møteboka.

EID KOMMUNE
Formannskapet
HOVUDUTSKRIFT
Møtedato:
25.08.2016
Møtetid:
Kl. 13:00 –
Møtestad:
Formannskapssalen
Saksnr.:
096/16 - 104/16
Forfall meldt frå følgjande medl.
Sissel Ommedal
Parti
Krf
Følgjande varamedl. møtte
Gunvald Ludvigsen
Ugilde
Sak
Følgjande varamedl. møtte
Møteleiar:
Frå adm. møtte:
Utlevert i møtet:
Orientering:
Sp.mål/interpell.:
Alfred Bjørlo
Åslaug Krogsæter, Ole Starheim
Siri Sandvik ba om ei orientering til kommunestyret om
Langtidsplanen for Forsvaret, jmf framlegg om nedlegging av HV11.
Semje om å gi ei slik orientering på kommunestyremøtet 1/9.
Synfaring:
Diverse:
Underskrifter:
Alfred Bjørlo
Parti
V
Eli Førde Aarskog
Sigurd Reksnes
Sakliste
Sak nr.
Saktittel
096/16
Godkjenning av innkalling og saksliste
097/16
Godkjenning av møteprotokoll
098/16
Referatsaker
099/16
Orienteringssaker frå ordførar til formannskapet 2016 - 25.08.2016
100/16
Orienteringssaker frå rådmann til formannskapet 2016 - 25.08.2016
101/16
Grunnerverv - Godkjenning av avtale med Anny Sefland
102/16
Grunnerverv - godkjenning av avtale med Anny Eikås Strømmen
103/16
Forslag til samanslåing av Fjordane tingrett og Sogn tingrett - Uttale frå
Eid kommune
104/16
Felles skatteoppkrevjar for Gloppen og Eid
EID KOMMUNE
Møtebok
Styre, utval, komite m.m.
Formannskapet
SAKSGANG
Møtedato
25.08.2016
Avgjerd av:
Saksansv.: Janne Endal Andersson
Saksnr
096/16
Arkiv: Namn-,
NamnObjekt:
GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKSLISTE
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Innkalling og sakliste 25.08.2016 vert godkjent.
25.08.2016 FORMANNSKAPET
F-096/16 VEDTAK:
Innkalling og sakliste 25.08.2016 vert godkjent.
Saksansv.
JEA
Arkivsaknr
16/1629
EID KOMMUNE
Møtebok
Styre, utval, komite m.m.
Formannskapet
Avgjerd av:
Saksansv.: Janne Endal Andersson
SAKSGANG
Møtedato
25.08.2016
Saksnr
097/16
Arkiv: Namn-,
NamnObjekt:
GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Møteprotokollen frå møte 22.06.2016 vert godkjent.
25.08.2016 FORMANNSKAPET
F-097/16 VEDTAK:
Møteprotokollen frå møte 22.06.2016 vert godkjent.
Saksansv.
JEA
Arkivsaknr
16/1630
EID KOMMUNE
Møtebok
Styre, utval, komite m.m.
Formannskapet
Avgjerd av:
Saksansv.: Janne Endal Andersson
SAKSGANG
Møtedato
25.08.2016
Saksnr
098/16
Arkiv: Namn-,
NamnObjekt:
Saksansv.
JEA
Arkivsaknr
16/1628
REFERATSAKER
Nr Dok.ID
T
Dok.dato
Avsendar/Mottakar Tittel
1
16/8104
I
17.06.2016
Helsedirektoratet
2
16/8118
I
20.06.2016
3
16/8122
I
20.06.2016
4
16/8123
I
21.06.2016
5
16/8124
I
21.06.2016
6
16/8129
I
22.06.2016
7
16/8130
I
22.06.2016
8
16/8174
I
21.06.2016
9
16/8099
I
17.06.2016
10
16/8251
I
23.06.2016
Høring - rapport om
nasjonalt datasett for
ambulansetjenesten
Helse- og
Høring - Innføring av
omsorgsdepartemente automatisk frikort for
t
egenandelstak 2 og avvikling
av sykdomslisten i
fysioterapiordningen m.m.
Statens strålevern
Høring av forslag til revidert
strålevernforskrift
Foreningen for god
Høringsutkast til endringer i
kommunal
KRS nr. 4 Avgrensningen
regnskapsskikk
mellom drifts- og
investeringsregnskapet
Stryn kommune
Vegnamn i Stryn kommune
på høyring til 05.08.16.
