Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet.

NR. 4 September 2011
ÅRGANG 53
Kyrkjeblad for Bjoa, Imsland, Sandeid, Skjold, Vats, Vikebygd, Vikedal og Ølen
Pilgrimsvandringar
Sør-Europa
Imsland
Vikestølen
Kyrkjelege val den 12. sept.
Bispedømeråd • Sokneråd
Side 3
Side 8
Side 4
Side 7, 10-13
Jesus seier:
«Eg er vegen,
sanninga og livet.
Joh. 14,6
Fyller du 15 år i år, eller er eldre enn det, så kan du delta i valet
RØYST VED KYRKJEVALET den 12. september
1
Presten
har ordet
ved Sokneprest Harald Eintveit
HYRDINGEN:
Ansvarleg: Steinar Skartland
Epost: redaksjonen@hyrdingen.no
Bladpengar/gåver til Hyrdingen
på konto: 3243 05 05202
Adr. Skjold kyrkje, Postboks 6,
5574 Skjold
Layout/trykk: A1 Grafisk Idè, Ølen
SOKNEPRESTANE:
Soknepresten i Ølen
Johannes Nedrelid, Eiotunet,
Pb. 60, 5588 Ølen
Tlf. 53 65 65 41 Fa 53 76 72 00
Privat 53 76 86 22
Epost: johannes.nedrelid@
vindafjord.kommune.no
Kontortid: Tys, tor, fre kl. 10-12
ons kl. 12.30-14
Soknepresten i Skjold
Skjold kyrkje, Pb. 6, 5574 Skjold
Tlf. 52 76 73 82 Fa 52 76 73 89
Kontortid. Tys 9-15
Ons og Tor 9-12
Sigrunn Hagen Arnesen
Tlf. 52 76 73 82, mobil 977 52 534
sigrunn.hagen.arnesen@
vindafjord.kommune.no
Martin Ivar Arnesen
Tlf. 52 76 73 82, mobil 980 37 571
Epost: martin.ivar.arnesen@
vindafjord.kommune.no
Soknepresten i Vikedal
Harald Eintveit, Kommunehuset,
Pb. 40, 5583 Vikedal.
Tlf. 53 65 56 17 - Fa 52 76 02 97
Kontortid: Tor 9-15
Forværelse:
Marit Hegrenes tlf. 53 65 56 18
Prostiprest/fengselsprest:
Arild Markussen tlf. 957 81 737
Mandag er prestane sin fridag.
Organistar:
Juri Kotkovitch: 416 46 183
Nelly Kotkovitch: 948 23 044
Kyrkjeverja i Vindafjord
Inghart Lasse Tveit, Skjold kyrkje
Tlf. 52 76 73 85 / 977 64 146
Soknerådsleiarar:
Imsland: Jolaug Sæle Kaldheim
Vikedal: Herdis Pedersen
Sandeid: Kari Vik Stuhaug
Vats: Arild Urdal
Ølen: Liv Ingunn Heie Medhaug
Bjoa: Trond Ove Alvseike
Vikebygd: Brit Nelly Tveit
Skjold: Elin Frøyland
Hausten
- tida for å takka!
Sjølv om nasjonen vår har gjennomlidd
ein ufatteleg terrortragedie og om du elles
måtte ha opplevd vonde hendingar på det
personlege planet eller i familiesamanheng, vil eg tru me er rimeleg samstemte
om at sommaren har gjeve oss grunn til å
takka. Det får me ha in mente no når denne årstida vender og hausten er i emning!
I kyrkjeleg samanheng innser me at
hausten er takketid framfor noka anna
ved å innby til hausttakkefest i Guds hus,
der me gjerne minner om det me har fått
av årets avling. Nokre synest vel me er
for jordiske i vår gudstenestefeiring. Poteter, gulrøter, kålrabi og løk i Guds heilagdom, - nei, det rimar ikkje. Salmisten
ser det annleis: ”Jorda og det som fyller
henne, verda og dei som bur der, alt høyrer Herren til.” (Salme 24, 1). Ja, visst
er det slik! Jorda lever me av, ikkje for!
Henne nærer me oss av: Brød og poteter,
frukt og grønsaker,- alt dette er frukter
av jorda vår eller molda. Dessutan: Frå
denne jorda er òg emna som kroppen vår
er bygd opp av, komne.
Jorda er arbeidsmarka vår. Ikkje berre
for bonden, men også for fiskaren. Vindafjorden og alle andre fjordar med alt dei
rommar av lyr og ål, steinbit og krabbe og
andre delikate skapningar, er del av jorda
- forstått i vid meining.
Alle arbeider me med jorda, - anten det
er skuleguten eller verkstadsarbeidaren.
Bordet, stolen, papiret eller metallet, - alt
dette kan førast attende til jorda. Ja, alt
me held i hendene våre, høyrer jorda til.
Det gjer forresten også hendene. Det vil
seia: Alt høyrer Herren til!
Arbeidet vårt tilhøyrer Gud. Han signar kvar einaste innsats, - til og med den
minste gjerninga som skjer til gagn for
våre medmenneske. Vår kvile, ro og vårt
velvere høyrer Gud til: Den herlege kon2
takten med Mor Jord ved å vandra splitter
naken på heimebøen i doggvåt gras ein
glitrande sommarmorgon, angen av sol
og sommar frå ei forfriskande havgule,
opplevinga av harmoni under ein raudnande solnedgang ved ei sjøstrand eller
ved eit fjellvatn der auren vaker, eller freden når me slappar av i godstolen ved ein
knitrande peiseld.
Fellessskap og venskap kjem frå Gud:
Hyggjen i ein heim, samhaldet mellom
verkelege vener, ung kjærleik, men også
gamal. Like eins er venleiken ei anna av
Guds gode gåver: God musikk, meiningsfylt og gjevande biletkunst, litteratur og
dikting som fyller hjerne og hjarte med
varige verdiar. På denne måten kunne me
halda fram med opprekninga vår. Eigentleg er alt frå Gud. Guds motmann kan ikkje skapa ein maur, - han kan berre skapa
seg!
Hausten er tida for å minna kvarandre
om nettopp dette, - og for å takka. Invitten frå kyrkja til å ta dette på alvor, er aktuell som alltid før. Ta livet ditt og alt det
du er, eig og opplever med deg inn i Guds
hus! Det treng du ikkje vera flau over. For
eigentleg er alt gagnleg og byggjande arbeid som menneske kostar tid og krefter
på, ei gudsteneste. Det same er også alt
som gror og veks på åker og eng. I tillegg
utgjer alt godt og flott resultat eit Guds
JA til oss, - eit synleg og signande merke over livet vårt. Sanneleg er det ikkje
uklokt å nytta hausten som takketid for
Guds velgjerningar mot oss. Dette sømer
seg i det korte livsperspektivet vårt og avspeglar visdom til å telja dagane våre. For
oss menneske er det også nemleg fastsett
ein haust (Hos. 6,11).
Kjære Vindafjordingar: Må takketonen få
fylgja vår haustlege vandring!
Harald Eintveit
Redaksjonspennen
På pilgrimsvandring til Spania
Av Steinar Skartland
I ei tid med sommar og ferie skulle
dagane vore prega av glede. Ei terrorhandling endra kvardagen vår, men
då er det godt å oppleve at folk svarar med omsorg for kvarandre. Dei få
som ropa på hemn vart overdøyvde av
dei som la ned blomar, gjekk i fakkeltog og viste medkjensle. Det er ei god
side som nordmenn viste. ”Du skal
elska nesten din som deg sjølv” står
det i Bibelen. Vårt samfunn er bygd
opp på dei kristne verdiane. Nå fekk
kyrkjene opna dørene sine og visa seg
som ei trøystande kyrkja. Og det norske folk som eit trøystande folk.
Inni mellom all nyheitsdekninga av
denne tragedien kjem små glimt frå
andre verdsdelar. Millionar av menneske som svelt og vert forfylgde.
Menneske som ropar om hjelp. Menneske som slåss for sin fridom. Men
ropa deira når ikkje fram fordi media
er fokusert på vårt eige. Vi må ikkje
gløyma dei der ute. Dei er òg nesten
vår. Ufatteleg mange born svelt i hel
kvar dag. Dei er på vandring og leitar
etter ein ny heim med mat og fred. Ser
du dei?
Andre søkjer gode opplevingar og
indre fred gjennom retreat og pilegrimsvandring. Ut i Guds skaparverk
på store eller små turar. Til stemnemøte på Vikestølen, prostidag og
vandring i Imsland, deltaking på leir
og stemne, eller historiske vandringar på dei gamle stigane i Europa.
