Ungdomstrinn i utvikling – hovudmoment frå sluttrapportane til deltakarane i pulje 1 frå Hordaland Tabellen under viser deltakarane i pulje 1 frå Hordaland. Dei momenta vi har trekt fram er gjort med utgangspunkt i dei rapportane deltakarane har sendt Fylkesmannen. Kommunar Askøy Fjell Øygarden Austrheim Voss Ullensvang Ulvik Eidfjord Austevoll Fusa Tysnes Stord Private skular Skular Erdal og Fauskanger Fjell Øygarden Kaland og Årås Sundve og Voss Hauso og Kinsarvik Brakanes Lægreid Austevoll Fusa Tysnes Nordbygdo, Nysæter og Stord Danielsen Sotra Danielsen Frekhaug Bergen Kristne Grunnskule Møllebakken skole Nordhordland Kristne Grunnskule Val av mål og satsingsområde Deltakarane i pulje 1 har i hovudsak valt klasseleiing og lesing i alle fag som satsingsområde, men nokre har hatt skriving eller rekning som satsingsområde. Fleire gir samstundes uttrykk for at eit meir overordna mål har vore å få etablert «skulebasert kompetanseutvikling» som utgangspunkt for organisasjonsutvikling gjennom tiltak som kollegarettleiing, systematisk refleksjon over praksis på tvers av fag og trinn, skulevandring og Lesson study som metode i aksjonslæring. Skuleeigar si rolle Det var fleire private skular med frå Hordaland i pulje 1, og ein seier dette: «I likhet med de fleste andre privatskoler, har skoleeier ikke vært direkte involvert. (Skolestyret består av mennesker som gjør frivillig arbeid.) Som skoleleder har jeg derfor informert – skriftlig og muntlig – på samtlige styremøter i denne perioden.» I dei minste kommunane våre kan skuleeigar- og skuleleiarrolla bli utført av ein og same person, og det er derfor enklare å vise til skuleeigar si rolle i dei større kommunane. Askøy kommune seier til dømes at skuleeigar gjennom arbeidet med pulje 1 har fått auka fokus på skulebasert kompetanseutvikling som grunnlag for utviklingsarbeid for alle skulane i kommunen. Dette tar skuleeigar med seg i arbeidet med ny temaplan for skole. Stord kommune seier: «Etter kvart såg me at i den fasen kor skulane samarbeidde nært med HSH, var det lite behov for andre ressurspersonar. Samarbeidet gav skulane ei ramme for arbeidet som sikra god framdrift og viktig læring i heile organisasjonen. Nå når denne fasen er over, tar skuleeigar ei tydelegare rolle i forhold til å setja mål og ha klare forventningar til arbeidet ute på skulane, og støtta frå utviklingsvegleiaren har i dette arbeidet stor verdi.» Skulebasert kompetanseutvikling 1. Oppstartsfasen: Det er stor skilnad på deltakarane sine omtalar av oppstartsfasen. Den blir omtalt som kjapp og noko kaotisk med liten tid til forarbeid og forankring i personalet. Det blir peika på som uheldig å måtte velje satsingsområde utan gode analysar i botn. I andre enden av skalaen er det døme på skular som hadde inngått intensjonsavtale med «sin» høgskule på det valde satsingsområdet allereie før pulje 1 starta opp. I rapportane Fylkesmannen har mottatt blir møta med UH-institusjonane opplevd som konstruktive. Høgskulane har hatt ønske om å rettleie skulane der dei sjølve meinte behovet var. Etter tre semester er tilbakemeldinga at samarbeidet med høgskulane har vore svært positivt og nyttig for skulane. Skulane har fått god støtte og møtt dyktige fagpersonar som viktige bidragsytarar både i forhold til arbeid med fag i klassane, klasseleiing og organisasjonslæring. Rapportane viser at høgskulane både har følgt skolane godt opp, og dei har og vore pådrivar i arbeidet. Samarbeidet har i all hovudsak vore ei god oppleving. 2.Teikn på betre praksis Det vert vist til ulike teikn på forbetring. Dette kan til dømes vere at enkle, tydelege mål retta mot klasseleiing har gitt praksisendring. Ein har utvikla felles standardar og lagt tydeleg vekt på relasjonar. Vidare vert det vist til at lærarane har fått ei større forståing av lesing som grunnleggjande dugleik. I rekning har lærarane blitt meir medvitne på å knytte rekning inn i eigne opplegg og samstundes gjere elevane merksame på korleis rekning er til stades i alle fag. Den skulebaserte kompetanseutviklinga har ikkje minst ført til meir systematisk deling og refleksjon over praksis. 