PDF, 182 kB - Stryn kommune

Invitasjon til dialogmøte
Læringsplattform
NORDFJORDKOMMUNANE
Nordfjord, 12. september 2016
Bakgrunn
Dei sju Nordfjordkommunane Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Selje, Stryn og Vågsøy
har gjennom fleire år hatt eit fruktbart og godt samarbeid innanfor IKT. Kommunane har
vedteke felles digitaliseringsstrategi, IKT-strategi og teikna bindande samarbeidsavtalar for
utvikling av fibernett og tenester. Strategiarbeidet skal sikre god effekt av
Nordfjordkommunane sin bruk av IKT i tenesteytinga.
Oppvekst og utdanning i Nordfjord har eit sterkt og godt regionalt samarbeid som har
eksistert over lengre tid, og har hatt mange felles satsingar innan IKT og oppvekst.
Læringsplattforma som Nordfjordkommunane har nytta dei siste åra, er no blitt fasa ut av
leverandør, og kommunane må difor gå til anskaffing av ny løysing.
Visjonen til oppvekst og utdanning i Nordfjord kva gjeld IKT, er grunnpilaren for satsing på
IKT i sektoren:
«IKT skal vere ein naturleg del av arbeidet i skular og barnehagar i Nordfjord, og skal
fremje læring, undervisning, kommunikasjon og samarbeid.»
IKT i skule og barnehage er meir enn bruk av digitale læremiddel. Det famnar også bruk av
ulike digitale verktøy og tenester, og digitale ressursar som ikkje nødvendigvis er utvikla til
læringsføremål (til dømes oppslagsverk, videoklipp, nettaviser og bloggar).
Gjennom denne invitasjonen ynskjer vi:
-
-
Å lære meir om kva som finst i marknaden og dei trendar som er rundt
læringsplattform, slik vi kan bli i stand til å utarbeide eit godt og framtidsretta
konkurransegrunnlag for anskaffing av læringsplattform for barnehage og skule i
Nordfjordkommunane.
Auke interesse, kjennskap og forståing blant potensielle leverandørar for
Nordfjordkommunane sine behov innanfor dette området, slik at vi igjennom dialog
kan komme fram til gode løysningar som i størst mogeleg grad støttar opp under
visjonen til sektoren.
Målsetting
Prosjektet sitt mål å er å kjøpe inn ny læringsplattform som skal dekkje kommunane sitt
novarande og framtidige behov, med god forankring ute i kommunane.
Prosjektet er forankra hjå Kommunalsjefnettverket for oppvekst, og godkjent av
Rådmannsgruppa.
Nordfjordkommunane skal gå til anskaffing av ny læringsplattform gjennom utlysning på
Doffin som open anbodskonkurranse.
Prosjektet skal levere kurs og anna opplæring til dei tilsette i kommunane, slik alle får
naudsynt kompetanse til å kunne bruke IKT-verktøya i sitt virke. Tilstrekkelig opplæring vil
vere svært avgjerande for gevinstrealisering etter at prosjektet er avslutta.
Gjennomføring
For å sikre omsynet til likebehandling, gjennomsiktighet og føreseielegheit i prosessen, vert
invitasjonen lyst ut på Doffin som ei rettleiande kunngjering. Deltaking på dialogmøtet
og svar på denne invitasjonen vil ikkje forplikte nokon av partane i samband med ei planlagt
påfølgjande anskaffing.
Formålet med dialogmøtet er å få innspel frå leverandørar på korleis
Nordfjordkommunane kan nå målsettingane på ein best muleg måte.
På bakgrunn av dette opne dialogmøtet, vert leverandørar invitert til å komme med idéar og
forslag til korleis vi kan løyse behova våre best muleg. Målet er å få best muleg kunnskap til
utlysinga på Doffin.
Det er ynskjeleg at tilbakemeldingane dykkar er på eit overordna og mest muleg funksjonelt
nivå. Dei som ynskjer å presentere løysingsforslaga sine i ein-til-ein-møte, blir bedne om å
sende inn ei skriftleg skildring på maksimum 4 sider. Ein-til-ein-møta blir haldne den 6.
oktober etter dialogmøtet, og dagen etter (7. okt.).
Tidsplan
Dato / tid Tema for møtet:
06.10.16 Dialogmøte
12.09.16 Utlysing av invitasjon på Doffin
30.09.16 Frist for påmelding til dialogmøtet
Frist for innsending av skriftleg skildring, og påmelding ein-til-ein-møte
06.10.16 Dialogmøte og ein-til-ein-møte
07.10.16 Ein-til-ein-møte
24.10.16 Kunngjering av konkurranse på Doffin
Med atterhald om at vi får inn tilstrekkelege løysningsforslag som vi ser vil dekke
Nordfjordkommunane sitt behov, vil vi gjennomføre anskaffinga med ein intensjon om
produksjonsstart av ny læringsplattform januar/februar 2017. Konkurransen med
framdriftsplan vil bli publisert på DOFFIN 24.10.2016.
Dialogmøte
Program for dagen
Dato: 6. oktober 2016
Stad: Operahuset, Nordfjordeid
Tid skildring:
09.30 – 10.00 Registrering & kaffi
10.00 – 10.15 Velkommen. Mål for dagen.
10.15 -- 10.30 Om Nasjonalt program for leverandørutvikling v/NHO
10.30 – 11.15 Nordfjord presenterer overordna behov knytt til LMS-løysing.
11.15 – 12.00 Leverandørdialog i plenum: spørsmål og svar.
12:00 – 13.00 Lunsj: Leverandørane har høve til å snakke saman.
13.00 – 15.30 Ein-til-ein-møte etter avtale.
Påmelding
Frist for påmelding er 30.09.2016
For påmelding og spørsmål til konferansen blir å kontakte:
Bård Fløde
Utviklingskoordinator oppvekst Nordfjord
bard.flode@selje.kommune.no
Mob: 90658676
Prosjektet ber om at det i påmeldinga blir opplyst om:
• Namn
• Firma
• Kontaktinformasjon (mobil og e-postadresse).
• Kor mange deltakarar som kjem.