Mykje av dette dreier seg om å søkja Gud. Koma bort frå kvardagen,
få ro i sinnet og nye kraft. Eg vonar
du har fått nye krefter gjennom denne
sommaren, trass i det vonde. Krefter
til å ta fatt på nye oppgåver. For ein
del kjem oppgåvene gjennom val til
styrer og råd. Kyrkja inviterer alle
medlemar som er 15 år eller eldre til å
delta på valdagen 12. september. Det
er ditt bidrag i demokratiet og til styre
av kyrkjene. Vi vonar du tek ut på ei
vandring denne dagen. Ei ferd som
endar i vallokalet, både for det kommunale og for det kyrkjelege. Du er
velkomen – vi treng di deltaking.
Godt val og god vandring.
Ein pause før me går over grensa til Castilla & Leon
Av Jone Hatteland
Pilgrimsvandring i Sør-Europa har fått aukande interesse i bygdene våre dei siste åra. I
sommar gjekk Anne Bjørg Bakke, Kjell Sigmund Bakke, Linda Hatteland og Jone Hatteland pilgrimstur frå Frankrike til Spania.
Jone fortel frå turen:
Me var fire som hadde bestemt oss for å gå
denne pilgrimsturen fra Saint Jean Pied de Port
til Santiago de Compostela, ca. 800km på 34
dagar. I tidligare tider var det som oftast religiøse årsaker til folk si pilgrimsvandring. Den
lange turen, og ikkje minst endestasjonen, var
ei reise mot reinsing, fornying og helbreding.
Nå går mange turen av spirituelle grunnar, eller for å nyta naturen, andre berre for å testa ut
eigne krefter. Mange, som står føre store vegskilje i livet og skal ta viktige avgjerder, går seg
rett og slett fram til svaret. Pilgrimsturen er
like mykje ei indre reise som fysisk forflytting,
seier mange.
Den 80 mil lange turen, som går på høge fjell
og djupe dalar over dei spanske (Baskiske) Pyreneer, er ei av verdas mest berømte pilgrimsferder som mange tek. Berre frå Saint Jean Pied de
Port, starta mellom 700 -800 personar kvar dag i
mai månad! Likevel er det ikkje ofte det vrimlar
av pilgrimar. Nokre gonger så kan det virke som
vi går på rekke, men så løyser det seg opp og du
kan vera heilt åleine på enorme område.
Me trefte mange utruleg spennande menneske, folk frå heile verda som eg regner med
å ha kontakt med resten av livet. Her får dei
dekka alle dei historiske og kulturelle behov
ein har, og er du religiøs så blir det bonus også.
Fantastiske bygningar, kyrkjebygg, katedralar
som er bygde frå vikingtida og opp til i dag.
T.d. katedralen i Burgos som den meste fantastiske. Bruer frå middelalderen og heilt ned til
Romartida som er i full bruk ennå, berre fantastisk... Her er byar som Pamplona, Logrono,
Santo Doming de La Calzada, Burgos, Leon,
Villafranca del Bierzo, Astorga og Ponferrada,
som eg kjem til å besøka igjen. Eller gå turen
om igjen og bruka noko meir tid?
3
Katedralen i Santiago de Compostela
Me fekk mange flotte natur opplevingar og
over Pyreneane eller over fjella i Galisa, er det
mykje som minner om Noreg. Her var enorme
sletter og dyrking av forskjellige kornsortar i
Castilla & Leon, eller nær berre vin produksjon i La Rooja samt fleire forskjellig i kongeriket Navarra. Sjølve ruta var som ei blomster
eng, svært vakker... Turen byr og på god mat og
overnatting i frå felles rom til luksus hotell, alt
etter behov.
Endestasjonen “Santiago de Compostela”
har ein imponerande katedral der ligg også
leivningane til Apostelen Jakob (Jesu disippel)
i eit sølv skrin... Kva som ligg oppi der er vel eit
anna spørsmål, men dei påstår det, og då blir
det ein spesiell oppleving. Elles er det messe
fleire gonger til dagen her, men seremonien
med røykelse er berre ein gong i mellom.
Me fire hadde ein fantastisk tur. Eg tar gjerne turen på nytt, og kan anbefala den til alle
som er interessert i historie, kultur etc... og
ikkje minst alle nye kontaktar og sosialt samvær med mange forskjellige personar som var
interessant og fornyande.
(Tekst omsekreven av redaktøren)
Klokkar Brit Nelly N. Tveit, sokneprest Johannes Nedrelid, Bjarte Brendsdal med vesle Adrian, Camilla Moe, Jan Erik Moe,
Stine Brendsdal og Katrine Moe.
Dåp og Gudsteneste i parken
Av Steinar Skartland
Dåp og vigsel med Himmelen som tak
30. juli var det vigsel av brudepar her, og
søndag 14. august inviterte sokneprest
Johannes Nedrelid til misjonsgudsteneste med dåp i parken, like nedanfor kyrkja
i Vikebygd. Her er ruinar etter den førre
kyrkja i Vikebygd. Det er ikkje mange
stader utandørs som er godkjente for liturgiske handlingar, men i Vindafjord er
her to: Parken i Vikebygd og Vikestølen.
- Gudstenesta blei akkurat ferdig i tide
før regndråpane kom. Johannes var prest
og Juri spelte, fortel Arne Tveit som
talde heile 41 frammøtte. Dette var den
første barnedåpen Johannes Nedrelid
hadde i friluft sidan misjonstida hans i
Kamerun.
Familien Moe-Brendsdal valde friluftsgudsteneste i Vikebygd som ramme
for dåpen av vesle Adrian. – Dette var
heilt fantastisk. Alle var så fornøgde
med dåpen, fortalde bestemor Synnøve
Brendsdal etterpå.
Berre eitt brudepar har tidlegare nytta
parken her til bryllaup etter kyrkjebrannen. Vi gratulerer ekteparet og vonar dei
får eit flottt og rikt samliv.
Bryllaup i det fri
Dei let seg ikkje stoppa av at kyrkja var
stengd for vedlikehald. Laurdag 30. juli
knela Elin Sætre og Henning Flæte Andersen på kvar si pute i kyrkjeruinane av
den fjerde kyrkja i Vikebygd. Sokneprest
Martin Ivar Arnesen la hendene på dei og
bad for brudefolket som valde å bli vigde
til ekteskapet i parken nedfor kyrkja. Det
er ikkje dagleg kost at brudemarsjen tonar frå orgel her i det fri. Berre eitt par
har nytta parken tidlegare, men det var
sjølvsagt bryllaup i kyrkja som stod her.
Vi gratulerer ekteparet og vonar dei får
eit flott og rikt samliv.
Vandringa til Vikestølen
Av Steinar Skartland
Gjennom 111 år har folket frå dei 5
kyrkjesokna: Ølen, Bjoa, Vikebygd,
Skjold og Vats, vandra opp til Vikestølen
ein sumarsdag. 26. juni i år var det sjømannsprest Rune Birkeland som skulle
få forkynna ordet om Jesus. ”Kommer
hit til mig alle I som arbeide og er besværede og jeg vil gi eder hvile,” står det
på støtta på den gamle stemnestaden.
Dette vart utgangspunkt for talen.
Rune, som har sjømannskyrkjene i Kina,
Japan, Korea og Mongolia som prestegjeld, har og gjort teneste både i Nordsjøen og på Gran Canaria. Nå er det siste
hausten hans i denne tenesta før pensjonist tilværet. Sjølv om det var fleire
andre stemne samstundes så var det om
lag 40 som vandra oppover fjellvegane
mot stølen. Her fekk dei lytta til ordet,
delta i songen og treffa vener i same
4
ærend. Det er noko særskild dette å møtast her – i Guds frie natur. Så måtte vi
også minnast dei som ikkje lengre kan
koma. Som har fått reist heim. I år var
det veteranen Magnus Sørhus. Han vart
97 år, og få har fått med seg så mange
Vikestølsmøte som han fekk. Om Gud
vil – så møtest vi på stølen igjen neste
sommar. Det blir som ein pilgrimsvandring i Vikefjella.
Mange kom til storsamlinga.
Indremisjonssamskipnaden:
Vellukka storsamling i Ølen
Av Arne Borgemyr
Indremisjonssamskipnaden hadde
lagt si storsamling til Ølen den 24. –
26. juni. Sist samlinga var i Ølen, var i
2003. Årsmøtet samla nærare hundre
utsendingar frå Sunnhordland i sør til
Voss i nord til forhandlingar, økonomi
og val. Edmund Thormodsæter vart
attvald som formann i Samskipnaden.
Men samlinga er ikkje bare for utsendingar, og fleire hundre menneske tok del
i det rikhaldige utval av konsertar og møte
for store og små. Brandøy var fullt belagt,
og ein del kom i bubilar. For mange er
det viktigaste å møte kjende og oppleve
åndeleg fellesskap og oppbygging.