3.Korleis tillitsvalde og FAU har vore involvert Dei tillitsvalde har særleg vore sentrale i oppstartsfasen. Dette gjeld både i planprosessen og på dei første samlingane Utdanningsdirektoratet gjennomførte for pulje 1. Seinare i arbeidet varierer tilbakemeldingane meir, frå at den tillitsvalde har vore med i styringsgruppa for prosjektet til at dei har deltatt gjennom dei ordinære medverknadsprosessane på skulane. Dei fleste rapportane viser at FAU ikkje vore involvert direkte i skulane sitt arbeid med satsingsområda, men dei er blitt informert gjennom dei ordinære medverknadsprosessane på skulane og på foreldremøte. Fusa kommune viser til at både foreldra og elevane har vore representerte i plangruppa ved skulen som har gjort naudsynte prioriteringar og vegval i prosjektet. 4.Korleis samarbeidet med ressurspersonar har vore Den generelle tilbakemeldinga er at det er mange aktørar i denne satsinga. Samarbeidet med ressurspersonene i pulje 1 har vore godt, men prega av at alle prøver å finne sin form på samarbeidet. Fleire omtalar samarbeidet med «sin» høgskule som godt, konstruktivt og nyttig. Skulane fekk god støtte og møtte dyktige fagpersonar som var viktige bidragsytarar både i forhold til arbeid med fag i klassane, klasseleiing og organisasjonslæring. Samstundes blir det vist til at det har vore ein ulempe når høgskulen ikkje har hatt kunnskap om metodar i aksjonsforsking som skulen/kommunen meiner står sentralt i ungdomstrinnsatsinga. Ressurslærarane har i all hovudsak vore støttespelarar for leiinga og kome med gode faglege innspel frå samlingane dei har vore på, og. Samstundes har det vore utfordrande å finna ei tenleg rolle for ressurslærarane når skuleleiarane har vore svært engasjerte og teke ei sentral og førande rolle i satsinga. Det vert og vist til vanskar med rekruttering pga. uklar rolle og korte fristar. Samarbeidet med utviklingsrettleiarane etter perioden med rettleiing frå høgskulane blir særleg omtalt. Fleire seier både skulane og skuleeigar har fått eit tett og godt samarbeid med utviklingsrettleiarane som bidrar i forhold til utarbeiding av planar, er ein god refleksjonspartner og gir støtte i forhold til både fag og dei gjennomgåande tema i satsinga. Pedagogisk ressursar Nettressursane er relevante og dei vert brukt av skulane, også på barnetrinnet. Filmane blir til dømes nytta som felles introduksjon til ulike tema både i møte for rektorar, lærarar og på foreldremøte. Nettressursane er til god støtte i forhold til opplæringa til elevane, for refleksjonsøkter for personalet ute på skulane og for samlingar for rektorane. Elles er nettressursane til god hjelp når det er trong for bakgrunnsstoff i forhold til ulike tema i satsinga. I nokre rapportar vert det peika på at skulane skulle ha sett av meir tid til nettressursane. Det er store mengder med ressursar og til tider overveldande og ein skulle ha vore flinkare undervegs «å styre» bruk av nettressursane. Om ein skal ta innover seg alt som er der, er det altfor krevjande for kvar enkelt lærar. Som ein av deltakarane opplever det: «Materialet er alt for omfattande til at ein får nytta seg av det, og ligg som ein konstant stressfaktor på alle nivå i skulen – me skulle alltid ha gjort meir.» Det vert og vist til ei oppleving av at nokre av filmane har vore «glansfilmar» frå særs vellukka opplegg. Kva når det ikkje går som planlagt, eller elevane ikkje har så lyst å gjera det ein seier? Saknar meir konkrete tips inn i vanskelege elevsituasjonar. Lærande nettverk Nettverk mellom skular/kommunar har i liten grad blitt etablert. Det blir vist til store avstandar som den største utfordringa for denne typen nettverk. Eidfjord og Ullensvang har hatt eit samarbeid på planleggingsdagar, men det har ikkje vore etablert som eit lærande nettverk. Stord har hatt eit nettverk i kommunen og vi vil trekkje fram deira vurdering: «Både skulane og skuleeigar vurderer det som positivt at alle ungdomsskulane i kommunen starta samstundes i satsinga. Læringsfellesskapet som dei faste møta har gitt for skuleleiarane og rådgjevar på skuleeigarnivå har fungert som ein avgjerande