KYRKJEBLAD for NORD-FRON Nr. 3 • HAUSTEN 2015 • Årgang 60 Kvam kyrkje Kvikne kyrkje Peer Gynt-messe med sokneprest Ingibjørg Skåbu kyrkje For andre gong innbaud Kvam sokn til Peer Gynt-messe ved Rondablikk sundag 9. august. Med Peer på reinsbukken i naturens mektige katedral, var ramma perfekt. Ein eigen liturgi (utarbeidd av Jens Petter Ous) med høvelege sitat frå Ibsens frodige drama, og ei preike metta med aktuelle poeng, gjorde messa til ei tankevekkande oppleving. For kyrkjelyden var det flott å møte for fyrste gong Nord-Frons nye sokneprest Ingibjørg Johanndottir. Ho leia litugien med stødig og god røyst, og foretta dåp av Sigurd Bakkum. Preika var ved Raufoss-presten Johannes Fjellseth, som i fleire år heldt «Prestens tale» i Peer Gynt-oppsettinga på Gålå. Foto: Geir Bakkum 6 KYRKJE0 BLAD NORDfor -FRON år Sødorp kyrkje www.nord-fron.kirken.no TIL TENESTE Nord-Fron kyrkjekontor Tlf 612 16 290 Fax 612 16 291 Kyrkjeverje: Aud Haadem Tlf 612 16 292 Sekretær. Grete Bakken Tlf 612 16 290 KONTORTIDER: Kl 09.00-12.00 og elles etter avtale SOKNEPREST: Ingibjørg Johannsdottir Tlf kontor 612 16 294 Mobil 401 78 914 DIAKON OG TRUSOPPLÆRAR: Anna Elisabet Gertsdottir Tlf kontor 612 16 286 KANTORAR: Lars A Mensonides Tlf: 95 46 03 51 Cindy van der Leden Tlf: 95 46 13 56 SØDORP SOKN Soknerådsleiar: Rune Støstad Tlf 91 86 47 67 Kyrkjetenar/gravar: Anders Stø Tlf 612 90 974/909 60 650 Kyrkjetenar: Frank Varpestuen Tlf 456 06 026 Vikar: Ivar Kvande KVAM SOKN Soknerådsleiar: Aud Brendstuen Tlf 612 94 038/478 22 324 Kyrkjetenar: Svein Fredrik Kjæstad Tlf 908 45 584 KVIKNE SOKN Soknerådsleiar: Kristian Ekre Tlf 612 95 832/911 31 563 Kyrkjetenar: Jan Smikop Tlf 951 22 470 SKÅBU SOKN Soknerådsleiar: Unni Bøyum Kluge Tlf 932 92 209 Kyrkjetenar: Jan Smikop Tlf 951 22 470 FAMILIE-RÅDGJEVING Kirkens Familierådgiving Storgt 21, 2670 Otta Tlf 612 30 536 Kl 09.00 – 14.00 Grafisk produksjon: Dale-Gudbrands Trykkeri a.s, www.dg-trykk.no 2 Kyrkjeblad for Nord-Fron HEIM OG KYRKJE Døypte SØDORP Oliver Stø Tiril Venåsen Ola Stakston Olaf Horten Botten KVAM Marius Heggerusten Resset Alice Byberg Brendemoen Tora Emilie Nyhus Olsen, døypt i Vågå kyrkje Sigurd Bakkum Døde SØDORP Emma Synnøve Ottesen Ole Kristian Aasen Odd Tarud Margit Lien Ola Sigstad Jørn Gravningsmyhr Kari Hage Kjell Brenden KVAM Petra Bergum Anfinn Klevstad Odd Sigmund Brendemoen SKÅBU Solveig Berget Johannes Baklien Esther Kantrud KVIKNE Trygve Bekkesletten Vigde SØDORP Live Sætersmoen og Kenneth Nordal Pedersen Anne Mariluz Branstad Lien og Eivind Kvalen Gro Iren Hage og Henning Tangen SKÅBU Ida Aasne Sande og Håvard Wangen Sissel Blekastad og Bjørn Braastad KVAM Irene Milsteinhaugen og Arild Budsberg Linda Lindset og Tore Bu Kyrkjekontorets e-post-adresse: grete.bakken@nord-fron.kommune.no Kyrjebladets e-post-adresse: kjaru@online.no NESTE NUMMER av «Kyrkjeblad for Nord-Fron» kjem ut i desember 2015. Frist for stoff: 27.november. KYRKJEBLAD FOR NORD-FRON Redaktør: Kjartan Ruset tlf 416 25 803 E-post: kjaru@online.no Redaksjons-komité: Randi Brendløkken (Skåbu), Anders Hage (Kvikne), Egil Myhre (Kvam), Per Ottesen (Sødorp), Jens Petter Ous Kyrkjeblad for Nord-Fron – Nedregate 50 – 2640 Vinstra Kontonummer: 2095.49.59776 60 år – Ingibjørg – Nord-Frons nye sokneprest Ingibjørg Johannsdottir heiter vår nye sokneprest. Ho er no på plass i Sundvegen 14 på Vinstra saman med sin familie. Mannen Arnaldur Bardarson er tilsett som sokneprest i Sel. Begge er godt i gjenge i sine nye stillingar. Vi har bede Ingibjorg om å fortelje litt om seg sjølv. Velkommen til oss, Ingibjørg! Min oppgave - å være tjener Jeg er født i 1967 på Akureyri en by på nord Island. Jeg er oppvokst på et gårdsbruk innenfor Akureyri, Islands neststørste kommune utenfor Reykjavik området.. Etter barneskole og videregående så var jeg et år i USA. Jeg traff min man Arnaldur Bardarson på Akureyri og giftet meg i 1990. Han har nå fått sokneprest stilling i Sel kommune. Vi har 5 gutter i alder fra 12 til 25 år og 2 barnebarn som også er gutter. Min mann ble ordinert som prest i 1996 og jeg var hjemmeværende prestefrue og så drev vi gårdsbruk i lag, med sau og islandshester. Jeg tok utdanning på Island som barnehagelærer og mastergrad i spesialpedagogikk. Jeg jobbet som barnehagelærer og spesialpedagog noen år på Island til hele familien flyttet til Norge i 2010. Jeg har vært som frivillig i kirka lenge på Island. Etter jeg kom til Norge så ble jeg trosopplærer på Kyrksæterøra hvor Arnaldur var prest. Jeg fikk interessen for å ta teologiske studier. Jeg har tatt teologisk utdanning både delvis på Island og her i Norge. Jeg var trosopplærer i Hadsel i Vesterålen ett år og nå har jeg vært siste året prestevikar på Averøy før jeg kom til sokneprest-stillingen her i Nord Fron. Jeg har igjen praktikums del i vinter og håper jeg blir helt ferdig til våren og ser frem til ordinasjon neste år. Mine interesser handler om hus og hjem. Det er familien, barn og barnebarn som kommer på førsteplass. Jeg er heimekjær og trives svært godt med hagearbeid. Jeg er glad i dyr, har hund og katt. Glad i naturen og glad i mennesker. Jeg kommer fra en åpen og raus folkekirke som har rom for ulike mennesker og synspunkter. Dette bærer jeg preg av. Jeg vil at kirka skal være åpen for alle og at alle skulle føle kirken som et godt sted å komme til. Kirken skal være med både i glede og sorg. Hvor livet feires ved dåp, konfirmasjon eller vigsel. Eller når vi tar avskjed med våre kjære og sorgen rammer oss hardt. Jeg ser min oppgave som prest i å være tjener. En prest er tjener som både tjener Gud og folk i menigheten. Å forvalte ord og sakrament heter det i tjenesteordningen for menighetsprester. Det er viktig for meg at alle