2 LAURDAG 09. MAI • TIPS post@sunnmoringen.no Tel. 70 26 11 22 Ansv. redaktør/dagl.leiar Bjørn Arild Hatlem 2015 SUNNMØRINGEN aktuelt Ny leiar ved Peer Gynt-galleriet Styret ved Peer Gynt-galleriet på Hellesylt har tilsett Monica Rødven frå Valldal som dagleg leiar, opplyser Hellesylt.info. Eigedommen med bygg blir seld til Flo Eigedom AS i Stryn, og eit drivarselskap skal leige og drive kunst og servicesenteret ved Peer Gynt-galleriet. Peer Gynt-galleriet opnar for sesongen torsdag 14. mai. Jubel og protest Ferjeavløysing: Regjeringspartia og støttepartia går inn for ei ny ferjeavløysingsordning som gjer at Storfjordsambandet med bru mellom Glomset og Sandvikfluda rykker mykje nærare. – Får 1,2 mrd. til bru Storfjordsambandet til avløysing av ferjestrekninga Aursnes–Magerholm er eit godt stykke nærare realisering. • Bjørn Arild Hatlem bjorn@sunnmoringen.no I går vart det kjent at regjeringa og KrF og Venstre har blitt samde om ei ny ordning for ferjeavløysingsmidlar. Dette vil kome i samband med revidert nasjonalbudsjett 12. mai. – Dette er kjempeviktig for Stranda og Sykkylven, seier Frp sin fylkesformann, Frank Sve. Han har lenge kjempa for at slike midlar også skal kunne brukast der det ikkje er underskot i ferjedrifta. – No blir det ein rein sum per ferje. Aursnes-Magerholm som ikkje har vore i posisjon til å få underskotsdekning frå ferjeavløysing fordi sambandet går i balanse, får 30 millionar kroner i 40 år med to ferje. Dei får plutseleg 1,2 milliard som kan leggast inn i investeringa på Storfjordsambandet. – Då er sambandet langt på veg fullfinansiert. Så det er ei kjempenyheit for Storfjordsambandet. Frå å vere litt i «tåkenes land» og langt opp og fram, har det plutseleg fått eit kvantesprang for å kunne bli realisert, seier Frank Sve. • Les meir på sunnmoringen.no. Kontakt oss: Tlf. 70 26 11 22 Fax 70 26 12 93 post@sunnmoringen.no annonse@sunnmoringen.no abonnement@sunnmoringen.no Postboks 24, 6201 Stranda. Besøksadr. Sjøgata 13, 6200 Stranda Bjørn Arild Hatlem, redaktør/dagleg leiar Tlf. 95 93 25 25. bjorn@sunnmoringen.no Renate Furre Henriksen-Sandvær, journalist Tlf. 95 14 52 84. renate@sunnmoringen.no Anniken Westad, journalist Tlf. 98 43 44 58. anniken@sunnmoringen.no Linn Pilskog, marknadskonsulent Tlf. 93 87 22 36. linn@smp.no Monika Vartdal Giske, marknadskonsulent Tlf. 99 32 61 91. monika@smp.no Utgjevingsdagar: Onsdag og laurdag Utgjevar Sunnmøringen AS. Medlem i Landslaget for Lokalaviser Sunnmøringen arbeider etter dei presseetiske reglane i Ver Varsam-plakaten. Vi ber den som kjenner seg råka av urett avisomtale om å kontakte redaktøren. Det er også råd å klage til Pressens Faglege Utval, Postboks 46 Sentrum, 0101 Oslo. Telefon 22 40 50 40 Møre og Romsdal Frp jublar over forslaget om pengar til kulturlandskapspleie. Men bønder protesterer. • Bjørn Arild Hatlem bjorn@sunnmoringen.no – Skal verkeleg landbruket betale for at turistar skal ha god utsikt? Etter mi meining høyrer ikkje ei slik ordning heime i jordbruksoppgjeret, seier 1. nestleiar i Norges Bondelag, Kristin Ianssen til Nationen. Regjeringa vil bruke 20 millionar kroner av jordbrukspengane til rydding av attgrodd landskap i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Frank Sve, fylkesformann og gruppeleiar i Frp, er kjempeglad for dette tiltaket er foreslått i jordbruksoppgjeret. Han seier til Sunnmøringen at uttalen til Ianssen er horribel. – Viss landbruket meiner dette må ein fjerne alle andre tilskot som landbruket har til skjøtsel av kulturlandskap, beite og så vidare, seier Sve. – Sneversynt Politikaren synest reaksjonen er sneversynt, og meiner det kan bli kjempebra for Stranda og Geiranger å få slike pengar til kulturlandskapspleie. – Dette må vere ei positiv sak. Eg reknar med at Senterpartiet i Stranda støttar dette fullt ut, og at vi kan jobbe i lag med Spordføraren og andre for å få Rydding: I staten sitt tilbod til jordbruksavtale blir det foreslått å innføre ei ordning for utsiktsrydding av attgrodd kulturlandskap og vegkantar. Det kan kome til nytte i Geirangerfjorden verdsarvområde. mest mogleg av dei 20 millionane til Stranda, seier Sve. Inga støtte frå Stranda Sp Kommunestyrerepresentant og partileiar for Stranda Sp, Petter Hjørungdal, er slett ikkje begeistra for tanken om 20 millionar frå pengane til bøndene. – Det er heilt meiningslaust at ein skal bruke middel frå jordbruksavtalen til å klippe ned langs vegar. Det bør heller vere ei sak for Statens vegvesen. Hjørungdal meiner dette er «endå eitt eksempel på korleis dei blåblå tenkjer». – All støtte for å pleie land- skapet er positivt, men det skal ikkje gå av jordbruksmiddel. Pengane frå jordbruksavtalen skal gå til bøndene, ikkje til stell av vegkantar og landskapspleie som andre bør ta seg av. Pengane må kome frå andre plassar, ikkje frå bøndene som berre har fått tilbod om ein tidel av det dei bad om. Hjørungdal meiner forslaget er respektlaust, eller i alle fall viser ei manglande forståing for landbruket si rolle. – Det er mange vegar der turistane skulle fått sett meir når dei var ute og for. Men det er ikkje landbruket som skal betale for det, understrekar han. Fekk Liabygda ferjekai på plass Dersom fylkesrådmannen hadde fått gjennomslag for å utsetje byggestart for Liabygda ferjekai til 2018 måtte sambandet brukt gamleferja i to år til. • Bjørn Arild Hatlem bjorn@sunnmoringen.no Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal gjekk tysdag samrøystes inn for å starte som opphavleg planlagt 1 2016 etter kaia på Stranda blir fullført i løpet av 2015. – Det ville vore krise for sambandet om Liabygda stod igjen og ein måtte fortsette med den gamle ferja som ein har i dag. Ei ferje som fortvilar både brukarane og dei som driv, seier Frank Sve. Frp, Høgre og KrF sine representantar foreslo å legge blant anna Liabygda ferjekai inn att i investeringsprogrammet. Og til slutt samla utvalet seg om eit felles forslag, som også sikrar oppstart av arbeidet med Vardegjølet på Fv 80 i Sunnylven med 9,5 millionar kroner. Plassering av ferjekaia Samferdselsutvalet gjekk i det same møtet inn for å nytte dagens plassering av Liabygda ferjekai – med trafikk over eksisterande kai i anleggsperioden. Dette er rimelegast, men ulempa er at ferja i enkelte periodar, på frå ein til fem dagar, må gå mellom Stranda og Linge ferjekai.
© Copyright 2024