Ordføraren
Innkalling til
generalforsamling i
Nordfjordkryssing AS - retta
tidspunkt for møte
Ordføraren
Innkalling til
generalforsamling i
Nordfjordkryssing AS
Kulturdepartementet Høring om endringer i
pliktavleveringsforskriften
Selje kommune v/
Overordna planstrategi 2016
Svein Barmen
-2020 Høyring
Helse- og
Høringsnotat om forskrift om
omsorgsdepartemente spesialistutdanning og
t
spesialistgodkjenning for
leger og tannleger
11
16/8291
I
24.06.2016
12
16/8298
I
24.06.2016
13
16/8320
I
24.06.2016
14
16/8374
I
27.06.2016
15
16/8393
I
27.06.2016
16
16/8448
I
27.06.2016
17
16/8526
I
29.06.2016
18
16/8595
I
30.06.2016
19
16/8602
I
30.06.2016
20
16/8627
I
01.07.2016
21
16/8667
I
01.07.2016
(spesialistforskriften)
Kunnskapsdeparteme Høring om endringer i
ntet
opplæringsloven - Oppstart
av grunnskoleopplæring og
mulighet for dispensasjon
Helse-og
Høring - Forskrift om
omsorgsdepartemente betaling frå pasienter for
t
poliklinisk helsehjelp i
spesialisthelsetenesta
Det kongelige
Forslag til midlertidig
kommunal- og
forskrift om unntak fra planmoderiniseringsdepar og bygningsloven for
tement
innkvartering av personer
som søker beskyttelse
(asylsøkere)
Landbruks- og
Høring. Forslag til lov om
matdepartementet
endring av lov om konsesjon,
lov om jord og lov om
odelsretten og åsetesretten
Ordførar Alfred
Regionreforma - Varsel om
Bjørlo
workshop for Nordfjordrådet
og Sunnmøre Regionråd, 7.
september 2016
Statens vegvesen
Oppsummering av
endringsforskrift om
førerkort m.m.
Direktoratet for
Høring: Forslag til endring i
byggkvalitet
DOK-forskriften
Nadia.El16/1716 Høring - Forslag til
kadi@bld.dep.no
lov om informasjonstilgang,
taushetsplikt m.v. for Statens
helsetilsyn ved gjennomgang
av et utvalg saker om
akuttplassering og
omsorgsovertakelse etter
barnevernloven
Landbruks- og
Klargjøring av høringsnotat matdepartementet
Forslag til lov om endring av
lov om konsesjon, lov om
jord og lov om odelsretten og
åsetesretten
Helse- og
Høring - Forslag om
omsorgsdepartemente endringer i
t
tobakksskadeloven Register- og tilsynsordning
for salg av tobakksvarer mv.
Helse- og
Høring om forslag til
omsorgsdepartemente endringer i
t
tobakksforskriftene og ny
forskrift om elektroniske
22
16/8668
I
01.07.2016
23
16/8686
I
04.07.2016
24
16/8434
I
28.06.2016
25
16/8693
U
04.07.2016
26
16/8750
I
05.07.2016
27
16/8802
I
07.07.2016
28
16/8735
I
05.07.2016
29
16/8843
I
08.07.2016
30
16/8849
I
11.07.2016
31
16/8856
I
11.07.2016
32
16/9182
I
21.07.2016
33
16/9196
I
21.07.2016
34
16/9094
I
17.07.2016
35
16/8175
I
21.06.2016
36
16/7881
I
16.06.2016
sigaretter
Høring: Læringsmål i ny
spesialistutdanning for leger:
De kliniske fagene i del 1 og
felles kompetansemoduler
del 1-3.
