Årsmelding 2013 Førde sokneråd Over: Julegospel 2013 Foto: Gunvor Eide Til venstre: Kyrkja i Byen på Skywalken Foto: ukjent 1 1.Innleiing Soknerådet sine oppgåver er basert på §9 i Kyrkjelova som seier: ”menighetsrådet skal ha sin oppmerksomhet på alt som kan gjøres for å vekke og nære det kristelige liv i soknet, særlig at Guds ord kan bli rikelig forkynt, syke og døende betjent med det, døpte gis dåpsopplæring, barn og unge samlet om gode formål og legemlig og åndelig nød avhjulpet. Menighetsrådet har ansvar for at kirkelig undervisning, kirkemusikk og diakoni innarbeides og utvikles i soknet.” 2013 var eit aktivt år for soknerådet og kyrkjelyden. Våren var prega av Bispevisitasen som fann stad i midten av mars. Det var jobba godt i forkant av visitasen og vi fekk nokre gode drøftingar undervegs. Fordelen med ein slik visitas er at ein får tatt ei oppsummering på kva arbeid vi eigentleg har i kyrkjelyden vår. Og ved oppsummering ser vi at vi har ein god del aktivitetar. Biskopen gav kyrkjelyden nokre utfordringar i visitasforedraget sitt som vi har hatt fokus på siste året. Det er auka gjevarteneste, satsing på ulønna medarbeidarar og endå meir satsing på arbeid blant ungdom. Dette har både soknerådet og ulike utval jobba med i året som gjekk. Arbeidet går på det jevne heile året. Trusopplæringa har utvida med nye breiddetiltak for å nå enda fleire aldersgrupper. Dette er i henhold til planen. Nokre av dei nye tiltaka som var tenkt starta opp i 2013 måtte ein utsetje grunna manglande personalressursar. Dei prøver ein å få til nå i 2014. Det er fortsatt eit viktig og omfattande korarbeid som vert drive av kantorane. Nå er det kor for alle aldersgrupper frå 4 år og oppover. Det er stadig trong for fleire songarar i Kyrkjekoret, og i 2013 klarte ein å få med ein god del nye songarar. I samband med at vi framleis har vore i prøvefasen for ny gudstenesteliturgi, har det vore og er fortsatt viktig med forsongarar på gudstenestene. Her har Kyrkjekoret gjort eit godt arbeid. Dette er noko vi vil har fortsatt fokus på i 2014. Unge Vaksne arbeidet held fram med samlingar på Kyrkjetunet ein gong i månaden. I tillegg har dei delteke på 2 gudstenester der ein har hatt fokus på lovsong. I haust har vi prøvd å setje fokus på familiearbeidet i kyrkjelyden, og difor vart det saman med Førde KFUK/KFUM skipa til felles middagar annakvar onsdag. Dette er same dag som Minigospel har øving. Vi er ein aktiv kyrkjelyd som tar utfordringar i det å inkludere dei som står litt på utsida. Det vert drive KIA arbeid med samling ein gong i månaden på bedehuset, samt Prayer Meeting kvar laurdag. I haust vart det og starta opp eit fleirkulturelt kor på med fleire samarbeidspartnarar, og der KIA er kyrkja sin representant inn i prosjektet. Også i 2013 kunne vi gle oss over at nokre av våre nye landsmenn lot seg døype i Førde kyrkje. Det er og starta samtale/bibelgruppe for ei gruppe innvandrarar. Når det gjeld inkludering av menneske med utviklingshemming har vi samarbeid Kronborg Ressurshage med to gudstenester i året, 10-kaffi og arbeidet på Blomereina. Vi har likevel ei utfordring i å få med dei med utviklingshemming eller som har andre nedsette funksjonsevner. Vi må prøve å vere på offensiven, spesielt når det gjeld born. Slik at foreldre føler seg velkommen sjølv om dei har born med spesielle behov. Slik at når barnet vert større vert det naturleg for dei å kome med barnet til våre ulike trusopplæringstiltak. Det diakonale arbeidet vårt er stadig i utvikling, og det har i 2013 vorte starta opp med blant anna kyrkjeskyss. Det er ikkje så mange som har nytta seg av tilbodet, men tilbodet har vore der, og det er det viktigaste. Ein ser at ein treng lang tid på å få etablere nye tiltak. Samt at tiltak som har vore ei stund kanskje ikkje er behov for lenger. 2 Dette vil vi i 2014: Soknemøtet vedtok i haust at ein skal kjøpe inn ny Salmebok. Denne vil vi ta i bruk og bli kjend med utover våren. Det vart i haust sett i gang eit arbeid med å få høve til å gi offer via SMS. Dette vil bli starta opp med vinteren 2014. Så får vi sjå om vi med dette får opp givartenesta både til eige arbeid og til andre. Med så mykje aktivitet i kyrkjelyden, både for born og vaksne, er det viktig med mange ulønna medarbeidarar. Vi har ein dyktig stab, men vi treng likevel mange frivillige. Og vi treng at nokon ynskjer å stå i eit frivillig arbeid over litt lengre tid slik at vi får ein god kontinuitet. Dette er eit felt soknerådet kjem til å ha fokus på framover. Statistikk for 2013 Aktivitet 2013 2012 2011 2010 2009 Døypte i Førde 123 130 124 132 128 Døypte (adresse Førde) 102 110 116 122 105 5 5 0 3 0 144 161 136 143 139 Ekteskap 9 18 12 15 25 Gravferd 56 52 46 46 47 Utmelde 7 4 6 14 20 Innmelde 5 5 2 1 2 