Kyrkje på Frekhaug Informasjon for Meland kyrkjelyd I årevis har det vore snakka om arbeidskyrkje på Frekhaug, men lite konkret har hendt. Det kan sjå ut som ein har gått og venta på politisk initiativ. Men med dei økonomiske utfordringane kommunen har hatt og vil ha i mange år framover, kan ein forstå at ein der har halde att med å køyra dette fram. Meland har jo si kyrkje som stettar dei krav lova set, og den fungerer både som gudsteneste- og seremonikyrkje. Ho ligg lite sentralt til, men folk finn fram når dei har bruk for henne. – Slik tenkjer gjerne politikarane Nettadresse: www.melandkyrkja.no Adresse: Det er heller ikkje eit nytt gudstenestelokale ein først og fremst har bruk for i Meland, men rom for dei mange andre tiltak kyrkje er kalla til arbeida med. Gjennom truopplæringsreforma har det her kome til nye utfordringar. Kyrkjelyden sin visjon er: Nær Gud, nær menneske. Det siste er det ikkje utan vidare lett å realisere slik kyrkja er plassert. Meland kyrkjekontor, rådhuset Boks 117, 5918 Frekhaug Tef. 56171480- Fax 56171481 Epost: kyrkjekontoret@melandkyrkja.no Kontortid: Måndag-fredag kl. 09.00-kl.14.00 (kontoret kan væra stengd i kontortida. Kontakt då eksp. i rådhusetef.56171000) Kontakttelefon ved krise: mobil: 95 48 38 74 Kyrkjetenar (vikar) Junji Furukawa 46797567 mail:junjif@skyplala.or.jp Roy Rognsøy telf 56171480 Organist: Arvid Sakseide Tlf. 56 17 14 83-priv. 56 17 85 24 arvid.sakseide@melandkyrkja.no Kyrkjeverje: Torgeir Paulsen Tlf.56 17 14 8 torgeir.paulsen@melandkyrkja.no Kyrkjelydskoordinator: Anne Sofie Nergård Uthaug tlf. 56 17 14 85 priv. 56 17 80 30 anne.uthaug@melandkyrkja.no Soknerådsleiar: Idar Simonsen tlf. 56 17 72 58 il-simon@online.no Ungdomsarbeidar: Ruben Sæle tlf. 56 17 14 80 Sokneprest: Torbjørn Aamli tlf 56171484 email:torbjorn.aamli@melandkyrkja.no Undervisningsprest: Steinar Sneås Skauge tlf 56171482 email: steinar.skauge@melandkyrkja.no KONTAKT: Kyrkjeblad for Meland Utgjevar: Meland sokneråd Layout: Harald Wiig Andersen Trykking: Trykk-service as Redaksjonsadresse: Meland kyrkjekontor Gåver til Kontakt og gjevartenesta konto nummer: 3632 07 04019 Meland kyrkje: 56 17 73 00 Framsidefoto Nils Arne Lavik Kyrkja har sitt oppdrag frå Jesus. Det handlar om å gå ut og møta menneske og gjera dei til læresveinar gjennom dåp og opplæring. Meland kyrkjelyd er i stor grad funksjonshemma av mangel på tenlege lokale som kan gi rom for trusopplæring, opplegg for konfirmantane og diakonale tiltak retta mot ulike målgrupper. Soknerådet tok for nokre år sidan opp tanken om eit tilbygg til kyrkja medan ein venta på ny kyrkje, og kommunen hadde sett av 2 millionar på budsjettet for 2008. No har riksantikvaren vendt tommelen ned for dette prosjektet, og pengane som var løyvde, er borte i det kommunale sluket. Som kyrkjelyd må me minna kvarandre om at det ikkje var til kommunale styresmakter Jesus grav sitt oppdrag, men til læresveinane. Vårt ansvar er difor å spørja kva som trengst for å kunna realisere vårt kall og oppdrag frå kyrkja sin Herre. Kommunen har etter lova og definerte plikter overfor kyrkja. Ei av dei er å dekka utgifter til kyrkjelege kontor. Dette er ordna i rådhuset, sjølv om ein kan spørja om det er den beste løysinga. Vidare skal kommunen bera utgifter til lokale for konfirmant- og trusopplæringstiltak. Ved løyvinga i 2008 har kommunen og vist at ein veit om sitt ansvar for dette. Men når det er bruk for lokale til å realisere kyrkja sitt oppdrag i Meland, kan me ikkje sitja i ro og venta på kommunen, som har mange oppgåver å realisere før dei kan forsvare å prioritere bygging av ny kyrkje. Det må me godta. Kva skal me så gjera – seia til Gud at han må venta til kommunen får betre råd? Det synest vanskeleg å sjå annan utveg enn å bretta opp armane og opna lommebok og bankkonti for å ta det løftet som trengst for å få bygt eit kyrkjeleg lokale på Frekhaug. Tryggve Giertsen har vist veg ved å setja av 100.000 kroner til eit kyrkjefond. Ikkje alle greier så mykje, men mange kan gi meir. Det er funne ein høveleg tomt. Kommunen sitt bidrag må vera å syta for at denne omgåande vert regulert til kyrkjebygg. Og det er vel ikkje for mykje å venta at dei leitar fram dei 2 millionane som stod på budsjettet for tre år sidan - og kanskje litt til. Eit første byggjesteg må vera kyrkjelydslokale, og det bør koma fort. Soknerådet kan stå som byggherre. Så får kyrkja koma i neste omgang. IH -2- Kyrkja er på veg. For nokre år sidan fekk Meland kyrkjelyd midlar til å starte eit trusopplæringsprosjekt. Det vart kalla Kyrkja på vegen, og har etter kvart manifestert seg i Buss og Media og bussleirane vi har med dei mellom 11 og 13 år. No i juni skal vi ha to bussleirar og eit buss-stop, der vi skal ut på tur for å ha det kjekt saman og få nye opplevingar knytt til bibeltekstar vi kanskje har høyrd mange gongar før. Kyrkjelyden har og akkurat fått nettside - www.melandkyrkja.no? Nettsida vil vi bruke til å kommunisere med folk, slik at vi betre kan nå ut med det som skjer i kyrkjelyden og slik at informasjonen skal vere