Informasjon frå Den norske kyrkja ik ein v l i t sjon a t i v In . livet v a l e tig d DET ER SPESIELT Å VERE TIL! Om påmelding – sjå side 14 Vi lever. Det er litt av ein gåvepakke! Bibelen er full av forteljingar om menneske som har fått oppleve Gud i livet sitt. Desse forteljingane har vore så viktige at dei har vorte fortalde vidare i fleire hundre år. Til slutt vart dei skrivne ned og samla i ei bok – Bibelen. Rundt år 0 blir Jesus fødd. Gud blir fødd som menneske i Betlehem og blir ein del av historia vår. Du er òg ein del av denne historia. Vi er alle ein del av denne historia. Jesus viser oss kven og korleis Gud er. Han vil vere venn med oss og vil forstå korleis vi har det. Jesus lyfta fram dei som ikkje vart høyrde. Han slost mot det som var urettvist. Sjå filmar om Jesus var til stades for alle – skapinga på både for dei som hadde det bra, og for dei som ikkje hadde konfirmant.no det så bra. Jesus kan lære oss mykje om det å vere medmenneske og venn. Jesus bryr seg om deg og historia di. Han vil at du skal hekte deg på den «store historia» som blir fortald i Bibelen. I konfirmanttida får du høve til å bli betre kjend med Jesus, til å kjenne på tru og tvil, til å utforske livsens gåve og få gode råd med på vegen. Velkomen som konfirmant i kyrkja! Vennlig hilsen biskop Stein i Agder og Telemark bispedømme TIL DEG SOM FYLLER 14 ÅR I ÅR Du er berre eit år frå ein høgtidsdag i livet ditt. No er det tid for å velje korleis du vil førebu deg på dagen. Konfirmanttida i kyrkja er ikkje berre for deg som trur. Den er like mykje for deg som tvilar eller berre er nysgjerrig. I konfirmanttida får du høve til å utforske mange viktige spørsmål saman med andre. For det er nettopp det konfirmanttida handlar om – å lære meir om deg sjølv og Gud. Og om å få nye opplevingar saman med vener. Konfirmanttida i kyrkja gir deg høve til å •finne ut kva du trur på •lære meir om Bibelen •samtale om kristen tru •bli kjend med kyrkja •få nye tankar om livet •engasjere deg i kyrkja sitt arbeid for miljø og solidaritet 3 KVA SKJER I KONFIRMANTTIDA? KONFIRMASJONSDAGEN Sjølve konfirmasjonsdagen er ein festdag for deg, familien og kyrkjelyden. Den er eit høgdepunkt i ei spennande tid der du har vore saman med andre for å snakke, lytte og lære, skape og erfare. KONFIRMANTTIDA Opplegget for konfirmanttida varierer frå stad til stad. Men denne tida vil alltid innehalde ulike opplevingar, undervisning og samtalar om kristen tru og utfordringane i livet. Du vil også bli kjend med kyrkjeromet og vere med på gudstenester. Ein viktig del av konfirmanttida er å dele erfaringar med andre. Difor reiser dei fleste konfirmantgrupper på turar eller arrangerer andre aktivitetar. For mange er konfirmantleiren den store opplevinga dette året. KORLEIS REGISTRERER DU DEG? Alle kyrkjelydar sender ut eigne brev som omtaler det lokale opplegget for konfirmanttida. Der får du også greie på korleis du kan melde deg på. Dersom du lurer på kva for ei kyrkje du høyrer til, kan du sjekke det på konfirmant.no eller kyrkja.no. Mange reiser på leir eller helgetur i konfirmanttida. Opplevingar og fellesskap er ein viktig del av konfirmanttida. Eg gleda meg til kvar konfirmantsamling. Det var eit kjempegodt miljø og no er eg vorten konfirmantleiar! Anna-Lotta, tidleg are konfirmant Kva handlar Bibelen eigentleg om? 4 MI KONFIRMASJONSTID DETTE ER NOKO AV DET VI JOBBAR MED I KONFIRMANTTIDA: •Vennskap og relasjonar •Gudstenesta og nattverd •Sorg og glede, godt og vondt •Gud, Jesus og Den heilage ande •Kjærleik, seksualitet