Dei vidaregåande skolane Lærarorganisasjonane Opplæringskontora LO NHO - Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 46304/2015/A40 Melvin Tornes, 71 25 80 56 26.06.2015 Skolebruksplana 2016-2019, høyringsframlegg ./. Vedlagt følgjer høyringsframlegg til skolebruksplan for perioden 2016-2019. Frist for høyringsfråsegn er sett til 04.09.2015 Grunnlag Høyringa er basert på data frå inntak til skoleåret 2014/2015 og prøveinntak kjørt 29.05.2015. Det er eit mål at kapasitet i skolebruksplana vert sett slik at krava vedtatt i sak Ud-5/14 vert stetta. Høyringsforslaget er utarbeidd i tråd med dette. Sak Ud-5/14 omhandla nye tilbod og ressursar til særskilte tilbod. I saken vart det mellom anna fatta følgjande vedtak: 1. Minimum inntakskapasitet vert sett til 65 % av vedteke klassekapasitet i skolebruksplanen. 2. For småskalatilbod vert minimum kapasitet sett til 4 ungdomsrettsøkjarar. 3. For halvklassar innafor yrkesfag som rekrutterer til lærefag vert minimum kapasitet sett til 6 elevplassar. 4. For TAF-tilboda vert minimum kapasitet ved inntaket sett til 10 elevplassar. 5. Nye tilbod skal i utgangspunktet vere søkbare i tre påfølgjande skoleår. Dersom det ved tredje forsøk ikkje lukkast å etablere tilbodet vert det teken ut av tilbodsstrukturen. Postadresse: Postboks 2500, 6404 Molde ● Besøksadresse: Julsundveien 9 ● Telefon: 71 25 87 80 ● Telefaks: 71 24 50 01 e-post: post@mrfylke.no ● www.mrfylke.no Side 2 Inntakstala for skoleåret 2014/2015 viste at av den samla kapasiteten på 10387 elevplassar var det etter 2. gongs inntak 910 ledige plassar. Den totale elevkapasiteten er målt etter at det var gjort tilpassingar i samband med inntaket. Klassar Elevpl. Ledig Nivå 2014/2015 2014/2015 2014/2015 vg 1 206,5 3907 201 vg 2 198,75 3730 330 vg 3 98,5 2506 325 vg 4 9,25 244 54 Totalsum 513 10387 910 Tabell 1- ledige elevplassar skoleåret 2014/2015 Tabell 2 nedanfor viser oppfyllinga på vg1. Elevpl. 2014/2015 Ledig 2014/2015 %-del ledige plassar 184 6 3% 6 0 0% Design og håndverk 149 23 15 % Elektrofag 331 0 0% 7 0 0% Helse- og oppvekstfag 428 31 7% Idrettsfag 234 20 9% Medier og kommunikasjon 177 9 5% Mus/dans/drama - dans 18 6 33 % Mus/dans/drama - drama 14 0 0% Mus/dans/drama - musikk 104 17 16 % Naturbruk 84 9 11 % Restaurant- og matfag 127 8 6% Service og samferdsel 134 7 5% Service og samferdsel -entreprenørskap 15 1 7% Studiespes - entr/bedr.utv 27 0 0% Studiespes - internasj 92 10 11 % Studiespes - toppidrett 27 0 0% Studiespes, formgivingsfag 45 7 16 % Studiespes, forskerlinje 28 0 0% Studieprogram Bygg og anleggsteknikk Bygg/anlegg, YSK 4 år Elektrofag, YSK 4 år Side 3 Elevpl. 2014/2015 Ledig 2014/2015 %-del ledige plassar 1113 37 3% Tekn/ind prod, YSK 4 år 36 0 0% Teknikk og ind. produksjon 527 10 2% Totalsum Tabell 2 ledige elevplassar 3907 201 5% Studieprogram Studiespesialisering Tabellen syner at det var særleg svak oppfylling på tilboda Design og håndverk, Dans, Musikk og Studiespesialisering med formgivingsfag. Det er eit mål at kapasitetane i skolebruksplana vert sett slik at krava som vedtaka i Sak Ud-5/14 vert stetta. Etter andre gongs inntak hausten 2014 var det fleire tilbod som ikkje stetta desse krava. Tabell 3 viser tilbod som ikkje stettar kravet om at 65 % av vedteke kapasitet skal vere nytta. Skolenavn Atlanten vgs Atlanten vgs Atlanten vgs Borgund vgs Fræna vgs Fræna vgs Fræna vgs Herøy vgs Kristiansund vgs Romsdal vgs Spjelkavik vgs Stranda vgs Stranda vgs Surnadal vgs Sykkylven vgs Sykkylven vgs Ulstein vgs Tabell 3 Nivå 1 2 3 3 2 2 2 1 4 2 3 2 3 3 1 1 3 Kursnavn Klasser Plasser Mus/dans/drama,musikk 1 23 Musikk 1 27 Musikk 1 27 Apotekteknikk 1 14 Barne- og ungdomsarbeiderfag 1 15 Byggteknikk 