blir sett og hørt og 60 år Ingibjørg - slik vi skal sjå henne på preikestolen i våre kyrkjer. godt tatt imot i kirken. Kirken er et hjem som skal være åpent for alle på lik måte som de gamle bondegårdene på Island ,og sikkert i Norge og så, var preget av gjestfrihet og raushet mot dem som kom langs veien. Det å ha gode minner fra kirken og oppleve at en fikk noe der også det er viktig mener jeg. Kirken skal gi oss påfyll på veien gjennom livet. I min oppvokst så hørte jeg en del om den vakre og frodige Gudbrandsdalen. Islandske bønder hadde kommet hit for å se og studere. Dalen ble kjent i heimbygda mi. Derfor opplevde jeg at jeg kom til ei kjent sted. Et godt sted. Jeg gleder meg til å få være prest her. Jeg har flyttet inn i presteboligen på Vinstra sammen med min mann og de 2 yngste guttene som starter nå her på skolen. Så langt har det vært veldig bra og jeg har blitt veldig godt tatt imot. Deres Ingibjørg Johanndottir Kyrkjeblad for Nord-Fron 3 Trusopplæring i NordFron hausten 2015 Nedanfor finn de datoar for ulike tiltak innan trusopplæringa i Nord-Fron komande haust. Merk: Konfirmantane får eigen timeplan i posten i slutten av august. For dei andre tiltaka kjem det invitasjon til kvart arrangement for den aktuelle aldersgruppa. Konfirmantpresentasjon: 6. september: Kvikne kyrkje kl 11.00. Kvam og Sødorp kyrkje kl 19.00. 13. september: Skåbu kyrkje kl 11.00. Trusopplæring for 4-åringar: Kvam i Kvam kyrkje tysdag 22.september kl 17.00. Kvikne og Skåbu i Kvikne kyrkje torsdag 24.september kl 17.00. Sødorp i Sødorp kapell 8.oktober kl 17.00. Trusopplæring for 5-åringar: Kvam med oppmøte Leine grendahus (gml Leine skule) måndag 21. september kl 17.30. Kvikne og Skåbu med oppmøte ved Skåbu kyrkje onsdag 23. september kl 17.30. Sødorp med oppmøte ved Sulheim onsdag 7. oktober kl 17.30. For 4-og 5-åringar er det Hausttakkefest i kyrkene på følgjande datoer: 4. oktober: Kvam kyrkje kl 11.00. Skåbu kyrkje kl 17.00. 11. oktober: Kvikne kyrkje kl 11.00. Sødorp kapell kl 17.00. Trusopplæring for 10-åringar – LYS VAKEN – m/overnatting 28.-29. november frå kl 18.00 på laurdagskvelden til etter gudstenesta på søndag morgon. Stad for dette arrangementet kjem seinare i brev til dykk. Trusopplæring for 7-åringar Juleverkstad i kyrkjestugu ved Sødorp kyrkje for alle kyrkjelydane i Nord-Fron. Torsdag 10.desember kl 18.00. Tekst/ Foto: JPOus 5-åringar mél mjøl på kvenna, til baking av nattverd-brød («avletter», frå latin «oblat»). 4-åringar prøver seg på orgelet i Skåbu kyrkje. 4 Kyrkjeblad for Nord-Fron 60 år Konfirmanter i Kvikne kyrkje, 30. mai 2015 Frå venstre: Sokneprest Margrethe Lie Sperre, Simen Dalberg Aasmundstad, Knut Forr Løkken, Håvard Svendstad. Foto: FoTobben as. Konfirmanter i Skåbu kyrkje, 6. juni 2015 Frå venstre: Jonas Berglund, Simen Iverstuen Blekastad, Sondre Elserud og sokneprest Jens Petter Ous. Foto: FoTobben as. Takk til FOTOBBEN for konfirmantfoto i dette og førre nummer! 60 år Kyrkjeblad for Nord-Fron 5 Sommarens samlingar i Bakkestugu i Skåbu Tekst/ foto: JPOus Også dette året har husmannsplassen Bakkestugu, som kyrkjelyden i Skåbu eig, hatt sine samlingar. 28.juni var det gudsteneste i Bakkestugu, slik det brukar, siste helga i juni. Det byrja med kulturvandring frå Karistugu ned til Bakkestugu. Etterpå var det gudsteneste med kyrkjekaffe. Skåbu musikkorps spela og Jens Petter Ous var prest denne søndagen. Og som alltid hadde soknerådet ordna det til med kyrkjekaffe og triveleg lag etter messa. Kulturvandringa var det Unni Kluge som leia. Ho hadde prata med folk frå nabolaget til vegen vi vandra, så vi fekk god informasjon undervegs, om stader og namn og til og med om den gamle hoppbakken nede ved Veslum. Takk til dykk i soknerådet som også dette året ordna til ein flott dag i Bakkestugu! Seinare på sommaren; 19.juli, var det det Bakkestugus venner som inviterte til triveleg lag i Bakkestugu. Denne gongen var det Per Ottesen som kåserte om husmanns vesenet i Norge og i Nord-Fron og Skåbu spesielt. Mari Midtli song folketonar for oss og venneforeninga i Bakkestugu stod for biteti og kaffe/ te/ saft. Mykje folk møtte opp. Eg får gjera meg til talsmann for oss alle: Dette var ei triveleg stund nede i Bakkestugu. Arrangementet var ein del av ”Liv lågå” i Skåbu. og fann namn på det vi såg, og vi fann ut korleis vi kunne bruka klokka som kompass. Vi såg også korleis mauren vanlegvis la tuva si på sørsida av trea. Og sjølvsagt såg vi på husmannsplassen Bakkestugu og korleis folk levde i tidlegare tider. Denne vandringa var for elevane i 1-4.klasse. Dei eldste elevane i barneskulen i Skåbu; 5-7.klasse, gjekk pilegrimsleia frå Sygard Grytting og over til Sødorp. Også på den vandringa snakka vi om pilegrimsvandring før i tida og no. Og vi fann mellom anna begge vekstene som har namn etter heilag-Olav; bregna Olavsskjegg og blomen med namnet Olavsstake. Den siste – Olavsstake – finn ein også i Skåbu, minnast eg frå kulturvandringa for nokre år sidan, frå Nørdre Sæter og ned til Bakke stugu. Desse pilegrimsvandringane gir innspel til mange av faga i skulen; Historie, naturfag, KRL og sidan vi går, så må vi vel også ta med gym-faget. Takk for vandringar med trivelege elevar og lærarar frå Skåbu! Pilgrimsvandring Når vi er i Skåbu, må vi også nemna at i samarbeidet mellom skule og kyrkje, vart det laga til ei pilegrimsvandring frå skulen og ned til Bakkestugu og oppatt. Undervegs på vandringa snakka vi om det å vera pilegrim i gamal tid og om naturen vi gjekk gjennom, blomar og trær studerte vi Kvile for trøtte føter i Bakkestugu (1-4.kl). Mari Midtli song. 6 Kyrkjeblad for Nord-Fron Per Ottesen kåserte. Glade vandrarar på veg til Bakkestugu. 