STUDENTARBEID

STUDENTARBEID
Front-end webklient for Enoro AS
Prosjektbeskriving
Kim René Merkesvik
Anders Aalen
Andrii Petrychak
Lenkje til nettstad:
http://studprosjekt.hisf.no/~15enoro
Avdeling for Ingeniør og Naturfag
HO2-300 Hovudprosjekt Vår 2015
forprosjekt 1 Bakgrunn Oppdragsgjevaren til prosjektet er Enoro AS som er leiande innan
programvareløysingar for kundeinformasjon i Norge, Norden og Europa. Enoro AS
har som ønskje at det blir utarbeida ein front-end web-klient for kraftbransjen, med
føremål å tilby kundane av kraftbransjen eit meir effektivt energiforbruk.
1.1 Utgreiing av problemstilling Oppdragsgjevar Enoro AS har ønskje om at det blir utarbeidd ein front-end for
kraftbransjen. Føremålet med front-enden klienten er at kundar av kraftbransjen skal
kunne nytte denne for å få presentert straumforbruket sitt, samtidig som dei får vita
den kommande prognose for utetemperaturen. Strømforbruket skal presenterast for
minimum to forskjellige målepunkt frå databasen til Enoro AS. Det skal hentast
temperaturprognose for målepunkta frå Yr.no og presentere desse saman med
strømforbruket. Det bør vere mogeleg for brukaren å velje målepunkt ved å skrive
unik ID for målepunktet, eller adressa for punktet. Inngangsparameter for yr sin API
skal være GPS koordinatar.
1.2 Avgrensing Frå Enoro AS sin database skal vi hente informasjon om straumprisar og forbruk. Frå
Yr.no sine nettstadar skal vi henta informasjon om vêret no og vêrprognosane fram i
tid.
2 Mål 2.1 Hovudmål Hovudmålet med prosjektet er å utvikla ein front-end som skal visuelt presentere
strømforbruk og temperatur for kundane til kraftbransjen.
2.2 Delmål Vi vil undersøke kva rammeverk eller teknologiar bør leggast til grunn for framtidas
front-end løysningar for Enoro AS sine kundar, og korleis den kan nyttast for å auke
brukarvenlegheita for brukarane.
Vi vil utvikle og teste ein prototype.
Vi vil lære å bruke MS Project som ein del av prosjektstyringa.
2
forprosjekt 3 Rammebetingelsar Enoro AS gav oss mogelegheita til å velje fritt kva slags teknologiar som skal nyttast i
dette prosjektet så lenge vi brukar data frå deira database.
3.1 Tidsrammer Prosjektet har ei samla tidsramme på 1500 timar, 500 timar per student.
3.2 Milepæler ! Prosjektstart Måndag
05.01.2015
! Prosjektbeskrivelse Fredag
16.01.2015
! Forprosjektrapport Søndag
01.03.2015
! Midtvegspresentasjon Onsdag
08.04.2015
! Innlevering av sluttrapport Fredag
22.05.2015
! Presentasjon m/plakat Onsdag
27.05.2015
! Nettsida ferdigstillast Fredag
05.06.2015
3.3 Kostnader Køyring til Enoro AS. Teknologein vi skal nytte er gratis og open for alle.
3
forprosjekt 4 Organisering 4.1 Organisering Organiseringa av prosjektet består av tre nivå. Vi har oppdragsgjevar på toppen,
under har vi styringsgruppa og prosjektgruppa.
Oppdragsgivar Enoro AS Styringsgruppe Joar Sande | Prosjektansvarleg HISF Tormod Iversen | Kontaktperson Enoro Sven Andre Naustdal | Kontaktperson Enoro Prosjektgruppe Kim René Merkesvik | Prosjektleiar Anders Aalen Andrii Petrychak Figur 1 Organisasjonskart Prosjektgruppa:
•
•
•
Kim René Merkesvik,
Anders Aalen,
Andrii Petrychak,
Rettleiar:
• Joar Sande
kimrm@stud.hisf.no
andersaa@stud.hisf.no
andriip@stud.hisf.no
,
joar.sande@hisf.no
5 Framdriftsplan Sjå GANTT-skjema, vedlegg.
4
forprosjekt 6 Risikoanalyse 6.1 Risikoanalyse Risikoanalyse har som mål å gje eit risikobilete ved å kartlegge og beskrive risikoen
til prosjektet.
Risikofaktor = Sannsyn * konsekvens.
Første steg i ein risikoanalyse er å kartlegge mogelege initierande hendingar.
Deretter vil vi vurdere sannsynet for at desse hendingane inntreff og konsekvensen
dersom dei inntreff.
Gruppa vil sette i verk mindre tiltak for å minske risikofaktoren. Dette skal minka
sannsynet for at dei initierande hendingane inntreff, samt minka at hendingane
resulterer i større konsekvensar for prosjektet.
