Lom kommune Midtgard 2686 LOM Dykkar referanse Vår referanse Sakshandsamar Avdeling 2016/1931468 2016/2513-7 552.1 MRU Mette Rundsveen, tlf. 61 26 60 42 Samordnings- og beredskapsstaben Dato 30.08.2016 Svar på søknad om godkjenning av Fossbergom i Lom kommune som typisk turiststad på heilårsbasis Konklusjon Fylkesmannen avslår søknaden om godkjenning av Fossbergom som typisk turiststad heile året. Bakgrunn for saka Fylkesmannen viser til søknad motteke her den 04. april 2016. Lom kommune vedtok den 22. mars 2016 å søke Fylkesmannen om godkjenning av Fossbergom som typisk turiststad på heilårsbasis, jf. lov om helligdager og helligdagsfred av 24. feberuar 1995 nr. 12 (helligdagsfredloven) § 5 sjette ledd. Formannskapet i Lom kommune fatta følgjande vedtak: «Lom kommune søkjer med heimel i Lov om helligdager og helligdagsfred § 5 om å få godkjent Fossbergom som typisk turiststad på heilårsbasis. Næringslivet på Fossbergom stiller seg bak dette. Fossbergom oppfyller kriteria for ordninga, basert på følgjande: - Talet på faste innbyggjarar (omkring 2300) er låg sett opp mot talet på besøkjande i løpet av året (174 000 gjestedøgn i 2015, i tillegg til dagstrafikk). Sjølve Fossbergom har berre 800 innbyggjarar. Dei næringsdrivande er avhengige av turistsesongane, da kundegrunnlaget er for lite til at dei kan overleve av sal til fastbuande. Lom har eit «merkenamn» som turiststad, på lik linje som t.d. Beitostølen, Oppdal og Røros. Alle desse har status som turiststad på heilårsbasis. I seinare tid har det vore ei større satsing på vinter og vår, i tillegg til auka etterspørsel på hausten. Dette betyr at ein i større grad kan klare å utnytte sesongane for å oppretthalde og utvikle dagens tilbod, i tillegg til å skape heilårsarbeidsplassar. Samrøystes.» Fossbergom har per i dag status som typisk turiststad i perioden 15. mai – 15. september fastsett i forskrift av 30. juni 1999. Besøksadresse: Gudbrandsdalsvegen 186, 2619 Lillehammer Postadresse: Postboks 987, 2604 Lillehammer Telefon: 61 26 60 00 Telefaks: 61 26 61 67 E-post: fmoppost@fylkesmannen.no Org.nr: 970 350 934 www.fylkesmannen.no/oppland Søknaden har vært på høyring hos Handel og kontor Region Indre Østland, Arbeidstilsynet Indre Østland, NHO Innlandet, Lom lensmannskontor og Lom kommune. Det har berre kommi høyringssvar frå Handel og kontor Indre Østland, og dei meiner at søknaden ikkje kan tas til følgje. Dei viser mellom anna til at det ikkje er dokumentert at salet i dei aktuelle periodane hovudsakleg skjer til turistar. Vidare er det nemnd at butikkane ikkje nytta seg av moglegheita dei allereie i dag har til å halde ope, mellom anna i pinsen og etterfølgjande helg førre år, og at dette tyder på at behovet for å halde ope ikkje er til stades. Fylkesmannen ser slik på saka Fylkesmannen har mynde til å fastsette i forskrift at eit område skal reknast som typisk turiststad. Dette følgjer av helligdagsfredloven § 5 sjette ledd som lyder som følgjer: «Fylkesmannen kan etter søknad fra kommunen ved forskrift bestemme at et område skal regnes som typisk turiststed, se annet ledd nr. 4, for hele året eller deler av året. Som typisk turiststed kan bare regnes område der salget i de aktuelle periodene hovedsakelig skjer til turister.» I forarbeida til føresegna, Ot.prp. nr. 11 (2002-2003) side 8, står følgjande om korleis føresegna skal praktiserast: «Med typiske turiststader er i første rekkje meint mindre stader der salet i periodar hovudsakleg skjer til turistar. Det er her tenkt på stader der dei faste innbyggjarane er få i forhold til talet på tilreisande/besøkjande i løpet av året, eksempelvis stader som Beitostølen, Geiranger, Geilo og Lyngør. Ein typisk turiststad treng ikkje omfatte heile kommunen. Ein typisk turiststad er dessutan kjenneteikna ved at dei næringsdrivande ofte er avhengige av turistsesongane, da kundegrunnlaget er for lite til at dei kan overleve av sal til fastbuande. Også utsalsstader i mange byar og på større stader kan oppleve omsetningsauke i turistsesongen, men denne auken kan neppe seiast å vere så vesentleg at han kan danne grunngivinga for å gi løyve til søn- og helgedagsope. Det er vidare eit vilkår at salet i periodar hovudsakleg skjer til turistar, jf. § 5 sjette ledd. Kor lang denne perioden må vere, og kor stor del av omsetninga som må skje til turistar i denne perioden, må avgjerast konkret i kvart enkelt tilfelle.» Kommunen har i søknaden vist til at det er reiseliv- og handelsstanden i Lom som ynskjer at gjeldande tidsavgrensing skal burt, slik at Fossbergom