Arealdel kommuneplan for Fedje kommune Revisjon 2015

Fedje kommune
Innkalling
av
Kommunestyret
Møtedato:
Møtestad:
Møtetid:
03.09.2015
Slissøyna/Skarvøyna i Fedje fleirbrukshall
18:15 - 19:30
Eventuelle forfall må meldast til Vidar Bråthen per tlf. 56165100, sms til 46954583
eller per epost til vidar.braathen@fedje.kommune.no
Varamedlemmer møter berre etter nærare avtale.
Sakliste
Saknr
040/15
041/15
042/15
043/15
044/15
045/15
Tittel
Godkjenning av møteinnkalling og sakliste
Godkjenning av møtebok
Arealdel kommuneplan for Fedje kommune. Revisjon 2015. Utlegging til offentleg
ettersyn.
Helse Bergen Tenesteavtale 8 - svangerskap, fødsel og barselsomsorg
Verksemdsmelding per 2. kvartal 2015.
Rekneskapsrapport 2. kvartal 2015.
27. august 2015
Kristin Handeland
møteleiar
Dagrun Gunnarson
sekretær
Fedje kommune
Sakspapir
Saksbehandler
Arkiv
Evy Uthaug
Saksnr
040/15
ArkivsakID
15/414
Utvalg
Type
Dato
Kommunestyret
PS
03.09.2015
Godkjenning av møteinnkalling og sakliste
Saksutgreiing:
Forslag til vedtak:
Møteinnkalling og sakliste vert godkjent.
Fedje kommune
Sakspapir
Saksbehandler
Arkiv
Evy Uthaug
Saksnr
041/15
ArkivsakID
15/414
Utvalg
Type
Dato
Kommunestyret
PS
03.09.2015
Godkjenning av møtebok
32T
Protokoll - Kommunestyret - 18.06.2015
Saksutgreiing:
Forslag til vedtak:
Møtebok frå sist møte vert godkjent.
Fedje kommune
Sakspapir
Saksbehandler
Arkiv
ArkivsakID
Øyvind Tolleshaug
FE - 142
15/374
Saksnr
Utvalg
Type
Dato
075/15
Formannskapet
PS
25.08.2015
042/15
Kommunestyret
PS
03.09.2015
Arealdel kommuneplan for Fedje kommune. Revisjon 2015. Utlegging til offentleg
ettersyn.
32T
001 Planskildring revisjon 2015
Saksutgreiing:
Bakgrunn for revisjon av plankartet til kommuneplanen.
Kommunestyret gjorde den 14. mars 2013 som sak 013/13 vedtak om kommuneplan for Fedje for
2012 – 2024. Vedtaket omfatta samfunnsdel, ROS-analyse, planskildring, konsekvensutgreiing,
plankart og føresegner. I vedtaket vart det ikkje teke omsyn til merknader som grunneigarane kom
med då planen låg ute til offentleg ettersyn.
I kommunestyremøtet den 14. mars 2013, vart det i sak 014/13, gjort vedtak om revisjon av
arealdelen av kommuneplanen. I denne saka var grunneigarane sine merknader drøfta og
rådmannen hadde tilråding til kva for ønske som skulle vera med i revidert arealdel til
kommuneplanen. Kommunestyret gjorde justeringar av tilrådinga i sitt vedtak.
Framlegg til revidert arealdel av kommuneplanen i samsvar med k-sak 014/13, er no ferdig. Denne er
kalla revisjon 2015.
Kommunestyret gjorde 24. april 2014 vedtak om planstrategi for kommunen. Revisjon av
kommuneplanen i samsvar med kommunestyrevedtak i sak 014/13, er med på oversynet over
prioriterte planoppgåver i planstrategien.
Om handsaminga av Revisjon 2015
I samsvar med første ledd i § 4-2 i plan- og bygningslova, er det laga planskildring for Revisjon 2015.
Framlegg til endringar i høve til kommuneplan for Fedje for 2012 – 2024, er synt på kart i
planskildringa saman med eksisterande plan ( side 9 til og med 22 ). Kart på side 23 syner ei samla
Fedje kommune
oversikt over endringane.
Det reviderte framlegget ( Revisjon 2015 ) vert no handsama i samsvar med § 11-15 første ledd,
andre punktum i plan- og bygningslova ( pbl ). Dette tyder at høyringa og handsaminga berre gjeld
dei delane som er endra i høve til planen som vart vedteken 14. mars 2014.
Konsekvensutgreiing må til dersom ein vil at areal som er LNF-område etter kommuneplan 20002012, skal verta byggeområde. Dersom ønsket om endring krev konsekvensutgreiing, krev det og
planprogram. Dette følgjer av § 4-1 første ledd i pbl. Eventuelt planprogram må på høyring før ein
startar arbeidet med revidert plan.
Om ein samanliknar plan 2000-2012 med 2012-2024, var det eit stor reduksjon av byggeområda.
Revisjon 2015 aukar byggeområdet. All auke av byggeområdet gjeld areal som etter kommuneplan
2000-2012, var byggeområde. Eit område er endra frå LNF til LNF-spreidd slik det var i plan 20002012. Revisjon 2015 er difor slik at det ikkje er krav om konsekvensutgreiing.
Nokre av grunneigarønska som kom då kommuneplan 2012-2024 var på høyring, krev
konsekvensutgreiing i samsvar med andre ledd i § 4-2 i pbl. Desse er det ikkje teke omsyn til.
Vedtak om å legga kommunplan ut på høyring i samsvar med § 11-14 i pbl, er ikkje delegert. Vedtak
om dette må difor gjerast av kommunstyret. Høyringsfristen er minimum 6 veker
Forslag til vedtak:
Fedje kommune gjer vedtak om å legga arealdel av kommuneplanen med føresegner
( Revisjon 2015 ) ut til offentleg ettersyn. Høyringa gjeld berre dei endringar som er gjort i Revisjon
2015 sett i høve til planen slik den vart vedteken av kommunestyret den 14. mars 2013.
På plankartet er det 13 endringar. Ei endring i føresegnene – punkt 3.2.
Formannskapet - 075/15
F - behandling:
F - vedtak:
Fedje kommune gjer vedtak om å legga arealdel av kommuneplanen med føresegner
( Revisjon 2015 ) ut til offentleg ettersyn. Høyringa gjeld berre dei endringar som er gjort i Revisjon
2015 sett i høve til planen slik den vart vedteken av kommunestyret den 14. mars 2013.
På plankartet er det 13 endringar. Ei endring i føresegnene – punkt 3.2.
Samrøystes vedteke.
Arealdel kommuneplan for Fedje kommune
Revisjon 2015
Planskildring
Framlegg juli 2015
ØT
Bakgrunn for revisjon av plankart
Kommunestyret gjorde den 14. mars 2013 som sak 013/13 vedtak om kommuneplan for Fedje for
2012 – 2024. Vedtaket omfatta samfunnsdel, ROS-analyse, planskildring, konsekvensutgreiing,
plankart og føresegner. I vedtaket vart det ikkje teke omsyn til merknader som grunneigarane kom
med då planen låg ute til offentleg ettersyn.
I kommunestyremøtet den 14. mars 2013, vart det i sak 014/13, gjort vedtak om revisjon av
arealdelen av kommuneplanen. I denne saka var grunneigarane sine merknader drøfta og
rådmannen hadde tilråding til kva for ønske som skulle vera med i revidert arealdel til
kommuneplanen. Kommunestyret gjorde justeringar av tilrådinga i sitt vedtak.
Om handsaminga
Det reviderte framlegget ( Revisjon 2015 ) vert no handsama i samsvar med §11-15 første ledd, andre
punktum i plan- og bygningslova ( pbl ). Dette tyder at høyringa og handsaminga berre gjeld dei
delande som er endra i høve til vedteken plan.
Konsekvensutgreiing må til dersom ein vil at areal som er LNF-område etter kommuneplan 20002012, skal verta byggeområde. Dersom ønsket om endring krev konsekvensutgreiing, krev det og
planprogram. Dette følgjer av § 4-1 første ledd i pbl. Planprogrammet må på høyring før ein startar
arbeidet med revidert plan.
Om ein samanliknar plan 2000-2012 med 2012-2024, vart det eit stor reduksjon av byggeområda.
Revisjon 2015 aukar byggeområdet. All auke av byggeområdet gjeld areal som etter kommuneplan
2000-2012, var byggeområde. Eit område er endra frå LNF til LNF-spreidd slik det var i plan 20002012.Revisjon 2015 er difor slik at det ikkje er krav om konsekvensutgreiing.
Nokre av grunneigarønska krev konsekvensutgreiing i samsvar med andre ledd i § 4-2 i pbl. Desse er
det ikkje teke omsyn til.
Oversyn over endringar i Revisjon 2015
Tabellen syner kva for eigedom den einskilde grunneigar ville ha endring av arealføremål for, kva
arealføremålet er i plan 2000-2012, kva arealføremålet er i plan 2012-2024, kva for arealføremål
grunneigaren vil ha og dei endringane som er med i Revisjon 2015 ( kolonne H ). Dei grunneigarane
som ikkje har fått tal i kolonne H, har ikkje fått ønsket sitt oppfylt. Grunngjeving for dette står i
saksutgreiinga i k-sak 014/13.
2
Framlegg frå :
Grunneigarar
A
Ingard Kahrs
Torill Horgen
Jan Mongstad
5 gr.eig. Moldøy/Skoth.
Hans Erik Waage
Karin og Alf Hestenes
Oddleif Stokholm
Egil Waage
Vidar Stormark
S. Ophaug/ M. Opsahl
Harald Husa
Alf Gullaksen
Nina Nygård Moldøy
B. Tangen / E. Færøy
Ørjan og Odrun Borge
X
Idar Tangen
Einar Kahrs
Lars Selmar Alsaker
Jan Bringeland
X
X
X
X
B
X
X
X
X
X
X
X
X
X
X
X
X
X
X
X
X
X
C
169/66
LNF-S
169/1
LNF-S
169/29
LNF
170
b
172/218, 228
b
169/121, 170
b
168/3
b og LNF
172/9,83,157
b
172/197
b
168/2, 228
b
172/101
b
168/17
b
172/232
b
168/30
b
172/79
LNF
b og
168/378
hamn
169/1
LNF-S
167/2
b
Framlegg frå kommunestyret 14. mars 2013:
Grunneigar: S. Ophaug/M. Opsahl
168/2,228
Framlegg frå administrasjonen i 2015 :
Einar Kahrs
Steine Invest og Kåre
Hestenes
Fedje kommune
Sigbjørn Rognsvåg
D
169/1
169/4, 171
168/519
168/27
b
E
F
G
LNF-S,
LNF
naust
LNF
LNF
LNF
LNF
LNF
LNF
LNF
Friområde
LNF
b og LNF
LNF
b og LNF
LNF
b
LNF-S
b
b
b
b
b
b
b
b
b
b
b
b
b
X
b, småbåt
naust
b og LNF
b
LNF
meir b
H
1
X
2
3
X
4
3
5
6
X
7
8
friområde
9
Feil ved byggegrense
Snuplass i Hesteneset er vorte
køyreveg
Endring byggeområde i samsvar med
dispensjasjon som er gjeve.
Nytt naustområde
10
11
12
A : Ønsker endring på eigen eigedom
B : Ønsker endring på andres eigedom
C : gnr/bnr
D : arealføremål i plan 2000-2012
E : arealføremål i plan vedteken av kommunestyret 14. mars 2013
F : grunneigar sitt ønske om arealføremål i ny plan
G : grunneigar sitt ønske krev konsekvensutgreiing
( endringa gjort på kart nr. 1 og kart nr 4, krev ikkje konsekvensutgreiing )
H : Ved handsaminga i kommunestyret i 2013 gjorde adm framlegg om endringar.
