t I SANDE KOMMUNE 6084 Larsnes I 02 67 00 Fax 70 02 67 01 sande.kommune@sande-mr.komm une.no wwwsande-mr.kom m une.no flÍ.70 I SAKSDOKUMENT Kristin Wadsten Sakshandsamar: Arkivsaknr: Arkiv: 201 5 / 17 6-47 I l20I 5 K45 Utvalsaksnr Utval Møtedato 4115 Naturforvaltningsnemnd a 12.02.2015 gjeld: LØYYE, TIL FELLING AV SKADEGJERANDE GRÅGÅS KVAMSØYA Saka 2015 - Tilrådine: l. Naturforvaltningsnemnda i Sande gjev Sigurd N. Aarsheim, Anne Østringen, Ivar Ristesund, Kåre-Arthur Kvamme, August Hauge, Rasmus Ristesund, Alfred Ristesund, Oddrun Ristesund, Øystein Ristesund og Jørgen Ristesund skadefellingsløyve for grågås avgrensa til dyrkamarka på deira eigedommar på Kvamsøy i Sande kommune med aktiv jordbruksdrift og der problemet med skadebeiting er stort. Det kan i tillegg etter skriftleg løyve frå grunneigaren fellast skadegjerande grågås på leigd areal med aktiv jordbruksdrift der problemet med skadebeiting er stort. Jostein Korsnes er også brukar av leigejord i dei aktuelle områda. Områda der det kan fellast skadegjerande grågås er i tillegg avgrensa slik som vist på kart merka 2013 I 501 dagsett 1 3.03.2013 og 06.06.2014. Skadefellingsløyvet gield for inntil 15 grågås i perioden frå og med 13.02.2075 ogtil og med 09.08.2015. Skadefellinga skal skje gjennom heile perioden, og det bør ikkje fellast meir enn 1 grågås pr. dag. Grågåsa skal fortrinnsvis fellast på dei areala der skadeproblema er størst. Det skal dagleg førast protokoll om felling av grågås der det går fram omlag kor mange grågås det var, på kva område, tal felte og kva tid den/dei vart felt. Protokollen skal ved spørsmål leggast fram for Naturforvaltningsnemnda. Etter at skadefellinga er avslutta, og innan 01.12.2015, skal det rapporterast til Naturforvaltningsnemnda om kor mange grågås som vart felt, når dei vart felt, evt. effekt på beitemønster og skadeomfang. Så langt muleg bør ein unngå å felle kullgås. Avgrensingar fastsett iløyve, godkjenningar og dispensasjonar fastsett av Fylkesmannen Møre og Romsdal gjeld i tillegg. i Tiltaket er vurdert etter $$8 - 12 og $ l8 i naturmangfaldslova. Jakta skal skje i tråd med gjeldande forskrifter og retningslinjer. Jf. Forskrift om felling av viltarter som gjør skade eller som vesentlig reduserer andre viltarters reproduksjon. Vedtaket kan påklagast til kommunen. Klagefristen er 3 veker, rekna frå den dagen brevet kom fram tilpåført adressat. Det er tilstrekkeleg at klagen er postlagd innan fristen. Klagen skal sendast skriftleg til det organet som har gjort vedtaket. Vis til vedtaket du klagar over, den eller dei endringar du ønskjer, og dei grunnane du vil vise til i klagen. Dersom du klager seint, slik at det kan være uklårt for oss om du har klaga i rett tid, må du også oppgje datoen denne meldinga kom fram. Særutskrift: Sigurd N. Aarsheim, Kvamsøy Anne Østringen, Kvamsøy Ivar Ristesund, Kvamsøy Kåre-Arthur Kvamme, Kvamsøy August Hauge, Kvamsøy Jostein Korsnes, Kvamsøy Per Myren, Kvamsøy Kåre Myren, Ørskog Ruth Myren, Kvamsøy Steinar Lade, Kvamsøy Anne Marie Hauge, Kvamsøy Sverre Kalsnes, Kvamsøy Rasmus Ristesund, Kvamsøy Alfred Ristesund, Kvamsøy Oddrun Ristesund, Kvamsøy Øy stein Ristesund, Kvamsøy Jørgen Ristesund, Kvamsøy Marit Nordby Kvamme, Kvamsøy Jens Kvamme, Kvamsøy Lensmannen iHerøy og Sande, Postboks 505,6067 Ulsteinvik Vedlegg: 1. Kart merka 20131501, dagsett 13.03.2013. 