tilgjengeleg alltid og alle stader. Nettsida og leirane er eigentleg eit uttrykk for akkurat det same. Vi vil gjere det slik at stadig nye får høyre Evangeliet. Difor gjer vi så godt vi kan for å gjere det aktuelt og tilgjengeleg i stadig nye former. Anten det er via internett eller overnattingsturar med spanande opplevingar knytt til. Kyrkja er heile tida på veg. Vi er heile tida på veg mot ein endå betre måte å formidle bodskapen vår på. Dette er den store utfordringa vår i dagens samfunn. Etter som mediekvardagen vert stadig meir omskiftande og folk stadig vil ha nye historier og konsept, har vi ei kjempeutfordring, for vi har inga ny historie. Vi skal heller ikkje prøve å finne ei ny historie eller ein ny bodskap, for vi har det frigjerande Evangeliet å formidle. Det vi må gjere er å finne nye måtar å formidle dette på. Bussopplegget vårt er ein måte og nettsida er ein måte, men ingen av delane er den endelege måten. Vi må heile tida finne nye måtar, og derfor er kyrkja heile tida på vegen. På veg mot ein ny måte å formidle bodskapen om Jesus. Steinar S. Skauge Gjevarteneste Meland kyrkjelyd har gjennom fleire år bygt opp ei solid gjevarteneste. For få år tilbake vart ein halv kateketstilling finansiert på denne måten, og i dag blir delar av løna til koordinatoren og av løna til ungdomsarbeidaren dekka inn av innsamla midlar. Ved trappa opp til galleriet i kyrkja står det eit ”pengebarometer”. Det syner status og mål for gjevartenesta. Dei seinare åra har søyla som syner inntektene, vore relativt konstant. Rekneskapen for 2009 fortel at det då kom inn ca 146.000, og det var ein nedgang på 40.000 kroner frå året før. Det har altså gått feil veg trass i at budsjettmålet var 185.000. Soknerådet legg no opp til fornya innsats på fleire felt. Dette vil også medføra auka utgifter, noko som kallar på ny giv for å auka inntektene. Det er vanskeleg å sjå for seg andre måtar å løysa dette på enn ved å motivere til auka gjevarteneste. Soknerådet vedtok i april å gå inn for å engasjere eittåring til ungdomsarbeidet. Utgiftene til dette blir i overkant av hundre tusen kroner fordelt på to budsjettår. Vidare ynskjer soknerådet å satsa på å leiga eit lokale i Frekhaug senter for å leggja til rette tiltak retta mot ulike aldersgrupper frå null til nitti. Idear som vert vurderte er ”strikkekafe” for eldre, treffpunkt for ungdom, møtepunkt for asylsøkjarar. -3- Det er og trong for å finna rom til ulike trusopplæringstiltak, konfirmantarbeid, bibeltimar, liturgisk kveldsbøn med meir medan ein ventar på ny arbeidskyrkje. Det siste vil bli ei enno større økonomisk utfordring, For å skaffa midlar, må gjevartenesta fornyast. Soknerådet har bedt Ruben Sæle og Ingvard Hageberg om å gjera ein idedugnad kring dette, og leggja til rette nye tiltak for å auka gjevartenesta. Frå hausten av vil det bli lagt opp til ein offensiv for auka gjevarteneste. Men det går an å liggja i forkant og melda seg til kyrkjekontoret for å gjera avtale om å bli fast gjevar. IH Education Chrétienne Dei tre siste månadane har Madame Tomren regjert søndagsskulekontoret aleine. Bernatte Mboudga, min kjære kollega, fikk gut nummer tre i februar. Kamerunsk fødselspermisjon er tre månader, det er ikkje mykje for mor og born, men eg må innrøme at eg var glad då ho kom att no på måndag. Når vi er to, kan eg helse på dei som kjem, og så kaste meg inn i arbeidet med datamaskina att. Det kjem stadig folk innom; dei skal levere bibelkurs til retting, dei skal kjøpe materiell til søndagsskulen sin, eller ein bibel-leseplan. Eller stoff til Femmes pour Christ-kjole. Forrige veke kom ein ung mann for å kjøpe litt materiell til søndagsskulen der han er med som leiar. Eg hadde nemnt for nokre ungdomar at neste års manual var under arbeid, og at eg gjerne ville vite kva dei meinte mangla i dei gamle. Dette hadde han høyrt, og han hadde tenkt. Han meinte det burde vere lagt meir vekt på korleis ein skal oppføre seg rett når ein er kristen. Han var engasjert, og hadde mange tankar om å undervise for borna. Vi som hugser Margrethe Munthe sine songar er kanskje ikkje så glade for den moralske peikefingeren, men vi var einige om at kristen moral er eit viktig tema. Førre veke kom han for å kjøpe 40 medlemskort til borna i kyrkjelyden sin, og no ville han ha 40 til. Han hadde fått inn 1000 FCFA (om lag 12 kroner) frå borna sist søndag, og ga meg ein haug med myntar for å betale dei 40 korta. Dei var nok over 100, meinte han, så han kom nok att seinare for å kjøpe enno fleire. Han har arbeidd utan løn så lenge kollegaene mine kunne hugse, og no kom han innom ”søndagsskulekontoret” på veg heim frå markene. Desse to jobbane var det som ga livet hans meining; å få arbeide med jorda, og å få vere med på å så Guds ord i hjarta til borna. (Han syntest eigentleg ikkje han var fint nok kledd ti å verte fotografert, men det fikk gå for denne gongen…) Jobben mange av kyrkjefolka i Kamerun gjer, er eineståande. Med få ressursar til gjengeleg, men med stort pågongsmot, held dei hjula i gang. Og kyrkja veks stadig. Trude