70 76 72 76 71 15653 15848 12647 14786 13443 223 208 194 189 218 7 7 8 11 1530 1684 2176 2258 3073 Skulegudstenstes 11 13 14 11 12 Kyrkjekonsertar 10 10 9 8 11 2121 1440 1660 1800 1600 212 144 184 225 145 Døypte over 12 år Konfirmerte Gudsteneste Søn/helgedagar Frammøtte gudsteneste søn/helgedagar Snitt frammøte gudsteneste.søn/helgedagar Familiegudsteneste Frammøtte familiegudsteneste Frammøtte kyrkjekonsertar Snitt frammøtte kyrkjekonsertar 3 Nattverdgudsteneste 57 52 48 47 50 4398 3137 3190 3013 3108 Snitt nattverddeltakarar 77 60 66 64 62 Skriftemålsgudsteneste 1 1 1 1 1 23 29 18 30 27 1 1 1 1 1 46 36 70 105 98 5 3 3 12 15 15 avd 18 avd 20 avd 860 750 Nattverddeltakarar Skriftemålsdeltakarar ”Minigudsteneste” Barnehagar Frammøtte ”minigudstenste”. Bhg. Barnehagebesøk i kyrkja Samla frammøte barnehagebesøk 2. SKILDRING AV ARBEIDET 2.1 Barn (0-12år) Vi har mykje god aktivitet for born i Førde sokn, og dei fleste aktivitetane har fast plass på årskalenderen. Planen for Trusopplæringa i Førde vart godkjent av biskopen i Bjørgvin 11.januar 2013, og vi fekk mykje skryt for den. I samband med plan for Trusopplæringa, utviklar vi nye tiltak. Det er gledeleg at dei to tiltaka, Sprell Levande og På leit etter salmeskatten, som skulle ha vore starta i 2012, vart starta opp i 2013. I tillegg starta vi eitt tiltak for 7 åringar med familie; Det Utrulege, og eitt for 12 åringar; Kode B I følgje planen, skulle det ha blitt starta to tiltak til; Skaparverkets dag for 9 åringar og Vandring Gjennom Bibelen leir for 10 åringar, men på grunn av redusert bemanning på kyrkjekontoret deler av året, måtte vi utsette dei. Då vi ikkje hadde kapasitet til å gjennomføre alle tiltak, prioriterte vi å gjennomføre dei tiltaka som er kjende, framfor å starte nye. Det er god deltaking på dei fleste tiltaka vi tilbyr. Vi ser at dei fleste nye tiltak treng nokre år før vi får opp ei stabil og god deltaking. Vi får bekrefta at det er viktig å bygge trusopplæring nedanfrå, og at fleire av tiltaka som har vore nye dei siste åra, som til dømes Tårnagent og Lys Vaken, no er godt innarbeidd. I tillegg til aktivitetane som er nemnd under, er det i Førde mykje kontinuerleg arbeid for born gjennom Minigospel, Tween Sing, Søndagsskule, Speidar og klubb på Bedehuset. Desse kontinuerlege tiltaka gjev born høve til å vere med på faste tiltak gjennom heile året. Det er eit mål for Trusopplæringa å skape gode band mellom breiddetiltaka i Trusopplæringa, og dei kontinuerlege tiltaka i kyrkjelyden. 4 Aktivitet/Tiltak Dåpsinformasjonskveld Deltakarar 90% av foreldra som kjem med borna til dåp i Førde Kyrkje deltek. Leiar/medverkande Prestane i Førde, saman med Greta Gard Endal, Kari Sandvik, Anna Skadal Jonstad Spiren 0-1 år Foreldre saman med babyar. I snitt 30 kvar gong Spiren 0-6 år I snitt 35 kvar gong. Born frå 0-6 år, og foreldra er med. 4 årssamling: Skattejakt 4 åringane. 105 deltok. Foreldra er med Sprell Levande 5 åringane. 12 deltok. Mari J. Leirhaug, Gro Anthun, saman med 2 uløna medarbeidarar kvar gong. Ei gruppe på uløna medarbeidarar rullerer. Mari J. Leirhaug, Heidi V. Styve/Else O. Kvamsås, saman med 2 uløna medarbeidarar kvar gong. Ei gruppe på uløna medarbeidarar rullerer. Inger Helene Nordeide, Gro Anthun, Kåre K. Bratten/ Marte H. Ottesen, saman med ungdomsarbeidarar og uløna medarbeidarar Else O. Kvamsås, saman med Søndagsskulen på Solvang, 6 årssamling: Gledesperla 6 åringane. 34 deltok. Inger Helene Nordeide, Gro Anthun, Marte H. Ottesen, saman med ungdomsarbeidarar og uløna medarbeidarar Det Utrulege 7 åringar med familie. 34 7 åringar, tilsaman 124 deltok. Else O. Kvamsås, saman med Minigospel Vakuumveka 7-10åringar, 79 deltok Inger Cesilie Fitje/ Else O. Kvamsås saman med andre tilsette ved Førde Kyrkjekontor. Samarbeid med Sogn og Fjordane KFUKKFUM, og Naustdal Kyrkje. Mange 5 Kort omtale Kveldssamling i Førde Kyrkje kvar fyrste tysdag i månaden. Informasjon om dåp, dåpsgudstenesta og kyrkja sitt trusopplæringstilbod. Utdeling av Skattekista og boka Arvegull Babysongguppe annakvar torsdag føremiddag, med fokus på leik og rørsle. Gje foreldra idear til korleis dei kan gje borna ei kristen oppseding Samling annakvar torsdag føremiddag, men fokus på song og rørsle. Samling på vår og haust. Samling på laurdag og gudsteneste på søndag med utdeling av «Mi Kyrkjebok 4» Nytt tiltak i Trusopplæringa med samling i november. Søndagsskulen på Solvang står for innhald og opplegg. Samling i november. Opplegg i kyrkja og på Kyrkjetunet laurdag og deltaking i gudsteneste søndag, med utdeling av cd «Alle synger LYSET» Nytt tiltak i Trusopplæringa med samling i januar. Samling for heile familien. Show med Ruben Gazki og song av Minigospel. Aktivitetsveke veka før skulestart. Mykje uteaktivitetar. Brukarundersøking syner at dette er eit tilbod som både born og foreldre opplever som meiningsfullt og trygt. ungdommar er med som leiarar Mari J. Leirhaug, saman med ungdomsarbeidarar og uløna medarbeidarar Tårnagent 8 åringar, 37 deltok På leit etter salmeskatten 10 åringar, 5 deltok Gro Anthun Lys Vaken 11 åringar, 30 deltok Kode B 12 åringar, 4 deltok Else O. Kvamsås, Gro Anthun, Marte H. Ottesen, saman med ungdomsarbeidarar og uløna medarbeidarar Inger Helene Nordeide, Marte Kristine Flaten Julespel Tilbod til barnehagane. 