Lokal kulturkveld i Storfjord Kulturhus laurdag 11. febr. Kl. 19.00 Odd Fellow-logene på Stranda er med i ein stor, nasjonal støtteaksjon, der vi skal finansiere ei heilt ny redningsskøyte til Redningsselskapet. Difor slår vi til med ein hyggekveld av dei sjeldne, med god underhaldning av lokale artistar, kaker og kaffi, åresal og open bar. Alle artistane stiller opp gratis for den gode saka, og alle pengane som kjem inn går til å bygge den flotte båten, som skal sjøsetjast i 2019! Desse er med: Allsongkoret, Dylanbandet «Hurricane», P. K. Støbakk, utdrag frå Jakob Sandeframsyninga «Skymingslandet», Kjartan Lied m/ orkester, Fredmøy Wollen og kort film om arbeidet til Redningsselskapet. Bill. kr. 200,- på www.storkultur.no eller i døra. Vel møtt til alle!
© Copyright 2025