Otrosåsen hyttefelt - Planbeskrivelse

PlanID
04_53_2014
DP Otrosåsen
hyttefel t
PLANOMTALE
Høyringsutkast
RevisjonB
30.10.2015
PlankontoretHallvardHommeA/S
4747Valle
Tlf: 37937000
post@plankontoret.no
Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt
Høyringsutkast
Detaljreguleringsplan for BFK4
Innhald
1 BAKGRUNN
1.1
LOKALISERING
2 OVERORDNA PLANVERK
2.1
2.2
2.3
KOMMUNEDELPLAN HOVDEN
UTBYGGINGSPLAN OTROSÅSEN
REGULERINGSPLANEN HOVDEN DEL II
3 PLANOMRÅDET I DAG
3.1
3.2
3.3
3.4
LANDSKAPSBILETE
NATURMANGFALD
GRØNSTRUKTUR
EKSISTERANDE BYGG OG ANLEGG
4 KONSEPT
4.1
4.2
HOVUDGREP
INFRASTRUKTUR
4.2.1 INTERNE VEGER
4.2.2 NY VEG OVER OTRA
4.2.3 GANGSAMBAND
4.2.4 RENOVASJON
4.2.5 STRAUM, VATN OG AVLAUP
4.3
GRØNSTRUKTUR
4.3.1 SKILØYPER OG TURSTIAR
4.3.2 NÆRREKREASJONSOMRÅDE
4.4
TOMTESTRUKTUR
4.5
SMÅBÅTHAMN
5.1
3
3
4
4
4
5
6
6
6
7
7
9
9
9
9
9
10
10
10
10
10
11
11
12
5 PROSESS
13
INNSPEL TIL PLANARBEID
FYLKESMANNEN I AUST AGDER
AUST AGDER FYLKESKOMMUNE
NORGES VASSDRAGS- OG ENERGIDIREKTORAT (NVE)
STATENS VEGVESEN
AGDER ENERGI NETT AS (AE NETT)
SETESDAL MILJØ OG GJENVINNING AS (SMG)
13
13
13
13
14
14
14
2312 Plankontoret Hallvard Homme AS
AS Sætersdalen
1
Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt
Høyringsutkast
Detaljreguleringsplan for BFK4
ADVOKATFIRMA HJORT, PÅ VEGNE AV OTROSÅSEN HYTTEGREND VELFORENING
ARILD REBER, NEDRE OTROSVEGEN 18
5.2
SAMARBEID MED PLANADMINISTRASJONEN I BYKLE KOMMUNE
5.3
SAMARBEID MED HYTTEVELFOREININGA
6.1
6.2
6.3
6.4
6.5
6.6
14
14
15
15
6 VURDERINGAR
16
KONSEKVENSAR FOR BARN, UNGE OG RØRSLEHEMMA
KONSEKVENSAR FOR NATURMANGFALDET
KONSEKVENSAR FOR GRØNSTRUKTUREN
KONSEKVENSAR FOR EKSISTERANDE BYGG OG ANLEGG
VASSDRAG
RISIKO OG SÅRBARHEIT
6.6.1 SAMANDRAG
6.6.2 METODE OG FØRESETNADER
6.6.3 OVERORDNA RISIKOVURDERING
6.6.4 ENDELEG RISIKOVURDERING
6.6.5 NÆRARE VURDERING AV TRONGEN FOR TILTAK
6.6.6 KJELDER
16
16
16
16
18
18
18
18
20
23
23
24
2312 Plankontoret Hallvard Homme AS
AS Sætersdalen
2
Detaljreguleringsplanfor Otrosåsenhyttefelt
Høyringsutkast
Detaljreguleringsplanfor BFK4
1 Bakgrunn
Etter oppdragfrå grunneigarASSætersdalener det satt i gongdetaljreguleringsarbeidpå ein del
av gnr/bnr 2/2 på Otrosåsen,sørvestfor sentrum på Hovden. Det er eit eksisterande,eldre
hyttefelt i området. Føremåletmed planarbeideter å fortette det eksisterandefeltet med nye
hyttetomter og tilhøyrande infrastruktur. Plankontoret Hallvard Homme AS er leigd inn til
planfaglegbistandfor å få gjennomførtplanprosess
en i samsvarmed PBL.
Oppstartav planarbeidvart meldt allereiei 2009.Dette arbeidet vart stoppaav tiltakshavar,då
privatrettslege tilhøve i området gjorde utfallet av planarbeidet usikkert. I tillegg var den
planjuridiskesituasjonennoko uavklart. Dette vart endra med vedtak om både ny arealdeltil
kommuneplanenog ny kommunedelplanfor Hovdensentrum, der planområdet er ein del av.
Byklekommunekravdeomstart av planarbeidet.
1.1 Lokalisering
Planområdet omfattar teigane FB6 og
C18i KDPHovdensentrum. I vest grensar
området mot gnr/bnr 7/125, 8/14 og
8/88. I nord møter planområdet
Breivevegenog gnr/bnr 2/952. Austre og
søndre grense ligg i høvesvis Otra og
Hartevatn.
Over:: Planområdetpå Hovden.
T.v.:Avgrensingav planområdetved
oppstart av planarbeid.
2312 Plankontoret HallvardHommeAS
ASSætersdalen
3
Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt
Høyringsutkast
Detaljreguleringsplan for BFK4
2 Overordna planverk
2.1
Kommunedelplan Hovden
Kommunedelplan for Hovden vart vedteken
27.02.2014. Planområdet omfattar teigane FB6 og
C18. Området er sett av til Eksisterande
fritidsbusetnad. Ein liten del av planområdet er sett
av til framtidig fritidsbusetnad. Det er elles LNFR i
området. Eksisterande løypenett er teikna inn med
streksymbol utan særskilt arealkategori. Ny
køyreveg over Otra berører nordre del av
planområdet, og er teikna inn som framtidig
hovudveg. Ny vegtrasé mellom FB6 og C18 er
teikna inn med streksymbol for framtidig
tilkomstveg. Gjeldande reguleringsplan for
Otrosåsen gjeld framleis føre KDP. Eit fareområde
for snoskred er lagt inn i søndre delen av
planområdet. Mot Otra er det lagt inn eit
bandleggingsområde i høve til kulturminne.
4
Føresegnene stiller ingen særskilde krav til
reguleringsplanarbeidet for teigane FB6 og C18.
Dimed er utnyttingsgraden og bygningshøgder opp
til reguleringsplanen å fastsetje.
KDP Hovden gjeld framføre kommuneplanens
arealdel, då KDP er vedteke sist. Dimed er
føringane i KP areadel irrelevante, som tidlegare
vedkom planområdet.
2.2 Utbyggingsplan Otrosåsen
Over: Utdrag av KDP Hovden.
Under: UBP Otrosåsen
Gjeldande utbyggingsplan for Otrosåsen vart vedteke 19.02.2002.
Denne planen vil verte avløyst med vedtak av føreliggjande
planframlegg.
Planen syner delar av planområdet i føreliggjande framlegg, dvs. at
nytt planframlegg tek meir areal enn gjeldande plan. Det meste av
gjeldande plan er regulert til spesialområde friluftsliv. Mange av
pyttane og tjønnane er regulert med eige føremål. Eksisterande
veginfrastruktur er regulert til spesialområde privat veg.
Eksisterande hytter er regulert til fritidsbusetnad med
føremålsgrense tett opp til hytteveggen. Føremålsteigane er dimed
langt mindre enn den tinglyste retten til 1 daa festetomt. Tomtane
synast ikkje i plankartet.