Justis- og
Høring - Forslag til EUberedskapsdeparteme direktivet
ntet
Kulturdepartementet Om overgangen fra statlig til
kommunalt ansvar for
tilskudd til frivilligsentralene
Avdelingsleiarane i
Årsbudsjett 2017 Eid kommune
Budsjettrundskriv 1
Arbeids- og
Høring om forslag til
sosialdepartementet
endringer trygderegelverket i
lys av asylsøkersituasjonen
Kommunaldeparteme Utredning av fylkesmannens
ntet
fremtidige struktur utsendelse av foreløpig
rapport på bred
innspillsrunde
Sogn og Fjordane
Kostnadsreduksjonar
fylkeskommune
samferdsle 2017-2019
Sogn og Fjordane
Retningsliner for lokalisering
fylkeskommune
av handel og kjøpesenter i
fylket - offentleg høyring
Arbeids- og
Høring om forslag til
sosialdepartementet
endringer i
arbeidsavklaringspenger
Sogn og Fjordane
Strategisk plan for kysten
fylkeskommune
2017-2025 - offentleg
høyring av planprogram
Utdanningsdirektorat Høring - tilskudd til private
et,
barnehager
Gloppen kommune
Planstrategi 2016 - 2020 Gloppen kommune Formannskapet sitt framlegg
til høyring datert 20.juni
2016
Nordfjordrådet
Nordfjordrådet - forslag til
v/Birte Fossheim
samanslåing av Fjordane
tingrett og Sogn tingrett er
sendt på høyring
KS
Debattgrunnlag høringen
NOU 2016:4 Ny
kommunelov
Samferdselsdepartem Høring - spørsmål om
entet
tiltredelse til
vrakfjerningskonvensjonen
Helsedirektoratet
37
16/9161
I
20.07.2016
38
16/9457
U
01.08.2016
39
16/9512
U
08.08.2016
40
16/9513
U
08.08.2016
41
16/9534
I
09.08.2016
42
16/9578
I
10.08.2016
43
16/9594
I
10.08.2016
44
16/9617
I
11.08.2016
45
16/9772
I
17.08.2016
46
16/9863
I
19.08.2016
47
16/8250
I
23.06.2016
48
16/9907
I
19.08.2016
49
16/9911
I
19.08.2016
50
16/10013
I
24.08.2016
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
og gjennomføring av
konvensjonen i norsk rett
Kommunal- og
Tilskot til infrastrukturtiltak i
moderniseringsdepart kommunar som skal slå seg
ementet
saman
Pressa
Eid sterkt fram i KommuneNM
Finansutvalet/Forman Aktiv forvaltning pr
nskapet
30.06.2016
Finansutvalet/Forman Aktiv forvaltning pr
nskapet
31.07.2016
Styre i
Innkalling til ekstraordinær
Voldsfjordkryssing
generalforsamling i
AS
Voldsfjordkryssing
Ordførar i Gloppen
Avklaringsmøte om
kommune Leidulf
ferjestrekninga Anda-Lote
Gloppestad
Kommunerevisjonen Om organisering av
i Nordfjord v/
kommunerevisjonen i fylket
Markvard Sunde
Kjetil Sætre
Trafikksikker og
opprustning av vegen på
Ytre Skårhaug
Kunnskapsdeparteme Høring om bruk av lærlinger
ntet
ved offentlige anskaffelser
Moderniseringsdepart Høring - Organisering av
ement
eiendomsoppmålingen.
Forslag til endringer i
matrikkellova
Vågsøy kommune
Planstrategi for Vågsøy 2016
- 2020, offentleg ettersyn
Nordfjord Havn
Sea Walk Eid
v/Elisabeth Elliot
Havnerådsleiar Nils Sea Walk Eid
Myklebust
Sogn og Fjordane
Regionreforma - møte med
Fylkeskommune
regionråda i Sogn og
v/Ole I. Gjerald
Fjordane (11.08.2016)
Refererte saker vert tekne til etterretning slik dei ligg føre.
25.08.2016 FORMANNSKAPET
F-098/16 VEDTAK:
Refererte saker vert tekne til etterretning slik dei ligg føre.
Følgjande saker blir følgde særskilt opp:
 Sak 8735 (Kostnadsreduksjonar samferdsle) blir følgd opp med eiga sak i politiske organ
innan fristen 3/10.
 Sak 9534 (Voldsfjordkryssing) vert følgd opp i Valnemnda (utpeiking av styremedlem
m/vara frå Eid/ Gloppen)
 Sak 9617 (veg Ytre Skårhaug): Formannskapet føreset at det blir sendt snarleg svarbrev.
EID KOMMUNE
Møtebok
Styre, utval, komite m.m.
Formannskapet
Avgjerd av:
Saksbehandler:
Alfred Bjørlo
SAKSGANG
Møtedato
25.08.2016
Saksnr
099/16
Arkiv: 080
Objekt:
Saksansv.
ABJ
Arkivsaknr
16/154
Orienteringssaker frå ordførar til formannskapet 2016 - 25.08.2016
1.
2.
3.
4.
5.
Eid kommune og Nordfjord Hamn
Status kommunereform og regionreform
Nærpolitireformen
Areal for opplæringstilbod til nykomne flyktningar og asylsøkjarar
Møteoversikt ordførar
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Orienteringa vert teken til vitande.
25.08.2016 FORMANNSKAPET
Det vart orientert om følgjande saker i tillegg til dei som sto i saksframlegget:
 Visit Nordfjord – lansering av ny profil 8/9
 Ny tid for formannskapsmøtet 29/9: Møtestart kl 16
F-099/16 VEDTAK:
Orienteringane vert teken til vitande med følgjande særskilte oppfølgjingspunkt:





Formannskapet ber ordføraren ta initiativ til møte i representantskapen i Nordfjord Hamn.
Formannskapet ber Rådmannen legge fram sak med utgreiing om utmelding av Nordfjord
Hamn til dei politiske møta i september/oktober.
