KOMMUNESEKTORENS ORGANISASJON The Norwegian Association of Local and Regional Authorities Kommunal- og moderniseringsdepartementet - KMD Postboks 8112 Dep 0032 OSLO Vår referanse: Arkivkode: Saksbehandlar: Deres referanse: Dato: 10/01209-14 X00 &00 Gjertrud Strand Sanderød 16/4725-2 12.01.2017 Høyring - Endringar i valforskrifta KS har ingen merknader til høyringa. Sjå vedlegg. Med hilsen Lasse Hansen Helge Eide Vedlegg KS Besøksadr.: Haakon VIIs gate 9 Postadr.: Postboks 1378, Vika, 0114 Oslo Nettside: www.ks.no E-post: ks@ks.no Telefon: +47 24 13 26 00 Org.nr.: 971 032 146 Bankgiro: 8200.01.65189 Iban: NO63 82000165189 Vedlegg Høyringsuttale: Endringar i valforskrifta Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) sende 06.12.16 ut eit høringsnotat med forslag om enkelte endringar i valforskrifta. Endringane som er føreslått gjeld først og fremst elektronisk avkryssing i manntall, seint innkomne forhandstemmer og utforming av stemmesetlane. Elektronisk avkryssing i manntalet på valdagen Elektronisk avkryssing inneberer at veljarane kryssast av i eit felles elektronisk manntall, som erstattar papirmanntalet kommunar tidlegare har nytta til avkryssing på valting. Ved gjennomføring av valet med elektronisk manntal er ein sårbar for strømbrot og/eller kommunikasjonsbrot. Derfor føreslåast ein ny § 31 a i valforskrifta som er ei rein beredskapsrutine ved stemmegjevinga. Dersom det oppstår strømbrot skal ikkje veljaren leggje stemmesetelen direkte i urna, men i ei egen beredskapskonvolutt, jf. valloven § 9-5a (4), og veljaren skal deretter leggje beredskapskonvolutten i ei urne jf. ny § 31 a (2) i valforskrifta. Denne beredskapskonvolutten skal skilje seg klart ut frå valmateriellet elles. Når beredskapssituasjonen tek slutt skal beredskapskonvoluttane leverast valstyret for godkjenning. I dei føreslåtte endringane presiserast det at veljaren legg beredskapskonvolutten i ei urne (§ 31 a (2)). I dag er det mange kommunar som praktiserer å leggje beredskapsstemmer «til sides», og ikkje i ei urne. Her reknar ein med at departementet ynskjer at alle stemmene skal leggjast i ei urne av omsyn til hemmeleg val. KS har ingen merknader til dette. For seint innkomne førehandsstemmer Stortinget vedtok 13. juni 2016 å flytte fristen for godkjenning av førehandsstemmer frå valdagen kl. 21.00 til tysdag etter valdagen kl. 17.00. Som ein konsekvens av denne endringa vart også fristen for å søkje seg inn i manntalet flytta tilsvarande, og det følgjande endrast i valforskrifta § 2 som inneheld ei føresegn om oppdatering av manntalet. Dei føreslåtte endringane er ikkje omfattande, men berre for å presisere dei ulike fristane som gjeld for valstyret i kommunen. KS har ingen merknader til dette. Stemmesetler Valforskrifta § 19 omhandlar krav til utforming av stemmesetelen, mellom anna farge og storleik på stemmesetelen, og tekst og krav til rettleiing og stempelfelt på stemmesetelen. KMD har motteke gode innspel til stemmesetelen sin utsjånad og funksjonalitet, og vil berre føreslå endringar om plasseringa av stempelfeltet på stemmesetelen. Det ble gjeve fleire innspel etter kommune- og fylkestingsvalet i 2015, til dømes at stempelfeltet på stemmesetelen, som er plassert midt på stemmesetelen, gjer det mulig for valfunksjonærar å sjå kva liste veljaren har stemt på. Dette inneberer at valfunksjonæren må «kjenne til» dei ulike namna på dei ulike listene, noko som ikkje er urealistisk i små kommunar. Dette bryt med prinsippet om hemmeleg val. Dei nye endringane i valforskrifta om krav til stemmesetlar inneberer at stempelfeltet vert plassert høgare opp og noko mindre. Dette sikrar prinsippet om hemmeleg val. Endringane dreier seg i hovudsak om produksjonen av stemmesetlane, og er av veldig teknisk art. KS har ingen kommentarar til dette. KS oppfattar at høringsendringane er i tråd med tilbakemeldingar frå kommunar og fylkeskommunar ved gjennomføringa av kommune- og fylkestingsvalet i 2015. KS har difor ingen merknader til høyringa.
© Copyright 2024