60 år Sommermesse i Luseby på Kvamsfjellet Av JPOus Kyrkjelydane i Nord-Fron har alle sine arrangement utandørs om sommaren. På Kvamsfjellet brukar vi å variere stadene vi er på. Dette året var vi for fyrste gong i Luseby. Det gav oss høve til å bruke båt på vatnet; vi pynta båtane med bjørkelauv og flagg og hadde trivelege turar til gudstenestestaden. Nokre gjekk langs vatnet via Fryosen. I Luseby hadde soknerådet fått ordna til med kross og døypefont. Og bord til alt godt som vart sett fram til kyrkjekaffien. Vi var vel femti med på messa og opplevde kor godt det er å feire gudsteneste saman ute i Guds frie natur. Ekstra triveleg var det å feire dåp til Alice. Fire generasjonar var med frå hennar familie denne dagen. Predikant var vår ferievikar; Johanne Gram-Nilsen, og både ho og Jens Petter Ous leia liturgien i messa. Sommarvikar Johanne Gram-Nilsen preika. Foto: Jo Røssummoen. Presten kom roande til messa! Foto: Jo Røssummoen. Folk kosa seg med kaffi etter messa. Foto: Jo Røssummoen. Alice får velsigninga etter dåpen. Foto: Jo Røssummoen. 60 år Alice fekk æra av å sprette bløtkaka. Foto: J.P. Ous. Kyrkjeblad for Nord-Fron 7 Olsok-messe Vikarprest Johannes Kvangarsnes frå Ålesund var liturg og predikant. Lars Mensonides gledde seg over å ta i bruk det nye transportable orgelet. Foto: Kj. Ruset. Onsdag 29.juli feira Sødorp kyrkjelyd Olsokmesse på Bygdatunet. Utandørsmessa var eit samarbeid mellom soknet og Fron Historielag. Eit fint stelt bygdetun utgjord ei vakker ramme for gudstenesta som hadde eit interessant innhald. Vikarprest Johannes Kvangarsnes problematiserte det å skulle heidre og minnast St. Olav som kristna Noreg, med metodar som ikkje alltid var prisverdige. Kvangarsnes la vekt på at det var viktig å ikkje fokusere på Olav sitt nasjonale prosjekt, men heller det kyrkjelege prosjektet. Vidare såg han Olav sitt prosjekt med kristning av Noreg i lys av onsdagens bibelvers der det ”å ta opp sitt kors” sto i fokus. Med dette bibelverset oppfordra Kvangarsnes kyrkjelyden til å finne sitt oppdrag i livet og følgje dette. Preika inneheldt også framføring av ei vakker salme frå den nye Salme boka, Pilgrimssalme med tekst av Eivind Skeie og melodi av Odd Johan Overøye. Denne og fire andre salmar vart akkompagnert av organist Lars Mensonides. Organisten innvigde eit nytt el-piano som er kjøpt inn til trusopplæringa. Etter gudstenesta vart det servert kyrkjekaffi i regi av Historielaget. Det var tolv frammøtte til denne spesielle og fine gudstenesta. Hildegunn Maria Haanes Ruset Det er triveleg på Bygdatunet! Foto: H.M.Haanes Ruset. Takk Også denne sommaren er det mange å takke for hjelp med gudstenester rundt ikring utanfor kyrkjene våre. Nokre har opna sætrane sine for oss. Andre har ordna til kyrkjekaffe. Atter andre har stilt opp med skyss; bil og båt har vorte nytta. Sokneråda har vore til rette-leggjarar til mykje av det som har skjedd. Peer Gynt A/S har gitt oss høve til å ha messe ved Ronda blikk i forkant av den store sommarkonserten på Kvamsfjellet. Korps har spela for oss, og mange har gjort mykje…. og vi er veldig takksame til kvar og ein av dykk! Johanne, som var vikarprest i sommar, får vera den vi tek med bilde av – Takk også til henne og Johannes – som også var vikarprest hjå oss, og til Ola som vikarierte som organist i sommar! JPOus Johanne, med Furusjøen som bakgrunn. Foto: ÅMOus. 8 Kyrkjeblad for Nord-Fron 60 år Ny diakon og trusopplærar i Nord-Fron Nord-Frons nye diakon, Anna Elisabet Gestsdottir, hadde sin fyrste arbeidsdag fredag 14.august. Då rakk Kyrkjebladet å få ein kort prat med henne før bladet gjekk i trykken. Tilliks med den nye soknepresten kjem ho frå Island. Ho fortel at dei to har gått i same klasse. Som tenåring budde Lisa - som ho kallar seg i det daglege - eitt og eit halvt år i Sverige. Utdanna både som diakon og lærar, arbeidde ho i 8 år som trusopplærar i Island. Mannen hennar, Sigurdur Gretar Sigurdsson, er prest, og søkjer stilling i Hamar bispedømme. Dei har seks born og eitt barnebarn. Den 22.febr. i år vart Anna Elisabet vigsla som diakon heime i Island. Ho fortel elles at hennar spesielle interesse er sjelesorg. I det faget har ho teke vidareutdanning. Nord-Fron har fått ein kompetent diakon og trus opplærar! Velkommen, Anna Elisabet! KjR Foto: Kj Ruset. Rullator-festivalen 2015 Gratulérer, Sundheim, med eit flott arrangement! Mange flotte hattar! Trivsel i godt lag! 60 år Gunnar Skar underheldt. Kyrkjeblad for Nord-Fron 9 Soknerådsval og Bispedømerådsval 2015: 15-åringar kan stemme ! I dette nummeret av Kyrkjeblad for Nord-Fron finn du liste over kandidatane til val av nye sokneråd her i NordFron, og val av nytt bispedømeråd for Hamar bispedøme. Ein ting vil eg nemna spesielt, av di dette er ei ny ordning for dette valet: 15-åringar har lov til å stemme. Difor, kjære konfirmantar frå i vår; dei av dykk som er 15 år innan utgangen av valåret (det er vel dei fleste av dykk!), kan stemme ved valet. Så vi ser dykk gjerne i vallokalet. Kandidatar til Kvam sokneråd 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. 9. 10. 11. 12. 13. MONA LIEN, 43 år, hjelpepleiar ELI ANITA LILLEREITEN, 41 år, ekspeditør EGIL MYHRE, 55år, fabrikkarbeidar KAREN MARIE SVEINE, 66 år, pensjonist KARI VALDERHAUG SOLBERG, 64 år, dagleg leiar HILDEGUNN LIEN, 44 år, tilsett i barnehage JAN PEDER ØSTLIE, 59 år, dagleg leiar OVE ANDRÉ ØYBREKKEN, 34 år, ekspeditør MARI STORMORKEN NILSEN, 56 år, skuleassistent ASTRI MARTE BJØRGEN, 78 år, pensjonist ELSE MARGRETHE SÆTREN, 51 år, tilsett i barnehage ANN IREN HOLLØKKEN BRENDEMOEN, 45 år, frisør ARNT BORGE SANDEN, 45 år, fabrikkarbeidar Kandidatar til Sødorp sokneråd 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. 9. 10. 11. 