Kommunestyret slutta seg til desse og kom i tillegg med framlegg til endringar
Tal i kolonne H syner til kart der endringane er synt.
LNF-S = LNF med spreidd utbygging
b = byggeområde
3
Generelt om endringane
Gamal plan = arealdel kommuneplan 2000-2012.
Ny plan = arealdel kommuneplan 2012-2024 som gjeld pr i dag.
Revisjon 2015 = framlegg til endringar av eksisterande plan
Der byggeområda er endra i Revisjon 2015, er byggegrensa endra tilsvarande.
Om dei einskilde endringane
Kart som syner endringane, finn ein på side 9 til 21. På side 22 er det eit kart som syner dei samla
endringane. På side 23 er teiknforklaringa til kommuneplanen.
Ingard Kahrs – kart nr. 1 :
Merknaden frå Ingard Kahrs gjeld arealet nord for naustområdet i Sulefjæra. Arealet er etter
gamal plan sett av til LNF-område med høve til spreidd utbygging. Etter ny plan er arealet
LNF-område. Ingard Kahrs vil at området vert byggeområde.
Å gjera området om til byggjeområde vil krevja planprogram og konsekvensutgreiing. Omådet er i
Revisjon 2015 ført attende til LNF-område med høve til spreidd utbygging slik det var i gamal plan.
Byggegrensa mot sjø er justert tilsvarande. Området vert ein del av eit større LNF-område med høve
til spreidd utbygging.
5 grunneigarar på. Moldøy/Skotholmen – kart nr. 2 :
Dei 5 grunneigarane er : Haldis Moldøen ( 170/2 ), Stian Rogsvåg ( 170/3 ), Oddleif
Stokholm ( 170/1 ), Karstein Moldøen ( 170/12,55 ), Karin Moldøen ( 170/5,38,53,65 ).
Heile Lyngskotholmen, Skotholmen og Moldøy er etter gamal plan byggeområde. Etter ny
plan er den søre delen som er teke i bruk, byggeområde. Dei nordre delane av holmane er i ny
plan LNF-område. Dei 5 vil at alt areal på holmane framleis vert byggeområde.
Deler av området som etter ny plan er LNF-område, vil ikkje vera muleg å ta i bruk som byggeområde
fordi det er for verhardt.
Mot nordvest er byggeområdet utvida i samsvar med f-sak 039/13. Denne saka var eit rammeløyve
for fritidsbustad som vart handsama etter gamal plan. Mot søraust er byggeområdet utvida slik at
tomt for bustad frådelt i 2013 etter gamal plan, kjem innafor byggeområdet ( 170/73 ).
Hans Erik Waage og Egil Waage – kart nr. 3 :
Merknaden frå Egil Waage gjeld 172/9, 172/83 og 172/157. Bustaden står på 172/157.
Heile bnr. 9 som er innmark, var i gamal plan byggeområde saman med 35 mål av utmarka ( bnr. 83 ).
Over halvparten av innmarka er i ny plan vorte LNF. Waage ber om at LNF vert gjort om til LNFspreidd.
Merknaden frå Hans Erik Waage gjeld 172/228 som er bustaden han bur i og 172/218 om er
ei nausttomt med eit lite naust på.
4
Når det gjeld utmarka, er største delen LNF både etter gamal og ny plan. Byggeområdet i
utmarka er om lag halvert etter ny plan.
I gamal plan gjekk byggeområdet her heilt ned til sjøen. Nausttomta ( 172/218 ) er i ny plan LNF. Det
er og delar av bustadtomtene til Egil Waage og Hans Erik Waage.
At delar av bustadtomtene har vorte LNF-område i ny plan, har samanheng med den
funksjonelle strandsona slik denne vart definert av AsplanViak i landskapsanalysen. Arealet
mellom den funksjonelle strandsona og sjøen, er i ny plan i dette området sett av til LNFområde.
Å fastleggja kor grensa til den funksjonelle strandsona går, er til dels ei oppgåve som
er å utøve skjøn. For nokre område har vi sagt oss usamd i dei vurderingane som AsplanViak
gjorde i landskapsanalysen når det gjeld å fastleggja kor grensa for den funksjonelle
strandsona går. Dette er tydeleg mellom anna på Nygård. I det aktuelle området har vi i ny plan halde
oss til landskapsanalysen
Eigedomen 172/228 er på vel 2 mål. Kortaste avstand frå eigedomen til sjø, er 70 m. Å seia at
halvparten av den er i LNF-område når den har vore byggeområde tidlegare, er uheldig. Eigedomen
vart frådelt i 2010. Heile eigedomen 172/228 vert liggande i byggjeområde i Revisjon 2015.
Tilsvarande for 172/157.
Ved grensa mellom innmark og utmark, er det to naust. Det eine står på bnr. 218, det andre på bnr.
83. Desse ligg etter gamal plan i byggeområde og etter ny plan i LNF-område. Eg gjer framlegg og at
det her vert sett av eit naustområde med ei lengde langs strandlinja på om lag 40 m. Området
omfattar dei to eksisterande nausta. Dei tek halvparten av strandlinja på 40 m.
Området som etter gamal plan var byggeområde, vert LNF-spreidd i Revisjon 2015. Punkt 5.5 i
føresegnene vert endra til :
3.2
Område sett av til LNF-spreidd busetnad kan i planperioden byggjast ut/frådelast med
definert omfang i lista under. Heimel : pbl § 11-11 nr. 2.
Områdenamn
Kahrs
Stormark
Sildevågen
Omfang
10
10
5
Oddleif Stokholm – kart nr. 4 :
Merknaden frå Oddleif Stokholm gjeld 167/3 som ligg nord for Varden hyttefelt. Eigedomen
har eit areal på 16 mål.
16 % av eigedomen ligg i byggeområde etter gamal plan. 84 % av eigedomen er LNF-område
etter gamal plan. Heile eigedomen er LNF-område etter ny plan.
5
Oddleif Stokholm ber om at det som var byggeområde etter gamal plan, framleis vert
byggeområde pluss at litt av det som var LNF etter gamal plan, vert byggjeområde. Han ber
om få utvikla eigedomen på lik linje som Varden hyttefelt.
Å gjera det som er LNF-område etter gamal plan om til byggjeområde, vil krevja planprogram
og konsekvensutgreiing.
Merknaden frå Oddleif Stokholm vert imøtekomen slik at 1,7 mål av eigedomen vert byggeområde i
Revisjon 2015. Dette er 65 % av arealet som var byggeområde etter gamal plan. Resten er det ikkje
forsvarleg å bygga på.
Nina Nygård Moldøy – kart nr. 5
Merknaden frå Nina Nygård Moldøy gjeld 172/232. Eigedomen ligg på sørsida av vegen
Fedjemarka. Etter gamal plan er heile eigedomen sett av til byggeområde. Etter ny plan er
eigedomen LNF-område.
Nina Nygård Moldøy ber om at den delen av eigedomen mot aust som ikkje er myr,
vert byggjeområde.
Årsaka til at eigedomen er vorte LNF-område i ny plan, er vi har sett det som uheldig at
området kring Grønevasstjørna var byggeområde. På sørsida at vatnet er det dessutan berre ei
smal stripe mellom nedslagsfeltet til Storavatnet ( drikkevasstjelde ) og Grønevasstjørna. I
prosessen med å laga planen har vi her vore for harde. Delar av området på austsida av vatnet,
attmed vegen som leiar til eigedomen til Sissel Storemark, kunne vore byggeområde sjølv om
det er LNF-område kring vatnet. Situasjonen er den same for bustadhuset på 172/16 som for
eigedomen til Nina Nygård Moldøy.
Merknaden frå Nina Nygård Moldøy vert delvis imøtekomen med justering av grensa for
byggeområdet. Tilsvarande for 172/16 og for 172/106.
I dette området manglar det byggegrense mot Grønevasstjørn og Husavatnet. Dette er no kome
med. Byggegrensa ligg i skiljet mellom byggeområde og LNF-område.
Berit Tangen og Else Færøy – kart nr. 6 :
Merknaden frå Berit Tangen/Else Færøy gjeld 168/30 sin parsell ved Sildevågen. Parsellen har
eit areal på 29 mål pluss Sildegardsholmen på 3 mål. Etter gamal plan er heile parsellen sett
av til byggeområde. Etter ny plan er 14 mål byggeområde. Etter ny plan er det krav om
reguleringsplan for byggeområdet.
Berit Tangen/Else Færøy vil at det skal vera muleg å byggja naust, leggja ut flytebrygger osv.
langs strandlina. Dei meiner byggeområdet får betre kvalitetar om dette vert muleg.
6
I føresegnene står det følgjande om naustområdet Sildevågen :
2.1.1
Området som er lagt ut til naust og småbåthamn i sjø i Sildevågen, nummerert som
27 i plankartet, skal inngå i reguleringsplanen for utvidinga av feltet Husøyna, merka
som nr 2 i plankartet. Heimel: pbl § 11-9 nr.1.
Synspunktet til Berit Tangen/Else Færøy om tilknytning til sjø for nye bustadtomter, er difor
teke omsyn til.
Naustområdet i Sildevågen vart redusert etter at kommunen møtte statlege og
fylkeskommunale organ i planforum den 24. april 2012. Før møtet, omfatta naustområdet
heile strandlinja til 168/30.
I 2011 vart det frådelt ein nausttomt frå eigedomen til Tangen/Færøy. Denne ligg attmed
området regulert til naust. Eg synes det er uheldig at ei tomt som er frådelt for kort tid tilbake,
ikkje vert muleg å nytta. Eg gjer difor framlegg om at naustområdet i Sildevågen vert justert i
revidert plan slik at 168/490 vert ein del av naustområdet.
Idar Tangen - kart nr. 7 :
Merknaden frå Idar Tangen gjeld grense for område med krav til reguleringsplan på austssida
av Rognsvågen, sone nr. 1 ( # 1 ).
Idar Tangen vil at denne grensa vert endra slik at det vert samsvar mellom reguleringsplan som han
har fremja og kommuneplanen.
Reguleringsplanen vart vedteken av kommunestyret 27. februar 2014. Merknaden vert imøtekomen.
Lars Selmar Alsaker - kart nr. 8 :
Merknaden frå Lars Selmar Alsaker gjeld 167/2 og 167/5. Alsaker eig begge eigedomane.
Eigedomen 167/2 har fleire teigar. Parsellen ved Rognsvågen har eit areal på 11 mål. 1,7 mål
er sett av byggeområde i ny plan. Eigedomen 167/2 omkransar 167/5. Det er noko uklårt kor
167/5 ligg.
På byggeområdet i ny plan står bustadhuset og naustet som høyrer til eigedomen. Framfor
naustet er det i sjø areal for småbåthamn. I gamal plan er heile parsellen byggeområde. Heile
parsellen ligg i den funksjonelle strandsona.
Lars Selmar Alsaker vil at byggeområdet i ny plan vert større. Han har levert kart som syner
dette. Merkanden vert imøtekomen.
7
Framlegg frå kommunestyret – kart nr. 9 :
Kommunestyret gjorde følgjande vedtak i k-sak 014/13 :
Magnhild Opsahl og Solveig Ophaug sin eigedom i Løbrekko: Redusere friområdet noko, så det ved
ein eventuell vegutbygging vert plass til oppbygging av ny løe.
Framlegg frå administrasjonen - kart nr. 10 :
I tredje ledd i § 1-8 i plan- og bygningslova, står det :
Forbudet etter andre ledd gjelder så langt ikke annen byggegrense er fastsatt i kommuneplanens
arealdel eller reguleringsplan, jf. §§ 11-9 nr. 5 og 12-7 nr. 2.
Forbodet i andre ledd er det generelle forbodet i 100-metersbeltet.
