. “Ja, dette er kjærleiken, ikkje at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt sin eigen Son til soning for syndene våre. Mine kjære, har Gud elska oss så, då skuldar og vi å elska kvarandre.“ 1.Johs.4, 10—11. 9 Ungdommar som korttidsmisjonærar... På disippeltreningsskule i Australia Tekst: Trond Brandal / Haldis.K.Nilsen Trond Brandal frå Eiane i Hjelmeland var russ på Tryggheim i vår. I haust valde han å dra på Ungdom i Oppdrag sin internasjonale disippeltreningsskule i Brisbane, Australia. Opplegget baserer seg på å bli utrusta i disippelgjerning i rundt fire månadar før ein blir sendt ut som korttidsmisjonær i to månadar. – Eg vart overtydd om å ta ein DTS (disippeltreningskule) etter å ha høyrt om det gjennom venner, og etter å ha høyrt Loren Cunningham, grunnleggjaren av Ungdom i Oppdrag (UIO), tala på eit møte i Sandnes. Eg ville kombinere mine lidenskapar for musikk og reising, og denne DTS-en ga meg moglegheit til å ha eit lite fokus på musikk medan eg var på andre sida av jorda på ein bibelskule, fortel Trond på mail frå Brisbane. Det er ikkje gratis å gå på slik skule på andre sida av jordkloden. Difor jobba Trond hardt i sommar for å reisa summen som skulle til. – I tillegg fekk eg litt sponsing frå foreldra mine, fortel han, og legg til at UIO har som prinsipp at alle må ordna med eigen finansiering. Når dette bladet kjem ut, er Trond i ferd med å forlata bibelskulen til fordel for arbeid direkte på misjonsmarka. – Eg har stortrivest her på skulen, sjølv om det til tider har vore utfordrande og tøft. Men det er noko av det som gjer ein disippeltreningsskule så bra, seier han. – Ein nærast vert tvinga til å ta ei oppgjerd med seg sjølv og med verdien av kva det vil seie å følgje Jesus. Jesus seier at den som vil følgje han, må leggje ned sitt eige. Her får ein verkeleg moglegheit til å vekse i det, og byggje sitt forhold til Jesus. Hovudfokuset er personleg vekst i trua, og det er heilt opp til ein sjølv kor djupt ein vil gå. Alt dette er for å verte utrusta for oppgåva som korttidsmisjonær. Trond er sikker på at han har valt rett, at dette er noko for han, og oppsummerer: – Eg ville ikkje ha vore forutan dette året i Australia. Eg har lært mykje om Guds karakter og kva han har gjort mogleg for oss, slik at vi kan leve i det. Det kan i aller høgste grad anbefalast å ta ein DTS! Kjenner de nokon som ynskjer eit slikt år som desse ungdommane? Nedanfor finn de linkar til ulike misjonsorganisasjonar og tilbodet dei har til unge som vil ha eitt år i misjonsteneste. http://www.ywam.no/skoler-ogkurs/dts/ http://www.nms.no/ktm/ http://www.nms.no/utveksling/category2782.html http://www.gus.no/ http://bibelskolen.fjellhaug.no/linjene/teft-utland/ Trond Brandal frå Hjelmeland valde UiO sin disippelskule i Australia. 10 Vil truande bli trudde i 2015? Det er biskop Erling Pettersen som stiller seg dette spørsmålet etter at ein truskonvertitt tilhøyrande Jørpeland menighet blei sendt tilbake til Afghanistan i november i fjor. Tekst og foto: Trond Hjorteland – Det siste me veit er at han bur ein stad i utkanten av Kabul. Me har sendt han litt pengar, og planen hans er å komma seg over grensa til Iran kor mora og søstera lever som flyktningar. Dette fortel menighetsforvaltar Gro W. Nag og sokneprest Bård Boye i Jørpeland menighet, som også jobbar for å hjelpa den 26 år gamle afghanaren via Åpne Dører. Dei er framleis prega av det som hende like før jul. Heilt utan førevarsel blei afghanaren henta frå bustaden sin på Jørpeland, og nokre få dagar etter – den 4. november – blei han sendt ut av landet med mindre enn 200 kroner i lomma. Ei aksjonsgruppe i Jørpeland menighet, der Nag og Boye deltok, prøvde i det lengste å få utsett utsendinga ved hjelp av advokat, men dette førte ikkje fram. I tida etterpå har det vore vondt å tenkja på at han ikkje fekk bli. – Dette er dramatisk Menighetsforvaltar Gro W. Nag og sokneprest Bård Boye prøvde å stansa utsendinga av den 26 år gamle konvertitten frå Afghanistan (biletet i midten). for han. Om det skulle bli kjent at han er Jesus-truande, ville situasjonen bli endå mykje verre, seier Boye. om det norske samfunnet behandlar konvertittane som annanrangs menneske, seier Boye. Begge prestane i Strand – og fleire andre – gjekk gode for at dei opplevde konverteringa som reell, og dei hadde personleg kontakt og samtalar med han om kristentrua. 26-åringen er både døypt og har deltatt på fleire Alpha-kurs. Men vitnemålet til prestane blei ikkje vektlagt av utlendingsstyresmaktene. Også biskop Pettersen har engasjert seg i saka til 26-åringen og andre truskonvertittar som står i fare for å bli sende ut or landet. I nyttårstalen for 2015 bad biskopen styresmaktane slutta å diskreditera godt kvalifiserte kyrkjelege vurderingar av asylsøkjarar som har blitt kristne. Fleire truverdige kristne er sende ut av landet, med fare for livet, på grunnlag av tvilsamme vurderingar frå UNE, meiner biskopen. – Nå i ettertid har me i aksjonsgruppa hatt fokus på den utsendingsprosessen UNE (utlendingsnemnda, red. merk.) har når det gjeld konvertittar. Det viser seg at utsendingsvedtaka blir tatt administrativt av ein enkelt sakshandsamar. Truskonvertittane får altså ikkje lagt fram saka si føre ei nemnd, ei heller føra vitne. Dette meiner me strir imot den allmenne rettskjensla. Ville me andre ha akseptert ein slik rettsprosess om det handla om liv eller død? For meg framstår dette som Sjølv om kampen for 26-åringen har kosta både tid og pengar, angrar ikkje Nag og Boye på at dei engasjerte seg i saka til konvertitten på Jørpeland. Dei føler dei gjorde det dei kunne for at han kunne bli. Nå håpar dei at politikarane vil endra regelverket til UNE, slik at konvertittar frå land som Afghanistan, Iran og Irak kan få bli i Norge. 11 Spelar på lag – Eg er glad i ungane og dei friviljuge, seier barnearbeidar i Normisjon, Jorun Marie Hauge og legg til: – Ungane i dag er faktisk meir oppmerksame enn før! Sidan 1979 har ho tråla fylket frå Sauda til Sokndal, og besøkt yngres, basar, formiddagstreff og alt som er av barnearbeid i Acta/Normisjonregi. Sjølv er ho frå Jøsenfjorden i Hjelmeland, og både heimbygda og Ryfylke elles er viktige for Jorun Marie. Av Haldis Karine Nilsen Foto: Berit Søvik Østerhus – Eg gler meg til å dra på lagsbesøk. Den dagen eg ikkje gjer det lengre, lyt eg slutta, seier Jorun Marie og ler. – Eg er ingen kløppar på tekniske duppedittar. Men flanellografen og forteljinga fungerer godt framleis, konstaterer ho og held fram: – Det virkar som om ungane kan mindre om Gud og Jesus i dag enn før. Dermed har uttrykksforma mi endra seg også. Eg tek ungane meir med, spør, og me har ein dialog under vegs. Det er flott å oppleva at ungane sit med trillrunde auge og gapande munn og tek imot. Dette er nytt og spennande! Og så er det fint å kunne undrast i lag utan å ha berre ferdige svar, legg ho til. Jorun Marie likar å ta eit tak reint praktisk også. Her er ho i sving på Nepalkafè saman med Haldis Karine Nilsen. 