12. ASTRI SØBERG, 65 år, sjukepleiar JON DAHLEN, 46 år, linjearbeidar ÅSE BRIT KAPPELSLÅEN, 51 år, sekretær EVA HILDE BAKKEN, 61 år, lærar HANS OLAV GJERDINGEN, 42 år, seljar KAREN BERGSETH RUSTHAGE, 59 år, rekneskapsførar REIDUN BRØNMO, 65 år, pensjonist LEIF ARNE GJERDINGEN, 44 år, innkjøpsansvarleg INGRID SLETTMOEN, 48 år, ingeniør AASE TOXE TVEIT, 71 år, pensjonist GERD HESTNES, 69 år, lærar RANDI BRENDEN, 70 år, pensjonist 10 Kyrkjeblad for Nord-Fron Kyrkjeval-lokala ligg nær vallokala for kommune- og fylkestingsvala; i bygdahusa i Kvam og Skåbu og i Vinstrahallen. Datoane er 13 og 14.september; på søndag frå kl 15-18 og på måndag frå kl 11-18. JPOus Kandidatar til Kvikne sokneråd 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. 9. 10. 11. 12. KRISTIAN EKRE, 55 år, gardbrukar KAREN BIRGITTE ØVRENÆSS, 37 år, rådgjevar i Tine PER ARNE VESTERAAS, 62 år, lege METTE ELISABETH STENSENG, 31 år, ekspeditør FRANTS STØ, 65år, pensjonist ANNE ELISE GROSBERG, 50 år, hjelpepleiar OLA OLSTAD, 53 år, anleggsarbeidar RØNNAUG BERGET, 70 år, pensjonist PER ARNE SYLTE, 37 år, gardbrukar GJERMUND VATERLAND, 34 år, gardbrukar ROLF JOSTEIN OVRUM, 59 år, snikkar ANDERS HAGE, 67 år, snikkar Kandidatar til Skåbu sokneråd 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. 9. 10. 11. 12. 13. 14. 15. 16. UNNI ASBJØRG BØYUM KLUGE, 65 år, pensjonist INGRID GRAUPHAUGEN, 65 år, hotellarbeidar TOVE IREN ERIKSEN, 53 år, rekneskapsførar ØYSTEIN KVÅLEN, 53 år, gardbrukar INGEBJØRG ANITA BAKKEN, 49 år, sjukepleiar OLA SLETTEN, 42 år, lærar TOR ARNE VESLUM, 42 år, rørleggar ODD RUNE BRENDLØKKEN, 51 år, vaktmeister GUN JORUNN SKANSGÅRD, 50 år , ekspeditør ELLEN RØNSHAUGEN, 28 år, ekspeditør GUNVOR WIKER VESLUM, 47 år, hjelpepleiar MÅLFRID MAURSTAD, 57 år, ekspeditør JAN SANDBAKKEN, 64 år, næringskonsulent AAGE RUNDHAUGEN, 53 år, vaktmeister NILS HALGEIR HAGE, 62 år, gjetar ANITA STEBERGLØKKEN, 57 år, turistvert/ ridelærar 60 år Slik brukar du stemme-seddelen Det skal veljast 6 medlemmer og 5 varamedlemmer. Nominasjonskomitéens kandidatar er sette opp i prioritert rekkjefølgje. Du kan levere stemme-seddelen utan endringar. Alle kandidatane får då ei røyst kvar. Vil du endre på stemme-seddelen kan du: – Gje tilleggsrøyst til kandidatar på lista Du kan gje ei tilleggsrøyst til inntil tre kandidatar. Det gjer du ved å setje eit kryss i ruta til venstre for namnet til kandidaten. Kandidaten får då to røyster. Andre kandidatar får ei røyst kvar ved oppteljinga. – Gje personrøyst til andre valføre personar i soknet Du kan gje personrøyst til inntil tre andre valføre personar i soknet. Det gjer du ved å føre opp personnamnet i på stemme-seddelen. Bruk store bokstavar. Kandidaten får då ei røyst. Andre endringar vil ikkje telje med i valoppgjeret. Det er ikkje høve til å stryke kandidatar. Bruk blå/svart penn eller blyant. Skriv tydeleg. Har du tenkt å bidra? Ta skrittene bortom kirkevalg-urna når du er i stemmelokalet 13. eller 14. september (i Skåbu, på Vinstra eller i Kvam), og bidra til et mer bevisst valg av nye sokneråd i Nord-Fron! Alle medlemmer i den norske kirke kan stemme, nytt av året er at 15 åringene også har muligheten! Kanskje dette valget er et av de viktigste kirkevalgene noen gang. Store endringer og valg ligger i hendene på de vi velger, nå som båndene mellom stat og kirke er blitt løsere. I løpet av de neste fire årene skal mye av framtidas kirkestruktur belyses, utarbeides og avgjøres. Og dette vil forme kirka vår for lang tid framover. Debatten rundt valget er til nå dominert av noen få tema, spesielt spørsmålet om kirka skal vigsle likekjønnede par eller ikke. Dette er et viktig tema som opptar mange, men kirkevalget handler om så mye mer. Jeg synes absolutt at kirka vår skal være en folkekirke som inkluderer alle dem som ønsker det, at vi skal jobbe for at kirka skal ’gjøre døren høy og porten vid’ og kanskje også terskelen lav. Det er mange andre og viktige saker som ikke har fått det fokus det behøver, disse er vel så viktige for kirka sin framtid. – kirkemøtet overtar etter hvert alle bevilgninger fra departementet. Hvordan skal det fordeles, hvor mye skal brukes sentralt og hvor mye får lokalkirka? 60 år – det skal lages ny kirkelov, hvordan skal den se ut? – hvilken plass skal det lokale sokneråds - og fellesråd ha? Hvilken rolle skal soknet, prostiet og andre kirkelige organer ha? – prestene skal overføres fra staten til kirka. Hvor skal disse plasseres administrativt og hvor skal de høre hjemme? – det er nå staten som er ansvarlig for kristendomsundervisninga, ved finansiering av trosopplæringa fra 0-18 år. Hvordan skal dette videreutvikles, vil staten fortsatt finansiere dette i framtida? Grunnmuren i vår kulturarv er for mange bygget på den kristne tro og dens leveregler. Kirkene er stedet hvor vi samler oss til fest og alvor, glede og sorg. I generasjoner har kirka vært symbolet på stabilitet. Det betyr ikke at den ikke kan endre seg, om folket vil. Det vil heller ikke si at vi forkaster alt som har vært, verdier som vi tidligere har trodd på. Vi kan være med å vise vei for kirka vår, og si noe om hvilke verdier vi vil ha stort fokus på. Si noe om hvem vi vil ha med i soknerådene våre. Men da må folket si hva de mener, og denne gangen er det folket i NordFron vi prater om. Med andre ord, DU må bruke stemmeretten din! Godt valg! Karen Birgitte Øvreness Leder i Nord-Fron kirkelige fellesråd Kyrkjeblad for Nord-Fron 11 Det skal veljast 7 representantar til bispedømerådet og Kyrkjemøtet. Vel ei av dei godkjende vallistene. Vallistene er sette opp i prioritert rekkjefølgje. Du kan levere røystesetelen utan endringar. Alle kandidatane på røystesetelen får då ei røyst kvar. Vil du endre på røystesetelen kan du: - Gje tilleggsrøyst til