1 14 Kokk- og servitørfag 1 15 Restaurant- og matfag 1 14 Påb.gsk e yrkeskompetanse 1 27 Salg, service og sikkerhet 1 15 International baccalaureate 1 27 Idrettsfag 1 30 Idrettsfag 1 30 Automatiseringsfaget 1 14 Design og håndverk 1 12 Helse- og oppvekstfag 1 15 Idrettsfag 2 54 Sum 373 Tatt Nytta inn Ledig kapasitet 9 14 39 % 11 16 41 % 12 15 44 % 8 6 57 % 9 6 60 % 9 5 64 % 9 6 60 % 9 5 64 % 12 15 44 % 9 6 60 % 6 21 22 % 15 15 50 % 17 13 57 % 9 5 64 % 6 6 50 % 7 8 47 % 33 21 61 % 190 183 51 % Side 4 Når det gjeld halvklassar innafor yrkesfag som rekrutterer til lærefag er minimum kapasitet sett til 6 elevplassar. Tabell 4 nedanfor syner tilbod som ikkje stetta dette kravet. Skolenavn Fræna vgs Gjermundnes vgs Gjermundnes vgs Haram vgs Rauma vgs Rauma vgs Nivå 2 2 3 2 2 2 Kurs Klassar Plassar Helsearbeiderfag 0.5 7 Anleggsgartner- og idrettsanl. 0.25 7 Landbruk 0.25 9 Helsearbeiderfag 0.5 6 Barne- og ungdomsarbeiderfag 0.5 7 Helsearbeiderfag 0.5 7 Tatt inn 4 4 3 2 3 4 Nytta Ledig kapasitet 3 57 % 3 57 % 6 33 % 4 33 % 4 43 % 3 57 % Tabell 4 Når det gjeld kravet om at småskalatilbod skal ha ein kapasitet på minimum 4 søkjarar med ungdomsrett var det to tilbod som ikkje stetta dette kravet, Design og trearbeid og Interiør og utstillingsdesign ved Kristiansund vgs. I sak Ud-13/15 vedtok Utdanningsutvalet at desse tilboda ikkje vert sett i gang skoleåret 2015/2016: Atlanten vgs: Vg1 musikk, dans og drama med fordjuping dans Herøy vgs, avd. Vanylven: Vg1 studiespesialisering Vg2 helsearbeidarfag (småskala) Vg2 industriteknologi (småskala) Kristiansund vgs: Vg1 studiespesialisering med formgjeving Vg2 klima, energi og miljøteknikk Vg2 design og trearbeid Romsdal vgs: Vg1 service og samferdsel med innovasjon og leiing Stranda vgs: Vg1 helse og oppvekstfag YSK Vg1 restaurant og matfag YSK Vg1 teknikk og industriell produksjon YSK Vg2 barne og ungdomsarbeidarfag (småskala) Vg2 helsearbeidarfag (småskala) Sunndal vgs: Vg2 kjemiprosess Surnadal vgs: Vg2 transport og logistikk Vg2 byggteknikk Sykkylven vgs: Vg1 design og handverk Vg2 interiør og utstillingsdesign Tingvoll vgs: Vg1 medier og kommunikasjon Vg1 bygg og anleggsteknikk (småskala) Vg1 elektrofag (småskala) Vg3 påbygging til generell studiekompetanse Ulstein vgs: Vg3 påbygging til generell studiekompetanse Ålesund vgs: Vg2 kjemiprosess Side 5 Utfordringar i planperioden Teknisk, allmennfaglig utdanning (TAF), Yrkes- og studiekompetanse (YSK) og Service og allmenne fag (SAF) Å oppretthalde TAF-tilbod er ei utfordring. Dei krev eit stort volum av læreplassar, noko som gir utfordringar i høve «normalløpet» og tilgangen på læreplassar innafor fagområda Bygg (BA), Elektro (EL) og Teknikk og industriell produksjon (TIP). TAF-tilboda er blitt ressurskrevjande fordi ein ikkje maktar å skaffe nok læreplassar innafor eit utdanningsprogram (noko som var føresetnaden då TAF vart etablert). Ein må difor kombinere læreplassar innafor fleire utdanningsprogram, noko som krev fleire delingstimar. TAF er difor blitt eit kostnadskrevjande tilbod med nokre få elevar. I ei tid framover må ein gjere grep for å få tilgang til flest mogleg læreplassar innafor normalløpet (2 åri skole og 2 år læretid). For å få fleire læreplassar innanfor normalordninga vert det lagt opp til å redusere omfanget på TAFordninga. For alle TAF/SAF-tilboda som krev førehandsavtale om læreplass krev fylkesutdanningssjefen frå 2016 at avtaler er på plass og dokumentert før 1.mars. Halve klassar og marginale tilbod Å oppretthalde halve klassar, klassar med svak oppfylling og små grupper er kostnadskrevjande. Med ei framtid som truleg gir fylkeskommunen og sektoren økonomiske utfordringar er det viktig at strukturen er