Oskar Feed er lokallagsformann i Ølen
Indremisjon og var leiar av hovudkomi-
teen. Han kan fortelje at mange friviljuge
var med i planlegging og gjennomføring
av dette store arrangementet. Og dei har
fått løn for strevet: Det er kome mange
gode tilbakemeldingar om at dette vart
eit sers vellukka stormøte både praktisk
og ut frå åndeleg utbytte. Også veret var
på arrangørane si side. Feed nyttar gjerne
dette høvet til å takke alle for innsatsen.
Samskipnaden hadde engasjert mange
deltakarar til samvera. Hovudtalar var
forsamlingsleiar i Betlehem i Bergen,
Gunnar Ferstad. Han fekk gje tilhøyrarane mykje ut frå Guds Ord. Sundag
føremiddag vart det eit særleg alvorleg
møte med teksten for dagen.
Eit husorkester frå Kvam i Hardanger
stod for musikken, og dei var også forsongarar. Elles deltok Sveinung Ander-
Oskar Feed
sen og Nancy Sangolt med solosong og
Sunnhordlandsmusikken med god, tradisjonell song.
Sommaraktivitet på Lundeneset
Sommartreff
Straks skuleferien begynte inntok 136
deltakarar mellom 13 og 16 år Lundeneset. Denne ”stor-leiren” er allereide blitt
tradisjon, og blir arrangert av NLM Ung
(Misjonssambandet) i samarbeid med
Lundeneset. Leiren varte i fem dagar,
og over 50 leiarar var med. Hovudtema
i år var kort og enkelt ”Jesus”, og gjennom bibeltimar, kveldsmøte og seminar
fekk deltakarane god Jesus-forkynning, i
tillegg til frisk song og musikk og andre
innslag. Dagane var elles fulle av ulike
aktivitetar som t.d. teambuilding, fotball
og vannsport.
Vi over 60
Også i sommar vart det arrangert ”Vi over
60” på Lundeneset, fem dagar (29.06.-
03.07.) med forkynning i hovudfokus. 80
personar deltok i år. Hovudtalarar var Ola
Tulluan, Nils Kåre Strøm og Haldis Reigstad. Det blei eit gildt og godt stemne,
med god forkynning, mykje god song og
musikk og fine sosiale samvær. Fleire ut5
trykte at dei hadde fått mykje for både sjel
og lekam, og at Den Heilage Ande var
nær på samlingane. Det blei m.a. arrangert tur med omvising i Imsland. I tillegg
var dei sprekaste på fjellturar frå Eikås til
Dueland og i Vakadalen.
Paul G Haarr - Til minne
Frå Vats kyrkjelyd ved Jørgen Landa
Song
Tone: Skal vi møtes hist ved floden
Haarr vår gode prest er borte
no er reisa slutt på jord
Åra dei vart ikkje korte
Mange var dei her i nord
No han har
Sett eit far
For oss alle til å følgja
Slik at me på livsens bølgja
Finn han att i herlegdom
Karen og Paul G Haarr på jubileumsfesten for julemessa i 2001
Skjold og Vats
Første oktober 1975 tok eg over som sokneprest i Skjold. Der fekk me 15 rike år. Skjold
og Vats var solide misjonsbygder. Frå gamalt
av var der kvinneforeningar for misjonen i
kvar grend.
Kona mi skipa jentelag, gutelag og etter
kvart tenåringslag for misjonen. Desse laga
heldt til i prestegarden. På den årvisse julemessa, som kom i gong, lyste valgspråket for
laga : ”Frå Skjold til jordens ender”, frå podiet i Isvik bedehus.
Etter kvart kom og kvinneforeningane med
i messa. Nå er det dei som driv henne.
Til Kamerun att
Under teneste i Skjold hadde me to korte periodar i Kamerun. Det var trusstyrkjande å
sjå korleis Guds rike hadde gått fram på dei
14 åra me hadde vore i Norge.
Siste perioden hadde me ca kr 14.000,- frå
avskjedsfest og private gåver. Desse pengane
vart til aluminiumstak på 4 kyrkjer til stor
glede og nytte
Når me nå ser attende på tenesta sit me att
med ei stor takk til Han som kalla og ga oss
kraft og mot til å tene Han gjennom livet.
Han åleine æra. Amen.
Karen og Paul G Haarr
BASAR
Nedre Vats Helselag lagar til basar på Kårhus Bedehus fredag 16. sept. Kl 19:00
Andakt: Jens Tveit Bevertning, Song. Velkommen
Demensaksjonen 2011
Nedre Vats Helselag har bøsseinnsamling i veke 38 (19.-25. sept.) Ta vel imot oss.
Familiegudsteneste på Motorbanen i Vikedal
Den årlege gudstenesta på Motorbanen blir søndag 18.september kl. 11.00 v/ vikarprest
Bjarne Hjelvik. Konfirmantane frå Vikedal deltek • Offer til Ungdomsklubben i Vikedal •
Sporleik for borna. Etter gudstenesta blir det salg av pølser, kaffi og vafler. Me ynskjer store
og små velkomen til Motorbanen
VELKOMMEN TIL RETREAT
På Utstein Pilgrimsgard 24. – 26. september. Dei 7 første som melder seg, kan betale etter
evne, frå kr 1000 – 1600. Dersom det er fullt på Pilgrimsgarden, kan vi undersøke om det er
ledig rom til kr 600 pr. natt på hotellet som ligg i 5 min. gåavstand.
Påmelding seinest 10.09 til: Solveig Strandenæs,
e-post: ruthsolveig@gmail.com eller på telefon 45235792/51586588.
STILLE DAG:
Laurdag 10. september i Bekkefaret kirke kl. 11 – 15. Dagen startar kl. 11 med gudsteneste,
held fram med Jesusmeditasjon, felles lunsj og til slutt ein liten samtale rundt teksten. Ta med
6
mat. Kaffe/te vert servert. Inga påmelding.
Der er målet for oss alle
Der me samlast skal ein dag
Om me Jesus kan få kalle
Som ein frelsarmann på lag
Det Han vil
Så ver snill
Livet gi til livets herre
Då du blir ein syndar berre
Som har fred i Jesu blod!
Dette var det Haarr forkynte
I den tid me var i lag
Og han kyrkja vel forsynte
Så me reint gjekk over stag
Ånd og liv
Dei sa bliv
Vekkjingane berre uldra
Vanskane dei berre smuldra
I den fridommen me såg
Ja, i femtan år me hadde
Våres kjære prestemann
Om me minneboka bladde
Vil me finna dette land
God og snild
Og så mild
Jau, han gav oss av sitt beste
Der han viste til det festet
Me i Bibelboka har
Han med kallet aldri stridde
Misjonær han ville bli
Ja, ei bestemor vel stridde
For sitt barnebarn ei tid
Ut han for
Verda stor
Kamerun det vart det beste
Her han fekk sitt gode feste
Her han fann velsigninga
No me alle sit her eine
No me fattige er blitt
Men om me må gå åleine
Skal me eingong møtast att
Ja me ser
Snart det skjer
Då me rykkast skal i skyer
Dette er dei store vyer
Herrens venner alltid har
Kyrkjevalet 2011 - Vindafjord
Det stundar nå mot kyrkjevalet og
som ved sist høve er det val både til
sokneråd og bispedømmeråd.
Kandidatar til Skjold sokneråd
FØREHANDSRØYSTING skjer først
og fremst på kyrkjekontora i Vikedal,
Ølen og Skjold i dei vanlege kontortidene på desse stadene.
Oddbjørn Mangrud 36 år
Rekneskapsførar. Ei inkluderande kyrkje, at folk i alle
aldrar kjenner seg heime, at alle kan få bruka nådegåvene
sine, låg terskel for søkjande, synlighet i kvardagen.
I Vikebygd kan ein også førehandsrøysta for Vikebygd sokn i Vikebygd
Landhandel i vanleg opningstid.
Ottar Krakk 43 år
Barnevernleiar.
Barne- og ungdomsarbeid, gudstenester og utviding av
gravplassar.
Ein kan også gjera avtale om førehandsrøysting utanom desse stadene og/eller
til andre tider ved å kontakta Kyrkjeverja telefon 52767385 / 97764146.
Karianne Dagsland 22 år
Ungdomsarbeidar. Gudstenesteliv, barne- og ungdomsarbeid
og universell utforming/tilrettelegging.
Øystein Kalstveit 61 år
Byggeleiar/tømrar. Song- og musikkutvikling, at
kyrkjelyden syng, korsong og konsertar, snu stolrekkjene,
vedlikehald av kyrkja.
KYRKJELEG MANNTAL er tilgjengeleg på kyrkjekontora i vanleg kontortid.
RØYSTESTADER OG RØYSTETIDER valdagen 12. september er dei
same som for kommunevalet.
Asle Kvitno Dagsland 37 år
Sjølvst.næringsdrivande
VALKORT – me viser også til tilsendt
valkort med m.a. informasjon og liste
over kandidatar til både sokneråds- og
bispedømmerådsvalet.