2. Kart merka 20741412, dagsett 06.06.2014. Saksopplysningar: Kvamsøya er eitt av tiltaksområda i forvaltningsplanen for grågås for kommunane Sande, Herøy, Ulstein og Hareid 20ll -2015. Målsetting for uttak er 50 Vo av produksjonen av flygedyktige ungar føregåande år. Tiltak i planperioden er også talfesting av bestanden og skaffe basistal for ungeproduksjonen som grunnlag for talfesta uttaksgrunnlag, kartlegging av hekkeområde for bestanden og vurdering av eventuell eggsanking som del av tiltaka. Fylkesmannen har wrdert heile forvaltningsplanen i høve til reglane i naturmangfaldloven samband med godkj enninga. i Det var i2014 sju aktive gardbrukarar i dei områda der det vart gjeve løyve til felling av skadegjerande grågås. Dei driv med mjølkeproduksjon og kjøttproduksjon på storfe og sau. Seks av brukarane er grunneigarar i områda, det resterande arealet er leigejord fordelt på sju brukarar. Områda der det vart gjeve løyve til felling av skadegjerande grågås vart i2014 utvida til også å gjelde eit område på sjøsida av vegen i Ristesund. Det har vore eit aukande problem med beiteskade i Ristesund dei siste åra etter at det tidlegare har vore ei tålt beiting. Det har vore grågås i områda på begge sider av bygdevegen, men problema har vore størst på sjøsida. Det vart også registrert beiteskade i 2013 utan at det vart gjeve fellingsløyve. Delar av området med skade grensar inn til Ristesund Naturreservat. Det vart allereie i føregåande planperiode (2004 -2007 med vidarefønng2008 - 2010) vurdert at det kunne vere eit beiteskadepotensial på Kvamsøya og at det med tida vi1le vere behov for tiltak for å awerge aukande skade. Tiltak i føregåande planperiode var å følgje med i utviklinga slik at ein kunne sette i verk tiltak før det oppstod beiteskadar. Det har vore rapportert om aukande grågåsbestand og beiteskadar på Kvamsøya dei seinare åra. Det vart første gongen søkt om skadefellingsløyve i 2010 og det vart då gjeve skadefellingsløyve for inntil 5 grågås. Det ligg ikkje føre skriftleg søknad om løyve til å felle skadegjerande grågås for 2015. Etter samråd med Fylkesmannen i tilsvarande sak i 2012bllr saka likevel teke opp til handsaming. Dette med bakgrunn i godkjent forvaltningsplan, munnleg kontakt og erfaring frå situasjonen tiltaksområdet tidlegare år. Etter g 7 i naturmangfaldslova skal prinsþa utøving av offentleg mynde. Vurderingar i høve til $ 8 - 12 LNML: i $$8 - 12ligge til grunn som retningsliner ved Kunnskapsgrunnlaget: I Ristesund er det fleire registreringar i Naturbase og Artsdatabanken i og rundt det aktuelle området. Ristesundsanden naturreservat ligg i ytterkanten på vestsida av det aktuelle området. Registreringane er i hovudsak knytt til vegetasjonstypar, planter og 1av. i Ristesund ligg etter Naturbase området Ristesund nord, 8N00067035. Området er registrert som naturtype sanddyne med utforming artsfattig fordyne. Lokaliteten er avgrensa som ei smal stripe utanfor På nordvestsida av det aktuelle området i fulldyrka mark i bakkant. Lokaliteten har verdi B (viktig) på grunn av at den har eit visst areal av trua vegetasjonstlpar. Opprinneleg bestod heile området av flygesand. I dag er det helst artsfattig fordyne, dels med trua vegetasjonstypar som strandkvekeutforming