for Vossabygdene Ny salmebok Kyrkjelydane kan ta i bruk ei ny salmebok frå 1. sundag i advent. Soknemøta avgjer om så skal skje. N13 inneheld 899 salmenummer, mykje frå salmeboka vi har no, men også 240 nye salmar, mange av dei nyskrivne. Les meir og sjå døme på ein ny salme på side 4. T-dagar Det har alt vore mange T-dagar i haust – og fleire kjem. På sidene 5-7 kan du lesa om og sjå bilete frå T6 og T9 på Evanger, Voss og Vossestrand. Nr 6 - 2013, 72. årg. Sorggruppe «Det er ikkje sant at tida lækjer alle sår». I haust vil det verta starta opp sorggruppe på Voss som eit tilbod til etterlatne i Voss, og nabokommunane. Prest og diakon tek imot menneske i sorg til samtalar. Les meir side 9. KYRKJA I VOSS TANKAR 2 977 74 489 408 53 537 474 62 435 474 62 435 952 62 026 995 18 194 952 62 025 478 49 134 404 40 461 952 62 084 980 64 594 414 75 383 915 98 410 414 68 733 996 00 940 Prestetenesta: Sokneprestkontoret på Voss 56 51 96 68 Uttrågata 5, kontortid mån-fre 9-11, eller etter avtale Sokneprestkontoret på Vossestrand Oppheimstunet 76 56 52 24 73 Prost i Hardanger og Voss Arild Hellesøy 906 99 533 prost@voss.kyrkja.no Sokneprest Voss/Evanger Ivar Molde 993 53 145 e-post: ivar.molde@voss.kyrkja.no Sokneprest Oppheim/Vinje John Ove Thaule e-post: thaule@voss.kyrkja.no 952 62 085 Kapellan Kjersti Brakestad Boge 952 62 022 e-post: kapellan@voss.kyrkja.no Prostiprest i Hardanger/Voss Magnar Haaland 415 46 366 e-post: prostiprest@voss.kyrkja.no Soknerådsleiarar Evanger, Anny Karin Forthun Voss, Britt Trefall Hernes Raundalen, Nanna Nordahl Oppheim, Leif Inge Hauge Vinje, Aud Walaker Hutchinson 481 36 520 905 89 500 917 58 826 959 10 536 907 54 840 Kyrkjelyden si besøksteneste Er du mykje åleine? Kjem du deg lite ut? Slit du med sjukdom og treng nokon å kunne snakke med? Då kan kanskje ein besøkjar kome innom deg, ein som har tid til ein god prat, og har teieplikt. Ein besøkjar kan være med å gjere ein forskjell i kvardagen! Ta kontakt med: Kyrkjekontoret på Voss v/Diakon Sigrid D.Mala. tlf. 47 84 91 34 Kyrkjenytt Framsida: T3 - Undretur i Vangskyrkja. Kapellan Kjersti Brakestad Boge lærer 3-åringane om dåp. Foto: Tone Brekke (Vi tek gjerne imot gode framsidemotiv frå andre.) Utgjeve av: Voss Kyrkjelege Fellesråd saman med Evanger, Voss, Raundalen, Oppheim og Vinje sokneråd. Besøksadresse: Magasinvegen 35, Tvildemoen Postadresse Pb. 562, 5703 Voss E-post: kyrkjebladet@voss. kyrkja.no Kontonr: 3480.30.56775 Telefon (red.) 915 98 410 Redaksjonsnemnd: Brit Furre, Aud Wallaker Hutchingson, John Ove Thaule og Arne Mosefinn (red.) Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 6/13 Kyrkja si besøksteneste i Voss kommune Grafisk utforming: Åslaug Styve Mjånes Trykk: v/ Voss Prenteverk Opplag: 6000 eksemplar Neste nummer vert Jolekveld i kyrkjelyden. Det kjem ut i veke 48. Frist for levering av stoff til redaksjonen er 22. oktober. Sauen som gjekk seg vill Av Knut Farestveit I landet vårt er me så heldige at me har fire svært så ulike årstider. Alle årstidene har sin sjarm, og det er viktig å sjå det som er positivt i kvar årstid. Det kan vera lett å tenkja på hausten som noko vemodig. Sommaren med varme og solfylte dagar er slutt, og ferien er over. På den andre sida slår dei vakre fargane i naturen til for fullt, og den klare haustlufta gjer fjellturane finare enn elles i året. Andakten Kyrkjeverje Hans Soldal e-post: kyrkjeverje@voss.kyrkja.no Ass. kyrkjeverje Åslaug Styve Mjånes e-post: aaslaug@voss.kyrkja.no Sekretær