og samliv •Bibel og bøn •Menneskeverd og menneskesyn •Miljø og klima EI KONFIRMANTTID FOR ALLE Eg valde å konfirmere meg i kyrkja fordi bror min hadde gjort det og han sa at det var veldig bra. Konfirmanttida har vore heilt fantastisk og leiren var høgdepunktet. Ole Martin, tidlegare kon firmant Det er både spanande, lærerikt og morosamt å vere konfirmant. Eg vart bedre kjend med meg sjølv og med den kristne trua. Mange av dei spørsmåla eg hadde om Gud, Jesus og Bibelen fekk eg og svar på. Alle har rett til ei god konfirmanttid. Dersom du har behov for tilrettelegging, tek du og familien kontakt med kyrkja di. Ola, tidlegare kon firmant Karoline, tid legare konfi rmant Ei heilt spesiell konfirmanttid, som var tilrettelagt på ein fantastisk måte. Eg tek ikkje for hardt i om eg seier at konfirmasjonen var ein av dei beste dagane i Ola sitt liv, så langt. Tommy, far 6 7 ER DU IKKJE DØYPT? KVA ER KONFIRMASJON? I Den norske kyrkja er konfirmasjonen ei forbønshandling. Ordet konfirmere tyder å stadfeste eller styrke. Det er ikkje ein føresetnad for konfirmasjonen at konfirmanten skal stadfeste noko, det er Gud som stadfester lovnadene sine slik dei vert gitt i dåpen. Konfirmanttida gir deg eit høve til å bli kjend med trua. Konfirmasjonsgudstenesta er høgtideleg, og alle konfirmantane kjem fram og kneler ved alterringen. Presten eller konfirmantleiaren din ber for deg. På konfirmasjonsdagen går du ut av kyrkja med Guds velsigning over deg og over livet som ligg framfor. Berit Roald/N TB Scanpix Bibelen fortel at dåpen er Guds gåve til oss. Dåpen er eit synleg teikn på Guds kjærleik, og på at den døypte er ein del av kyrkja. Mine kjære, lat oss elska kvarandre, for kjærleiken er frå Gud og kvar den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud. Johannes’ fyrste brev 4,7 8 Om lag 43 000 ungdomar blir konfirmerte i Den norske kyrkja kvart år. 1400 av desse blir døypte under konfirmanttida. Alle kan delta i konfirmanttida. Dåpen er ein føresetnad for å ta del i den avsluttande forbønsgudstenesta. Dersom du ikkje er døypt, kan du vere med i konfirmanttida, bli kjend med trua og velje om du vil bli døypt undervegs. 9 VI OG VERDA OM KIRKENS NØDHJELP •I konfirmanttida er det mogleg å vere med på fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp, både med å samle inn pengar og å støtte kampanjar for rettferd i verda. Jesus lærte oss mykje om korleis vi menneske skal leve saman, og korleis vi skal ta vare på kvarandre og den verda vi lever i. Dette tek vi på alvor i konfirmanttida. Solidaritet og nestekjærleik, engasjement og omsorg er viktige tema. Omsorg for andre, fredsarbeid og vern av klima og miljø er mellom oppgåvene våre. Desse utfordringane treng engasjerte unge som kan jobbe for å skape ei meir rettferdig verd – lokalt og globalt. Othilia, tidlegare konfirm Ved sida av å lære om Gud, Jesus og Bibelen, lærte vi om menneskerettane og om rettferd i verda. Vi hadde og ein fasteaksjon. Noko av det finaste med konfirmanttida var fellesskapet. ant •Kirkens Nødhjelp gir naudhjelp i katastrofar og jobbar på lang sikt for utvikling i lokalsamfunn. Kirkens Nødhjelp påverkar styresmakter, næringsliv og religiøse leiarar for å fjerne grunnar til fattigdom. – Det er imponerande å sjå kva ungdomane lærer på denne skolen, seier Mary-Ann (15) og Thea (15) frå Alversund kyrkjelyd. Dei har saman med Kirkens Nødhjelp vore med på konfirmanttur til Tanzania. – Vi møtte Grace, som er einaste jenta på elektrikerlinja på Dogodogo yrkesskole, fortel Mary-Ann. – Der får