robust og føreseieleg og at ein ikkje har tilbod som ein er usikker på om vil kome i gong. Ein viser her til vedtake i utdanningsutvalet om krav til oppfylling (minimum 65 % av klassekapasiteten). Læreplassar og kapasitet På grunn av nedgangen i oljeindustrien er det i år ei stor utfordring å få tilgang på nok læreplassar innafor TIP- spesielt industrimekanikar, maritime fag og elektrofag. Fleire av dei store bedriftene har permittert mange av sine tilsette og har gitt beskjed om at dei ikkje kan ta inn lærlingar i år. Dette vil mest truleg òg gjelde for neste år. Sjølv om det er stor søking innafor desse faga er det ikkje forsvarleg å auke talet på klassar neste år. Kapasiteten må ned slik at den vert tilpassa næringslivet sitt reelle behov og tilgangen på læreplassar. Fylkesutdanningssjefen vil vurdere å sette i gang «Vg3 fagopplæring i skole» etter fleire ulike modellar. Det blir da ein føresetnad at næringslivet har praksisplassar tilgjengeleg (med eventuell rotasjonsordning mellom bedrifter). Dette krev at skolane må ha eit aktivt tilhøve til sitt nettverk av bedrifter og opplæringskontor. Utfordringa er i hovudsak knytt til lærefag innafor TIP. Det har dei to siste åra vore stor mangel på læreplassar innanfor faget Brønnteknikk. Fylkesutdanningssjefen meiner difor at det no ikkje er forsvarleg å ta inn fleire elevar på dette tilbodet før ein ser at læreplass-situasjonen betrar seg. Vi foreslår difor at tilbodet ikkje vert lyst ut for skoleåret 2016/2017. Side 6 Nye tilbod Nye tilbod skal kvalitetssikrast av fylkesutdanningssjefen slik at dei er i samsvar med godkjende læreplaner og gjeldande dokumentasjonsordningar. Difor må forslag om nye tilbod ligge føre i god tid før skolebruksplanprosessen tek til. Skolane som kjem med slike søknader må legge ved ein detaljert plan for fag og timefordeling før saka skal politisk behandlast. Nye tilbod skal i utgangspunktet vere søkbare i tre påfølgjande skoleår. Dersom det ved tredje forsøk ikkje lukkast å etablere tilbodet vert det teken ut av tilbodsstrukturen. Småskalatilbod Føresetnaden for småskalatilbod er eit nært samarbeid med lokalt næringsliv slik at ein mellom anna sikrar ei god opplæring i faget Prosjekt til fordjuping. Dersom ein ikkje forankrar småskalatilboda i lokale verksemder er det ikkje grunnlag for å sette i gang småskalatilbod. Fylkesutdanningssjefen vil som grunnlag for å oppretthalde småskalatilboda krevje at skolane har avtaler med lokale verksemder om gjennomføring av opplæringa. Det er viktig at ein saman har ein gjennomføringsplan for å sikre kvaliteten og ivareta læreplanmål i opplæringa. Spesielt er det viktig at ein nyttar heile Prosjekt til fordjuping i opplæring i bedrift. Underskrivne avtaler skal være på plass før 1. mars. Læreplassar og yrkesfaglege tilbod Det er ei utfordring at det er for få elevar frå Vg2-yrkesfaglege kurs som teiknar lærekontrakt. Skal ein oppretthalde omfanget på yrkesfaglege elevplassar i framlegget til skolebruksplanen, føreset det at skolane har ein aktiv rolle i formidling av elevar til læreplass i bedrift. Side 7 Årgangstal i perioden I perioden 2015- 2019 varierer talet på 16-åringar, jf. Tabell 5. Tabell 5 – årgangstal GSI-tala er henta frå “Grunnskolens Informasjons System” der kommunane og private skolar er pålagde å legge inn faktisk elevtal på trinna 1-10. For planperioden legg ein til grunn dei elevane frå 6.trinn til 10.trinn som faktisk er registrert i grunnskolane i fylket. Tala viser at elevtalet i fylket samla sett vil gå noko ned i planperioden Side 8 Byane Tabell 6 Ut frå inntaksområda til dei tre byane Kristiansund, Molde og Ålesund er det ikkje noko som tilseier at det er behov for å auke