395 born og 108 vaksne deltok Påskevandring Tilbod til barnehagane 296 born og 67 vaksne deltok Tilbod til barnehagane 35 born deltok Tilbod til 5.klassingar 169 elevar fordelt på 8 klassar Alle barneskulande Minigusteneste Vandring gjennom Bibelen Skulegudstenester advent og påske Knøttekoret 4 -6 åringar, ca 20 stk kvar gong. Foreldra er med. Inger Helene Nordeide saman med store deler av staben ved Kyrkjekontoret og tre uløna medarbeidar Inger Helene Nordeide, Anne Lise Lauvstad, Ingvald A. Frøyen, Mari J. Leirhaug Inger Helene Nordeide, Ingvald A. Frøyen, Gro Anthun Inger Cesilie Fitje Tilsette ved Førde Kyrkjekontor Gro Anthun, William Anthun/ Hildegunn Hellenes 6 Skattejakt i Førde Kyrkje, med vekt på å bli kjent med kyrkjeklokkene. Førebuing til gudsteneste. Nytt tiltak i Trusopplæringa, gjennomført i oktober. Samling med tema musikk i kyrkja. Deltaking på Haustkonserten. Feiring av nytt kyrkjeår, med overnatting i Førde Kyrkje, og førebuing til gudsteneste. Nytt tiltak i Trusopplæringa, gjennomført i januar. Opplegg med 2 samlingar knytt til oppdagingar med Bibelen, og gudsteneste Skodespel, song og forteljing av julebodskapen, i Førde Kyrkje Vandring i kyrkja med fokus på dei ulike dagane i påska. Barnehagegudsteneste i mai 4 timars kurs i skuletida, i samband med utdeling av Bibel. Gudstenester som vert førebudd og gjennomført i saman med skulane. Song og leik i Førde kyrkje kvar tysdag kl 17.00 – 17.45. Ca 1 gong i månaden tilbod om Knøttecafe, enkel middag til Knøttar med familie før øving. Deltek på gudstenester, syng på Helsetunet, NMSmisjonsmesse og har eigne konsertar. Førde Kyrkjes jentekor Aspirantkoret 6-12 år Gro Anthun 1.-3.klasse (6-9 år). 23 stk vår 2013. 20 stk haust 2013. Jentekor knytt til Ung Kirkesang. Øving i kyrkja kvar tysdag kl 18.30 – 20.00. Deltek på gudstenester og konsertar! Arrangement i Førde utanom Førde kyrkje: HelsetunetKorcafe i regi av Damekoret Cora- Konsert i Festsalen saman med Førde seniorkor og Førde ungdomskorps- Konsert saman med Førde gutekor og Sølvguttene. Luciakonserten i Førde kyrkje 13. desember kl. 07.00 har blitt ein tradisjon! Godt oppmøte, 163 stk! Jentekoret var også med og song på Skywalken i samband med «Julespel på Handelshusa». Lillejulafta song dei på radioen. 2.2 UNGDOM (13-18år) Vi gler oss over å ha svært god oppslutnad om konfirmantåret. Når det gjeld deltaking etter konfirmasjonen hadde vi ei lita auke på begge Fjorårskonfirmanthappeningane og på Skileiren, noko som er gledeleg, men det er framleis ei utfordring å få aldersgruppa 15+ med på tiltaka. Dette er noko vi må halde fram å jobbe med. Førde KFUK-KFUM driv to kontinuerlege tiltak for ungdom: Ten Sing gruppa Deciding og aktivitetsgruppa Ludus, i tillegg har kyrkjelyden eigne tiltak: Konfirmantåret, Tilbod for Fjorårskonfirmanter, tilbod om leiarkurs og Jentekor. I konfirmanttida vel konfirmantane eit miljøtilbod som dei kan vere med på; leir i regi av NMS eller KFUK-KFUM, Friluftskonfirmantar, Skileir, Konfirmantludus, Mat og Prat. Miljøtilboda er ikkje teke med i oversikta nedanfor. Aktivitet/Tiltak Skulegudstenester advent og påske Deltakarar Ungdomsskulane Leiar/medverkande Tilsette ved Førde Kyrkjekontor Konfirmantåret 144 vart konfirmerte Heidi V. Styve og våren 2013 andre tilsette ved Førde Kyrkjekontor 7 Kort omtale Gudstenester som vert førebudd og gjennomført i saman med skulane. Konfirmantår med undervising, gudstenester, leirar, nattcup, fasteaksjon Fjorårskonfirmanthappening januar Dei som vart konfirmerte våren 2012. 17 deltok. Heidi V. Styve, Else O. Kvamsås, saman med Deciding Fjorårskonfirmanthappening september Dei som vart konfirmerte våren 2013. 38 deltok Else O. Kvamsås, Marte H. Ottesen MILK For 10.klassingar 8 deltok i 12/13 4 deltek i 13/14 Heidi V. Styve, Marte Kristine Flaten Marte H. Ottesen Skileir på Strandafjellet For 10. klasse og oppover. 43 deltok Else O. Kvamsås Sigbjørn Aase Styve, saman med fleire uløna medarbeidarar Førde Kyrkjes jentekor 13-18 år Gro Anthun til Kirkens Nødhjelp og miljøtilbod Show med illusjonisten Ruben Gazki, og ope hus i regi av Deciding. Tilbakeblikk på konfirmanttida og eit blikk framover på kva ein har moglegheit til å vere med på. 30 timars leiartreningskurs fordelt på 8 samlingar og praksis i kyrkjelyden. Leirtilbod til ungdom etter konfirmanttida. Også i samarbeid med Naustdal Jentekor knytt til Ung Kirkesang. Øving i kyrkja kvar tysdag kveld. 