Idunn Holen e-post: idunn.holen@voss.kyrkja.no Sekretær Lene K.P.W. Brunborg epost: lene.brunborg@voss.kyrkja.no Trusopplæringsmedarbeidar Tone Brekke e-post: t-dagane@voss.kyrkja.no Kyrkjelydspedagog Camilla V. Sønnesyn epost: camilla@voss.kyrkja.no Kateket Rønnaug Eng Skjeldal e-post: kateket@voss.kyrkja.no Ungdomsdiakon Sigrid Djukastein Mala e-post: diakon@voss.kyrkja.no Kantor Magnus Kløften e-post: kantor@voss.kyrkja.no Organist Frode Vik Organist Ellen Marie Selland Geithung Kyrkjetenar, (Voss) Thomas Velsvik Kyrkjetenar (Evan./Bolst.) Arne Mosefinn Kyrkjetenar (Vossestrand) Johannes Løen Gravar Vidar Bryn Gå i fred! Når dagen er lys, er Gud med deg. Når dagen er mørk, er han også der. Han gir deg en himmelsk berøring. Han elsker deg slik som du er. Gå i fred! Ragnhild Bakke Waale For dei av oss som driv med sauehald, vert det mange fine fjellturar i sanketida. I oktober manglar mange bønder gjerne ein eller nokre få sauer, noko som fører til mykje ekstra leiting. Det er svært tilfredsstillande når alle dyra er komne heim. På Jesus si tid var folk vel kjend med sauer, og at dei måtte passast på heile året på grunn av rovdyr og andre farar. Når Jesus hadde noko viktig han ville læra læresveinane og andre han var saman med, fortalde han gjerne ei likning med tema som folk kjende seg att i. Slik var det også når han fortalde likninga om sauen som gjekk seg vill. Her var bodskapen hans at me er verdifulle for Gud, så verdifulle at han har ingen å missa. Difor leitar han etter oss når me rotar oss bort, og prøver å få oss på den vegen som fører til han. I Lukas-evangeliet står det: "Kva meiner de? Om ein mann har hundre sauer og ein av dei går seg vill, let han ikkje då dei nittini vera att i fjellet og går av stad og leitar etter den som er komen på avvegar? Sanneleg, eg seier dykk: Skulle han finna sauen, då gler han seg meir over denne eine enn over dei nittini som ikkje gjekk seg vill. Slik vil heller ikkje Far dykkar i himmelen at ein einaste av desse små skal gå tapt". Gamle salmar som inspirasjon Ei betraktning av Brit Furre Første søndag i advent tek kyrkjelyden på Voss i bruk den nye salmeboka. I den samanheng er mine tankar bakover i tid, og ser på korleis det vert «kosta støv av» gamle skattar. Mange nolevande komponistar og tekstskrivarar har late seg inspirera av gamle forfattarar. Den norske litteraturhistoria er nokså tynn frå 1000 talet til 17-1800 talet. Landet var prega av at me var eit lydrike under Danmark. Men me hadde eigne salmediktarar på 1600 talet. Me kan nemna Petter Dass og Dorthe Engelbretsdotter. Det er jo litt spesielt at ei dame frå Bergen har fått plass mellom alle mennene, som skreiv salmar i Norden, på den tida. Petter Dass er kjent og kjær, kanskje mest i Nord-Noreg. Ole Bremnes har tatt Petter Dass fram og gjort stas på han. Mine tankar om... Kyrkjekontoret, Kontortid: mån-fre kl 9 - 15 Magasinvegen 35, pb 562, 5703 Voss Telefon 56 52 38 80, Fax: 56 52 38 81 www.voss.kyrkja.no, post@voss.kyrkja.no kto.nr. 3480.16.45293 Ole Paus har tatt for seg ein salme av den danske salmediktaren Hans Adolph Brorson, og brukt den når han forma sin etter kvart så kjente song: Det begynner å bli et liv dette her. Teksten til Ole Paus begynner og vert avslutta med teksten til Brorson. Brorson skriv om Jesus som ofrar alt, som vert pint og plaga på jorda, og gir livet sitt for menneska. Ole Paus presenterer mennesket nokså usminka, og skildrar vegen fram til Gud. Dei eksistensielle