Jarle Kringlebotn 39 år
Lærar
Sølvi Søreide
Farmasøyt
Liste til val av
sokneråd i Vikedal
36 år
Endre Stople 62 år
Sjåfør. Eg vil arbeida for at kyrkja kan vera ein stad der
både unge og eldre kan føla seg heime, veksa som kristne
og få møta Jesus gjennom forkynninga.
Det var feil i lista som var på trykk i nr
3 av Hyrdingen. Her er den rette:
Geir Tore Sørhus 28 år
Servicemekanikar
Ungdomsarbeid, nytenking, G17 og musikk.
Geir Torkel Roaldkvam
Andreas Rosså
Hilde Karin Vetrhus Langballe
Bjørg Ågådt Djuvik
Lillian Irene Berget Eikeland
Halldis Johanna Hustveit
Bjørg Gunn Opsal
Tjerand Selland
Herdis Pedersen Signy Tveit Fosen
on Bjarte Aarekol Anne Liv Gjerde Imsland
Kjell Vormestrand Helge Frøland
Rune Nes Inger Olaug Sandvik
Sigve Skeie
Evelyn Rabben Hustveit 37 år
Bakerimedarbeidar
Barne- og ungdomsarbeid.
Kjetil Nesbu 33 år
Politibetjent. Tilrettelegging for barnefamiliar, ivareta
dei unge og jobbe mot fråfall, gjere tilbodet til eit
lågterskelnivå, bidra til eit positivt og utviklande
arbeidsmiljø for dei involverte og tilsette i kyrkjelyden.
Anne Kristine Lilleskog Andersen
Rektor Vindafjord kulturskule
Gustav Magnus Frøyland
Lærar
7
62 år
54
Krossberaren går føre pilgrimsfolket.
Trusvandring og gudsteneste i
Imsland Kristi Himmelfartsdag
Av: Theodor Imsland
Kristi Himmelfartsdag 2. juni vart det
halde felles gudsteneste for heile prostiet
i Imsland kyrkje. Før gudstenesta vart
det arrangert ei trusvandring frå bygdahuset oppe i Ølmedal og ned til kyrkja.
Begge deler vart ein stor suksess trass i
at vermeldingane ikkje var dei beste.
Då vandringa starta kl 10, var mellom 150 og 200 møtt fram, både store og
små. Her var seks postar underveis med
ulike aktivitetar, deling av tankar rundt
eit tema og lesing av eit bibelord. Ein
fekk laga seg kors til å festa på kleda,
spikka vandringsstav, og ein fekk boller
Prosesjonen kjem inn i nesten fullsett
kyrkje.
og saft på ein post. På andre postar skulle
barna finna bøneemne og dei skulle læra
å dela når dei fekk noko godt.
Til alt hell var det stort sett opphald
under heile vandringa, slik at alle kom
tørre til gudstenesta kl 12. Her gjekk alle
geistelege, ministrantar frå Imsland og
born i prosesjon inn i kyrkja, kor over
250 hadde møtt fram. Born frå koret
”Kids of Joy” frå Ølen song for oss. Tidlegare biskop i Bjørgvin, Ole D. Hagesæther, heldt ein fengande tale som han
også kobla til bileta i altertavla vår.
Etter gudstenesta var det matøkt nedanfor kyrkja med grilling av medbrakt
og sal av pølser og is. Diverre kom regnet. Ein del søkte ly i bedehuset, men
dei fleste hadde kledd seg etter veret og
sat ute. Etter matøkta heldt biskop Hagesæther eit inspirerande foredrag rundt
temaet pilgrimsvandring. På grunn av
veret vart foredraget halde inne i kyrkja.
Imsland sokneråd vil takke utvalet for
”Pilgrimsarbeid og retreat” og prost Øystese for at dei la dette arrangementet til
Imslandkyrkja. Det passa svært godt i
eit år kor kyrkja er 150 år. Spesiell takk
til Ingerid Aadland og kateket Britt Karstensen for opplegg og gjennomføring
av trusvandringa.
Alle geistelege og ministrantar samla før inngangen. Ein ser sokneprest Harald Eintveit bak og biskop Ole D. Hagesæther, prost Arne O. Øystese og kyrkjetenar Olav
Eikeland til høgre. Elles deltok prestar frå prostiet og konfirmantane.
8
Imsland kyrkje 150 år
Den nye kyrkja i Imsland vart vigsla 18.
september 1861 og fyller 150 år i år.
Kyrkja vart bygd midt i vervartida med
stor aktivitet i heile området og optimistisk syn på framtda. Ho vart difor stor og
rommeleg. Imsland sokn er vel eit av få
sokn kor alle sokne-lemene kan få plass i
kyrkja samstundes.
Den gamle kyrkja var privat eigd og
vart overteke av ”sognets almuge” i 1856.
Her var to eigarar, og dei betalte kvar 200
riksdalar for å bli kvitt henne. Dette var
startkapitalen til ny kyrkje. Teikningane til
kyrkja kom frå departementet januar 1860,
og soknestyret godkjende desse med mindre endringar. Til byggjenemnd vart vald
Johannes Rogletvedt, Steffen Johannesen
og Halvor Halvorsen. Steffen Johannesen
flytte or bygda nokre år seinare og brukte
då navnet Lyngholm. Han er oldefar til
Bjørg Lyngholm Hjelvik, kona til tidlegare sokneprest Bjarne Hjelvik.
For å finansiere bygginga av kyrkja vart
det innført pliktarbeid og det vart skrive ut
ekstra skatt i fleire år. Ho kosta vel 2000
dalar.
Kyrkja i Imsland er listeført av Rikantikvaren. Det vil seia at der er strenge reglar
for å gjera endringar på bygg og innreiing,
og alt skal godkjennast av riksantikvaren.
Kyrkja gjekk gjennom ei stor oppussing
og restaurering innvendig til 100-årsjubileet, og framstår ennå som å vera i god
stand inne. Vi har fått ei ekstraløyving på
200.000,- frå kommunen til jubileet, og det
er samla inn godt over 100.000 kr frå bedrifter og private. Noko av dette blir brukt
til å friska opp litt maling som er slete innvendig, og ein vil skifta ut golvteppet. Den
gamle altertavla frå 1756 er blitt reparert
ved Stavanger museum, og ein har fått undersøkt ulikskap mellom opprinneleg mo-
tiv og oppattmalinga som vart gjort i 1912
ved bruk av røntgen. Vi har ennå nokre saker vi vil ha gjort, men nokre av desse må
utstå til etter jubileumsfeiringa.
Jubileumsfeiringa
Feiring av jubileet vil skje med festgudsteneste søndag 25. september kl 11.00. Her
vil biskop Erling J. Pettersen vera tilstades
saman med prost Arne O. Øystese og sokneprest Harald Eintveit. Vi har ogå invitert
tidlegare prestar i prestegjeldet og nåverande og tidlegare tilsette.
Etter gudstenesta inviterer soknerådet
alle gjester og medlemmer i soknet som
er tilstades til middag og festleg samvere
på bygdahuset i Ølmedal.
Jubileumskonsert
Laurdag 24. september kl 19.30 blir det
halde jubileumskonsert i kyrkja.
Konserten er basert på melodiar
og tekstar som er
samla, arrangert
og presentert av
Ingebrigt Bjelland i boka ”Folkeleg musikk i
Rogaland”, som
kom i fjor. Med
boka følgjer også
to CD-ar med
innspeling av ein
del av verka. Ingebrigt Bjelland , eller
Bitt Bjelland som er namnet Imslandsbuane kjenner best, er fødd i Imsland kor mor
hans ,Inger Bjelland var organist i 47 år
og far hans, Oluf var lærar i bygda og var
klokkar i over 20 år. Ingebrigt Bjelland har
undervist i musikk, lengst ved Høgskulen-, nå Universitetet i Stavanger.
Musikk og song på konserten femner
over alt frå salmar, songar, lokale brureslåttar og skjemteviser.
9
Til å framføra desse har vi fått med oss:
Rannveig Westvik Skiri, song.
Ho er utdanna i klassisk song.
Hans Petter Hansen, song.
Kjent artist med tilknytning til Imsland.
Per Sigmund Rettedal, song.
Han er vokalpedagog i Sandnes.
Torunn Rønnevik, song.
Vår eigen dyktige songar.
Eirik R. Stangenes, filolin.
Fiolinist i Stavanger Symfoniorkester.
Dessutan vil søstrene til Ingebrigt,
Bjørg Torland og Olaug Bjelland Jacobsen delta.
Vår eigen kantor Juri Kotkovitch vil
stå for musikken på orgel og piano.
Ingebrigt vil dessutan fortelja litt om
bakgrunnen for kvar song/melodi.