kandidatar på denne lista Du kan gje ei tilleggsrøyst til inntil tre kandidatar. Det gjer du ved å setje eit kryss i ruta til venstre for namnet til kandidaten. Kandidaten får då to røyster. Andre kandidatar får ei røyst kvar ved oppteljinga. - Gje personrøyst til kandidatar frå andre lister Du kan gje personrøyst til inntil tre kandidatar frå andre godkjende vallister. Det gjer du ved å føre opp kandidatnamnet i feltet for kandidatar frå andre lister. Bruk store bokstavar. Kandidaten får då ei røyst. Andre endringar vil ikkje telje med i valoppgjeret. Det er ikkje høve til å stryke kandidatar. Bruk blå/svart penn eller blyant. Skriv tydeleg. Lista til Mangfoldig folkekyrkje - nominasjonskomiteen 1. DAG LANDMARK, 67 år, JOHAN BOJERS VEG, GJØVIK, Pensjonist 2. TORUNN ELISE KVISBERG, 48 år, STABBURSVEGEN, LILLEHAMMER, Tingrettsdommer 3. REIDAR ÅSGÅRD, 72 år, GRANBERGVEIEN, ENGERDAL, Småbruker 4. ANNE-LISE BRENNA ORDING, 28 år, BRØDERUDVEGEN, KONGSVINGER, Student 5. INGER JOHANNE REIESTAD HANSEN, 62 år, BISPEGATA, HAMAR, Advokat 6. TORSTEIN LERHOL, 29 år, VENNISVEGEN, VANG I VALDRES, Leder 7. GUNNAR GJEVRE, 59 år, HØGBAKKEN VEST, ARNEBERG, Adjunkt med opprykk 8. BERIT ELISABETH MEININGEN, 64 år, STAVHEIMSGRENDE, LORA, Fysioterap./osteopat 9. ØYVIND HAGLUND SOGN, 33 år, SOGNSBAKKA, JEVNAKER, Daglig leder/gårdbr. 10. INGER LISE HOLLAND, 70 år, RINGSLIA, MOELV, Pensjonist 11. BJØRG ANTONSEN, 57 år, FURULIA, HUNNDALEN, Avdelingssjef 12. LARS LIEN, 55 år, SKOGBRYNET, HAMAR, Leder/professor 13. ARNFINN BJØRGEN, 66 år, PÅLVEGEN, STANGE, Misjonsk./bussjåfør 14. SOLVEIG VATN WEISSER, 21 år, TYINVEGEN, VANG I VALDRES, Stipendiat 15. ARNFINN UTHUS, 58 år, INSTITUTTVEGEN, HERNES, Enhetsleder 16. ELIN JOHANNE GRAVDAL ØVREBOTTEN, 58 år, HAUGSBAKKLIA, JAREN, Lærer 17. RAGNAR LØSNESLØKKEN, 42 år, KILGARDSVEGEN, FÅVANG, Sekr./musiker/bonde Lista til Åpen folkekirke 1. GUNHILD TOMTER ALSTAD, 41 år, KVARTSVEGEN, RIDABU, Førsteamanuensis 2. MARIANNE KJØLLESDAL DYRUD, 42 år, EVENRUDGUTUA, KAPP, Adjunkt 3. FINN RAGNVALD HUSEBY, 66 år, GENERAL HELSETS VEG, ELVERUM, Pers.- og org.dir. 4. JOHN JACQUES WASHINGTON DELOURME, 25 år, GJERLUVEGEN, FURNES, Student 5. ANNE-LISE MARSTEIN, 53 år, OLAV AUKRUSTS VEG, LOM, Selvst. næringsdriv. 6. TROND EGIL GELLEIN LØKKEN, 41 år, TOLGA, Adjunkt 7. HENNING ANDERSEN, 38 år, RASKEBAKKIN, AURDAL, Gravferdskonsulent 8. SOLBJØRG BUKNOTTEN SKRUKLIEN, 54 år, HJORTEVEGEN, ØYER, Diakon/frivill.leder 9. ROALD BRAATHEN, 70 år, SKÅVEGEN, BRANDBU, Pensjonist 10. GRETHE LINGUM GJERTSEN, 58 år, NYGATA, KONGSVINGER, Spesialpedagog 11. SIDSEL LIED, 67 år, OTTAR LANDFALDS VEG, OTTESTAD, Professor 12. JOHN MAGNE PEDERSEN TANGEN, 23 år, GAMMALSRUDVEGEN, LØTEN, Student 13. OLE GUSTAV NARUD, 57 år, TINGSTADGUTUA, RENA, Finanspol.rådgiver 14. LIV MELBYE WECHSLER, 63 år, SNIKKERGATA, LENA, Adjunkt 15. OLE MIDTHUN, 20 år, GRØNLANDSGUTUA, ELVERUM, Student 16. STEINAR BARSTAD, 62 år, ØVERBYBAKKEN, FALL, Fagdirektør 17. INGVILD KESSEL, 20 år, SMERUDSTUGUVEGEN, FÅBERG, Student 18. LASSE GRAN, 68 år, MJØSVEGEN, KAPP, Pensjonist 12 Kyrkjeblad for Nord-Fron 60 år Pål på Kirketeigen Kirketeigen, Normisjons leirstad i Kvam, hadde Per i nokre år. Han og Gerd Marie, og Liv Elen Bjølverud Aas, heldt skuta flytande i ei vanskeleg tid for Kirketeigen, med god hjelp av mange friviljuge. Ikkje minst var Kirketeigen viktig som evakueringsstad under flaumane i 2011 og 2013. Så kom Pål. Han vart tilsett av Normisjon, region Oppland i november 2014, for å leie arbeidet med nødvendig vedlikehald og oppussing av Kirketeigen, og til å oppgradere og drive campingplassen. Pål har fått utretta det utrulege dei månadane han har vore styrar. Vonleg vert han der i mange år. Om det då kjem ein Espen etterpå, vil han finne eit Kirketeigen i topp stand ! Folket i bygda gleder seg over det dei ser, for Kirketeigen er viktig for Kvam. Misjonsfolket i Gudbrandsdalen er takksame for at region Oppland av Normisjon vil satse på Kirketeigen framleis. Regionstyret såg Pål som den rette mann til å ta Kirketeigen vidare. Han kunne ikkje titulere seg som misjonsmann, men han hadde den praktiske kompetansen som Kirketeigen trong, både når det galdt det bygningsmessige og det turist-relaterte. For Kirketeigen er også ei lita turistbedrift. Den sida har heile tida vore eit fundament under drifta. Pål er veldig godt fornøgd med årets turistsesong. Allereie i juni kunne han ta imot gjest nr 1000 for sesongen! Men korleis kan ein mann som er utdanna rørleggar drive campingplass ? – Familien har vore camping-turistar i femogtjue år, så eg kjenner bransjen frå den sida. Og så dreiv eg ein stor campingplass på Tjøme i eit år før eg kom hit, fortel Pål. Kyrkjebladet møter han i eftassola ute på tunet. Pål har nettopp avvikla eit minnesamver med over hundre til bords. Ein kar kom bort og tok han i handa: «Eg har budd i Kvam heile mitt liv, men har aldri sett Kirketeigen i så flott stand som no!» var attesten han gav den stolte styrar. Normisjon har tydeleg valt rett mann. Mange leirstader vert selde, men Kirketeigen skal bestå, og Pål har idéar og planar. Men kven er denne dugande og arbeidsglade karen ? – Eg er fødd på Lambertseter i Oslo, men har vakse opp i Langesund. Som 19-åring med fagbrev frå Langesund verft, fekk eg jobb ved Horten verft. I Horten traff eg Gunn. Vi gifta oss i 1985, og har fått fire barn og fem barnebarn. Familien er det viktigaste for meg! Det eg har fått gjort her på Kirketeigen, kunne eg ikkje greidd utan familien. Dotter vår, Sara Mari, og sonen Ola, har assistert meg gjennom sommarsesongen. Kona har sagt opp sin sikre jobb og flytta etter. Ho har nettopp teke til i ny jobb ved Sinclair. Pål har lett for å prate. Han fortel om si mangslungne yrkeserfaring. – Eg var rørleggar på plattform i Nordsjøen i 12 år. Heime i Horten vart eg engasjert i politisk arbeid. Eg har alltid hatt mine eigne meiningar om det meste. Ein nabo utfordra meg: «Du som har ei meining om alt, må gå inn i politikken!» Dermed vart det to periodar som kommunepolitikar og formannskapsmedlem for Arbeidarpartiet i Horten. 