2312 Plankontoret Hallvard Homme AS
AS Sætersdalen
Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt
Høyringsutkast
Detaljreguleringsplan for BFK4
Føresegnene til planen heimlar inntil 145 m² BYA, inkludert carport men utan frittliggjande
parkeringsplass. Det er berre lov med eitt bygg per tomt. For utviding av eksisterande hytter er
det lov å overskride føremålsgrensa med inntil 4 m. Vegg skal målast i mørke rød-, brun eller
grønfarger. Tak skal tekkast i mørk papp, tre eler torv. Valma tak eller kvister er ikkje lov.
Fundamentet skal skjulast med eigna materiale. Parabolantenner er tillete, dersom de plasserast
på hytteveggen og målast i veggens farge. Spesielle tre inntil hyttene skal bevarast.
2.3 Reguleringsplanen Hovden del II
Teigen C18 og nokre andre område, som ikkje
inngår i utbyggingsplanen for Otrosåsen, er
regulert i reguleringsplanen for Hovden del 2,
vedteke 10.09.1997. Denne planen inneheld også
teig C15 (som vart erstatta av UBP Otrosåsen).
C18 vart flateregulert, med krav om
utbyggingsplan. Plankartet syner ein vegtilkomst
til C18 frå eksisterande vegen i Otrosåsen, rett
nord for hytte 2/2/40 (Øvre Otrosvegen 40), med
avstand frå hytta på ca. 15 m.
5
Føresegnene
krev
utbyggingsplan.
Tomteutnyttinga TU skal ikkje overstige 10%. Det
skal vere minst 20 m avstand til vegar eller løyper
til ålmenn ferdsle. Hyttene skal oppførast i 1 høgd
og med maksimalt 100 m² grunnflate. Uthus kan
tillatast inntil 8 m². Det skal vere høg sanitær
standard i hyttene.
2312 Plankontoret Hallvard Homme AS
AS Sætersdalen
Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt
Høyringsutkast
Detaljreguleringsplan for BFK4
3 Planområdet i dag
3.1 Landskapsbilete
Planområdet ligg som eit spreidd utbygd hyttefelt med delvis store ubygde areal innimellom.
Det er synlege spor etter menneskeleg påverknad over store delar av området, berre nokre
område mot Otra, mot Hartevatn og eksponerte lier opp til Otrosåsen i vest gjev inntrykket av å
vere nokolunde urørte. Hyttene underordnar seg landskapet, men er synlege. Vegar ligg
temmeleg synlege i terrenget, trass i smal breidde og relativt god terrengtilpassing. Også
løypene er godt synlege, dei er ofte opne korridorar gjennom skogsdekt mark.
Store delar av planområdet er flatlendte og dekt av myr og pyttar. Pyttane har varierande
vasstand gjennom året. Myrane er ofte bare for trevegetasjon. Dette gjev eit inntrykk av opne
landskap med vide veggar, som ikkje er særleg godt definerte. Det er gjerne trevegetasjonen i
tilstøytande fastmark, som er veggen i landskapet. Mot vest er det det stigande terrenget, som
danna rein tydeleg vegg. Det er elles ingen godt definerte strukturar i området, landskapet
verker noko «rotete».
Dei store, flate, ofte vassdekte areala gjer at området dominerast av golvflatar. Fråveret av
tydelege terrengstrukturar gjer at trevegetasjonen har ein viktig rolle i landskapsbiletet. Det er
for det meste furutre, som dominerer vegetasjonen.
3.2 Naturmangfald
Det er ikkje registrert truga eller sårbare artar innanfor planområdet. Det er fleire registreringer
gjennom tidene, som er gjennomført av universitetet i Bergen. Artene her er LC. Dette viser at
det er god kunnskap om artsmangfaldet i planområdet. Det er registrert fiskemåke (NT),
strandsnipe (NT), tårnseiler (NT) og bergand (VU) i nærleiken av planområdet (Otra, Hartevatn).
Naturmangfoldlovens §8 er vurdert ut frå informasjon henta frå Naturbase, Artsdatabankens
artskart og andre tilgjengelege baser. Planen vurderast ut ifrå desse registreringane å ha oppfylt
krava i Naturmangfoldlovens §8.
Ut i frå gjeldande registreringar i dei offentlege basane ser det ikkje
ut til at det kan påvisast effektar av tiltaket på truga, nær truga eller
verdifull natur, jfr. §8. Planleggar legg derfor til grunn for at det ikkje
er naudsynt å foreta vurderingar etter miljøprinsippa i
Naturmangfoldlovens §§ 9 – 12.
2312 Plankontoret Hallvard Homme AS
AS Sætersdalen
6
Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt
Høyringsutkast
Detaljreguleringsplan for BFK4
3.3 Grønstruktur
Grønstrukturen kan delast inn i aktive og passive område. Dei aktive områda er først og fremst
løyper og stigar, men også naturterreng med høve til ferdsle og opphald (nærrekreasjon). Dei
passive områda er først og fremst pyttane i området, samt nokre uframkomelege myrareal.
Løypenettet er godt tilrettelagt i heile planområdet.
Langs Otra og Hartevatn går ei av dei sentrale løypene
på Hovden, som har ein høg grad av tilrettelegging. Om
sommaren er løypa ein brei, grusa tursti. Det er ei
gangbru, som leiar over Otra og inn mot den austre
løypestrengen. Ein har med andre ord fleire
tilknyttingspunkt mot sentrumsfasilitetane via denne
løypa/stien. Om lag i vestre plangrense ligg ein annan
løypestreng, som nord i planområdet veks i hop med
den austre strengen. Også denne løypa er godt
tilrettelagt. Den går nokså tett inntil eksisterande
bustad- og hytteområde, før den forgreinar seg i
høgareliggjande og brattare løyper opp mot Otrosåsen.
Lenger vestover endar denne løypa i skistadion på
Hovden. Nærleiken til det godt tilrettelagde løypenettet
gjer at Otrosåsen hyttefel t ligg sentralt i den rekreative
infrastrukturen på Hovden.
7
Andre aktive grøntområde ligg stort sett i tett samband med løypetraséane. Mykje av dei andre
områda er ikkje farbart. Men de er nokre lier mellom Øvre Otrosvegen og Otrosvegen, som er
slake nok til ferdsle. Her står trea nokså tette, broten av myrflater som er rimeleg tørre om
sommaren. Også platået i C18 er rimeleg greitt framkomeleg. I austre del av planområdet ligg
tørre område gjerne omkransa av vassjuke, slik at ferdsle utanom løyper og vegar vert vanskeleg.
Det er sparsamt med stiar gjennom området, men enkelte løyper blir tråkka om vinteren.
Dei passive grøntområda har ein viktig estetisk funksjon. Det er desse som gjev inntrykket av
opent landskap, med dominans av naturen over den menneskelege påverknaden. Desse områda
er stort sett knytt til dei flate, vassjuke og delvis vassdekte areala midt og aust i planområdet.
3.4 Eksisterande bygg og anlegg
Det er 106 eksisterande tomteheimlar i planområdet og 104 eksisterande hytter. Hyttene står
med punktfeste, det er ingen tomtegrenser per i dag. Hyttene er bygd etter ein disposisjonsplan
frå 1974, som reknast for å vere ferdig utbygd. Byggetidsromet strekkjer seg over noko tid, nokre
hytter vart også utbetre, tilbygd og oppgradert. Storleiken varierer frå litt over 60 m² til rundt
140 m². Dei er gjennomgåande låge, med ein mønehøgde på maksimalt rundt 4,5 m. Takpapp
og shingel dominerer, men det er enkelte hytter med tretak også. Hyttene står stort sett på
punktfundament med relativt små inngrep i naturterrenget. Alle bygningsfunksjonar er samla
under eitt tak, som gjerne kan vere kraftig oppdelt.
