Side 1 av 2 Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Sakshandsamar: Per Olav Bøyum E- post: Per. Olav. Boyum@sfj.no Tlf . : 57638134 Vår ref. Sak nr.: 17 / 78 - 1 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Bente Øien Hauge Internt l.nr. 359 / 17 Dykkar ref. Dato LEIKANGER , 04.01.2017 Lærdal SV Hei Som avtalt sender eg dei første spora eg fann om Lærdal SV. Kanskje er det meir rett å tale om dei første spora av lærdøler i SV, for nøyaktig kor tid lokallaget vart skipa har eg ikkje funne ut av. Inter im s styret og pressemeldinga du nemner kan eg ikkje sjå ligg arkivert i materialet frå Sogn og Fjordane SV. Anne Sofie Ljøsne fann eg derimot fleire dokument på. Det tidlegaste sporet er frå ei liste til fylkestingsvalet i 1979 (sjå vedlegg « Fylkestingsvalet 1979.pdf ») . Opplysingane om kor tid eit lokall ag i Lærdal var i gang ser ikkje ut til å vere heilt samstemt e . I ei medlemsmelding frå november 1985 står det følgjande: «Anne Sofie Ljøsne dreiv valkamp med utsending av materiell og partimarkering i Lærdal utan å ha noko organisert lokallag i ryggen» (s jå vedlegg « Medlemsmelding 1985.pdf ») . Det var i samband med stortingsvalet i 1985. I 1984 vert det opplyst i eit rund skriv at Lærdal er utan lokallag, og året etter er Lærdal ført opp som eit « laglaust strok » (sjå vedlegg « Oversikt 1985.pdf » ) . Konklusj onen burde då bli at det ikkje fanst eit lokallag av SV i bygda i åra 1984 - 85, men i eit landsoversyn står likevel Lærdal oppført med eit lokallag i 1984 (sjå vedlegg « Medlemsverving 1984.pdf »). I eit anna dokument, som rett nok ikkje er datert, men som lå g arkivert ilag med skriv frå 1985, er òg Lærdal oppført med eit lokallag (sjå vedlegg « Liste over lokallag 1985.pdf »). No må eg vedgå at eg såg raskt gjennom materialet, så eg kan ha oversett noko. Arkivet frå Sogn og Fjordane SV er etter måten stort. Vedlegga får du tilsendt på Filemail. Med helsing Per Olav Bøyum Arkivar - privatarkiv Brevet er elektronisk godkje nt og er utan underskrift Vedlegg: Besøk sadresse : Postadresse : Fylkeshuset Askedalen 2 6863 LEIKANGER E- post: post@sfj.no Heimeside: www.fylkesarkiv.no Telefon: 57638000 Bankgiro: 4212 02 02000 Org.nr : NO 941 388 841 MVA Side 2 av 2 Mottakar (ar) Bente Øien Hauge Kopi til:
© Copyright 2024