problemstillingane er dei same, uansett hundreår. Me tek med versa til Paus, og eitt av Brorson. Hvem kommer til meg når andre går bort? Hvem blir igjen? Hvem våger se bak alt jeg har gjort og likevel kalle seg venn? Hvem orker se meg som den jeg er Og elske meg som en sønn? Det begynner å bli et liv dette her, Det begynner å ligne en bønn. Hva var løgn, hva var sant, hvem kan gi svar? Jeg ble en tyv, jeg tok det jeg fant Og gikk før de så hvem jeg var. Jeg gjemte det jeg stjal i hjertets svarteste, dypeste brønn. Det begynner å bli et liv dette her, Det begynner å ligne en bønn. Hvem venter på meg, hvem viser vei Hvem skal gjøre meg hel? Alt jeg flyktet fra hjemsøker meg som en hjemlengsel i min sjel. Jeg ser hver tåre, hvert blikk, hvert smil, hver latter, hvert rop og hvert stønn. Det begynner å bli et liv dette her Det begynner å ligne en bønn. Hvem vil ta meg inn til seg når det blir kaldt? Hvem vil si du er av meg, jeg elsker din sjel gjennom alt Hvem orker se meg som den jeg er og elske deg som en sønn? Det begynner å ligne et liv dette her, Det begynner å bli en bønn. Uskyldig Lam, så ynkelig, Du ofres hen. Din kjærlighet har bundet dig At få oss løst igjen. Du led og slet vårt fengsels bånd Med naglet fot og hånd. Du gikk som en løve av din grav, Vår død du plyndret av Ole Paus/ Hans Adolph. Brorson Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 6/13 3 AKTUELT TRUSOPPLÆRING Innføring av Norsk salmebok 2013 av Ivar Molde Fyrste sundag i adventstida, 1. desember 2013, kan Norsk salmebok 2013 (N13) takast i bruk i kyrkjelydar der soknemøte har gjort vedtak om det. I fylgje kyrkjelova § 11 er det soknemøtet som avgjer om kyrkjelyden skal ta i bruk ny salmebok og frå kva tidspunkt. 4 Den noverande Norsk Salmebok kom i 1984-85. Nynorsk- og bokmålskyrkjelydar fekk då ei felles salmebok. Før den tid var det Nynorsk Salmebok resp. Landstads reviderte. I 2004 vart det sett i gang eit arbeid med å gje kyrkja ei ny salmebok. Etter fire år kom framlegget Salmebok 2008. Ut frå høyring og røynsler har det så vore arbeidd vidare med prosjektet. I april 2012 vart ny salmebok av Kyrkjemøtet endeleg vedteken og autorisert til bruk. Norsk Salmebok ligg føre i eitt samla bind og med i alt 899 salmenummer. Formatet er det same som før. Nær 70 % av salmane frå Norsk Salmebok er førde vidare, tilsvarande knappe 50% frå Salmer 1997. Frå Salmebok 2008 pluss anna stoff er i alt 240 nye salmar komne inn. Mange av desse er nyskrivne, men nokre kan vera kjende frå før. Prosentfordeling bokmål nynorsk er nokså nær den same som i noverande Norsk Salmebok: d.v.s. 60 - 40. Med innføring av ny salmebok vil det heilt naturleg vera salmar nokon vil sakna. Dei mest kjende og mest brukte av dei «gamle» er likevel framleis med. Så er nytt stoff kome til, salmar som i større grad speglar notida. Og sjølvsagt: med ein heil del nytt melodi- materiale. Nye tekstar og ikkje minst melodiar vil måtta øvast inn litt etter litt. Kvar kyrkjelyd har fridom til å gjera dette etter sin eigen plan, i eit samarbeid mellom sokneråd, kyrkjemusikarar og prestar – og der heile kyrkjelyden kan ha høve til å gje innspel. Soknemøte skal gjera vedtak om Ny salmebok skal takast i bruk i sokna. Evanger sa ja til dette 22. september. Raundalen sa ja 29. september. Oppheim skal ha soknemøte 20. oktober, Vinje 27. oktober og Voss 6. oktober. Ein ny song frå Norsk salmebok 2013 henta frå www.kirken.no Alt det minste som Gud skapte (nr. 787) Denne songen handlar om eit