Dei fleste hyttene ligg nære opp til ein kjøreveg. Nokre hytter har biloppstilling rett ved hytta,
medan andre parkerer i små lommer inntil vegkanten. Ei hytte har ca. 70 m luftlinje til køyreveg,
2312 Plankontoret Hallvard Homme AS
AS Sætersdalen
Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt
Høyringsutkast
Detaljreguleringsplan for BFK4
med sti opp til hytta. Kjørevegen er delvis asfaltert, resten er gruslagt. Breidda ligg på kring 3 m,
delvis breiare. Det er berre små grøfter på sidene, dermed er det lettare å halde terrenginngrepa
på sidene små. Inngrepa er lite revegetert, dette er spesielt synleg gjennom tørre monerygger,
som ligg med synleg sandoverflate mange år etter inngrep.
8
Dei fleste hyttene er kopla til straumnettet. Det er luftspenn frå trafoane i mastane til
høgspentlinjene. Hytteeigarane har etablert eige vassforsyning og avlaup, som begge er kopla
til kommunens hovudnett. VA nettet er i dårleg stand, delvis pga. alder på røyr og dels pga.
dårlege røyr/grunnarbeid. Bykle kommune ynskjer å få sanert både vatn og avlaup, då det er
stort svinn av drikkevatn gjennom lekkasjar og omfattande forureining av lekke
avlaupsleidningar.
Renovasjonsordninga er etablert ved avkøyringa frå Breivevegen. Her er det ein større
parkerings og snuplass også.
2312 Plankontoret Hallvard Homme AS
AS Sætersdalen
Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt
Høyringsutkast
Detaljreguleringsplan for BFK4
4 Konsept
4.1 Hovudgrep
Grunneigar ynskjer å oppretthalde dagens preg av hyttefeltet, så langt dette let seg gjere.
Romslege tomter, mykje naturleg preg og relativt enkle hytter er målet med konseptet.
Tomtestorleiken tilpassar seg difor det som eksisterande tomter har avtalefesta (kring eit mål).
Det vil likevel ikkje vere mogleg å kopiere 70 talets måte å utforme hyttefeltet på. Marknaden i
dag har større krav til storleik, høgder, komfort, tilgjenge og utforming. Kostnadsnivået ved
tilrettelegging av infrastruktur gjer det i tillegg naudsynt å dimensjonere for eit større kvantum
nye etableringar for at det skal vere økonomisk lønsamt å gjennomføre prosjektet. Mykje av
infrastrukturen må sanerast (VA, straum) og oppgraderast (køyrevegar).
4.2 Infrastruktur
4.2.1 Interne veger
Det interne vegnettet oppretthaldast med dagens breidder. Det leggjast opp til at fleire av dei
eksisterande og alle nye tomter parkerer på tomtane, dimed vil noverande parkeringslommer
frigjerast til ventelommer. Dei eksisterande vegane og tilkomstane regulerast med nemning Sk1.
Det etablerast nokre nye vegar i forlenging av eksisterande vegar. Det lengste vegen vil take av
ved Øvre Otrosvegen 38 og gå inn i tidlegare teig C18 om lag i tidlegare regulert trasé. Det
leggjast opp til planfri kryssing av eksisterande skiløype, som då føreslåast noko omlagd for å
fange opp nye terrengtilhøve. Vegen vil forgreine seg oppå det nordre platået på Otrosåsen. Ein
gjer framlegg om å gjeve eit nytt namn til denne vegstubben: Røyrtjønnvegen. Det nye
vegsystemet får nemninga Sk2.
Lengst sør i Øvre Otrosvegen ynskjast ein ny vegstubb regulert. Denne vil gjeve køyretilkomst til
hytta Ø. Otrosvegen 60 og seks nye tomter. Den nye vegen får nemninga Sk4.
Ved Otrosvegen 22 føreslåast ein kort vegstubb opp til 2 nye tomter. Nord for Otrosvegen 10 er
det teikna ein vegstubb til i alt 5 nye tomter. Vegane nemnast høvesvis Sk5 og Sk6.
Aust for Nedre Otrosvegen 7 føreslåast eksisterande parkeringsplass fjerna til fordel for ein kort
vegstubb til den nye vegen over Otra (sjå nedanfor). Denne vegen vil verte ein alternativ tilkomst
til hyttefeltet frå Hovden sentrum.
4.2.2 Ny veg over Otra
Bykle kommune held på med ein områdeplan for Hovden sentrum, som skal erstatte gjeldande
RP Hovden del II. Denne planen tek bl.a. opp ny køyretilkomst over Otra, i tråd med streksymbol
i KDP Hovden. Planarbeidet har ikkje kome langt nok til at føreliggjande planarbeidet kan syne
til gjennomførte utgreiingar eller planteikningar, men det føreligg ei førebels skisse for
vegtraséen.
Nord for planområdet, på teig 2/952, er det varsla oppstart av reguleringsarbeid. Tiltakshavar
har eit aktivt tilhøve til kommunens planlagde nye hovudveg, men ynskjer traséen lagt noko meir
sør enn KDP Hovden syner og kommunen har som utgangspunkt i sitt arbeid med OP Hovden
sentrum. Grunneigar på 2/2 (føreliggjande planframlegg) har ikkje noko aktivt syn på
2312 Plankontoret Hallvard Homme AS
AS Sætersdalen
9
Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt
Høyringsutkast
Detaljreguleringsplan for BFK4
vegtraséen. Det er med andre ord planarbeidet for Hovdegrend (2/952) og Hovden sentrum,
som vil leggje premissane for korleis denne vegen vert regulert over 2/2. Plankartet syner den
siste varianten av vegen gjennom planområdet, per juli 2015. Det er mogleg at denne traséen
endrast fram til godkjenning av DP Otrosåsen hyttefelt, dette vil skje på bakgrunn av avgjerder i
samband med planarbeidet for Hovdegrend og/eller Hovden sentrum.
Vegen får nemninga o_Sk3.
4.2.3 Gangsamband
Eksisterande GS-veg langs Breivevegen regulerast som bygget, o_Sgs1.
Det gjerast framlegg om ein ny GS-veg frå Breivevegen og langs med tilkomsten til hyttefeltet,
fram til krysset Otrosvegen/Øvre Otrosvegen. GS-vegen nemnast Sgs2.
I tråd med føringane i OP Hovden sentrum regulerast ein ny GS-veg på nordsida av ny køyreveg
over Otra, o_Sgs3.
Ein liten gangveg frå løypenettet og ned til ei småbåthamn merkast med Sg. Denne stien vil ha
same utsjånad som stiane i løypene, men vil ikkje tråkkast om vinteren.
4.2.4 Renovasjon
Ein har ingen konkrete ynskje om å endre på dagens renovasjonsløysing. Med ny tilkomst frå
o_Sgs3 vil mykje av trafikken styrast over til denne vegen. Det kan difor melde seg trong for å
opprette ei renovasjonsløysing også her. Dimed lokaliserast ein teig til dette rett vest for
avkøyringa, den nemnast Bren.
4.2.5 Straum, vatn og avlaup
Det er på det reine at det eksisterande vass- og avlaupssystemet må sanerast. Tiltakshavar
ynskjer å etablere eit nytt system gradvis, som skal forsyne nye hyttetomter. Eksisterande
tomter vil kunne koplast til dette anlegget. Også straumforsyninga vil det etablerast eit nytt
anlegg for, slik at ein på sikt vil kunne fjerne luftlinjene gjennom området.