Vi ynskjer alle velkomne til denne
spesielle konserten. For dei som ikkje er
spesielt inviterte, må vi ta kr 200,- i inngangspenger for vaksne, kr 100,- for barn
mellom 12 og 16 år. Gratis for yngre barn.
Jubileumsbok
Soknerådet avgjorde tidleg at dei ville
utgi ei bok til jubileet. Dei sette ned ei
nemnd som har arbeida flittig i lengre tid.
Nå er manuset sendt til trykking og boka
vil er klar tidleg i september.
Tittel på boka er ”Imsland kyrkje 150
år” med undertittel ”Kyrkje og kristenliv
i soknet gjennom tida”
Boka vil bli lagt ut for salg ved konsert
og jubileumsmiddag, og vil bli selt hos
lokale bokhandlarar og i bank og butikk i
Imsland. Du kan også ta kontakt med medlemmer i soknerådet.
Imsland sokneråd
Kandidatar til Stavanger bispedømmeråd
og Kyrkjemøtet
ALLE MEDLEMMAR OVER 15 ÅR KAN STEMMA
Val nær av kommune- og fylkestingsvalget, 11. og 12. september.
Namn:
Leif Christian Andersen
Yrke:
Sjukepleiar
Erfaring:
Stavanger bispedømmeråd. Ungdommens Kyrkjemøte. Ungdomsdelegat på Kyrkjemøtet. Ressursgruppe
for gudstenestereform. Varamedlem i kommunestyret og medlem av kommunale utval i Vindafjord.
Speidar, korps og ungdomsarbeid.
Engasjement:
Det er fantastisk å oppleva barn, ungdom, vaksne og eldre som er med i det flotte arbeidet som finn stad
rundt omkring. Barne- og ungdomsarbeid engasjerer meg. Dessutan er eg oppteken av dei svakaste i
samfunnet. Me må vera til stades for dei mange som ikkje har ein god kvardag.
Korleis
styrka
kyrkja?
Kyrkja står alt no sterkt i Norge. Mange kan visa til gode møte med representantar for kyrkja. Me må vera
flinke til å profilera alt det gode kyrkja gjer i lokalsamfunna, og då vil me òg styrka kyrkja.
Namn:
Reidun Bakkane
Yrke:
Pensjonist
Erfaring:
Leiar, Kyrkjelig Fellesråd. Leiar og medlem av sokneråd. Leiar av konsert- og kulturutval. Frivillig
medarbeidar i dåpsskule. Politisk aktiv i Kristeleg Folkeparti og meddommar i Gulating lagmannsrett.
Engasjement:
Å kunne vera med å leggja til rette for møteplassar der trua kan veksa, spesielt trusopplæring for barn og
unge.
Korleis
styrka
kyrkja?
Dei mange oppgåvene og moglegheitene kyrkja har vil krevja fleire tilsette og eit større engasjement av
frivillige. Det er eit skrikande behov for større satsing på det diakonale arbeidet. Mange einsame, spesielt
eldre, vil kunne få betre livskvalitet ved for eksempel eit jamleg besøk frå diakonien i kyrkjelyden.
Namn:
Silje Arnevik Barkved
Yrke:
Teologistudent
Erfaring:
Ungdomsrådet i Stavanger bispedømme. Delegat på Ungdommens Kyrkjemøte,
3 år som delegat til Kyrkjemøtet frå Ungdommens Kyrkjemøte.
Gudstenesteutvalet i Lura menighet. Mange års erfaring frå ungdomsarbeid.
Engasjement:
Konfirmantarbeid! Å sjå ungdom, så ulike som dei er, bli utfordra på tru og tanke. Å oppleva kreativitet og
nysgjerrighet i møte med evangeliet. Eg trivst dessutan med sakspapir og plenumsdebattar, så rådsmøte
skapar stort engasjement hos meg.
Korleis
styrka
kyrkja?
Me bør gjera det me kan for å skape engasjement i dei lokale kyrkjelydane. Folk skal få oppleva at Guds
ord blir forkynt med glede. Kyrkja skal framleis driva utadretta diakonalt og sjelesørgjerisk arbeid og visa
nestekjærleik i praksis.
Namn:
Gyrid Espeland
Yrke:
Seksjonssjef
Erfaring:
Stavanger Bispedømmeråd. Landsrådet og styret i Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon. Kyrkjelydskomite og
sokneråd, Eigerøy. Menighetsrådet i Egersund. Kyrkjeleg Fellesråd. Nettverk for kvinner i Dalane. Styret i
Dalane folkemuseum. Styremedlem i Tekna, avdeling Stavanger. Teknas etiske råd.
Engasjement:
Eg blir engasjert når menneske blir Jesu disiplar, gudstenestene er relevante, barne- og ungdomsarbeidet
svinger og dei som er sjeldan i kyrkja får lyst til å koma tilbake.
Korleis
styrka
kyrkja?
Gud vil i sin kjærleik ha fellesskap med alle. Kyrkja skal visa dette i praksis, gjennom kyrkjeliv og
samfunnsengasjement. Konfirmantane må få relevant undervisning. Det er lov å vera underveis og vera
aktiv i kyrkja. Tankar og tru er ikkje svart-kvitt for dei fleste av oss.
Alder:
Alder:
Alder:
Alder:
10
26 år Sokn:
71 år Sokn:
25 år Sokn:
58 år Sokn:
Bekkefaret, Stavanger Domprosti
Gausel, Ytre Stavanger prosti
Lura, Sandnes prosti
Eigerøy, Dalane prosti
Kandidater til bispedømmerådsvalget
i Stavanger bispedømme
Namn:
Liv Hjørdis Glette
Yrke:
Adjunkt
Erfaring:
Varamedlem, soknerådet i Vår Frelsers menighet. Medlem av undervisningsutval. Engasjert i
trusopplæringsprosjekt. Aktiv i KFUK/KFUM-Speidarane som gruppeleiar, i kretsstyret, i leirkomité og det
nasjonale misjonsutvalet og programutvalet. Kateket.
Engasjement:
Eg blir engasjert av trusopplæring for barn og unge, undervisning for vaksne, gudstenesteliv, omsorg for
andre lokalt eller gjennom for eksempel Kirkens Nødhjelp.
Korleis
styrka
kyrkja?
”Store hendingar” som dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferd må vera gode opplevingar som gjer at folk
vil koma tilbake til kyrkja. Uansett situasjon må ein arbeida for at møtet med kyrkje, kyrkjelyd og prest må
vera bra. Kyrkja må våga å vera til stades for menneske i ulike situasjonar.
Namn:
Marie Klakegg Grastveit
Yrke:
Økonomitrainee
Erfaring:
Leiar i ungdomsrådet i Frøyland og Orstad kyrkjelyd. Styremedlem i Fokus, ungdomsarbeidet i kyrkjelyden.
Leiar i konfirmantarbeid.
Engasjement:
Det er kjekt å sjå at menneske får liva sine forandra gjennom å møta Jesus, menneske som trur på Han og
kyrkja. Eg blir engasjert og inspirert av å samarbeida med andre om å finna gode løysingar på utfordringar
og når eg kan vera ein forskjell i nokon sitt liv.
Korleis
styrka
kyrkja?
Gje meir fridom til dei lokale kyrkjelydane. Styrka samarbeidet mellom kyrkjelydane slik at det blir enkelt å
utveksla erfaringar og kompetanse. Me treng rause kyrkjelydar som bidrar til lokalsamfunnet. Møtet med
Jesus skjer gjennom menneske som tør å gje av seg sjølv og sjå menneske rundt seg.
Namn:
Svein Helgesen
Yrke:
Seniorrådgjevar
Erfaring:
Statssekretær i Kyrkje-, forskings- og undervisningsdepartementet. Ordførar i Rennesøy.
Fylkesvaraordførar i Rogaland. Fylkesleiar Kristeleg Folkeparti, Rogaland. Leiar, styret for
Menighetsfakultetet. Leiar, Kristent Pedagogisk Forum. Leiar og vaksenleiar i student- og skulelag.
Engasjement:
Eg blir engasjert av å møta menneske som gjennom handling viser tru på at det nyttar å stå på for å gjera
livet betre for fleire, og av sjølv å vera med på å bli utfordra og berørt.
Korleis
styrka
kyrkja?
Å få endå tydelegare fram kjerna i evangeliet, slik det framstår i Bibelens sitt bilete av Jesus. Eg ønskjer
meir fokus på det som samlar enn det som skil, å byggja bruer framfor murar. Å styrka kjerne-kyrkjelyden
og å ta vare på eit ope folkekyrkjeperspektiv bør gå hand i hand.