bittelite frø som kan vekse til noko stort. Slike under lèt Gud skje i skaparverket. Det blir ikkje sagt eit ord i songen om at den handlar om små barn eller ei lita tru eller Guds rike. Men dei som har høyrt kva Jesus seier om sennepsfrøet, skjønar at teksten kanskje ikkje berre har med frø å gjere: «Kva skal vi samanlikna Guds rike med? Kva likning skal vi bruka? Det er som sennepsfrøet. Når det blir sådd, er det mindre enn noko anna frø på jorda. Men når det er sådd, skyt det opp og blir større enn alle hagevokstrar og får så store greiner at fuglane under himmelen kan byggja reir i skuggen av det.» Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 6/13 Geir Hegerstrøm har skrive denne songen som har fått plass i den nye salmeboka. Han kjem frå Oslo og er komponist, tekstforfattar, artist – og kateket. Han er særlig kjend for mange songar og musikalar for barn og unge, men har skrive musikk i ulike sjangrar. «Alt det minste som Gud skapte» (eller «Bittelite frø») blir mange stader nytta i trusopplæringa. Heilt fyrsteklasses! Førsteklassingane er heilt førsteklasses når dei kjem i kyrkja for å vera med på T6. Så har dei med seg kjeledyret sitt og ein eller to forelder. I kyrkja blir dei møtt og teke vare på av englevakter. Litt sjenerte til å byrja med, men det går fort over. Ein bolle og saft i starten. Så får dei høyra forteljinga om Sakkeus, fortalt av dokke-Lisa. Men dei får ikkje berre høyra forteljinga, dei må også vera med og dramatisera den. Sakkeus kliv opp på preikestolen for å få sjå Jesus betre, men Jesus ropar han ned for at dei to skal vera saman. 5 1) Alt det minste som Gud skapte: små, små frø du knapt kan sjå. Dei er viktigast i verda. Sjå på kva som hender då: Omkved: når eit bitte-bitte-bitte-lite frø, når eit bitte-bitte-bitte-lite frø, når eit bitte-bitte-bitte-lite frø blir lagt i jorda 2) Alt blir til av veldig lite. I små frø som ingen ser, finst det merkelege krefter. Ingen skjønar kva som skjer: Omkved 3) Alt det store her i verda. det var ein gong veldig smått. Ved Guds hemmelege under blir det noko stort og flott: Omkved Bilete: Øverst: Dokke-Lisa fortel historia om Sakkeus for 6åringane på Evanger Over t.v.: Kateket Rønnaug teiknar krossen på handa med dåpsvatn (foto frå Evanger: Åslaug Styve Mjånes) Over t.h.: Sakkeus, du må koma ned! T.h.: 6åringane samla på alterringen i Vangskyrkja (foto frå Voss: Rønnaug Skjeldal og Camilla V. Sønnesyn ) Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 6/13 TRUSOPPLÆRING TRUSOPPLÆRING T9 og 10 på Evanger Då T9 fekk oppleva «sælehus»! Evanger sokn hadde tur til Raustølen sundag 8. september. T9 og 10 var med på turen. Dei øvde inn og framførde eit spel om Heilag Olav. Til høgre:Undervegs på turen fekk dei i oppgåve å henta ned ein pakke frå toppen av eit tre. Det var ikkje så lett, men til slutt klatra Mathias opp, og då bøygde treet seg langt nok ned. Rett under: Dramatisering av soga om Heilag Olav Under: Kongen er død, men kvifor er dei så glade? (foto: Arne Mosefinn og Åslaug Styve Mjånes) Tekst og foto: J.O.Thaule Dei siste åra har 9åringane som sitt trusopplæringstiltak opplevd «pilegrimsvandring» som råma for å læra om korleis kristentrua kom til Noreg. På Vossestrand har ein gått den gamle Kongevegen mellom Oppheim og Vinje. Ein har høyrt om Heilag Olav og pilegrimstradisjonane til Nidaros. Korleis var det i gamal tid når pilegrimar var våte, trøytte og trengde tak over hovudet? Jau, det var herberge for vegfarande kalla «sælehus». Namnet