og marehalmutforming . Desse er registert som VU, sårbar. Det meste av lokaliteten har likevel meir trivielle vegetasjonstypar som driftsinfluert sandforstrand eller fleirårig driftsvoll, med høgurt- og grasutforming. Gråsporv og sivsangar er tydelegvis hekkefuglar i den høge vegetasjonen, mens sandlo vart observert på sandstranda. Det beste for dei biologiske verdiane er om området ikkje blir utsett for ffsiske inngrep. i Ristesund ligg lokaliteten Ristesund, BN 00025181. Området er registert med naturtype naturbeitemark med utforming frisk fattigeng beitet. Området ligg ved Instegardneset og har verdi C (lokalt viktig). Frisk fattigeng dominerer lokaliteten. Det vart funne 30 planteartar i2010, av desse 10 naturengartar. Mellom desse var kystmaure og kystgrisøyre. Av andre planter er nemnt kusymre, musøyre og purpurlyng. Det vart funne 7 beitemarkssopp, mellom På nordaust-sida av skadeområdet anna skarlagenvokssopp og raudskivevokssopp som er raudelista som nær trua. Det beste for dei biologiske verdiane er om området ikkje blir utsett for fysiske inngrep. Det er etter Artsdatabanken registrert ein observasjon av tannjordglye i området 2011. Denne laven er registrert i raudelista som nær trua (NT). i Ristesundsanden naturreseryat vart oppretta i 2002 i verneplan for havstrand og elveos. Føremålet med vernet er å sikre eit relativt intakt sanddyneområde som ein typelokalitet for sørleg og varmeþær sanddynevegetasjon. Området er i tillegg del av eit større samanhengande beiteområde for sjøfugl og sjøpattedyr. Det beste for dei biologiske verdiane er at området ikkje blir utsett for fysiske inngrep. Arbeid med forvaltningsplan for naturreservatet er nyleg oppstarta. Etter vernereglane er dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, freda mot skade og øydelegging. Jakt på hjortedyr og kanadagås og fangst av villmink er tillatt innanfor naturreservatet. Området der det er høve til uttak av skadegjerande grågås i Ristesund er avgrensa til dyrka mark i aktiv drift utanfor naturreservatet. Alle dei registrerte lokalitetane i Naturbase i det aktuelle området er då utanfor skadefellingsområdet. Registreringane er i all hovudsak er knytt til vegetasjonstytrlar, planter og lav og skadefelling av grågås vil ikkje utgjere nokon vesentleg trussel i høve til desse verdiane. Dei andre aktuelle områda er ikkje omfatta av registreringar i mellom anna Naturbase og Artsdatabanken. Kvamsøya var eitt av tiltaksområda i Forvaltningsplan for grågås 2004 -2007 medvidareføring 2008 - 2010. Det vart i starten av føregäande planperiode vurdert som eit område med potensiale for ekspansjon. Utviklinga av grågåsbestanden på Kvamsøyahar vore noko annleis enn for dei andre øyane i Sande. Grågåsa har hekka i mange år på dei mindre øyane ved Vanylvsgapet, men utan å ha beitt særleg på Kvamsøya. Bestanden har auka etter kvart og det har dei seinare åra vorte etablert ein beitetradisjon på delar av Kvamsøya som dei siste åra også har medført beiteskade. Områda med beiteskade er aukande. Generelt har også bestanden av grågås auka, og med eit landbruk i endring har gjerne problem knytt til beiteskadar auka for dei som driv aktivt landbruk. Føre-var-prinsippet: Kunnskapsgrunnlaget blir vurdert å vere godt og det blir ikkje vurdert å vere risiko for alvorleg