Ny giv i sauehaldet i Aust-Agder Aktivitetsplan hausten 2015 – felles fagarrangement: • Laurdag 1. august: Fagtur til Åseral. Vi møter på Evje ved rutebilstasjonen kl. 09.00. Tema: Ulike driftsbygningar. Vi besøker Kjell Eikild, Åknes (ombygd grisehus til sau) Anna og Frode Forgard, Kyrkjebygda, (ny.r. fjøs i 2014 til 350 vfs.) Jan Egil Orte, Fossdal (oppdrettar av Border Collie), Geir og Anita Kvåle, Kittelstad, (2 etg. sauefjøs). Påmelding og informasjon: Jakob, tlf. 971 41 754. • Laurdag 8. august kl. 10.30: Demonstrasjon av ulikt utstyr til spreiing av tørrgjødsel, hos Terje Birkeland på Evje. (Køyr over brua i Krossen, ta nordover på Senumsvegen ca. 500 m. Skilta ved garden.) Landbruksmessa Naturligvis opnar kl. 10.00 denne dagen. • Tysdag 18. august kl.19.00: Fjøsbesøk hjå Sven Reiersen på Tveit i Hornnes. Tema: Plukkslakting og uttak av livlam. Siri Haugland frå Nortura blir med. • Laurdag 22. august: Beitedag. Familietur. Tove Hilde og Egil Åmli på Helle inviterer til støylsvandring til Furustøyl, Setesdal Vesthei. Ca. 1 times tur i lett terreng. Dette er beiteområdet for gardane på Helle. Oppmøte ved Lisle Myklevatn kl. 12. Ta med grillmat, så held vi kaffe, – og overraskande underhaldning. Driftesjef for Rysstadheia, Øyvind Madland, blir med og deler erfaringar frå mange år som gjetar i vestheia. • Torsdag 3. september kl. 17.00: Klassifisering og kjøttkvalitet. Er det pengar i kvalitetsslakt? Vi besøker Jens Eide AS i Lillesand. Omvisning på anlegget. • Oktober: Fjøsbesøk på to-tre sauebruk. Tema: Plukkslakting og slaktekvalitet. Val av livlam. Meir informasjon om besøksvert og tid kjem seinare. • Desember: Kurs i Sauekontrollen på KVS-Bygland . Meir info seinare. Dei fleste arrangementa er i samarbeid med lokale sauelag eller slakteri. Arrangement som lokale sauelag arrangerer, vil vi prøve å formidle over heile fylket. Arrangementa er opne for alle som er interessert i sau og ønskjer fagleg påfyll. Sett av datoane i kalenderen alt no! Å møte andre produsentar med same interesse er ofte svært lærerikt. Velkomen! Kontaktinformasjon Har du idear eller ønskje om andre arrangement eller ønskjer besøk på garden, er du velkomen til å kontakte: Prosjektleiar: Jakob J. Saaghus, jakob.saaghus@nlr.no, tlf. 971 41 754 Leiar i Aust-Agder sau og geit: Kåre Blålid, leder.austagder@sauoggeit.no, tlf. 945 05 946 Kom gjerne med innspel til faggruppeleiarane: Kommunar – gruppe Gruppeleiar Gjerstad, Vegårshei, Risør, Kristian Foss, krisfoss@gmail.com, 959 16 183 Tvedestrand, Arendal, Froland Grimstad, Lillesand, Birkenes Bjørn Tore Hovland, ighovland@live.no, 957 50 465 Åmli Kjetil Olstad, 971 52 690 Evje, Iveland Eivind Odd Kallhovd, eivind.kallhovd@tine.no, 916 19 852 Bygland, Valle, Bykle Egil Åmli, eamlid@online.no, 988 61 798 Heile fylket – økogruppe Foreløpig kontakt: Jakob J. Saaghus Heile fylket – bygg Jakob J. Saaghus Kikk gjerne på nettsida vår: www.nsg.no.
© Copyright 2024