2.3. VAKSNE Kveldsmessene som er ei kort nattverdsgudsteneste onsdag kveld, har vore eit fast innslag 2 gonger i månaden. Vi har hatt Tomasmesser i 2013.Andaktane på Helsetunet går fast kvar torsdag. Her har vi god hjelp av friviljuge i tillegg til tilsette. Aktivitet/Gruppe Kveldsmesse Leiar av tiltaket Prestane/kantorane Tomasmesse Stab/friviljug Sunnfjord Folkehøgskule ”Å leve med sorga” Diakoniutvalet, diakonimedarbeidar Cafe & Be Nils Edvin Numme Bibeldykk Cafe & Be, NMS Temakveldar 8 Kort omtale av tiltaket Kort nattverdsgudsteneste/kvardagsmesse Ei gudstenesteform med vekt på rik liturgi, ulike bøneformer, nattverd Samling for pårørande etter dødsfall. Litt undervisning, rettleiing og samtale Samling ein gong i månaden, annakvar gong lovsongkveld og quizkveld Eit dykk i bibeltekstar hovudsak er målgruppa 18 – 40 år. Gudstenesteutvalet hadde ein temakveld med tema ”Eit djupdykk i gudstenesta vår” Miljøgruppa har hatt ansvar for 2 temakveldar Kyrkjeringen Ragnhild Bell Espeseth Smågrupper/bibelgrupper 2.4. Gudstenesteliv Ei oversikt over ulike gudstenester som har vore feira i 2013 (Sjå elles kapittel Statistikk) Misjonsgudsteneste KodeB-gudsteneste (12 år) Skriftemålsgudsteneste Gudsteneste med 4-årssamling Visitasgudsteneste Skulegudsteneste i advent og før påske Temagudsteneste med konfirmantar Ungdomsgudsteneste med Cafe&be Tårnagentgudsteneste (8år) Kveldsmesser (onsdag) Konfirmasjonsgudsteneste Semestergudsteneste for Sunnfjord.folkehøgskule By-gudsteneste Folkemusikkmesse (Førdefestivalen) Semesterstartgudsteneste 50-årskonfirmantjubileum Helgemesse Konsert-messe Tomasmesse Gudsteneste med 6-årssamling Dåpsgudsteneste LysVaken gudsteneste/Lys messe (1. s. i advent) 2 1 1 2 1 9 1 2 1 6 6 2 1 1 1 1 1 3 1 4 1 9 Samlast kvar 1.måndag i månaden. Samlar inn pengar til utstyr som trengs i kyrkja. Ansvar for blomar på alteret i samarbeid med Bygdekvinnelaget, Kyrkjekoret og Kari Haug. Deltek med matlaging og servering på konfirmantforeldremøte og andre møte. Har gitt økonomisk støtte til nye salmebøker.. Kyrkjeringen har høg gjennomsnittsalder og ynskjer seg nye medlemmer. Er takksam for ynskje frå sokneråd/stab når det er behov for fornyingar i kyrkja. Mange grupper har vore i gong lenge, og fleire er opne for nye deltakarar. Det har blitt informert og invitert til grupper på gudstenester og i Helg og Heim. Oversikt over grupper i kyrkjelyden og i organisasjonane – 28 i alt, får ein på Kyrkjekontoret. Adventsgudsteneste for Kronborg Ressurshage Jubileumsgudsteneste for Sogn og Fjordane fylke 2 1 Ny gudstenesteordning legg særleg vekt på tre begrep: stadeigengjering, involvering og deltaking. I Førde kyrkje er det allereie mange friviljuge deltakarar, som kyrkjevertar, tekstlesarar, nattverdmedhjelparar, konfirmantar. Innføring av ny liturgisk musikk har vore ein krevjande prosess. I Førde har vi no samla oss om 3 alternativ, slik: Liturgisk musikk Førde kyrkje Alternativ I: Folkemusikkmessa (Jo Asgeir Lie). Fortrinnsvis brukt på høgtidsdagar og i festtida i kyrkjeåret Alternativ II: sjå eige oppsett under Alternativ III: Magnus Beite. Brukt ved gudstenester med born og unge/skulegudstenester. Alternativ II: Liturgisk ledd KYRIE GLORIA HALLELUJAVERS Musikk S97 nr. 154 Overøye / 0243 S97 nr. 192/195 KYRKJELYDSSVAR, Forbøn PREFASJON SANCTUS Magnus Beite 1977-liturgi Overøye/(Fest-Sanctus etter 1977-liturgien)/ S97 nr.163 Festmelodi etter 1977liturgi/M.Beite sitt Agnus Dei. 1977-liturgi AGNUS DEI VELSIGNING Merknad Event. utvida trinitarisk Her kan ein variera etter kyrkjeårstid/dagens tema el. preg. Salmevers kan og brukast Høyr vår bøn x3 Dette vil vi satsa meir på i 2014: Auka deltaking og involvering av lokale grupper, og styrkja forsongartenesta i gudstenestene 2.5 Kyrkjemusikk Musikk og song er viktig for å styrkje det andelege livet i kyrkjelyden. Våren 2013 har kyrkjemusikken vore mykje retta inn mot dei ulike gudstenestene. Forsongarar, instrumentalistar og ulike kor har delteke. Dette ynskjer ein å halde fram med i 2014. Med ulike musikalske aktørar, skapar ein både variasjon og involvering! Etter utprøving av ulik liturgisk musikk, har ein kome fram til desse alternativa: 1. Folkemusikkmessa av Jo Asgeir Lie. (Festtidene) 2. Her blir brukt element frå 1977-liturgien/ Overøye/Beite sin musikk og liturgisk musikk frå Norsk Salmebok . (Det er laga eit eige oppsett for dette) 10 3. Magnus Beite sin musikk til gudsteneste med born/unge. Aktivitet/gruppe Konsertar Deltakarar Leiar av tiltaket Kommentar Konsertar i regi av soknerådet, og i samarbeid