Tilbod om Ungdata-undersøkingar i kommunar i Sogn og Fjordane I samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og NOVA vil KoRus vest Bergen ved Stiftelsen Bergensklinikkene tilby kommunar i Sogn og Fjordane å gjennomføre ungdomsundersøkinga Ungdata. Tilbodet gjeld for kommunar som ikkje har gjort Ungdata-undersøkingar seinare enn 2014. Tidlegare undersøkingar frå Sogn og Fjordane fylkeskommune er no avslutta, og Ungdata er tenkt å erstatte desse. Over 350 kommunar i Noreg har til no gjennomført ein eller fleire Ungdata-undersøkingar. Ungdata er eit kvalitetssikra system for gjennomføring av lokale spørjeskjemaundersøkingar i ungdomskular og vidaregåande skular. Ungdata er godkjent av Datatilsynet, og det er ikkje naudsynt med samtykke frå elevane sine foreldre. Det er NOVA og dei regionale kompetansesentra innan rusfeltet som har det faglege ansvaret for undersøkingane, medan kommunane står for den praktiske gjennomføringa lokalt. Ein kommune som ønskjer å gjennomføre ei Ungdata-undersøking, må først ta kontakt med KoRus i regionen sin. Kommunen inngår ei avtale med KoRus og NOVA, der pliktene til partane i samarbeidet vert fastsette. Oppfylging av resultat frå Ungdata-undersøkingar Standard resultatrapportar frå NOVA vil verte overført kommunar som gjer Ungdataundersøking. KoRus kan vidare hjelpe kommunar med å bruke resultat: Ved å arrangere regionale samlingar for fleire kommunar mhp. drøfting av resultat. Ved å drøfte korleis kommunen kan bruke resultat inn i folkehelseoversikta og i andre planar. Ved å hjelpe med oppfylging av eventuelle spesifikke utfordringar, og vurdering av behov for kompetanse. Det ønskjeleg at kommunar gjennomfører Ungdata-undersøkingar i vårhalvåret. Det tar to månader å førebu ein undersøking i ein kommune. For spørsmål om gjennomføring av Ungdata kan ein kontakte Erik Iversen ved KoRus vest Bergen, Stiftelsen Bergensklinikkene: eiiv@bergensklinikkene.no , eller telefon 5590 8634. Om Ungdata-undersøkingar Spørjeskjemaa består av tre typar spørsmål: obligatoriske spørsmål, valfrie spørsmål og eigenkomponerte spørsmål. Det skal ikkje ta meir enn ein klokketime for ungdomane å svare på undersøkinga. Med ei slik tidsramme utgjer dei obligatoriske spørsmåla litt over halvparten av spørsmåla i spørjeskjemaet. Val av tilleggsspørsmål til den lokale delen av undersøkinga skal kommunen gjere i dialog med KoRus i regionen og NOVA. Ungdata-undersøkingane skal verte forankra på ansvarleg nivå i kommunen (f.eks. rådmannen eller kommunalleiaren). Ein skal vidare utnemne ein kommunal koordinator som har ansvaret for å oppfylle pliktane til kommunen i Ungdata-samarbeidet. Det er koordinatoren som har ansvaret for å motivere skulane før undersøkinga, å sjå til at føresette og elevar får tilstrekkeleg informasjon, samt å rettleie skulane i den praktiske gjennomføringa. Ungdata-undersøkingane vert gjennomførte elektronisk på skulane. Elevane svarer på spørsmåla ved å logge seg inn med eit unikt brukarnamn via nettsida www.ungdata.no. Det må vere ein lærar eller ein annan vaksen til stades i klasserommet under heile datainnsamlinga. For kvar skule skal ein peike ut ein lokal administrator som har ansvaret for datainnsamlinga lokalt. Etter at den lokale datainnsamlinga er avslutta, vert data lagra hos NOVA. Som ei standardrapportering frå Ungdata får kommunen PowerPoint-rapportar med resultat frå undersøkinga si og ein nøkkeltalrapport der tal frå eigen kommune vert samanlikna med nasjonale tal. Bergen, 24.6. 2016 Kompetansesenter rus region vest Bergen (KoRus vest Bergen) Stiftelsen Bergensklinikkene Vibeke Johannessen virksomhetsdirektør Erik Iversen psykologspesialist
© Copyright 2024