kom av å gjera «sælebot», gjera ei velgjerning, for dei vegfarande. Dette fekk årets 9åringar oppleva på ein nær og sterk måte: På Øvre Vinje stod Ivar Husdal og bad heile fylgjet inn i årestova si frå 1600-talet. Her brann elden på åren. Varmt og godt var det og lys frå den opne ljoren i taket og stearinlys langs veggane. Gro og Ivar baud på saft og lappar, og Ivar fortalde om sine pilegrimsvandringar i Noreg og Spania. Ein våt dag som vart til ei annleis og flott oppleving av omsorg og sælebot! Laurdag 14.september trossa 20 born og vaksne regnet. Etter samling i Oppheim kyrkje der den lokale soknerådsleiaren, Leif Inge Hauge, var den staselege kong Olav Haraldson, la ein i veg. Borna skifta på å leia an med prosesjonskrossen fyrst. T9 på Voss 6 7 Laurdag 21. september var det T9 på Voss – i Prestegardsmoen. Olav den Heilage (Sigbjørn Sønnesyn) var tilstades og fortalde om seg sjølv og gav oppgåver til 9åringane. Bilete: T.v.:Litt mat må til. Under t.v.: Det er vanskeleg å gå på slakk line, men med hjelp frå ein konge går det bra Over: Kong Olav (Leif Inge Hauge) og pilegrimar (T9) i Oppheim kyrkje. Under: Koseleg med eld på åren og saft og lappar hjå Gro og Ivar Husdal. Under t.h.: Ikkje nett vikingskip, men papirbåtar får gjera nytten på Vangsvatnet (foto: Camilla V. Sønnesyn) Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 6/13 Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 6/13 I SAMTALE MED I samtale med: Gerd Ohnstad Tønjum Intervju ved Arne Mosefinn I sist nr. av Kyrkjenytt vart hotelleigar Gerd Ohnstad Tønjum utfordra til å svara på spørsmåla våre om verdiar, lokalmiljø og tilhøve til kyrkja. Ho er ei travel dame, men sette likevel av tid til dette. Om verdiar Kva er viktige verdiar for deg? Familien er sjølvsagt også viktig for meg. Eg har mykje glede saman med mine sju barneborn. Eg synes det ville vore leit om nokon i familien ikkje ville døypa borna sine. Eg trur at dei får med seg noko viktig når dei blir døypte – som eg kanskje ikkje kan forklara nærare. 8 Vangskyrkja har vore ein viktig bit av Fleischer-familien i generasjonar. Ei tid eigde Fleischer kyrkja. Då mannen min Olaf døydde vart det samla inn minnegåve til det nye orgelet – og hotellet la til noko, slik at det vart eit stort beløp. Så har eg eit motto som er kjent for mange: den største gleda ein kan ha, er å gjera andre glad. Om lokalmiljøet Kva er bra med Voss? Eg ser at dei som har svara tidlegare også har nemnt dugnadsinnsatsen. Likevel vil eg óg ta fram det. Når eg er ute på tilskipingar får eg gjerne spørsmålet: Kva er det med vossingane når dei stiller slik opp med dugnadsinnsats i alle arrangement? Det er også bra at Voss har så mange tilbod til barn og unge – at dei får byrja tidleg i lagslivet – sparka fotball, gå på ski m.m. Eg reiser mykje saman med barneborna på fotballkampar. All slik aktivitet er med å halda dei borte frå å gjera ugagn. Noko som kunne bli betre på Voss? Eg er veldig redd for at gondolbanen skal bli lagt ned. Hotellet har mange gjester som nyttar seg av banen – det er enkelt for dei å gå opp til banen. Så eg vonar inderleg at det kjem ein ny viss den gamle vert lagt ned. Eg er også sjølvsagt glad for Vangstunellen, men samstundes redd for at bilturisten vil køyra forbi Voss sentrum. Eg ynskjer difor at det skal koma god informasjon om t.d. overnattingsstader før dei køyrer inn i tunellen. Eit ynskje eg har, er at vossingane kunne bli meir inkluderande overfor våre nye landsmenn. Fleire