Les meir i brevet til kommunane om tilskot til

Sakshandsamar: Magne-Bjarte Hatlem
Telefon: 57643008
E-post: fmsfmbh@fylkesmannen.no
Vår dato
20.04.2016
Dykkar dato
Vår referanse
2016/1574Dykkar referanse
Til kommunane i Sogn og Fjordane
Tilskot til leirskuleopplæring i 2016
Kommunar som har sendt elevar på leirskule kan etterskotsvis søke Fylkesmanen om tilskot. Frist for
å søke tilskot er 15. juni og 15. november. For seint innsendt søknad er grunn til avslag.
Leirskuleopplæring
Etter opplæringslova § 2-3, første ledd, kan ein del av undervisningstida i grunnskulen brukast til
leirskuleopplæring. Leirskuleopplæring betyr i denne samanheng opplæring ved bemanna leirskule
eller ekskursjonar/turar som er ein del av grunnopplæringa, og har ei varigheit på minimum tre
overnattingar i samanheng.
Tilskot til kommunen
Kommunar som har sendt elevar på leirskule kan etterskotsvis søke Fylkesmannen om tilskot til
leirskuleopplæring per gruppe elevar. Reglane er slik at ei gruppe i tilskotsamanheng skal vere frå 16
til 22 elevar på same leirskuleopphald. Kommunen kan berre søke om tilskot for eitt leirskuleopphald
per elev i løpet av grunnskuletida.
Retningslinjer
Tilskot til leirskuleopplæring fastsetjast etter ein sats per klokketime med inntil 5,5 klokketimar per
dag og inntil 27,5 klokketimar per opphald. For 2016 er satsen per klokketime kr. 569.
Tilskotet blir løyvd over statsbudsjettet kapittel 225 post 66, og Kunnskapsdepartementet har
fastsett retningslinjer for tildeling. Retningslinjene er tilgjengeleg på Utdanningsdirektoratet si
heimeside udir.no under Regelverk > Tilskudd >Alle tilskuddsordinger > Leirskoleopplæring.
Tilskotsordninga er budsjettstyrt, som i praksis betyr at budsjettramma er avgjerande for
tildelingane. Overstig den samla søknadssummen frå kommunane tildelinga til vårt fylke, fører det til
at kommunane ikkje får tildelt søknadssummen fullt ut.
Kommunane er med å sikre Sogn og Fjordane si framtidige budsjettramme når dei fyller ut skjema for
prognose for planlagde leirskuleopphald samtidig med søknad om tilskot.
Søknad
Kommunen skal sende ein samla søknad om tilskot for gjennomført leirskuleopplæring for alle
skulane på elektronisk skjema/blankett. Alle skjema må vere fullstendig og komplett utfylt, inkludert
skjema for elevteljing og prognose. Aktuelle skjema er tilgjengelege på Utdanningsdirektoratet sine
Telefon 57 64 30 00
Organisasjonsnummer N-974 763 907
Nettstad fylkesmannen.no/sfj
E-post fmsfpost@fylkesmannen.no
Besøksadresse
Hovudkontor: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger
Landbruksavdelinga: Fjellvegen 11, 6800 Førde
Postadresse
Hovudkontor: Njøsavegen, 2 6863 Leikanger
Landbruksavdelinga: Postboks 14, 6801 Førde
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
2/2
heimesider udir.no, under Snarveier på hovudsida klikk Tilskuddsordninger > Skoleeiere >
Leirskoleopplæring.
Søknadsfrist for kommunen til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane for leirskuleopplæring gjennomført i
vårsemesteret er 15. juni og for opplæring gjennomført i haustsemesteret 15. november.
Retningslinjene for tilskotsordninga understrekar at for seint innsendt søknad er avslaggrunn.
Med helsing
John Ole Vange
utdanningsdirektør
Magne-Bjarte Hatlem
rådgjevar
Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift.
Kopi til:
Kopi med vedlegg:
Kopi utan vedlegg:
Kopi pr. e-post: