Mars på Revehiet

Mars på Revehiet
Februar blei ein innhaldsrik månad med feiring av nasjonaldag, fastelavn,
karneval og ikkje minst førestillinga Tutomaten på meieriet. Barna jobba fleire
dagar med dei flotte svarte kattane som me laga før fastelavn. Dei klypte sjølv,
teikna, og pynta med perler og diverse. Me gleda oss veldig til karnevalet og
me undra oss saman om korleis det kom til å bli. Fantasiane om kva det gjekk
an å kle seg ut som var mange.
MARS
Bokvenn
Me er allereie i gang med bokvenn. I samlinga har me trekt rekkjefylgje på
kven som skal vere bokvenn. Bokvennen får med seg den store konvolutten
heim og vel ei bok heime som dei vil me skal lese i barnehagen. Me har boka i
barnehagen i to dagar.
Skrivedans
I førskulen skal me begynne med skrivedans, som er samspel mellom leik,
rørsler og musikk. Det er ein metode for å stimulere barn til å utvikle god og
flytande handskrift. Metoden er basert på sansemotorikk som er vår evne til å
tolke og organisere sanseinntrykk. Når me har økter med skrivedans byrjar me
med samtale der me brukar mykje fantasi. Vidare set me på musikken og me
dansar på golvet med store rørsler. Til slutt tek me ein blyant i kvar hand og
teiknar på eit stort ark med store rørsler til musikken. Av erfaring veit me at
barna pleier å like desse øktene veldig godt. Dei får bruke kroppen sin og
teikningane blir som dei blir.
Samling
Barna er framleis glade i samling, men dei synes likevel det kan vere veldig
vanskeleg å sitje i ro for tida. Det kan vere lett å tenkje at dei må ta seg saman.
Men det er ikkje alltid så lett for eit barn i fem – seks års alderen. Dei er
nemleg inne i ein fase der kroppen er i store endringar. Barnets vekst kan på
mange måtar samanliknast med den raske veksten i puberteten. Å snuble i
eigne bein er ikkje uvanleg i denne alderen, dei har eit stort behov for
strekkøvingar og føretrekk gjerne å liggje på golvet når dei teiknar. Dei verkar
gjerne meir urolege no ved 5 års alderen, og nokon meistrar kanskje måltida
dårlegare enn tidlegare. Hendene veks raskt, og handrøyrslene blir meir som
dei vaksne sine, men framleis manglar dei finmotoriske ferdigheiter, og dei
kan difor i periodar framstå som meir klønete. Dette kan vere greitt å ha i
bakhovudet når dei t.d veltar mjølkeglasset for andre gong under same
måltidet. Det kan vere lett å bli irritert, men hugs på at barnet kanskje blir like
overraska frustrerte som oss vaksne.
I samlingane passar me på å gi barna avbrekk med rom for å røre litt på seg, t.d
bevegelsesangar, kongen befaler og liknande. Når me les bok får dei gjerne lov
å liggje på golvet å lytte.
Telefon til Revehiet:
90235267
Ta gjerne kontakt på epost:
alise.vage@rennesoy.komm
une.no
Nettsida vår:
www.minbarnehage.no/ost
husvikbhg
SOL
Innan fagområdet kommunikasjon, språk og tekst skal me denne
månaden fokusere på lydane i ord. Me brukar språkleikar og
lytteøvingar for ¨å lytte ut dei ulike lydane.
Viktige datoar i mars
14. Barnehagedagen!
Ha med dag!
17. Besøk frå Vikevåg barnehage
Være sammen
I sosial kompetanse arbeidet har med denne månaden spesielt fokus på
å dele med andre. Det å kunne dele med andre, og å gjere noko for
andre er ein god eigenskap å ha med seg vidare i livet.
27. Frist for ferielappane
30. Aktivitetsdag
31. Miljødag
Natur, miljø og teknikk
Me skal fokusere på dette fagområdet ved å vere oppmerksame på
endringar i naturen. Og me ynskjer at barna skal bli bevisst viktigheita
av å ta vare på dyr.
mandag
6
tysdag
7
Mandagsgrupper
onsdag
torsdag
fredag
lø
sø
1
Vinterferieveka
2
3
4
5
8
Me byrjar med
bokvenn!
Spelegrupper
9
Førskule/
skrivedans
10
Tur
11
12
16
Førskule/
skrivedans
17
18
Me får besøk av
førskulegjengen
i Vikevåg
barnehage!
24
25
Tur
19
Brit ferie
13
14
15
Mandagsgrupper Barnehagedagen! Tur
Ha med dag!
Brit ferie
20
21
Mandagsgrupper Formingsaktivitet
Fint om de tek ein sjekk på
korleis det står til med barnas
klede og utstyr. Me nærmar oss
snart ei tid der me kan ha litt
lettare klede og sko! 
22
23
Førskule/
skrivedans
29
Førskule/
skrivedans
30
Aktivitetsdag
Alle gruppene har
møte denne uken
27
Jette ferie
28
Formingsaktivitet
31
Miljødag
Me ryddar inne
og ute 
26