Velkommen til medarbeidarsamling og årsmøte

ÅRSMØTE 2017
Velkommen til medarbeidarsamling og årsmøte
i Rogaland Husflidslag 2017
Tid:
Stad:
Laurdag 11. mars og søndag 12. mars 2017
Ryfylke Fjordhotell, Sand
Frist påmelding:
15. februar 2017
Vedlagt finn de:
- Tidsplan for medarbeidarsamling og årsmøte
- Reiseruter og rutetabell for hurtigbåt
- Skjema for påmelding
- Omtale av kurs og anna program
- Invitasjon til Jubileumskveld i Finnøy Husflidslag (fredag 10. mars)
Me arbeider med å ferdigstilla årsmøtesaker, som blir sendt ut i god tid før årsmøtet:
- Endeleg innkalling
- Sakliste
- Årsmelding 2016
- Rekneskap 2016
- Kontingentfordeling 2017
- Budsjett 2017
- Godtgjering styret 2018
- Arbeidsprogram 2017
- Valnemnda si innstilling
Men vennleg helsing
Rogaland Husflidslag
Anne Margrethe Myhre
Sekretær/kasserar
Rogaland Husflidslag | Postboks 98 | 4001 Stavanger | mob. 976 77 893 | Org.nr. 971 340 045 | roghusfl@online.no | www.husflid.no/rogaland
ÅRSMØTE 2017
MEDARBEIDARSAMLING OG ÅRSMØTE 2017 - TIDSPLAN
Fredag 10. mars
17.30 - 21.00
Markering 30 års jubileum - Finnøy HL på Fogn
(sjå eige skriv)
Laurdag 11. mars Medarbeidarsamling, Sand i Suldal
09.00 - 11.00
11.00 - 12.30
12.30 - 13.30
13.30 - 15.30
15.30 - 15.45
15.45 - 17.45
17.45 - 19.30
19.30 -
Kurs
2jinter Ope møte + utstilling/salg
Lunsj
Tur
Ung Husflid / Ryfylkemuseet
Kaffi
Kurs forts.
Pause - fri
Festmiddag
Søndag 12. mars Årsmøte
09.00 - 10.00
10.00 - 10.10
10.10 - 13.00
13.00 - 14.00
Tema: Er me for trauste?
Ordføraren i Suldal ønskjer velkommen
Årsmøte
Lunsj
ALLE VEGAR FØRER TIL SAND!
Kjem du med bil frå Stavanger/
Jæren/sørifrå, kan du velja mellom 2
ulike reiseruter. Ryfylkevegen RV13
via Tau / Hjelmeland, eller E39 til
Aksdal, E134 til Ølen og så FV46 og
FV690 til Sand.
Kjem du frå Haugalandet, vel du E134
til Ølen og FV46 og FV690 vidare til
Sand.
Hugs at det ikkje går ferje lenger
mellom Ropeid og Sand, men de må
følgja fjorden litt utover att til den nye
fine brua vår!
Kjem du med hurtigbåt frå Stavanger
eller Ryfylkeøyane, vel du rute 510
Sand-Sauda-ruten frå Fiskepiren.
Rutetider på neste side.
Kryss for gruppebillett, eller husk
plassbestilling!
Velkommen til SAND perlå i Ryfylke!
2jinter
«Om å lage kjoler av glede og gamle strikkeklær»
laurdag 11. mars kl. 11.00
på Ryfylke Fjordhotel
Inng.penger: 100 kr.
Deltakarane på Rogaland Husflidslag si samling går gratis.
Alle interesserte er hjarteleg velkomne!
MEDARBEIDARSAMLING OG ÅRSMØTE - 11. - 12. MARS 2017 - UTFLUKTER
Sidan me er ganske mange, så deler me gruppa i to. Halvparten besøker Ung Husflid
på Arbeidsskulen på Eide, medan andre halvparten besøker Ryfylkemuseet med
bygningshandverkar Sven Hoftun. Etter ein times tid, byter me, slik at alle får med
seg alt.