støttestruktur for det arbeidet som i neste omgang skal gjerast på dei ulike arbeidsplassane. Samstundes må me vera bevisste på at kompetanseutviklinga for lærarane/kvar organisasjon skal vera skulebasert, og såleis ikkje setja inn fellestiltak for alle skulane som ikkje høver i forhold til dette.» Samlingane i regi av nasjonale myndigheiter får gode tilbakemeldingar. Desse har gitt grunnlag for vurdering av eigen praksis både på skuleigarnivå og skuleleiarnivå, betre forståing av nyare forsking og korleis forsking kan omsetjast til ein endra praksis. Suksessfaktorar og utfordringar Suksessfaktorar har mellom anna vore at - deltakarane ikkje har opplevd dette som eit «top down» prosjekt, men eit arbeid der skulane sjølve har vore i tett dialog med UH-miljø for rettleiing på aktuelt tema. Tema har vore praksisnært og UH har forsøkt å justere rettleiinga undervegs i satsinga. Skuleeigar har ikkje vore styrande, men støtta rektor undervegs. - små 1-10-skular valte at alle lærarar skulle delta på ungdomstrinnssatsinga. Det å gjere eit slikt grep har vore positivt for alle partar. - satsinga har vore godt forankra i skulen sine eigne målsettingar - arbeidet har vore viktig for den enkelte i personalet og dermed for arbeidet i klasseromma - leiinga på skulen har vore motor i prosjektet og lagt til rette for gjennomføringa - systematisk kollektiv kompetanseheving gjennom arbeidsformer som fordrar refleksjon over eigen praksis og pedagogisk debatt. Utfordringane har mellom anna vore - å få heile personalet på ein skule med, samt oppretthalde fokus på valde satsingsområde når andre dagsaktuelle oppgåver skal løysast. - å lukkast med den overordna målsettinga om meir praktisk, variert og relevant undervisning. Siste elevundersøkinga stadfestar dette. - å vera i pulje 1. Ikkje tid til god nok forankring mellom dei tilsette på arbeidsplassen - at utviklingsrettleiarar mangla i ei tid der me trong ekstern støtte til leiarane - skifte av rektor i perioden og skifte av ansvarleg for oppfølging i administrasjonen. - skuffelse over at «århundrets ungdomsskolesatsing» blei redusert til å lese bunkevis med forhåndslitteratur kopla saman med eit alt for lågt timetal med rettleiing frå UH. Me trudde på «satsinga» i starten, men ser at det lett vert eit nytt slag i lufta – fordi det alltid kjem på toppen av pedagogane sitt dagleg arbeid med å skape god undervisning/læring parallelt med tunge tak for å skapa endring. Råd Det er særs viktig at skulen er godt førebudd ved oppstart av prosjektet. Bruk tid i førebuingsfasen til å arbeida inn dei teoretiske bakgrunnsdokumenta. Er det behov, ta eit skritt tilbake. Tida går fort og det kan bli vanskeleg å gjennomføre to satsingsområde. Vi vil difor anbefale berre eit satsingsområde. Det er også viktig å vera tru mot satsingsområdet og ikkje gape over fleire ting samstundes. Det er flott at Udir satsar på ressurslærarar, men slik mange skular er organiserte i dag, er det eit aukande tal avdelingsleiarar. Desse leiarane er tett på personalet, i tillegg til at dei framleis har undervisning og er tett på elevane. Dette er viktige støttespelarar for rektor. Ressurslærarar bør kunna organiserast på ulike måtar. Noko bortkasta arbeid/ressursar slik krava var sett fram. Burde heller vore mogeleg å styrka leiinga dersom ein ikkje fekk gode ressurslærarar på plass. Det hadde truleg hatt større effekt. Dei deltakande kommunane var av svært ulik storleik. Det kan vere at utbyttet av nettverksarbeid på samlingane hadde vore høgare om nettverksgruppene var sett saman av kommunar med liknande utfordringar. Når ein privat skuleeigar går inn i dette prosjektet, bør alle skulane i eigarskapet vera med. Dei private skulane bør få vera med i kommunen der dei er lokalisert saman med dei kommunale skolane slik at ein kan dra nytte av kvarandre, til dømes med lærande nettverk. Dei private står litt åleine her. Anna Ein av deltakarkommunane seier: «Det må bli gjort noko med fag og timefordelinga i ungdomssteget i nær framtid. Mange fag/elevar/foreldre/lærarar ropar på praktisk tilnærming. Det veit me vil ta meir tid om me skal