60 år – Kva var det i politikken som interesserte deg mest ? – Vedlikehald av kommunale bygg var eg sterkt oppteken av, og ikkje minst barn og unges oppvekst. På vedlikehaldssida var eg nok ei plage for Høgre-leiinga i Horten, for eg gav meg ikkje før ting vart gjort! – Så har vi barn med astma og allergi. Dermed møtte eg opp i den lokale avdelinga for Astma- og allegi-forbundet. To damer verva meg som medlem, og bad meg krysse av for eit verv eg kunne tenke meg å ta. Eg kryssa av for «leiar»! Den historia enda med at Pål etter få år vart vald som leiar i landsstyret for Astma- og allergi- forbundet. Der og engasjerte han seg sterkt i vedlikehaldsarbeid og inneklima, på forbundets barnesjukehus Geilomo, og barnesjukehuset på Gran Canaria. Pål dreiv i mange år sitt eige vedlikehaldsfirma. Han vart leigd inn til slikt arbeid på Tjøme Camping, og tok like godt på seg å drive campingen ein sesong. – Kva var det som fekk deg til Gudbrandsdalen og Kirketeigen ? – Eg fekk lyst til å ha ein hundre prosent fast jobb, som eg ikkje hadde hatt på mange år. På «Finn» kom eg over annonsen frå Kirketeigen. Eg har alltid likt nye utfordringar, og denne jobben verka spennande. Eg vart innkalla til intervju, og dermed var det gjort. Eg har stor respekt for Normisjon som våga å tilsette ein som ikkje er frå deira eigne rekker. Men dei ville ha meg, og eg ville ha jobben. Dei stilte dei nødvendige midlar til disposisjon, og dermed var det berre å gå i gang! Lista over det Pål har fått gjort på under eitt år, er lang. Kirketeigen framstår innbydande som aldri før. Mattilsyn og Brannvesen er fornøgde. Og aller mest fornøgde er borna, anten dei kjem som turistar eller som leirdeltakarar eller dei er bygdas eigne. Dei kan utfalde seg med nye moderne uteleiker, og alle er like velkomne! Normisjon gjorde eit godt val då dei engasjerte Pål. Med det gode arbeid som er gjort, ligg det til rette for ei allsidig drift av Kirketeigen. Ikkje minst kan Normisjon no utvikle vidare sitt leirarbeid for born og unge i Gudbrandsdalen, som Kirketeigen opphavleg vart bygd for. Det siste nye på Kirketeigen: hoppe-puta ! Populær for store og små, for leirdeltakarar og bygdefolk. Pål Juveth Johansen, den nye styraren på Kirketeigen, er fornøgd! Foto: Kj. Ruset. Kyrkjeblad for Nord-Fron 13 Om Klimapilegrim 2015 Klimapilegrim 2015 er en nasjonal, tverrkirkelig mobilisering for klimarettferdighet. Vi vandrer på vei mot en rettferdig internasjonal klimaavtale på klimatoppmøtet i Paris. Klimaendringene truer skaperverket og rammer de fattige i verden hardest. Det er urettferdig. Derfor vil vi, gjennom pilegrimsvandringer over hele landet, invitere til refleksjon over vår relasjon til skaperverket, til Gud og til hverandre. Samtidig vil vi mobilisere til vern av skaperverket, ved å samle inn underskrifter med opprop til beslutningstakere i Norge og globalt at vi trenger en rettferdig internasjonal klimaavtale i Paris for å bremse klimaendringene. Klimapilegrim 2015 oppfordrer deg til å ta beina fatt og gå en pilegrimsvandring for klimarettferdighet. Pilegrimsreisen går gjennom hele Norge. Den begynner på Svalbard/Kirkenes/Selje 7. juni og beveger seg gjennom Nord-Norge via Trondheim under Olavsfestdagene 27. juli-1. august og når Oslo 15. august. Det vil også være flere reiseruter som går langs kysten. Underveis vil det bli ulike arrangementer for å løfte frem behovet for en rettferdig klimapolitikk. 22.august gir vi stafettpinnen videre til kirkene i Sverige under en seremoni i Halden, hvor de tar over vandringen videre mot Paris. Hvorfor Klima? Verdens ledere er enige om at den globale oppvarmingen må holdes under 2 °C. Allerede har den globale gjennom- snittstemperaturen økt med ca 0,9 °C. Klimaendringene begynner å bli tydelige over hele kloden, og arter og økosystem trues mer enn noen gang. For fattige mennesker kommer tørke, flom og ekstremvær på toppen av alle de kriser de allerede må kjempe mot. De tvinges på flukt for å berge livet. Hvorfor Pilegrim? Å være menneske er å være på vandring – på vandring gjennom livet. En pilegrim vil gjøre et oppbrudd med det vante, søke Gud som kilde til livsvisdom og ta modige og gode veivalg. Som klimapilegrim ønsker vi å gjøre oppbrudd fra de forbruksmønstrene og politiske strukturene som skader jorda. Vi vandrer i solidaritet med de som rammes av klimaendringer og som tvinges på flukt, og vi vandrer for å få våre ledere til å handle. Internasjonalt Klimapilegrim 2015 er en del av en global mobilisering for en rettferdig klimaavtale i Paris – ACT Now for Climate Justice. Gjennom denne kampanjen samles kirker og trossamfunn fra hele verden bak et felles krav til sine land og verdens ledere samlet. Underskriftene som samles inn under Klimapilegrim 2015 vil overleveres til norske myndigheter i forkant av klimatoppmøtet i Paris, og inngå i den globale kampanjen. I Norge organiseres Klimapilegrim 2015 under det kirkelige samarbeidet Skaperverk og Bærekraft. Initiativtakere: NASJONALT PILEGRIMSSENTER Klimapilegrim 2015 er en del av en internasjonal tverrkirkelig mobilisering for klimarettferdighet gjennom ACT Alliance. 