Sauda OPPSUMMERING FRÅ STYREMØTE NR. 4/15 TYSDAG 21.04.2015 KL. 1830 – 2030 HELSESENTERET Innkalt Møtt Roar Fiveland, leiar, HTV, (b. skule) x Bente Dolmen Wigelius, nestleiar, vara-HTV, kasserar, (u.skule) x Berit Haustavik, styremedlem, leiarrepresentant, (helsesenter) x Gro Stensvåg Seim, styremedlem, (k. bhg) x Bente Dyre, styremedlem (priv. bhg) Ruth Klungtveit, styremedlem, (u.skule) Martijn Bellemakers, styremedlem, (vid. skule) x Anne Irene Saua, 1. vararepresentant (b. skule) x Bente Elin Basgård Solland, 2.vararepresentant ( k.bhg.) Renate Oxaal Havreberg, 3. vararepresentant ( k.bhg.) Sak 18/15: INFORMASJON Lokallagsleiar: Forfall Ikkje møtt x x x x -Orienterte om fellesskuleringa i Arbeidstidsavtalen SFS 2213 som skal vera i Suldal, møte for barnehagemedlemmer og om fylkesårsmøtet den 5., 6., og 7. mai. Delegasjonen blir Bente Dyre, Michael Willig og Roar Fiveland. AT og klubbstyre ved Sauda Ungdomsskule på plass. Bente Dolmen Wigelius er AT og Ruth Audny Klungtveit er med i klubbstyre. Styremedlem vgo: -Orienterte om elevsøknad og lærarressursar. Det er litt færre søknader i år, men ikkje dramatisk. Spesielt tilrettelagt blir det redusert med ein halv stilling og Byggfag andre år blir lagt ned. Elevtilgongen vil avta i dei kommande åra og lærarane har hatt workshops for å tenka kreativt rundt dette. HTV: Orienterte om prosessane og vedtaka i legevaktsaka Orienterte kort om inspektørbehov m.m. for Austarheim skule -Det er løyvd ekstra midlar til norskopplæring for minoritetsspråklege til Fløgstad skule. -HTV-ane har vore med i prosjektgruppa for samarbeid om barnevern og PPT i Sauda og Suldal. Men i styringsgruppa har ikkje rådmennene tatt med noen av HTV-ane. HTV-ane er i mot vertskommunemodellen. -Kontorarbeidsplassar ved barnehagane og skulane i Sauda er ikkje tilfredsstillande i følgje krava frå Arbeidstilsynet. Leiarrepresentant: Det er store endringar i organiseringa på Helsesenteret. Samarbeidet om barnevern og PPT med samarbeidsmodell skal opp som sak i kommunestyret i juni. Side1 av 2 Rådmennene innstiller på at Sauda skal vera vertskommune for barnevernet og Suldal vertskommune for PPT. Sak 19/15: OPPSUMMERING FRÅ STYREMØTE I LOKALLAGET NR. 3/15 Vedtak: Oppsummeringa frå styremøtet 09.03.2015 blir godkjend med følgande merknad: Sak 13/15 skal vera sak 17/15. Sak 20/15: EVALUERING AV ÅRSMØTET I LOKALLAGET 11. MARS Styret hadde ein god gjennomgang av årsmøtet. Det var god møteleiing, god meiningsutveksling, greitt frammøte og god mat og sørvis. Sak 21/15: FORHANDLINGSDELEGASJON FOR SFS 2213 - ARBEIDSTIDSAVTALEN FOR UNDERVISNINGSPERSONALET, KOMMUNALT OG INSPEKTØRSTILLINGEN VED AUSTARHEIM SKULE. Vedtak: Forhandlingsleiar er HTV, øvrige delegasjonsmedlemmer er AT ved Sauda Ungdomsskule og AT ved Austarheim skule. For drøftingsmøtet om inspektør ved Austarheim skule, møter HTV og AT ved Austarheim skule. Sak 22/15: EVENTUELT Forslag til kursstad, tidspunkt og opplegg for AT-ar og HTV til hausten. Styret vil legga kurset til Bergen. Medlemsmøte om kommunereforma. Dette er viktig å vera i forkant for kommunevalet i september og styret vil skipa til eit møte i slutten av august. Neste styremøte er 19. mai på Sauda vidaregåande skule. Møtet skal brukast til nærmare planlegging av ulike medlemsmøte i haust. Sauda 24.04.2015, Bente Dolmen Wigelius Nestleiar/sekretær Side 2 av 2
© Copyright 2024