Til noverande tidspunkt finst ingen konkrete planar om korleis dette arbeidet skal
gjennomførast. Det stillast krav til utarbeiding av ein samla teknisk plan, som vil syne detaljane
for VA og straumforsyning. Også breiband vil inngå i denne planen. Føre denne tekniske planen
ligg føre, er det ikkje høve å påbyrje den vidare utviklinga.
4.3 Grønstruktur
4.3.1 Skiløyper og turstiar
Eksisterande løyper regulerast stort sett som bygget og leggjast inn i teigen Asl1. Også nye
greiner inn i byggjeområdet leggjast inn under den same teigen. Desse nye greinene er viktige
for å knyte hyttefeltet optimalt til løypenettet, samstundes som dei vil vere krevjande å
opparbeide.
Eksisterande hovudløyper vil verte brotne av ny veg o_Sk3. Denne vegen er som nemnd over
ingen aktivum i føreliggjande plan. Kommunen ynskjer at løypenettet skal førast under brua rett
ved ny Otrakryssing og elles ligg som det gjer no. Dette er uproblematisk for den austre greina
2312 Plankontoret Hallvard Homme AS
AS Sætersdalen
10
Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt
Høyringsutkast
Detaljreguleringsplan for BFK4
av løypenettet, som berre treng lett omlegging for å kunne førast planskilt under den nye vegen.
Det er verre med den vestre greina, som enten må krysse ny køyretilkomst inn i hyttefeltet eller
krysse o_sk3 direkte. Det er denne varianten ein har vald å regulere for, då dette gjev færrast
ulemper for brukarane i løypa. Omlegging av løypa synast ved at dei omlagde parsellane
nemnast Asl2.
4.3.2 Nærrekreasjonsområde
Grøntområdet delast inn i 4 kategoriar:




Skiløyper/turstiar er bygde anlegg. Desse er omtalt ovanfor og nemnast Asl.
Inntil skiløypene leggjast eit minst 10 m breitt belte med LNF-friluftsområde, LNFR-f.
Denne sona skal kunne bearbeidast i både vegetasjon og terreng for å gjeve optimale
tilhøve for turoppleving, løypekøyring, etc.
Det meste av grøne område utanom løypestrengane regulerast til LNF område med
særleg omsyn til landskapet, LNFR-slo. Her skal omfanget av tilrettelegging vere
avgrensa til lett skjøtsel, i tillegg til moglege grøftetraséar i samhøve med teknisk plan.
Store furutre er verna.
Områda kring bandlagte kulturminne er det forbode å gjennomføre terrenginngrep i.
Berre lett vegetasjonsskjøtsel. Areala regulerast som LNF-område for vern av
kulturminne/kulturmiljø og nemnast LNFR-vkm.
Denne inndelinga av grøntområda vil sikre høve til både rekreasjon, landskaps- og
kulturmiljøvern.
4.4 Tomtestruktur
Dei eksisterande hyttene har ingen tomtegrenser, men avtalar på 1 daa tomt. Planframlegget
har difor strukturert tomter for dei eksisterande 104 hyttene, samstundes som ein har fortetta
med 113 nye tomter der dette var tilrådeleg.
Tomtegrenser er plassert kring eksisterande hytter
med omsyn til avstanden til eksisterande bygg
(min. 4 m), gode uteopphaldsområde (særleg i sør
og vest) og avgrensing på jamn høgde (grenser
parallelt med høgdekotene). Eksisterande
tilkomstar og parkeringsplassar har ein forsøkt å
inkludere i tomtearealet, så langt dette let seg gjere
innanfor ramma på 1 mål.
T.h.: Døme på gode grenser for eks. tomter, som
greier å ivareteke alle omsyn.
Det er diverre ikkje mogleg å ta alle omsyn i alle tilfelle. Hytter med lang avstand frå veg aust for
hytta har då gjerne fått mykje tomteareal aust for hytta. Hytter med høg innbyrdes tettleik vil
ha grenser parallelt med bygningsfasadar i staden for høgdekotene. Nokre tomter er også langt
større enn 1 daa, eit fåtall tomter klarer ikkje heilt å nå opp til 1 daa.
2312 Plankontoret Hallvard Homme AS
AS Sætersdalen
11
Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt
Høyringsutkast
Detaljreguleringsplan for BFK4
Nye tomter er lokalisert på stader, som vil kunne opparbeidast utan omfattande transformasjon
av landskapet. Myrane er unngått, men ein del tomter går inn i myrdraga. Her vil det vere noko
fastmark, som vil kunne utvidast med forsiktig masseutskifting i randen av myra. Ein har unngått
å lokalisere tomter på toppen av bratte skrentar, då dette vil redusere landskapsverdiar. Ein har
også forsøkt å forsterke eksisterande klynger. Storleiken på nye tomter er noko meir varierande
og stort sett tilpassa tilhøva i landskapet, men orienterar seg etter 1 daa målet. Dimed vil
eksisterande og nye hytter ligge i ein konstant tettleik.
Ein har nummerert nye hyttetomter innanfor den noverande adresseringa i feltet. I og med at
eksisterande hytter er nummerert fortlaupande utan avbrot, har dette no medført delvis tore
klynger med «a,b,c» osv. suffiks bak tala. Nummerering vil soleis kunne oppfattast som rotete
og det kan vere vanskeleg å finne fram. Ideelt sett bør nummerering i feltet reviderast, slik at
eksisterande og nye hytter sjåast på under eitt. Det kan også vere ein fordel å innføre fleire
gatenamn.
Nye tomter er plassert med god avstand frå Otra og Hartevatn. Ein har stort sett halde seg med
meir enn 100 m frå desse vassselementa, men har i nokre tilfelle gått noko nærare. I desse tilfella
er det like inntil eksisterande busetnad med lik avstand til vatn. Løypesystemet ligg
gjennomgåande i beltet mellom busetnaden og vatnet, slik at utøving av friluftslivet ikkje
forstyrrast.
4.5 Småbåthamn
Ein regulerer for ein liten småbåthamn ved Hartevatn. Plasseringa er nokolunde skjerma mellom
to oddar. Ein legg opp til ei landfast bryggje med høve til fortøying av flytebryggjer. Evt. høve til
små bodar inntil bryggja og innandørs lagring av småbåtar. Ingen båtutsett. Utbygginga krev
tiltak i Hartevatn.
Vedtaket i planutvalet den 12. oktober 2015 krev vurdering av ei alternativ plassering. Ein legg
difor inn to ulike teigar med småbåtanlegg på land, samt småbåthamn i vatn. Det synast også to
alternative tilkomstar til småbåtanlegga. Føresegnene seier at berre eitt av desse anlegga kan
realiserast. Intensjonen er å sjå på innkomne merknader i høyringsfasen, slik at planutvalet
kan vedta fjerning av det mest kontroversielle alternative anlegget. Dimed vil det endelege
plankartet berre syne det anlegget, som etter høyringsrunden syner seg til å vere minst
kontroversielt.
2312 Plankontoret Hallvard Homme AS
AS Sætersdalen
12
Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt
Høyringsutkast
Detaljreguleringsplan for BFK4
5 Prosess
5.1 Innspel til planarbeid
Varsel om oppstart av planarbeid for Otrosåsen blei sendt ut den 30. januar 2015, med svarfrist
14. mars 2015. I etterkant av varselmeldinga blei det registrert 8 innspel til planarbeid. I tillegg
kom eitt skriftleg spørsmål til planarbeidet.