Tomren Bernatte Mboudga søndagsskuleleiaren og ein kamerat -4- Frå Holme til Kambodsja Margrethe Hugaas frå Holmefeltet i Meland, har det siste året gått på Gå Ut-senteret i Hurdal. Som ein del av året var ho 4 månader på team i Kambodsja, og Margrethe fortel her sjølv om dette: Jeg visste lite om Kambodsja da linjeleder ved Gå ut senteret Sunniva, ringte meg og spurte om jeg ville reise dit. Men det viste seg å være et utrolig spennende land, og jeg fikk mange helt fantastiske opplevelser! Vi var fire jenter som reiste sammen, meg, Ingrid Rosenvold, Linda Braut og Helene Berg Pedersen. I hovedstaden Phnom Penh bodde vi sammen i en leilighet, og det var også i denne byen at jobbstedene våre var. Phnom Penh er mer moderne og "vestlig" enn noen annen by i landet, men for oss ble dette en fargesprakende, støvete opplevelse, full av lyd: man finner utrolige markeder, med alt fra grisehoder til lotusblomster, og en trafikk som minner om slalåmkjøring, der uttrykket “tut og kjør” blir fulgt helt bokstavelig, og man stabler så mye man kan, gjerne i høyden og i bredden. Det er ikke uvanlig å se seks personer på samme moped. Kambodsja er utrolig eksotisk, med store templer, førti graders varme, palmer, hvite strender langs kysten, jungel nord i landet, elefantriding og munker i oransje kapper i gatene, for å nevne noe. Landet er buddhistisk, og for de fleste går det å være buddhist og khmer, altså kambodsjaner, ut på det samme. De buddhistiske tradisjonene er så tett vevd inn i kulturen, at det blir en del av livsstilen. Dette gjør det vanskelig for kristne kambodsjanere. Noen vi snakket med, hadde måttet kutte all kontakt med familien, og med tidligere venner, og for oss som har vår kristne bakgrunn fra Norge, ble det en oppmuntring å se hvordan de kunne stole på Gud, selv om livet ellers var fullt av motgang. Vi jobbet blant annet på en skole for små barn ved en nedlagt søppelplass.Foreldrene jobber hver dag med å samle tomflasker og annet de kan få betaling for, -5- og barna må styre seg selv hele dagen. Slik fungerer kildesortering i Kambodsja. På senteret, får barna mat, en dusj, de får leke og de får undervisning. Selv om noen av oss hjalp til som engelsklærere, tror jeg den viktigste oppgaven vi hadde var å se disse barna og gi dem oppmerksomhet og kjærlighet. På et ”Drop in senter” i byen hadde vi engelskundervisning for studenter. For å få seg en jobb senere i livet, er det viktig å kunne engelsk, og det fikk disse studentene undervisning i her, og i tillegg fransk, IT, og litt musikkundervisning. Flittigere studenter har jeg aldri sett, og her hadde nok norske skoleelever hatt noe å lære! Det siste jobbstedet vårt var et senter for x-prostituerte. Det satte sterke spor i meg. Våre oppgaver her, var å passe barna deres, og hjelpe til med noen engelsktimer. Jentene på senteret får lære seg nye ferdigheter, som sying, og de får dermed en mulighet til å komme seg videre i livet. HIV og aids er et stort problem i landet, og utrolig nok, er det mange barn som blir solgt inn i prostitusjon, gjerne i en alder av seks år. Men det var flott å se at selv om disse jentene som hadde traumatiske opplevelser bak seg, så klarte de etter hvert å stå på egne bein. Kambodsja er et av verdens fattigste land, med mye korrupsjon og stor forskjell på fattig og rik. Det å komme dit og være "en hvite, rike" var hardt innimellom, , for man klarer ikke å unngå å få litt dårlig samvittighet av å ha alle muligheter selv, og så få venner som ikke har noen muligheter i livet. Sånn sett er det også rart nå, og sitte på andre siden av jorden og skrive mail med folk som lever et totalt annet liv enn meg. Det er mange å savne, og jeg kommer nok til å reise tilbake en dag! Et slikt uteopphold lærer deg mye både på godt og vondt. Man får mange erfaringer som man ikke ville fått i en annen situasjon. Det å måtte finne kreative måter for å bli forstått, møte mennesker som Et slikt uteopphold lærer deg mye både på godt og vondt. Man får mange erfaringer som man ikke ville fått i en annen situasjon. Det å måtte finne kreative måter for å bli Nytt frå soknerådet Soknerådet har hatt ei rekke viktige saker på kartet i første halvåret. Kyrkjelydsmusikar Dette er tittelen for den nye organisten. Dette signaliserer at soknerådet tenkjer noko breiare enn tradisjonelt om oppgåvene. I møte 19. mai tilsette soknerådet Trond Fykse i stillingen. Han er 37 år og har vore organist i Masfjorden dei siste åra. Om alt går etter planen vil han kunna ta til i Meland 1. september. Då vert det ingen vakanse. Det var 11 søkjarar, fleire av dei svært habile. Utvalsstrukturen Ei rekke underutval er sett ned for å ta seg av ulike sektorar av arbeidet, og fleire utval vil koma etter kvart. Me nemner • Trusopplæringsutval • Kyrkjeutvalet (utval for ny kyrkje) • Strategiutval • Gudstenesteutval • Misjonsutval • Diakoniutval • Økonomiutval • Administrasjonsutval Det er vedteke retningsliner for administrasjonsutvalet, strategiutvalet, misjonsutvalet og trusopplæringsutvalet, og dei andre vil få sine