burde få augene opp for at dei kan inviterast til å vera med som frivillige på arrangement. Om kyrkja sin plass Kva tenkjer du om kyrkja sin plass i lokalmiljøet? Som byggverk er kyrkjene viktige kulturminne og symbol. Det gjer meg vondt at ikkje Noreg tek seg råd til eit betre vedlikehald. Eg såg til dømes i Praha kor dei stelte med og heldt vedlike kyrkjene sine. Det var heilt fantastisk. Eg er ofte innom kyrkjer og katedralar når eg er i utlandet: Katedralen i Milano, San Francescobasilikaen i Assisi, domkyrkja Santa Maria del Fiori i Firenze, domkyrkja i Pisa og San Gimignadokatedralen med freskene frå Jesu liv. Gerd Ohnstad Tønjum Født: 30.08.41 Bustad: Sivlevegen Familie: Enke, to born, 7 barneborn Interesser: Fotball saman med barneborna, skiturar på fjellet Favorittmat: No om hausten er det fårikål Les: Mest aviser Det betyr mykje for meg å gå i barnedåp og konfirmasjon innan familien. I samveret der kan tankane falla til ro. Gudstenesta jolaftan er ein fin start på jolehelga. Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 6/13 Sorggruppe for Voss, Ulvik, Granvin og Vaksdal ”Det er ikkje sant at tida lækjer alle sår..”Nokon sår må me bera med oss gjennom livet, år etter år. Eit arr som ber vitnemål om levd liv, og som blir ein del av vår historie og kven me er. Sorg er ein naturleg og sunn reaksjon på eit tap av nokon du er glad i. Sorg kan gje uvante og sterke reaksjonar, og vert uttrykt ulikt frå menneske til menneske. Ei tid etter tapet vil dei fleste oppleva at det er godt å treffa andre som har vore gjennom noko av det same. Ein viktig del av sorgarbeidet er å halda biletet av den ein har mista, levande. Nokon synes det er best å snakka med familie og vener, nokon å snakke med andre utanfor, som deler nokon av dei same erfaringane. Det var også litt spesielt for meg å oppleva «Flåm kyrkje» i USA, sidan eg er frå Aurland kommune. Kven vil du utfordra til ein samtale i neste nummer (red.anm. neste ordinære nummer, som kjem ut i februar)? Eg utfordrar den nye redaktøren i «Hordaland» Elin Madsen. Kva betyr kyrkja i ditt liv? Kyrkja er ein god plass å ha når ein treng henne. Eg opplevde å få god støtte frå kyrkja når eg mista Olaf. Men ikkje berre i tida rundt bisetjinga. Også etterpå fekk eg mykje trøyst og omtanke – eg fekk til og med klem av prestane. AKTUELT Gerd saman med alle sju barneborna. Foto: Senderud Kva er ei sorggruppe? Ei sorggruppe er ei samtalegruppe med 4-8 deltakarar som kjem saman for å dela erfaringar og opplevingar etter å ha mist ein av sine næraste. Sorggruppa skal vera eit trygt fellesskap der ein kan setja ord på dei kjensler, tankar og reaksjonar sorga fører med seg. Slik får ein hjelp,- og slik gir ein andre hjelp. Kvar enkelt avgjer kva ein vil seia og kor mykje. I samtalane tek me opp ulike tema knytt til sorg. Gruppa vert leia av prest og diakon, som sjølve har erfaring med sorg og sorgarbeid. Gruppeleiarane og medlemene i gruppa har teieplikt. Alle får ein individuell samtale før oppstart i gruppa. Prest og diakon tek i mot menneske i sorg til individuelle samtalar. Tilbodet om sorggruppe er gratis, og er ikkje eit terapitilbod, men ei samtalegruppe. Med dette som bakgrunn startar me opp ei sorggruppe i haust på Voss, som er eit tilbod for etterlatne i Voss, Ulvik, Granvin og Vaksdal. Dersom du/de ynskjer å delta i sorggruppe eller ynskjer meir informasjon om tilbodet kan du ta kontakt med: Diakon Sigrid Djukastein Mala, Tlf. 47 849 134 epost: diakon@voss.kyrkja.no