Titt eg minnest På kyrkjeveg gjennom tidene Tekst og foto: Knut Rød MED HEST OG KJERRE, TIL FOTS, MED ÅRAR OG SEGL For ein knapp mannsalder sidan hadde alle som ferdast på vegar og stiar eitt eller anna ærend. Slik hadde det alltid vore. Og ærendet kunne vere handel, kyrkjegang eller vitjing til slekt eller vener. Men aldri har så mykje folk vandra dagstøtt på gangfelt og stiar som no. God helse og naturoppleving er målet. Mange av dei gamle stiane som førte til butikk, nabo, naust, torvmyr, skule eller kyrkje vert no nytta av glade turgåarar, men eit fåtal tenkjer over kor viktig dette nettverket var i farne tider. Og sjøen var alltid ein open veg. Glade turgåarar i vårsola. Få venstre Ragnhild Jensen (f.Pedersen), Oddbjørg Pedersen, Anne Grethe Aune (f Sporsem), Kåre Aune, Aleksander Jensen. Oddbjørg har påskebesøk frå Trondheim. – Dette er godsaker! side 4 k yrkjebl ade t 2/2010 Berre på stigande måne På kyrkjeveg frå Sporsem Ein snartur innom kjøkkenet til 95 år gamle Paul E. Sporsem vart ei triveleg oppleving. «Som barn likte eg å vere med til kyrkja. Der var vakker dekor, sang og musikk og mykje folk. Folk frå Sæter, Juvika og Sporsem samlast gjerne på tunet på «Kyrkjebakken», eit bruk i sørhellinga på Sporsem. Paul ser etter brødbaksten i komfyren. «No slår eg temperaturen ned til 150 grader siste kvarteret. Og aldri om eg bakar brød anna enn på stigande måne», kan gubben fortelje. Han la merke til korleis kona gjorde det då ho levde, og seige kjøpbrød kjem ikkje på tale. Etter prat og ein kvil tok vi til på vegen mot kyrkja. Det hende at nokon brukte hest og kjerre, spesielt eldre folk, men dei fleste gjekk. Hestane vart tjora til greiner og tre Titt eg minnest – Folk frå Sæter, Juvika og Sporsem samlast gjerne på tunet på «Kyrkjebakken», eit bruk i sørhellinga på Sporsem. Etter prat og ein kvil tok vi til på vegen mot kyrkja. Det hende at nokon brukte hest og kjerre, spesielt eldre folk, men dei fleste gjekk, minnest Paul E. Sporsem. Paul sit ved kjøkkenbordet og fortel til Kyrkjebladet. 95-åringen synest det er godt å pusle heime så lenge helsa er god. på vestsida nede i Bonbakken eller til ringar på veggen til prestegardsløa. Som ein kuriositet kan ein nemne at det på andre sida i botnen av Bonbakken var bygd do for trengande. Dei fleste dørene var merka «Kvinnor» kan Odd Hole fortelje, men karane hadde også eit krypinn med ein takrennestubb til bruk. Og ved utedoet fann ein nyutsprungen bjørk til 17.mai dersom våren var sein. Når nokon skulle førast til grava i heimelaga svartbredd kiste, var det flatvogna som vart nytta. Før folket tok på kyrkjeveg, vart det salmesong, andakt og avskil frå heimen. Kista vart ført direkte til den ferdige grava og sett ned. Det var ikkje samling inne i kyrkja som no, og presten deltok berre ved grava, kanskje ved ei seinare gudsteneste. For mange var det praktisk å bruke båt. Etter gudstenesta og prat med kjentfolk drog vi heim. På solskinndagar minnest eg karane med vadmelstrøya over arma. Og det var imponerande når Olaus på Sæterhaugen og Peder Matias på Stølen kappkøyrde utover. Elles hugsar eg 3 veker med vandring til kyrkja for oss konfirmantar, og presten min var Nils Trædal.» Med årar og segl Mange av dei som sokna til Aukrakyrkja brukte båt, og for øyfolket var dette einaste farbare veg. Lokalhistorikar Mats Hukkelberg (1868-1957) fortel i «Ein prekensøndag i Aukra kyrkje»: «Ein prekensøndag kunne vere rik på hendingar, kyrkjesøkninga var stor, og folk frå Midøya og Harøya måtte vere i båten i 6-tida om morgonen. Mødre med dåpsungar måtte sitje inne i den kalde og trekkfulle kyrkja og vente til etter preika, og med det vesle barnet i open båt var dei kanskje ikkje heime før seint på kveld.» Det vert fortald at når dåpsfølgje frå Oterhalsen var på veg innover Rød, møtte ei av konene og bar dåpsbarnet gjennom bygda til «Kyrkjeleet» ved utmarka. I dette låg vel både hjelp og velsigning. For 70 år sidan skulle vesle Reidun Heggdal frå Nord-Heggdal døypast, men veret var så ille med stort snøfall at det vart uråd å komme seg til kyrkja i Ugelvika. Så tok dei ut med båten til Reitenkarane og fekk jenta døypt i Aukrakyrkja. Presten Johan Julset ymta frampå at ho kanskje burde heite Snøfrid. Reidun er gift Formo og bur på Sel i Gudbrandsdalen. Omsorg Når nokon låg på dødsleiet var det vanleg at naboar vakte ved senga. Like eins var det lysvake ved kista nettene før ho vart ført til grava. For meg vart det ei sterk oppleving då dei vaksne fortalde at søndagsskulelæraren vår forulykka ved eit stygt fall då han skulle heim etter ei natt ved senga til ein svært sjuk nabo. Olaus Oterhals låg i kista i stova i heimen, og vi ungane fekk gå inn og ta avskil på vår måte. Ved mange heimar vaks den knapt meterhøge stauden reinfann ved sørveggen. Dei gule blomstrane hadde sterk duft, og vart tillagt vernande og lækjande kraft. Bukettar av reinfann kunne bli lagt i kista, men elles var det lite blomsterflor. Avskil med dei næraste var då som no prega av sorg og saknad. side 5 kyrkjebl ade t 2/2010
© Copyright 2024