Formannskapet ber om at Regionreformen blir sett opp som eiga sak i kommunestyremøte
01.09.2016.
Lensmannen i Eid blir bedt om å orientere og svare på spørsmål om politireformen på
kommunestyremøte 01.09.2016.
Ordførar/rådmann blir bedt om å gå i forhandlingar med Sogn og Fjordane
fylkeskommune om ei mulig leigeavtale om areal ved Eid vgs for å dekke kommunale
behov innanfor vaksenopplæringa. Ei evt avtale skal leggast fram for politisk handsaming
i Eid med vurdering av alternativa.
Åslaug Krogsæter
-rådmann-
EID KOMMUNE
Møtebok
Styre, utval, komite m.m.
Formannskapet
Avgjerd av:
Saksbehandler:
Åslaug Krogsæter
SAKSGANG
Møtedato
25.08.2016
Saksnr
100/16
Arkiv: 080
Objekt:
Saksansv.
ÅKR
Arkivsaknr
16/155
Orienteringssaker frå rådmann til formannskapet 2016 - 25.08.2016
1. Tilsettreff
2. Vertskapskurs
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Orienteringa vet teken til vitande.
25.08.2016 FORMANNSKAPET
Rådmannen orienterte om planar for tilsett-treff og vertskapskurs 30/8 og innbyggjartreff
11/9.
F-100/16 VEDTAK:
Orienteringa vert teken til vitande.
Åslaug Krogsæter
-rådmann-
EID KOMMUNE
Møtebok
Styre, utval, komite m.m.
Formannskapet
Kommunestyret
Avgjerd av:
Saksbehandler:
SAKSGANG
Møtedato
25.08.2016
01.09.2016
Elin Leikanger
Saksnr
101/16
Arkiv:
Objekt: 44/476
Saksansv.
ELE
ELE
Arkivsaknr
16/1455
Grunnerverv - Godkjenning av avtale med Anny Sefland
Prenta vedlegg:
1. Avtaleframlegg
2. KS 75/15 Vegvurderingar Myklebuståsen
Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.:
Kva saka gjeld:
Saka gjeld godkjenning av avtale om grunnerverv
Bakgrunn for saka:
Kommunestyret gjorde følgjande vedtak i KS-sak 75/15 Vegvurderingar Myklebuståsen:
1. Tiltak nemnt i rapport «Vegvurderingar Myklebuståsen», tiltak 1: «Utbetre kryss
Fossevegen x Kvilda» og tiltak 2: «Etablere fortau langs del av samleveg Holten»
samt tiltak 4, jfr. notat frå Asplan Viak datert 22.06.2015: «Utviding av tilkomstveg
Holten frå pel 620 og inn til snuplass på dagens veg» skal utførast for å avbøte auka
trafikkmengde som følgje av utbygging i Hogaåsen.
2. Finansiering av tiltaka, samla kr 5 564 000,-, skal skje ved tilleggsløyving til prosjekt
4715 Hogaåsen bustadfelt.
Utviding av tilkomstveg Holten (pkt 1) utløyser behov for erverv av grunn frå to eksisterande
bustadtomter.
Saksutgreiing:
Vegen vil verte utvida med ca ein meter i høve til dagens situasjon. Dette inneber at
kommunen må løyse ut ca 25 m2. Arealet er ikkje oppmålt enno.
Avtaleframlegg er utarbeidd i dialog med grunneigar. Kjøpesum er fastsett med utgangspunkt
i erstatningar som Statens Vegvesen har avtalt knytt til utviding av E39 i Mogrenda. Grunn
vert erstatta med kr 135 pr m2.
Økonomiske konsekvensar:
Kjøpesum vert ca kr 5000. Kostnader til frådeling og tinglysing kjem i tillegg. Finansiering er
avklara gjennom pkt 2 i KS-sak 75/15
Vurdering:
Avtaleframlegget er signert av grunneigar, men vert ikkje lagt fram sidan dokumentet
inneheld opplysningar som er unnateke offentleggjering (personnummer).
Administrasjonen har elles ingen merknader til avtalen
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Avtale med Anny Sefland om grunnerverv vert godkjend slik den ligg føre.
25.08.2016 FORMANNSKAPET
F-101/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET:
Avtale med Anny Sefland om grunnerverv vert godkjend slik den ligg føre.
Åslaug Krogsæter
-rådmann-
EID KOMMUNE
Møtebok
Styre, utval, komite m.m.
Formannskapet
Kommunestyret
Avgjerd av:
Saksbehandler:
SAKSGANG
Møtedato
25.08.2016
01.09.2016
Elin Leikanger
Saksnr
102/16
Arkiv:
Objekt: 44/477
Saksansv.
