Ledig stilling Lotteri- og stiftelsestilsynet er eit statleg organ med to fagtilsyn: Stiftelsestilsynet og Lotteritilsynet. Lotteritilsynet forvaltar den norske lotterimarknaden, og kontrollerer statlege pengespel. Stiftelsetilsynet har tilsynsansvar for 7600 norske stiftelsar. I tillegg har Lotteri- og stiftelsestilsynet ansvar for ordninga med kompensasjon av meirverdiavgift til det frivillige Noreg. Tilsynet held til i Førde, og har i dag til saman ca. 70 tilsette. For meir info, sjå www.lottstift.no. Er du samfunnsengasjert og klar for nye utfordringar? Stiftelsestilsynet har ledig spennande stilling for revisor/siviløkonom. Ein av våre revisorar skal no over i ny jobb, og vi har ledig fast stilling. Stillinga vert lyst ut som rådgjevar eller seniorrådgjevar. Stiftelsestilsynet fører tilsyn og kontroll med at drift og forvaltning i norske stiftelsar er i samsvar med stiftelseslova. Vi har også ansvar for Stiftelsesregisteret, og gir generell rettleiing og juridisk rådgjeving m.m. som ligg innafor vårt ansvars- og myndigheitsområde. Stiftelsestilsynet vart oppretta i 2005. Vi er i dag 15 tilsette, og er det leiande fagmiljøet innanfor stiftelsesrett i Noreg. Målet vårt er å vere eit ekspertorgan med høg legitimitet og stort truverde i ein tilsynsmarknad med jus, økonomi og samfunnsorientering. Arbeidsoppgåver tilsyn med stiftelsar og det som følgjer av dette vidareutvikling av tilsynsarbeid og - metodikk fatte vedtak med heimel i stiftelselova rettleiing til publikum utvikling av tilsynet elles Kvalifikasjonskrav Registrert/statsautorisert revisor eller siviløkonom Det er også ein fordel om du har juridiske forkunnskapar, helst innanfor selskapsrett erfaring frå tilsyns- og kontrollarbeid god skriftleg og munnleg framstillingsevne Vi ser etter ein initiativrik, engasjert og godt motivert person som ønskjer å arbeide med dette området som er i stadig utvikling. Du vil få arbeide innafor eit større fagmiljø med dyktige medarbeidarar. Oppgåvene er varierte, fagleg utfordrande, og gir godt høve til kompetanse- og eigenutvikling. Du må kunne arbeide systematisk og nøyaktig både sjølvstendig og i team. Analytiske evner, fagleg engasjement og serviceinnstilling er også eigenskapar vi ser etter. Vi kan tilby stort fagmiljø med breitt samansett kompetanse og erfaringsbakgrunn positive og engasjerte medarbeidarar med stor interesse for fagområdet varierte og utfordrande arbeidsoppgåver der du kan påverke din eigen arbeidskvardag gode velferdsordningar og fleksibel personalpolitikk, også når det gjeld vidareutdanning, kurs og opplæring gode stabs- og støtte-funksjonar, godt innarbeidd sak/arkivsystem, og gode rutinar for opplæring av nytilsette medlemskap i Statens pensjonskasse som gir gunstige pensjons- og lånevilkår fleksibel arbeidstid og betalt overtid nytt, moderne kontorbygg i Førde sentrum, m.a. med eige treningsrom og kantine IA-bedrift Side 1 av 2 Lønsplassering skjer på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Frå løna vert det trekt 2 % til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har 6 månaders prøvetid. Stilling som rådgjevar blir løna i stillingskode 1434, og seniorrådgjevar i stillingskode 1364. For spørsmål om stillingane, kan du kontakte: Avdelingsdirektør Gunn Merete Paulsen Seniorrådgjevar Terje Gjertsen tlf: 57 82 80 40, mobil: 99 28 43 38 tlf: 57 82 80 47, mobil: 97 03 28 53 Søknadsfristen er 20. februar 2015 Skriftleg søknad vedlagt CV, vitnemål og attestar skal sendast til: postmottak@lottstift.no alternativt til: Lotteri- og stiftelsestilsynet, Postboks 800, 6805 Førde. Merk søknaden: ’Stiftelsestilsynet’. Innsende kopiar av vitnemål og attestar blir ikkje returnerte. Lotteri- og stiftelsestilsynet er opptatt av mangfald, og vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du opplyse om dette og grunngje det i søknaden. Opplysingar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Du vil bli varsla dersom di oppmoding om reservasjon ikkje vert teken til følgje. Side 2 av 2
© Copyright 2024