gjennomføra. Omfanget av kompetansemål er for stort til at ein kan fordjupa seg, særleg når ein startar med eit praktisk utgangspunkt som skal vera kreativt motiverande, livsnært, relevant, lokalt tilpassa global tenking…... Me slit ut elevane i alle fag, og samstundes treng elevane å bli meir fysisk slitne, dvs ha kroppsøving eller fysisk aktivitet dagleg.» Økonomi Økonomirapportane frå deltakarane i pulje 1 viser at tildelingane er brukt i samsvar med føresetnadene frå Utdanningsdirektoratet. Fylkesmannens sluttkommentar Generelt Å delta i første pulje har hatt særskilte utfordringar knytt til oppstartsfasen. Desse har handla om tid til forankring i personalet, å få oversikt over og kunne nyttiggjere seg av det som blir omtalt som «dei mange kokkane» i satsinga og at UH også kunne opplevast som famlande i starten. Nokre av rapportane peikar på at tre semester med rettleiing frå UH er i minste laget, men samstundes ser det ut til at å vere i første pulje har gitt godt rom for vidare arbeid i satsingsperioden når ein framleis har tilgang på støtte frå til dømes utviklingsrettleiarane. Fordelen med å vere i pulje 1 er kanskje nettopp det å komme raskt i gang og kunne sjå heile satsingsperioden under eitt. Som Stord kommune seier det: «Arbeidet med grunnleggjande dugleikar og dei gjennomgåande tema som satsinga har, er omfattande, men den innleiande fasen som me nå har delteke i, gir eit viktig fundament for det vidare arbeidet.» Fylkesmannen ser tydelege teikn på at deltakarane har lært mykje innan sitt satsingsområde, og ikkje minst har dei lært mykje om systematisk kollektiv kompetanseheving gjennom arbeidsformer som fordrar refleksjon over eigen praksis. Denne kompetansen vil vere avgjerande i det vidare arbeidet mot den overordna målsettinga om ei meir praktisk, variert og relevant undervisning. Utviklingsrettleiarane får gode tilbakemeldingar. Dei er gode støttespelarar særleg for dei private skulane og for dei mindre kommunane, men fleire større kommunar opplever at dei har god nytte av samarbeidet med utviklingsrettleiarane. Dei blir opplevd som god sparringspart i arbeidet når UH no har sluttført sin del av satsinga i pulje 1. Deltakarane har fått øyremerka midlar til frikjøp av ressurslærarar i tre semester. Denne ordninga har mange hatt god nytte av, men det blir og stilt spørsmål om desse midlane kunne vore nytta meir fleksibelt. Om dei tre sentrale verkemidla - skulebasert kompetanseutvikling, lærande nettverk og pedagogiske ressursar. Den skulebasert kompetanseutviklinga ser ut til å ha fått eit godt fotfeste gjennom rettleiing frå UH og deltaking på Utdanningsdirektoratet sine samlingar. Rapportane viser til auka kunnskap innan dei særskilte områda deltakarane valde, anten det var klasseleiing, rekning, lesing eller skriving. Organisasjonslæring og utvikling av ein god organisasjonskultur har vore viktig, men det ser ikkje ut til at Vurdering for læring, som var det andre gjennomgåande temaet, har fått same plass i den skulebaserte kompetanseutviklinga. Prosjektleiar for GNIST og Fylkesmannen inviterte deltakarane i pulje 1 til ein felles dag om Lærande nettverk der Torbjørn Lund frå Universitetet i Tromsø hadde det faglege ansvaret. Dagen i seg sjølv fekk god tilbakemelding, men vi ser at det er etablert få lærande nettverk knytt til pulje 1. Stord kommune har fått dette til då alle tre ungdomsskulane i kommunen deltok i same pulje og det var god oppfølging frå kommunen si side. Andre har opplevd det som vanskeleg, dette er i hovudsak på grunn av geografiske forhold. Nettressursane til Utdanningsdirektoratet får god tilbakemelding. Utfordringa er den store mengda av informasjon, litteratur og verktøy. Det er krevjande å setje seg inn i alt materialet og finne det som er tenleg for den einskilde sin situasjon. Å vere i pulje 1 har hatt sine utfordringar knytt til å vere dei første. Samstundes har deltakarane fått eit godt grunnlag for vidare skulebasert kompetanseutvikling og dei har, om dei opplever det føremålstenleg, tilgang på støtte frå utviklingsrettleiarane i heile resten av satsingsperioden.
© Copyright 2024