Oppdr.nr. 16061 03.01.2017 Til: Offentlege høyringsinstansar, grunneigarar, naboar, organisasjonar OPPSTARTSVARSEL FOR REGULERINGSENDRING GRØNVIK, HJELMELAND KOMMUNE. I tråd med §§ 12-3 og 12-8 i plan- og bygningslova, vert det varsla at Kon-Sul AS skal utarbeida framlegg til reguleringsendring på vegne av Grønvik gard. Føremålet med reguleringsendringa Føremålet med reguleringsendringa er å endre område for fritids- og turistføremål til ordinære fritidsbustadar. Området med dette føremål er fult utbygd, og reguleringsendringa vil ikkje gje rom for nye eller utvida byggetiltak. Planområde – kommuneplan Avgrensing av planområdet går fram av vedlagt varslingskart. Endringa omfattar berre føremål som i dag er regulert til fritids- og turistføremål, som omfattar om lag 7 daa. Planområdet ligg på eigedommen gnr. 85 bnr. 2. I kommuneplan er området synt som område der reguleringsplan fortsatt skal gjelde, med føremåla fritidsbusetnad. Tilkomstveg / Konsekvensutgreiing Tilkomst vil vere slik som i dag. Det er ikkje sett krav til konsekvensutgreiing. Merknader Vi bed om at ev. merknader til oppstartsvarslinga vert sendt til: Kon-Sul AS, Lagarhusvegen 5, 4230 Sand, innan 06.02.2017. Merknader kan òg sendast pr. e-post til iv@kon-sul.no innan same dato. Etter denne dato vert sjølve planframlegget ferdigstilt og sendt til kommunen for handsaming. Varslingsbrev og kart vert lagt ut på heimesidene til Hjelmeland kommune, (www.hjelmeland.kommune.no) og Kon-Sul AS si heimeside ( www.kon-sul.no ) Med helsing Kon-Sul AS Ingunn Varanes-Meland DAGLEG LEIAR Vedlegg: Varslingskart Kopi tiltakshavar: Grønvik gard v/ Elisabeth Grønvik Kon-Sul AS Organisasjonsnummer: NO 942 079 400 MVA Postadresse: Lagarhusvegen 5 4230 Sand T: 52 79 00 70 post@kon-sul.no www.kon-sul.no
© Copyright 2024