September 2016 Side 1 Ringedalen Kraftverk. Status anleggsarbeida. Bygg og anleggsentreprisen. (tunnelar og betongarbeid m m) AF Gruppen Norge AS. Veg til anlegget. Det vil verta sett opp rekkverk på vegen i løpet av September. Vegen vil få ein køyrebane med 4 meters breidde. Det vert laga 2 parkeringsplassar pr hytte langs vegen. Areal utanom veg og parkering vert lagt jord på. Servicebygget ferdig malt. Transport av turbindeler langs vegen. Tunnelarbeid. I tilløpstunnelen held AF sine mannskap på med rensk av tunnelsålen. Det vert først renska med maskin, deretter for hånd og til slutt med spyling med luft og vatn. Dette vert gjort for at det ikkje skal kome stein/slam ned og inn i turbinane når ein startar med vannfylling av tunnelsystemet. Framfor betongproppen er det sprengt eit steinfang som skal fange opp massar dersom det likevel kjem noko. Betongproppar. I betongproppen i røyrtunnelen er det injisert mellom stålrøyr og betong og mellom betong og berg. Når tilløpstunnelen er renska heilt ned kan arbeidet med betongpropp i «by-pass» tunnelen starta. Stasjon, betongarbeid. Røynstrand Entreprenør er så godt som ferdig med betongarbeida i stasjonen. Stasjon, andre arbeid. Tak og vegger i stasjonshall er malte. Servisebygget er også malt utvendig og innvendig. Framover vil det verta snikkararbeid, VVS, ventilasjon og elektro. Foldeport er montert. Stasjon EL/mek montasje. Andritz Hydro har montert kuleventilar, tilløpsrøyr og turbinhus. Turbinhjul, utstyr til turbin, generatorane med til høyrande utstyr er kome på plass i maskinsalen. Montasje av første generator startar i desse dagar. Frå montasjen i stasjonen. Transport av store komponentar.. Det har i sommar vorte mange transportar med store, tunge kolli til Ringedalen. Dette har gått heilt utan problem til tross for den store trafikken som er på vegen opp til Ringedal. Dette er takka vere god planlegging og flinke transportørar. Statkraft gjorde på førehand ein jobb med å pigge bort ein bergknatt på Åsensida av Ringedalsdammen. Det var den svingen som var største problemet på transportvegen. September 2016 2016Side 2 Ringedalen Kraftverk. Status anleggsarbeida. Inntaket / Trykksjakt. Kolonne over Ringedalsdammen . Gjennomboring på toppen. Sjakta vart gjennombora 24.07.16. Deretter vart overskotsmassane på inntaket slept ned sjakta til enden av tilløpstunnelen og frakta ut på tippen. Inntaket, betongarbeid Vegger på lukehus er støypt, taket gjenstår. Første seksjon av dam er støypt. Seksjon 2 vert truleg støypt denne veka. Deretter må Mosdalsbekken leggast om og inn i tappeløpet. Så kan arbeidet med dei 2 siste seksjonane starte. Siste kontainer klar for rygging inn til stasjon. Inntaket. Dam og lukehus. Oversikt inntaket. Inntaket. Montasje Andritz. Andritz Hydro har montert tappe- og inntaksluke og Hydraulikkutstyr til desse. Spørsmål om anleggsarbeida kan rettast til: Byggeleiar Magne Mo tlf. 954 41869. Epost: Magne.Mo@statkraft.com Planlagt ny info i oktober /november 2016.
© Copyright 2024