Regelen i kommuneplan 2012-2024 er at det er sett ei byggegrense i kanten av byggeområda og LNFspreidd. På Mulen er det gjort det eg vil kalla ein feil. Eit byggeområde i sjøkanten ligg utan
byggegrense. Dette er retta opp i Revisjon 2015.
Framlegg frå administrasjonen - kart nr. 11 :
Snuplass der vegen til Hesteneset sluttar, er hamna i LNF-område. I revisjon 2015 er snuplassen
køyreveg.
Framlegg frå administrasjonen - kart nr. 12 :
Byggeområdet i Husøyna er utvida i samsvar med vedteken dispensjasjon. K-sak 005/15 og dftm-sak
012/15.
Framlegg frå administrasjonen - kart nr. 13 :
Landområda kring heile Rognvågen var i gamal plan byggeområde. Ein del av dei ytre delane er i ny
plan gjort om til LNF-område. Dette er område som var og er ubebygde. For ein stor del er dei for
verharde til å byggja ut. Etter ønske frå grunneigar gjer vi framlegg om eit nytt naustområde ved
enden av Sjånesvegen. Nausta i det nye området vil koma nær eksisterande naust og fritidsbustader.
8
1
KOMMUNEPLAN 2012-2024. UTSNITT AV VEDTEKEN PLAN. Gnr.169, bnr. 66. Ingard Kahrs
KOMMUNEPLAN 2012-2024. FRAMLEGG TIL ENDRING. Gnr.169, bnr. 66. Ingard Kahrs.
Endring frå LNF til LNF-S ( var LNF-S i kommuneplan 2000-2012 )
9
2
KOMMUNEPLAN 2012-2024. UTSNITT AV VEDTEKEN PLAN. Moldøy/Skotholmen.
KOMMUNEPLAN 2012-2024. FRAMLEGG TIL ENDRING. Gjeld gnr.170, bnr. 1, 2, 3, 5, 8, 73
og 74.
Endring frå LNF til Byggningar og anlegg ( var byggeområde i kommuneplan 2000-2012 )
10
3
KOMMUNEPLAN 2012-2024. UTSNITT AV VEDTEKEN PLAN. Sildevågen..
KOMMUNEPLAN 2012-2024. FRAMLEGG TIL ENDRING. Gjeld deler av gnr. 172, bnr. 9, 28,
83, 157 og 228. Endring frå LNF til LNF-spreidd ( var byggeområde i kommuneplan 20002012 ). Utvida byggeområdet ved gnr. 172, bnr. 157 og bnr. 228. Laga naustområde.
11
4
KOMMUNEPLAN 2012-2024. UTSNITT AV VEDTEKEN PLAN. Gnr. 167, bnr. 3
KOMMUNEPLAN 2012-2024. FRAMLEGG TIL ENDRING. Gjeld del av gnr. 167, bnr. 3.
Endring frå LNF til Byggningar og anlegg ( var byggeområde i kommuneplan 2000-2012 ).
12
5
KOMMUNEPLAN 2012-2024. UTSNITT AV VEDTEKEN PLAN. Gnr. 172, bnr. 16, 106 og 232.
KOMMUNEPLAN 2012-2024. FRAMLEGG TIL ENDRING. Gjeld del av gnr. 172, bnr. 16, 106
og 232. Endring frå LNF til Byggningar og anlegg ( var byggeområde i kommuneplan 20002012 ).
13
6
KOMMUNEPLAN 2012-2024. UTSNITT AV VEDTEKEN PLAN. Gnr. 168, bnr. 490.
KOMMUNEPLAN 2012-2024. FRAMLEGG TIL ENDRING. Gjeld gnr. 168, bnr. 490. Endring frå
LNF til Naust ( var byggeområde i kommuneplan 2000-2012 ).
14
7
KOMMUNEPLAN 2012-2024. UTSNITT AV VEDTEKEN PLAN.
KOMMUNEPLAN 2012-2024. FRAMLEGG TIL ENDRING. Planen er tilpassa vedteken privat
reguleringsplan. Idar Tangen.
15
8
KOMMUNEPLAN 2012-2024. UTSNITT AV VEDTEKEN PLAN. 167/2.
KOMMUNEPLAN 2012-2024. FRAMLEGG TIL ENDRING. 167/2. Byggeområde tilhøyrande
167/2 er utvida. ( var byggeområde i kommuneplan 2000-2012 )
16
9
KOMMUNEPLAN 2012-2024. UTSNITT AV VEDTEKEN PLAN. Løebrekko.
KOMMUNEPLAN 2012-2024. FRAMLEGG TIL ENDRING. Gjeld del av gnr. 168, bnr. 2.
Endring frå Friomåde til Byggningar og anlegg ( var byggeområde i kommuneplan 20002012 ).
17
10
KOMMUNEPLAN 2012-2024. UTSNITT AV VEDTEKEN PLAN. MULEN.
KOMMUNEPLAN 2012-2024. FRAMLEGG TIL ENDRING. Retting av feil. Nytt byggområde
mellom to eks. byggeområde manglar byggegrense.
18
11
KOMMUNEPLAN 2012-2024. UTSNITT AV VEDTEKEN PLAN. HESTENESET.
KOMMUNEPLAN 2012-2024. FRAMLEGG TIL ENDRING. Snuplass i Hesteneset er vorte
køyreveg. ( var byggeområde i kommuneplan 2000-2012 )
19
12
KOMMUNEPLAN 2012-2024. UTSNITT AV VEDTEKEN PLAN.
KOMMUNEPLAN 2012-2024. FRAMLEGG TIL ENDRING. Utviding av byggeområde i samsvar
med vedteken dispensasjon. ( var byggeområde i kommuneplan 2000-2012 )
20
13
KOMMUNEPLAN 2012-2024. UTSNITT AV VEDTEKEN PLAN.
KOMMUNEPLAN 2012-2024. FRAMLEGG TIL ENDRING. Gnr. 168, bnr. 27. Nytt
naustområde. ( var byggeområde i kommuneplan 2000-2012 )
21
Kvite felt var byggeområde i kommuneplan 2000-2012. I kommuneplan 2012-2024, vart dei LNF-område. I Revisjon 2015 er dei igjen bygningar og anlegg.
Teiknforklaring til arealdel kommuneplan 2012-2024 som vart vedteken 14. mars 2013
Fedje kommune
Sakspapir
Saksbehandler
Arkiv
ArkivsakID
Grete Herøy
FA - G67
15/315
Saksnr
043/15
Utvalg
Type
Dato
Kommunestyret
PS
03.09.2015
Helse Bergen Tenesteavtale 8 - svangerskap, fødsel og barselsomsorg
32T
Tenesteavtale 8 m rutiner
Tenesteavtale 8 til behandling i kommunestyra og styra i føretaket.
rutiner tenestavtale 8
Saksutgreiing SUA - TA 8 med rutiner - 130515
Saksutgreiing:
Bakgrunn
Denne tenesteavtalen handlar om samhandling innan svangerskap – fødsels- og barselomsorga, og er
ein overordna avtale mellom Helse Bergen, Haraldsplass diakonale Sjukehus og dei 22 kommunane i
lokalsjukehusområdet. Revisjon av avtalen er er sett i gang av fleire grunnar, ikkje minst etter innspel
frå kommunane i Nordhordland.
Avtalen gjeld for samhandling på område 5. 8 i Nasjonal rettleiar for
lovpålagde avtalar mellom kommunar og føretak, Avtale om jordmortenester; heretter kalla Avtale
om samhandling innan
svangerskaps-, fødsels- og barselomsorga:
- Korleis tilrådingane i «Et trygt fødetilbud» skal innfriast
- Korleis tilrådingane i «Nytt liv og trygg barseltid for familien retningslinjer for barselomsorga» skal innfriast
- Korleis tverrfagleg samarbeid og utveksling av informasjon
mellom nivåa skal ivaretakast
- Korleis utviklinga av ei desentralisert og differensiert
svangerskaps- fødsels- og barselomsorg skal gjennomførast
- Samarbeidsarenaer
- Følgjetenesta, herunder organisering av beredskap for
Følgjeteneste
For dei kommunane som har gravide og fødande med reiseveg over 1,5
time til fødeavdeling skal det inngåast særavtalar. Obstetrisk eining
skal ta initiativet til å inngå slik særavtale der det er naudsynt.
Fedje kommune
Vurdering
Avtalen er ei vidareføring og forbetring av den tidlegare inngåtte avtalen og utdjuping av rutinar
knytt til svangerskap, fødsels og barselsomsorg. Ein svært viktig del for Fedje er særavtalen med
tilbodet til dei som har lengre enn 1,5 timereiseveg. Det vart inngått særavtale mellom Fedje og
Helse Bergen i mars 2013. Det er ført samtalar om revisjon og vidareføring av denne, og det arbeidet
er på det næraste avslutta. Avtalen vert vidareført utan vesentlege endringar og innheld framleis det
som er eit svært sentral punkt:
Utdrag frå dagens særavtale:
Folkehelse: Det er avgjerande at alle forhold rundt svangerskap, fødsel og barsel omsorg er godt
ivaretatt. Avtalen skal sikra at alle fødande får ein optimal tenestetilbod på alle nivå.
Miljø
Økonomi : Avtalen har ingen økonomiske konsekvensar
Konklusjon
Tenesteavtale 8 har blitt utarbeida/revidert med verknad frå fagfolk og Samarbeidsutvalet sluttar
seg til den saman med rutiner for gjennomføring. Det er grunn til å gå inn for det arbeidet som er
gjort og tilrådinga frå Samarbeidsutvalet. Den lokale særavtalen blir vidareført og sikrar viktige
forhold for fødande frå Fedje.
Fedje kommune har tidlegare inngått avtale med Austrheim om jordmorteneste, som framleis gjeld
Forslag til vedtak:
Fedje kommune vedtek
Fra:
Sendt:
Til:
Kopi:
Emne:
Vedlegg:
Høgelid, Magne Ståle <magne.stale.hogelid@helse-bergen.no>
9. juni 2015 14:42
HBE, Postmottak kommuner
Holmedal, Siv; Garnes, Ingrid Johanne; Anne Hildegunn Færøy; Aspevik,
Mette; Hans Atle Soldal; Høgelid, Magne Ståle; Ingrid.H.Rabben; Kvalheim,
Anne; Linn Kastel; Vestrheim, Eirik
Tenesteavtale 8 m/ rutiner
Tenesteavtale 8 til behandling i kommunestyra og styra i føretaket..doc;
rutiner tenestavtale 8.docx; Saksutgreiing SUA - TA 8 med rutiner 130515.doc
Tenesteavtale 8 - Samhandling innan svangerskapsfødsels- og barselomsorga
Samarbeidssekretariatet(SSE) oversender med dette ny tenesteavtale 8 til alle kommunane i
føretaksområdet for vidare oppfølging.
Samarbeidsutvala har i sine møter i mai 2015 tilrådd at kommunane vedtar avtalen.
Vi ber om at avtalen blir politisk handsama så raskt som råd, fortrinnsvis innan 30 september.
Vi oversender også rutinar for samhandling knytt til tenestavtale 8 som er vedtatt av
samarbeidsutvala for oppfølging saman med avtalen.
Til orientering legg vi også ved saksutgreiinga som vart lagt fram for samarbeidsutvala.
Vi ber om at politisk vedtak og signert avtale blir returnert til samarbeidssekretariatet på
følgjande adresse:
Helse Bergen, Føretakssekretariatet, Postboks 1400, 5021 Bergen.
Mvh Magne Høgelid
Koordinator SSE.
55975707/97493483
1
Tenesteavtale 8 - Samhandling innan svangerskapsfødsels- og barselomsorga
1.
Partar
Avtalen er inngått mellom Helse Bergen HF og kommunane i
føretaksområdet i juni 2012 og er revidert i mai 2015. Eidfjord
kommune er ny part i den reviderte avtalen.
2.