14 Kyrkjeblad for Nord-Fron 60 år Klima-pilgrimane i Kvam Tekst og foto: Kj. Ruset Tysdag 4. august kom Klima-pilgrimane til Kvam. Dei ville gjere seg kjent med flaumane i 2011 og 2013, som truleg var resultat av m.a. klima-endringar. På vandringa langs Veikleåa, med Aud Brendstuen som guide, fekk dei orientering om flaumane. Plansjar med nokre av Jens Petter Ous sine fotos var oppstilt langs gangvegen ved elva, og gav eit bilde av flaumens ufattelege omfang. Samstundes kunne dei sjå det imponerande arbeidet som er gjort for å sikre elva, og gjere elvebreidda på begge sider til eit vakkert turområde. Oppe ved bunnlastsperra fekk dei møte ordførar Olav Røssum, som gav ei grundig orientering om dei dramatiske hendingane, og om arbeidet som er gjort, og vidare planlagt, for å temme elva. Han kunne fortelje at bunnlastsperra i Veikleåa er den fyrste i sitt slag i landet, og at ei mange gonger større skal byggjast lenger oppe i elva. På sin veg frå Svalbard til Paris (sjå s 12) fekk stafett-flaska påfyll av vatn frå Storåa. Det blømer igjen langs Veikleåa! Ein liten del av Julie Næprud sin blomsterhage. Klima-pilgrimane Anne-Lise Ording (Hamar bispedømmeråd) og Kristin Eide (Kirkens Nødhjelp) saman med guide Aud Brendstuen. Ein tankevekkar ved elvebredden. Ordførar Olav Røssum mottok stafett-flaska. 60 år Vatn frå Veikleåa skal til klimakonferansen i Paris! Kyrkjeblad for Nord-Fron 15 Helgemesse – Allehelgens dag – Minnedag Tekst/ foto: JPOus Fyrste søndag i november er søndagen i kyrkjeåret som vert kalla Helgemesse. Bokmålnamnet er kanskje vel så kjent; ”Allehelgensdag”. Ved revisjon av namn på søndagane i kyrkjeåret, for nokre år sidan, fekk vi også inn eit anna namn på denne søndagen: Minnedagen. Dette er nok ein konsekvens av at Helgemesse hjå oss har vorte til ein minnedag for dei av våre som døydde siste året. Helgenane har vorte mest heilt borte i kyrkja vår, og ei messe for helgenane er framand for dei fleste. I luthersk tankegang har ein kalla dei som hjalp oss på trusvegen, som ein helgen. Men i den katolske kyrkja er tanken om helgenar levande, og kvar dag i året er ein minnedag for helgenar. Når vi er saman på fyrste søndag, er det framfor alt ein dag der vi minnast våre døde. Dei vi har teke avskil med siste året. I 2015 er søndag 1.november vår Helgemesse, vår 16 Kyrkjeblad for Nord-Fron Minnedag. I år vil vi – som tidlegare år – ha gudsteneste i alle kyrkjer i Nord-Fron, men vi vil gjera det på eit anna vis enn før: Vi kjem til å vera med alle prestane, diakonen og organistane i desse gudstenestene. Saman vil vi minnast dei vi har hatt gravferd for, og då vil det også vera slik at familiane vil møta att den presten dei hadde ved gravferda av sine pårørande. Vi har kalla gudstenestene for ei minne- og forbønsgudsteneste; vi vil minnast dei døde ved å lesa namna og tenna lys, og vi vil be for alle som sørgjer, alle som stod nær dei døde. Alle som stod som ansvarleg frå familien i samband med gravferd siste året, får invitasjon pr brev. Ein invitasjon som sjølvsagt gjeld heile avdøde sin familie. Gudstenestene blir på følgjande tidspunkt: Sødorp kapell kl 11.00; Kvam kyrkjekl 13.00; Skåbu kyrkje kl 17.00; Kvikne kyrkje kl 19.00. 60 år Bli kjent med gudstenesta 1 Av Kjartan Ruset Frå Tabernaklet, Tempelet og synagogen til den kristne forsamlinga Som alt anna i kristendommen, har gudstenesta sine røter i jødedommen, ikkje minst songen. Når vi i vår gudsteneste syng «Jeg løfter mine øyne - » (NoS 327), så syng vi det same som dei song i Salomos tempel i Jerusalem for 3000 år sidan. Teksten er ei gjendikting av Salme 121 i Det gamle testamente. Tekstene i dei gamaltestamentlege salmane er ikkje meir avleggs enn at ei av vår tids største rockegrupper, U 2, har ein av dei på sitt konsert-repertoar, nemleg Salme 40. U2-låten heiter berre «40». Songen i vår gudsteneste representerer såleis verdas eldste levande kultur-tradisjon. Frå synagogen har vi henta skrift-lesinga. I synagogen vart dette hovudsaka. Ein tekst skulle lesast og utleggast for forsamlinga. Tekstene frå Skrifta (for jødane Toraen, dei fem Mose-bøkene; for kyrkja Bibelen, GT og NT) var Guds ord, den absolutte autoritét for lære og liv. (Les i Lukas 4 om Jesu besøk og tale i synagogen i Nasareth). Preika i vår gudsteneste skal vere eit utlegning og ei aktualiséring av søndagens tekst. Grunnform frå Oldkyrkja - ord frå Bibelen I Oldkyrkja fekk gudstenesta etter kvart ei grunnform som framleis vert fylgt i dei fleste kyrkjesamfunn. Fleire ledd frå Oldkyrkja ber framleis dei latinske namna: Kyrie, Gloria, Credo, Sanctus. Det er med gudstenesta som med fotball: vi må lære oss kva dei ulike uttrykka står for! I fotball går det på engelsk: corner, back, score, lobb, hands, goal osv.. Dei gamle greske og latinske uttrykka seier oss mykje om innhaldet i gudstenesta. Kyrie: ordet er gresk og vert omsett med «Herre». I oltidssamfunnet var det brukt om ein person som hadde makt, og som fungerte som beskyttar av sin familie, si ætt, sitt lokalsamfunn, sitt land. I Romarriket var Keisaren den øvste beskyttar. Dei kristne rekna Gud som sin beskyttar. Jmr Luthers salme: «Vår Gud han er så fast ei borg», etter Salme 46 i GT. «Kyrie eléison» syng vi. Det tyder: «Herre, vis miskunn!» eller beint fram «Herre, hjelp!». Det var dei ulukkelege menneske sitt rop til Jesus., som vi møter fleire gonger i evangelia. Slik vart vår liturgi skapt nedanfrå, av dei utstøytte, dei fornedra og hjelpelause. Gloria: frå latin, «ære». Dette leddet i vår gudsteneste er beintfram englesongen frå Betlehemsmarkene. Presten messar: «Ære vere Gud i det høgste!» Og kyrkjelyden held fram: «Og fred på jorda blant menneske som Gud har glede i». Dette leddet i vår gudsteneste fekk vi altså frå himmelen! 