retningsliner etter kvart. Arbeidsutvalet under soknerådet står i ei særstilling og er samansett av leiar, nestleiar og sokneprest. I tillegg møter kyrkjeverje og koordinator som sekretærar og sakshandsamarar. Arbeidsutvalet er med og førebur sakene for soknerådet og har fullmakt frå soknerådet til å ta avgjerd i bestemte saker. Gudstenesteforordning Soknerådet har fått ei sak frå prosten om dette. Det handlar om kor mange forordna gudstenester det skal vera årleg og kor dei skal vera. Det er meir enn 20 år sidan denne saka var oppe sist, og sidan den gongen har prestane fått auka talet på frisøndagar frå 4 i året til fjerdekvar søndag. Dette får fylgje for kor mange gudstenester som kan haldast. Det skal også drøftast kor ein ynskjer at gudstenestene skal vera. Er det aktuelt å leggja fleire gudstenester utanom kyrkja, t.d. fleire ut i distriktet. Bør Rossland inn som gudstenestestad? Eit utval med soknepresten som leiar skal gi ei innstilling til soknerådet om dette. Soknerådet skal så gjera vedtak før saka går til soknemøtet der alle kan få seia si meining om saka. -6- forstått, møte mennesker som tenker og lever helt annerledes, og det å møte fattigdommen på så nært hold gjør noe med deg. Jeg vil absolutt anbefale et slikt år til andre. Å få være del av en annen kultur, om enn bare for et par måneder, er veldig spennende! Og så er oppholdet på Gå Ut Senteret noe man ikke må gå glipp av. Det knyttes sterke vennskap både i landene man reiser til, og på skolen. Margrethe var med på Møtepunkt 18.april 2010, saman med Malin Kleppe frå Åsane, og fortalde om teamtenesta. Truleg skjer dette tidleg på hausten. Gudstenestelag Soknerådet har gått inn for at det vert skipa 5 gudstenestelag som saman med prest og musikar skal planleggja og stå for gjennomføring av gudstenestene. I dette ligg at ordninga med kyrkjevertar og tekstlesarar og fleire andre tenester som ein har hatt dei seinare åra vert lagt om. Desse oppgåvene skal laget fordela seg imellom. Tanken er at desse laga også skal kunna vera med på salmeval og leggja til rette forbønsdelen. I mai vart det halde eit møte der det vart orientert om dette og der opplegget vart drøfta. BarneFestkonsert Soknerådet har gått inn for at det vert skipa til ein barneFestkonsert også til hausten. Datoen er laurdag 30.oktober og opplegget vert gjennomført i samarbeid mellom Barbro Wiig Sulebakk og undervisningspresten som eit trusopplæringstiltak. Nærare informasjon kjem seinare. Brannvarslingsanlegg Soknerådet har gått inn for at det vert lagt inn brannvarslingsanlegg i kyrkja, kopla til brannvernet. Utgiftene vil bli dekka av fondsmidlar. Kyrkjeverja er beden om å arbeida vidare med saka og henta inn pristilbod. Barnefestival Soknerådet har gått inn for at det vert skipa til ein barnefestival til hausten. Det er familien Sulebakk som har teke initiativet, og opplegget vert gjennomført i samarbeid med undervsiningspresten som eit trusopplæringstiltak. Nærare informasjon kjem seinare. Brannvarslingsanlegg Soknerådet har gått inn for at det vert lagt inn brannvarslingsanlegg i kyrkja, kopla til brannvernet. Utgiftene vil bli dekka av fondsmidlar. Kyrkjeverja er beden om å arbeida vidare med saka og henta inn pristilbod. Redaktør for Kontakt Ingvard Hageberg som tok på seg redaksjonsansvaret for kyrkjebladet og har redigert dei 3 siste nr., har bedt om avløysing. Soknerådet er difor på jakt etter ny redaktør. Det er opna for at det kan ytast godtgjersle for arbeidet etter nærare avtale. Det er berre å ta kontakt med kyrkjekontoret. Godt og inspirerande arbeidsmiljø ventar. Kyrkjetekstilane I omtalen av dei kvite kyrkjetekstilane i siste nummer vart same biletet trykt to gonger og biletet av antependiet (altarkledeet) hadde falle ut. Me trykkjer difor om att den delen av artikkelen der det er vist til dette biletet. Antependiet, som heng framme på alteret, har motivet lam med fane og fargane kvit, gult og raudt. Lammet er eit eldgamalt symbol for offerlam. I Det gamle testamentet les me om Abraham som i staden for sonen Isak, fekk ein bukk å ofra, om jødane sin skikk med syndebukken, som blei driven ut i ørken som offer for folket sine synder, (3. Mos 16,20-2). Men lammet er også mye brukt i Det nye testamentet som symbol på Jesus. ”Sjå der er Guds lam, som ber verdsens synd,” sa Johannes døyparen. om han (Joh. 1,29). Jesus er dei kristne sin syndebukk, som ofra seg sjølv, mildt, tålmodig og audmjukt - som eit lam som skal slaktast. Han er det lidande lammet, offerlammet som sonar våre synder. Men Jesus er også det seirande lammet. I den siste boka i Bibelen, Johannes Openberring, står det fleire gonger om lammet som seirar, eit fortetta symbol på soningsdøden på korset, oppstoda påskemorgon og den endelege seieren ved tidas slutt. Fana har kvit bakgrunn med raudt kors. Det tomme korset er det kristne seiersymbolet, som fortel om Jesu offer og seier. Raudfargen viser at det er av kjærleik til menneska. Lammet som motiv kan òg vise til Jesus som hyrde, som er oppteken av kvar einskild, forlét flokken for å berga