Sakshandsamar: Tom Dybwad Telefon: 57643123 E-post: fmsftd@fylkesmannen.no Vår dato 05.05.2015 Dykkar dato Vår referanse 2015/772 - 432.1 Dykkar referanse Til adressatar i følgje liste Dregnismorki - Ytrismorki naturreservat - framlegg om oppretting og utviding av verneområde Fylkesmannen sender med dette på høyring eit framlegg om oppretting av eit naturreservat i Ytrismorki gjennom utviding av Drægnismorki naturreservat, saman med ei utviding i Dregnismorki som er avtalt med grunneigar. Prosessen følgjer prosedyren for frivillig vern. Fristen for å kome med fråsegn er 20. juni 2015. ------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------Vi viser til vårt brev av 03.03.2015 med melding om oppstart av arbeidet med områdevern etter naturmangfaldlova i Ytrismorki og Dregnismorki. Fylkesmannen sender med dette eit framlegg om vern på høyring. Framlegget går ut på å utvide Drægnismorki naturreservat med Ytrismorki og med eit område på gnr/bnr 14/1 i Dregnismorki der Klima- og miljødepartementet (KLD) tidlegare har underskrive avtale med grunneigaren. Sidan dei aktuelle områda vert samanhengande, gjer vi framlegg om at heile området vert verna som eitt samla naturreservat under namnet Dregnismorki - Ytrismorki naturreservat. Bakgrunn Sidan St.meld 25 (2002-2003) har frivillig vern, saman med vern på statsgrunn, vore ein av hovudstrategiane for vidare vern av skog i Noreg. Frivillig vern inneber at det er grunneigarane, i samarbeid med skogeigarlaget, som tilbyr staten areal for mogleg vern. Dersom verneverdiane er så store at miljøvernstyresmaktene finn det interessant, vert det så starta forhandlingar mellom staten og grunneigarane. Det vert då forhandla både om avgrensing, verneforskrift og pris, og det vert ikkje inngått avtale om vern med mindre partane vert samde. Framlegget vert med dette brevet send på offentleg høyring der alle aktuelle instansar og samfunnsinteresser kan kome med fråsegn. Merknader til oppstart av planarbeidet Det kom fem innspel til meldinga om start av arbeidet med vern av Ytrismorki og utviding av Drægnismorki naturreservat. WWF-Norge støttar at naturreservatet vert utvida, men held fram at det er viktig at det vert arbeidd med vidare utviding, då det framleis er mykje verdfullt areal som ikkje er med. Direktoratet for mineralforvaltning har ingen merknader då området ikkje berører bergrettar eller kjende mineralførekomstar. Hovudkontor Njøsavegen 2, 6863 Leikanger Telefon: 57 64 30 00 Telefaks: 57 65 33 02 Org.nr 974 763 907 Landbruksavdelinga Fjellvegen 11, 6800 Førde Postboks 14, 6801 Førde Telefon: 57 64 30 00 Telefaks: 57 82 17 77 E-post: fmsfpost@fylkesmannen.no Internett: www.fylkesmannen.no/sfj FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 2/7 Statnett opplyser at det går ein 300 kV simpleks kraftleidning gjennom det planlagde Ytrismorki naturreservat. Leidningen sto ferdig i 1970 og går mellom Leirdøla og Fortun. Den er ein viktig del av sentralnettet på Vestlandet. Klausuleringsbeltet under leidningen har ei breidde på 38 meter. Det ligg ikkje føre konkrete planar om oppgradering eller utskifting av leidningen, men kapasiteten er allereie i dag ei avgrensing, og mastene si levetid er normalt ca 70 år. Dette inneber at mastene må skiftast ut ca. 20-30 år fram i tid. Når det blir aktuelt å erstatte leidningen, vil det bli bygd ny leidning parallelt med den gamle før den gamle blir riven. Det er ikkje aktuelt å nytte eksisterande master. Det vil i anleggsfasen bli minst 20 meter mellom ytterfasane på eksisterande og ny leidning. Det er ikkje teke stilling til på kva for side av eksisterande leidning den nye kraftleidningen vil bli bygd. Klausuleringsbeltet under ein framtidig leidning med spenning på 420 kV vil bli på 40 meter. Statnett ønskjer at det vert sett av en korridor på 50 meter