12 Jorun Marie si fyrste røynsle med Normisjon var då Indremisjonen hadde yngres i Jøsenfjorden i hennar barndom og ungdom. Så reiste ho på leir, og på Indremisjonen sin realskule på Sand på sekstitalet. Seinare vart det vidaregåande skule i byen og husflidskule, før ho arbeidde to år som lærarvikar i heimbygda. Etter vidare aktivitørutdanning, var Klokkargarden psykiatriske sjukeheim neste jobb. Der vart ho i nesten fem år før ho vart kalla til barnearbeidar i Indremisjonen. – Eg vart ikkje så lite «øvegidde» då, fortel ho, men er glad for at ho valde å takka ja. – Eg fann fort ut at det var som barnearbeidar eg høyrde heime! Det er der eg vil vera! Gjer innsatsen ilag Lagsarbeidet har frå dag ein stått sentralt i arbeidet hennar. – Eg prøver å prioritera lagsbesøk, helst fire gonger til kvart lag i løpet av året. Det vert mindre av styremøte og slikt, men eg ser at dei som driv med barnearbeid, sjeldan har tid til så mykje meir enn lagskvelden. Så då er det betre å koma litt tidleg på kvelden, før arrangementet, så kan me heller ta ein prat medan me ryddar til, eller etterpå før me går heim. Godt å gjera noko praktisk isaman, seier Jorun Marie. Ho snakkar varmt om alle friviljuge medarbeidarar, om det er i det daglege med lagsdrift, eller om det er på leir. – Innsatsen gjer me ilag, seier ho. Og Jorun Marie i sving med andakt på påskebasaren i Jøsenfjorden. Ark og pensel gjer nytta! Ho likar å vera der folk samlast. Og det gjer dei til gagns på den årlege påskebasaren i Jøsenfjorden. Her frå litlesalen på bedehuset. Det er mange år sidan Jorun Marie flytta til byen. Byen for ho er i dag Sandnes, ikkje Stavanger. Ein stor del av hjarta ligg likevel i Ryfylke. Foto: Haldis Karine Nilsen. ho tykkjer det er fantastisk å oppleva når ungar som tidlegare har vore deltakarar på leir, dukkar opp att som nye leir-leiarar. Ho har elles sans for det å kombinera fleire ting, å visa fleire sider. Ho har opplevd å reisa rundt som emissærane gjorde i tidlegare tider, med full service og oppdekking i bestastova. – Fantastisk oppfølging, men eg likar ikkje det så godt. Det er betre å få vera med og putla sjølv, seier ho og legg til: – Eg vil ikkje at det me driv med skal vera ei belastning! Lått og løye Elles tykkjer ho det er viktig å vera seg sjølv, og ikkje framstå som nokon annan. – Når eg drog rundt før, og vart henta på kaien, merka eg at dei kikka etter ei dame med gitar! Det var ikkje meg, seier ho og smiler. Lått og løye likar ho likevel godt, det er ein naturleg del av programmet på dei fleste lagsmøta ho er med på, og på leir. Sjølv utan gitar har ho ein spesiell song som «varemerke», ein song som berre består av tal! Fyrste strofa lyder «ein to sekstifem seks sju» og melodien er «Ritsj ratsj filibombombom». Teksten, det vil seia tala, har ho på eit stort papirark i veska som også rommar utgangspunkt for andre spel og leikar. – På det punktet er eg ikkje så flink til å fornya meg, trur eg. Men ungane spør ofte etter det eg hadde sist. Så det betyr kanskje ikkje så mykje likevel, seier ho og legg til: – Det er viktig å visa fleire sider av seg sjølv. Eg kan vera med på meir enn å halda andaktar! Variert og triveleg Arbeidsåret er oppdelt i fleire «økter». Lag og foreiningar vert besøkt haust og vår; sesongen startar i september og held framt til drøyt påske. Så er det påskeleirar og sommarleirar, og litt hjelp på kontoret til Normisjon Rogaland i Sandnes innimellom. Variert og triveleg. – Det kan vera ei utfordring å få til eit «vanleg» sosialt liv når eg skal ut nesten kvar kveld, og kanskje føremiddag i tillegg, seier ho. – Mange av vennene mine har eg fått gjennom misjonsarbeidet, legg ho til. Sjølv er ho einsleg, men har likevel del i stor familie gjennom syster, svoger og deira barn og barnebarn. – Familie vert berre viktigare etter kvart, seier ho, og set stor pris på å få engasjera seg i rolla som tante og grandtante. Litt hobbyar vert det også tid til; strikking og broderi. – Eg likar å putla med litt slikt frå aktivitørtida, seier Jorun Marie, som også vitjar barndomsheimen i Jøsenfjorden så ofte ho kan. Ho eig huset saman med systera, og nyttar høvet mellom anna når yngres der inne skal ha besøk. Lenge dreiv mor hennar barneforeining der inne, dei seinare åra er det blitt andre type arrangement, som til dømes Nepalkafé og andakt på Påskebasaren. – Talet på lag har generelt gått ned. Men mange kyrkjelydar driv veldig godt barnearbeid i eigen regi. Det er flott, seier ho. At Indremisjonen slo seg saman med Santalmisjonen og vart Normisjon, har ho også sansen for. – Det har gitt oss ein dimensjon ekstra. Sjølv har ho fått vitja Bangladesh, eit besøk som ho vil minnast lenge. – Fint når dei der ute vert personar me får møte og bli kjent med, ikkje berre fattige langt borte. 13 Kvardagsven i Hjelmeland Prosjekt kvardagsven er starta opp i Hjelmeland. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom helsevesenet, frivilligsentralen og kyrkja, og går kort fortalt ut på å kopla saman ein frivillig kvardagsven med ein annan person som har meldt frå at han eller ho ønskjer å få ein slik ven. Desse to inngår ein avtale, og så er dei i gang. Av Olav Frantzen I gang med kva? Det er mykje ein kan finna på, og her er nokre døme: Samtalepartnar, snakke om laust og fast - Gå på tur, fisketur, sykkeltur - Gå på biblioteket - Vere treningskameratar - Vere guide for innflyttarar - Leksehjelp til vaksne som går på norskopplæring - Hjelpe til med skyss for dei som ikkje har bil Det begynte med eit kort kurs for dei som ønskte å vere kvardagsven. Omlag 10 personar skreiv seg på lista, og så kunne dei som ønskte ein ny kvardagsven, melde seg. Korleis har det gått? Me spør Åsmund Sigmundstad, leiar i frivilligsentralen. – Me er heilt i oppstartsfasen, men til nå er det åtte personar som har fått ein kvardagsven, altså fire par. Eg må understreka at dette ikkje er noko ”brukar-klient”forhold, men eit opplegg for å bli kjent med ein annan person til gjensidig glede. Måten dette er lagt opp på, avspeglar naturleg nok at det i utgangspunktet er ein som ønskjer 14 - Anne Katrine Byre og Guri Heim – to gode kvardagsvener besøk eller hjelp, og at den andre stiller opp. Men dette fungerer sjølvsagt ikkje utan at begge har glede av det. Det er altså noko meir enn berre å få besøk, og det skal ikkje vera slik at kvardagsvenen skal ”utnyttast” til å gjera ærend eller vaska huset. Det er det andre som kan gjere. Her gjeld det å finne på kjekke aktivitetar i lag, slik som gode vener ofte gjer. Kvardagsvener på Fister To av dei som har meldt seg, er Anne Katrine Byre og Guri Heim. Anne Katrine vart enke for sju år sidan. Ho er 87 år og bur i huset sitt på Fister. Ho likar godt å få besøk, og ville gjerne ha ein kvardagsven. Guri flytta til Fister i oktober i fjor. Ho er frå Stavanger og hadde hus der. Ho hadde eit ønskje om å flytta, og kjøpte seg like godt hus på Fister, for så vidt litt tilfeldig, men ho trur det var ei god meining med det. Ho har vaksne born, og for tida bur også sonen med sambuar i huset. Ho trivest godt i bygda og har fått kontakt med mange. Då ho høyrde om prosjekt kvardagsven, ønskte ho å stilla seg til disposisjon, og kontakten mellom henne og Anne Katrine vart etablert. Nå har dei møtt kvarandre fire gonger heime hos Anne Katrine. Preikestolen sin utsendte trefte dei ein måndagskveld i januar, og eg ville gjerne høyra litt meir om korleis dette var. Anne Katrine seier: – Eg har alltid likt å få besøk. Nå er eg åleine, og eg har opplevd vonde og vanskelege tider dei siste åra. For sju år sidan døydde Arne, mannen min. For fire år sidan mista eg ei dotter, og i fjor sommar omkom ei anna dotter