med Førde KFUK/M: Kyrkjegospel, Vårkonsert, Vårkonsert arr. Korskulen i Førde kyrkje, Haustkonsert, Knøttekoret sin adventskonsert, Kyrkjelyden sin julekonsert, Luciakonsert og Julegospel. Førde Kyrkjekor 26 Øving i kyrkja kvar onsdag kl. 19.45 – 21.45. På vårsemesteret starta arbeidet med innøving av Mozart requiem, som vart framført i Helsinki, Finland med finske korvener i slutten av september. Dette var eit samarbeidsprosjekt med Askøy kirkekor og Cantus. Deler av dette verket vart også framført Helgemessesøndag Dale kl. 11 og Førde kl. 19. Dette var i samarbeid med Cantus. Kyrkjekoret var også arrangør for Vårkonsert i Førde kyrkje. Her deltok også: Kor Førde, Ingrid Beate Ringstad og Andrea Olsen Eide, song, Terje Vie, fele, Kulturskulen sitt strykeensemble og Cora. Denne konserten har blitt ein tradisjon! Koret har også sunge på Førde bedehus, Haustkonserten, Helsetunet, ”Adventsstund” på Sjukehuset og Kyrkjelyden sin julekonsert. Gro Anthun Førde kyrkjekor har fått nokre nye medlemmer. Det er bra! Koret vil framleis delta på Gudstenester, Bedehuset, Helsetunet etc. Arrangere Vårkonsert med lokale musikklag i kommunen og distriktsmusikarar. Våren 2014 blir Mozart`s requiem framførd i Førde og Stedje kyrkje. Medarrangørar er SkeiVasskoret og Sogndal songlag. Verket blir framførd med samansett orkester, solistar, distriktsmusikarar og koristar frå Røyst, Cantus og unge koristar frå Sunnfjord. Til hausten har koret takka ja til samarbeidsprosjekt med Kinn kyrkjekor. Då blir Faurè requiem framførd i Florø og Førde kyrkje 8. og 9. november. Kantor vil jobbe for konsertar med både ”eigne musikarar” og eksterne musikarar. Samarbeid med andre musikkarrangørar, både lokalt og sentralt. Kyrkjelyden sin julekonsert som før; invitere lokale musikkaktørar til deltaking. Haustkonsert for alle kor og musikkgrupper i kyrkjelyden blir også arrangert i 2014! Har tankar om å arrangere ein julekonsert for born, med m.a skulekorps og barnekor. 11 3.TILSETTE Tilsette av Førde kyrkjelege Fellesråd Stilling Tilsette i 2013 Stillingsstorleik Kommentar Kateket Heidi V. Styve 100% Vik for kateket Diakoniarbeidar Tor Øyvind Westbye Ingvar Vagstad 80% 100% Vikar for diakoniarb. Leiar, trusopplæringa Progr.arb/trusopplærar Inger Cecilie Fitje Else O.Kvamsås Mari Jonstad Leirhaug 80% 100% 100% Permisjon frå beg. februar Januar til april. Permisjon frå februar 2013 Frå april 2013 Vikar trusoppl./diakoni Kantor I Inger Helene Nordeide Gro Anthun 40% 100% Kantor II Asbjørn Flåm 60% Kyrkjetenar Kyrkjeverje Terje Sæle Oddvar Etnestad 100% 100% Kyrkjesekretær Kari S. Holsen 100% Barne og ungd.arb Marte Kristine Flaten timebasis t.o.m.aug Barne-og ungd.arb Olve Fitje timebasis t.om. aug Barne-og ungd.arb. Barne-og ungd. Arb. Inga Haugsvær Hildegunn Hellenes timebasis timebasis Barne og ungd. Arb Sverre Fitje timebasis Barne og ungd. Arb. Maria Bjørnereim timebasis f.o.m aug. Tilsette av Bispedømet i tenesteområdet Førde og Naustdal: Stilling Prost Tilsette i 2013 Reidar A. Knapstad Sokneprest i Førde Prostiprest Sokneprest i Naustdal Spes.prest for barn og Kommentar Kåre Knutsen Bratten Stillingsstorleik 100% Prostiet / 50% tenesteomr. 100% Stein Oltedal 100% 100% Tenestestad Ho. og Hau Tenestestad Naustdal 100% Fung kateket i Rigmor Frøyen Marte Hovda Ottesen 12 Tenestestad Førde unge Førde/Holsen og Haukedalen frå aug Prestane har teneste i heile tenesteområdet, Førde og Naustdal, med tenestestad kvar sine tenestestader. 4.Årsmelding frå utvala Soknerådet og utvala har i samarbeid med tilsette og andre medarbeidarar gjennomført arbeid og oppgåver i 2013 og har ynskje og mål for vidare arbeid i 2014. 4.1. Kyrkjemusikalsk utval Det har i 2013 vore nokre møte, der ein har jobba med Kyrkjemusikkplan for Førde. Det er oppnemd eit utval: Kari Espeseth Bengtsson, Kjersti Veiteberg Eide, Eldgrim Fossheim og Gro Anthun, som skal jobbe vidare med dette i 2014. 4.2. Diakoniutvalet Diakoniutvalet: Leiar: Medlemmer: Diakoniarbeidar: Anne Lise Lauvstad Margit Olava Nygård, Olaug Åmot, Jostein Berntsen, Elin Flatland Ingvar Vagstad/Inger Cesilie Fitje (vikar frå 01.04.13) Diakoniutvalet har hatt 5 møte i 2013. Miljøgruppa, undergruppe under diakoniutvalet: Leiar: Hanne Schnitler Medlemmer: Hans Lauvstad, Atle Stubhaug og diakoniarbeidar Ingvar Vagstad/Inger Cesilie Fitje (vikar frå 01.04.13) Miljøgruppa har hatt 2 møte i 2013 Styringsgruppa for Kyrkja i Byen, undergruppe under diakoniutvalet: Anne Lise Lauvstad, Hanne Schnitler, Oddvar Etnestad, Ingvard Vagstad/Inger Helene Nordeide (vikar frå 01.02.13) og Inger Cesilie Fitje (vikar frå 01.04.13) __________________________________________________________________________ Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. Det er evangeliet i handling og vert uttrykt gjennom kjerneområda 13 nestekjærleik inkluderande fellesskap vern om skaparverket kampen for rettferd Diakoniutvalet har ansvar for planlegging og gjennomføring av diakonitiltak i kyrkjelyden. Utvalet arbeider ut frå vedteken lokal diakoniplan som byggjer på diakoniplan for Den Norske Kyrkja. 