Nedanfor er innspela oppsummert og kommentert.
Fylkesmannen i Aust Agder
Fylkesmannen er generelt positiv til fortetting av hyttefeltet, jfr. innspel til arbeidet med KDP
Hovden 3. juni 2013. Det forventast likevel at prinsippa i rettleiaren «Planlegging av
fritidsbusetnad» leggjast til grunn for arbeidet.
Strandsona langs sjø og vassdrag skal takast vare på, ein skal ikkje gå tettare mot vatn enn
eksisterande hytter. Skiløyper skal ikkje sjenerast av nye hytter og skal elles takast vare på.
Merknader:
Ein held minst same avstand til vassdraget med nye hytter som dei eksisterande hyttene gjer.
Skiløyper regulerast med buffersoner, som skal ivaretake omsynet til rekreasjon. Kring felt C18
vil det vere naudsynt å leggje om løypa pga. køyretilkomst til nytt felt. Det nye feltet vil liggje
tett mot løypa, men dei tettaste hyttene vil liggje høgare enn løypa.
Aust Agder fylkeskommune
Det må utførast ein miljørevisjon med ny arkeologisk registrering før AAFK kan gje endelig uttale
til planen. AAFK syner elles til standard rettleiarar.
Merknader:
Arkeologisk førehandsundersøking er tinga og gjennomførast sommaren 2015. Rapporten
ventast ikkje før litt ut på hausten. Omfanget av kulturminner er stort sett kjend, sjå
registreringar i Askeladden. Ein ventar lite konflikt mellom kulturminne og planlagde tiltak.
Plankartet vert supplert med relevante omsynssoner (bandleggings- og føresegnområde) så
snart rapporten og innmålingane føreligg. Kulturminner i konflikt med tiltak kjem ein til å søkje
dispensasjon frå kulturminne lova for.
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Elvar, bekkar og innsjøar merkast av på plankartet. Byggjegrense på inntil 100 m setjast av mot
vassdrag og grunngjevast. Ny busetnad skal vere sikker for 200 års flaum og 1000 års skred.
Vurdering av desse tema skal gå fram av planomtalen.
Merknadar:
Elvar, innsjøar, vatn og pyttar er regulert med eige føremål i planen, med unntak av små pytt ein
veljar å innlemme i tomteareal og vegar. Det er få bekkar i området, desse ligg i grøne føremål.
Byggjegrensa orienterast etter eksisterande busetnad. ROS-analyse omtalar flaum og skred. Det
2312 Plankontoret Hallvard Homme AS
AS Sætersdalen
13
Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt
Høyringsutkast
Detaljreguleringsplan for BFK4
er byggeavstand på minst 50 m frå vassdrag og minst 4 m høgdeskilnad. Rasfaren er vurdert i
samband med KDP Hovden. Det er ingen byggjeområde innanfor fareområdet.
Statens Vegvesen
Ingen merknader.
Agder Energi Nett AS (AE Nett)
Eksisterande straumnett på 22kV og 230 V er i luftspenn og må utvidast på tiltakshavar sin
rekning for å møte auka etterspurnad pga. fortetting. Stolpar og leidningar kan vere i vegen for
utbygging.
Merknader:
Tiltakshavar ynskjer å leggje alle straumleidningar i jordkabel på sikt. Dette vil bli tema i ein eigen
teknisk plan, som vil lagast i etterkant av regulering. AE Nett vil vere ein naturleg samtalepartner
i utarbeidingsprosessen. Nye tomter er regulert utan omsyn til eks. straumlinjer, då desse altså
planleggjast bort.
Setesdal miljø og gjenvinning AS (SMG)
Ved fortetting må renovasjonsbua ved Breivevegen utvidast. Det må vere tilgjenge til auka
kapasitet før fortetting tek til.
Merknader:
På grunn av ny tilkomst til området er det sett av eit nytt renovasjonsområde. Eksisterande
renovasjonsområde er ikkje inkludert i planframlegget. Planleggjar har lagt inn rekkjefølgjekrav
om auka renovasjonskapasitet før tiltak kan setjast verk.
Advokatfirma Hjort, på vegne av Otrosåsen Hyttegrend Velforening
Dom i lagmannsretten frå 1998 stadfestar at det ikkje er høve til fortetting i planområdet.
Dermed vil gjennomføring av ein ev. vedteke ny regulering ikkje kunne setjast i verk føre ein har
inngått nye avtalar (ev. ekspropriasjon) med alle 106 heimelshavarar i området. Velforeininga er
generell motstandar av fortetting.
Merknader:
Tiltakshavar har vore i dialog med hyttevelforeining, både i møte og synfaring. Planleggjar
meiner å ha oppnådd ei viss semje om fortettingsplanane, men denne semja må oppnåast med
alle 106 partar. Planleggjar meiner at ny regulering vil tilføre eksisterande hytteeigarar store
gevinstar ved at det opnast for høvet til eigartomt, VA-anlegget vil kunne sanerast til ein lågare
pris for eksisterande hytter og ved at også eksisterande hytter vil kunne ut- og ombyggjast i tråd
med nye, romslegare føresegner.
Arild Reber, Nedre Otrosvegen 18
Hytteeigar er motstandar av fortetting.
2312 Plankontoret Hallvard Homme AS
AS Sætersdalen
14
Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt
Høyringsutkast
Detaljreguleringsplan for BFK4
Merknader:
Sjå merknad ovanfor.
5.2 Samarbeid med planadministrasjonen i Bykle kommune
Ein har involvert Bykle kommune i arbeidsmøte om planarbeidet og ved at kommunen har vore
representert i møte med hyttevelforeininga. Kommunen har gjeve klare føringar for kva som dei
meiner vil vere fornuftig fortetting og ynskjer vidare samarbeid med tiltakshavar. Ikkje minst for
å få oppgradert dagens VA-anlegg, som kommunen opplever som problematisk. Dersom det
ikkje gjennomførast oppgradering i regi av grunneigar, kan det vere aktuelt for kommunen å
krevje dette av hyttevelforeininga.
5.3 Samarbeid med hyttevelforeininga
Det er halde to møte med Otrosåsen Hyttegrend Velforening i Kristiansand. I tillegg har det vore
dialog på mail og telefon. Møta vart halde 28. april og 19. juni 2015.
Representantar frå hyttevelforeininga har vore på synfaring i planområdet med grunneigar og
planleggjar den 5. juni 2015. Under synfaringa har hyttevelforeininga kommentert kvar einskild
tomt i eit utkast til plan, samt vegtraséen opp til C18. Føreliggjande planframlegg er omarbeidd
med omsyn til kommentarane frå denne synfaringa.
5.4 Førstegongs handsaming i kommunen
Etter oversending av planforslaget den 16. juli 2015 har Bykle kommune sendt tilbakemelding
på nokre punkt dei ynskja endra. Tiltakshavar ynskja at nokre av kommunens endringskrav
skulle heimlast i eit politisk vedtak, men har teke til fylgje ei rekke andre endringsynskje. Desse
endringane blei innarbeidd i revisjon A av planforslaget. Det var denne versjonen av planen,
som blei lagt fram for planutvalet den 12. oktober 2015.
Planutvalet fylgde rådmannens innstilling om endring av dei punkta, som tiltakshavar ikkje
utan vidare akseptera å endre på. Revisjon B av planforslaget syner planendringa.
