Kva er ein tenestestandard? Ein tenestestandard skal skildre omfanget av og innhaldet i ei teneste. Standarden skal seie noko om føremålet med tenesta, målgrupper og vilkår for tildeling av tenesta. Den skal også seie noko om kva mottakar kan forvente av tenesta og kva verksemda forventar av mottakarane. Føremål Lov om folkebibliotek § 1 Tenestestandard for Meland bibliotek Folkebibliotekene skal ha til oppgave å fremme opplysning, utdanning og annen kulturell virksomhet, gjennom aktiv formidling og ved å stille bøker og andre medier gratis til disposisjon for alle som bor i landet. Folkebibliotekene skal være en uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt. Det enkelte bibliotek skal i sine tilbud til barn og voksne legge vekt på kvalitet, allsidighet og aktualitet. Bibliotekenes innhold og tjenester skal gjøres kjent. Folkebibliotekene er ledd i et nasjonalt biblioteksystem. Lovgrunnlag Kommunen er pålagd gjennom lov å ha bibliotek Lov om folkebibliotek nr.108 av 20. desember 1985 Målgruppe – kven kan få tenesta? Dei som bur i Meland kommune er våre primærbrukarar, like eins dei som bur i Nordhordland. Alle som bur i landet kan og får tilgang til biblioteket sine tenester. Versjon 01.03.16 Innhaldet i tenesta: - Tilgang til meland bibliotek sine samlingar Gratis utlån av bøker, tidsskrift, lydbøker, film, musikk og språkkurs. Tilgang til aviser og offentleg informasjon Tilgang til stasjonære PC-ar med internett, samt trådlaust internett Fagutdanna personale Ein samarbeidsavtale mellom grunnskulane og Meland bibliotek Hjelp til å finne informasjon frå samlingane eller frå internett Eigen nettstad med tilgang til tenester og informasjon Biblioteket har møterom/leseplassar som kan brukast ved nærare avtale. Månadleg eventyrstund for førskule barn Kopieringsteneste jfr lov og regelverk, skanning og printertenester mot betaling Brukarvenlege opningstider Kvalitetsmål Meland bibliotek sitt formål er å fremme opplysning, utdanning og anna kulturell verksemd. Biblioteket skal gje den einskilde best mogeleg høve til å tilegna seg faglege og ållmenndannade kunnskapar, vidast mogeleg informasjon og orientering om aktuelle samfunnspørsmål, moglegheiter for personleg utvikling, kulturell og menneskeleg oppleving. Versjon 01.03.16 Kva kan du forvente av oss? Som brukar av biblioteket kan du forvente å bli møtt på ein måte som gjer at du kjenner deg velkommen og betent på ein imøtekommande måte der følgjande gjeld: - Det skal vere enkelt å bruke biblioteket Spørsmåla dine vert behandla konfidensielt Du ver informert om biblioteket sine tenester og lånereglar Du får hjelp til å finne fram ønska informasjon Vi sørger for allsidig tilvekst til samlingane og er opne for forslaga dine Vi svarer på spørsmål og førespurnader så raskt som mogeleg, seinast innan ei arbeidsveke. Vi kan låne inn materiale frå andre bibliotek etter nnasjonale lånereglar Det er mogeleg å bli sett på venteliste for utlånt materiale og du får melding når det er ledig Biblioteket er tilgjengeleg via nett Mot betaling har du høve til å kopiere til privat bruk frå delar av biblioteket sine samlingar Biblioteket er ein antirasistisk sone Forventningar vi har til deg - At du heldt biblioteket sine lånereglar At du behandlar biblioteket sitt materiale og utstyr forsvarleg At du overheldt lånefristane At du erstatter tapt og skada materiale At du har med lånekort når du skal låne At du følgjer biblioteket sine reglar for internettbruk - At du bidreg til at biblioteket skal vere ein antirasistisk sone. Pris Det er gratis å låne, men det kostar å levere lånt materiale for seint eller å la vere å levere. Praktiske opplysningar Meland bibliotek er organisert med hovudbibliotek på Frekhaug og filial på Rossland skule, filialen er eit kombinasjonsbibliotek med hovudvekt på barn og unge. Meland bibliotek er i eit forpliktande samarbeid med biblioteka i Nordhordland. Opningstid Hovudbibliotek: måndag og torsdag 14 – 19 tysdag 10 -16, fredag 10 – 14, laurdag 11-15 Rossland avdeling: onsdag 15 -19, fredag 14 -16 Postadresse: Meland bibliotek, b. 13, 5906 Frekhaug, Tlf 56171080 e-post: bibliotek@meland.kommune.no nettside: http://www.mittnordhordland.no/start Rossland avdeling: Rossland skule, 5917 Rossland, Tlf 56174418 Versjon 01.03.16
© Copyright 2024