får status som typisk turiststad på heilårsbasis. Utover dei grunnane som kjem fram i sjølve vedtaket, har kommunen uttalt at det vil vere med å styrke satsinga på Fossbergom som turiststad også utanom høgsesongen, dersom det blir mogleg å halde søndagsope. Vidare er det opplyst at det er overnattingar i Fossbergom og på vinterstid, men at dei ikkje kjem fram på hotellstatistikken, når det er berre eit eller to hotell som er ope. Det er opplyst at det er tre overnattingsplassar i Fossbergom, men at berre to av dei har ope stort sett på heilårsbasis. Fylkesmannen har vurdert søknaden opp i mot vilkåra i lova. Det følgjer av forarbeida til helligdagsfredloven at hovudformålet med lova er å verne om den alminnelige fred på heilagdagar. Lova sett som vilkår for å få status som typisk turiststad at «salget i de aktuelle periodene hovedsakelig skjer til turister». Fylkesmannen kan ikkje sjå at det er sannsynleggjort at dette er tilfelle i Fossbergom haust, vinter og vår. I søknaden er det vist til at talet på faste innbyggjarar er lågt sett opp i mot talet på besøkande i løpet av året. Vi ser at dette er eit moment som talar for å gje status som typisk turiststad, men det seiest ikkje noko om når turistane besøkjer Fossbergom eller om det er slik at salet hovudsakeleg skjer til turistar året rundt. På bakgrunn av andre opplysningar i søknaden om at fleire overnattingsstadar er vinterstengt og at det er langt færre overnattingar på vinterstid, legg Fylkesmannen til grunn at det ikkje er sannsynleggjort at salet hovudsakelag skjer til turistar utover sommarsesongen. Vi syner i den samanheng og til Handel og kontor si uttale, der dei nemner at Fossbergom ikkje nytta moglegheita til å halde ope etter gjeldande forskrift i pinsen eller 2 helga etter førre året, og at fleire butikkar/hotell/overnattingsstader held vinterstengt eller har redusert opningstid. Fylkesmannen ser ikkje at det at det er ein jamn straum med folk som køyrer gjennom Lom året rundt, er et argument for å få status som typisk turiststad. Det er forståeleg at kommunen ønskjer å leggje til rette for næringsutvikling og ønskjer å utvide turistsesongen, men Fylkesmannen kan ikkje sjå at vilkåra for å vere typisk turiststed per i dag er oppfylt. Kommunen samanliknar Fossbergom med til dømes Beitostølen, Oppdal og Røros, som har status som typisk turiststad på heilårsbasis. Felles for alle desse stadane er at dei har høgsesong om vinteren, i motsetnad til Fossbergom. Sjølv om Lom har eit merkenamn som turistdestinasjon, er ikkje dette tilstrekkeleg til å utgjere ein typisk turiststad etter helligdagsfredloven. Fylkesmannen har etter ei konkret og samla vurdering kome fram til at Fossbergom i Lom kommune ikkje oppfyller vilkåra for å få status som typisk turiststad heile året etter helligdagsfredloven § 5 andre ledd nr. 4 jf. sjette ledd. Fylkesmannen vil avslutningsvis nemne at vi ikkje har vurdert utviding av perioden med godkjenning som typisk turiststad på vår eller haust, det er heile året som er vurdert, jf. søknaden. Dersom kommunen meiner at det er grunnlag for utviding, må det sannsynleggjerast at vilkåra er oppfylt for dei aktuelle tidsromma. Det har ikkje vore mogleg for Fylkesmannen å ta stilling til dette alternativet på bakgrunn av opplysningane i søknaden. Fylkesmannen vil og informere om at det er mogleg å søke Fylkesmannen om dispensasjon frå forbodet mot søndagsopne butikkar, mellom anna ved større hendingar, jf. helligdagsfredloven § 5 sjuande ledd. I forarbeida, Ot.prp. nr. 11 (2002-2003) side 10, er følgjande sagt om føresegna: «Større hendingar, som idrettsmeisterskap, jubileum, stemne, marknader og liknande, og som vedkjem heile eller store delar av ein kommune eller eit distrikt, vil kunne danne grunnlag for dispensasjon. Det same gjeld periodisk tilbakevendande hendingar, som anløp av turistskip og årlege fiskeri, og som har stor næringsmessig betydning for ein kommune eller eit distrikt.» Spørsmålet om det skal gis dispensasjon må underlegges en helhetsvurdering, der alle aktuelle interesser er relevante.» Ein slik dispensasjon vil vere tidsavgrensa. Vedtak Fylkesmannen avslår søknaden frå Lom kommunen om å godkjenne Fossbergom som typisk turiststad heile året da vilkåra i loven ikkje vurderast å vere oppfylt, jf. helligdagsfredloven § 5 andre ledd nr. 4 jf. sjette ledd. Avgjerda er ikkje eit enkeltvedtak og kan ikkje klagast på. Med helsing Sigurd Tremoen Asbjørn Lund stabssjef Etter våre rutinar er dette brevet godkjent og sendt utan underskrift. 3 4
© Copyright 2024