Finnøy kommune Kommunestyret Tilleggsinnkalling Møtedato: Møtestad: Møtetid: 14.12.2016 Biblioteksalen Kl. 15:00 Utvalsmedlemene vert med dette kalla inn til møte. Varamedlemene møter berre etter særskilt innkalling. Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melda frå så snart råd er på tlf. 51 71 47 00 eller på e-post: politisk.sekretariat@finnoy.kommune.no Ryfylke næringshage presenterer 'Grendalaga som utviklingskraft' i byrjinga av møtet. Det vert servering av graut og innspel frå Finnøy kultur- og musikkskule kl. 14.30. Finnøy 13.12.2016 Henrik Halleland ordførar Randi-Merete Lode politisk sekretær Sakliste Sak nr. 090/16 Saktittel Finansiering av investeringar i rekneskapen for 2016 Side 2 av 3 Saksframlegg Sakshandsamar Arkiv JournalpostID Siv Ragnhild Bjerga K1 - 151 16/9007 Saksnr 090/16 Utval Kommunestyret Dato 14.12.2016 Finansiering av investeringar i rekneskapen for 2016 Forslag til vedtak frå rådmannen: Kommunestyret gjer vedtak om at investeringar i rekneskapen for 2016 blir finansiert ved ubrukt innlånt kapital, ubundne kapitalfond eller disposisjonsfond. Finnøy 12.12.2016 Helene M. Ohm rådmann Saksopplysningar I budsjettvedtaket for 2016, KS-080/15, vart det lagt til grunn at investeringar i 2016 i tråd med økonomiplan, i tillegg til kapital ved sal av eigedom, skulle finansierast ved låneopptak inntil 55 mill. kroner. Her framgår ikkje at kan nytta ubundne kapitalfond eller disposisjonsfond, det er eit krav at dette skal framgå positivt om fond skal kunne nyttast til finansiering av investeringar. Det er dessutan ein krav at slikt vedtak må gjerast i løpet av driftsåret, det vil sei innan 31.12.2016. Vurdering Rådmannen syner til årsrapporten for Finnøy kommune for 2015 der det framgår at ein har ubundne kapitalfond og disposisjonsfond. Desse fonda kan nyttast til finansiering av investeringar, dette i tillegg til ubrukt innlånt kapital. Ved denne løysinga vil ein ikkje ha trong for å ta opp nye lån, ein nyttar eigenkapital til finansiering av investeringar. Konklusjon Rådmannen vurderer det som den beste løysinga for Finnøy kommune i rekneskapsåret 2016 at investeringar blir finansiert ved ubrukt innlånt kapital, ubundne kapitalfond eller disposisjonsfond. Side 3 av 3
© Copyright 2024