FJELL KOMMUNE Ågotnes skule TLF 55 09 78 00 5353 ÅGOTNES E-post: agotnes.adm@fjell.kommune.no Heimeside: www.agotnesskule.no REFERAT MØTE 3 I SKULEMILJØUTVALET OG SAMARBEIDSUTVALET STAD OG DATO: Personalrommet Ågotnes skule 12.11.14 DELTAKARAR: Renate Grimestad (leiar FAU), Petter Garlid (nestleiar FAU), Eigil Nødtvedt (rektor), Tore Foldnes (avdelingsleiar), Kristoffer Molland Telle (elev 7A), Mia Helen Bie Paulsen (elev 4C), Adrian Haugland Pedersen (elev 7B), Emilie Haugland Lauvik (elev 7A), Kathinka Litlekalsøy (elev 4B) IKKJE MØTT: Eva Vik (politiker), Mette Bongom (SFO-leiar) Fyrste del av møtet var skulemiljøutvalg. Elevane var med på dette. Sak 2, samt oppfølging av tidlegare skulemiljøsaker var tema her. Sak 1 - Referat frå SU-møte 2 onsdag 17.09.2014: • Referat godkjent. Sak 2 - Saker frå elevrådet: • Port i bingen: Elevane ynskjer nye portar i bingen. Det har vore port før, men den er øydelagt. Det er i dag opning med betongelement mot gymsal, medan det er opning utan betongelement mot sandvolleyballbane. Tore og Eigil tek denne saka opp med Normann (vaktmester) for å sjå på ulike løysingar. • Nye kanonballer i gymsalen: Tore og Eigil tek denne saka opp med Rune Skogedal som er ansvarleg for gymsalsutstyret. • Nye nett i mål i bingen: Tore og Eigil tek denne saka opp med Normann. • Juice: FAU er positiv til at elevane skal kunne bestille dette på lik linje med skulemelk. Skulen vil sjå på kva kapasitet den har til dette. Vi startar ei prøveordning på dette. • Skating i trivselsfriminutta: Tore og Eigil tek saka opp med trivselsleiarkoordinatorane. • Trivselsprogrammet: Elevane og skulen ynskjer å fortsette med dette. Skulen ynskjer å spleise på utgiftene saman med FAU. Renate og Petter tek denne saka vidare til FAU. Sak 3 - Oppfølging av tidlegare saker: • Akebakke: Denne må eventuelt sjåast i samanheng med utbygging av Ågotnes barnehage. Det er usikkert når dette vert aktuelt. ÅGOTNES SKULE - ein god stad å vera, ein god stad å læra Sak 4 - Saker frå FAU: • Syklar som vert øydelagt på skulen: Skulen tek dette på alvor, men har ikkje fått mange tilbakemeldingar om dette. Personalet har fått melding om å sjå til at ingen elevar sit/plukkar på syklane i friminutta. Skulen ynskjer melding dersom nokon får sykkelen sin øydelagt på skulen. • Valg: Renate Grimestad er ny leiar i FAU. Petter Garlid vart nestleiar. Tonje Drolsum og Anja T. Moen Arefjord er medlemmar av trafikksikringsgruppa. • Representantar på FAU-møta: Det bør vere ein representant frå kvar klasse på FAUmøta. Organiseringa av FAU vert tatt opp på neste FAU-møte. • Telefonnummer og epostadresse til FAU-representantar på heimesida: Dette legg skulen ut på heimesida. Sak 5 - Trafikksikring og ny overgang: • Ny overgang endeleg på plass mot Valderhaug. • Ulykke ved Kiwi: Her vert det lysregulert overgang. Ein må vurdere mellombels taxi for to elever som bur på Brunnane på grunn av særleg farleg skuleveg. Tore tek denne saka opp med skulekontoret. • Rundkøyringa: Skulen og andre har fått eit brev som peikar på at dette er eit trafikkfarleg område. Eigil tek kontakt med brevskrivar. Renate vidaresender brevet til Trafikksikringsgruppa. Sak 6 - Skuleruta for Fjell 2015-2016: • Eigil orienterte om denne. Skuleruta vert i hovudsak lik som for Bergen Kommune. Sak 7 - Skulekatalogen 2014-2015: • Skulen har nytta FOVEA, og har positiv erfaring med desse. • Fotografering til våren er bestillt. Vi kjem attende med dato her. Sak 8 - Trivselsleiarprogrammet 2015-2016: • Renate og Petter tek dette vidare til FAU om vidare støtte til drift her. Sak 9 - Skuleforeldrekveld med barnevakten og eventuelt ein kveld med fokus på ernæring: • Vi ynskjer å ha ein skuleforeldrekveld med Barnevakten med fokus på nettvett og digital mobbing. Skulen undersøker med Barnevakten om mogelege tidspunkt våren 2015 • Vi ynskjer og å ha ein skuleforeldrekveld med fokus på kosthald og ernæring. Dette vert ein kveld med påmelding. Det er aktuelt å gjennomføre dette våren 2015. • Vi ynskejr å ha ein skuleforeldrekveld med politiet hausten 2015. ÅGOTNES SKULE - ein god stad å vera, ein god stad å læra Sak 10 - Bruken av Ågotnesbassenget og personlig hygiene: • Det er sendt ut epost til brukarar av bassenget med klare retningslinjer for kroppsvask og bruk av badehette. Sak 11 - Justering av ordensreglane på grunn av ny sms-telefonordning ved elevfråver: • Eigil orienterte om endring i ordensreglane her. • Vi startar ei prøveordning fram til jul. Frå 1. januar 2015 er dette ei ny ordning. Sak 12 - Andre saker frå administrasjonen: • Arbeidet med beredskapsplanen v/Eigil: Dette arbeidet held fram. • Brannøvinga i oktober og branntilsyn i november v/Tore: Tore orienterte kort om brannøvinga vi har hatt i haust. Skulen held og på med å revidere og fornye planane sine i høve brannforebyggande arbeid. Dette heng saman med arbeidet med beredskapsplanen. • Kort orientering om ferieopen SFO v/Mette: Denne saka vart ikkje tatt opp. • Parkeringsplassen v/Eigil: Eigil orienterte kort om utfordringane vi har med manglande parkeringsplassar grunna pendlarar som nyttar skulen sin parkeringsplass. Kommunen kjem for å gjere ei befaring her og sjå på kva mogelege løysingar ein kan finne. Sak 13 - Ymse: • Det var ingen sakar. Neste møte vert onsdag 28.01.2015 kl. 19.30 - 21.00. Skrivar Tore Foldnes Avdelingsleiar Ågotnes skule ÅGOTNES SKULE - ein god stad å vera, ein god stad å læra
© Copyright 2024