60 år Credo: frå latin, «eg trur» eller «vi trur». Det er altså truvedkjenninga. Den vi brukar mest, er den såkalla «Apostolske truvedkjenninga», som vart utforma i Oldkyrkja som ei samanfating av den kristne trua. Den vart tidleg brukt ved dåpen. Sanctus: også latin, «heilag». Dette leddet har vi og på sett og vis frå den himmelske sfære. Profeten Jesaja fekk ein visjon i tempelet i Jerusalem, der han ser englar for Guds trone som syng: «Heilag, heilag, heilag er Herren Sebaot. All jorda er full av hans herlegdom». Dette Sanctus syng kyrkjelyden ved nattverden. Og så føyer vi til hyllingsropet frå Jesu inntog i Jerusalem på Palmesundag: «Hosianna i det høgste! Velsigna vere han som kjem i Herrens namn!» Her har vi og eit ord frå hebraisk: hosianna, «frels!» eller «hjelp!». Tek vi så med Fader vår, og innstiftingsorda for nattverden, så ser vi at det meste av orda i vår gudsteneste kjem frå Bibelen. (Neste gong tek vi for oss disposisjonen, hovuddelene, i vår gudsteneste). Frå 4 år og oppover: Velkommen til Laurdagsklubben! Vi har samlingar i Kyrkjestugu, Vinstra, på laurdagar kl 1100-12.30. Bibelforteljing, song og dans, leiker og hobby-arbeid. Samlingar i haust: 19.sept, 17.okt, 31.okt, 28.nov, 12.des. Spørsmål? Ring Jorunn på 917 37 583 eller Kjartan 416 25 803. Kyrkjeblad for Nord-Fron 17 www.dg-trykk.no SØDORP, TLF. 61 29 15 46 Tlf. 612 18 000 - Web adr: www.s1g.no Avd: Vinstra, Nedreg. 63, 2640 Visntra Avd: Fåvang, Stasjonsv. 1, 2634 Fåvang Tlf 61 29 52 70 Statoil Vinstra. Tlf 61 29 04 01 Lomoen - Vinstra Tlf. 61 21 60 00 Fax 61 21 60 01 Bjørke Tlf 915 750 74 Vi hjelper deg med blomster til begravelse og andre anledninger. Tlf. 47 68 22 27 HELSEKOST-BUTIKKEN Nedregate 29. Tlf. 612 22 446 – Vi støtter barneprosjekt i Latvia 2642 Kvam - Tlf. 482 30 371 - e-post: jonn-ma@online.no Stiftelsen Fred og toleranse Nedregt. 29, 2640 Vinstra Tlf. 61 29 49 40 - www.rondablikk.no Rondablikk har lokaler som dekker det fleste behov: • Barnedåp • konfirmasjon • bryllup. Og om det er noen som runder år, er dere velkomne til å feire dette sammen med oss. Nyt middagen til med utsikten til fantastiske Rondane. Elvevegen 4 - Kvam. 906 39 181 Tlf. 905 94 187 Bjørn Einar DIN ANNONSE HER? TEIGEN – TANGEN byggfirma Elvevegen 5, 2642 Kvam. Tlf: 98 26 68 80 18 Kyrkjeblad for Nord-Fron Mob. 95 94 87 11 og 95 25 87 30 60 år KIWI KVAM TLF. 612 16 850 Tlf 61 29 54 50 Statoil Kvam Tlf 61 29 44 30 STØTT VÅRE NNONSØRER! A HVEM K AN SL Å Anne Kari Haugalien? M I DTDALEN S H U M O R D RO N N I N G O G S E LV E R K L Æ R T M O S J O N I S T FOR ALLE! RENN RITT LØP Aktive og mosjonister Flere distanser Ulike utfordringer STØTT VÅRE NNONSØRER! A NYE ANNONSØRAR er velkomne frå og med neste nummer. Ta kontakt med Kyrkjekontoret, tlf. 612 16 290. E-post: grete.bakken@nord-fron.kommune.no Heilag-Olav-blomar På si vandring etter Pilgrimsleia frå Sygard Grytting til Sødorp fann elevar frå Skåbu skule (sjå s 6) Olavsstake og Olavsskjegg. (Illustrasjoner frå Wikipedia) 60 år Kyrkjeblad for Nord-Fron 19 FULLDISTRIBUSJON Gudstenester i Nord-Fron • september – desember 2015 SØDORP 15.s. i treeiningstida 6.september Luk 10,38-42 19. Kyrkja. Ungdomsgudst. Konfirmantpresentasjon. Ingibjorg Johannsdottir KVAM 19. Ungdomsgudst. Konfirmantpresentasjon Jens Petter Ous KVIKNE SKÅBU 11. Høgmesse Konfirmantpresentasjon 16.s. i treeiningstida 13.september Matt 5,10-12 11. Høgmesse Konf.jubiléum. Konfpresentasjon. J.P.Ous 17.s. i treeiningstida 20.september Luk 7,11-17 11 Kyrkja. Høgmesse. Konfirmantjubileum Jens Petter Ous 18.s. i treeiningstida 27.september Matt 8,5-13 19.s. i treeiningstida 4.oktober Joh 7,14-17 20.s. i treeiningstida 11.oktober Mark 10,2-9 Torsdag 15.oktober 21.s. i treeiningstida 18.oktober Luk 16,19-31 Bots- og bønedag 25.oktober Luk 18,9-14 Helgemesse 1.november Matt 5,13-16 17 Kapellet Høgmesse. Dåp. Nattverd. Kjartan Ruset 11 Høgmesse Konfirmantjubileum Ingibjørg Johannsdottir 19 Salmekveld Organistane og Jens Petter Ous 11 Tverrbygda grendahus. Familiegudsteneste Jens Petter Ous 11 Hausttakkefest. Nattverd.4-årsbok/ 5-årsfasen. Jens Petter Ous 17 Kapellet Hausttakkefest Nattverd. 4-årsbok/5-års-fasen. I Johannsdottir 17 Hausttakkefest. Nattverd.4-årsbok/ 5-årsfasen. Jens Petter Ous 11Hausttakkefest. Nattverd.4-årsbok/ 5-årsfasen.IJohannsdottir 19 Salmekveld Organistane og diakon Gudstenestefri. Alle tilsette i kyrkja i Nord-Gudbrandsdal er på studietur 17 Kapellet Høgmesse. Nattverd. Jens Petter Ous 11 Kapellet Minne- og forbønsgudsteneste. 11. Høgmesse Nattverd. Jens Petter Ous 13 Minne- og forbønsgudsteneste. 19 Minne- og forbønsgudsteneste. 17 Minne- og forbønsgudsteneste. Ved alle gudstenestene over: AE Gertsdottir, JP Ous, I Johannsdottir, CvdLeden, L Mensonides 24.s. i treeiningstida 8.november 25.s. i treeiningstida 15.november Matt 14,22-34 Kr.kongsdag/ Doms. 22.november Matt 25,1-13 1.s. i adventstida 29.november Matt 21,10-17 2.s. i adventstida 6.desember Joh 16,21-24 3.s. i adventstida 13.desember Joh 5,31-36 4.s. i adventstida 20.desember Matt 1,18-25 19 Kapellet Salmekveld Organistane og diakon 17 Eftasmesse Nattverd Ingibjørg Johannsdottir 10.30 Sundheim Nattverd. Jens Pette Ous 11 Kapellet. Familiegudsteneste. 10-årsfasen. Lys Våken. 11 Høgmesse Nattverd Ingibjørg Johannsdottir 19 Kveldsmesse Nattverd Jens Petter Ous 17 Eftasmesse Nattverd Ingibjørg Johannsdottir 17 Ljosmesse Konfirmantane og Jens Petter Ous 19 Ljosmesse/Konsert Konfirmant. i Kvikne og Barhaug og JP Ous 19 Kapellet Ljosmesse Konfirmantane og Ingibjørg Johannsdottir Kapellet 18 Vi syng jula inn 19 Ljosmesse Konfirmantane og Jens Petter Ous 18 Konsert med Skulekorpset og Musikkforeningen 11 Familiegudsteneste Vi pyntar til jul i kyrja Ingibjørg Johannsdottir 18 Konsert med kora i Skåbu Det kan koma endringar. Alle gudstenester vert annonsert i GD på fredagar. Sjå ellers nettsida: www.nord-fron.kirken.no 815 33 300
© Copyright 2024