UNG HUSFLID:
Suldal Husflidslag si gruppe Ung Husflid held til på Arbeidsskulen på Eide. Der
møtest eit trettital unge mellom 10 og 14 år to gonger i månaden. Her kan dei få
arbeida med symaskin, trearbeid, strikking og knivlaging.
RYFYLKEMUSEET:
Me får også besøka Ryfylkemuseet sin handverkarverkstad der
museumshandverkarane arbeider med
tradisjonshandverk. Sven Hoftun vil fortelja oss om
korleis dei arbeidar for å finna spor etter det gamle
handverket og dei verktøya som har blitt brukte. Dei har
sjølvlaga verktøy som høvlar og sager og kopi av ein
skottbenk (gamaldags høvelbenk).
Dei driv rett og slett godt raudliste-arbeid.
MEDARBEIDARSAMLING, laurdag 11. mars 2017
MEDARBEIDARSAMLING: KURS
Generelt:
Velg eit kurs du ønskjer å delta på og skriv nummeret inn på påmeldingsskjemaet.
Skriv eit alternativt kurs i parentes, viss det første blir fullbooka.
Kursavgift: 100 kr
De må rekna med nokre materialkostnader på kvart kurs.
Kurs 1: Garnkuleknytting v/Monica Vela
Å knytta garnkuler er det ikkje mange som har bruk for lenger, men
teknikken kan også brukast til meir moderne føremål. På kurset lærer
du den rette knuten, og nokre triks for å forma produktet slik du vil ha
det. Så knyter de nett rundt eit Norgesglas. Når du byrjar å få trening i
knuten, og å få løkkene like store, kan du sjølv laga større produkt som
ballnett, hengekøy etc. Monica har lært dette av faren sin som er fiskarbonde frå Halsnøy i Ryfylke.
Kurs 2: Nålebinding v/Sidsel Økstra
Nålebinding er ein eldgamal masketeknikk
som blei brukt til å lage plagg som vottar,
sokkar og luer. Frå 16 - 1700 tallet begynte
strikking gradvis å ta over og nålebinding er
i dag ein mest utdøydd handarbeidsteknikk.
Dei mannfolka som hadde spøtavottar
hadde ei dårleg kone, medan dei som
hadde nålebundne vottar, hadde ei skikkeleg kone, vart det sagt.
Kurs 3: Tauverk og knytting v/Kjetil Strømme
Knutar og knopar, kordellringar og spleising. På
kurset får de laga ei knutetavle med dei
vanlegaste knutane. Kjetil har i vinter knytta
knutar saman på Ung Husflid i Suldal.
snu arket
MEDARBEIDARSAMLING, laurdag 11. mars 2017
Kurs 4: Brikkeveving v/Ingvild Gordon
Brikkevev en intrikat og spennende vevteknikk, med lange
tradisjoner langt tilbake i norsk middelalder. Et av de eldste
brikkevev-funn i Norge stammer fra Osebergskipet. Her lå det et
påbegynt brikkebånd med 52 brikker, til et smalt bånd. På kurset
får de tredd opp brikkene til eit enkelt band og lært korleis ein får
fram ulikt mønster.
Kurs 5: To sokkar på ein gong v/Bjørg Jorunn Myhre
Når du er ferdig, så vips - er du ferdig med begge sokkane!
Leo Tolstoj omtalar dette "trylleriet" i boka Krig og fred,
korleis ungane jublar nå tenestejenta dreg dei to sokkane
frå einannan. For å få gjort dei ulike operasjonane på ein
sokk, lagar me ei mikro-utgåve. Ta med ullgarn i to tydeleg
forskjellige fargar (ikkje spraglete!) og 5 strømpepinnar som
passar til + kanskje eit par ekstra pinnar til helen.
Kurs 6: Tvebandstikking v/Aslaug Lunde
Tvebandstrikking er ein gamal teknikk som
passar for vidarekomne. Det strikkast med 2
trådar som slyngast heile tida slik at arbeidet
blir dobbelt. Resultatet blir fastare og tettare en
vanleg glattstrikk og skaper et varmt og vindtett
plagg, eller ein stabil kant i staden for ei vanleg
vrangbord.
Ein kjem også innom andre dobbeltstrikk-metodar.
snu arket