Sokneprest i Ulvik og Granvin, Ivar Bu Larsen, Tlf. 97 709 377 epost: sokneprest@kyrkja.ulvik.no HAUSTKONSERTAR Av Magnus Kløften, kantor EVANGER KYRKJE 10.11. KL. 1900 SALMEKVELD I VANGSKYRKJA MED TEMA: SALMEDIKTAR ANDERS HOVDEN I mørketida er det fint å kunne sjå fram til gode og positive opplevingar. Ei slik oppleving kan ein få i Evanger kyrkje sundag 10. november kl. 1900. Her vert det ei rekke aktørar som serverar vakre, vare, mektige og brusande tonar. Aktørane som tek del denne kvelden, er Hege Eide Vik, sopran i frå Vaksdal, Frode Raymond Vik, organist. Ei messinggruppe med musikarar og solistar frå Evanger Musikklag kjem óg. I tillegg til dei alt nemnde, kjem folkemusikaren Arne Anderdal (fele), samt musikar og songar Olav Undeland. Det er duka for ei variert og god musikkoppleving i kyrkja på Evanger denne kvelden. Sett av datoen, kom innom kyrkja, og opplev ein litt lysare og varmare novemberkveld denne dagen. Det er fritt tilgjenge. Ved utgangen vert det teke opp kollekt til kyrkjemusikalsk arbeid i Evanger sokn. Arrangør er Evanger sokneråd. Onsdag 13. november er folk velkomne til føredrag, musikalsk samspel og allsong i Vangskyrkja. Temaet denne kvelden er salmar skrive av salmediktar Anders Hovden. Det er i år 70 år sidan han døydde (1943). Han er representert i Norsk Salmebok med heile 22 eigne salmetekstar og 15 oversetjingar. Forfattaren er ein av dei mest profilerte salmediktarane våre når det kjem til bruk av nynorske tekstar. Me har fått med oss Hermund Slaattelid, som skal ta oss gjennom forfattaren sin livsgjerning ved ein munnleg presentasjon. Songarar frå Voss og omland kantori i lag med kantor Magnus Kløften tek del i salmekvelden med musikk- og songeksempel. Salmekvelden er eit samarbeidsarrangement mellom Voss kyrkjeakademi og Voss sokneråd. Det er fritt tilgjenge, med kollekt til dekning av utgifter ved utgangen. Arrangementet startar klokka 1930. KONSERT MED SUPERGRUPPO MÅNDAG 28.10. KL. 1800 Me gjentek suksessen frå i fjor, og presenterer «Supergruppo» frå kulturskulen her i Voss i fri utfolding i Vangskyrkja denne ettermiddagen. Som i fjor har me óg i år den gleda å ha med oss songar Kari Finne Sognnæs på laget. Kan hende vert det óg andre utøvarar på scenen denne dagen, så ver budde på overraskingar! Magnus Kløften vil ta del som akkompagnatør. «Supergruppo» vert leia av Solfrid Himle. Arrangementet er eit samarbeid mellom Voss kulturskule og Voss sokneråd. Det vil vera fritt tilgjenge, med moglegheit til å gje ei gåve til dekning av utgifter ved utgangen. Ver velkomen til ein sprudlande konsert! Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 6/13 9 Kyrkjelege handlingar - satsar på Vestlandet 10 Korleis har du det… EIGENTLEG? Krisetelefon 815 33 300 SOS-Melding: www.kirkens-sos.no EIT MENNESKE Å SNAKKE MED NÅR LIVET ER SOM VERST Døypte: Vigde: Voss gutar: 25.08.Arian Reime Hauge Even Draugsvoll Kvåle Emilian Alexander Gårdsvoll 22.09.Eirik Tveit Brunborg Trym Strømmen Een Erlend Gangdal Selje Voss: 03.08.Karoline Sofie Gjerde og Bjørnar Stensletten Eik Kjersti Vestrheim og Håkon Helland 10.08.Ragnhild Vaksdal og Ørjan Låstad 17.08.Kristine Hårklau og Kim Rune Kjørlaug Lyngved Kjersti Soldal og Lee Meredith 07.09.Aud Reime og Trond Arne Myklebust Voss jenter: 25.08.Malin Rodrigues Haukås Alma Bryn Kvist Nora Hansen Ava Bryn Støle Johanna Meeg Farestveit 01.09.Gyda Moreira dos Santos Flatabø 08.09.Savannah Christina Gunneth Svartveit Jønsson (døypt i Vestnes, Romsdal) 