på kvar side av senterlinja til eksisterande leidning for framtidig bygging av ny kraftleidning (sjå vedlagte kart). I tillegg må det i verneforskrifta opnast for transport og anleggsverksemd i samband med drift og vedlikehald, og til bygging av ny kraftleidning. Stadnamntenesta på Vestlandet: Namna Yttrismorki/Ytrismorki og Drægnismorki/ Dregnismorki er ikkje så langt komne med i det offisielle stadnamnregisteret. Namna Yttri/Ytri og Drægni/Dregni er godkjende former som gardsnamn. Skal dei namneformene som er føreslegne nyttast som offisielle namneformer, må det først gjennomførast namnesaker for gardsnamna. Dette vil kunne ta lang tid sidan det må gjennomførast minst ei lokal høyring. Statens kartverk: Dersom Fylkesmannen vel skrivemåtane Drægnismorki naturreservat og Yttrismorki naturreservat, må det fyrst gjennomførast namnesak der skrivemåtane vert vurderte opp mot alternativa Dregnismorki og Ytrismorki, slik stadnamntenesta tek opp. Dersom Fylkesmannen vel skrivemåtane Dregnismorki naturreservat og Ytrismorki naturreservat, kan Kartverket derimot tilordna desse skrivemåtane direkte i Sentralt stadnamnregister (SSR) utan namnesak, sidan Dregni og Ytri allereie står som tilrådde skrivemåtar. Kartverket tilrår difor at ein vel dei sistnemnde skrivemåtane, sidan dei er mest tilrådelege språkleg og krev kortast saksgang. Kartverket viser til § 15 siste ledd i forskrift om skrivemåten av stadnamn, at når to eller fleire skrivemåtar er registrerte i Sentralt stadnamnregister (SSR), bør ein i offentleg bruk velja den skrivemåten som er brukt på namneeiningsplassen i SSR. I dag er det primærnamna Dregni og Ytri som står på namneeiningsplassen. Fylkesmannen sine merknader til innspela: WWF-Norge: Eventuelle utvidingar av vern etter naturmangfaldlova i området må kome etter nye rundar med frivillig vern. Direktoratet for mineralforvaltning: Vi tek til vitande kunnskapen om at det ikkje er aktuelle mineralførekomstar i området. Statnett: Fylkesmannen er kjend med eksisterande kraftlinje gjennom området, at linja må vedlikehaldast, og at ho må fornyast når ho er vorte for gammal. Vi meiner formuleringane i framlegget til verneforskrift tek høgde for dette, sjå § 4 pkt 2 og 10 og § 7 pkt 2 og pkt 10, 1. og 2. strekpunkt i verneforskrifta. Desse punkta er standard for naturreservat i Noreg og gjev etter vårt syn dei opningane for kraftleidninga som Statnett etterspør. Når det gjeld å setje av ein korridor eller sone, meiner vi at dette må gjerast i ein forvaltningsplan for verneområdet. Fylkesmannen tek sikte på å setje i gang arbeidet med ein forvaltningsplan så snart vernevedtaket er gjort. FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 3/7 Stadnamntenesta på Vestlandet og Statens kartverk: Namna Yttrismorki/Ytrismorki og Drægnismorki/ Dregnismorki har vore nytta i alle saker om (mogleg) vern i området sidan 1990-talet, og det er ikkje aktuelt å endre det no før høyringa. Drægnismorki naturreservat er det namnet som blei brukt då naturreservatet vart verna gjennom frivillig vern ved kgl.res. 05.03.2010. Ut frå Statens kartverk sitt råd vel Fylkesmannen å bruke namnet Dregnismorki – Ytrismorki naturreservat no når framlegget vert sendt på høyring. Namnet er elles ein del av høyringa. Aktuelt verneområde Utvidinga av naturreservatet i Dregnismorki med (sjå vedlagt kart) ligg i Ytrismorki i Luster, og heng saman med Drægnismorki naturreservat i sørvest, og det grensar til Mørkridsdalen landskapsvernområde i nordvest. Meldinga omfattar også å utvide Drægnismorki naturreservat i sør med eit område på gnr/bnr 14/1, der KLD og grunneigar har underskrive avtale om vern som naturreservat (sjå vedlagt kart). Eigarar i Ytrismorki er Gnr/bnr 8/1: Kåre Hammerborg Gnr/bnr 8/2: Jorunn K. Yttri Gnr/bnr 8/3: Jan Petter Nyløy Eigar i utvidingsområdet i