og barnet hennar i ein brann i Stavanger. Då er det viktig å ikkje bli sitjande åleine med alle tankane, men å kunne snakke med nokon som er villige til å lytte. Det har eg hatt, men eg hadde ikkje noko imot å få ein ny kvardagsven. Ein dag nå før jul kom ein god nabo og sa at han hadde med seg ei dame som gjerne ville treffe meg. Det var Guri. Guri: – Eg gjekk på det kurset som var annonsert for alle interesserte. Der fekk eg høyre om prosjektet, og bestemte meg for at eg ville vere med på dette. Det var veldig kjekt å få kontakt med Anne Katrine. Det er nesten 30 års aldersforskjell på oss, men det er ingen hindring for å ha god kontakt. – Kva finn de på? – Eg har lyst å gå turar, gjerne ein gong SANNING Tekst: Jon Vogt Engeland «Kva er sanning?» spør Pilatus då han skal avgjera Jesus sin skjebne. Og eg ser for meg at han trekkjer likegyldig på akslene. Pilatus var realpolitikar. Det var ikkje Sanninga med stor S som interesserte han, men kva dei leiande i samfunnet rundt han meinte. I dag ville han truleg spurd kva gallupen viste var meininga til «folk flest». Det er direkte u-etisk å ta avgjersler bare på slikt grunnlag. Særleg når det gjeld livsviktige spørsmål. - Åsmund Sigmundstader er leiar av frivilligsentralen. Me slepp å avgjera Jesus sin skjebne, det gjorde Pilatus. Men me skal ta standpunkt til kva me vil ta for god fisk i forteljinga om han: Er det sanning, eller ein gamal myte? i veka. Eg ser fram til våren, seier Anne Katrine. – Elles er det fint å sitja her og snakke saman, dele tankar, både gode og vonde. Det er godt å ha nokon å snakke med. – Eg gjer det Anne Katrine har lyst til, seier Guri. Eg går gjerne på tur, eg kan vere med i butikken, eller eg kan sitje her i stova og drikke kaffi og prate. Sist gong eg var her, gjekk drøsen i 3 timar. – Trur de at fleire hadde hatt glede av å vere med på dette? – Heilt sikkert, seier Guri. Eg har gått mykje i Frelsesarmeen i Stavanger, og veit at det er mange som sit åleine og er einsame, som kunne fått eit nytt liv om nokon hadde tatt kontakt og stilt seg til disposisjon. Også her i Hjelmeland er det heilt sikkert mange som kunne hatt glede av å bli ein kvardagsven, slik som eg nå er. – For meg trur eg dette blir fint, seier Anne Katrine. Me har fått god kontakt, og sjølv om eg ikkje kan seie det sikkert, så trur eg det må vere fleire andre som hadde sett pris på å få ein ny kvardagsven. Plass til mange fleire Bur du i Hjelmeland og har lyst å få ein kvardagsven , eller å bli ein kvardagsven, så ikkje nøl med å ta kontakt med Åsmund Sigmundstad, tlf. 404 39 155 – eller Ingebjørg Vik Laugaland, tlf. 404 39 242 . Og med dette er ideen sendt vidare til Strand og Forsand. Eg meiner den gamle Sanninga om Jesus ikkje er forelda. Den er ei av dei få eg vil skriva med stor bokstav. Men eg har skrive ein tekst om to andre allment vedtekne sanningar som er gått ut på dato, og som samstundes seier noko om Sanninga. FORELDA SANNINGAR Skjærtorsdagsnatta var mørk ---nei, sol var det ikkje, men fullmånen skein over Getsemane og synte soldatane vegen. Ingen tre veks inn i himmelen ---jo, eitt I fullmånelyset planta soldatane Korset. 15 Åsmund Thomsen – gravar i 50 år I mai 1965 var Åsmund Thomsen 17 år gammal. Då fekk han jobb som kyrkjetenar i Fister kyrkje og gravar i Fister sokn. 31. desember 2014 var karrieren som gravar og kyrkjegardsarbeidar over. Åsmund har pensjonert seg frå jobben på gravplassane, men heldigvis ikkje som kyrkjetenar. Ei spesiell yrkeskarriere er avslutta etter nær 50 år. berre nokre få graver i året, sa han. Det første året vart det 10 graver. Gravene vart sjølvsagt kasta opp for hand, og eg fekk 100 kroner pr. grav. Ei grav inneheld omtrent 3 m3 masse, så det tar litt tid å grava dette for hand, i alle fall når det er både stein og leire i bakken. Av Olav Frantzen Å vera gravar på kyrkjegard er ein spesiell jobb. Dei fleste vil kanskje tenkja at det ikkje er noko for dei, men når me snakkar med Åsmund Thomsen, så høyrest det ut som eit triveleg og svært så givande arbeid. – Fritt og godt arbeid der eg meir og mindre har styrt arbeidsdagen min sjølv, seier han. Gode tilbakemeldingar På den positive sida tel det heilt sikkert også med at han har fått mange gode tilbakemeldingar på arbeidet som er utført, for dei velstelte kyrkjegardane og, ikkje minst, for måten han ordnar gravene på etter at kista er komen i jorda og seremonien er over. Det er det mange 16 som legg merke til, og det har vorte eit varemerke for Åsmund. Jobben er ikkje ferdig før det ser skikkeleg ut, enten klokka er 15 eller 18, og uavhengig av om det er regn eller solskin. Me møter Åsmund heime i stova på Fister, i huset han har budd heile livet, med unntak av ein vinter på Tomb jordbruksskule i 1967—68, og deretter tre månader på Evjemoen . – Då fekk eg fri to dagar kvar gong det var gravferd, for å køyra heim til Fister for å grava, seier Åsmund. – Korleis starta det heile? – Våren 1965 spurde gravaren på Fister om eg ville hjelpa han med å grava ei grav. Eg gjorde det, og etterpå vart eg spurd om eg ikkje ville overta heile jobben. Det var – Og fortsetjinga? – Frå 1965 og fram til ut på 80-talet, hadde eg berre ansvaret for Fister kyrkjegard. Men då vart eg gravar og kyrkjegardsarbeidar for alle ni kyrkjegardane og gravplassane i Hjelmeland; åtte som er i bruk, og i tillegg Årdal gamle kyrkjegard som er freda, men som skal haldast ved like. Først i 1986 fekk me ein traktor med graveaggregat, ei maskin som ennå er i bruk. Nå har me også ein liten beltegravemaskin. I den første perioden med traktorgravaren køyrde eg med den til dei ulike gravplassane. Med ein fart på 20 km/t og inne i ei knøttlita hytte med knea oppunder haka, vart det fort slutt på traktorkøyringa langs landevegen, og eg kjøpte ein lastebil med kapell til å frakta traktor og utstyr i. Dette er ei ordning som har vore svært praktisk, og i snart 30 år har me gjort det på den måten, nå med den tredje bilen. – Kor mange graver har du grove? – Eg har ikkje noko tal på det, men det er vel rundt 1100. Mange gode historier Frå nesten 50 års teneste som gravar og kyrkjegardsarbeidar, er det mangt og mykje å fortelja. Det kunne sikkert vore stoff til ei bok, men eg spør om han har eit par små historier. – Rundt 1990 vart kyrkjegarden på Hjelmeland utvida på øvre sida av kyrkja. Medan eg haldt på med ei av dei første gravene der, kom systera til han som var død og gav uttrykk for at ho likte dårleg at broren skulle gravleggast her i utmarka. Biletet viser Mikal Espeland si gravferd i april 1998. Båra kom med båt frå øya Måløy utanfor Bokn og Byre, til Fister kai der Åsmund stod klar med hest og kjerre. Bak båra går prest Frøyland frå Finnøy. Gravfølgjet gjekk så opp til kyrkja. Før 1965 høyrde desse øyane til Fister kommune, og gravplassen deira var på Fister. Nå er dei ein del av Finnøy kommune. Heilt fram til det siste har innbyggjarar frå Fisterøyane blitt gravlagde på Fister, og bårene har blitt køyrde med hest og kjerre frå kaien til kyrka. – Ei eldre dame hadde i alle år stelt fint med gravminna ho hadde ansvaret for. Ho vaska dei regelmessig, og ein gong sa ho til meg at når eg er død, så er det vel ingen som kjem til å gjera dette. Eg svarte at eg skulle sjå til at dette vart gjort også etter at ho var død. Nokre år etter at dama var død, møtte eg sonen på