Namn:
Liv Heidrun Skaar Heskestad
Yrke:
Medlem av leiargruppe
Erfaring:
Representantskapet i Vårt Land. Leiar / medlem i landsstyret for Norges Kristelege Student- og
Skuleungdomslag. Medlem i Rådet for Willow Creek Norge. Leiar, Lye forsamlingsstyre. Leiar i
gudstenesteutvalet for Lye Forsamlingshus.
Engasjement:
Eg blir inspirert av unge menneske med engasjement for å nå ut med den kristne bodskapen, brenn for å
hjelpa folk til gode samliv og familieliv og for moglegheitene gudstenestene gjev.
Korleis
styrka
kyrkja?
Kyrkja og kyrkjefolket må vera synlege i samfunnet og i samfunnsdebatten. Språk og formuleringar er
viktige når me uttaler oss. Kyrkja må opplevast som relevant for folk. Det trur eg ikkje handlar om politiske
standpunkt, men om dagleg levd liv.
Namn:
Arnhild Aano Høyen
Yrke:
Lærar
Erfaring:
Medlem av menighetsrådet, Stokka kirke. Mange år i Stavanger bystyre og kulturstyret i Stavanger.
Søndagsskulelærar. Leiar i barneklubb.
Engasjement:
Eg blir engasjert av dagsaktuelle tema kor kyrkje og samfunn møtast, og av kyrkja sine utfordringar i møte
med eit pluralistisk og sekulært samfunn og barne- og ungdomsarbeid.
Korleis
styrka
kyrkja?
Kyrkja må bli synleg i lokalmiljøet. Ho må fortsatt gje tilbod om seremoniar. Kyrkja kan godt uttala seg i
samfunnsspørsmål der det er naturleg. Ho må ikkje gå på akkord med si viktigaste rolle som trusformidlar
og med å forkynna den gode bodskapen.
Alder:
Alder:
Alder:
Alder:
Alder:
11
52 år Sokn:
26 år Sokn:
63 år Sokn:
60 år Sokn:
61 år Sokn:
Vår Frelsers, Haugesund prosti
Frøyland og Orstad, Jæren prosti
Mosterøy, Tungenes prosti
Time, Jæren prosti
Stokka, Stavanger domprosti
Kandidater til bispedømmerådsvalget
i Stavanger bispedømme
Namn:
Arne Jon Myskja
Yrke:
Salsdirektør
Erfaring:
Leiar i Nedstrand sokneråd. Orgelkomité, Nedstrand. Kontrollutvalet i Tysvær kommune. Formann i
Nedstrand Båtforening. Sekretær / Ten Sing sekretær KFUK/M.
Engasjement:
Eg er ein person som blir lett engasjert. Eg blir inspirert av møte med Gud og menneske gjennom
forkynnelse, musikk og kunst. Gode opplevingar i fellesskap gjev ønske om å skape noko saman.
Korleis
styrka
kyrkja?
Hjelpa kyrkjelydane å vera aktive medspelarar i lokalsamfunnet
Profesjonalisera kyrkjeleg kommunikasjon i media.
Namn:
Jakob Nærheim
Yrke:
Prosjektleiar
Erfaring:
Leiar i Vardeneset menighetsråd. Varamedlem i Grødem menighetsråd. Utval for naturleg
kyrkjelydsutvikling, Grødem. Leiar i Trondheim Kristelege Studentlag. Director – Occupational Hygene
Training Association, nasjonalt og internasjonalt. Voss kommunestyre, råd og utval.
Engasjement:
Korleis
styrka
kyrkja?
Alder:
Alder:
59 år Sokn:
44 år Sokn:
Nedstrand, Haugesund prosti
Grødem, Tungenes prosti
Kristi kjærleik og menneskets ondskap og vankunne skapar engasjement hos meg.
Gjennom å be og arbeide.
Namn:
Jon Lende
Yrke:
Seniorrådgjevar
Erfaring:
Klepp Kyrkjelege Fellesråd. Frøyland og Orstad sokneråd. Leiar/ medlem i styrer for forskjellige
aksjeselskap. Styreleiar, Frøyland barnehage. Styreleiar, Frøyland forsamlingshus.
Leiar av Frøyland misjonslag. Konfirmantgruppeleiar.
Engasjement:
Eg blir engasjert når menneske blir kjent med Jesus og kjem til tru, når eg erfarer Guds nærvær i
kvardagen i eige eller andre sine liv, når kyrkja utgjer ein positiv forskjell for menneske i både i kvardag og
fest, av ekte og ærlege møte med menneske og godt samarbeid mot felles mål.
Korleis
styrka
kyrkja?
Fokusera tydeleg på det som er kyrkja sitt oppdrag: Døypa og læra menneske å følgja Jesus.
Dette må gjerast på eit mangfald av måtar slik at bodskapen når inn og blir opplevd som sann, ekte og
relevant.
Namn:
Svein Arne Lindø
Yrke:
Omsorgssjef
Erfaring:
Leiar i Kyrkjerådet, Den norske Kyrkja. Medlem av Kyrkjerådet. Nestleiar, Stavanger bispedømmeråd.
Leiar, Riska menighetsråd. Medlem av representantskapet i Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon.
Engasjement:
Å bidra til at fleire finn sin plass i kyrkja.
Å bruka meg sjølv i kyrkjeleg arbeid.
Å bidra til at kyrkja blir eit trussamfunn med fri stilling i forhold til staten.
Korleis
styrka
kyrkja?
Det viktigaste er å gje barn og unge opplæring i kristen tru. Så må me få kunnskap om kvifor mange ikkje er
meir aktive i den lokale kyrkjelyden. Då kan me finna tiltak for å auka oppslutninga. Kyrkja sin bodskap må
handla om menneske sine liv, og me må oppmuntra kvarandre til å vera opne om tru.
Namn:
Elisabeth Sortland Sande
Yrke:
Psykiatrisk sjukepleiar/
prosjektleiar
Erfaring:
Sola menighetsråd. Sola Kyrkjelege Fellesråd.
Engasjement:
Eg blir engasjert av gudstenester med gode preiker som lyfter kvardagen inn i ein større og Gud-villa
samanheng, av salmesong og musikk og av å få vera ein del av eit mangfaldig fellesskap. Eg blir engasjert
av godt samarbeid og god leiing av dei oppgåvene som eg tar del i.
Korleis
styrka
kyrkja?
Kyrkja må vera oppteken av breiare og meir allmenne tema. Kyrkja må vektleggja toleranse for ulike syn
der det i dag råder usemje. Kyrkja må vektleggja den frivillige innsatsen i form av vegleiing og god
oppfølging av frivillige medarbeidarar.
Alder:
Alder:
12
Alder:
54 år Sokn:
58 år Sokn:
47 år Sokn:
Frøyland og Orstad, Jæren prosti
Riska, Sandnes prosti
Sola, Tungenes prosti
Kandidater til bispedømmerådsvalget
i Stavanger bispedømme
Namn:
Steinar Skartland
Yrke:
Marknadssjef og KS-leiar
Erfaring:
Vikebygd sokneråd. Fellesrådet. Vindafjord kommunestyre. Leiar, utval for oppvekst og omsorg. Bankrådet,
SR-Bank Ølen. Leiar, Ølen og Vindafjord KrF. Klokkar. Sundagsskulemedarbeidar. Leiar nasjonalt
økonomiutval, søndagsskulen. Formann for Årvik bedehus. Redaktør for kyrkjelydsblad.
Engasjement:
Eg likar å delta og ta eit tak der det trengst. Dugnad og samarbeid for å få til løysingar har ein dragande
kraft. Eg trivest når eg kan vera med å utvikla strategiar og planar, og kan sjå saker frå fleire sider.
Korleis
styrka
kyrkja?
Kyrkja er avhengig av tilliten ein får på bakgrunn av folk sine opplevingar. Me kan bli flinkare til å inkludera,
til å ta parti for dei svake og til å leggja til rette slik at folk kjenner seg heime. Kyrkja bør satsa på
leiartrening og rekruttering.
Namn:
Bjarte Skogøy
Yrke:
Systemutviklar
Erfaring:
Leiar, Hana menighetsråd. Medlem av Sandnes Kirkelige Fellesråd.
Engasjement:
Det som er ekte engasjerer meg.
Korleis
styrka
kyrkja?
Alder:
Alder:
53 år Sokn:
30 år Sokn:
Vikebygd, Nordre Ryfylke prosti
Hana, Sandnes prosti
Kyrkja må våga å vera seg sjølv.
Namn:
Tor Soppeland
Yrke:
Bonde
Erfaring:
Stavanger bispedømmeråd. Hjelmeland Kyrkjelege Fellesråd. Årdal sokneråd. Kommunestyret, Hjelmeland.
Formannskapet. Leiar, styret for Ryfylke energi. Styremedlem, Lyse Kraft. Styret, Normisjon Årdal.
Engasjement:
At Bibelen er viktigaste rettesnor for arbeid og forkynning, ikkje det som er “politisk” rett og at kyrkja kan få
behalda Carissimiprestane.