eller irreversibel skade på naturmangfaldet. Økosystemtilnærming og samla belastning: Tiltaket er ein del av godkjent forvaltningsplan for grågås for området der målsettingar og tiltak er sett i samanheng. Området er utsett for beiteskade og tiltak har erfaringsvis hatt ei viss positiv effekt i høve til dette. Gjennomføring av forvaltningsplanen blir vurdert som mest positiv ut frå den samla belastninga for økosystemet. Kostnadane ved miljøforringelse skal bæres av tiltakshaver: Tiltaket blir ikkje vurdert til å medføre negativ skade på naturmangfaldet som tiltakshavar skal dekkje. Miljøforsvarlege teknikkar og driftsmetodar: Erfaringsmessig har uttak av skadegjerande grågås både på Kvamsøya og andre stadar i kommunen vore godt organiseÍ og forsvarleg gjennomført. Grunneigarane og brukarane har samarbeidd og det er eigne kontaktpersonar for Kvamsøya. Det har vore gjennomført tett dialog mellom forvaltning og grunneigarar i tiltaksområda i kommunen og dette vil halde fram. Etter $ 18 i naturmangfaldslova kan det mellom anna gjevast løyve til uttak av vilt for å awerge skade på avling. Slik løyve kan berre gjevast viss uttaket ikkje truar overlevinga til bestanden og ein ikkje kan oppnå føremålet på annan tilfredsstillande måte. Ut frå den kunnskapen vi har vil ikkje eit skadefellingsløyve i høve til målsettingar og tiltak i godkjent forvaltningsplan for grågås skal true overlevinga til bestanden. Målretta forvaltning der ein ser ulike tiltak i samanheng vil vere ein bra måte å redusere utfordringane knytt til beiteskadane på. Etter forskrifta er det kommunen som kan gje skadefellingsløyve for grågås. For å vurdere kva effekt skadefellingsløyve har hatt, er det viktig å få tilbakemeldingar om kor mange gjess som evt. vart felt, når dei vart felt og om fellinga har hatt noko effekt på beitemønster/skadeomfang. Skadefelling er eit unntak frå dei generelle fredingsreglane og frå prinsippet om at viltartane i størst muleg utstrekning skal vere freda i yngletida. Ein bør derfor unngå å felle kullgås itidafør ordinær jakt, men heller prøve å felle gjeldgås i denne tida. Skadefellingsløyvet skal gielde eit visst tal grågås og skadefellingsløyvet skal avgrensast i tid. Det har tidlegare år vore registrert skade gjennom heile sesongen, og fellingsløyvet blir derfor gjeve fram til ordinær jaktstart. Det er tilrådd å gje fellingsløyve for INNTIL l5 grågås. Skadefellinga må balanserast i høve til ordinært jaktuttak, skadeomfang og målsetting for området. Uttaket må derfor vurderast i samarbeid mellom grunneigarane og nemnda fortløpande. Både ordinær jakt og skadefellingsjakt er godt organisert og samarbeidet har fungert godt tidlegare år. Jaktabør så langt råd er, føregà dagleg. Felling av maksimalt ei grågås pr. dag vil vere det beste, men det blir ikkje sett som eit absolutt vilkår i vedtaket. Då für brukarane høve til å organisere dagar med litt meir jakV litt større uttak innimellom. Larsnes, 04.02.2015 Kjell Martin Vikene einingsleiar Kristin'Wadsten landbrukssjef # il ic¡3 lSct Med aüerhald om feil 13-03-2013 Males¡oKK 1 :/ðUU Sande kommune lr -*;) \r. .qt, ii /,' f¡ T i t 'ð' ì I t t F ii /, ,v äs 'I D. rä l:' I ,t. I I .l .ì) I r'Þ ¡ i \' 4) ir r ìì. \:i I \s '.I rÊi :,& ,l 3 tl Sr / I / #- eç É È tr ã Ë + Þ I _.¿ Þ-J o
© Copyright 2024