ELE
ELE
Arkivsaknr
16/1458
Grunnerverv - godkjenning av avtale med Anny Eikås Strømmen
Prenta vedlegg:
3. Avtaleframlegg
4. KS 75/15 Vegvurderingar Myklebuståsen
Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.:
Kva saka gjeld:
Saka gjeld godkjenning av avtale om grunnerverv
Bakgrunn for saka:
Kommunestyret gjorde følgjande vedtak i KS-sak 75/15 Vegvurderingar Myklebuståsen:
3. Tiltak nemnt i rapport «Vegvurderingar Myklebuståsen», tiltak 1: «Utbetre kryss
Fossevegen x Kvilda» og tiltak 2: «Etablere fortau langs del av samleveg Holten»
samt tiltak 4, jfr. notat frå Asplan Viak datert 22.06.2015: «Utviding av tilkomstveg
Holten frå pel 620 og inn til snuplass på dagens veg» skal utførast for å avbøte auka
trafikkmengde som følgje av utbygging i Hogaåsen.
4. Finansiering av tiltaka, samla kr 5 564 000,-, skal skje ved tilleggsløyving til prosjekt
4715 Hogaåsen bustadfelt.
Utviding av tilkomstveg Holten (pkt 1) utløyser behov for erverv av grunn frå to eksisterande
bustadtomter.
Saksutgreiing:
Vegen vil verte utvida med ca ein meter i høve til dagens situasjon. Dette inneber at
kommunen må løyse ut ca 25 m2. Arealet er ikkje oppmålt enno.
Avtaleframlegg er utarbeidd i dialog med grunneigar. Kjøpesum er fastsett med utgangspunkt
i erstatningar som Statens Vegvesen har avtalt knytt til utviding av E39 i Mogrenda. Grunn
vert erstatta med kr 135 pr m2.
Økonomiske konsekvensar:
Kjøpesum vert ca kr 5000. Kostnader til frådeling og tinglysing kjem i tillegg. Finansiering er
avklara gjennom pkt 2 i KS-sak 75/15
Vurdering:
Avtaleframlegget er signert av grunneigar, men vert ikkje lagt fram sidan dokumentet
inneheld opplysningar som er unnateke offentleggjering (personnummer).
Administrasjonen har elles ingen merknader til avtalen.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Avtale med Anny Eikås Strømmen om grunnerverv vert godkjend slik den ligg føre.
25.08.2016 FORMANNSKAPET
F-102/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET:
Avtale med Anny Eikås Strømmen om grunnerverv vert godkjend slik den ligg føre.
Åslaug Krogsæter
-rådmann-
EID KOMMUNE
Møtebok
Styre, utval, komite m.m.
Formannskapet
SAKSGANG
Møtedato
25.08.2016
Avgjerd av: Formannskapet
Saksbehandler: Kristine Dahl
Arkiv:
Objekt:
Saksnr
103/16
X42 &13
Saksansv.
ÅKR
Arkivsaknr
16/1258
Forslag til samanslåing av Fjordane tingrett og Sogn tingrett - Uttale frå
Eid kommune
Prenta vedlegg:
1. Høyringsbrev – forslag til samanslåing av Sogn tingrett og Nordfjord tingrett.
2. Høyringsuttale frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
3. Orientering frå Nordfjordrådet.
Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.:
Prop 1 S (2015-2016) og Innst. 6 S (2015-2016).
Kva saka gjeld:
Høyring frå Justis- og beredskapsdepartementet om å slå saman Sogn tingrett og Fjordane
tingrett med hovudsete i Førde.
Bakgrunn for saka:
Gjennom Domstolsadministrasjonen si undersøking hausten 2015, om moglege samanslåingar
av tingrettar, kom det fram at det hos mange lokale og regionale aktørar var interesse for ei
samanslåing av Fjordane tingrett og Sogn tingrett.
Det vart deretter etablert felles leiing for dei to tingrettane frå og med 1. juli 2015, der
sorenskrivaren i Fjordane også overtok som domstolleiar for Sogn tingrett. Det vert meldt om
at erfaringane med dette har vore gode.
Justis- og beredskapsdepartementet føreslår å endre strukturen for dei alminnelege
domstolane i Sogn og Fjordane, slik at Fjordane tingrett og Sogn tingrett vert slått saman til
ein domstol med hovudsete i Førde. Departementet føreslår samstundes å oppretthalde dagens
kontorstadar/rettsstadar.
Namnet på den nye domstolen vert føreslege å vere Sogn og Fjordane tingrett.
Moment som ligg til grunn for endra av domstolsstrukturen har vore:
- Domstolane bør vere av ein slik storleik at det ligg til rette for eit godt fagleg miljø, som
igjen skal sikre publikum eit godt og likeverdig domstolstilbod.