tidlegare gatebarn og barn frå fattige familiar utdanning slik at dei kan få seg jobb, og dei får tru på seg sjølve, fortset Thea. – Og, legg dei til, gjennom fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp er vi med og gir dei nye sjansar. Er ikkje det bra? •Kirkens Nødhjelp er ein felleskyrkjeleg diakonal organisasjon for global rettferd. Vi kjemper saman med menneske over heile verda for å avskaffe fattigdom og urett. www.kirkensnodhjelp.no 10 KIRKENS NØDHJELPS FASTEAKSJON Grace saman med Mary-An n Kana og Th ne er frå venstre: Dei fire med bøsse s, Vilde Sætre Live Innvær Ljone land Øvretveit Os iva nn Su , Ellingsen ggernes. og Mery Laura He ea Skage Fa uskanger. 11 UNG I KYRKJA Du vel korleis du skal engasjere deg i kyrkjelyden etter konfirmasjonen. Du høyrer alltid til i kyrkja – enten du vel å bli med i ungdomsarbeidet, eller du vel å kome til kyrkja ved dei store høgtidene. Dei fleste stader finst tilbod til unge i kyrkja og i organisasjonar som driv kristent ungdomsarbeid. KVA ER CHANGEMAKER? - Ungdom som påverkar dei som har makt til å gjere verda meir rettferdig - Kreative kampanjar om mellom anna handel, klima og fred - Leir tre gongar i året der vi diskuterer utviklingspolitikk, lærer, leiker og forandrer verda - Lokalgrupper over heile landet Vi håper det du får oppleve i konfirmanttida kan hjelpe deg når du gjer viktige val i livet. Synest du verda er urettferdig? Bli med i Kirkens Nødhjelp sin ungdomsorganisasjon, Changemaker! www.changemaker.no Vil du forandre verda? Sjekk changemaker.no/intro Velkomen som konfirmant! Når du fyller femten år, er du religiøst myndig. Då kan du mellom anna bruke den kyrkjelege stemmeretten din ved kyrkjeval. Dette er ein av måtane du kan nytte for å påverke det som skjer i kyrkja. 12 13 KYRKJELYDANE I AGDER BISPEDØME: På denne sida finn du telefonnummeret til kyrkjekontoret der du bor. Dersom du ikkje finn den informasjonen du treng på heimesida til kyrkja, kan du ringje dei. Då vil dei kunne svare deg på når og kor du kan melde deg på til konfirmasjon. PÅMELDING TIL KONFIRMANTTIDEN Kyrkja der du høyrer til sender òg ut informasjon om konfirmantopplegget. Nokre kyrkjer har konfirmasjon om våren medan andre har det om hausten. Det betyr at kyrkjene sender ut informasjon til ulike tidspunkt, og at dei har påmelding til ulike tider. Du finn informasjon om påmelding på kyrkjelyden sine heimesider. Dersom du ikkje veit kva for kyrkjelyd du høyrer til i kan du gå inn på konfirmant.no eller kyrkja.no og søkje under «Finn menighet». Velkomen som konfirmant! 14 Når du skriv inn gatenavn og husnummer, kjem namnet på kyrkjelyden opp. SØ ER H K konfirmant.no ! Atrå 35 08 28 60 Austad 47 97 30 01 Austbygde 35 08 28 60 Austre Moland37 01 36 80 Bakke 38 32 88 20 Bamble 35 96 69 90 Barbu 37 01 34 60 Birkenes 37 28 15 50 Bjelland 38 28 90 85 Borgestad 35 50 63 40 Brevik 35 56 34 30 Brunkeberg 35 06 81 29 Bygland 37 93 47 00 Bykle 37 93 85 70 Bø 35 06 10 40 Drangedal 35 99 71 70 Dypvåg 37 19 96 94 Eidanger 34 30 34 30 Eide 37 09 01 00 Eidsborg, Mo, Skafså 35 07 71 88 Eiken 38 34 87 08 Evje og Hornnes 37 93 00 08 Farsund 38 39 16 55 Feda 38 35 41 90 Finsland 38 18 33 80 Fjotland 38 35 41 90 Fjære 37 09 01 00 Fjågesund og Kilen 35 06 81 32 Flatdal Flekkefjord Flekkerøy Flosta Froland Fyresdal Gimsøy og Nenset Gjerpen Gjerstad Gjøvdal Gransherad Greipstad Grim Grimstad Grindheim Grungedal Gulset Gyland Heddal Helle Hellemyr Herad Herefoss Herre Hidra Hisøy Hjartdal Holla og Helgen Holt 35 06 54 70 38 32 88 20 38 19 68 10 37 01 