den eine som manglar. -7- Sokneprest med trua i hovudet - og Jesus i hjartet Sokneprest Torbjørn Aamli karakteriserer seg sjølv som ”nøktern optimist” og som ein ”hovudtype”. For han er tanken viktig for trua. - Når eg tenkjer på kvifor eg framleis trur, er det ein veldig sterk ”hovuddel” i det. Eg finn historia om Jesus truverdig, seier Aamli. Bondesonen frå Stokke i Vestfold gav opp odelen. I staden for korn, gris og jordbær vart det preikestol. Etter utdanninga ved Menighetsfakultetet i Oslo vart han prest på Manger, deretter i Salhus, og i fjor tok han over som sokneprest i Meland. Jesus og kristendom - Kvifor trur du på kristendommen? - Eg trur ikkje på kristen dommen, eg trur på Jesus. Då forstår eg kristendommen som ei kulturell innpakking som skiftar frå stad til stad, seier Aamli. Og legg til at han på klassisk måte trur på den treeinige Gud, på at vi får vera Guds born og på at Jesus har vist oss kven Gud verkeleg er. - Men kvifor? - Eg er ein litt sånn ”hovudtype”. Det er mange grunnar til at eg trur. Men når eg tenkjer på kvifor eg framleis trur, er det ein veldig sterk hovuddel i det. Eg finn historia om Jesus truverdig. Mange av religionane har tankar om det gode livet, som ofte peikar i retning av den gylne regelen om å gjera mot andre det vi vil at dei skal gjera mot oss. Men så er spørsmålet: Finst det eigentleg ein Gud, og har Gud prøvd å koma oss i møte? Det er berre i kristendommen eg finn at han har kome oss i møte, og Jesus har vist oss kven Gud er. Det har han vist både med livet sitt, døden sin og oppstoda si. - Det som står i Det nye testamentet, er godt historisk underbygd, og det er veldig mykje som støttar at det er rett, seier Aamli. Han vedgår likevel at ein aldri kan gje vasstette logiske prov på forteljinga om Jesus, og det same gjeld for så vidt om det aller meste elles også. Heller må ein sjå etter historiske bevis, det vil seia sjå om vitneprova om Jesus er truverdige – på same måten som ein gjer i ei rettssak. Soknepresten viser til at det er heilt avgjerande for kristentrua at Jesus faktisk sto opp frå dei døde. Apostelen Paulus skriv om oppstoda i eit av breva sine. Dette brevet vart forfatta berre 25 eller 26 år etter at mannen frå Galilea skal ha stått opp igjen frå dei døde. I brevet namngjev Paulus fleire vitne som skal ha møtt den oppstadne, og fortel at meir enn fem hundre menneska hadde sett han levande – og at ”dei fleste av dei lever enno” (1. Korintarbrev 15.6). - Med andre ord, berre gå og spør, seier Aamli. Spørsmål til Gud - Kva synest du sjølv det er vanskeleg å tru på? - Eg synest det er vanskeleg med ein del av det som står i Det gamle testamentet om krigar og anna. Var det verkeleg Gud som baud at alle skulle slaktast ned når israelsfolket gjekk inn i landet? -8- Men det legg eg på vent. Eg er veldig glad for at Jesus er den som viser oss aller tydelegast kven Gud er. Han sa aldri ”slakt dei ned”. - Er det noko du veldig gjerne skulle spurt Gud om? - Ja, det eine er kvifor det er så vanskeleg for nokon å tru, medan det er ”lett” for andre. Og kvifor opplever nokon å bli lækte medan andre ikkje blir det, seier Aamli. Sjølv har han opplevd begge delar, både å verta frisk etter at nokon bad for han, og ikkje å bli frisk etter forbøn. - Kva er det i trua di som gjev deg størst glede? - Det er ganske mykje, det. Når eg tenkjer over at Gud som har skapt dette enorme universet, veit om meg og bryr seg om meg, då er det stort. Og eg gler meg over å vera saman med andre i bøn og lovsong. Når vi gler oss saman, er det godt. Glede smittar, seier trebarnsfaren med bustad i Holmemarka, og karakteriserer seg sjølv som nøktern optimist. Gud trur på oss - Nokon seier kanskje at ”eg har trudd på Gud, men eg merkar han ikkje i livet mitt og ser lite til at han høyrer bønene mine. Alt er såpass fjernt at det ærlegaste er nok å slutta å tru.” Kva svarar du? - For meg er det viktig å tenkja at Guds finst anten eg trur på han eller ikkje. Då er det frå ei side sett viktigare at Gud trur på oss enn at vi trur på Han. På ein måte ligg det som eit fundament for meg at dette er sant sjølv om eg ikkje føler noko, seier Aamli og legg til at det vi føler, heng saman med mange ting, og kjenslene kan m.a. svinga etter livsfasar. Då treng eg noko djupare, noko objektivt. Vi får vera Guds born på grunn av det han har gjort for oss, seier Aamli og legg til at det er dette han meiner når han seier at Gud trur på oss. Møta behova - Eg møter to hovudgrupper i kyrkjelyden. Den eine er dei som går regelmessig til gudsteneste og er med i ulike aktivitetar i kyrkjelyden. Den andre gruppa er dei eg møter ved kyrkjelege handlingar som dåp og gravferd. Der møter eg ofte mykje tru hjå menneske. Mange har teke vare på trua. Soknepresten ser samstundes at kyrkjelyden kan bli betre til å møta behova hjå desse menneska. - Vi har ikkje på same måten som amerikanarane makta å gjera kyrkjelyden til ein heim folk dreg til, til eit utvida sosialt miljø – min utvida familie. - Kva er den største utfordringa for Meland kyrkjelyd i tida