- Sakene har blitt meir komplekse og krevjande og høgare krav vert stilt til domstolane.
- Større domstol gjev moglegheit for moderat spesialisering og planmessig
kompetanseutvikling.
- Redusert sårbarheit ved sjukefråvere, ferieavvikling m.m.
- Effektivitet og digitalisering.
Saksutgreiing:
Fjordane tingrett har i dag ein rettsstad på Nordfjordfjordeid der tingretten deler ei
saksbehandlarstilling med Nordfjord jordskifterett. Departementet føreslår at dagens
kontorstadar/rettsstadar skal bestå:
«På grunn av lang reisetid for brukerne i fylket har departementet vurdert det som mest
hensiktsmessig at kontorstedene i henholdvis Førde og Sogndal opprettholdes. Det legges
videre til grunn at rettslokalet i Nordfjordeid også foreslås opprettholdt som i dag. Det betyr
at reisetiden for brukerne av domstolen ikke øker som følge av sammenslåingen».
Det ligg føre uttale i saka frå fylkesutvalet i Sogn og Fjordane fylkeskommune og
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
Fylkesutvalet «støttar planane om å slå saman Sogn tingrett og Fjordane tingrett til Sogn og
Fjordane tingrett med hovudkontor i Førde. Fylkesutvalet legg til grunn at ei samanslåing
totalt sett vil innebere ei fagleg styrking av dei to noverande domstolane og at det også er
naudsynt for at domstolen skal bli stor nok til å kome med i domstolane sitt
digitaliseringsprogram».
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane ser at modellen kan gje ein domstol som meir fleksibelt
kan setje inn ressursar og kompetanse der det trengst mest. Fylkesmannen kan ikkje sjå at
modellen inneber nemneverdige endringar i tilbodet for brukarar av domstolane og gjev si
fulle støtte til at Sogn og Fjordane tingrett får dra full nytte av alle tilgjengelege digitale
verktøy. Fylkesmannen går elles ut frå at det vert lagt inn som ein klar premiss i det endelege
vedtaket at Nordfjordeid vert oppretthalden som rettsstad og Sogndal som rettsstad og
kontorstad med tilsette dommarar og sakshandsamarar.
Nordfjordrådet har orientert om at saka vil kome på sakslista til møtet den 22. august 2016.
Økonomiske konsekvensar:
Ingen.
Vurdering:
Rådmannen tilrår at Eid kommune gjev følgjande uttale til forslaget om samanslåing av
Fjordane tingrett og Sogn tingrett:
Vi viser til motteke høyringsbrev og høyringsnotat om samanslåing av Fjordane tingrett og
Sogn tingrett til Sogn og Fjordane tingrett. Eid kommune er vertskommune for Nordfjord
tingrett og Nordfjord jordskifterett. Nordfjord tingrett har som kjent eit rettslokale på
Nordfjordeid, der tingretten deler ei sakshandsamar-stilling med Nordfjord jordskifterett.
Av høyringsnotatet går det fram at departementet legg eksisterande organisasjonsstruktur til
grunn for samanslåinga av tingrettane, slik at kontorstadane i Førde og Sogndal og tilbodet på
Nordfjordeid skal oppretthaldast. Det vert opplyst at samanslåinga såleis ikkje vil påverke
reisetida for verken aktørane i retten eller det rettssøkande publikum, men at det ved
samanslåinga ligg til rette for digitalisering og eit godt fagleg miljø, som igjen skal sikre
publikum eit godt og likeverdig domstolstilbod.
Uavhengig den positive argumentasjonen som er lagt til grunn for framlegget om oppretting
av Sogn og Fjordane tingrett, er Eid kommune sitt prinsipale standpunkt at også dette er ei
strukturendring som på sikt vil sentralisera statlege arbeidsplassar i fylket, og svekka tilbodet
til dei perifere brukarane.
Som vertskommune held Eid kommune seg oppdatert om rettsstaden sin situasjon, også
relatert til utviklinga ved dei andre rettsstadene i fylket. Eid kommune registrerer at
justissektoren er under sterkt økonomisk press, noko som er følgt opp av Domstolsadministrasjonen ved å innføre generell stillingsstopp og ved å ta i bruk såkalla
prøveordningar med felles leiing av fleire domstolar.
Dersom føresetnadane om at tingretten sine tilbod skal oppretthaldast i Sogndal og utviklast
vidare på Eid, vil dette vere heilt avhengig av at samarbeidet med jordskifterettane begge
stader får gode vilkår for vidare utvikling. Eid kommune si vurdering er at sikring og
styrking av Indre Sogn jordskifterett og Nordfjord jordskifterett vil vere naudsynt for
forankring av tingretten sine framtidige tilbod.