elevplasskapasiteten i perioden, jfr, tabell 6. Tala syner ein i løpet av dei neste tre åra kan vente ein nedgang på om lag 70 færre søkjarar til vg1i Kristiansund, om lag 60 færre i Molde og om lag 100 færre i Ålesund. I desse tala er det medrekna venta tilgang frå andre inntaksområde. Det er difor lite som tyder på at det er naudsynt å auke kapasiteten i byane. Truleg bør kapasiteten takast ned på nokre tilbod. Nordmøre Kristiansund vgs SAF-tilbodet er til no berre lagt inn som kapasitet for vg1 i skolebruksplana. Det er no stadfesta at ein har nok læreplassar til å starte tilbodet. TAF-tilbodet vert sett i gang hausten 2015 trass i at ein har knapt med læreplassar. Dette får føringar for vg2 i 2016/2017, vg 3 i 2017/2018 og vg4 i 2018/2019. Elles har vi i framlegget avgrensa TAF til Kjemiprosess. Side 9 Hausten 2015 blir det 2 klassar på vg1 Bygg og anleggsteknikk. Hausten 2014 var det 1 klasse. Ein må vente at denne auken vil styrke søkinga til vg2 tilboda hausten 2016. Det er difor i framlegget lagt inn ein klasse Klima/energi/miljøteknikk frå 2016. Hausten 2015 blir det 2 klassar Design og håndverk på vg1. Også hausten 2014 vart det starta 2 klasser. Dette gav berre tilstrekkeleg søkjartal til ein klasse på vg 2 hausten 2015. Ein kan difor vente at søkinga til vg2 hausten 2016 vil bli som søkinga for hausten 2015. I framlegget er det difor berre lagt inn ein klasse på vg2 frå 2016. Sunndal vgs, Surnadal vgs og Tingvoll vgs Tabell 7 Årgangstala viser at Tingvoll vgs også i åra som kjem vil slite med å få nok søkjarar til alle tilboda dei har hatt. Også Sunndal og Surnadal vil få færre søkjarar i åra som kjem. Prøveinntaket viser at Tingvoll berre vil ta inn 26 primæsøkjarar på vg1 for skoleåret 2015/2016. Med eit så lavt elevtal vil det vere svært vanskeleg å oppretthalde eit forsvarleg skoletilbod over tid. Det blir ei utfordring for skolane å oppretthalde det breie fagtilbodet dei har no. Utfordringa blir difor å sjå på korleis ein skal oppretthalde tilbod som kan gi eit robust og reelt søkjargrunnlag innafor akseptable ressursrammer. Side 10 Romsdal Tabell 8 Årgangstala viser at Fræna vgs i åra som kjem vil få ein auke i elevtalet medan elevtalet ved Rauma vgs vil halde seg stabilt. For skolane Molde vgs og Romsdal vgs viser vi til årgangstala for byane. Romsdal vgs Tilbodet Innovasjon og leiing er eit løp som gir studiekompetanse, ein har difor sett kapasiteten til 27 elevplassar. TAF-tilbodet er teke ut av strukturen og erstatta med «Teknologifag». Kapasiteten innafor Elektro og TIP er difor justert. Fræna vgs TAF-tilbodet er teke ut av strukturen. Side 11 Nordre Sunnmøre Tabell 9 Årgangstala viser at Haram vgs dei komande åra vil få ein liten nedgang i elevtalet. For Stranda vgs ser vi at ein i løpet av planperioden vil få ein stor nedgang i elevtalet. Også Sykkylven vgs vil få nedgang i elevtalet. For skolane Borgund vgs, Fagerlia vgs, Spjelkavik vgs og Ålesund vgs viser vi til årgangstala for byane. Det er gjort få endringar i tilbodsstrukturen i Ålesund i dette framlegget. Borgund vgs Vg3 Apotekteknikk er teke ut av strukturen. Ålesund vgs Kapasiteten innafor Medier og kommunikasjon er justert ned etter søkjarutviklinga, Vg2 Maritime fag er justert grunna tilgang på læreplassar. Side 12 Søre Sunnmøre Tabell 10 For indre søre Sunnmøre (Ørsta vgs og Volda vgs) ser vi elevtalet vil halde seg stabilt i planperioden. For ytre søre Sunnmøre (Ulstein vgs og Herøy vgs) ventar vi ein nedgang i elevtalet. For Vanylven ventar vi ein oppgang i elevtalet for skuleåret 2015/2016. Utover i planperioden vil elevtalet gå kraftig ned. Med helsing Sverre Hollen fylkesutdanningssjef Melvin Tornes leiar av økonomistab
© Copyright 2024