Bakgrunn
Avtalen byggjer på
2.1. Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester av 14. juni 2011
(helse- og omsorgstenestelova),
kapittel 6 og Lov om spesialisthelsetjenesten m.m. av 2. juli
1999 (spesialisthelsetenestelova) § 2-1 e.
2.2. Overordna samarbeidsavtale om samhandling mellom
kommunale helse- og omsorgstenester (1. linje) og
spesialisthelsetenesta (2. linje)
2.3. Tenesteavtale 3 og 5 for samarbeid om innlegging i og
utskriving frå spesialisthelsetenesta innan somatisk sektor.
2.4. Grunnlagsdokument for samhandling mellom Helse Bergen HF,
Haraldsplass Diakonale Sjukehus AS og dei 22 kommunane i
lokalsjukehusområdet.
2.5. Områdeplan for svangerskaps- fødsels- og barselomsorga i Helse
Bergen sitt opptaksområde (2010)
2.6. Eksisterande Tenesteavtale 8 (juni 2012) mellom Helse Bergen
og dei 22 kommunane i føretaksområdet
2.7. Spesialisthelsetenestelova, helse- og omsorgstenestelova og
pasient- og brukarrettslova med tilhøyrande forskrifter
3.
Formål
3.1.
3.2.
3.3.
3.4.
3.5
3.6.
4.
Sikre kontinuitet i behandling og oppfølging av gravide, fødande,
barselkvinner og det nyfødde barnet
Sikre at helsetenestene blir ytt på rett nivå og til rett tid
Forankre samarbeidet mellom likeverdige partar, med den
gravide/mor/barn/familien sitt beste i fokus.
Avklare oppgåvedeling, kompetansebehov og ansvarstilhøve i
samarbeidet om enkeltbrukarar/pasientar ved inn- og utskriving
frå obstetrisk eining i spesialisthelsetenesta.
Sikre forsvarleg og kontinuerleg dialog og samhandling mellom
og innafor behandlingsnivåa
Redusere risiko for uønska hendingar
Verkeområde
Avtalen gjeld for samhandling på område 5. 8 i Nasjonal rettleiar for
lovpålagde avtalar mellom kommunar og føretak, Avtale om
Tenesteavtale om samhandling innan svangerskaps-; fødsels- og barselomsorg mellom obstetrisk eining ved Voss sjukehus/
Kvinneklinikken i Helse Bergen HF, og kommunane i opptaksområdet - revidert i november 2014
2
jordmortenester; heretter kalla Avtale om samhandling innan
svangerskaps-, fødsels- og barselomsorga:
4.1. Korleis tilrådingane i «Et trygt fødetilbud» skal innfriast
4.2. Korleis tilrådingane i «Nytt liv og trygg barseltid for familien retningslinjer for barselomsorga» skal innfriast
4.3. Korleis tverrfagleg samarbeid og utveksling av informasjon
mellom nivåa skal ivaretakast
4.4. Korleis utviklinga av ei desentralisert og differensiert
svangerskaps- fødsels- og barselomsorg skal gjennomførast
4.5. Samarbeidsarenaer
4.6. Følgjetenesta, herunder organisering av beredskap for
følgjeteneste
For dei kommunane som har gravide og fødande med reiseveg over 1,5
time til fødeavdeling skal det inngåast særavtalar. Obstetrisk eining
skal ta initiativet til å inngå slik særavtale der det er naudsynt.
5.
Omgrepsavklaringar
5.1.
5.2.
5.3.
Med obstetrisk eining forstår vi føde/barselavdelinga ved Voss
sjukehus og Kvinneklinikken ved Haukeland
Universitetssjukehus
Med kommunen forstår vi den kommunale jordmor, helsestasjons- og fastlegetenesta. Dette inkluderer
kommunal/interkommunal legevakt og private tenester der
kommunen har driftsavtale med slike
Med varsling forstår vi ein strukturert kommunikasjon
(fødselsrapport/epikrise) frå spesialisthelsetenesta til ei på
førehand oppgitt kontaktadresse i kommunen
(jordmor/fastlege/helsestasjon)
6. Partane sine kontaktpunkt og regulering av tidsrom for
kontakt
6.1.
6.2.
6.3.
7.
Kommunen har ansvar for at obstetrisk eining har oppdaterte
oversikter over kontakttelefonar, fortrinnsvis
mobiltelefon/direktenummer. Dette gjeld også endringar under
ferieavvikling
Kommunen har ansvar for at obstetrisk eining til ei kvar tid har
oppdaterte adresser til dei aktuelle helsestasjonane
Obstetrisk eining har ansvar for at fastlegar og jordmødrer i
kommunane har oppdatert oversikt over dei telefonnummer som
skal nyttast både på dag – og vakttid ved behov for konsultasjon
med lege eller jordmor ved obstetrisk eining
Felles rutine/retningslinje og samarbeidsmøte
På bakgrunn av denne tenesteavtalen skal det utarbeidast ei felles
rutine/retningslinje for samhandling innan svangerskaps- fødsels- og
barselomsorga mellom obstetrisk eining og kommunane. .
Tenesteavtale om samhandling innan svangerskaps-; fødsels- og barselomsorg mellom obstetrisk eining ved Voss sjukehus/
Kvinneklinikken i Helse Bergen HF, og kommunane i opptaksområdet - revidert i november 2014
3
Rutina/retningslinja må forankrast i dei overordna samarbeidsutvala,
og kan endrast gjennom felles administrative prosessar.
Det skal gjennomførast faste samarbeidsmøte mellom obstetrisk eining
og kommunane vedrørande rutina/retningslinja to gonger årleg, eller
når ein av partane ber om det. Obstetrisk eining har ansvar for
innkalling til slike møte. Ved behov kan partane avtale andre typer
samarbeids-/informasjonsmøter.
8.
Handtering av usemje/avvik, tvisteløysing, herunder
misleghald
8.1.
8.2.
8.3.
8.4.
9.
Vedr uønska hendingar: Det vert vist til retningslinje for avvik i
overordna samarbeidsavtale:
http://www.saman.no/2836.2079.Retningslinje-for-avvik.html
I tilfelle motstrid mellom denne avtalen og eventuelle særavtalar
skal denne avtalen ha forrang
Usemje og tvist skal løysast i tråd med overordna
samarbeidsavtale
Konsekvensen av eventuelle avtalebrot er regulert i overordna
samarbeidsavtale
Varigheit, revisjon og oppseiing
9.1.
9.2.
9.3.
9.4.
Avtalepartane pliktar å gjera avtaleverket kjent for eigne tilsette,
samt sikra etterleving av avtalen i eigen organisasjon
Avtalen trer i kraft frå 1.06.2015 og gjeld til ein av partane seier
opp avtalen, med eitt års oppseiingsfrist, jfr. Helse- og
omsorgstenestelova prg. 6-5, andre lekk
Partane er samde om å gå gjennom avtalen innan desember
kvart år med sikte på å avdekke behov for eventuelle oppdateringar; første gong desember 2016
Kvar av partane kan krevja avtalen revidert dersom vesentlege
føresetnader for avtalen vert endra
Dato:_______
…………………..
Sign. kommune
Dato:________
……………………
Sign. Helse Bergen HF
Tenesteavtale om samhandling innan svangerskaps-; fødsels- og barselomsorg mellom obstetrisk eining ved Voss sjukehus/
Kvinneklinikken i Helse Bergen HF, og kommunane i opptaksområdet - revidert i november 2014
Rutinar for samhandling innan svangerskaps- fødselsog barselsomsorga mellom Helse Bergen HF og
kommunane i opptaksområdet samt Eidfjord
kommune.
Rutinen er tufta på Tenesteavtale 8 og utdjupar denne.
1.
Rutinar for samhandling i svangerskapsomsorga
1.1.
1.2.
1.3.
1.4.
1.5.
1.6.
1.7.
1.8.
2.
Helsekortet for gravide er det viktigaste samhandlingsdokumentet og har status som innleggingsskriv. Det er naudsynt
at begge partar tar ansvar for at det til ei kvar tid er korrekt
utfylt og oppdatert
Kommunane skal ha eit tilbod til alle gravide om oppfølging hos
fastlege/jordmor i svangerskapet i tråd med Nasjonale
retningslinjer for svangerskapsomsorg. Gravide skal ha ei reell
valgmuligheit om oppfølging hos fastlege og/eller jordmor
Kommunen har ansvar for at alle gravide får tilbod om
livsstilsamtale med jordmor eller fastlege, etter gjeldande faglege
retningslinjer
Kommunen har ansvar for at alle helsestasjonar får oppdatert
kompetanse innan ammestart og er godkjente som «ammekyndig
helsestasjon»
Den kommunale helse- og omsorgstenesta (heretter;
kommunehelsetenesta) og sjukehuset skal samarbeide om
sårbare familiar med tanke på psykiske problem, stressande
livssituasjonar, rusmisbruk eller andre tilhøve som kan virke inn
på svangerskaps, fødsel- og barseltid
Eventuell individuell plan skal vera forankra i kommunen med
spesialisthelsetenesta som ressurs
Obstetrisk eining skal legge til rette for at gravide som vert
tilviste til spesialisthelsetenesta får ei koordinert og heilskapleg
oppfølging
Obstetrisk eining skal tilby gravide som ynskjer det; omvising i
fødeavdelinga; anten ved at den gravide/paret besøkjer
sjukehuset eller ved å tilby nettbasert informasjon på sjukehuset
sine heimesider
Rutinar for samhandling ved innlegging
2.1.
2.2.
2.3.
Obstetrisk eining har ansvar for at oppdatert web-basert
metodebok er tilgjengeleg for kommunehelsetenesta
Jordmor i kommunehelsetenesta/innleggande lege kan ringe 55
97 42 00 (KK) eller 56 53 35 70 (Voss) ved behov for
rådgjeving/kontakt med obstetrisk eining
Innleggande lege skal kunne konferere med sjukehusets bakvakt
per telefon før innlegging for øyeblikkeleg hjelp, for å drøfte ei
1
2.4.
2.5.
2.6.
3.
Rutinar for samhandling når gravide/mor og barn er innlagt i
sjukehus
3.1.
3.2.
3.3.
3.4.
3.5.
4.
best mulig oppfølging av pasienten. Endeleg avgjerd av om
innlegging er nødvendig vert tatt av innleggande lege
Fødande tek sjølv direkte kontakt med obstetrisk eining ved
teikn på at fødsel er i gang, via innleggingstelefonen for fødande:
55 97 22 00 (KK), 56 53 35 70 (Voss). Den gravide/fødande skal
vera orientert om å ta med seg helsekort for gravide samt
aktuelle blodprøvesvar og brev. Kommunehelsetenesta har
ansvaret for å orientere kvinna om dette.
Informasjon som skal følgje den gravide/fødande ved innkomst
til sjukehus er fullstendig utfylt helsekort for gravide, svar frå
blodtyping etc., og dette skal dokumenterast i elektronisk
journalsystem
Dersom pasienten har behov for ambulanse til sjukehuset, skal
slik transport bli rekvirert av jordmor/lege i sjukehuset etter at
kvinna har vendt seg direkte dit, eller av jordmor i kommunen/
fastlege/innleggande lege/legevakt
Det skal varslast om fødsel så snart som mogeleg etter barnet er
fødd, ved at obstetrisk eining sender første versjon av
Fødselsrapport per A-post til den aktuelle helsestasjonen.