2312 Plankontoret Hallvard Homme AS
AS Sætersdalen
15
Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt
Høyringsutkast
Detaljreguleringsplan for BFK4
6 Vurderingar
6.1 Konsekvensar for barn, unge og rørslehemma
Området er i dag nytta til omfattande turaktivitet på tilrettelagde løyper, både sommar som
vinter i tillegg til privat leik i nærleiken av private hytter og noko nærrekreasjon. Løypenettet er
av lettvint karakter, med nærleik til fleire hyttefelt ikring. Dimed har området høgt potensiale
for barn, unge og rørslehemma (til ein viss grad).
Planen har eit aktivt høve til løypene. Desse vert ikkje forringa og opprettheld dimed sin høge
bruksverdi for ålmenta. Noko fleire synlege hytter vurderast ikkje som sjenerande i dette
terrenget.
Barn og unge som brukarar av hytteområdet vil først og fremst kunne bruke private tomteareal
til leik og utandørs opphald. Utover dette finnast det samanhengjande grøntareal gjennom heile
planområdet, med noko varierande bruksverdi. Løypenettet kan nyttast som lokal rundløype.
Det leggjast opp til fleire, gode tilkomstar til løypene.
Dette er eit hytteområde, noe som gjer at det er lite tilrettelagt for rørslehemma. Planframlegget
har ingen ambisjonar om å overgå krava i PBL om universell utforming i bygg eller utandørs
anlegg. Brukarar med moderat rørslehemming vil likevel ha nytte av den høvesvis høge
tilretteleggingsgraden.
Konsekvensane for barn, unge og rørslehemma vurderast som nøytrale.
6.2 Konsekvensar for naturmangfaldet
Ein kvar utbygging vil medføre endringar i naturen. Areal brukt til vegar, parkering, bygg og
terrassar vil ha låg verdi som økosystem. Spørsmålet ein må stille seg er om utbygginga vil
medføre reduksjon av sjeldne verdiar. Det er ingen indikasjonar på raudlisteartar i planområdet
(sjå kap. 3.2), dimed vil konsekvensane for naturmangfaldet ikkje vere graverande.
Konsekvensane for naturmangfaldet vurderast som svakt negative.
6.3 Konsekvensar for grønstrukturen
Dei aktive delane av grønstrukturen haldast delvis heilt ved like (løypenettet og tilstøytande
område), dels byggjast dei ned (fastmark med potensiell bruksverdi). Dimed vil
rekreasjonsbruken kanaliserast sterkare inn på løypenettet. Den passive grønstrukturen
reduserast berre litt, dei sentrale trekka oppretthaldast heilt.
Konsekvensane for grønstrukturen vurderast som svakt negative.
6.4 Konsekvensar for eksisterande bygg og anlegg
Dei eksisterande 104 hyttene vil få 115 nye hytter (derav 2 på eksisterande, ikkje realiserte
tomteheimlar) inn i feltet. Dette er om lag ei dobling av hyttetalet, men i eit planområde på 816
daa. Innanfor løyperingen, som all fortetting gjennomførast i, er det ca. 540 daa. Dimed aukar
tettleiken frå 1 hytte per 5,2 daa areal til 1 hytte per 2,45 daa. Til samanlikning er det 1 hytte
per ca. 1,95 daa areal på Remestøylflotti og 1 hytte per ca. 1,94 daa areal på Djupetjønn (inkl.
Snarvegen, Vestvegen). I Hovden Fjellpark er det 1 hytte per ca. 0,84 daa areal. Dette syner at
2312 Plankontoret Hallvard Homme AS
AS Sætersdalen
16
Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt
Høyringsutkast
Detaljreguleringsplan for BFK4
Otrosåsen etter fortetting framleis vil vere eit temmeleg spreidd hyttefelt, sett i høve til andre
felt på Hovden.
I luftlinje er det ca. 1,5 km frå torget i sentrum til både hytta lengst sørvest i Otrosåsen og hytta
lengst nord i Fjellparken, det er 2 km mellom torget og hytta lengst nordaust på Remestøylflotti.
Spesielt i og med at Otrosåsen ligg omkransa av ljosløypa, er det ingen argument for at tettleiken
i dette feltet skulle vere lågare enn i tilsvarande felt på Hovden. Ein har likevel tatt omsyn til det
spesielle landskap i Otrosåsen hyttefelt, som er prega av myr, vasspyttar og fastmark med
furutre. Det er dette landskapet, som gjev luft mellom hyttebusetnaden og som framleis skal
gjere det.
Dagen busetnad har utfordringar i høve til teknisk standard av VA-systemet. Ein må pårekne
komplett utskifting av røyra og legging på ny og betre måte. Dette vil vere ein høg kostnad med
dagens prisnivå, særleg av di avstandane er store og talet abonnentar er lågt per km grøft.
Kostnaden for oppgradering vil måtte berast av dei eksisterande abonnentane. Alternativet kan
vere nedgradering i sanitær standard for dei 104 hyttene, når vass- og avlaupsforsyning mistar
sin kommunale godkjenning. Dei 113 nye hyttene i regi av grunneigar vil krevje eit nytt VA-nett.
Det vil vere naturleg for grunneigar å invitere eksisterande hytteeigarar om å kople seg på dette
anlegget også. Prisen for dette vil vere ein forhandlingssak, men med eit langt høgare tal
potensielle abonnentar på om lag same omfang av tiltaket er det klart at produksjonskostnaden
vil vere langt lågare enn om dei eksisterande hyttene aleine skulle sanere sitt noverande system.
Alle hytter vil få heimel til å få eige bruksnummer i og med tomtegrensene i plankartet. Det må
inngåast ei privatrettsleg avtale med grunneigar før kartforretning kan gjennomførast. Med
eigarskap i eigen tomt vil hytteeigarar vere meir fleksible i høve til tiltak på eigen tomt, innanfor
rammene reguleringsplanen gjev. Vel sal av hytte med eigartomt kan ein normalt sett vente ein
høgare salspris.
Eksisterande vegar er smale. Dei vil halde fram med å vere det, då dette gjev minimale
landskapsinngrep. Ventelommer langs vegen vil gjere trafikkavviklinga uproblematisk, men det
er uansett nok breidde på vegen for at 2 normale personbilar kan passere kvarandre – om enn i
svært låg fart. Vegnettet er stort sett grusa, delvis asfaltert. Det er høve til å halde fram med
asfaltering. Det er mogleg at grusvegar med trafikkauke pga. nye tomter asfalterast på
grunneigars rekning, for på den måten å bøte på auka støvsjenanse.
Mange tomter har til no ikkje høve til parkering inntil hytta. Planen legg opp til at alle tomter
kan få etablert p-plass på eige tomt. I nokre tilfelle vil etablering av ny tomt føresetje fjerning av
eksisterande p-plass inntil vegen. Her må grunneigar inngå avtale med eigar av p-plassen om
vilkåra for å take i bruk noverande p-plass. Etablering av ny p-plass inntil hytta på tiltakshavars
rekning vil kunne vere ein logisk kompensasjon.
Straumnettet har ingen kjende manglar i dag, bortsett frå nokre trafoar plassert i
straummastene. Men det er dimensjonert for noverande busetnad og må oppgraderast kraftig
for å tole fortettinga ein regulerer for. AE Nett AS har varsla at grunneigar vil måtte bekoste
dette. Ein ser for seg eit nytt straumnett, samordna med ny VA og breibandsforsyning. Det er
teknisk plan, som vil leggje føringane på lokalisering og framdrift i ombygginga.