kyrkjegarden. Då sa eg til han: Eg har fått beskjed frå mor di at gravsteinane må vaskast! Neste dag var gravminna nyvaska. Elles fortel Åsmund at i den første tida møtte gjerne tidlegare gravarar opp på gravplassen når ei ny grav skulle gravast. Dette var både kjekt og lærerikt. Dei kunne fortelja om folka som var gravlagde der tidlegare, om spesielle ting som hadde skjedd, om kor det var greitt å grava og kor det var vanskelegare. På den måten vart eg godt kjent på dei ulike plassane. – Har du stått fast nokon gong? – Nei, men det har hendt at eg måtte finna ein ny plass fordi det var umogeleg å grava der me hadde bestemt først. Då vert det gjerne litt travelt å bli ferdig til rett tid. Men ein gong på Fister var det umogeleg å grava med maskin. Då hadde eg sonen med meg, og me brukte ein heil dag for å hakka oss gjennom aurhella før me kom ned på lausare masse. Det var akkurat som betong. Medan den eine arbeidde i 15 minutt, låg den andre strekk ut i graset og kvilte. Me sleit ut to hakker den dagen. Åsmund og Arna og borna har farta land og strand i Norge med bubil og båt, og resten av familien var ikkje alltid like begeistra for at han stoppa attmed (altfor) mange kyrkjegardar. – Det er kjekt å sjå korleis det ser ut på andre kyrkjegardar, og korleis ting vert gjort. Dessutan er det fredeleg. Mange gonger har eg sett meg ned for å kvila på ein benk på ein eller annan kyrkjegard. Åsmund har ikkje berre vore gravar. Det er for så vidt den minste delen av jobben, men han har likevel helst kalla seg nettopp gravar. For det er det som er det spesielle med denne jobben, og det er her dei fleste utfordringane ligg. Å stella gravplassane slik at det alltid ser velstelt ut, er meir ein rutine. Men me som bur i denne kommunen ser at det vert lagt mykje innsats også på vedlikehaldet. – Det beste med gravarjobben er at det har vore fritt og godt. Eg har kunna styra arbeidsdagen sjølv i stor grad, og eg har fått gjort det på min måte. Det verste har vore regn og vatn. Det er ikkje kjekt når ei grav renn full av vatn og du veit at det er ein time til gravfølgjet kjem, eller at veggene i grava raser ut på grunn av alt vatnet. Då er gode råd dyre. Heldigvis er dei felta som er opparbeidd i seinare tid, mykje betre. Her har det vore full masseutskifting, og då er ikkje vatn lenger noko problem. Men på dei gamle felta, spesielt på Hjelmeland, kan det vera utfordrande. Men det har gått bra, me har alltid funne løysingar. Folket i Hjelmeland har mykje å takka Åsmund for. Me har alle eit forhold til ein kyrkjegard, til ei grav der ein av våre kjære ligg, enten det er i Hjelmeland eller ein annan plass. Det er på ingen måte sjølvsagt at arbeidet som vert utført, vert gjort på ein så verdig og skikkeleg måte som her. Det handlar om økonomiske ressursar, men like mykje om innstilling til arbeidet og å bestemma seg for kva standard ein vil ha. I 50 år på Fister, og i 30 år i resten av kommunen, har hundrevis av familiar og pårørande blitt møtt av ein gravar som dei kunne snakka med, som kunne hjelpa med det praktiske, som hadde store evner i å visa empati og medkjensle, som var trygg i rolla si. Den unike kompetansen og lokalhistoriske kunnskapen som er resultatet av denne 50-årige tenesta, har me ikkje eingong nemnt. Men me treng ikkje vera i tvil: Her er det mykje å ta av! Takk! 17 andakt Av Sigrunn Hagen Arnesen ”Se, vi går opp til Jerusalem” Ein flott salme startar slik, den fører oss inn i fasten og opp mot påskehøgtida. Fastetida har ei stigning opp til noko som skal skje. Eller rettare sagt, noko som skjedde i Jerusalem då Jesus måtte gå lidingsvegen for oss menneske. Og den fører oss mot Jesu oppstode, som er høgdepunktet. I januar for to år sidan fekk eg vera med på ein studietur til Israel kor me vandra rundt på stadane kor det heile skjedde. Me fekk vandra ved Genesaretsjøen der Jesus talte og lærte folket. Me fekk vandra i Getsemanehagen og mange andre stadar det står om i Jesu lidingshistorie. Me vandra i bibelhistoria. Og me er alle eit folk på vandring. I Det nye testamentet står det at Jesus fasta i ørkenen i førti dagar før han starta sitt virke blant folket. Kyrkjas fastetid varer og i førti dagar. Denne tida har me nå begynt på. Fastetida er førebuingstid og ei vandringstid fram mot påskehøgtida. Fastetida er som skapt for ettertanke. Er det noko som har fått for stor plass i livet mitt – og som fører meg i ei retning eg eigentleg ikkje vil? Fastetida er tid for å stoppa opp og tenkja gjennom våre eigne liv. Kva vil eg eigentleg med livet mitt? Fastetida er tid for å dela. Han som delte av seg sjølv, av sitt liv og sin himmel med oss, han ber oss om å dela med kvarandre. Slik det og blir synleg når me har nattverd: Jesus gir seg sjølv til oss, ingen får meir enn andre. Alle får like mykje. Alle får det dei treng: Tilgjeving for synd og fellesskap med Han. Jesus deler ut seg sjølv, for at me skal få dela med kvarandre. Mange menneske følgde Jesus då han vandra her på jord. Dei følgde etter med forventning om kva dei nå skulle få oppleva, og dei levde 18 i forventning om under og teikn. Under som skapte undring og beundring. Under som skapte etterfølging. I dag er det mange menneske som følgjer Jesus. Me får og leva i undring og tilbeding. Jesus forvandlar liva til mange menneske og i dag. Som etterfølgjarar og kyrkjelydar er det vår oppgåve å invitera andre med til eit møte med Jesus. Kanskje denne fastetida kunne vera ei vandringstid i Guds ord og ei medvandringstid saman med menneske som ynskjer eit møte med Jesus, og eit møte med ein medvandrar i trua. Jesus gjekk ofte opp i fjella for å vera åleine. Han hadde behov for det. Fastetida kan og vera ei tid kor me trekkjer oss litt tilbake, for å vera stille innfor den allmektige Gud. Det er godt å vera i bøn og tilbeding og la Jesus få tala til oss. Det kan skapa undring og beundring i hjarta våre. God fastetid i vandringas teikn! Se, vi går opp til Jerusalem i hellige fastetider og ser hvordan Jesus, Guds egen Sønn, i stedet for syndere lider. Se, vi går opp til Jerusalem. Hvem deler vår Herres smerte? Hvem våker med Jesus i verdens natt og bærer hans sorg i sitt hjerte? Se, vi går opp til Jerusalem, til Frelserens kors og pine, til Lammet som ofres for verdens skyld, for syndene dine og mine. Se, vi går opp til Jerusalem, til byen med glans og ære, for Frelseren sa oss at der han er, skal vi ved hans nåde få være. Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2015: I kriser er vatn kritisk Minnelund Ein liten del av kyrkjegarden på Forsand er blitt minnelund. Sjølve minnesteinen er henta frå fjellet på Fløyrli. Det er ein hoggen stein frå anleggstida som er merkt av mange år i regn, sol og vind. Slik kan den vera med å symbolisera dei ulike fasane i liva våre. Teksten på steinen er lyrikk av jærdiktaren Helge Torvund. Og det vesle lyriske verset lyder slik: Lyset du treng finns Muhammed Irshad og familien hans fekk livet endra totalt då flaumen ramma landsbyen. Huset vart fullstendig øydelagt, og den yngste dottera, Sadia (2), har vorte sjuk av det forureina vatnet. Foto: Fahim Farid/Kirkens Nødhjelp. Klimaendringane fører til fleire og verre katastrofar, og truar menneske sin tilgang på reint vatn. I haust overlevde Muhammed og familien så vidt den dramatiske flaumen i Pakistan. Det er dei fattigaste som vert hardast ramma av klimaendringane, anten det er i tyfon på Filippinane, tørke i Etiopia eller flaum i Pakistan. Ein av dei som nyleg har fått merke dette på kroppen, er Muhammed Irsdad. Han er gift og har 3 barn, og bur i landsbyen Basti Riaz Abad i Pakistan. Ein morgon tidleg i oktober 2014 kom flaumen brått til landsbyen. – Vatnet kom i stor fart frå kanalen, og eg måtte ta med familien og springe. Vi sprang til næraste landeveg, som ligg litt høgare enn resten av landsbyen. Slik berga vi livet, fortel Muhammed. Vart sjuk av vatnet Familien vart buande på denne landevegen utan ly i over ein månad, ventande på hjelp. Då flaumen kom, hadde dei ikkje tid til å ta med korkje husdyr eller eigendelar. Huset vart fullstendig øydelagt og husdyra drukna. – Vi har aldri opplevd flaum i landsbyen før. Det er noko heilt nytt, seier Muhammed. Flaumen hadde store konsekvensar for Muhammeds familie. Tidlegare jobba Muhammed som sikkerheitsvakt, og heile storfamilien var avhengige av inntekta hans. Etter flaumen måtte Muhammed vere saman med familien, og han mista difor jobben. I tillegg har flaumen gjort at drikkevatnet er forureina. – Dottera mi på to år er blitt sjuk av å drikke vatnet etter flaumen. Det er så vidt vi har råd til å betale for medisinane ho treng for å overleve, fortel han alvorleg medan kona held dottera tett inntil seg. Kirkens Nødhjelp sin partner Sunghi var ein av dei første organisasjonane som kom til Basti Riaz Abad. Dei skal gi Muhammed og landsbyen nye handpumper, latriner og hygieneutstyr, og sikre at landsbyen igjen får trygt vatn. Du kan hjelpe I kriser er vatn kritisk. Difor er vatn noko av det aller første Kirkens Nødhjelp stiller med i katastrofar. Dei sørgjer for reint vatn og høve til gode sanitærtilhøve der alt er øydelagt. Samstundes jobbar dei saman med folk i utsette område for å førebyggje den neste naturkatastrofa. Kirkens Nødhjelp jobbar i tillegg med å påverke politikarar og andre beslutningstakarar til å stanse klimaendringane. Kirkens Nødhjelp treng di hjelp for å hjelpe. 24. mars går Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2015 av stabelen, også i Hjelmeland, Strand og Forsand. Dette er kyrkjelydane sin eigen aksjon. Ditt bidrag gjer det mogleg for Kirkens Nødhjelp å vere der med reint vatn når katastrofa rammar. Difor håpar vi du vil støtte fasteaksjonen 2015, anten ved å stille som bøssebærar eller med pengar i bøssa. Vi oppmodar deg også til å bruke stemma di i fasteaksjonens klimakampanje og slik bidra til å stoppe klimakrisa. I fjor kom det inn 36 055 000 kr på landsbasis. Av desse var 70 000 kr frå Hjelmeland, 115 000 kr frå Strand og 32 500 kr frå Forsand. Målet for i år er sjølvsagt å klare minst like mykje! Til våren vil det bli planta rundt steinen, og steinane ved sida av er til å leggja blomar eller setja seg å kvila på. Minnelunden har to funksjonar. Den eine er at det er ein gravstad der det er mogleg å setja ned urner eller små kister. Det er ikkje anledning å setje opp gravstein eller på annan måte kunngjere kven som ligg gravlagt her. Kyrkjegardsforvaltninga vil oppbevare kart med kven som er gravlagt og kor dei er gravlagt. Den andre funksjonen er at dette er ein stad å koma der ein kan leggja ned blomar eller tenna lys for kjære som er gravlagt ein annan stad, eller for andre sorger ein ber på. Soknerådet håpar dette vil vera ein god minnestad. Siv Fossan, kyrkjeverje. 19 OPPSLAGSTAVLA Prosjektkoret med påskekonsert Viktige steg mot nytt tilbygg til Forsandkyrkja Prosjektkoret kan lokka med alt frå koralharmoniar til gospel når dei inviterer til det som dirigent Anders Berglund kallar for ei “oppjustert påskevandring” torsdag 26. mars i Jørpeland kyrkje. Tekst: Trond Hjorteland Det lokale Prosjektkoret med utspring frå Jørpeland menighet har store forventningar til denne kvelden der dei kan lokka med musikk mellom anna frå Oslo Gospel Choir (Gloriamesse) og Reflex (Syv døgn i Jerusalem). – Ikkje minst er me nøgde med dei vanvittig dyktige musikarane me har fått med oss, som Halvard Aase på bass, Atle Hundsnes på piano, Thomas Gallatin på trommer og Kristian Kvalvaag på gitar – i tillegg til våre eigne, gode solistar, fortel Berglund. Prosjektkoret har tidlegare hatt både julekonsertar og vårkonsert med Divisi i fjor, men dette er første gongen dei står heilt på eigne bein og presenterer eit påske-repertoar. Dei har trua på at ein variert, musikalsk gjennomgang av påsketematikken vil interessera eit breitt publikum – på same måten som dei mange førjulskonsertane gjer. – Me håpar at folk ønskjer å få dette med seg like før påskehøgtida startar og hyttelivet kallar. Eg har kalla dette for ei “oppjustert påskevandring”. Det vil blant anna vera opplesing av påska sine sentrale bibeltekstar mellom dei musikalske innslaga, og ein vil gå gjennom dei sju dagane i påskeforteljinga med oppstoda til slutt, opplyser Berglund. Prosjektkoret tel kring 40 songarar. Torsdag 26. mars inviterer koret til ein musikalsk gjennomgang av påsketematikken, under leiing av dirigent Anders Berglund. 20 Etter ein lang planprosess som byrja allereie i 2010, ser me no at målet nærmar seg. Teikningane blei godkjent av Stavanger biskop 2. desember, finansieringa blei godkjent av kommunestyret 17. desember, og no startar kommunen på handsaming av reguleringsplan for området. Kyrkjelyden sin del av finansieringa er på 1,5 mill. kroner. Innsamlinga er komen langt, og er nå oppe i underkant av ein million. Soknerådet er svært takksame for alle gåver som er komne inn, og håpar bygda står med òg på den siste delen. Me går for byggestart til hausten og gler oss til utvida areal. Dette vil gje betre rom for trusopplæring og alt anna kyrkjelydsarbeid. Kyrkja vil innvendig vera lik slik den er i dag. Einaste endring blir dører til mellombygget både i første etasje og på galleriet, og den eine trappa som no er opp til galleriet, blir stengt. I mellombygget vil det bli ei god, brei trapp opp til andre etasje, og det blir montert heis. Forutan dette, blir det toalett, kjøkken og gode rom for undervisning. Eine rommet blir som ei kyrkjestove der det vil bli plass til 80—100 personar. Bilda som ligg ved er bare skisser og gjer ikkje eit fullgodt bilete. Ønskjer du å gi ei gåve til tilbygget er kontonummeret 3201.59.11424. Siv Fossan, kyrkjeverje. Frå Ryfylke til Madagaskar 5.-21. oktober 2015 Ein tur til eit annleis land – bli kjend med særeigen natur, folk og kultur, kyrkje og misjon. Møt gjestfridom og smil, sol og varme. Reiseleiarar blir sokneprestane i Hjelmeland og Strand, Sigrunn Hagen Arnesen og Martin Ivar Arnesen som kjenner øya godt etter å ha budd der i nær 10 år. Pris: ca kr 19.000,- (inkl. depositum kr 2.500,-, fly Stavanger – Antananarivo t/r og flyskattar, overnatting, heilpensjon og transport med buss). Maksimum deltakartal: 15 Påmeldingsfrist: 20.mai 2015 Nærare informasjon og påmelding: tlf 980 37 571, martin.ivar. arnesen@strand.kommune.no tlf 977 52 534, sigrunn@ hjelmeland.kyrkja.no Å bli medlem i Den norske kyrkja Dåpsskulen på Tau og Fiskå 2015 Det er dåpen som gir medlemskap i kyrkja. Viss du ønskjer å bli medlem av Den norske kyrkja, men ikkje er døypt, bør du ta kontakt med kyrkjekontoret, eller med presten i kyrkjelyden der du bur. Kyrkja si oppgåve er å bringe bodskapen om Jesus Kristus som verda sin Frelsar, til alle menneske, utan omsyn til dei motiva folk har for å søkje seg til kyrkja sine tenester. Bispedøma, prostia og sokna (= kyrkjelydane) er geografiske einingar som dekkjer heile landet. Alle innbyggjarane i Norge bur dermed i eit av Den norske kyrkja sine sokn. Den norske kyrkja er ei open folkekyrkje som vender seg mot heile befolkninga. Også utmelde og andre som ikkje er medlemer i Den norske kyrkja, er velkomen til kyrkja sine gudstenester og andre arrangement. 