Tomren Fish AS - Akvakultursøknad om settefisk og matfisk av laks

Side 1 av 2
Hei,
Beklager, klarte ikke å få med Vestnes kommune i oversendinga.
Videresender opprinnelig melding slik at dere ser hvilke fagmyndigheter som er involvert.
Beste helsing
Rebekka Varne
rådgivar akvakultur | regional- og næringsavdelinga
71 28 03 51 | 918 59 402 | rebekka.varne@mrfylke.no
Møre og Romsdal fylkeskommune | www.mrfylke.no
Fra: Rebekka Varne
Sendt: 8. februar 2017 10:51
Til: 'postmottak@mattilsynet.no' <postmottak@mattilsynet.no>; PostMottak Fylkesmannen
<fmmrpostmottak@fylkesmannen.no>; 'Fiskeridirektoratet' <postmottak@fiskeridir.no>;
'post@kystverket.no' <post@kystverket.no>; 'nve@nve.no' <nve@nve.no>
Kopi: Mikkelsen, Mattis <fmmrmami@fylkesmannen.no>; 'Astrid Pihl Hansen'
<Astrid.Pihl.Hansen@mattilsynet.no>; 'Mette Kristin Moen' <Mette.Moen@mattilsynet.no>; 'Jørgen Borthen'
<borthen@sjomat.no>; Dokpost <dok.post@mrfylke.no>
Emne: 2017/339 Tomren Fish AS - Akvakultursøknad om settefisk og matfisk av laks på land på Trohaugen i
Vestnes kommune
Hei,
Søknad frå Tomren Fish AS om etablering av landanlegg med settefisk og matfisk av laks. Dei søker om å
produsere laks frå 0,2 gram til 5 kg med 1700 tonn som maks ståande biomasse.
Eg vil gjere dykk merksam på at ein på må ha eit løyve til settefisk og eit løyve til matfisk med kvar sin
lokalitet. Det er difor to søknader i denne oversendinga; settefisk på lokalitet Trohaugen A og matfisk på
lokalitet Trohaugen B, men produksjonen vil skje i same bygningsmasse.
Anlegget vil bruke oppsalta ferskvatn frå det kommunale vassverket og utslepp vil skje i kommunalt avløp.
Søknaden blir sendt til orientering til NVE og Kystverket.
Søknaden er kvalitetssikra og vurdert som komplett av Møre og Romsdal fylkeskommune.
Tiltaket fell inn under vedlegg II i forskrifta om konsekvensutgreiing for tiltak etter sektorlovar (FOR 2014-1219-1758). Søknaden skal behandlast etter § 3 i forskrifta.
Fylkeskommunen si vurdering er at tiltaket ikkje får vesentlige negative verkingar for miljø eller samfunn, jf.
Vedlegg III i forskrifta.
Meiner partane tiltaket kan få vesentlege verknader, og det ikkje er tilfredstillande utgreia i søknaden, må det
meldast til fylkeskommunen innan 2 veker (22. februar 2017). Det er fagmyndigheit for dei respektive kriteria
i vedlegg III som skal vurdere om dei meiner tiltaket kan få vesentlige verknader innanfor sitt område og må
melda det inn til fylkeskommunen. Høringsparten må konkretiserer kva forhold som bør belysast nærare.
Eg ber om at Vestnes kommune legg søknaden ut til offentleg innsyn i 4 veker. Utlysinga skal vere annonsert i
Norsk lysningsblad og to aviser som er vanleg lest i området. Kommunen skal etter at søknaden har vore lagt
ut til offentleg innsyn i 4 veker gi uttale om søknaden i høve til kommunale planar og interesser. Kommunen
si uttale skal saman med innkomne merknader sendast til Møre og Romsdal Fylkeskommune innan 12 veker
etter mottak av søknaden.
Eg minner om informasjonsmøte om anlegget den 14. mars 2017 kl. 14:00 på hotell Alexandria i Molde.
file://C:\ePhorte\PDFDocProc\EPHORTE\215540_FIX.HTML
08.02.2017
Side 2 av 2
Med helsing
Rebekka Varne
rådgivar akvakultur | regional- og næringsavdelinga
71 28 03 51 | 918 59 402 | rebekka.varne@mrfylke.no
Møre og Romsdal fylkeskommune | www.mrfylke.no
file://C:\ePhorte\PDFDocProc\EPHORTE\215540_FIX.HTML
08.02.2017