15.09.Victoria Kaland Anea Teigen Øvsthus Sara Rolland Øystese Ingrid Nesheim-Hovda 22.09.Ingvild Dugstad Maylen Gjerme Heidi Norekvål Anthun Maria Wolska Sæve Døde: Voss menn: 18.08.Jakob Brekke, f. 1943 14.09.Bjarne Lirhus, f. 1929 24.09.Steffen Elvebakk, f. 1933 Evanger: 15.09.Henry Sivertsen Bolstad (døypt i Bolstadøyri bedehus) Voss kvinner: 15.08.Torhild Marie Prestegård, f. 1947 19.08.Marit Follo Sævig, f. 1954 29.08.Anne Marie Kvåle, f. 1943 31.08.Olaug Bø, f. 1940 24.09.Valborg Stavenes, f. 1922 25.09.Bjørg Kinne, f. 1950 26.09. Astrid Mandelid, f. 1930 29.09: Guro Bryn Rogne f. 1926 29.09: Helga Øvsthus f. 1915 30.09: Brita Tverberg f. 1919. Oppheim: 15.09 Joar Hirth Kvamme Evanger: 09.09.Hilmar Ingolf Svanga, f. 1938 Vinje 06.10 Simen Høyum Selskap i konsernet HMV Voss AS ALT I FØRARKORT www.hagatrafikk.no 9100 3101 lars-erik@hagatrafikk.no Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 6/13 Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 6/13 11 DET HENDER Gudstenesteliste: C-BLAD Fulldistribusjon Kyrkjenytt for Vossabygdene, pb 562, 5703 Voss Aktivitetskalendar Vangskyrkja: 20.10. kl. 1100 Gudsteneste med babysong v/Boge m.fl. Dåp. Offer til TV-aksjonen. 27.10. kl. 1100 Bots- og bønedag v/Boge. Skriftemål. Deltaking frå Osafestivalen. Offer til kyrkjelydsarbeidet. 03.11. kl. 1100 Helgemesse v/Molde. Nattverd. Offer til kyrkjelydsarbeidet. 07.11. kl. 1930 Ung Messe v/Skjeldal og Boge. 10.11. kl. 1100 Høgmesse på sundag for dei forfylgde v/Hellesøy. Dåp. Offer til Stefanusalliansen. 17.11. kl. 1100 Høgmesse v/Molde. Nattverd. Offer til The Happy Home (utdanning for fattige born i India) 24.11. kl. 1100 Tomasmesse v/Boge. Nattverd. Offer til kyrkjelydsarbeidet. Evanger kyrkje: 03.11. kl. 1100 Helgemesse v/Boge. Skriftemål. Offer til Blå Kors. Bolstadøyri kapell: 20.10. kl. 1100 Høgmesse v/Molde. Nattverd. Offer til TV-aksjonen. 17.11. kl. 1500 Gudsteneste v/Molde. Offer til Stefanusalliansen. Raundalen kyrkje: 10.11. kl. 1200 Familiegudsteneste v/Boge. T3-4-5 og Sundagsskulen. Kyrkjekaffi. Oppheim kyrkje: 20.10. kl. 1930 Gudsteneste v/Thaule. Nattverd. Offer til TV-aksjonen. Soknemøte om ny salmebok. 03.11. kl. 1600 Storfamiliegudsteneste v/Thaule. T4 med Barnebibel. Offer til kyrkjelydsarbeidet. Vinje kyrke: 27.10. kl. 1100 Gudsteneste v/Thaule. Offer til NMS. Soknemøte om ny salmebok. 10.11. kl. 1100 Gudsteneste på sundag for dei forfylgde v/Thaule. Nattverd. Offer til Stefanusalliansen. 24.11. kl. 1130 Storfamiliegudsteneste v/Thaule. T5. Offer til Familie & Medier. Jordalen kapell: 20.10. kl. 1100 Gudsteneste v/Thaule. Offer til TV-aksjonen. Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 6/13 LysVaken Vangskyrkja laurdag 2. november for Voss og Evanger. Fredag 29. november i Oppheim kyrkje for Vossestrand. Kl. 1900-2300. - Jolekrubbeverkstad Måndag 18. november kl. 1600-1830 for Voss, tysdag 19. november kl. 1600-1830 for Voss og Evanger og onsdag 20. november for Voss. Invitasjon med fordeling vert sendt til dei aktuelle. Sundag 24. november frå kl. 0900 på Vinje. - Barnebibel Sundag 3. november kl. 1600 i Oppheim kyrkje. - Undretur Sundag 3. november kl. 1500 i Oppheim kyrkje. - - Sundag 10. november i Raundalen kyrkje. MiniSin Midi Adventskonsert sundag 1. desember kl. 1800 i Vangskyrkja. Lysmesse med konfirmantar sundag 1. desember kl. 1930 i Evanger kyrkje og Oppheim kyrkje. Sundag 8. desember kl. 1930 i Vangskyrkja. - DAGANE Kyrkja i Voss www.voss.kyrkja.no
© Copyright 2024