Med dei vurderingane og føresetnadane Eid kommune har lagt til grunn kan ein unngå
vesentlege negative endringar for brukarane av domstolane og Eid kommune gjev difor si
støtte til samanslåinga av Sogn tingrett og Nordfjord tingrett.
Eid kommune går, som Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, ut frå at det vert lagt inn som ein
klar premiss i det endelege vedtaket at Nordfjordeid vert oppretthalden og utvikla som
rettsstad.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Formannskapet sender høyringsuttale til forslag om samanslåing av Sogn tingrett og Fjordane
tingrett i samsvar med rådmannen si vurdering i saka.
25.08.2016 FORMANNSKAPET
F-103/16 VEDTAK:
Eid kommune sender høyringsuttale til forslag om samanslåing av Sogn tingrett og Fjordane
tingrett i samsvar med rådmannen si vurdering i saka.
Åslaug Krogsæter
-rådmann-
EID KOMMUNE
Møtebok
Styre, utval, komite m.m.
Formannskapet
Kommunestyret
SAKSGANG
Møtedato
25.08.2016
01.09.2016
Avgjerd av: Kommunestyret
Saksbehandler: Ole Starheim
Saksnr
104/16
Arkiv: 024
Objekt:
&10
Saksansv.
OST
OST
Arkivsaknr
16/850
Felles skatteoppkrevjar for Gloppen og Eid
Prenta vedlegg:
 Avtale om felles skatteoppkrevjar for kommunane Gloppen og Eid
 Skatteetatens rutine ved samordning av skatteoppkrevjarar
Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.:
Kommunelova.
Kva saka gjeld:
Godkjenning av avtale om administrativt vertskommunesamarbeid om felles skatteoppkrevjar
mellom kommunane Gloppen og Eid.
Bakgrunn for saka:
Rådmannen i Gloppen kommune tok våren 2016 kontakt med rådmannen i Eid kommune om
å starte samtale om felles skatteoppkrevjarkontor for disse to kommunane. Den 14. juni 2016
hadde disse kommunane felles møte på Nordfjordeid, der rådmennene og dei tilsette ved
begge kommunane sine skatteoppkrevjarkontor deltok. Det vart då semje om å lage
saksutgreiing og avtale for eit felles skatteoppkrevjarkontor for Gloppen og Eid, plassert på
Nordfjordeid, med Eid kommune som vertskommune. Oppstart for felleskontoret er sett til
01.01.2017.
Saksutgreiing:
Skatteoppkrevjarkontora har ansvar for kommunen sin skatterekneskap, innkrevjing av skatt
på person, innkrevjing av skatt og arbeidsgjevaravgift på bedrifter og arbeidsgjevarkontroll
mot bedrifter.
Skatterekneskapen er heilt skilt frå kommunen sin ordinære rekneskap. Alt arbeidet innafor
skatteoppkrevjarkontora er underlagt styring frå Skatteetaten, og arbeidet vert gjort gjennom
felles nasjonal programvare underlagt Skatteetaten. Dette er ikkje kopla mot kommunane sine
øvrige økonomisystem og programvare. Slik sett er skatteoppkrevjarfunksjonen ikkje kopla
mot resten av den kommunale stabstenesta/tenesteytinga, og eignar seg godt for organisering i
felleskontor for fleire kommunar.
Krava til kunnskap innafor skatteområdet, og spesielt arbeidsgjevarkontrollen, vert større og
større. Vi ser at skatteoppkrevjarkontora hos dei mindre kommunane slit med å halde få
tilsette oppdatert på heile breidda i regelverket. Ved fråvær og ferieavvikling er det vanskeleg
å svare på spørsmål frå innbyggjarane og bedriftene, fordi skatteoppkrevjarkontoret til tider
kan vere heilt ubemanna.
Administrativt vertskommunesamarbeid
Samarbeidet om felles skatteoppkrevjar og felles skatteoppkrevjarkontor vil bli eit såkalla
administrativt vertskommune-samarbeid. I vedlagt avtale er Eid kommune vertskommune og
Gloppen kommune er samarbeidskommune.
Vertskommunesamarbeidet er regulert i kommunelova. Felles skatteoppkrevjarkontor vert
ikkje eit eige rettssubjekt, men organisatorisk som ein del av vertskommunen.
Avtalen mellom kommunane Gloppen og Eid er heimla i kommunelova § 28-1b om
administrativt vertskommunesamarbeid, som gjev følgjande reglar for samarbeidet:
«1. En kommune (samarbeidskommune) kan avtale med en annen kommune (vertskommune)
at vertskommunen skal utføre oppgaver og treffe avgjørelser etter delegert myndighet fra
samarbeidskommunen i enkeltsaker eller typer av saker som ikke er av prinsipiell betydning.