Drægnismorki naturreservat er Gnr/bnr 14/1: Johannes Drægni Andre eigarar i Drægnismorki naturreservat er Gnr/bnr 8/5: Johannes Yttri Gnr/bnr 14/2: Sigmund K Hauge, 6877 Fortun Gnr/bnr 14/5: Jakob Flaten, 6877 Fortun Eigedomstilhøva vert ikkje endra ved oppretting av naturreservat. Naturreservatet i Ytrismorki omfattar både felles areal (to teigar på høvesvis 58 daa og 382 daa) og teigar på gnr/bnr 8/1, 8/2 og 8/3 på til saman 2660 daa. I tillegg er det gjort avtale om ein teig tilhøyrande gnr/bnr 8/5 lengst i sør, og eigar av gnr/bnr 8/1 har kome med tilbod om å utvide sine teigar mot søraust slik at m.a. delar av ein sopplokalitet med store verneverdiar kjem med i naturreservatet. Fylkesmannen har kome til at oppretting av eit naturreservat i Ytrismorki bør skje ved å utvide Drægnismorki naturreservat. Verneverdiar i området Verneverdiane i Ytrismorki er godt kartlagde og er godt kjende. Biofokus v/ Tom Hellik Hofton har i rapporten Siste sjanse 2003-10 gjeve området Dregnismorki – Ytrismorki *** (tre stjerner) og høgste verdi. Dei omtalar verneverdiane i området slik: «Et større skogområde med store naturverdier er registrert i nedre deler av Fortundalen i Luster, Sogn og Fjordane. Området består av en bratt SØ-vendt liside som strekker seg fra dalbunnen opp på snaufjellet. Variasjonen i naturtyper er uvanlig stor, med velutviklet og svært verdifulle utforminger av bl.a. gammel furuskog, kalkfuruskog, ospeskog, gråoralmeskog og alm-lindeskog. Forskjellige furuskogstyper dominerer, dernest er det store arealer gråor-almeskog. Store deler av skogen er gammel med stor tetthet av nøkkelelementer. Deler av furuskogen er uvanlig lite påvirket, og visse partier har FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 4/7 urskogspreg. En lang rekke til dels meget sjeldne arter innen mange artsgrupper er registrert, flere nye for fylket og dels for Vestlandet. 23 rødlistearter. Totalt sett har området helt spesielle og særegne kvaliteter som svært få andre områder kan oppvise, og lokaliteten har utvilsomt store nasjonale naturverdier ***.» Verneform Naturreservat er den aktuelle verneforma i området. Naturreservat er ei streng verneform etter naturmangfaldlova, og § 37 i lova seier kva som er grunnlaget for eit naturreservat: «§ 37.(naturreservater) Som naturreservat kan vernes områder som a) inneholder truet, sjeldan eller sårbar natur b) representerer en bestemt type natur c) på annen måte har særlig betydning for biologisk mangfold d) utgjør en spesiell geologisk forekomst, eller e) har særskilt naturvitenskaplig verdi Som naturreservat kan også vernes et område som er egnet til ved fri utvikling eller aktive gjenopprettingstiltak å få verneverdier som nevnt i første ledd. I et naturreservat må ingen foreta noe som forringer verneverdiene angitt i verneformålet. Et naturreservat kan totalfredes mot all virksomhet, tiltak og ferdsel. I forskriften kan det gis bestemmelser om vern av kulturminner i reservatet. Treffes vedtak om reservat som krever aktive gjenopprettingstiltak, eller vedtak om reservat der bruk er en forutsetning for å ivareta verneformålet, skal det samtidig med vernevedtaket legges frem et utkast til plan for skjøtsel for å sikre verneformålet. Planen kan omfatte avtale om bruk av arealer, enkeltelementer og driftsformer. Planen eller avtalen kan inneholde bestemmelser om økonomisk godtgjørelse til private som bidrar til områdets skjøtsel.» Verneforskrift Ved oppretting av eit naturreservat vert det utarbeidd særskilde verneforskrifter som fortel kva for restriksjonar som vert lagde på aktivitetar i området. Det vil bli forbod mot tekniske inngrep, hogst og motorferdsel. Beite, vanleg friluftsliv, fiske og vanlegvis også jakt vil vere lov. For ei utviding av Dregnismorki med Ytrismorki har Fylkesmannen teke utgangspunkt i og