GRÜNDERVEKA i Vest-Telemark Innovasjon og entreprenørskap 16.-20. november 2015 www.vest-telemark.no GRÜNDERSKULE «Ta idèen din vidare» Måndag 16. november kl 17-21, Vest-Telemark Næringshage, Kviteseid Vi starter grûnderveka i samarbeid med Innovasjon Norge og inviterer til grûnderskule. Bedrifter og privatpersonar med ein idè dei vil ta vidare, vil gjennom ein workshop få hjelp til å arbeide systematisk og målretta med konkrete problemstillingar og moglegheitar dei vil møte på som grûnder. Dette er ein kveld som vil inspirere til vidare utvikling, og som kan forandre framtida di! Påmelding: svein.foldoy@vtnh.no eller www.vest-telemark.no BIOØKONOMI - TELEMARK Torsdag 19. november kl 17-21, Fyresdal Næringshage, Fyresdal Kveldsarrangementet, Bioøkonomi Telemark, skal vere ein inspirasjonsarena for alle som er interessert i å skape større verdiar av dei bioressursane vi har i regionen, om det er jord, skog eller ferskvatn. Møtet leggast opp som ein uformell arena der vi får ein smakebit av spesialistar på sine respektive fagområder. Målgruppa for arrangementet er alle med interesse for næringsutvikling og bioressursar. Gründerar, bøndar, entreprenørar, industriaktørar, skogeigerar, næringsutviklerar med fleire. Innleiing og velkommen Olav A. Veum, prosjektleiar for Bioøkonomi Telemark og styreleiar i AT SKOG og Norges Skogeierforbund. Moglegheitar i Telemark Hans Jørgen Aase, Fylkesmannen i Telemark. Ressursane i Utmarka Tor Gunnar Austjord, dagleg leiar, FAUN Naturforvaltning. Bioenergi lokalt – Utnytt bioressursen på eigen gard Kjetil Øi. Prosjektleder, Fylkesmannen i Telemark og Agder. Gull i innlandsvann – Potensialet for innlandsfiskeoppdrett Mads Dorenfeldt Jensen, dagleg leiar, Telemarksrøya. Kjerneved – Eit verdiskapingspotensiale for Telemark Ole Grimsgard, dagleg leiar, Telemarksbruket Bø. Innovatørar – kom til oss! Gry Langbakk, seniorrådgjevar, Innovasjon Norge. Skogpotensialet i Telemark, Knut Nesland, teamleiar, AT SKOG. Oppsummering / Diskusjon Påmelding: sh@vtnu.no eller www.vest-telemark.no Gründerveka i Telemark vart for fyrste gong arrangera i 2012. Eit arrangement i regi av Etablerarkontora i Telemark, Vekst i Grenland (ViG) og Innovasjon Norge. No er me klare for ei ny og spanande veke, og Vest-Telemark er med! Hald av veke 47, 16. - 20. november 2015 GRÜNDERVEKA - UKE 47 www.uke47.no www.vest-telemark.no Brosjyredesign: www.somzagt.no www.vest-telemark.no
© Copyright 2024