2. Bestemmelsen i nr. 1 gjelder tilsvarende for vertskommunesamarbeid mellom
fylkeskommuner.
3. Delegasjon av myndighet som nevnt i nr. 1 skjer ved at kommunestyret eller fylkestinget
selv gir instruks til egen administrasjonssjef om delegasjon til administrasjonssjefen i
vertskommunen.
4. Folkevalgte organer i vertskommunen har ikke instruksjons- eller omgjøringsmyndighet
der delegasjon er skjedd i samsvar med nr. 3.
5. En samarbeidskommune kan gi vertskommunen instruks om utøvelsen av den delegerte
myndighet i saker som alene gjelder samarbeidskommunen eller berørte innbyggere.
6. For vedtak vertskommunen treffer etter delegasjon fra en samarbeidskommune, har
samarbeidskommunen samme omgjøringsmyndighet som etter forvaltningsloven § 35 første
ledd.»
Namnet på samarbeidet blir Skatteoppkrevjaren i Gloppen og Eid, og kontoret skal vere
lokalisert på Nordfjordeid. Skatteetaten har utarbeidd ein rettleiar som kommunane må følgje
ved etablering av felles skatteoppkrevjar. Det skal vedtakast ei samarbeidsavtale mellom
kommunane. Avtalen skal godkjennast av Skatteetaten. Det er dei siste åra etablert mange
slike felles skatteoppkrevjarkontor rundt om i landet.
Føremålet med samarbeidet er å skape eit sterkt fagleg miljø, og eit framtidsretta kontor til
beste for innbyggjarar og bedrifter.
Eid kommune har ved avtaleinngåing 2 årsverk knytt til to stillingar innafor
skatteoppkrevjarkontoret, medan Gloppen kommune har 1,7 årsverk knytt til to stillingar.
Ved samordning av disse to kontora, vil ein få 3,7 årsverk fordelt på fire stillingar. Dette vil
gje ein vesentleg betre kontinuitet innafor kontoret. Den eine tilsette i Gloppen kommune vil
slutte i stillinga pr 31.12.2016 pga overgang til pensjonsavtale. Denne stillinga vil tidleg
hausten 2016 bli lyst ut med kontorstad på Nordfjordeid. Den andre stillinga i Gloppen vil
halde fram med kontorstad på Sandane. Dette vil ivareta publikumsmottak innafor
skattespørsmål.
Det er ikkje lagt opp til noko reduksjon i tal stillingar ved overgang til eit felleskontor.
Derimot kan det vere aktuelt at det nye kontoret etter kvart tek over meir av innkrevjinga på
den kommunale faktureringa, og spesielt det som går på kommunale avgifter og
eigedomsskatt (legalpant). Kontoret vil også vere positive til å kunne ta over heile eller deler
av skatteoppkrevjarfunksjonen frå andre Nordfjordkommunar som eventuelt ynskjer dette.
Men uansett må ein fyrst få etablert felleskontoret for Gloppen og Eid.
Det skal årleg utarbeidast eit budsjett for det felles skatteoppkrevjarkontoret som skal leggast
fram til godkjenning etter vanlege budsjettprosedyrar i begge kommunane. Budsjettet vert sett
opp med alle utgifter og frådrag for gebyrinntekter. Nettoutgifta ved felleskontoret vert
fordelt: Gloppen 50 %, Eid 50 %. Det skal gjerast ei evaluering av fordelingsnøkkelen etter
eitt år.
Oppseiingsfristen mellom partane er eitt år og samarbeidsordninga skal evaluerast årleg i
møte ved utgongen av året. Vertskommunen har ansvar for at slike møter vert arrangert.
Om avtaleprosessen og høyringsrunden
Avtalen er drøfta med fagorganisasjonane og med tilsette ved skatteoppkrevjarkontora i begge
kommunane.
RÅDMANNEN SI TILRÅDING:
Kommunestyret i Eid godkjenner i medhald av kommunelova § 28-1b nr. 1 framlagd avtale
om felles skatteoppkrevjarkontor og felles skatteoppkrevjar for kommunane Gloppen og Eid.
25.08.2016 FORMANNSKAPET
F-104/16 VEDTAK, SOM INNSTILLING TIL KOMMUNESTYRET:
Kommunestyret i Eid godkjenner i medhald av kommunelova § 28-1b nr. 1 framlagd avtale
om felles skatteoppkrevjarkontor og felles skatteoppkrevjar for kommunane Gloppen og Eid.
Åslaug Krogsæter
-rådmann-