VILT SEMINAR ARRANGØRAR SOGN OG FJORDANE BONDELAG VESTSKOG SA NORGES JEGER– OG FISKERFORBUND SOGN OG FJORDANE 30.-31. JANUAR 2016 THON HOTEL JØLSTER PRISAR Vi har igjen gleda av å ynskje jegerar, grunneigarar, offentleg forvaltning, lokale jakt og fiskelag og andre interesserte til viltseminar! - Til fagleg påfyll og godt sosialt samvær. DAGPAKKE LAURDAG KR 355 DAGPAKKE SØNDAG KR 355 INKLUDERER LUNSJ Denne gong har vi lagt seminaret til etter jul og hjortejakta. Temaet er mykje smårovvilt og spesielt rev. Her har vi bl.a. fått inn ein svært erfaren jeger frå Koppang, Kim Storstein Jønsson og primus motor for smårovviltprosjektet i Stjørdal, Ivar Rimul. Vi får også eit innblikk i korleis vi skal ta vare på skinnet frå smårovviltet. Vi kjem innom lisensjakt for store rovdyr, inkludert forslag til avtale lisensjeger - grunneigar. OVERNATTING ENKELTROM INKL. 2 STK. LUNSJ, MIDDAG, FRUKOST KR. 1.610 Forvaltning av hjortebestandane med nye bestandsplanområder skal vi ta ein kikk på og psykolog Per Steinar Melås vil ta oss med på eit artig skråblikk på jakta. Vi vonar å ha fått til eit interessant program og oppfordrar til å ta med den yngre jegergarden, smårovvilt er noko som er spanande og grei tilgong til. MIDDAG ikkje-buande KR 315 OVERNATTING DOBBELTROM INKL 2 STK LUNSJ, MIDDAG, FRUKOST KR. 1.345 PÅMELDING INNAN 11. JANUAR TIL SOGN.FJORDANE@BONDELAGET.NO STØTTA AV FYLKESMANNEN I SOGN OG FJ. SOGN OG FJ. FYLKESKOMMUNE VEL MØTT! PROGRAM VILTSEMINAR 2016 Laurdag 30. januar. Ordstyrar: Finn Olav Myhren 12.00 - 13.00 Lunsj 13.00 - 13.15 Velkomen. Ved Geir Haukaas 13.15 – 14:25 Smårovviltprosjektet i Stjørdal kommune – korleis auke interessa for smårovviltjakt og eventuelle effektar etter 4,5 år med intensiv smårovviltjakt i kommunen. Koleis involvere og skape interesse blant ungdom? Ved Ivar Rimul 14.25 - 14.45 Kaffipause 14.45 - 15.50 Revejakt i praksis. Ulike jaktmetodar, med og utan hund. Fornuftig organisering. Ved Kim Storstein Jønsson 15.50 – 16.10 Kaffipause 16.10 – 16.40 Reven, ein pest og ei plage, eller attraktivt jaktobjekt? Tiltak i beitesesongen og utenom beitesesong, kva moglegheiter Ved Finn Olav Myhren 16.40 – 17.00 Trofé og trofébehandling av smårovvilt. Ved Vidar Djupvik 17.00 - 17.30 Kaffipause 17.30 – 18.00 Paneldebatt. Spørsmål og kommentarar til forelesarane 18.00 – 18.45 Skråblikk på jakta. Ved Per Steinar Melås 20.00 Middag Søndag 31. januar. Ordstyrar: Merete Støfring 09.00 – 09.45 Lisensjakt. Problemstillingar, avtale/ løyve med grunneigar etc Avtale / løyve med grunneigar for smårovvilt og kråkefuglar Ved Vestskog SA 09.45 - 10.00 Kaffipause 10.00 – 10.45 Rovviltkontaktene – kva gjer dei? Dokumentasjon, klassifisering, skandobs.no. Spor og sporteikn. Ved Rein Arne Golf 10.45 - 11.00 Kaffipause 11.00 – 12:00 Forvaltning av hjortebestandane. Nye bestandsplanområder. Ved Vestskog SA 12.00 – 12.30 Paneldebatt. Spørsmål og kommentarar til forelesarane 12.30 Lunsj FORELESARAR Ivar Rimul Er utdanna skog/utmarksingeniør frå HINT i 1996. Jobba etter dette som skogsarbeidar og som feltarbeidar for ymse NINA-prosjekt. Etter årsstudium i Natur- og kulturminneoppsyn på HINT vart han tilsett som Fjelloppsynsmann for Fjellstyrene i Stjørdal i 2002. Han starta i 2011 jaktprosjektet ”jaktistjørdal” saman med kommunen og SJFF. Prosjektet ønska å sjå om det var mulig å auke interessa for småpredatorjakt i kommunen og måle eventuelle effektar av dette. Spørsmålet som vart stilt var- ” Er det mulig å redusere smårovvilt-bestandene uten bruk av skuddpremie og vil dette gi seg utslag i økte småviltbestander”. Ivar vil dele sine erfaringar etter over 4 år med intensiv smårovviltjakt i Stjørdal. Kim Storstein Jønsson Har en bachelorgrad i utmarksforvaltning, med et årstudium innen jakt, jaktledelse og jaktguiding. Er ansatt som utmarksforvalter på en større eiendom i Østerdalen hvor han har som hovedoppgave å holde småpredatorene nede for å oppnå en høyre småviltbestand. Han har oppnådd store rypetakseringsresultater som følge av et stort uttak av smårovvilt ved jakt og fangst. Lever og ånder for jakt, spesielt rovviltjakt med hund. Finn Olav Myhren Finn-Olav er uttdanna Cand. Mag i Utmarksforvaltning og skogbruk frå Evenstad, og har jobba med utmarksforvaltning på grunneigarsida i Sogn og Fjordane sidan 2002. Han er også tilsett i Statens Naturoppsyn som rovviltkontakt i Sunnfjord. Fritida går med til jakt, hund og fiske. Vidar Djupvik Antageleg mest kjend som berre Utstopparen. Monterte sitt første dyr som 16 åring og har sidan 2003 dreve Vestnorsk Trofé-Montasje på heiltid. Opprinneleg Hordalending, men er no Jølstring på 6. året. På facebook "vesttrofe" kan du sjå noko av det utstopparen fyller dagane sine med. FORELESARAR Per Steinar Melås Per Steinar Melås er fagleg ansvarleg i Melås AS. Eit firma han sjølv har stifta og eig. Han driv og personalrettleiing for bedrifter, kurs og seminarverksemd og klinisk utgreiings- og behandlings-arbeid. Han er ein ivrig jeger med mange jaktturar utanlands. Per Steinar er utdanna psykolog, har vore leiar for PPT Indre Sogn, høgskulelektor og har sidan 1991 dreve privat praksis. www.melas.no Rein-Arne Golf Rein Arne Golf er naturoppsyn i Statens Naturoppsyn, Aurland. Han høyrer til rovviltseksjonen og er regionalt rovviltansvarleg i Sogn og Fjordane og Hordaland. Rovviltseksjonen i SNO har ansvar for arbeid med å førebygge og hindre miljøkriminalitet retta mot store rovdyr, hjelpe dyre-eigarar med dokumentasjon av rovviltskadar på husdyr og tamrein, overvake rovviltbestandane og gjennomføre tiltak etter vedtak gitt av sentral viltmyndigheit ARRANGØRANE NJFF Sogn og Fjordane www.njff.no/sognogfjordane/fylke Vestskog SA www.vestskog.no Sogn og Fjordane Bondelag www.bondelaget.no/sognogfjordane
© Copyright 2024