2312 Plankontoret Hallvard Homme AS
AS Sætersdalen
17
Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt
Høyringsutkast
Detaljreguleringsplan for BFK4
Det eksisterande løypenettet som anlegg vil ikkje oppleve endringar anna enn omlegging pga.
planskilt kryssing av både Sk2 og o_Sk3. Kurvaturen vil her ikkje forverre løypeprofilen i sin
heilskap. Løypekøyring under bru og kulvert (o_Sk3) gjev litt større driftsutfordringer, men
eksisterande kulvert lenger nord syner at dette kan klarast.
Konsekvensar for eksisterande hytter vurderast som svakt positive, då fordelar er større enn
ulempene. Konsekvensane for det eksisterande løypenettet vurderast som nøytrale.
Konsekvensar for andre anlegg i området vurderast som positive pga. naudsynt oppgradering.
6.5 Vassdrag
Tomt Nedre Otrosvegen 25 ligg 85 m frå vasskanten, men det er rekna frå inste bukt i Hartevatn.
Løypene ligg mellom tomta og vatnet.
Elles er det nokre tomter, som kjem nære på mindre pyttar i planområdet. Dels vert pyttar
innlemma i tomtene. Dette er først og fremst ei teknisk utfordring i høve til vassavrenning, tapet
for friluftslivet er neglisjerbart. Dei største pyttane byggjast det ikkje nærare inntil enn det som
er tilfellet med dagens busetnad.
Konsekvensane for dei store vassdraga (Otra & Hartevatn) vurderast som nøytrale. Konsekvensane for tjern og pytt vurderast svakt negative.
6.6 Risiko og sårbarheit
6.6.1 Samandrag
Planområdet og planlagde tiltak er omtalt i vedlagte planomtale. Det er Plankontoret HH AS,
avd. Vinje som har utarbeida risiko og sårbarheitsanalyse.
Analysa har avdekt følgande forhold/hendingar, kor 5 er kategorisert gule og 4 er kategorisert i
grøne og dermed ikkje trenger særskilte tiltak i plankart eller føresegner.
Grøn kategori:




Brann og annan utrykking
Redusert tilgjenge pga. vêr og føre
Ulykke i av- og påkjørsle
Ulykke med gåande og syklande
Gul kategori:




Skred frå fjell. Handtert i plankart og føresegner.
Snøskred. Handtert i plankart og føresegner.
Radongass. Handtert gjennom teknisk forskrift.
Støy og støv frå trafikk. Ubetydeleg konsekvens. Asfaltering av interne vegar bør
vurderast mot støvsjenanse.
6.6.2 Metode og føresetnader
Analysen er gjennomført med egen sjekkliste basert på rundskriv frå DSB. Analysen er basert på
føreliggjande planforslag. I risikovurderingane er det tatt utgangspunkt i relevante
2312 Plankontoret Hallvard Homme AS
AS Sætersdalen
18
Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt
Høyringsutkast
Detaljreguleringsplan for BFK4
kravdokument. Informasjon om kor data og informasjon er henta frå er oppført for kvar
risikovurdering.
Moglege uynskte hendingar er sortert etter tema. Vidare er hendingane sortert i to
hovudgrupper; dei som kan påverke planområdets funksjon, utforming med meir, og hendingar
som direkte kan påverke omgjevnadane (høvesvis konsekvensar for og konsekvensar av planen).
Tilhøve som er med i sjekklista, men ikkje er til stades i planområdet eller i planen, er kvittert ut
i kolonnen ”Aktuelt?” og berre unntaksvis kommentert. Det oppgjevast likevel kva kjelde ein har
brukt for å kome fram til konklusjonen.
Vurdering av sannsyn for uynskte hending er delt i:




Svært sannsynleg (4)
Sannsynleg (3)
Mindre sannsynleg (2)
Lite sannsynleg (1)
19
kan skje regelmessig; forholdet er kontinuerlig tilstade
kan skje av og til; periodisk hending (årleg)
kan skje, ikkje usannsynleg; ca. kvart 10 år
en teoretisk sjanse for hendinga; sjeldnare enn kvart 50 år
Kriteria for å vurdere konsekvensar av uynskte hendingar er delt i:
Personskade
Miljøskade
Skade på eigedom, forsyning
med meir
1. Ubetydeleg
Ingen skade
Ingen skade
Uvesentleg
2. Mindre alvorleg
Få/små skader
Ikkje varig skade
Skade dersom reservesystem
ikkje finst
3. Alvorleg
Behandlingskrevjande skader Behandlingskrevjande
skade
System settast ut av drift over
lengre tid; alvorleg skade på
eigedom
4. Kritisk
Personskade som medfører
død eller varig mén; mange
skadd
System settast varig ut av drift;
uoppretteleg skade på eigedom
2312 Plankontoret Hallvard Homme AS
Langvarig miljøskade
AS Sætersdalen
Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt
Høyringsutkast
Detaljreguleringsplan for BFK4
Berekna risiko som funksjon av sannsyn og konsekvensar er gitt i følgande tabell:
Konsekvens:
2. Mindre
alvorleg
1. Ubetydeleg
3. Alvorleg
4. Kritisk
Sannsyn:
4. Svært sannsynleg
3. Sannsynleg
20
2. Mindre sannsynleg
1. Lite sannsynleg
-
Hendingar i røde felt:
Tiltak naudsynt
-
Hendingar i gule felt:
Tiltak vurderast i høve til nytte
-
Hendingar i grøne felt:
Rimelege tiltak gjennomførast
Tiltak som reduserer sannsyn vurderast fyrst. Om dette ikkje gjer effekt eller er mogleg,
vurderast tiltak som avgrensar konsekvensane.
6.6.3 Overordna risikovurdering
Tenkelege hendingar, risikovurdering og moglege tiltak er samanfatta i fylgjande tabell.
Hending/situasjon
Aktuelt Sanns. Kons. Risiko
Kommentar/tiltak
Kjelde
Natur- og miljøtilhøve
Ras/skred/grunnforhold. Er området utsett for, eller kan planen/tiltaket medføre risiko for:
1.
Reell farevurdering gjennomførd
Ingen fare i byggjeområde.
Ja
2.
Skred frå fjell
(steinsprang, stein- og
fjellskred)
Jordskred
Nei
NVE atlas
3.
Flaumskred
Nei
NVE atlas
4.
Kvikkleireskred
Nei
NVE atlas
1
2312 Plankontoret Hallvard Homme AS
4
NVE atlas,
KDP Hovden
AS Sætersdalen
Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt
Høyringsutkast
Detaljreguleringsplan for BFK4
5.
Snøskred (laussnø-, flakog sørpeskred)
6.
Elveflaum
Nei
7.
Radongass
Nei
Ja
1
4
Reell farevurdering gjennomførd
Ingen fare i byggjeområde
Byggjeområde meir enn 50 frå
elv/vatn
2
3
Høg aktsomheitsgrad radon. Krav til
radonsperre for nybygg, men ikkje
eksisterande
NVE atlas,
KDP Hovden
NVE atlas
Arealis
Vær, vindeksponering. Er området utsett for:
8.
Vind (lokalklimatisk)
Nei
eKlima
9.
