NYNORSK SUBSTANTIVBØYING Veke 40 MÅL FOR TIMEN Kunne hovudreglane for bøying av substantiv. KORLEIS BLI BETRE I NYNORSK? Lese Skrive Høyre Øve ARE KALVØY Kåseri om nynorsk: https://www.youtube.com/watch?v=s7olTWEIwAI HANKJØNN – HOVUDREGEL Hovudregelen er at hankjønnsord får endinga -ar og -ane i fleirtal: EINTAL FLEIRTAL Ubestemt form Bestemt form Ubestemt form Bestemt form ein båt båten båtar båtane ein politikar ein hane HANKJØNNSORD MED VOKALSKIFTE Nokre hankjønnsord får vokalskifte i fleirtal. Enkelte av dei får også -(e)r og -(e)ne i fleirtal: EINTAL FLEIRTAL Ubestemt form Bestemt form Ubestemt form Bestemt form ein bror broren brør brørne ein son sonen søner sønene ein fot foten føter føtene ein mann mannen menn mennene HANKJØNNSORD MED VALFRI BØYING Substantiv som endar på –nad (månad) og på –a (pizza) har valfri fleirtalsbøying. EINTAL FLEIRTAL Ubestemt form Bestemt form Ubestemt form Bestemt form ein månad månaden månadar/månader månadane/månadene ein søknad søknaden søknadar/søknader søknadane/søknadene ein pizza pizzaen pizzaar/pizzaer pizzaane/pizzaene ein sofa sofaen sofaar/sofaer sofaane/sofaene OG HOVUDREGELEN FOR BØYING AV HANNKJØNNSORD ER… HOKJØNN – HOVUDREGEL Hovudregelen er at hokjønnsord får endinga -er og -ene i fleirtal. EINTAL FLEIRTAL Ubestemt form Bestemt form Ubestemt form Bestemt form ei seng senga senger sengene ei avis ei gruppe UNNTAK: HOKJØNNSORD SOM ENDAR PÅ -ING Hokjønnsord som endar på -ing, får endingane -ar og -ane i fleirtal. EINTAL FLEIRTAL Ubestemt form Bestemt form Ubestemt form Bestemt form ei melding ei opning ei dronning ei setning meldinga meldingar meldingane HOKJØNNSORD DU BØR MERKE DEG Nokre hokjønnsord har omlyd og/eller samandraging i fleirtal. Endinga er som etter hovudregelen –er og –ene. EINTAL FLEIRTAL Ubestemt form Bestemt form Ubestemt form Bestemt form ei dotter ei mor ei søster dottera døtrer døtrene OG HOVUDREGELEN FOR BØYING AV HOKJØNNSORD ER… BØYING AV INKJEKJØNNSORD Inkjekjønnsord har inga ending i ubestemt form fleirtal og endinga -a i bestemt form fleirtal: EINTAL FLEIRTAL Ubestemt form Bestemt form Ubestemt form Bestemt form eit hus huset hus husa eit eple eit dokument eit område OG REGELEN FOR BØYING AV INKJEKJØNNSORD ER… NÅ ER DET DIN TUR! Løys oppgåver i nynorskboka: Oppgåve 13, 14 og 15 på side 132. Tips: Følg skjemaa på side 126, 127 og 128. SPRUTSKRIVING Skriv det som fell deg inn, utan å tenkje for mykje på oppbygging av innhald. Vel ei av følgjande oppgåver: Haust Natt
© Copyright 2024