KONFIRMASJONSTIDA I KYRKJA GIR DEG HØVE TIL Å… VIKTIGE TIDSPUNKT TIDSPUNKT!! MERK AV I KALENDEREN MED EIN GONG! … finne ut kva du trur Informasjonsmøte for konfirmantar og møte for foreldre/føresette tysdag 28.mai, kl 2000 i Dalsfjord kyrkje … lære meir om deg sjølv … lære meir om Bibelen Presentasjonsgudsteneste 15.september kl 1100 i Dalsfjord kyrkje. … samtale om kristen tru Leir: fredag 4. til måndag 7.oktober (NB! Første helga i haustferien!) … bli kjent med kyrkja … få nye tankar om livet Skiweekend på Strandafjellet: Januar 2014. Dette anbefalar vi alle konfirmantar, men det er frivillig. … engasjere deg i kyrkja sitt arbeid for miljø og solidaritet … og mykje meir! VELKOMEN SOM Konfirmasjonsgudsteneste 2014 Søndag 4.mai kl 1100 I DALSFJORD KYRKJELYD BLI MED PÅ EI SPENNANDE REISE FRAM TIL KONFIRMASJONSDAGEN KONFIRMASJONSDAGEN!! ———————————————— ————————————————-- Volda kyrkjekontor Tlf kyrkjekontoret 70074090 Postboks 17 Tlf kateketen direkte 4889 3741 6101 Volda E-post: kateket@volda.kyrkja.no Besøksadresse: Gymnasvegen 2 (Sparebankbygget), 3. høgda Tlf Runhild: 4889 3781 E-post: runhild@volda.kyrkja.no DETTE FÅR DU OPPLEVE SOM KONFIRMANT I DALSFJORD Leir Leir er spennande! Du får vere saman med gamle og nye vener, vi skal gjere kjekke ting i lag og de får (ganske) snille leiarar som tek hand om dykk. Leiren går av stabelen på Fjordly leirsenter på Bryggja (20 min frå Måløy) fredag, 4. til måndag 7. oktober. (NB! Første helga i haustferien). Undervisning I Dalsfjorden har vi undervisningar på tysdagar kl 14301600, om lag 3 samlingar per semester. Det meste av undervisninga er på Dravlaus bedehus, eller i kyrkja. Vi vil ha nokre samlingar saman med dei andre konfirmantane i kommunen, t.d. TemaDagen i mars 2014. For å unngå ”kollisjonar” med andre aktivitetar skal vi informere både idrettslag, organisasjonar og skulen om dette. Ved skulestart vil du få eit brev med m.a. semesterplan. For å vere med i forbønshandlinga i konfirmasjonsgudstenesta mot slutten av året er det likevel slik at ein må vere døypt på førehand. Til dei som ikkje er døypte: Alle kan altså ta del i opplegget for konfirmasjonstida. Viss du i løpet av året finn ut at du vil døype deg, gjer vi det ein gong rundt påsketider. Dersom du er usikker på om du ynskjer å ta del i det kyrkjelege konfirmasjonsopplegget er du velkomen til å ta ein prat med kateketen eller ein av prestane. Dei kan fortelje meir om kva dette går ut på og kanskje hjelpe deg å tenke vidare. INFORMASJON OG PÅMELDING BLI KJENT-MØTE FOR KONFIRMANTAR OG FORELDRE Alle konfirmantar og foreldre/føresette er invitert til ”BLI KJENT-MØTE” og informasjonsmøte i kyrkja 28.mai kl 20.00. Her får du bli kjent med dei som hovudansvarlege, kyrkja, og du vil få informasjon om konfirmasjonskurset vårt og det som skal skje gjennom konfirmasjonsåret. PÅMELDING Anna I tillegg til undervisninga arrangerer vi 3 kross-samlingar, 3 temakveldar og meir. De får vere med på mange ulike gudstenester og verte kjent med anna kristent arbeid, t.d. Nattcafè og skiweekend som de får ta del i gjennom året. KVEN KAN VERE MED MED?? Konfirmasjonstida er open for alle som fyller 15 år i løpet av 2014 eller byrjar i 9. klasse hausten 2013. Du treng ikkje vere døypt eller vere medlem i Den norske kyrkja for å ta del i leir, undervisning eller anna opplegg. Du melder på konfirmanten ved å følgje linken på heimesida vår: www.volda.kyrkja.no (Gjerne foreldre/føresette i lag med konfirmanten!) Påmeldinga er open frå 1. juni. Påmeldingsfristen er 20.juni REGLAR FOR KONFIRMANTANE §1 Ein bør gjere mot andre slik ein vil at andre skal gjere mot ein sjølve. Dersom både konfirmantar og leiarar er positive og greie vil alle få ei kjekk og lærerik konfirmanttid. §2 Leiarane forpliktar seg på å gjera alt dei kan for at kvar einskild av konfirmantane skal ha eit godt utbytte av opplegget. §3 Tidspunkt og andre beskjedar leiarane gjev, må følgjast. Opplegga startar presis. Dersom ein ikkje kan møte til undervisning eller andre samlingar skal kyrkjekontoret eller leiar få beskjed frå foreldre/føresette, på førehand. Berre sjukdom gjeld som gyldig fråvær. §4 Mobbing og anna oppførsel som øydelegg for andre er ikkje tillate. §5 Dersom ein gjer skade på bygningar, buss eller andre sin eigedom skal dette erstattast av den som årsaker skaden. §6 Det er ikkje tillate å bruke mobiltelefon i undervisning og liknande. Dersom nokre har med seg mobiltelefonar, mp3spelare o.l. skal dei vere avslått og må ikkje vere synleg framme. VELKOMNE! ANSVARLEG Kateket i Volda, Constanze Lindner er hovudansvarleg for konfirmasjonsordninga. I Dalsfjord vil sokneprest Svein Kvamsdal og kyrkjelydspedagog, Runhild Hånes Aksnes tek seg av undervisning, gudstenester og meir. Ta gjerne kontakt om de har spørsmål eller kommentarar! Constanze Lindner Runhild Hånes Aksnes Kateket kyrkjelydspedagog
© Copyright 2024