36 80 37 23 55 20 35 06 71 45 35 50 63 80 35 50 63 30 37 11 97 48 37 18 52 71 35 02 04 00 38 18 33 80 38 19 68 40 37 09 01 00 38 28 20 15 35 06 25 85 35 50 63 60 38 32 88 20 35 02 04 00 35 99 21 97 38 19 69 20 38 39 55 30 37 28 15 50 35 96 69 90 38 32 88 20 37 01 33 60 35 02 30 09 35 94 62 61 37 19 96 94 Holum 38 27 28 70 Hovin 35 08 28 60 Hægebostad 38 34 87 08 Hægeland 38 15 00 80 Høvåg 37 26 81 92 Høydalsmo og Lårdal 35 07 71 88 Hånes 38 19 69 10 Iveland 37 96 12 00 Kilebygda 35 50 63 50 Klevstrand 35 56 34 22 Konsmo 38 28 20 15 Kragerø 35 98 63 61 Kristiansand Domkirke 38 19 69 00 Kroken 35 99 71 70 Kvinesdal 38 35 41 90 Kviteseid 35 06 81 29 Kvås 47 97 30 01 Landvik 37 09 01 00 Langesund 35 96 52 82 Laudal 38 28 90 85 Levangsheia 35 98 63 61 Lillesand 37 26 81 81 Lisleherad 35 02 04 00 Lista 38 39 55 30 Lund 38 19 68 70 Lunde og Flåbygd 35 94 97 95 Lyngdal 47 97 30 01 Mandal 38 27 28 70 Mæl Melum Møsstrond Nesland Nissedal Notodden Oddernes Porsgrunn Randesund Rauland Risør Rjukan Sannidal Sauherad og Nes Sauland Seljord Siljan Sirdal Skien Skotfoss Skåtøy Solum Spangereid Spind Stathelle Stokken Søgne Søndeled Torridal Trefoldighet 35 08 28 60 35 50 63 50 35 07 34 80 35 06 25 85 35 04 84 49 35 02 04 00 38 19 68 60 35 56 34 05 38 19 68 80 35 07 34 80 37 15 03 21 35 08 28 60 35 99 21 97 35 95 70 80 35 02 30 09 35 06 54 70 35 94 11 74 38 37 16 00 35 58 11 49 35 50 63 50 35 98 63 61 35 50 63 50 38 25 50 55 38 39 16 55 35 96 69 90 37 01 36 80 38 05 57 10 37 15 61 31 38 19 68 50 37 01 35 80 Tromøy 37 01 36 45 Tuddal 35 02 30 09 Tvedestrand 37 19 96 94 Tveit 38 19 68 90 Tørdal 35 99 71 70 Valle 38 25 50 55 (Sør-Audnedal) Valle og Hylestad 37 93 75 24 Vegusdal 37 28 15 50 Vegårshei 37 17 02 63 Vennesla 38 15 00 80 Vigmostad 38 25 50 55 Vinje 35 06 25 85 Voie 38 19 68 20 Vrådal 35 06 81 31 Vågsbygd 38 19 68 30 Øvrebø 38 15 00 80 Øyestad 37 01 33 60 Øyfjell 35 07 34 80 Øyslebø 38 28 90 85 Åmli 37 18 52 71 Åmotsdal 35 06 54 70 Årdal 37 93 47 00 Åseral 38 28 58 65 Døves menighet i Oslo 23 33 43 20 SMS 95 20 99 06 Døves menighet i Stavanger 52 98 58 71 SMS 90 17 10 13 tlf. 38 10 51 20, e-post: agder.bdr@kirken.no, www.kyrkja.no/agder Løyve til at dette heftet kan sendast til alle som er fødde i 2001 og adresseopplysningar er gitt av Staten ved Skattedirektoratet/Folkeregisteret. Konfirmant 2016 er utgitt av Kyrkjerådet og bispedøma i Den norske kyrkja, i samarbeid med og med støtte frå Kirkens Nødhjelp. DØVEKYRKJELYDANE Døvekyrkjelydane har eige konfirmanttilbod. KONTAKTINFORMASJON Døves menighet i Oslo: Telefon: 23 33 43 20 SMS: 99 09 04 01 www.dovekirken.no/oslo Døves menighet i Stavanger: Telefon: 52 98 58 73 SMS: 90 88 89 12 www.dovekirken.no/stavanger 6ATbdNN UTANLANDS NESTE ÅR? Du kan vere knytta opp til ei av sjømannskyrkjene rundt om i verda og ha konfirmasjon der eller i eigen kyrkjelyd i Noreg. Det er også mogleg å vere «nettkonfirmant». Sjå sjomannskirken.no eller nettkirken.no. ANNA KYRKJESAMFUNN? Tilhøyrer du eit anna kyrkjesamfunn enn Den norske kyrkja? Dei fleste kyrkjesamfunn tilbyr opplæring for deg som er i konfirmantalderen. Ta kontakt med den kyrkja/kyrkjelyden du tilhøyrer, og spør om informasjon. Utgiver: Den norske kirke, Kirkerådet. Design: Burson-Marsteller. Trykk: BK.no. Foto: Tommy Normann, Torstein Ihle, Øivind Haug, Sveinung Bråthen, Robert Dreier Holand, Rune Kongsro, Lillian Grumsgård, Massimo Leardini. Avsendar: Den norske kyrkja, Kyrkjerådet Returadresse: Agder og Telemark bispedøme, Postboks 208, 4662 Kristiansand S,
© Copyright 2024