Samarbeidsavtale mellom Suldal IL og Vinjar skule Avtale om lån av gymsalen kvardagar før kl 17.00 og helger skal avtalast med vaktmeister v/Vinjar skule (40406321), eller rektor (52790900). Avtale om lån av gymsalen på kvardagar mellom kl 17.00 og kl 22.00 skal avtalast med Suldal IL E-post: leiar@suldal-il.no All trening skal vera avslutta kl 22.00. All bruk utover denne tida må avtalast med utleigar. Trening må vika for andre arrangement. Det skal ALLTID vera ein ansvarleg vaksen (over 18 år) til stades under trening i gymsalen. Dersom det er nokon som har nøklar til gymsalen, og som ikkje lenger er trenar, skal nøklane leverast til Vinjar skule v/vaktmeister. Nøklar til gymsalen skal ikkje lånast ut til personar under 18 år, og det er personen som låner vekk som er ansvarleg for nøkkelen. Skulen ønskjer at låning/kvittering ut av nøklar skal skje i opningstida til skulen. Reglar for bruk av gymsalen elles heng på oppslagstavla i Foajèen. Vinjar skule, 18.01. 2017
© Copyright 2024