brukt verneforskrifta for Drægnismorki naturreservat. Framlegget til verneforskrift for Dregnismorki – Ytrismorki naturreservat (vedlagt) er difor identisk med vedteken verneforskrift for Drægnismorki naturreservat, med unntak av nokre språklege og tekniske oppdateringar, og eit punkt om oppføring av sel på stølen Lønningane, som er som følgjer: 9.b) Oppattbygging av sel på stølen Lønningane slik at kvart gnr/bnr har eitt sel på stølen. Plassering på eksisterande murar eller annan stad på stølen vert avgjort i samråd med kulturminnestyresmaktene. Sela skal ha tradisjonell stil og utsjånad. Vi har for ordens skuld også lagt ved gjeldande verneforskrift for Drægnismorki naturreservat. Erstatning Etter § 50 i naturmangfaldlova har eigar eller rettshavar i område som vert verna som naturreservat rett til erstatning for økonomisk tap når vernet fører til vanskeleggjering av igangverande bruk. Ved frivillig vern følgjer ein derimot ikkje den ordinære framgangsmåten ved fastsetjing av erstatning som er omtalt i § 51. Frivillig vern er basert på at partane har FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 5/7 vorte samde, også om erstatninga. Difor kan erstatningssummane utbetalast så snart området er verna, utan å vente på dei fristane som er omtalte i § 51. Namn Namn på verneområdet er ein del av verneplanprosessen. Fylkesmannen sitt framlegg til namn når Drægnismorki naturreservat vert utvida med Ytrismorki, er Dregnismorki – Ytrismorki naturreservat. Sidan Statens namnekonsulent og Statens kartverk har kome med merknad om namnet, vil vi gjerne ha tilbakemelding om det finst eit anna samlande namn på heile verneområdet i Dregnismorki og Ytrismorki. Vi vil også gjerne ha fråsegner om alternative skrivemåtar Dregnismorki/Drægnismorki og Ytrismorki/Yttrismorki. Saksgang vidare Framlegget om vern vil bli kunngjort gjennom annonser i lokalavisa og kunngjering på internett i tillegg til utsendinga med dette brevet. For å følgje opp Stortinget si satsing på frivillig vern i budsjettet for i år, og for at ikkje grunneigarane skal måtte vente unødig på erstatningsutbetalingane, er det sterkt ønskjeleg at utvidinga av Drægnismorki naturreservat med eit naturreservat i Ytrismorki kan vedtakast ved kongeleg resolusjon i år. Dette føreset ein relativt stram tidsplan fordi Miljødirektoratet og Klima- og miljødepartementet vil få eit stort tal saker frå heile landet, og som det vil ta tid å handsame i dei ulike departementa og andre sentrale instansane som skogreservata vedkjem. Høyringsfristen for framlegget om utviding av Drægnismorki naturreservat til å omfatte Ytrismorki og avtalt område i Dregnismorki vert difor sett til 20. juni 2015 Vi reknar med å sende tilrådinga vår til Miljødirektoratet innan 1. august i år. Miljødirektoratet tek sikte å sende si tilråding til Klima- og miljødepartementet innan 1. september. Fylkesmannen legg opp til å arrangere opne møte eller synfaringar i det omfanget grunneigarane og andre interesserte ønskjer. Høyringsframlegget, med verneforskrift og avgrensing, er det som grunneigarane og staten har vorte samde om. Etter at planen har vore på høyring, vil Fylkesmannen oppsummere alle lokale innspel og sende si tilråding over til sentrale styresmakter, som vil leggje planen fram til endeleg avgjerd i Regjeringa (kongeleg resolusjon). Adresselister Dette brevet er sendt ut til alle grunneigarar og rettshavarar innanfor det aktuelle området, lokale, regionale og nasjonale organ og organisasjonar som kan ha interesse av planarbeidet. Vi ber om forståing og orsaking for om det skulle vere feil og manglar ved adresselistene, og ber samstundes om tilbakemelding på manglar eller feil adresse. Informasjon Spørsmål om planarbeidet kan rettast til - seniorrådgivar Tom Dybwad, tlf. 57 64 31 23, e-post fmsftd@fylkesmannen.no FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 6/7 Skriftlege innspel sendast til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger eller på e-post fmsfpostmottak@fylkesmannen.no Med helsing Nils Erling Yndesdal fylkesmiljøvernsjef Tom Dybwad seniorrådgjevar Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift. Vedlegg: - Kart over framlegg til verneområde i Ytrismorki utarbeidd av Allskog - Kart over utvidingsområde i Dregnismorki - Kart over Drægnismorki naturreservat (kgl.res. 05.03.2010) - Oversiktskart over dei tre områda: Drægnismorki naturreservat, avtalt utvidingsområde i Dregnismorki, og framlegg til naturreservat i Ytrismorki - Framlegg til verneforskrift for Dregnismorki –Ytrismorki naturreservat - Verneforskrift for Drægnismorki naturreservat (kgl.res. 05.03.2010) Adresseliste: Grunneigarar: Kåre Hammerborg (8/1), Stasjonsgata 48, 3300 Hokksund Jorunn K. Yttri (8/2), 3. Bera terrasse 50 A, 3026 Drammen Jan Petter Nyløy (8/3), Yttri, 6877 Fortun Johannes Yttri (8/5), 6877 Fortun Johannes Drægni (14/1), Vei 228-5a, 9170 Longyearbyen Sigmund K Hauge (14/2), 6877 Fortun Jakob Flaten (14/5), 6877 Fortun Andre: Luster kommune, postmottak@luster.kommune.no Luster Bondelag v/ Henny Karin Skildheim, Skildheim 6872 Luster, hennykarin@live.no Luster Bonde- og Småbrukarlag v/ Kjell Edvin Vedvik, 6873 Marifjøra Fortun grunneigarlag v/ Jacob Øygard, 6877 Fortun Fortun bygdelag v/ Jan Norvald Steig, 6877 Fortun Fortun sauesankelag v/ Jon Rolf Bjørnevåg, Holmastad, 6877 Fortun Luster jakt- og fiskelag, luster.jfl@njff.org Luster Turlag, inga.reidun.sjothun@luster.kommune.no Statens naturoppsyn Breheimen v/ Liv Byrkjeland (e-post) Breheimen nasjonalparkstyre v/ Eldrid Nedrelo (e-post) Sogn og Fjordane fylkeskommune, postmottak.sentraladm@sfj.no Sogn og Fjordane Politidistrikt, post.sfj@politiet.no Høgskulen i Sogn og Fjordane v avd. for naturforvaltning, post@hisf.no Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane, l-hjelme@online.no Norges Jeger- og Fiskerforbund NJFF Sogn og Fjordane, sognogfjordane@njff.org Norges vassdrags- og energiverk, region vest, rv@nve.no Sogn og Fjordane Bondelag, sogn.fjordane@bondelaget.no Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag v/fylkessekretær, roror01@hotmail.com FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 7/7 Sogn og Fjordane Skogeigarlag, post@sfskog.no Sogn og Fjordane Skogselskap, brandsoyplanteskule@gmail.com Sogn og Fjordane Turlag, sogturla@online.no Forum for natur og friluftsliv Sogn og Fjordane, sognogfjordane@fnf-nett.no Sogn og Fjordane avd. NOF v/Anders Braanaas, anders.braanaas@enivest.net Visit Sognefjorden,: info@sognefjord.no Norges jeger- og fiskerforbund, njff@njff.no Technogarden (nødnett), firmapost@technogarden.no NOTS, vernearbeid@nots.no Stadnamntenesta på Vestlandet, post@sprakradet.no Statnett, firmapost@statnett.no Avinor, post@avinor.no Direktoratet for mineralforvaltning, mail@dirmin.no Universitetsmuseet i Bergen, post@um.uib.no Den Norske Turistforening, DNT, info@turistforeningen.no Det Norske Skogselskap, info@skogselskapet.no Fortidsminneforeningen, post@fortidsminneforeningen.no Luftfartstilsynet, postmottak@caa.no Norges geologiske undersøkelse (NGU), ngu@ngu.no Norges Naturvernforbund, naturvern@naturvernforbundet.no Norges Skogeierforbund, post@skogeier.no Norsk institutt for Naturforsking NINA, firmapost@nina.no Norsk Hydro, v/ Knut Stokkenes, knut.stokkenes@hydro.com Norsk ornitologisk forening (NOF), nof@birdlife.no Norsk Skogbruksforening NORSKOG, firmapost@norskog.no Riksantikvaren, postmottak@ra.no SABIMA, sabima@sabima.no Universitetet i Bergen, Geologisk institutt, post@geo.uib.no Verdens Naturfond (WWF Norge), wwf@wwf.no Kopi pr. e-post m/vedlegg: Miljødirektoratet Allskog Klima- og miljødepartementet
© Copyright 2024