Korleis
styrka
kyrkja?
Alder:
63 år Sokn:
Årdal, Søre Ryfylke prosti
Kyrkja må vera klarere i sin forkynning av Guds ord til frelse.
Namn:
Ingebjørg Bjørklund Vignes
Yrke:
Undervisningsinspektør
Erfaring:
Hesby sokneråd. Leiar, Finnøy Kyrkjelege Fellesråd. Søndagsskulelærar. Arbeidsplasstillitsvald og
hovudverneombud.
Engasjement:
Eg blir engasjert av å kunne vera noko for andre, å høyra til eit ope og inkluderande miljø der alle blir
høyrde og av å vera med i team der utfordringar blir løyste gjennom samarbeid.
Korleis
styrka
kyrkja?
Eg ønskjer at gudstenesta skal vera ein møtestad for heile kyrkjelyden. Det må dessutan lagast fellesskap
der menneske samlast utanom gudstenestene.
Namn:
Jon Aarsland
Yrke:
Terapeut og leiar
Erfaring:
Kyrkjelydskomité, Rundevoll, Egersund. Prest i Nord-Norge. Eigersund kommunestyre. Varamedlem,
Fylkestinget i Rogaland og regional- og kulturutvalet i Rogaland fylkeskommune. Leiar i div. frivillige lag og
foreiningar.
Engasjement:
Barn og ungdom som er trygge i si tru og medvitne om sitt samfunnsansvar. Diakonalt arbeid, bl.a.
familievern og barnevern. Fordeling nasjonalt og internasjonalt. Arbeida for at fleire menn blir engasjerte i
Kyrkja sitt barne- og ungdomsarbeid. Møte med menneske som strever skapar lyst til å hjelpa.
Korleis
styrka
kyrkja?
Kyrkja er ikkje staten sitt religionsvesen, og må vera kyrkje. Me må tørra å vera kyrkje, òg motstrøms.
Vidareføra trusopplæringa. Konfirmantarbeid der foreldre blir trukke sterkare inn og med. Satsing på
seniorarbeid.
Alder:
Alder:
57 år Sokn:
50 år Sokn:
Hesby, Tungenes prosti
Egersund, Dalane prosti
Du finn meir informasjon om Kyrkjevalet og kandidatane på www.kyrkjevalet.no
13
ANNONSER OG KUNNGJERINGAR
SOS-chat. Ny tjeneste ved
Kirkens SOS i Rogaland
Hjemmefra, men ikke alene
Lundeneset VGS er en kristen privatskole i Ølensvåg.
Vi tilbyr Studiespesialisering, Medier og kommunikasjon,
Service og samferdsel og Påbygging til generell studiekompetanse.
HOS OSS FÅR DU KUNNSKAP OG VENNER FOR LIVET!
Internet er i dag blitt en sosial arena der mange, spesielt unge
under 25 år, lever sine liv. Kirkens SOS ønsker å nå unge
mennesker der de er og isteden for å snakke i telefonen, kan
de ”snakke ” med oss ved å skrive.
LES MER PÅ LVS.NO
Vil du redde liv?
Vil du redde liv?
Som telefonvakt/chatter hos
Kirkens
kan du/chatter
bidrahos
SomSOS
telefonvakt
til at andre
får
det
bedre,
Kirkens SOS kan du bidra
til atsom
andre
det bedre,
samtidig
dufårfår
samtidig
som
du
perspektiv på livet. får
5576 Øvre Vats Tlf. 52 76 73 10
perspektiv på livet.
Vi søker kvinner og menn over 20 år som selv ikke er i
en aktiv krise,
harkvinner
tid til åogbry
segover
og lyst
å utvikle
Vi søker
menn
20 årtil
som
selv ikkeseg.
er i
en aktiv krise,for
har tidfrivillige
til å bry seg og
lyst til å utvikle seg.
Innføringskurs
telefonvakter,
Innføringskurs
for frivillige
og for deg
som vil chatte,
startertelefonvakter,
i Stavanger
og for deg
som
vil
chatte,
starter
tirsdag 20.09.2010 i Stavanger
5576 Øvre Vats Tlf. 52 76 73 12
20.09.2010
Kurstid: dag tirsdag
10-13 eller
kveld 19-22
Kurstid:
dag SOS
10-13i Rogaland
eller kveldpå19-22
Kontakt
Kirkens
tlf.: 51
88 45Kirkens
15, mobil
70 995
Kontakt
SOS i971
Rogaland
på
e-post: rogaland@kirkens-sos.no
www.kirkens-sos.no
OG SAMKOME
GRAVSTEIN
GRAVSTEIN
Se vår
Se vår
store
store
utstilling,
utstilling,
ellerring
ring
eller
og be om
og katalog.
be om
Vikebygd Landhandel
AS
katalog.
Vil du ha mer informasjon?
Besøk http://lvs.no eller send LVS INFO til 2077
Vikebygd Landhandel AS
Tlf 53 76 91 69 - Faks 53 76 91 01
E-post: joker.vikebygd@ngbutikk.net
Tlf Se
76
91 69
- Faks
53 76 91 01
også
vår
hjemmeside:
Se53også
vår
hjemmeside:
E-post: joker.vikebygd@ngbutikk.net
www.skattkjaer.no
www.skattkjaer.no
Skattkjær Skiferindustri
Skiferindustri as
Skattkjær
as
Prim
5576 Øvre Vats
Tlf. 52 76 73 10
Årabrotsvn.
21, Kvala
Ørpetveitsvn.
59
Tlf.
4290
90
tlf.52
52 70
70 42
5576 Øvre Vats
Primærtjenesten Bjoa AS
Rep. av jordbruksredskap
og mek. verksted
Åpningstider:
Tlf. 52 76 73 10
ÅPNINGSTIDER:
Mandag-fredag kl. 07.30-15.30
TLF. 53 76 97 61
Mobil: 905 42 342 - Fax 53 76 92 80
Mandag-fredag
07.30-15.30.
Torsdag til kl. 18.kl.
Lørdag
stengt.
Torsdag til kl. 18. Lørdag stengt
14
Gravmonumenter
5576 Øvre Vats
Telefon: 52 76 73 12
Vi satser på høy kvalitet og hurtig levering.
Re
Mob
Gr
Vi satser
Vår rep
og s
Konta
FRÅ KYRKJEBOKA
Ølen
Døde:
12.05.2011Arna Kristine Heggen f.1914
22.05.2011Marthe Søndenå Lunde f.1938
12.06.2011Bergliot Eldholm. f. 1919
30.07.2011Erik Heggen f. 1917
08.08.2011Olav Reidar Hauge f. 1924
Døypte:
29.05.2011Mikkel Tvedt-Steinstø
12.06.2011Sofia Myhre Onarheim
12.06.2011Sebastian Søndenå-Maage
12.06.2011Magnus Aalmo
Vigde:
18.06.2011Marianne Dalaker og
Roger Miljeteig
09.07.2011Kristina Lodden og
Nils Andre Flatebø
23.07.2011Annbjørg Naterstad og
Andreas Våge
Bjoa
Døde:
15.05.2011Magnus Heggø
f. 1922
25.07.2011Kari Helena Sørensen f. 1927
Vigde:
28.05.2011Cecilie Miljeteig og
James David Mervyn Speed
Vikebygd
Døde:
16.05.2011Herborg Emelie Lie
03.06.2011Anders Alne 24.06.2011Kjell Hovda f. 1916
f. 1944
f. 1923
Døypte:
10.07.2011Sverre Steinar Bjerga
Vigde:
30.07.2011Elin Sætre og
Henning Flæte Andersen
Skjold
Døypte:
01.05.
22.05. 19.06. 31.07. Døde:
20.05. Christian Dahl-Saravia
Ella Skjold Kvigne
Sigrid Jæger Tveit
(Døypt i Mo kirke)
Dina Rødde,
Bjørnar Svendsen
Dåp:
05.06.
26.06. Døde:
22.07. 28.07. 30.07. Sigrid Hornenes Sørheim,
Severine Tjelflaat Sørheim
Viljar Matre
Marie Reimers Einar Eide
Jofrid Torstenbø f.1932
f.1942
f.1965
Imsland
Ingeborg Haraldseid f.1921
Vats
Døypte:
05.06. 19.06. 17.07. 07.08. Vigde:
11.06. 06.08. Døde:
29.06. Vikedal
Vigde:
06.08. Døde:
05.07. Aina Tillung og
Nils Petter Hustoft
Marit Reikerås f.1930
Sandeid
Ada Taletta Eidhammer Solvær
Vilja Innvær,
Sondre Helle
Silvia Velde,
Lucas Strand Jensen
Levian Olai Bauge
Anne Mai Jekteberg og Vegard Nordtveit
Renate Nordtveit og
Kristian Fosse
Svein Nordtveit f.1926.