framover? Den største utfordringa for oss er å kunna møta behova folk har og gjera kyrkjelyden tiltrekkande for folk. I neste omgang er det heilt avgjerande at vi greier å knyta kontaktar med folk, at vi bryr oss om dei og at vi ikkje vert sjølvopptekne og innovervende. Aamli vil gjerne sleppa folk til i kyrkjelydsarbeidet sjølv om dei ikkje har ei veldig sterk tru. Det er lov å vera undervegs i Meland kyrkjelyd. Ønskjer klart skilje - Kva synest du om at Den norske kyrkja er ei statskyrkje? Det er på høg tid å få avvikla statskyrkja. Eg skulle ønskt vi tok steget fullt ut og likestilte Den norske kyrkja med dei andre frikyrkjesamfunna. No vert det ei statskyrkje light som vert innført frå 2014. Det å blanda sekulær makt med religion er uheldig, meiner soknepresten. -9- - Samstundes ser eg på andre kyrkjelydar som ein rikdom. Det er uråd at éin kyrkjelyd eller eitt kyrkjesamfunn kan møta behova til alle. Vi er ulike som menneske. - Kven skulle du aller helst invitert som gjestepredikant på preikestolen i Melandkyrkja? - Vi har allereie invitert ein av mine favorittar, nemleg pensjonert biskop Hagesæter, som kjem første juledag. Ein annan det òg kunne vore spennande å høyra, er Egil Svartdahl, seier Aamli og legg til at den kjende tv-pastoren har ei stor evne til å snakka om Jesus på ein kvardagsleg måte. Av Arve Kjell Uthaug Kulturkveld I samband med At Arvid Sakseide sluttar som organist, har soknerådet teke initiativ til ein kulturkveld. Den vert i kyrkja fredag 27. august, og opplegget er lagt til rette i samarbeid med kulturkontoret og komiteen for kystsogevekene. Gjennom si teneste i meir enn 30 år har Arvid arbeidd seg opp ei kontaktflate som rekk ut over det snevert kyrkjelege. Som utøvande musikar har han også gjort seg gjelande i ulike samanhengar i kulturlivet i kommunen. Han har og vore ein inspirator for mange unge utøvarar, vore med på å få dei fram i lyset og gi dei tryggleik til å gå vidare med sine musikalske evner. Tanken med denne kvelden har vore å samla ein del av desse og ein del av dei som Arvid ofte har hatt eit tett samarbeid med. Responsen har vore overveldande hos dei me har kontakta for å få til dette arrangementet. Det blir ein variert og spennande kveld med spenn frå orgelmusikk til Blues/Jazz. Programmet skal i hovudsak vera ei overrasking til Arvid, men det kan røpast at tidlegare domorganist Mangernes vert med og sjølvsagt Scala. Til saman blir det 10 ulike utøvarar eller grupper som skal stå for programmet. Etterpå inviterer me til festmåltid i telt på parkeringsplassen. Kystsogevekene hjelper oss med den delen. Dette kan bli ein minnerik kveld, og me reknar med full kyrkje. Soknerådsbøn Då soknerådet saman med tilsette og strategiutvalet hadde strategisamling på Raknestunet 5-6. februar, øvde dei inn songen nedanfor og song han firstemt. Arvid Sakseide dirigerte, og det vart eit brukbart kor. På prostisamlinga med biskopen 20.februar debuterte koret offentleg. Teksten var så aktuell og god at me gir han att her i bladet. Herre du har anförtrott oss en uppgift i din kyrkja. Lær oss bruka det vi fått så det växer till i styrka Låt oss gå med öppna händer till de uppdrag du oss sänder. Jesus hjälp oss finna tid för det som vi nu skal göra. I vår brådska skapa frid. När du kallar låt oss höra. Låt oss i din kärlek vandra, lär oss lita på varandra. Låt oss känna att vi har samma mål och samma längtan. Och när vi nu ansvar tar, låt de ske med hoppfylld väntan. Var oss när når vi planerar, gjør beslut och diskuterar. I detaljer drunknar vi och förlorar perspektivet. Låt oss inte gå förbi det vesentliga i livet. Hjälp oss att bedøma riktig vad vi, Gud, skal anse viktig. När vi inte orkar mer ansvar och bekymmer bära då vet vi at du oss ger nya krafter, är oss nära. Tack att du oss väg bereder och med ordert kyrkan leder -10- -11- Ein heidersmann gjev frå seg roret Takk til Arvid Sakseide Etter 34 år på orgelkrakken i Meland kyrkje, har vår kjære organist, Arvid Sakseide vald å gå over i pensjonistane sine rekkjer. Tiande august i år fyller han 65 år. Med stor vyrdnad ser vi tilbake på tida han har staka ut kursen for den kyrkjemusikalske tenesta i Meland kyrkjelyd. Og vi er takksame for å ha hatt ein organist som vågar seia frå når ikkje alt alltid held mål. Saman med Meland kantori har Arvid løfta salmesong og liturgi i gudstenesta. Med konsertar av ulikt slag, har særskilt unge musikarar fått høve til å ta aktivt del, ei glede både for dei sjølve og for tilhøyrarane. I tidlege barneår fatta han interesse for orgelmusikken. Sjølv nemner han sin aller første debut då han tidleg på 1950 talet, under ein konsert med dåverande organist Gunnar Binningsbø og Skala, såg sitt snitt og våga seg bort til orgelet og sette fingeren på ein tangent, - og ein tydeleg tone song ut i rommet. Arvid er eit ja- menneske; så sant han har høve, står han til teneste. Det er berre eit hinder. Å spørje han om eit møte torsdag ettermiddag, er eit ikkje-tema. Då er det Grieghallen og Harmonien som kjem framfor alt anna. Bach har vore