Nedbør (lokalklimatisk)
Nei
eKlima
10. Springflo
Nei
Ikkje kyst
11. Havnivåstigning
Nei
Ikkje kyst
Natur- og kulturområder. Medfører planen/tiltaket fare for skade på:
12. Viktige naturtypar og
sårbare artar
Nei
Naturbase,
registrering
13. Verneområder
Nei
Naturbase
14. Vassdragsområder
Nei
Naturbase
15. Fornminner (AAFK)
Ja
16. Kulturminne/-miljø
Nei
4
1
6 fornminne ynskjast fjerna
Rapport
Rapport
Menneskeskapte tilhøve
Strategiske områder og funksjoner. Kan planen/tiltaket få konsekvensar for:
17. Veg, bru, knutepunkt
Nei
18. Havn, kaianlegg
Nei
19. Sjukehus/-heim, kyrkje
Nei
20. Brann/politi/sivilforsvar
Ja
21. Kraftforsyning
Nei
22. Vassforsyning
Nei
23. Forsvarsområde
Nei
24. Tilfluktsrom
Nei
Ingen punkt med
kapasitetsproblem
1
2312 Plankontoret Hallvard Homme AS
3
Generelt auka krav til beredskap
AS Sætersdalen
21
Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt
Høyringsutkast
Detaljreguleringsplan for BFK4
25. Område for idrett/leik
Nei
Auka bruk, ingen neg. kon.
26. Rekreasjonsområde
Nei
Auka privatisering
Forurensningskjelder. Berøres planområdet av:
27. Akutt forureining
Nei
28. Permanent forureining
Nei
29. Støv og støy; industri
Nei
30. Støv og støy; trafikk
Nei
31. Støy; andre kjelder
Nei
32. Forureina grunn
Nei
33. Forureining i
sjø/vassdrag
34. Høgspentlinje (stråling)
Nei
35. Risikofylt industri mm kjemikaliar/eksplosivar
36. Avfallsbehandling
Nei
37. Oljekatastrofeområde
Nei
22
22 kV linjer leggjast i bakken
Nei
Nei
Forureiningskjelder. Medfører planen/tiltaket:
38. Fare for akutt forureining
Nei
39. Støy og støv frå trafikk
Ja
40. Støy og støv frå andre
kjelder
41. Forureining til
sjø/vassdrag
42. Risikofylt industri mm kjemikaliar/eksplosivar
Nei
4
1
Auka intern trafikkmengde
medfører sjenanse, men ikkje fare
Nei
Nei
Transport. Er det risiko for:
43. Ulykke med farleg gods
Nei
44. Vær/føre avgrensar
tilgjengelegheit til
området
Ja
1
1
Ved stenging av RV 9, hovudvegar
45. Ulykke i av-/påkøyrsler
Ja
1
3
Trygge kryss/avkøyrsle
46. Ulykke med
gåande/syklande
Ja
1
3
Gode sikttilhøve, låg fart
Trafikktryggleik
2312 Plankontoret Hallvard Homme AS
AS Sætersdalen
Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt
Høyringsutkast
Detaljreguleringsplan for BFK4
47. Andre ulykkespunkt
Nei
Andre forhold
48. Er tiltaket i seg sjølv eit
sabotasje-/terrormål
49. Er det potensiell
sabotasje-/terrormål i
nærleiken?
50. Naturlege
terrengformasjonar som
utgjør spesiell fare (stup
etc)
51. Gruver, opne sjakter,
steintipper etc.
Nei
Nei
Nei
23
Nei
Spesielle forhold ved utbygging/gjennomføring
52. Trafikkulykke ved
anleggsgjennomføring
53. Ulykke ved sprenging
6.6.4
Nei
Nei
Endeleg risikovurdering
Konsekvens:
1. Ubetydeleg
2. Mindre
alvorleg
3. Alvorleg
4. Svært
alvorleg
Sannsyn:
4. Svært sannsynleg
3. Sannsynleg
1, 5, 39
20
7
2. Mindre sannsynleg
1. Lite sannsynleg
44
45, 46
Hendingar som er vurdert til å vere sannsynlege til svært sannsynlege og ha alvorlege til svært
alvorlege konsekvensar krev tiltak. Desse er kommentert nedanfor..
6.6.5

Nærare vurdering av trongen for tiltak
Hending 1, 5 Skred frå fjell og sno-skred: Det er synt fareområde i plankartet. Føresegner
forbyr bygningstiltak og tiltak, som stimulerer for opphald. I tillegg krevjast stenging av
løypa samt skilting ved akutt skredfare. Ansvaret for dette vil liggje hos løypelaget. Tiltak
i planområdet må sjåast som ledd i ein samla tiltaksplan for alle løyper, som løypelaget
preparerer.
2312 Plankontoret Hallvard Homme AS
AS Sætersdalen
Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt
Høyringsutkast
Detaljreguleringsplan for BFK4




Hending 7, radon: Nye byggjetiltak krev radonsperre i samsvar med teknisk forskrift.
Dimed vil sannsynet for skade reduserast. Eksisterande hytter er stort sett bygd på
pilarar. Dimed vil radongass ikkje trengje inn i bygg. Dersom eksisterande hytter
ombyggjast, må desse byggjast etter ny teknisk forskrift og dimed utstyrast med
radonsperre. Dette bør det gjerast særskild merksam på i førehandskonferansen ved
byggesakshandsaming.
Hending 15, fornminne: Høyringsutkastet føreset at det gjevast dispensasjon frå
kulturminneloven for 6 automatisk freda kulturminne. Desse vil dimed forsvinne.
Kulturminna er relatert til jarnproduksjon og er svært vanlege på Hovden, dei er godt
dokumenterte. Ein vurderer miljøskaden for liten. Andre automatisk freda kulturminne
ligg i område med «passiv» regulering og vil soleis ikkje vere i fare for øydelegging.
Hending 20, brann/politi/sivilforsvaret: Det er ca. 150 brannar med involvering av
brannvesenet i Norge årleg. Det er rundt 413.000 fritidshytter i landet. Dimed ei av 2750
hytter oppleve branntilløp årleg. I hyttefeltet Otrosåsen vil det dimed statistisk sett vere
1 hyttebrann per ca. 12 år. Politiutrykking vil vere lite sannsynleg. I hyttefeltet med høg
andel eldre vil det derimot vere sannsynleg med utrykking av ambulanse,
heimesjukepleie m.m. Ekstremvêr kan også medføre utrykking av sivilforsvaret. Samla
sett setjast sannsynet difor til «sannsynleg», først og fremst for å gjere relevante
institusjonar merksame på at auka hyttebygging betyr auka krav til beredskap.
Hending 39, støy og støv frå intern trafikk: Støy er uproblematisk pga. låg fart. Støv kan
vere sjenerande på barmark, men medfører ikkje skade. Asfaltering bør vurderast.
6.6.6 Kjelder
Kulturminner: https://askeladden.ra.no/;
Artsdatabanken: http://artsdatabanken.no/
Risiko og sårbearheit: http://www.dsb.no/
Naturbase: http://www.miljødirektoratet.no/no/Tjenester-og-verktoy/Database/Naturbase/
Norges geologiske undersøkelse: http://www.ngu.no/no/hm/Kart-og-data/
NVE: http://www.nve.no/
NVE Atlas: http://atlas.nve.no/SilverlightViewer/?Viewer=NVEAtlas
Statens strålevern: http://www.nrpa.no/
SSB: http://www.ssb.no/a/aarbok/tab/tab-395.html
Hytteavisen: http://www.hytteavisen.no/hyttekos-gir-moerk-brann-statistikk.4749403.html
2312 Plankontoret Hallvard Homme AS
AS Sætersdalen
24
Detaljreguleringsplan for Otrosåsen hyttefelt
Høyringsutkast
Detaljreguleringsplan for BFK4
Vinje, den 09. juli 2015
For Plankontoret Hallvard Homme AS
Alexander Stettin
Landskapsarkitekt M.N.L.A.
Revisjon A, etter administrativ gjennomgang, 02.10.2015
Revisjon B, etter førstegongs handsaming, 30.10.2015
2312 Plankontoret Hallvard Homme AS
AS Sætersdalen
25