Dåp:
12.06. Jenny Fludal,
Alf Tore Rørheim
03.07. Anna Løhaugen,
Vilde Holthe Owe,
Nils Olai Stava Helgevold,
Nikolai Langeland Nyheim
31.07. Johanna Håland Miljeteig
Vigde:
16.07. Eileen Mattingsdal og
Jonas Bergem
Døde:
02.07. Anna Tvedt Tokheim f.1920
11.07. Borghild Vegge
f.1917
25.07. Arne Ragnvald Vestbøf.1912
Møter OG KUNNGJERINGAR
Vågen Bedehus
September
Søndag 4.9
Onsdag 7.9
Søndagsmøte kl. 19.30. Georg Kallevåg (krinssekr. i Den Indre
Sjømannsmisjonen) talar og syng.
Bønnemøte kl. 19.30
Gudsteneste i Ølen kl. 11.00
Søndag 11.9
Søndagskafé på bedehuset kl. 16.00
Onsdag 14.9 Bønnemøte kl. 19.30.
Laurdag 17.9 Kyrkjetundag i Ølen frå kl. 11.00
Søndag 18.9 Gudsteneste i Ølen kl. 11.00
Søndag 18.9 Søndagsmøte kl. 19.30. Norsk Gideon blir med
Onsdag 21.9 Bønnemøte kl. 19.30
Søndag 25.9 Gudsteneste i Ølen kl. 19.00. Norsk Misjonsselskap
Onsdag 28.9 Basar kl. 19.30. “Enig og tro” kvinneforening (NLM)
Bibelhelg. Møte kl. 19.30. Øystein Persson talar. Astrid
Fredag 30.9
Persson syng.
Oktober
Laurdag 1.10
Søndag 2.10
Onsdag 5.10
Søndag 9.10
Onsdag 12.10
Søndag 16.10
Onsd. 19.sønd. 23.
Laurdag 22.10
Vikebygd bedehus
Sept. Torsd. 8.9 kl 19:30
Torsd. 8.9 kl 11:00
Torsd. 10.9 kl 15:30
Torsd. 24.9 kl 15:30
Torsd. 25.9 kl 19:30
Tysd. 20.9 kl 19:00
Okt. Fred. 7.10 kl 19:00
Torsd. 8.10 kl 15:30
Torsd. 13.10 kl 11:00
Torsd. 13.10 kl 19:30
Torsd. 22.10 kl 15:30
Torsd. 27.10 kl 19:30
Øvre Vats Bedehus
Orientmisjonen, v. Ivan Vik
TrippTrapp (0-6 år)
Laurdagsklubben (4-12 år)
Laurdagsklubben (4-12 år)
Gideon , v. Josef Nilsen
Fellesmøte Bjoa +Vik.
Vikebygd . Kveldsmat.
Basar, Normisjon
Laurdagsklubben (4-12 år)
TrippTrapp (0-6 år)
Indremisj.
Aksel Ingvard Johannesen
Laurdagsklubben (4-12 år)
Gladsong. Kaffikos
Basar til inntekt for huset torsdag 8. september kl. 19.00
Det blir andakt av Lina Fisk Eide, og solosang av Lill-Inger
Velde. Me er takksame for gåver. Det er nyleg instrallert
høgtalaranlegg, så nå er me spente på korleis det fungerer i ein
fullsett sal. Kom og høyr. Styret
Bibelhelg. Møte kl. 19.30. Astrid og Øystein Persson.
Bibelhelg. Møte kl. 11.00. Astrid og Øystein Persson.
Bønnemøte kl. 19.30
Gudsteneste i Ølen kl. 11.00. (Haustferie)
Bønnemøte kl. 19.30
Søndagskafé kl. 16.00
Fest for Skjoldabuen
Det vert fest i Skjold kyrkje fredag den 16.sept kl.19.30. Kåseri
ved Arne Nordbø • Varm og kald mat • Inngangspenger kr 100.
Hjarteleg velkommen! arr: Skjold sokneråd
Møteveke. Stein Sandvik (NLM) taler. Møte kl. 19.00.
Samling i Skjold kirke tirsd. 18. okt. kl. 19. Torolf Norbø
Generasjonssamling NLM kl. 18.00.
15
”Han innante”. Møte blir ope for alle. Arr. trusutvalget i Vats,
Skjold og Vikebygd.
VELKOMEN TIL GUDSTENESTE
Gudstenestesundag
Vikedal prestegjeld
Skjold prestegjeld
Ølen prestegjeld
4. september
12.s.e.pinse
Luk 18,9-14
Imsland kl.11. 00
Høgmesse
Dåp, Nattverd
Konfirmantpresentasjon
Takkoffer:Konf. arbeidet
Vats kl. 11.00
Generasjonsgudsteneste
Nattverd
Konfirmantpresentasjon
Takkoffer: NMS
Bjoa kl. 16.00
Familiegudsteneste.
4-årsbok.
Konfirmantpresentasjon.
Takkoffer: Kyrkjelyden
11. september
13.s.e.pinse
Mark 7,31-37
Sandeid kl. 16. 00
Familiegudst.
Takkoffer: NMS
Skjold kl.11.00
Familiegudsteneste
Hausttakkefest
4-års bok
Takkoffer: Sambolabo
Ølen kl. 11.00
Konfirmantpresentasjon.
Takkoffer:kyrkjelyden. Dåp
Vikebygd kl. 17.00
Konfirmantpresentasjon.
Takkoffer. Truleg vert
gudstenesta i Skjold kyrkje.
18. september
14.s.e.pinse
Luk 10, 25-37
Vikedal kl. 11. 00
Familiegudsteneste,
Motorbanen
Takkoffer. Ungdomsklubben.
Konfirmantane møter.
Vats kl. 17.00
Familiegudsteneste
Hausttakkefest
4-års bok
Takkoffer: Sambolabo
Ølen kl. 11.00
Kyrkjetundagar.
Nattverd.
Takkoffer:Kyrkjetunet.
25. september
15.s.e.pinse
Luk 17,11-19
Imsland kl. 11.00
Jubileumsgudsteneste
Biskop Erling Pettersen.
Takkoffer: Kyrkjelydsarbeidet.
Nattverd.
Skjold kl. 17.00
G-17 gudsteneste
Nattverd, Søndagsskule
Kveldsmat
Takkoffer: NMS
Ølen kl. 19.00
Misjonsgudsteneste.
Nattverd
Takkoffer: NMS
2. oktober
16.s.e.pinse
Matt 6,24-34
Sandeid kl. 11. 00
Høgmesse
50-års konfirmantane
Konfirmantpresentasjon
Dåp, Nattverd
Takkoffer: Kyrkjelydsarbeidet
Vats kl. 17.00
Generasjonsgudsteneste
Nattverd
Offer: KIA
Bjoa kl. 11.00
Misjonsgudsteneste.
Nattverd.
Takkoffer: NMS
9. oktober
17.s.e.pinse
Joh 11,17-27 og
37-44
Vikedal kl. 16. 00
Forenkla høgmesse
Hausttakkefest
Takkoffer: Landsbyutvikling,
Madagaskar.
Skjold kl. 11. 00
50- års konfirmantane
Nattverd
Offer: Sjømannskirken
Ølen kl. 11.00.
Nattverd.
Takkoffer:Kyrkjelyden
16. oktober
18. s.e.pinse
Mark 2,18-28
Imsland kl. 16. 00
Familiegudsteneste
Hausttakkefest
Takkoffer. Landsbyutvikling,
Madagaskar.
Vats kl. 11.00
50-års konfirmantane
Nattverd
Offer: Normisjon
Vikebygd kl. 11.00
Nattverd.
Takkoffer
23. oktober
19.s.e.pinse
Sal 73,23-28
Sandeid kl. 11. 00
Familiegudsteneste
Hausttakkefest
Takkoffer: Sambolambo.
Utdeling Mi Kyrkjebok
Skjold kl.17.00
G-17 Gudsteneste
Nattverd, Søndagsskule
Kveldsmat
Takkoffer: Kirkens SOS
Ølen kl. 11.00
Familiegudsteneste.
Utdeling 4.årsbok.
Takkoffer: Bibelselskapet
Takk til alle som har sendt inn stoff og bilder. Denne gongen vart det meir enn vi kunne få plass til,
men du kan sjå fleire av bileta på internett: www.hyrdingen.no
Neste nr. av Hyrdingen kjem ut 20. okt.
Stoff kan sendast til:
Hyrdingen, postboks 6, 5574 Skjold.
E-post: redaksjonen@hyrdingen.no
Frist for innlevering av stoff: 1. okt.
“Lat oss ikkje halda oss borte når kyrkjelyden vår samlast” (Hebr. 10,25)
www. h y rd in g e n . n o
16