2013 var andre år i planperioden 2012 – 2015. Kyrkja i byen har vore eit viktig satsingsområde også i 2013. Visjon: Innbyggjarane i Førde skal oppleve at kyrkja er tilstades og nærverande i byen. Tiltaksoversyn: Tiltak 1 Etablering av eit møtepunkt på Skywalken på Handelshuset Ein stad for kontakt, samtale og informasjon om kyrkja sitt arbeid Tiltak 2 Etablering av eit ”Ope hus”-tilbod i lokale i Handelshuset Ein miljøskapande tilhaldsstad for ungdom Tiltak 3 Bygudstenester, arrangement og høgtidsmarkeringar Tiltak 4 Igangsetting av prosjektstilling ”sentrumsdiakon” Oppfølging og utvikling av deltiltaka Tiltak 1 kom godt i gang i løpet av 2012, og er no eit fast innslag på skywalken onsdag kl.14.00 – 16.00. I 2013 vart også tiltak 3 realisert ved at ein hadde julespel på Handelshuset onsdagen før jul. Jentekoret deltok med song, og dei tre vise menn og gjetarane vandra kring. Når det gjeld tiltak 2 ønskjer styringsgruppa for Kyrkja i Byen å endre målsetjinga. Som skissert over var det i starten av prosjektet ei målsetjing at det skulle etablerast eit eige tiltak for ungdom på Handelshuset. Både med bakgrunn i resurssituasjonen og tilbakemeldingar frå samarbeidspartar, vurderer vi det ikkje lenger bør vere ei målsetjing for prosjektet å etablere eit eige tiltak. I staden ser vi det som ei betre løysing å bruke dei fora som alt er etablerte. Ein har fått i stand godt samarbeid med miljøkoordinatorane på Hafstad og Øyrane vidaregåande skule, og ungdomsleiar og folkehelsekoordinator i Førde Kommune. Kyrkja i Byen har hausten 2013 vore til stades i matfriminuttet til elevane på Øyrane vidaregåande skule1-2 gonger pr mnd. Dette ønskjer vi å halde fram med. Vidare er det eit mål å finne/frigjere ressursar til å engasjere seg i den kommunale ungdomsklubben Løa. I samband med arrangementet Førde Opp august 2012, var ”Kyrkja i Byen” aktive medspelarar i Førde Opp Flatt; ei alternativ rute i sentrum for dei som av ulike grunnar ikkje kan vere med til toppen. Prosjektplan for Kyrkja i Byen er med utangspunkt i ovannemnde under revidering. 14 Andre tiltak i regi av diakoniutvalet/diakoniarbeider i 2013: ”Vi syng jula ut”. Diakoniutvalet arrangerte årleg samling på Helsetunet i januar. Program med kaffikos, song og juletregang. KIA (Kristent Interkulturelt Arbeid): Anne Lise Lauvtad har representert Førde sokneråd/diakoniutvalet i styringsgruppa for KIA. Diakoniarbeidar er også med i styringsgruppa. KIA har samlingar på Førde bedehus ein torsdag i månaden. Hausten 2013 vart det også etablert internasjonalt kor i samarbeid mellom Førde Kommune, Sogn og Fjordane Fylkeskommune (kulturavdelinga) og KIA Førde. Koret blir dirigert av Jorun Bakke Nydal. Miljø: Miljøgruppa har i 2013 arrangert to temakveldar. Den første var om nord/sør handel; «Er det betre for miljøet å slutte med matproduksjon i Norge?». Her invitert ein innleiarar frå Kirkens Nødhjelp, Changemaker og Sogn og Fjordane Bondelag. Temakveld om kompostering vart også arrangert våren 2013, dette i samarbeid med Førde Hagelag og Naturvernforbundet. Vidare har miljøgruppa arrangert sykkelfiksekveld, og i samband med bygudstenesta/Verdens Miljødag inviterte gruppa til økologisk frukost på Trapp Ned. Gruppa har også engasjert seg i spørsmålet om ny handelspark på Brulandsvellene, og overlevert underskriftslister til Førde formannskap. Det er også sendt brev til styret for Sunnfjord Miljøverk om innsamling av plast (kjeldesortering). Miljøgruppa og diakoniarbeidar har også ansvar for oppfølging av Førde Kyrkje som grøn kyrkjelyd. Kyrkjekaffi i våpenhuset etter gudstenesta nokre gonger i semesteret. Julaftan på Førde kyrkjetun vart arrangert i samarbeid med kommunen og Frivilligsentralen. Arrangementet samla om lag 90 deltakarar frå fleire ulike nasjonar. Tolketeneste på gudstenestene. Ein har i periodar hatt tilbod om omsetjing til engelsk, men få har nytta tenesta dette året. Kyrkjeskyssordning. Tiltaket er no etablert, men har fram til no vorte lite nytta. Ein vil likevel halde fram ordninga, for å sjå om det på sikt kan bli fleire brukarar. Tiltaket har vore kungjort i Helg og Heim, på heimesida, i Firda og ved direkte kontakt. Vidare er det sent informasjon og liste til Kronborg ressurshage, Frivilligheitssentralen og Førde Kommune v/heimetenesta. Besøksteneste. Diakoniutvalet har hausten 2013 hatt fokus på besøksteneste, og noko arbeid er alt etablert i tilknyting til Helsetunet. Førde Kommune