Påmeldingsskriv 2017

Spele fotball i 2017?
Då er nok ein flott fotballsesong ferdig med mange kjekke stunder på eit heilt nytt
kunstgrasanlegg. Det er no på tide å tenke på sesongen 2017. Vi treng raskt svar for å kunne
setje saman lag for påmelding til kretsen.
Alle som vil vere med og spele fotball i sesongen 2017 (både nye og gamle), melder seg på epost innan søndag 8. januar. Når påmeldingane er registrert, startar arbeidet med
samansetting av lag ut frå kor mange som har meldt seg på i kvart alderstrinn. Dersom
nokon foreldre/føresette kan tenkje seg å vere trenar eller lagleiar, tar vi gjerne i mot
melding om det.
Påmeldinga skal minimum innehalde følgjande informasjon:
1.
2.
3.
4.
5.
6.
Namn (fornamn og etternamn)
Fødselsdato (dato+mnd+år)
Postadresse
E-postadresse
Telefonnr.
Namn på føresette
Påmelding skjer på e-post til styreleiar Torkjell Døving: todoevi@online.no
Frist: SEINAST 8. JANUAR
Mvh Styret i fotballgruppa i Valldal IL