Sjukehuset har ansvar for å vurdere mor/barn/familien sine
behov for kommunale helse- og omsorgstenester etter utskriving
Sjukehuset skal i samråd med mor – og/eller etter interne
rutinar – ivareta kontakten mot pårørande under opphaldet
All kontakt mellom sjukehuset og kommunehelsetenesta skal
dokumenterast i elektronisk journal. Ved telefonisk kontakt skal
nøyaktig klokkeslett og fullt namn på den ein har snakka med
skrivast ned
For å avklare evt oppfølgingsbehov utover standard (til dømes
der kvinna treng hjelp i heimen) kan det avtalast
vurderingsbesøk/samarbeidsmøte. Dette skal skje i samråd med
pasienten. Kommunen kan ikkje krevje søknad frå pasient for å
etablere naudsynte helsetenester i ein overgangsperiode etter eit
sjukehusopphald. Ved ynskje frå pasient, og der det kan vera
aktuelt med langvarige nye tenester, skal spesialisthelsetenesta
likevel hjelpe med å sende skriftleg søknad om tenester
Rutinar for samhandling ved utskriving frå
spesialisthelsetenesta
4.1.
Sjukehuset har ansvar for å vurdere når mor/barn er
utskrivingsklare.
Vilkår for at ein pasient er utskrivingsklar går fram av Forskrift
om kommunal medfinansiering av spesialisthelsetjenesten og
kommunal betaling for utskrivningsklare pasienter § 9 der det
står:
«En pasient er utskrivningsklar når lege på sykehus vurderer at
det ikke er behov for ytterligere behandling i
2
4.2.
4.3.
4.4.
4.5.
4.6.
spesialisthelsetjenesten. Vurderingen skal være basert på en
individuell helsefaglig vurdering, og følgende punkter skal være
vurdert og dokumentert i pasientjournalen
a) problemstillingen(e) ved innleggelse, slik disse var formulert av
innleggende lege, skal være avklart
b) øvrige problemstillinger som har fremkommet skal være
avklart
c) dersom enkelte spørsmål ikke avklares skal dette redegjøres
for
d) det skal foreligge et klart standpunkt til diagnose(r), og videre
plan for oppfølging av pasienten
e) pasientens samlede funksjonsnivå, endring fra forut for
innleggelsen, og forventet framtidig utvikling skal være vurdert».
Etter fødsel vil det som hovudregel vera jordmor ved sjukehuset
som foretar vurderinga av om mor og barn er utskrivingsklar.
Ved komplikasjonar og/eller usemje mellom sjukehus og
kommune skal behandlings-ansvarleg lege ha vurdert at vilkåra i
forskrifta er oppfylt.
Fødselsrapport og eventuell epikrise skal følge pasienten ved
utskriving. Når mor og barn blir utskrivne frå obstetrisk eining
blir det sendt fullstendig utfylt Fødselsrapport/epikrise til
kvinna si fastlege og jordmor, og i tillegg til tilvisande/
innleggande lege der denne er ein annan enn kvinna si fastlege.
Kvinna får med seg ein papirkopi av Fødselsrapporten.
Oppfølging etter utskriving:
 Mor/barn får oppfølging av jordmor i kommunen etter
heimkomst der dette tilbodet er etablert, i tråd med dei nye
retningslinjene for barselomsorga
 Ved planlagt utreise innan 48 timar får mor/barn
oppfølging ved barselpoliklinikken ved obstetrisk eining
fram til 5. dag post partum
 Alle utskrivne barselkvinner kan ved behov som gjeld seg
sjølv eller barnet, og som er knytt til fødsel/barseltid,
vende seg til obstetrisk eining etter heimkomst, fram til
fem dagar post partum
 Obstetrisk eining har ansvar for å sørgje for at
Nyfødtscreening blir gjort av dei borna der foreldra
samtykker til dette tilbodet. Det kan gjerast særskilt avtale
med kommunejordmor om prøvetaking
 Mor/foreldre får utdelt skriftleg kontaktinformasjon ved
utreise
For mødrer/barn/familiar med oppfølgingsbehov utover
standard tilbod, varslar jordmor ved obstetrisk eining
helsestasjonen ved å ringe til jordmor/helsesøster som har
oppfølgingsansvar
Kvinna får oppgitt eit døgnbemanna telefonnummer til obstetrisk
eining. Dette kan ho nytta ved behov inntil oppfølginga frå
obstetrisk eining (barselpoliklinikk) er avslutta
3
4.7.
4.8.
4.9.
4.8.
Mødrer og barn som treng helsetenester frå sjukehuset eller
kommunen etter heimefødsel har same rettigheiter til dette som
alle andre. KK tar initiativ ovafor aktuelle jordmødrer til å lage
avtale om heimefødsel.
For barn som har eit vekttap på 10 % eller meir gjeld følgjande:
 Sjukehuset avtaler den vidare oppfølging av barnet med
mor
 Ved utreise skal det utarbeidast ein kortfatta, skriftleg
ammeplan som følgjer mor
 Sjukehuset kan avtale med helsestasjonen på vegne av
mor dersom ein finn det naudsynt
Fødselsrapporten skal sendast elektronisk ved utskriving
og/eller sendast med pasienten. Ved sjukdomstilstandar hos
mor og/eller barn skal det leggjast ein plan for vidare medisinsk
oppfølging hos fastlege eller i spesialisthelsetenesta.
Fødselsrapporten som skal ligge føre ved utskriving av mor og
barn med normale/ukompliserte forløp skal som minimum
innehalde:
 Dato for fødselen, type fødsel, barnets kjønn og fødselsvekt
 Opplysning som stadfester at mor og barn sin tilstand er
normal/ukomplisert
 Opplysning om korleis den nyfødde blir ernært
 Opplysning om eventuelle vaksinasjonar, medikament og
vitamintilskot
Praktiske tilhøve som skal avklarast før utskriving der mor
og/eller barn har spesielle hjelpebehov:
 Sjukehus og kommune må saman med mor/foreldre sikre
at tilfredsstillande hjelpemiddel kjem på plass.
Hovudansvaret for å sørgje for at pasienten får adekvate
hjelpemiddel ligg til kommunen, men det føreset at
hjelpebehovet er korrekt kommunisert mellom nivåa
 Mor/barn som vert utskrivne til heimen med spesialisert
behandling, og med behov for medisinsk utstyr
(behandlingshjelpemiddel), får dette dekka av
spesialisthelsetenesta. Tilhøyrande forbruksmateriell er
inkludert
 Utstyr og forbruksmateriell for perioden frå utskriving og
fram til det kan forventast at dette kan skaffast på
heimstaden må følgje med ved utskriving
 Ved eventuell medikasjon/ernæringsbehandling skal nye
reseptar følgje mor/barn. Dosert medisin og eventuelle
næringsmiddel for perioden frå utskriving og til det kan
forventast at dette kan skaffast på heimstadet må følgje
pasienten dersom det er behov for det
 Nye medikament og næringsmiddel som krev individuell
refusjon frå HELFO skal være søkt om frå sjukehuset
 Ved bruk av elektronisk resept skal den legen som sist
endra pasienten sin medikasjon ha ansvar for å oppdatere
pasienten si medikamentliste og elektroniske reseptar, og
4
4.9.
5.
trekke tilbake ikkje-aktive reseptar (sjukehuslege ved
utskriving, elles fastlegen)
Kommunen sitt ansvar etter avslutta barseloppfølging i
spesialisthelsetenesta
 Kommunen har rutinar for oppfølging av mor/familien og
det nyfødde barnet
 Kommunen tilbyr mor/barn oppfølging av jordmor i første
veke etter heimkomst om mogeleg
 Kommunen har prosedyre for oppdaging og oppfølging av
barn som får gulsott
 Kommunen har prosedyre for oppdaging og oppfølging av
nyfødde med vekttap meir enn 10 %
 Kommunen tilbyr snarleg vektkontroll når dette er tilrådd
frå sjukehuset, eller når foreldra ynskjer det
 Kommunen har rutinar for oppfølging av
amming/ernæring og vekt inntil mors mjølkeproduksjon
er stabil, og barnet viser tilfredsstillande vektauke, og kan
gi kyndig ammevegleiing ved komplikasjonar som oppstår
under ammeperioden
 Kommunen tilbyr heimebesøk eller time i helsestasjonen
7-10 dagar etter fødsel
 Ved barselrelatert sjukdom og/eller uføresette problem
hos mor/barn frå og med 6. dag etter fødselen kontaktar
kvinna fastlege eller kommunal legevakt. Der kommunal
barselomsorg ved jordmor er etablert kan kvinna også
kontakte denne
Rutinar for samhandling om vaksinasjon av nyfødde og
barselkvinner
5.1.
5.2.
5.3.
5.4.
5.5.
Kommunen er ansvarleg for å gje tilbod om BCG-vaksinasjon til
aktuelle born etter gjeldande retningsliner frå Folkehelseinstituttet
Når mor er hepatitt B antigen positiv (HBsAg-positiv, evt
HBeAg-positiv), har sjukehuset ansvar for at profylakse (spesifikt
immunglobulin) og 1. dose hepatitt B-vaksine vert gitt til den
nyfødde, jfr interne rutiner i sjukehuset
Sjukehuset sørgjer for at melding med dose/batch nr. både for
immunglobulin og hepatitt B blir ført på Fødselsrapport som går
til helsestasjonen jfr. Forskrift om innsamling og behandling av
helseopplysningar i Nasjonalt vaksinasjonsregister - SYSVAK
registerforskrift av 20. juni 2003, §§2-1, 2-3
Helsestasjonen held fram med vaksinering med hepatitt-B i tråd
med tilrådd vaksinasjons-regime, jfr. retningsliner frå
Folkehelseinstituttet
Der mor er hepatitt B antigen negativ, men andre tilhøve tilseier
auka smitterisiko er kommunen ansvarleg for å tilby første dose
hepatitt B-vaksine og å setja påfølgande dosar, i tråd med tilrådd
vaksinasjonsregime
5
5.6.
5.7.
Når mor er HIV positiv har sjukehuset ansvar for å gje både
skriftleg (etter samtykke frå mor) og/eller munnleg beskjed om
mor sin hiv status, og kommunen har ansvar for å gje tilpassa
oppfølging i tråd med Folkehelseinstituttet sine retningsliner når
det gjeld amming og vaksinasjon
Rubellavaksine til kvinner med usikker immunitet: I tråd med
dei nye retningslinjene for barselomsorga skal mødrer som
under svangerskapet er påvist å mangle antistoff mot raude
hundar (rubella), verta tilbydd ein dose rubellavaksine i form av
MMR-vaksine etter fødselen; før utskriving frå obstetrisk eining
Ved usikker vaksinasjonsstatus hos unge mødrer som er
oppvaksne i ikkje-vestlege land er det tilrådd å tilby
rubellavaksinasjon. Sjukehuset har ansvar for dette.
6.
Rutinar for samhandling ved poliklinisk konsultasjon/
dagbehandling
6.1.
6.2.
6.3.
Sjukehuset må gjera ei vurdering av kva som er aktuell instans
for vidare oppfølging av pasienten (jordmor, fastlege,
avtalespesialist, sjukehuset)
Ved behov må det avtalast oppfølging. Slik oppfølging blir gjerne
avtala same dag som kvinna reiser heim, og kontakt til den
aktuelle instans må då skje per telefon og/eller ved elektronisk
melding i Norsk helsenett der dette er etablert praksis, og
dokumenterast i helsekort for gravide
Notat frå poliklinisk konsultasjon skal sendast jordmor, fastlege
og evt. tilvisande lege, snarast mogeleg. Der det er behov for
snarleg kommunal oppfølging skal poliklinisk notat oversendast
konsultasjonsdagen. Dette gjeld alle risikosvangerskap og ved
komplikasjonar etter fødslar. Oppfølging kan også avtalast per
telefon, Jfr pkt 8.6 i Tenesteavtale 3: www.saman.no
Rutinen er vedtatt av dei fire samarbeidsutvala og gjeld frå xxx 2014.
Rutinen kan endrast i samsvar med retningslinene for dette i Tenesteavtale 8.
Papirutskrift er berre gyldig på utskriftstidspunktet.