Risiko
Sannsyn
Konsekvens
Risikofaktor
Fråvær grunna sjukdom
3
3
9
Feilberekning av tid
3
3
9
Kommunikasjonssvikt i gruppe
1
4
4
Kommunikasjonssvikt med
1
4
4
Konflikt i gruppa
1
4
4
Konflikt med oppdragsgjevar
1
4
4
Konflikt med andre fag
2
2
4
Overarbeid
2
3
6
Ny teknologi
3
3
9
Kompatibilitetsproblem
2
6
12
API kommunikasjon
1
6
6
Tap av data
1
6
6
Maskinvarefeil
1
6
6
oppdragsgjevar
Tabell 1 Risikoanalyse 6.2 Fråvær grunna sjukdom Sjukdom kan ramme alle i gruppa, men vi ser ikkje at dette skal få store
konsekvensar for prosjektet. Vi har mogelegheiter til å jobbe sjølvstendig med
rapport og programmeringa. Vi er heller ikkje avhengig av anna utstyr enn eigne
datamaskiner. Gruppemedlemane er involvert i alle delane av prosjektet sjølv om
oppgåvene er fordelt ulikt mellom studentane.
5
forprosjekt 6.3 Feilberekning av tid Arbeid med prosjekt er ofte tidskrevjande, og det er vanskeleg å berekne kor lang tid
kvar del av prosjektet tek. Gruppa brukar MS Project som eit styringsverktøy for å
halde gjevne tidsrammer.
6.4 Svikt i kommunikasjon Gruppa jobbar mykje sjølvstendig, så det er viktig med god kommunikasjon. Vi har
planlagt gruppemøter og Skypemøter. Kommunikasjon via e-post, telefon og sosiale
mediar er også nytta. Vi har prøvd symphonical.com for å organisere oppgåvene.
Men vi opplever ikkje at Symphonical gjev ein oversikt slik som det var meint. Gruppa
har sett at det er nødvendig å bruke MS Project, der ein tileigna seg god oversikt
over oppgåvene som skal gjerast og kven som er ansvarlig for at oppgåvene blir
gjort. Ein får også eit bilete over kor langt ein er komen i prosjektet. Til fil-deling nyttar
vi Dropbox.
6.5 Konflikt i gruppa Konflikt mellom gruppemedlemmane kan oppstå. Det kan vere konfliktar om
arbeidsoppgåver og løysingar av sjølve prosjektet. Konfliktar er viktig å løyse så raskt
som mogeleg, slik at det ikkje går over lengre tid. Gode løysingar der alle
gruppemedlemane er einige, er viktig å prøve å få til. Gruppa jobbar mot felles mål.
Gruppa er einige om ein gruppeavtale som vi kan gå tilbake på. Det er viktig å opptre
sakleg og profesjonelt og at private konfliktar blir halden utanfor prosjektet.
6.6 Konflikt med oppdragsgjevar Vi har av oppdragsgjevar fått forme oppgåvene ganske fritt og bedrifta har vore
imøtekomande med kompetanse og rettleiing. Vi trur ikkje det vil bli nokon konflikt
med oppdragsgivar sidan vi har vore med på å utarbeide problemstillingar sjølv. Det
er svært uheldig og lite ønskelig om det skulle oppstå ei konflikt. Det må i så fall
løysast raskt og god dialog vil bidra til å redusere denne risikofaktoren.
6.7 Kommunikasjonssvikt med oppdragsgjevar Ein av gruppemedlemane har i semesteret "styrt praksis" hos oppdragsgjevar. Det
bidrar til ein god kommunikasjon med bedrifta. Gruppa opplever god dialog med
oppdragsgjevar og håpar den gode dialogen vil forsette vidare i prosjektet, også etter
at perioden for styrt praksis er over.
6.8 Konflikt med andre fag Det er mykje sjølvstendig arbeid, og fellesarbeid er planlagt slik at det ikkje kjem i
konflikt med andre fag.
6
forprosjekt 6.9 Overarbeid Gruppemedlemar som føler seg overarbeidd eller dersom nokon føler ei større
belasting i periodar, må andre gruppemedlemer komme inn å hjelpe og avlaste med
oppgåver. Ein god prosjektplan i MS Project skal minske risikoen for at dette skal
føre til større konsekvensar.
6.10 Ny teknologi Gruppemedlemane har ulike bakgrunnar. Nokon kjenner betre til teknologien vi skal
bruke, enn andre i gruppa. For at alle gruppemedlemane skal ha / få kjennskap og
forståelse for prosjektet, har vi brukt tid på å lære web-programmering på
www.codecademy.com. Ein ingeniør må ofte tileigne seg ny kunnskap, og dette blir
gjerne endå vanlegare i framtida.
6.11 Kompatibilitetsproblem I prosjektet har gruppa forskjellige operativsystem på våre eigne maskiner. To av oss
bruker OS X og ein bruker Windows. Dette treng ikkje å føre til nokon
kompatibilitetsproblem mellom program og plattform, men kompatibilitetsproblem er
heller ikkje unaturleg i eit programmeringsprosjekt.
6.12 API kommunikasjon Vi har fått god hjelp av Enoro AS med API kommunikasjon.
6.13 Tap av data Prosjektrapporten blir skrive med løysing frå Microsoft. Vi brukar Word og nettstaden
OneDrive, der medlemar kan utarbeide rapporten i fellesskap. Vi tar backup av
rapporten kvar dag. For å ha system på programmeringa, brukar vi Github for
versjonskontroll og backup. Andre prosjektfiler deler vi i Dropbox som har innebygd
funksjon for backup.
6.14 Maskinvarefeil Det kan bli ganske kostbart å erstatte eiga datamaskin i tilfelle den blir øydelagt, men
vi ser på risikoen for at maskiner blir øydelagt som liten.
7
forprosjekt 7 Dato/signatur Førde dato
KIM RENÉ MERKESVIK
ANDERS AALEN
ANDRII PETRYCHAK
8