yndlingskomponisten, men der hevdar han at dei tekniske krava set grenser for utøvaren. Vi kan likevel takka både for musikk av Bach og for at Arvid fatta interessa for liturgi og salmesong. Musikken er for Arvid ikkje berre ei naturgåve, men ei nådegåve. Han har forkynt evangeliet gjennom musikken til pris og ære for Herren. ”Når de kjem saman, har ein av dykk ein salme, ein annan eit ord til lærdom, ein har ein openberring osb”? Spør Paulus i 1. Kor. Arvid har hatt musikken å dela med oss. Mange har etter postludiet ein høgtidsdag sete med gåsehud og takksemd til Herren. Vi veit at Arvid er takksam for ein aktivt syngjande kyrkjelyden. Men det har vore ei gjensidig glede for kyrkjelyden å syngja til nettopp hans gode måte å leia salmesongen. Han har ein spelestil som gjer det godt å syngja, utan omsyn til kvalitet hos den einskilde songdeltakar. ”Dronninga” er Arvid si nemning på kyrkjeorgelet i Meland, ei dame som såg dagens lys ” i det Herrens aar 1865 i Mariakirken i Bergen. I 1927 abdiserte ho for å leva eit godt liv i Meland. Å trekkje inn historia bak kyrkjeorgelet er det her ikkje plass til. Men han som har tent henne meir enn nokon annan og sørgt for eit langt og verdig liv etter fornyinga i 1986, kan nok ha sine eigne tankar om å gje henne over i hendene på komande kyrkjelydsmusikar. Kjære Arvid! Om du frå utgangen av august gjev frå deg orgelkrakk og orgelbrus, vonar vi at du held fram med å ha din heim i Guds kyrkje på jord i Meland kyrkje. Men den nye organisten skal og ha sine fridagar så du vert nok spurd om å finna din gamle plass inn i mellom. Det kan du då ta avgjerd om etter eigen fri vilje, men vi håpar du svarar ja når du vert spurd. Vi har hatt ein organist som har vore pådrivar for musikk og salmesong, ein påliteleg og fagleg dyktig person, og kan hende tett opptil perfeksjonist. Du har alltid vore godt førebudd, og har vist evne til å framheve musikken framfor deg sjølv. Kan hende finn du no tid til å dyrka ei anna åre; poesi og komposisjon. Idar Simonsen (soknerådsleiar) -12- Eittåring i Meland Sidan eg begynte å jobbe i Meland har det vore ei utfordring vi ikkje heilt har klart å få has på. Ungdomsarbeidet har vore svært gutedominert. På ”Lys Vaken” i fjor stilte vi t.d. med 16 guteleiarar og ei jente. Vi har bedt om ei løysing på dette. Vi ynskjer Marie Vangen Iversen velkomen til eit spennande og utfordrande samarbeid, ikkje minst med tanke på å nå meir ut til jentene i kyrkjelyden. Dette er også eit viktig bøneemne framover. Ruben Litt før jul fekk eg mail frå Marie Vangen Iversen. Ho er frå Meland, men har det siste året vore student ved Hald internasjonale senter. Ho skreiv at ho gjerne ville bruka neste skuleår i ungdomsarbeidet i Meland kyrkjelyd og spesielt bruke tid i lag med jentene, vera ei litt eldre venninne og eit føredøme for dei yngre jentene. Dette enda opp med vedtak i soknerådet om å engasjere Marie som eittåring i kyrkjelyden. Det inneber at ho vil vera knytt til eittåringslinja ved Bibelskulen i Grimstad og vera der noko av skuleåret, men mesteparten av tida vil ho vera i praksis hjå oss. Ho skal bruke tid i ungdomsmiljøet, og spesielt fokusere på jentene. Dette er eit samarbeid med Laget (NKSS), og noko av tida vil også gå til å følgje opp skulelaga i Nordhordland, men storparten av tida skal ho bruka hos oss. Hus til eittåring Kulturkveld Marie Vangen Iversen er tilsett for å gjera teneste i ungdomsarbeidet i eitt år frå august. Soknerådet må skaffa hus til henne. Har nokon ein hybel eller ei lita leilighet å tilby, så ta kontakt med kyrkjekontoret? Eittåringstenesta skal finansierast med innsamla midlar. Har du husrom du ikkje brukar denne vinteren, kan dette og vera ditt bidrag til gjevartenesta. Men i budsjetteringa er det kalkulert med marknadspris. I Meland kyrkje fredag 27.august kl. 19.00 i høve av at Arvid Sakseide sluttar i tenesta. Ei rekke utøvarar og Grupper tek del Magnar Magersnes kjem Scala kjem Fest i partytelt på pakerings plassen etterpå Inngongspengar kr. 200. OLSOKFEIRING I FJON FJELLKYRKJE TORSDAG 29.JULI KL.19.00 • • GUDSTENESTE SERVERING AV RØMMEGRAUT/ KAFFIMAT (kr.100,-Familie maks kr 250,-) • PROGRAM • LYNUTLODNING • BÅLBRENNING Velkomen til sosialt samvær. Arr: Meland Sokneråd/Styret for Fjon Fjellkyrkje -13- Slekters gang Liste pr: 28.05.2010 12:22:00 Døpte: DåpsdatoNamn 28.02.2010 28.02.2010 28.02.2010 28.02.2010 28.02.2010 28.02.2010 04.04.2010 04.04.2010 04.04.2010 11.04.2010 11.04.2010 11.04.2010 11.04.2010 25.04.2010 25.04.2010 25.04.2010 25.04.2010 25.04.2010 25.04.2010 25.04.2010 09.05.2010 09.05.2010 09.05.2010 Vigde: Mathias Ryland Håkon Øren Ruud Sondre Hatland-ramsdal Amandus Walgermo Undal Sanne Moldekleiv Jonas Hatland-ramsdal Timre Odland Bjørnestad Sindre Johan Halland Sudmann Milla Lundberg Espetvedt Tiliane Kvåle Almendingen Sander Stormark Ebbesvik Celina Halvorsen Sunniva Kvåle Elias Mellingen Kloster Leonard Sagstad Iden John Liam Henanger Arnesen Sara Jakobsen-blom Preben Markhus Manger Linéa-Mathilde Hæreide Hvidsten Mathias Skjønhaug Vatne Oliver