6
Sak til samarbeidsutvalet
Går til:
Utval:
Dato:
Sakshandsamar:
Saka gjeld:
Medlemane
Samarbeidsutvalet
13.05.15
SSE
Revisjon av Tenesteavtale 8 om samhandling innan svangerskapsfødsels- og barselomsorga i Helse Bergen sitt opptaksområde.
Saksnummer
Forslag til vedtak:
Samarbeidsutvalet tilrår at partane sluttar seg til den reviderte avtalen om samhandling
innan svangerskaps- fødsels- og barselomsorga. Samarbeidsutvalet vedtar vedlagt
rutine for svangerskaps- fødsels- og barselomsorga.
Bakgrunn:
Samarbeidsutvala innanfor Helse Bergen sitt føretaksområde vedtok i desember 2013 å starte
opp ein prosess med sikte på å utarbeide ny tenesteavtale 8 med tilhøyrande rutine, både på
bakgrunn av ønskje frå kommunar i Nordhordland om å gjere tenestavtalen meir overordna og
ut frå at det er komme ein ny nasjonal retteleiar IS 2057 «Nytt liv og trygg barseltid for
familien». Det vart vedteke å setje ned ei arbeidsgruppe som skulle utarbeide utkast til ny
tenesteavtale for styre- og kommunestyrehandsaming, og med ei tilhøyrande retningsline som
inneheld nødvendige faglege rutinar. Avtalen og rutinane skulle så langt mogleg byggje på
eksisterande tenesteavtale, med naudsynte justeringar og tilføyingar på bakgrunn av ny
nasjonal rettleiar.
Mandat:
Arbeidsgruppa skal leggje til grunn og byggje på:
- Eksisterande overordna samarbeidsavtale.
- Felles grunnlagsdokument.
- Erfaringane frå samarbeidet på fagområdet i gjeldande avtaleperiode.
- Evt. endra føringar i lovverk, forskrifter, rettleiarar og andre styrande dokument.
Arbeidsgruppa må i sitt arbeid ta omsyn til signal frå styresmaktene når det gjeld
prioritering og avtaleinnhald.
- At det er eit krav i nasjonal rettleiar at avtalane skal vera forpliktande for partane.
- Semje om at ein i alt arbeidet med avtaleverket skal ha pasienten og det gode
pasientforløpet i fokus. Både avtalar, faglege retningsliner og samarbeid på andre
område skal ha som hovudfokus å medverke til gode forløp. Med gode forløp meiner
ein forløp som både er i samsvar med pasienten sitt behov, som kan medverke til
heilskaplege tenestetilbod og som vert levert på en samfunnsmessig god måte.
1
-
1
At det i arbeidet er spesielt viktig å skape semje om kva oppgåver forvaltningsnivåa er
pålagt ansvar for, og ei felles oppfatning av kva tiltak partane til ei kvar tid skal utføre.
Avklaringar som blir gjort på fagområdet skal svare på krav i nasjonal rettleiar.
Oppgåver for arbeidsgruppa:
- Den nye tenesteavtalen skal skildra kva oppgåver partane har ansvar for, og i si
utforming vera eigna for handsaming i føretaksstyre og kommunestyre.
- Retningslina skal avklare nærare detaljer omkring korleis oppgåvene skal løysast, og
skal handsamast i samarbeidsutvala.
- Ta stilling til om det er føringar i ny nasjonal rettleiar som gjer det naudsynt med
endringar i føringane i gjeldande tenesteavtale.
- Avklare om det evt. er erfaringar frå samarbeidet på fagområdet i gjeldande
avtaleperiode som kan gjere det tilrådeleg å endre på innhaldet i ny tenesteavtale eller
retningsline i forhold til dagens tenesteavtale. Dersom ein finn at det er tilrådeleg å
gjere slike endringar skal det gjerast greie for vurderingane bak i eit høyringsbrev og
gjennomførast ei formell høyring hjå partane, før tenesteavtalen og retningslina går til
handsaming i styrande organ.
- Dersom det er semje i arbeidsgruppa om ikkje å gjere endringar i dagens føringar og
rutinar på bakgrunn av erfaringar frå området eller føringar i ny nasjonal rettleiar skal
arbeidsgruppa gjere ein redigeringsjobb, der ein skil innhaldet i dagens tenestavtale i to
deler, dvs. i ein tenesteavtale og ei medhøyrande retningsline. I så fall er det ikkje
naudsynt med nokon høyringsrunde til partane.
Arbeidsgruppa:
Samarbeidsutvala vedtok at arbeidsgruppa skulle setjast saman av maksimalt 3 representantar
frå Helse Bergen, og sekretariatsressurs frå SSE, samt brukarrepresentant frå Helse Bergen sitt
brukarutval. Leiarane i samarbeidsutvala melde inn kommunale representantar.
Britt Eide, SSE/leiar
Frå kommunane/samarbeidsutvala:
Rolf Martin Tande, Nordhordland
Aud Ringø Nødttvedt, Voss
Wenche Førde; Bergensregionen
Margaret Torbjørnsen, Bergen
Bent Folkvord, Bergen
Nina Brynjelsen, brukarutvalet
Bente Langeland, Helse Bergen (KK)
Elham Baghestan, Helse Bergen (KK)
Kari Øvstedal, Helse Bergen Voss sjukehus)
Kari Aarø, FTV Dnj
Prosess:
Arbeidsgruppa har hatt 4 møter, samt ein del korrespondanse per epost. Arbeidet har tatt
utgangspunkt i dei eksisterande samarbeidsavtalane, i dei nye retningslinene for
barselomsorga, og i erfaringane frå samarbeidet på fagområdet i gjeldande avtaleperiode.
Arbeidsgruppa var samd om at den eksisterande avtalen i all hovudsak har verka slik den
skulle: Avklare ansvarsforholda i samhandlinga mellom sjukehus og kommunar innan
2
fagområdet svangerskap, fødsel og barseltid og sørge for gode pasientforløp. Der er likevel
behov for forbetringar, og etter arbeidsgruppa si meining er den nye avtalen tydelegare når det
gjeld ansvarsfordeling og meir oversiktleg og ryddig.
Største delen av arbeidet har vore av redaksjonell karakter, og den nye avtalen er, i tråd med
mandatet, delt i to deler: Ein overordna avtale med tilhøyrande rutinar for samhandling.
Fristen for nytt utkast til tenesteavtale med retningsline vart sett til 01.05.2014, men grunna
planlagt reisefråvær vart utkast levert primo september.
Den reviderte tenesteavtale 8 m/ tilhøyrande rutinar var planlagt handsama i samarbeidsutvala
i november 2014. På grunn av behov for juridisk gjennomgang tok saka noko meir tid enn
planlagt. Det vart og nødvendig å gjera mindre endringar i rutinane. Som følgje av endringane
hadde Bergen kommune behov for å vurdere rutinane på nytt. Vurderinga munna ut i krav
om to endringar i rutinane, i henholdsvis pkt. 2.2 og 4.4. Det har vore dialog mellom Bergen
kommune og Helse Bergen om saka. Konklusjonen er at: Avtale og rutine blir som foreslått i
november 2014.
Det er som eit tillegg til retningslinja til tenesteavtale 8 utarbeidd ein eigen avtale mellom
Helse Bergen og Bergen kommune om Kvinneklinikken sitt tilbod om «Jordmor på
hjemmebesøk» i Bergen kommune .
Vurderingar:
Elektronisk samhandling:
Det er eit problem og ei stor utfordring at det framleis ikkje er etablert elektronisk samhandling
mellom føde/barselavdelingane og kommunane. Dette gjer kommunikasjon og samhandling
tungvint og medfører at informasjonsutveksling tar lenger tid enn nødvendig, trass i tiltak som
er blitt sett i verk for m.a. får fortgang i vanlege post-rutinar. Det er eit svakt ledd i
samhandlinga. Dette er etter arbeidsgruppa si meining både uakseptabelt og alvorleg, og det
må få høg prioritert å komme i gang med elektronisk samhandling og informasjonsutveksling.
Arbeidsgruppa foreslår at Helse Bergen og kommunane i opptaksområdet blir pilot i eit slikt
arbeid. Gruppa har spelt inn dette til samarbeidssekretariatet som har tatt saka vidare til
Nasjonalt IKT. Per dags dato er det ikkje gitt nokon konkrete tilbakemeldingar om å prioritere
saka.
Nye retningslinjer for barselomsorga:
Etter at 8 var ferdigstilt i 2010 er det publisert nye nasjonale retningsliner for barselomsorga:
Nytt liv og trygg barseltid for familien. Retningslina er ei fagleg vurdering av innhaldet i
barselomsorga slik den er i dag, og det vert tilrådd ei større prioritering av innsatsen dei første
fjorten dagane etter fødselen.
Bakgrunnen for dette er ein tilsynsrapport frå 2010 og, erfaringar frå
brukarar, fagpersonar og forsking, samt føringer knyttet til St. meld. nr. 12 (2008–2009) En
lykkelig begivenhet. Om en sammenhengende svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg.
Den reduserte liggetida i sjukehus i etter fødsel er gradvis innført som ledd i ei
effektivisering og reduksjon av kostnader ved helseføretaka, og denne tida vil mest truleg bli
redusert ytterlegare i tida som kjem. Det er også fagleg gode og vèldokumenterte grunnar for
tidlig heimreise etter fødsel der det er eit organisert tilbod om oppfølging i heimen.
Brukarundersøkingar viser også at pasientane er godt fornøgde med dette tilbodet.
Retningslinja tilrår mellom anna at kvinner som reiser tidleg heim får tilbod om to heimebesøk
av jordmor, noko som prinsipielt er eit kommunalt ansvar.
Kommunane har så langt ikkje kunna prioritere å imøtekomme tilrådinga, og det er difor ikkje
tatt til følge i den nye avtalen. Det er likevel fleire kommunar (utanfor Bergen) som har etablert
3
eller er i gang med å etablere ulike former for tilbod om oppfølging i heimen etter tidleg
heimreise. Kvinneklinikken har for tida eit tilbod om heimebesøk til enkelte grupper av
barselkvinner som er busett i Bergen kommune. Dagens tilbod blir gitt til barselkvinner som
reiser tidleg heim etter fødsel, der det blir vurdert som like trygt med oppfølging heime som i
føde-/barselavdelinga. Oppfølginga skjer ved jordmødrer som er tilsette på Kvinneklinikken.
Tydeleggjering av ansvar:
I den nye avtalen er ansvarsfordelinga for oppfølging av mor og barn dei første fem dagane
etter fødselen tydeleggjort i større grad enn i den eksisterande avtalen, men det er ikkje gjort
substansielle endringar.
Oppfølging etter heimefødsel:
Det er behov for å tydeleggjere mor og barn sine rettar til kommunale – og sjukehustenester
etter heimefødsel. Heimefødsel har eit lite omfang i vårt opptaksområde, og det er så vidt vi
kjenner til kun to jordmødrer som yter fødselshjelp i heimen; dvs har privat praksis.
Fødselshjelp er ei spesialisthelseteneste uansett kvar den føregår, og planlagt heimefødsel med
jordmor er ikkje en del av det offentlige tilbodet her i landet. Det er ikkje krav om at
privatpraktiserande jordmødrer skal lage avtale med helseføretaka eller den kommunale helse
– og omsorgstenesta, men det er utarbeidd nasjonale retningsliner for heimefødsel for å sikre
pasienttryggleiken (http://helsedirektoratet.no/publikasjoner/nasjonal-retningslinje-for-hjemmefodselsvangerskap-fodsel-og-barseltid-i-trygge-hender/Publikasjoner/Hjemmef%C3%B8dsel_retningslinje_IS2012.pdf) , og oppmodinga om å inngå avtalar ligg i utgangspunktet på dei privatpraktiserande
jordmødrene, sitat:
For jordmødre som bistår ved hjemmefødsler er det særlig viktig å utvikle og praktisere betryggende
seleksjons- og overføringsrutiner, ha etablert kontakt med lege og sykehus som kan gi nødvendig
bistand i uventede og kritiske situasjoner, samt rutiner ved overføring til sykehus. Det er også nødvendig
med vedlikehold og oppdatering av kunnskap, herunder tiltak som sikrer relevant, praktisk erfaring med
fødselshjelp.