arrangerte hausten 2012 eit møte med fokus på frivillig arbeid, der behovet for besøksteneste til heimebuande vart vurdert som stort. I praksis syner det seg derimot vanskeleg å nå tak i dei heimebuande. Diakoniutvalet vil halde fram med å vidareutvikle arbeidet med besøksteneste i 2014. Temakveld om sorg. Diakoniutvalet og sokneprest arrangerte i april ei samling for etterlatte. Diakoniarbeidaren har elles vore med i følgjande tiltak: - Helsetunet; andakter og nattverdsmedhjelpar - Kronborg Ressurshage, kontakt og planlegging av samlingar -10-kaffi og onsdagstur kvar veke - konfirmantarbeid; undervisning om diakoni og ulike miljøtilbod (friluftskonfirmantar, Skileir, SMSleir) - fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp - middag på Kyrkjetunet (nytt tiltak i samarbeid mellom Førde Kyrkje, Førde KFUK/M, Kronborg Ressurshage og Øyrane vidaregåande skule) 15 - meditasjonsgruppe 4.3. Trusopplæringsutvalet Trusopplæringsutvalet i 2013: Sekretær Else Osmundnes Kvamsås Leiar Nils Edvin Numme (Førde Sokneråd) Utvalsmedlemar Bodil Øvsthus Frøysland (Holsen og Haukedalen Sokneråd) Hanne Bildøy (Søndagsskulen) Anne Magerøy (Førde KFUK-KFUM) Inger Anne Friborg Utvalet har hatt 6 møter og handsama 36 saker Plan for Trusopplæringa i Førde, Holsen og Haukedalen vart godkjent av biskopen i Bjørgvin 11.januar 2013 Trusopplæringsutvalet har i 2013 jobba med følgjande: Nye tiltak: Sprell levande: Skulle ha vore gjennomført i 2012, men på grunn av for få påmelde, vart det utsett til 2013. 12 5åringar deltok, på samlinga som vart gjennomført i regi av Søndagsskulen. På leit etter salmeskatten: Skulle ha vore gjennomført i 2012, men på grunn av for få påmelde, vart det utsett til 2013. Gjennomført med 5 10åringar. Kode B: Tiltak for 12åringar. Gjennomført med 4 deltakarar. Ein valde å gjennomføre sjølv om det var få deltakarar, for å få i gong det nye tiltaket. Det må jobbast med promotering og rekruttering før 2014 Det Utrulege: Tiltak for 7åringar med familie. 34 7åringar deltok på eit tiltak som var suksess frå starten av. Med foreldre og Minigospel var det 124 på samlinga. Skaparverkets dag: Tiltak for 9åringa. Utsett til 2014 på grunn av mangel på personal ressursar. Tårnagenthelg i Holsen og Haukedalen: Det vart invitert til felles Tårnagentsamling for 68åringar i Holsen og Haukedalen. Det var ingen som melde seg på, og tiltaket vart difor ikkje gjennomført. Vi må vurdere informasjon og tidspunkt før vi prøver på nytt i 2014 Det tek tid å innarbeide nye tiltak i Trusopplæringa, og vi må gjere born og foreldre medvitne på at det vil komme tiltak for alle aldersgrupper. Tiltak som har vore ei stund, er godt innarbeida. Brukarundersøking: Det har vore utarbeidd og gjennomført brukarundersøking på Lys Vaken og Vakuumveka dette året. Lys Vaken: Denne brukarundersøkinga var laga som questback. I januar gjennomførte vi for Lys Vaken 2012, og den same i desember for 2013. Her var det 2 og 1 tilbakemelding, noko som fører til at vi ikkje får noko totalbilde. Det blir å sjå på som einskildtilbakemeldingar. 16 Vakuumveka: Ark som deltakarar og foreldre fylte ut før dei gjekk heim siste dagen. 50 av 79 leverte. Her fekk vi mange gode og nyttige tilbakemeldingar. Borna opplever Vakuumveka som meiningsfull, kjekk og ein trygg stad å vere. Erfaringane i 2013 syner at det er lettare å få tilbakemelding på brukarundersøking som vert fylt ut når ein er på eit tiltak. Dette må vi ta med oss vidare. Grafisk profil: Den grafiske profilen har blitt ferdigstilt og vi har no fått produsert brosjyre med oversikt over all aktiviteten i Trusopplæringa og Roll-up for Trusopplæringa. Det er laga ei brosjyre for Førde og ei for Holsen og Haukedalen. Korleis gjere planen kjend for alle? Vi har godkjende planar for Trusopplæringa, som vi har fått mykje god tilbakemelding på. Ei utfordring er å gjere den kjend for alle. I den samanheng har vi gjort følgjande: o Sendt informasjonsbrev til alle husstandar i Holsen og Haukedalen, saman med brosjyra for all aktivitet i Trusopplæringa. o Hatt informasjon om planen og aktivitetar på kyrkjekaffi i Førde. o Sendt pressemelding til Helg og Heim o Sendt pressemelding til Firda – den har ikkje komme på trykk. Uløna medarbeidarar: Det er oppretta register over alle uløna medarbeidarar i Trusopplæringa, og desse fekk tilsendt adventshelsing Vi har sett fokus på korleis vi kan rekrutterer nye uløna medarbeidarar. Dette er ei vedvarande utfordring. Trusopplæringsutvalet 2014 Trusopplæringsutvalet vil i 2014 blant anna jobbe med gjennomføring og evaluering av brukarundersøkingar ut frå oppsett plan. Under dei sentrale dimensjonane i trusopplæringsplanen er det sett opp nokre mål som skal implementerast i 2014, i den samanheng vil utvalet vere ein viktig ressurs. 