Bjørnestad Hopland Sandra Busch Leivestad Daniella Kalleklev Vigseldato Namn 07.11.2009 14.11.2009 28.11.2009 08.05.2010 14.05.2010 Lise Serine Rønhovde og Robert Veddegjerde Solheim Anita Odland og Bernt-Andre Lien Linda Røyset og Malvin Sandhåland Cathrine Fransiska Birkeland og Dag Erik Hagesæter Liv Berit Ones og Terje Dale Døde: DødsdatoNamn 20.02.2010 20.02.2010 27.02.2010 27.02.2010 19.03.2010 02.04.2010 31.03.2010 09.04.2010 08.04.2010 22.04.2010 01.05.2010 07.05.2010 Alan Whyatt Reidar Gjøen Laila Beathe Bengtson Ruth Skauge Johan Røyset Kåre Mjøs Margit Knudsen Nils Brakstad Margot Johanne Horneland Arne Martin Dale Anny Gripsgård Klara Øpsen f. 1934 f. 1961 f. 1976 f. 1921 f. 1939 f. 1906 f. 1933 f. 1933 f. 1930 f. 1921 f. 1922 f. 1913 -14- Dag Dato Tid Kyrkje Arr Merknader Nattv/ dåp Søndags skole Ansv. Sundag 6/6 11.00 Meland kyrkje Gudsteneste Avsl. for løvegjengen Bussleirdeltakarar Sommarfest N X Skauge Sundag 13/6 11.00 Frekhaug bedehus Gudsteneste Fam Tomren deltek N Aamli Sundag 13/6 20.00 Meland kyrkje Møtepunkt N Skauge Sundag 20/6 11.00 Meland kyrkje Gudsteneste N/D Aamli Sundag 27/6 11.00 Meland kyrkje Gudsteneste N/D Skauge Sundag 4/7 11.00 Meland kyrkje Gudsteneste N/D Aamli Sundag 18/7 11.00 Meland kyrkje Gudsteneste N/D Mestad Sundag 1/8 11.00 Meland kyrkje Gudsteneste N/D Skauge Sundag 8/8 11.00 Meland kyrkje Gudsteneste N/D Skauge Tirsdag 10/8 Sætervika Konf.leir N/D Mestad Sundag 15/8 11.00 Meland kyrkje Gudsteneste Onsdag 18/8 19.00 Meland kyrkje Samtale Gudst. Sundag 22/8 11.00 Meland kyrkje Oppstart Gudst. 10-15/8 Konfirmantane Skauge N X Aamli Fredag 27/8 19.00 Meland kyrkje Kulturkveld Servering. Samarb. med kystsogedagane Sundag 29/8 11.00 Holmeknappen Friluftsgudst. I samband med kystsogedagane Sundag 29/8 19.00 Meland kyrkje Møtepunkt N Sundag 5/9 11.00 Frekhaug bedehus Gudsteneste N Laurdag 11/9 11.00 Meland kyrkje Konf. gudst. Skauge Laurdag 11/9 13.30 Meland kyrkje Konf. gudst Skauge Sundag 12/9 11.00 Meland kyrkje Konf. gudst Aamli Lørdag 18/9 11.00 Meland kyrkje Konf. gudst Skauge Lørdag 18/9 13.30 Meland kyrkje Konf. gudst Sundag 19/9 11.00 Meland kyrkje Temagudst. Sundag 19/9 13.00 Meland kyrkje Dåpsgudst. Sundag 26/9 11.00 Meland kyrkje Gudsteneste Sundag 26/9 19.00 Meland kyrkje Møtepunkt Onsdag 29/9 20.00 Meland kyrkje Temagudsteneste N Skauge X X D 50-års konfirmantar tek del Skauge Aamli Aamli X Aamli Aamli Mikkelsmesse Treng du skyss til kyrkja? Kontakt Kyrkjekontoret -15- Aamli Skauge Nytt nett no! Skulle du gjerne visst når de kan få dåp? Har du konfirmant og hugsar ikkje når neste samling er? Skulle du ynskja at nokon kunne be for deg? Eller lurer du på om det er gudsteneste i Meland komande søndag? I alle desse tilfella kan du få svar på Meland kyrkjelyd si nye nettside www.melandkyrkja.no Litt om innhaldet Nettsida er meint å vere lett å finne fram i. På framsida finn du desse overskriftene/linkane på høgre sida: gudsteneste, dåp, konfirmasjon, vigsel, gravferd og kyrkjegard og her finn du grunnleggande informasjon om dette. Øvst på sida finn du faner med desse titlane: ”Barn og unge”,”Andre møteplassar”, ”Organisasjon”, ”Media” og ”Kontakt oss” . Desse har igjen fleire undersider. Her fins oversikter både over kyrkjelyden sitt eige barne- og ungdomsarbeid og litt om det som er organisert av andre organisasjonar. Under Andre møteplassar kan du lesa om Fredagsåpent, kyrkjelyden sitt misjonsengasjement, kulturell og diakonal aktivitet, husgruppene og anna som skjer. Media-fana gir deg høve til å lese gamle Kontakt og har også fleire album der bileta kan sjåast i beste kvalitet. Under Organisasjon finn du medarbeidarstoff og stoff frå sokneråd og utval. Og når du vil kontakte kyrkjelyden, finn du det du treng av informasjon om adresser og tlf.nr. og kart under fana: Kontakt oss. På framsida er det også kalendar med ei liste over det som skjer i tida framover og bilete av bønneskåla der du kan legge inn ønske om forbønn i kyrkjelyden. For kvar dag vil du også finne eit nytt bibelvers.. Sida blir til Nettsida er i hovudsak utvikla av staben, og mest arbeid har Steinar Sneås Skauge og Anne Sofie Nergård Uthaug lagt ned i det. Undervisningprest Steinar skal ha hovudansvaret for å følgje opp sidene som redaktør, medan koordinator Anne Sofie har mest ansvar for å fylle sidene med opplysningar om det som skjer i kyrkjelyden. Fleire som har lova å levere bilete og anna stoff til sidene, blant andre Nils Arne Lavik (som også har laga den flotte bildecollagen som pregar sida) og Arve Kjell Uthaug. Men dei ønskjer mange fleire med på arbeidslaget. ”Det er veldig kjekt når nokon sender nokre bilde og nokre ord om noko som har skjedd i kyrkjelyden sin regi, slik at vi kan setje det inn på sida”, seier dei to. ”Slik blir sida levande og avspeglar litt meir av alt det forskjellige som skjer i kyrkjelyden. Kanskje nokon i barne-og ungdomsarbeidet kan bruke tid på samlingane sine til å lage saker til nettsidene. Eller er det nokon som har heilt nye idear til kva nettsida kan brukast til? .
© Copyright 2024