Det er nedfelt eit generelt punkt i den nye avtalen som omhandlar mor/barn sin rett til
kommunale – og sjukehustenester etter heimefødsel. Det er ikkje utarbeidd konkrete rutinar
for oppfølging etter heimefødsel i den nye tenesteavtalen, då det føreset at dei
privatpraktiserande jordmødrene som yter fødselshjelp i heimen samt barneklinikken er part i
dette. KK har tidlegare tilrådd heimefødselsjordmødrene å inngå avtale om oppfølging av
barnet. KK tar eit nytt initiativ ovafor privatpraktiserande jordmødrer, fortrinnsvis saman med
barneklinikken, til å laga avtale om heimefødsel.
4
Fedje kommune
Sakspapir
Saksbehandler
Arkiv
ArkivsakID
Vidar Bråthen
FE - 200
15/392
Saksnr
Utvalg
Type
Dato
078/15
Formannskapet
PS
25.08.2015
044/15
Kommunestyret
PS
03.09.2015
Verksemdsmelding per 2. kvartal 2015.
32T
Verksemdsmelding pr 2 kvartal 2015
Saksutgreiing:
Bakgrunn
Verksemdsmeldinga for 2. kvartal i år ligg føre. Rapporten vert lagt fram for politisk handsaming etter
avtale med K. Avtalt rutine i mange år.
Vurdering
Verksemdsmeldinga er tidsmessig samordna med kvartalsrapporteringa etter avtale med K.
Innarbeidd rutine.
Målet er å utveksla informasjon om oppfølging og gjennomføring av viktige samfunnsoppgåver – ofte
politiske bestillingar. Meldinga skal vera ei ærleg oppsummering og status for det arbeidet som skjer i
eigen regi. Rutinemessige oppgåver er ikkje tekne med i denne opplistinga. I den grad prosjekt og el.
viktig arbeid vert utsett i tid, skal dette kommenterast særskilt.
Rapporten er ført i penn av den enkelte budsjettansvarlege i kommunen. Alle har eige ansvar for
oppdatering / ajourføring av meldinga som ligg tilgjengeleg på fellessidene til kommunen.
Verksemdsmeldinga viser ein status for viktige arbeidsoppgåver i eigen regi. Eg oppfattar dette som
ein god og nyttig arbeidsform. Rapporten er tematisk bygd op, og den er halde i ein kortfatta form.
Rapporteringa er godt tilpassa krav og bindingar frå eksterne instansar.
Konklusjon:
Rapporten er meint å vera ein kortfatta gjennomgang av arbeid i eigen regi per første halvår 2015.
Fedje kommune
Meldinga er tilpassa krav og bindingar frå eksterne instansar. Arbeidet er ført i penn av våre
budsjettansvarlege.
Forslag til vedtak:
Kommunen tar saka til orientering.
Formannskapet - 078/15
F - behandling:
Nye innspel:
·
Fedje har tannlege ut oktober 2015
·
Nytt legevaktsnummer pr. 1. september 2015 - omlegging
Fellesmerknad:
Mangelfullt og uryddig vedlegg - få orden på vedlegget før saka leggjast fram for Kommunestyret.
F - vedtak:
Kommunen tar saka til orientering. Samrøystes vedteke.
Verksemdsmelding 2015
2015
Koord.
ansv.
Forventa
avslutta
Status
Område / tiltak
Ansvar 1000 ajourført VB 29. juli 2015
,
politisk arbeid
kommuneplan - oppfølging merknader
nemndstrukturen - evaluering
kommunebudsjettet 2015
U 864
sikringsarbeid u864
tilsyn kommuneberedskapen
øykommuneprosjekt
kommunestrukturprosjektet - lokal oppfølging
utgreiing regionalt
verksemdsmelding
ros - analyse
Biofære - prosjekt
kommunereform - møte med FM
ØT/VB
VB
BV/VB/L
KH
Kystverket
EV/VB
ordførar
VB/Ordf.
NHL/BGN
F//L
EV/VB
Reg. + kom.
ordførar
forslag ligg føre
gjennomført
gjennomført
oppfølging sentralt
vert påbegynt i år
gjennomført
gjennomført i regi av Bygdeforskning
påbegynt, vegval lokalt
regionalt samarbeid, oppstart våren 2015
fast / avtalt rutine
påbegynt, politisk forankring
forprosjekt gjennomført, innfasing
gjennomført
BV
BV/A. kom.
BV/VB
BV/L
BV/VB
VB
VB/BV
VB
BV/VB
BV/VB
VB/L
sluttført
lagt ut
sluttført
fast rutine
gjennomført / utsendt.
forarbeid gjennomført, saka er utsett.
fast rutine. Rikets tilstand - ekstra skjønnsmidlar
gjennomført / utsendt.
fast og avtalt rutine.
Økonomiplan på plass. K sak.
fast og avtalt rutine.
jul.15
jun.15
jan.15
?
apr.15
apr.15
jun.16
feb.16
des.15
des.15
mai.15
Økonomi
Kommunerekneskapen
skatterekneskapen
Årsrapport
innrapportering KOSTRA
årsmelding Fedje kommune
innføring eigedomsskatt
Rapport fylkesmannen
budsjettrundskriv 2016
kvartalsrekneskap
Økonomiplan
verksemdsmelding
Arkiv
mar.15
apr.15
mar.15
mar.15
jun.15
jul.15
des.14
elektronisk arkiv - fellesprosjekt i NHL
felles arkivplan
Koord.
ansv.
Status
Reg/JTS
Reg/JTS
fullført
fullført
EV/VB
EV/VB
EV/FMN
oppstart Nordsjøløypa + bunkersanlegg
avtalt service
i eigen regi, ingen fylkeskommunal støtte
Forventa
avslutta
Omstillingsprosjektet
rammeløyving frå FM + HFK
Sekreærbistand Fedje Maritime Næringsråd
Liv og lyst
jun.15
jan.15
Personal ajourført VB 29. juli 2015
IA plan
Årleg strategikonferanse Hordaland
mellomoppgjer
Årsrapport likestilling/diskriminering
Helsefagpatrulje i Nordhordland/Utdanningsmessa YOU/jobbmessa
Reglement for tildeling av bustad
leiarsamlingar 2015
Inngå ny avtale om Inkluderande Arbeidsliv
Rullering personalplan
Innføring av nytt kvalitetsstyringssystem KF Kvalitet
Utprøving av nye arbeidstidsordningar i pleie og omsorg (langvakt)
Innføring av nye ACOS møte
pleie og omsorg / oppfølgingsprosjekt
Plan godkjent leiarar/verneombod
EU/VB
EU/VB
gjennomført som avtalt, god deltaking
EU/VB
enkel gjennomgang
ligg i årsrapporten
EU/VB
Vidare samarbeid i regionen avtalt
DG
ØT
utsett sak
gjennomført samling i april
VB/EU
EU/VB
Ny lokal avtale inngått
EU/VB
ny gjennomgang aktuelt- etikkdelen
DG/OS/KR/HDUtsett til hausten 2015
Partane har stoppa arbeidet.
DG/HD
DG
gjennomført, men framleis utfordringar
VB
Samarbeid med IA/NAV, HMS-gruppen og Fedje kommune
mar.15
jan.15
okt.15
mar.15
nov.15
apr.15
sep.15
des.14
des.12
Beredskap ajourført VB 29. juli 2015
KKL - planarbeid - evaluering av kriseberedskapssituasjonen
aggregat sjukeheimen
Tilsyn av fylkesmannen på beredskapsarbeidet til kommunen
ROS - analyse
Fornying av kommunen sin beredskapsplan
KKL/EV
ØT/VB
EV/VB/KKL
EV/VB/KKL
EV/VB/KKL
fast rutine
gjennomført
Ferdig april 15. Eit avvik - ikkje oppdatert ROS-analyse
I arbeid - gjenstår politisk forankring
Ferdig
okt.15
apr.15
GH
opplæring til valmedarbeidarar
sep.15
feb.15
Val: ajo Grete 18.05.2015
kursing/opplæring
Kyrkja:
Koord.
ansv.
Status
Forventa
avslutta
Ansvar 1100 Kultur:
Gå gjennom "Tildelingsreglement for kulturmidlar"
JTS
17.mai. Endra form or organisering. Meir arbeidskrevjande for kommune JTS
Omlegging av "Kulturvandringsdagen"
JTS
Avbrekk i dirigentteneste for skulekorpset. Jobbar med ny løysing
JTS
Kulturminneplan for Fedje kommune
JTS/EV
Vil kome ei politisk sak på hausten.
Nokre programpostar vert skifta ut.
Sonderingar for å finne ei løysing.
Påbyrja. Opprette samarbeid med Fedje Historielag
jul.16
mai.15
aug.15
sep.15
jul.05
Ansvar 1200 Bibliotek:
forfattarbesøk/arrangement
samarbeidsgrupper/Nh-biblioteka
EF
EF
aktuelt tiltak
fast rutine
R+IKTN
IKTN/K
IKTN/BV/RH
BV
rullering på gang
iverksett
Iverksett
Fast rutine, 1 gong årleg
jun.14
feb.14
nov.14
jun.14
U864
tiltaks og næringsplan
Fedje Maritime næringsråd
Nordsjøløypa
Nye aktivitetar på Stenborg
Havstad
Involvering Fedje Maritime Næringsråd
Kystv
EV/VB
EV
EV/VB
Ordf./VB
Ordf./VB
VB/EV
Avtalt oppstart av sikringsarbeid
akutelt på regionalt og lokalt nivå
sekretærbistand på plass
påbegynt
vertskap og oppfølging
eigarskifte - renovering - nye aktivitetar
mandat - arbeidsform m. m.
jun.15
mar.15
apr.15
jun.15
jul.15
hjortejakt, evaluering og planar framover
Fensfjorden
felles landsbrukskontor i NHL
verneplan/forvaltningsplan i regi av miljøvernavd. Hos FM.
Landbruksk
Landbruksk
Landbruksk
Miljøavd. M.f.
ingen fellsløyve i 2014.
plan - miljøsatsing regionalt
ingen utviding
initiert av FM
des.15
Ansvar 1300 IT:
Ny ikt plan - fellestiltak på gang
ny internettportal + nytt websaksystem
e-handel
Fordeling drift
Ansvar 1400 ajourført VB 29. juli 2015
Ansvar 2000 Ass rådmann ajo 17.08.2015
oppføring av omsorgsbustader /fellesareal
samhandlingsreforma- samarbeid Nrhl - folkehelse
GH
GH
prosjektet sett i bero
rapport ferdig, tiltak v/eigne vedtak kommunevis
okt.15
Koord.
ansv.
Status
GH
GH
GH
GH/EH
GH
GH
GH/BV
GH/VB
ny sak for kommunestyra - utviding
omgjort til kommunalsjefsforum - jamn møteaktivitet
gjennomført
Prosjekt på landsbasis
skal iverksetjast pr 01.09.2015
ny klinikksstruktur plan - nedlegging utsett
førebuing, kursing, gjennomføring
ny ide - konsulentvurdering + mulig bustadtilbod
Planlegging av neste skuleår
Tilsetjing av nye lærarar/fagarbeidarar
Tilsyn frå Miljøretta helsevern
Godkjenning etter lov om miljøretta helsevern
Vidareutdanning av lærarar
OS
Rådm/rektor
OS/ØT
OS/ØT
OS
I rute
I sluttfasen av tilsettingar pr. 19.05.15
Frist til 01.07.13 på utbetring av fleire punkt
Nye målingar av inneklima er gjort, framleis ikkje godkjend.