1. januar 2014 var 75 % av befolkninga medlem av Den norske kyrkja. Medlemer over 15 år har røysterett ved val i kyrkja. I Strand, Hjelmeland og Forsand er 85—90 % av befolkninga medlemer. Medlemer har ulike grunnar for medlemskapen sin. For nokon tel respekten for kristen tradisjon og kultur sterkast, medan det for andre botnar i eit djupt personleg engasjement. Kyrkja ber aldri om grunngjeving for kyrkjemedlemskap hos den einskilde. Opplysningar om medlemskap i trus- og livssynssamfunn kan ein få ved å ta kontakt med dei lokale kyrkjekontora (sjå kontaktinfo bak i bladet), eller ved å ringa Brønnøysundregistra på telefon 75 00 75 00. Trond Hjorteland For elevar på 1.trinn på Tau blir det dåpsskule tysdag kl.13.30-15 på Tau bedehus, fyrste gong tysdag 3.mars. For elevar på 1. og 2.trinn på Nordre Strand blir det dåpsskule onsdag kl.13.-14.20 på Fiskå bedehus, fyrste gong onsdag 4.mars. Bli med på dåpsskule for 6-7 åringar, med bibelforteljing, mat, aktivitet og leik! Dåpsskulen sluttar med familiegudsteneste i Strand kyrkje søndag 19.april. Alle er velkomne til å melda seg på. Brosjyre og påmelding på heimesida: www.strand-kyrkje.no Evt. ta kontakt med kyrkjekontoret tlf. 51741137. Arr: Strand kyrkjelyd 21 OPPSLAGSTAVLA Kyrkjevalet 2015 Til hausten er det kyrkjeval samstundes med kommune- og fylkestingsvalet 13. og 14. september. Kyr kjevalet inne held to val: Val på bispedømmeråd og val av sokneråd. Val på bispedømmeråd: Det skal veljast sju kyrkjemedlemmar frå Stavanger bispedømme til å sitja i bispedømmerådet. Bispedømmerådet leier prestetenesta og har viktige faglege og forvaltningsmessige oppgåver for kyrkjelydane. Dei som blir valt, blir også medlemmar av Kyrkjemøtet, som er det øvste styrande organet i Den norske kyrkja, parallelt med Stortinget i politikken. Val på Sokneråd: Det skal veljast 4–10 medlemmar til soknerådet. (Kor mange er bestemt av kyrkjelydsmøtet i soknet, der kan alle kyrkjemedlemmar delta.) I § 9 i kyrkjelova er det skissert opp hovudføremålet til soknerådet: «Soknerådet skal ha si merksemd vendt mot alt som kan gjerast for å vekkje og nære det kristelege livet i soknet, særleg at Guds ord vert rikeleg forkynt, sjuke og døyande tent med det, døypte gjeven dåpsopplæring, born og unge samla om gode formål og lekamleg og åndeleg naud møtt. Soknerådet har ansvar for at kyrkjeleg undervisning, diakoni og kyrkjemusikk vert innarbeidd og utvikla i soknet.» Soknerådet er lokalkyrkja sitt organ, og som medlem i sokneråd kan du vera med å utvikla di lokalkyrkje. Du kan påverka korleis kyrkjelydsarbeidet skal drivast i ditt sokn. Kva skal leggjast vekt på i trusopplæring, diakoni, undervisning og gudstenestearbeid. Tenk på om dette er noko du vil vera med på, og send gjerne ein mail til kyrkjekontoret i ditt sokn og meld di interesse. Her vil du òg kunne få meir informasjon om lokale forhold. Det er òg oppretta nominasjonskomitear i dei ulike sokna som vil utfordra personar til å stilla til val. Sokneråda har ansvar for at det blir stilt kandidatliste. Rådet skal oppnemne nominasjonskomité som står for arbeidet med å finne kandidatar til soknerådet. Det er òg anledning for andre grupperingar å stilla liste. Det må då vera minst 10 røysteføre personar som skriv under på listeforslaget. Forslag til liste må vera sendt inn til Valstyret i soknet seinast 1. mai. I kvar kommune blir det òg valt fellesråd med representantar frå dei ulike sokneråda og ein representant frå kommunen. I vårt område gjeld det Hjelmeland og Strand. Forsand sokneråd er òg fellesråd sidan det bare er eitt sokn i kommunen. Fellesrådet har ansvar for økonomi, eigedom og personale. Siv Fossan, kyrkjeverje 22 TAKK til Geir Øy som har vore med i redaksjonskomiteen for Preikestolen ei tid! Nå flyttar han til Knarvik i Nordhordland der han tar til som sokneprest. Lukke til i ny teneste! Husgruppesamling på Tau bedehus Torsdag 26.februar kl 18.30-21.30 Tema: «Livsnære relasjonar i småfellesskap» Seminarhaldar er Kjell Aanensen som er utdanna diakon og har bakgrunn frå mellom anna NMS og Teleios Norge og som no held foredrag og kurs for bedrifter og kyrkjelydar om kommunikasjon og relasjon. Enkel servering. Kollekt til dekning av utgifter. Påmelding til kyrkjekontoret tlf 51 74 11 30 eller epost: kyrkja@strand.kommune.no innan 24.februar. Arr: Strand kyrkjelyd Konsert i Jørpeland kirke lørdag 14.mars kl. 18.00 Folketoner fra Rogaland med St. Svithun Choralis. Dirigent Arne Hadland. Kjell Inge Torgersen deltar. GIROBLANKETTEN I dette nummeret av Preikestolen ligg det ved ein giroblankett for abonnements-betaling. Me er glade for at så mange er med og betaler det frivillige abonnementet. Det gir oss mulighet til å laga kyrkjebladet vårt slik det er nå. Takk til kvar enkelt som bruker blanketten! Forsand bedehus 22.02. Temakveld NMS/Normisjon 28.02. Laurdagskafe 01.03. Kristen Muslimmisjon 04.03. Kyrkjelydsfest kl.19.30 06.03. Ungdomsforening 13.03. Ukrainakveld 15.03. Familiesøndag kl.11. 15.03. Temakveld Normisjon/NMS 18.-22.03. Møteveke NLM 24.-26.03. Bibelkveldar, Klaus Muff, NMS 28.03. Laurdagskafe 10.04. Ungdomsforening 11.04. DUGNAD frå kl.9.00. 12.04. Familiesøndag kl.11. 12.04. Temakveld NMS/Normisjon 17.-19.04. Møtehelg NLM 25.04. Laurdagskafe 26.04. Konfirmantfest Slekters gang Strand Hjelmeland 09.11. Celina Norheim Merland – døypt i Sjernarøy 23.11. Vegard Hia Ommundsen 27.12. Jone Hausken Årdal 20.11. Agnes Jorunn Thorsen 08.12. Varna Garheim Fister Jørpeland 30.11. 14.12. Konrad Haga Mork Mathias Bertelsen Lycke Amdal Markus Haga Fossmark 08.11. 13.11. 15.11. 19.12. 23.12. 28.12. 07.01. 18.01. Sigbjørn Tveit Kasper Bokn Klara Karoline Ekeskog Magnhild Kristina Østerhus Maren Hansine Oftedal Odd Kleven Peter Helgeland (gravlagd Erfjord) Odd Børge Fiskå Forsand 16.11. Frøya Egeland 30.11. Lena Laugaland Emma Helgøy 16.11. 03.12. 13.12. 21.01. Kåre Lyse Thore Vidvei Konstanse Thorsen Ingvar Fossan 30.11. Helene Rønnevik 26.12. Ivan Lygre Børkja (døypt Moster krk.) 04.01. Hedda Bygdevoll Dahl Isak Tollefsen 18.01. Frida Bjørheim Pedersen Maja Eikelid Johnsen 01.02. Hailey Vinje Eriksen Fjermestad Malene Jøssang Lykke Leigh Årvik 12.11. 12.11. 16.11. 16.11. 25.11. 26.11. 11.12. 17.12. 18.12. 20.12. 26.12. 29.12. 06.01. 15.01. 15.01. 21.01. 22.01. 