4.4. Misjonsutvalet Misjonsutvalet har i 2013 bestått av: Kari Fossheim, leiar. Frøydis Naustdal, Aud Farestveit Larsen, Norunn Bremstein Førde kyrkjelyd held fram med to misjonsprosjekt, begge i Det Norske Misjonsselskap: Støtte til arbeid med kyrkjelydsplanting i Mustamäe i Estland, forstad til Tallin. Og til sør-sør misjon i Mali. Misjonsgudstenesta i januar: Jan Magne Moi frå Normisjon var med i kyrkja. Han viste også bilete og fortalde frå Nepal på kyrkjekaffien. Misjonsutvalet hadde ansvar for maten. 17 Misjonsutvalet var også med på KIA i mars og november. Hadde ansvar for mat der. I 2014 ønskjer vi : Stelle til kyrkjekaffi etter ei eller fleire misjonsgudstenester. Vere med på KIA kveldar vår og haust og ha ansvar for maten. 4.5. Gudstenesteutvalet Medlemmer : Kåre Knutsen Bratten, Gro Anthun, Inger Helene Nordeide, Lars Nordvik, Hild Eimhjellen. Gudsteneste-utvalet hadde 4 møte i 2013, 1 i vårhalvåret (pause første del av året pga visitas) og 3 om hausten Utvalet har i 2013 jobba med desse sakene: Ny gudsteneste-ordning (vedteken av soknemøtet 18.11.12.) Utvalet har kome med innspel om korleis ulike deler av ordninga fungerer. a) Liturgisk musikk : Har no tre variantar i bruk. Legg vekt på å bruke ein variant over tid, slik at kyrkjelyden kan lære kvar variant godt. b) Involvering av fleire medliturgar : Utvalet har hatt dette som ei målsetjing. Det er laga oversikt over aktuelle oppgåver for medliturg. Temakveld 10.09.13 : "Gudstenesta vår - velkommen til eit djupdykk" Kvelden var samansett av kort foredrag av K.K. Bratten, 5 personar frå kyrkjelyden om "Kva betyr gudstenesta for deg ?", smakebitar på liturgisk musikk ved G.Anthun, enkel servering. Ca 30 - 40 frammøtte. Utvalet har fått gode tilbakemeldingar på arrangementet. Innspel i høve til gudsteneste-planen Utvalet har meint det er viktig å halde på Tomasmessene som ein variant av kveldsmessa på onsdagar. Tok ansvar for ei Tomasmesse i november. Godt frammøte på denne. Lerret i Førde kyrkje Utvalet hadde synfaring og kom med innstilling til soknerådet i saka. Ny salmebok Har planlagt salmekveldar / markering av at ny salmebok vert teken i bruk i 2014. 4.6. Arrangementsutvalet Arrangementsutvalet har ikkje vore heilt fungerande dette året grunna i ulike årsaker. Soknerådet har difor stått for fleire av arrangementa i kyrkjelyden som elles arrangementsutvalet ville ha stått for. Tal kyrkjekaffiar var 10, 4 om våren og 6 om hausten. Samarbeidspartnarar har vore misjonsutvalet, Lys Vaken, Førde KFUK/KFUM, diakoniutvalet. Soknerådet har arrangert 17.maifesten på Kyrkjetunet og den årlege julefesten 30.desember. Det er utfordrande for soknerådet å skulle drive eit godt arbeid på overordna nivå når ein samtidig må vere med sjølv å stå for dei fleste praktiske arrangement i kyrkjelyden. Ynskje for 2014 er difor blant anna at ein får fleire friviljuge inn mot arrangementsutvalet som vil vere med å ha ansvar for dei praktiske arrangementa som soknerådet står for. 18 4.7. Informasjonsutvalet Medlemmer: (leiar). Anne Leknes Gryte (soknerådet sin representant), Kjell Ove Nordeide, Arne Håberg Informasjonsutvalet har hatt tre møte i 2013. I tillegg har leiar hatt eitt møte med Oddvar Etnestad. Utvalet har prioritert å arbeide med følgjande saker: 1: Påverke til at kyrkjelyden startar opp ei organisasjonsside på Facebook. Føremål: Å senke terskelen for informasjon med publikum. Dene blei oppretta av Oddvar Etnestad 11. juni og har pr i dag 174 følgjarar. Her er potensialet mykje større. 2: Undersøkje om det ligg ein effektiviseringsgevinst i å samkøyre Helg og Heim med nettkanalane (heimesida og facebook). Vi ser føre oss at ein artikkel som blir skriven lett kan publiserast i fleire kanalar utan at arbeidsmengda aukar vesentleg. Vi ser også føre oss at ein redaktør kan ha eit samla ansvar for både trykt medium og nettbaserte kanalar. Vi har ikkje arbeidd målretta med desse tankane enno. 4.8. Økonomiutvalet Medlemar: Leiar: Tal møter: Trond Naustdal, Siri Brændmo (soknerådet sin representant), og Jostein Bildøy. Jostein Bildøy 3. Det første møtet saman med soknerådsleiar, det tredje møtet med kyrkjeverja til stade. Målsetting: Arbeide for å sikre best mogeleg økonomi for kyrkjelydsbyggande tiltak. Økonomiutvalet har sidan sitt etableringsmøte i juni drøfta oppgåvene utvalet har, og vurdert at behovet for langsiktig styrking av gåveinngangen til kyrkjelydsarbeidet må prioriterast. Vi gjorde difor vedtak om å arbeidde fram tiltak for SMS-kollekt til kyrkjelydsarbeidet, med prøveperiode i 2014. Soknerådet har gått inn for samarbeid om dette med MobileAxcept AS. 19 Over: Jentekoret syng under visitasgudsten esta 17.03.13 Til venstre: På leit etter salmeskatten Begge foto: Reidar Eide 20
© Copyright 2025