Fleire lærarar tek vidareutdanning
Ansvar 2200 Barnehagestyrar: ajo Kristine 19.05.2015
KR/ ØT
KR
KR
KR
KR
KR
påbegynt
påbegynt
kontinuerlig
samhandlingsreforma - Helsehus
Samarbeidsprosjekt -rekruttering og kompetanse
Samhandlingsreforma -ØH senger - drift
Nytt nødnett Brann/politi/lege
Nytt legevaktsnummer 116117
Tannlegesituasjonen
kommuneval 2015
mottak flyktningar - bustadutfordringar
Forventa
avslutta
des.18
des.15
des.15
haust 2015
okt.15
des.15
Ansvar 2100 Rektor: Ajo Ole 19.05.15
årleg vernerunde
Personaltilpassing
Arbeid med ny årsplan
Planar og tilrettelegging spes.ped
Tilsette til fagprøve
Revisjon av internkontroll
jun.15
mai.15
jun.15
sep.15
juni/juli 15
jun.15
juni/juli 15
2 stykk ferdig haust 15, to nye starter opp haust 15
kontinuerlig
Ansvar 2300 Pleie - og omsorgsleiar: ajo Heinz 19.05.2015
Lærlingoppfølging
NG, IN
Revisjon av internkontroll
HD
Oppretting diabetes ressursteam/spl.
HD
Oppretting av demens- og hukommelsesteam
HD, IN
Medarbeidersamtaler
HD, IN
Arbeidsmiljøkartlegging via BHT
HD
Implementering av kunnskapsbasert praksis
HD
Deltakelse i læringsnettverket "Riktig legemiddelbruk" (h.spl./institusjon) HD-NG-IN
Deltakelse i fagprosedyrenettverket ved Nasjonalt kunnskapssenter for HAH-NG-HD
Legemiddelgjennomgang
IN, NG
Workshop "Aktiv omsorg"
HD
Ansvar 2400 helsesøster: Ajo Elisabeth 20.05.2015
1 lærling i permisjon, 1 avslutter med eksamen før sommer
Kontinuerlig
Utsatt
Utsatt
kontinuerlig
Under planlegging
Kontinuerlig
Avsluttet
Kontinuerlig
Månedlig
Avsluttet
des.15
des.14
des.14
Fagråd psykisk helse nordhordaland
Verdensdagen for psykisk helse m/ Basar
Politiråd nordhordaland
DPS råd Norhordland
Influensavaksine
Helsesøster tilstede på skolen 2-3timer annen hver uke
Rådgjevande utval Aufera
Julebord for eldre
Planlegging av aktiviteter i Hjartebanken
Dagstur med Hjartebanken
Koord.
ansv.
Status
EM
EM
EM
EM
EM
EM
EM
EM
EM
EM
EM
Kontinuerlig
Årlig tiltak
4 ganger årlig
2-3 g/år
Årlig tiltak
Påbegynt
2-3 g/år
Årlig tiltak
Kontinuerlig
1 gang årlig
EH
EH
EH
EH
årleg
årleg
revisjon foretatt ( pga ebola)
årleg revisjon
GH
GH
arbeid med bustader er intensivert
språkopplæring + arbeidspraksis
ØT
1 g. pr år. Utført 22. juni 2015
ØT
Ferdig i 2014
fast rutine
ØT/K
ØT
Ferdig. Oppmåling av oreigna areal står att.
Vedteken - klage er avvist. Venter på jordskifteretten
Forventa
avslutta
okt.15
okt/nov
des.15
jun.15
Ansvar 2500 Lege:
Plan for ferie avvikling
revisjon kriseplan
revisjon smittevernplan
pandemiplan
okt.15
Ansvar 2600 Sosialkontor: ajo Grete 17.08.2015
Vedtak om mottak av flyktningar
Nyankommen flyktning - tilrettelegging/oppfølging
Ansvar 3000 Teknisk sjef: ajo Øyvind 27.08.2015
Vedlikehald kommunale bygg, utleigebustader
Registrering av naudsynt utvendig vedlikehald på alle kommunale bygg.
totalt 48 stk medrekna kyrkje og bårehus
Rehab utvendig alle skorsteiner på kommunale bustader
Hellisøy fyr, årleg synfaring med Kystverket
Handsaming av plansaker
Oreigning Torvhaugane
Reguleringsplan Idar Tangen
Kart og oppmåling
Fedje vart flyfotografert i 2011. Nye kart teke i bruk i 2012.
Fram til 2006, vart ikkje kartet
des.15
Koord.
ansv.
oppdatert. Etter 2006 er alle nye bygg målt og teikna inn i
i kartet ( alle bygg bygd etter 2000 )
Kommunale vegar og veglys
Inspeksjon for reistrering av veglys ute av funksjon
Avhending kommunal eigedom
Sal av kommunale tomter
Sal av bustader
Kontinuerleg
ca. 5 gongar kvart år
ØT/VB/F
ØT/VB/F
Brannvern og feiing
Feietenester vert kjøpt av privat firma
Brannførebyggjande tiltak, tilsyn
Tilsyn med særskilte brannobjekt
ROS - analyse
Vassverk
Status
Forventa
avslutta
Handsama av k-styret i juni 15
Bestilling. Innstilling ligg føre. Formannskap var ikkje fornøyd
har vore handsama to gongar i formannskapet
Utført i august 2014, ikkje utført i 2015 pr 27/8-15
EV/ØT
3 tilsyn utført i 2014
i arbeid
ØT
I september kvart år, utført
ØT
ØT
oppstart usikkert
Klar for 1. gongs handsaming i k-styret pr 27/8-15
VB/F
bestilling
ferdig
BV
Fast rutine, 1 gong årleg
sep.15
Kunstgras
ØT
Torvhaugane
ØT
Ferdig i 2013. Avslag på tippemidler motteke i juni 14
Ny søknad sendt jan 2015. Nytt avslag juni 2015.
Bustadfeltet er ferdig pr juni 2015.
jun.15
Flytebrygger Torvhaugane
Aggregat sjukeheimen
ØT
ØT/VB
Arbeidet er ikkje starta
Ferdig 19. mars 2015
Fleirbrukshall
Rundvask
Planarbeid
Forprosjekt nytt bustadfelt
Revisjon av kommuneplanen
Nytt næringsareal
Kommunal planstrategi
okt.15
mar.16
Ansvar 3500 Avskrivingar
Årlege avskrivingar på fast eigedom, anlegg, utstyr, maskiner inventar,
vassverk og kloakkanlegg
Investeringar 2015 ajo 27.08.2015
Koord.
ansv.
Mannskapsbil/brannbil
Nye Kommunale bustader
Kloakk Kopper
ØT
ØT
ØT
Friluftsføremål og pengar til tursti frå fylkeskommunen
EV
Vedlikehald kommunale bygg
Tre nye inngangsdører på gamleskulen. Eksisterande er frå 1961.
Alu-kledning og etterisolering gamleskulen
Sjukeheimen, bygging av to bad
ØT
ØT
ØT
Kommunestyret
Else Færøy
Ernst Horgen
Elisabeth Matre
Kristin Handeland
Formannskapet
Grete Herøy
Heinz Diehl
Inger Nordland
Nadine Gutte
Bjarte Villanger
Dagrun Gunnarson
Jan Torry Sande
K
EF
EH
EM
KH
F
GH
HD
IN
NG
BV
DG
JTS
Even Vaular
Ragnhild Gausemel Husa
Vidar Bråthen
Øyvind Tolleshaug
Mia Krüger
Kommunal kriseleiing = Ordførar, rådmann, brannsjef, driftssjef og
eventuelt lensmann
Leiargruppa
EV
RH
VB
ØT
MK
Status
Arbeid med dette er ikkje starta pr 27/8-15
Arbeid med dette er ikkje starta pr 27/8-15
Sammarbeid med private er på gang. Pr 22/4-15 har alle ( 6 )
aktuelle private skrive under samarbeidsavtale.
370 meter tursti er bygd pr 22/4-15. Planen er ytterlegare 130 m +
utsiktsplass m/benk v/ Brurevatna.
Utført i skulen si vinterferie i 2015. Ferdig
Arbeidet er på gang pr 27/8-15
Arbeidet starta 8. april 2015. Ferdig i juni 2015.
Forventa
avslutta
i 2015
i 2015
sep.15
Fedje kommune
Sakspapir
Saksbehandler
Arkiv
Vidar Bråthen
Saksnr
ArkivsakID
15/390
Utvalg
Type
Dato
045/15
Kommunestyret
PS
03.09.2015
079/15
Formannskapet
PS
25.08.2015
Rekneskapsrapport 2. kvartal 2015.
Saksutgreiing:
Bakgrunn
Det ligg føre rekneskapsrapport for 2. kvartal 2015. Fast og innarbeidd rutine. Rapport med
kommentarar følgjer saka. Ny standard. Avvik og tendensar vert kommentert her.
Rekneskapsarbeidet her er forankra i kommunen sitt økonomireglement og årshjul.
Vurdering
Rapporten tar for seg utviklinga i utgifter og inntekter per 2. kvartal 2015. Dette er eit viktig
styringsverktøy for oss alle. Saka er førelagt alle budsjettansvarlege i kommunen for uttale. Alt av
merknader er lagt inn rapportvedlegget etter ein felles standard.
Ev avvik vert kommentert særskilt med forslag til inndekning. Talmaterialet ligg lett tilgjengeleg på
nettet for dei av våre tilsette som har eit oppfølgingsansvar. Rakneskapsrapportane er faste tema i
våre leiarmøte. Rapporten er eit avtalt rutine i kommunens årshjul som er forankra i kommunen sitt
økonomi – og finansreglement.
Rapporten tar for seg tendensar og nøkkeltal på ansvarsnivå. Budsjettet legg opp til jamn aktivitet
igjennom året. Slik er det ikkje alltid. I tillegg kjem interne transaksjonar og avskrivingar som først
vert gjort på tampen av året. Dette påverkar ikkje sluttresultatet, men på einingsnivå kan dette lett få
store utslag. Ser at dette er relevant for enkelte aktivitetar i pleie og omsorg i 2015.
2015 er eit krevjande år. Resultatet per 2. kvartal er ikkje ulikt fjoråret.
Positivt:
Inntektene aukar meir enn utgiftene. Samla forbruk ligg om lag på same kronenivå som fjoråret.
Samla driftsinntekter ligg 2% høgare enn same tidspunkt i fjor.
Fedje kommune
Aktuelle budsjettkorrigeringar for 2015:
Ansvar
4000 finansiering
Lågt utbytte BKK
Låg skatteinngang
1300 IT ansvarleg
Nytt utstyr grunnla lynnedslag og
straumbrot
Budsjett
-800
Endring
+ 300
Nytt budsjett
-500
-14096
+ 900
-13196
135
+ 80
+ 215
SUM
Alle tal er i heile tusen.
+1280
Inndekning:
Ansvar
4000 Finansiering
Rammetilskot
2300 pleie og omsorgsleiar
Budsjettert sjukeløn
SUM
Budsjett
Endring
Nytt budsjett
-36575
-900
-37475
-114
-380
-1280
-494
Konklusjon
Tilfredsstillande resultat per 2. halvår 2015. Ingen store overraskingar. Mindre positiv
inntektsutvikling og stabil kostnadsutvikling
Forslag til vedtak:
Kommunen sluttar seg til dei budsjettendringar som her gjort. Kommunen tar saka til orientering.
Formannskapet - 079/15
F - behandling:
F - vedtak:
Kommunen sluttar seg til dei budsjettendringar som her gjort. Kommunen tar saka til orientering.
Samrøystes vedteke.