27.01. Bjarne Ur Richard Neeb Mydland Egil Arne Larsen Inger Bente Isaksen Signy Gahnstrøm Helge Johannessen (gravlagd Hundvåg) Marit Torild Eie Mary Josefine Førland Georg Berge Reidar Finnesand (gravlagd Utstein kloster) Marton Konrad Idsø Peder Bertinius Fjelde Ingmar Henning Østbø (gravlagd Thailand) Odd Fjelde Ellen Idsø Gunvor Eriksen Tollefsen Toralf Mansåker Judith Lovise Meland .RUOHLVKDUGXGHW (,*(17/(*" .ULVHWHOHIRQ 6260HOGLQJZZZNLUNHQVVRVQR 626&KDWZZZVRVFKDWQR (,T MENNESKE Å SNAKKE MED NÅR LIVET ER SOM VERST 23 Gaver til alle anledninger Tlf. 51 74 73 58 JØRPELAND Jørpeland Åpningstider: 8-22 (9-20) Alt innen elektroarbeid - Varmepumper Eltervaag Elektro as Tungland, 4100 Jørpeland tel. 51 74 83 70 - 918 60 895 - fax. 51 74 91 91 Vi er til hjelp ved gravferd og minnestund. Vi har utstilling av gravsteiner i kontoret. Audun Ingvaldstad og Berit Nag. Ryfylkeveien 1986, 4120 TAU. Tlf.51 74 87 00 Vi har kun én, vi skal gøre glad... www.revisjonryfylke.no Tlf 51 74 90 40 Hos AutoMester har vi kun én, vi skal gøre glad. Dig. Derfor har vi lavet AutoMester ServiceSikring i samarbejde med forsikringsselskabet Lloyd’s of London. Hvis du har spørgsmål om AutoMester ServiceSikring, er du velkommen til at ringe til AutoMester’s hovedkontor på tlf. 63 41 89 88. Du kan også besøge vores homepage på Horvath Piano Service Internet. Adressen er www.automester.dk. Vi glæder os til at gøre dig til en gladere bilist. Velkommen. AutoMester Flere glade bilister Tlf. 51 74 14 40 - www.jorpelandservice.no Ryfylkevegen 953 (v/Esso) 24 SCHWEITZER · LARSEN & KNUDSEN 01.02 Årdalstunet Telefon: 51 75 11 50 Jørpeland tlf. 51 74 91 95 SKO OG MOTE FOR UNG OG VOKSEN DAME ® Allsidig byggefirma med lange og gode tradisjoner. Vi har eget materialutsalg med stort utvalg. Tlf. 51 70 31 12 www.forsand-byggservice.no Istvan Horvath -Pianostemmer -Tekniker -Pianoentertainer Hjelmeland Tlf. 924 24 098 Stein mek. verksted as Tlf. 51 70 38 55 Fax 51 70 39 52 Tlf. 51 74 72 04 • Maling • Tepper • Tapeter • • Verktøy • Maskiner • • Gardiner • Kjøkkenutstyr • mob. 917 68 710 LANDBRUK MURAR Vikaneset Sør www.dataplan.no Opningstider: 8.00 - 16.30 Laurdag 9.00 - 13.00 Kvardagar Tlf: 51 74 33 00 Ring gjerne og avtal tid for et møte, MØBLER/TREVARE så finner vi sammen gode løsninger! Tlf 51 74 77 45 Dataplan Ryfylke AS Ryfylkevegen 1950, 4120 Tau Telefon 51 96 31 60 Meieribygget 4137 Årdal Tlf. 51 75 26 40 Fax. 51 75 27 11 Trodla-Tysdal Turiststasjon HAGEMØBLER HEILTREPLATER LANDBRUK tlf. 51 75 01 51 / mobil. 959 90 867 OVERNATTING web: www.trodla-tysdal.no e-post: post@trodla-tysdal.no Traktorspesialisten • SELSKAPSLOKALER• Salg: Roald Schmidt mob. 91 54 22 91 e-post: roald.schmidt@valtra.no • KURS/KONFERANSE • RING 51 75 27 75 Service: Ingolf Ullestad • Regnskap • Firmaregistrring mob. 90 91 70 83 • Årsoppgjør • Datatilkobling e-post: ingolf.ullestad@valtra.no • Scanning av bilag LÅSESMED Jørpeland - 51 74 14 00 Årdal - 51 75 42 50 HAR DU LÅSE-PROBLEMER? Levende opptatt av det LANDBRUKSPRODUKTER 4120 Tau, Mob. 907 34 039 Tlf. 51 74 20 40 fax. 51 75 20 41 GJERDING STÅLBYGG Brensel, skog- & landbruk Boks 36, 4130 Hjelmeland Tlf.: 51 Strand og Hjelmeland TLF 51 74 02 40 RØRLEGGERMESTER REKNESKAP LEIF Regnskap - Firmaregistrering Sandnes Obed Årsoppgjør - Datatilkobling ANDREASSEN Scanning av bilag Tlf. 408 53 157 - Hjelmeland - 916 88 348 e-post: jmhovda@start.no tlf: 51 68 MASKINELL 13 00 0410 11:00:46 0410Visittkort VisittkortJorunn.pdf Jorunn.pdf 20-04-10 20-04-10HOGST/FRAMKJØRING. 11:00:46 - ditt lokale regnskapskontor STØLANE • 4233 ERFJORD MOB 995 83 445 FAX 52 79 70 23 TRANSPORT AV: • TØMMER • RUNDBALLER • TRELAST M.M. TANGO HÅR OG TERAPI TØMMERMENN TANGO TANGO HÅR OGTERAPI TERAPI OsaHÅR bru - 4130OG Hjelmeland Osa Hjelmeland Osabru bru- 4230 - 4230 Hjelmeland Jorunn Alvær Hauge Alvær Hauge Jorunn Alvær Hauge TlfJorunn 51752210 - mob 90571332 VELKOMMEN EDB REGNSKAP as Aut. regnskapsførerselskap Refleksolog Refleksolog 4130 Hjelmeland SB Rørleggerservice Tlf.: Tlf.:51 5175 7522 2210 10 tlf/fax. 51 75 11 50 / 51 75 11 51 51 75 00 99 / Healer Mob.: Healer Mob.:905 90571 71332 332Tlf.980 TJÆRALIN www.hjelmeland-bygg.no 67 352 Kontonr.: kan beises/males hele Kontonr.: Sandetorjå, tlf. 51 75 0632111001471 2832111001471 Mobiltlf. 977 05 jorunaha@online.no 270 året! Ingen grunning! www.mesterhus.no Frisør E-post: SERVICE Frisør E-post: jorunaha@online.no Tåler lagring på hytta! SJØTRANSPORT • Solskjerming Alt innen SKYSSBÅT AS Tlf. 51 75 95 00• Gardin • Voksduk elektroinstallasjon post@hjelmeland.com • Tapet • Maling • Gulvbelegg Jon ArneBrannvarsling Helgøy Sivilingeniør 4167 Helgøy Tlf. 90 10 35 55 Tlf. 51750345 www.pgi.no Oveoljeprodukter Breiland Alt iTerje olje og tlf 51 75 11 21/ mob 920 51 661 e-post: tebreila@online.no Ove Breiland SKTerje Langeland as Alt51 i olje og 21 oljeprodukter Tlf. 75 11 - 920 51 661 Telefon 51 75 26 40 tebreila@online.no Bygdaposten a.s. 4130 Hjelmeland Tlf. 51 75 07 03 / 51 75 07 44 Helge Barka Barka, Jørpeland Tlf. 51 74 71 70/975 38 175 – dine muligheter Kontor Forsand og Tau Telefon: 51 74 48 80 post@tf-regnskap.no www.tf-regnskap.no Stihl-butikken regnskapskontor SkogAutorisert og hagebruk Jørpeland Servicenter as Tlf 51 74 14 40 - www.hagia.no Jørpeland Bilverksted as 4100 Jørpeland Tlf 51 74 08 80 Ditt lokale sagbruk Bilverksted - bildeler - rekvisita Preikestolvn. 7 Jørpeland VI STÅR TIL TJENESTE www.hjelmeland.com Telefon 51 75 26 40 Spesialsag som tilbyr trelast i de fleste dimmensjoner TUR OG RUTEKJØRING www.jdbygg.no Godkjent teleinstallatør Opningstider: Traktorer, redskaper, m-f: 08.00-16.00Ring l:10.00-13.00 verksteder, motorsager m.m. Ryfylke Malerservice 4137 Årdal 4137 Årdal telefon 957 93 757 • disel • fyringsolje • parafin • koks Vår kunnskap • smøringsolje • reperasjoner • plast• båtlagring Tlf. 51 75 29 35 Mob. 932 99 880 Begravelsesbyrå Mob. 913 47 764 Leirstad - utleige for Er tanken tom? Trenger du maler? 4110 FORSAND BUSS AS Tlf.: 51 70 38 10 VVS-arbeid innan nybygg, reparasjonar, driftsbygningar, rehabilitering. Kort/Langtidsutleie Tlf. 51 75 42 30weekends og leirar INTERNATER • STORKJØKKEN MØTESAL • KONFERANSEROM Vi bringer - ring 51 74 99 10 OLJE landbruksbygg 70 38 10 Transport av husholdningswww.r-m-v.no og industriavfall. Avd. Årdal • Tlf. 51 75 42 30 JørpelandTLF - 5151 74 99 10 75 28 27 Mand.-fred. 08.00-16.30. 4137 Årdal Tlf. 51 75 24 06 Tau 51 74 68 35 FAX 51 75 00 85 Lørd. 09.00-13.00 Tlf. 51 74 83 71 Mob. 416 23 896 Mob. 901og99 055 Salg av traktor redskaper: Sven Lenaal • 991 68 MALER 435 og rehabilitering av STRAND / HJELMELAND • Bulktransport • Kranbil • samt oppføring Tlf. 51 74 98 boliger, 61 • Langtransport • Mob. 98 26 77 46av industrihaller og GAUTHUNS CONTAINERUTLEIE OG TRANSPORT AS4110 FORSAND Grøndal, HJELMELAND Jeg tilbyr alt innen låse-systemer. Filing av nøkler. ÅRDAL: Vi utfører arbeid i Rørlegger • VVS • Varme & bad 40 41 11 15 fbm. nybygg, MOB. påbygg Jørpeland tlf. 51 74 14 00 Hjelmeland tlf. 51 75 45 00 Årdal tlf. 51 75 42 50 FURUTANGEN MISJONSSENTER TRANSPORT VERKSTADARBEID Jørpeland 51 74 98 10 Hjelmeland 51 75 05 49 E-post: post@ardal-landbruk.no RØYRLEGGJAR Utleige for kortere eller lengre tidsrom. Kvalitetssikring Sentralgodkjenning REGNSKAP, LØNN 4130 Hjelmeland OG IT-LØSNINGER Avdeling Årdal Tlf./Fax.: 51 75 03 65 Tlf. 51 75 42 30 - Fax 51 75 42 40- ALT PÅ STED Mobil:ETT 992 40 907 Tlf. 91 53 97 03 Tlf. 90 94 49 59 BOSSCONTAINERE Jan E. Bjørnstad ein god hanog godt personleg - Godt gjort er bedredel enn sagt! service! 4120 Tau, tlf. 51 74 07 90 RENOVASJON MURMESTER Kraftfôr – tilskuddsfôr – gjødsel – såvarer – ensilering - planteverntil Velkommen Tannlege Finn Middelthon TLF. 51 75 04 40 - FAX 51 75 04 74 Tlf. 51 75 17 14 Mob. 975 26 085 Rådhusgt., 4100 Jørpeland • Tlf. 51 74 90 55 E-post: post@centruminterior.no www.centruminterior.no Vakttelefon: 99 55 50 65 E-post: bp@bygdaposten.no Finn ein skatt PÅ NMS GJENBRUK Pynteting, bruksting, bilder m.m. Varer kan leverast i butikken Opningstider på TAU: måndag - fredag 10.00-17.00 laurdag 10.00 - 14.00 25 PrOSt Sigrid Sigmundstad Telefon kontor: 40439245. Mobil: 90871457. Kontor: Hjelmeland kyrkjekontor Epost: prost@hjelmeland.kyrkja.no Hjelmeland KYRKJEKONTOR Hjelmeland, Fister og Årdal sokn Kyrkjeverje: Kontor: Kontortider: Olav Frantzen Bankbygg 2, 2. etasje Tysdag-fredag 09.00 – 14.00 Telefon: e-post: Nettside: 404 39 240 kyrkjeverje@hjelmeland.kyrkja.no www.hjelmeland.kyrkja.no Sokneprest: Sigrunn Hagen Arnesen Kantor: Anne-Berit Rinde Bjelland Barne-og ungdomsprest: Ingebjørg Vik Laugaland Gravplassarbeidarar: Ola Mjølhus og Sven Valheim Kyrkjetenar Hjelmeland: Ola Dale Kyrkjetenar Årdal: John Leikvar Nessa Kyrkjetenar Fister: Åsmund Thomsen Kyrkjetenar Jøsenfjorden: Bente Tednes Gjil Soknerådsleiar Hjelmeland: Trygve Brandal Soknerådsleiar Fister: Anne Berit Verpe Soknerådsleiar Årdal: Janfrid Frantzen Strand KYRKJEKONTOR Strand og Jørpeland sokn Kyrkjeverje: Trond Hjorteland Kontortider: Måndag - fredag 09.30-14.00 Telefon: 51 74 11 30 e-post: kyrkja@strand.kommune.no Nettside:www.strand.kyrkja.no Strand kyrkjelyd Sokneprest: Adm.leiar: Organist: Kateket: Menighetspedagog: Ungdomsarbeidar: Kyrkjetenarar: Soknerådsleiar: Martin Ivar Arnesen Liv Åse Gaard Geir Arve Helvig Bodil Sande Turøy Anita Grødem Richard Andrè Helvig og Åsa Lindeflaten-Fiskå Jan Guttorm Sædberg og Wenche Krogevoll Harald Nesvåg Jørpeland kyrkjelyd Sokneprest: Menighetsforvaltar: Organist: Kateket: Ungdomsarbeider: Trusopplærarar: Kyrkjetenarar Soknerådsleiar: Bård Boye Gro Wersland Nag Ragnvald Kristian Sørensen Mia Christina Raustein Natalie Bjørkeland Elin F. Skårland Mette E. Boye Jan Guttorm Sædberg og Wenche Krogevoll Jon Vogt Engeland For å få kontakt med prest mellom kl.17.00-08.00: FORSAND KYRKJEKONTOR Beredskapstelefon 948 32 880 Forsand sokn Kyrkjeverje: Kontortider: Telefon: Telefaks: e-post: Nettside: Siv Fossan Månd. - fred. 09.00-14.00 51 70 01 70 51 70 00 06 kyrkjekontoret@forsand.kommune.no www.forsand.kyrkja.no Forsand kyrkjelyd Sokneprest: Kyrkjelydsarbeider: Organist: Ungdomsarbeider: Kyrkjetenar: Soknerådsleiar: Ole Wollert Meyer, mob. 415 61 737 Irene Idland Thu Hege Tungland Langbakk Natalie Bjørkeland Bodil Rettedal Ragnhild Rettedal Kyrkjeskyss: Ring Per Hagen tlf. 99513384 26 Preiketekstar Søndag 22. feb – 1.s.i fastetida: Matt 16,21–23 Søndag 1. mars – 2.s.i fastetida: Luk 7,36–50 Søndag 8. mars – 3.s.i fastetida: Mark 9,17–29 Søndag 15. mars – 4.s.i fastetida: Joh 3,11–16 Søndag 22. mars – Maria bodsk.d: Luk 1,46–55 Søndag 29. mars – Palmesøndag: Matt 26,6–13 Torsdag 1. apr – Skjærtorsdag: Luk 22,14–23 Fredag 2. apr– Langfredag: Matt 26,30–27,50 Søndag 5. apr – Påskedag: Matt 28,1–10 Måndag 6. apr – 2.påskedag: Luk 24,36–45 Søndag 12. apr – 2.s.i påsketida: Joh 21,15–19 Søndag 19. apr – 3.s.i påsketida: Joh 10,1–10 Søndag 26. apr – 4.s.i påsketida: Joh 13,30–35 Gudstenester i Hjelmeland HJELMELAND KYRKJE ÅRDAL KYRKJE FISTER KYRKJE Søndag 15. febr. kl. 11: Gudsteneste v/S. Sigmundstad. Nattverd. Offer til KRIK Søndag 1. mars kl. 11: Gudsteneste v/ S.H. Arnesen. Nattverd. Offer til kyrkjelydsarbeidet. Søndag 22. febr. kl. 11: Gudsteneste v/ S. H. Arnesen. Nattverd. Offer til kyrkjelydsarbeidet. Onsdag 25. febr. kl. 19: Fastegudsteneste ved I.V. Laugaland og konfirmantar. Onsdag 11. mars kl. 19: Fastegudsteneste ved S. H. Arnesen og konfirmantar. Søndag 8. mars kl. 11: Gudsteneste v/S. H. Arnesen. Nattverd. Offer til Kirkens SOS Rogaland. Skjærtorsdag 2. april kl. 19: Gudsteneste v/ S. H. Arnesen. Nattverd. Offer til Sjømannskyrkja. Onsdag 4. mars kl. 19: Fastegudsteneste ved I.V. Laugaland og konfirmantar. Kyrkjekoret deltek. Søndag 22. mars kl. 11: Familiegudsteneste v/ I. V. Laugaland Offer til Søndagsskuleforbundet Rogaland. Dåpsskulen deltek. Søndag 26. april kl. 11: Gudsteneste v/ I.V. Laugaland. Nattverd. Offer til skulelaget (NKSS/ ÅKUS). Søndag 15. mars kl. 11: Familiegudsteneste v/ I.V. Laugaland. Offer til IKO. Dåpsskulen deltek. Langfredag 3. april kl. 11: Gudsteneste v/ S.H. Arnesen. Offer til Kirkens SOS. Søndag 12. april kl. 11: Gudsteneste v/ S. H. Arnesen. Nattverd. Offer til Strømmestiftelsen. Påskedag 5. april kl. 11: Høgtidsgudsteneste v/ S.H. Arnesen Natterd. Offer til misjonsprosjektet. Søndag 19. april kl. 11 Gudsteneste v/S. Sigmundstad. Nattverd. Offer til skulelaget (NKSS). JØSENFJORDEN BEDEHUSKAPELL Palmesøndag 29. mars kl. 11: Gudsteneste v/ I.V. Laugaland Offer til misjonsprosjektet i Nepal. Dåpsskulen deltek. Med atterhald om endringar Sjå også våre heimesider: www.hjelmeland.kyrkja.no Full distribusjon Returadresse: Preikestolen Pb. 188 4126 Jørpeland Gudstenester i Strand og Forsand STRAND KYRKJE JØRPELAND KYRKJE FORSAND KYRKJE Søndag 22. febr. kl. 11: Gudsteneste v/Arnesen. Dåp, nattverd. Søndag 15. febr. kl. 11: Gudsteneste v/Boye. Dåp. Søndag 1.mars kl. 11: Familiegudsteneste v/Meyer. Offer til søndagsskoleforbundet. Søndag 1. mars kl. 11: Gudsteneste v/Arnesen. Dåp. Søndagsskule. Årsmøte. Søndag 1. mars kl. 11: Gudsteneste v/Boye Dåp. Søndagsskule. Årsmøte. Søndag 8. mars kl. 11: Misjonsgudsteneste v/Arnesen. Nattverd. Søndag 8. mars kl. 11: Gudsteneste v/Boye. Dåp. Søndagsskule. Speidarar deltek. Søndag 15. mars kl. 11: Gudsteneste v/Arnesen. Dåp. Klubben deltek. Søndag 15. mars kl. 11: Gudsteneste v/Sigmundstad. Nattverd. Søndagsskule. Søndag 22. mars kl. 11: Gudsteneste v/ Arnesen. Dåp. Søndagsskule. Søndag 22. mars Klippen kl. 11: Fellesgudsteneste. Tale v/Boye. Søndagsskule. Skjærtorsdag 2. april kl. 11 : Gudsteneste v/Arnesen. Nattverd. Søndag 29. mars kl. 11: Gudsteneste v/ Boye. Dåp. Søndagsskule. Langfredag 3. april kl. 19.30: Kveldsgudsteneste v/Arnesen. Skjærtorsdag 2. april kl. 20 : Gudsteneste v/Arnesen. Nattverd. Påskedag 5. april kl. 11: Gudsteneste v/Arnesen. Dåp. Søndag 12. april kl. 11: Gudsteneste v/Arnesen. Dåp. Søndagsskule. Søndag 19. april kl. 11: Gudsteneste v/Sigmundstad og Turøy. Dåpsskulen deltek. Søndag 26. april kl. 11: Familiegudsteneste v/Arnesen. Dåp. Barnekoret Tryfena deltek. Langfredag 3. april kl. 20: Kveldsgudsteneste v/Meyer. Påskedag 5. april kl. 11: Gudsteneste v/Boye. Dåp, nattverd. Søndag 12. april kl. 11: Gudsteneste v/Boye Nattverd. Søndagsskule. Søndag 19. april kl. 11: Familiegudsteneste v/Boye. 4-årsbok. Jørpeland barnekor deltek. Med atterhald om endringar Sjå også våre heimesider: www.strand-kirke.no, jørpeland-menighet.no og www.forsand.kyrkja.no Søndag 8. mars kl. 11: Gudsteneste v/Sigmundstad. Søndagskule/søndagsgjengen. Nattverd. Offer til misjonsprosjekta i Bangladesh og Etiopia. Søndag 22. mars kl. 11: Familiegudsteneste v/Meyer. Dåpsskulen deltek. Nattverd. Offer til Menneskeverd. Skjærtorsdag 2. april kl. 19.30: Kveldsgudsteneste v/Meyer. Nattverd. Offer til misjonsprosjekta i Bangladesh og Etiopia. Langfredag 3. april kl. 11: Gudsteneste v/Meyer. Påskedag 5. april kl. 11: Gudsteneste v/Meyer. Offer til misjonsprosjekta i Bangladesh og Etiopia. Søndag 19. april kl. 11: Gudsteneste v/Meyer. Søndagskule/søndagsgjengen. Nattverd. Offer til kyrkjetilbygget. Søndag 26. april kl. 18.30: Deltakingsgudsteneste v/Meyer og konfirmantane. Offer til NKSS – Laget. Konfirmantfest på bedehuset etterpå.
© Copyright 2024