REFERAT STYREMØTE 05. januar 2014 Frammøtte: Jan Remø, Kjartan J Hove, Gro Linde, Mette Stokkenes, Arild Bjørk, Espen Sæterbø, Birte Andersen Forfall: Magnar Fredheim Bjørn Fardal Stad: Vegkontoret kl 20.00 – 21.45 SAK 00. 01. DAGSORDEN Referat Godkjent referat for desember -13. Dei fleste årsmeldingane er på plass, må og laga melding for styret. Styret i Syril fotball Det har «losna» litt i forhold til og få personar inn i styret. Så langt er det 4 nye namn, men det er 6 roller som skal dekkast opp i «fullt» styre. Går litt fleire rundar her, endeleg fordeling av roller etter årsmøte. Aktuelle datoar for årsmøte; 13. eller 20. februar kl 1900. Sjekk ut om møterom i Saften er ledig, hugs annonsering 14 dagar i forkant av møtedato. Ansvar / Frist Kjartan Alle i styret Kjartan Saker som styret meiner må opp på årsmøte: - Presisering av vedtak gjort hhv i hovedstyret i Syril og vedtak styret i fotbalgruppa har gjort. - Fordeling og kjøp av ballar. Krav og forventningar sett i fohold til eigendel, eventuelt treningsavgift. - Bruk av baneanlegget; kvifor brukar vi ikkje grasbane – kva skal til? - Leige av ulike hallar. Krav til bruk/vakthold osv - Treningsavgifter for 2014. Styret ser at fotballkretsen set kontigentavgifter på alle lag. Dette må vi dekke inn, forslag: for miniputt 500,- kr/år, for miniputt aldersklasse 9 og 10 år: 600,- kr/år, aldersbestemt: 1500,- kr/år, senior: 3000,kr/år. Dette er enno blant dei rimlegaste treningsavgiftene i fylket, og fotballgruppa går stort sett i balanse hittill. 02. Arrangement/lagspåmelding Påmelding av lag for 2014: Senior menn frist pr 15. januar-14. Sjekkar ut oppmann og seniorkontakt. Påmelding resterande pr 1. februar -14. Tilsvarande utsjekk på oppmenn som står for påmeldingane (i samarbeid med kontakt aldersbestemt). Det blir ikkje damelag i 2014. InnandørsKM for småjenter/gutar og jente/gut-lag 1. og 2. februar 2014 i Leikangerhallen. Går ut frå opplegget frå 2013, samlar oppmenn, domarkontakt, arrangementsansvarlege m fl til koordineringsmøte 09.01.2014 kl 2000 03. Baneanlegget • Treningstider i Saften; p.t. 5,5 timar i veka. Litt ulike tider over veka. I tillegg er det enkelte lag som har avtalt bruk av hallen på tider utanom det Syril disponerer. • Treningstider i Sognahallen; p.t. 1,24 time kvar sundag. Deler dette mellom hhv senior/jente og senior/gut annakvar gang. NB desse tidene skal brukast. • Grasbana og bruk – forslag diskusjon årsmøte. • Kunstgras ungdomsskulen: alle 5àr kampar blir sett opp her • Sjekk lys på ungdomsskulen!? • Kunstgrasbana: fordeling av treningsoppsett seinare på våren, det enkelte lag tilpassar treninga alt etter snø/kulde. Jan Gro/Mette Birte/Mette/Gro/ Bjørn Espen Kjartan Espen/lagleiarar Kjartan Referat styremøte SYRIL fotball 04. Økonomi Ingen gjennomgang av reknskapen for 2013, når denne føreligg blir den sendt til styret med tanke på resultat og budsjett 2014. Magnar Grovt betalar Syril fotball rundt 50 000,- kr/år for deltaking i seriar mv. Vidare dekkar vi rundt 50 000,- kr/år på lån til kunstgras. I tillegg kjem større utgifter til både buss, halleige Leikangerhallen og Storhallen i Sogndal. Vurderer elles treningsavgifter ut frå framlegg til årsmøte når resultatet for 2013 føreligg. Generelt bør vi og vere flinkare til og fange opp «tilbod» som vi kan søke på. Finst fleire som tilbyr støtte til ulikt utsyr mv. 05. 06. Side…2 Alle/Kjartan Espen/Kjartan Seniorfotball Håpar oppmann til A-laget blir avklara i veka som kjem. Kjartan/Jan Blomsterutkøyringa til jul; kunne godt vore fleire med.. Jan Aldersbestemt Det må sendast ut beskjed om innlevering av alt utstyr etter endt sesong (drakter, ballar og medisinskrin) for utsejekk av kvalitet og event supplement. Mette Sak frå desember: Det må orienterast om klubbdomarkurs i forkant av KM innandørs (oppfriskingskurs). Dette skal avviklast som krav til arrangør av KM. Alle lag som Bjørn stiller bør ha ein domar disponibel. Dette kan vere foreldre eller personar over yngre junior i alder. Legg ut informasjon om KM og domarkurs inkl «krav» om at laga stiller domar på nettet. 07. Sportsplan Uendra. Det er ikkje lagt opp til verken revisjon eller mindre endringar så langt. Vurder om denne skal opp på årsmøte for innspel, kfr uendra i 2 år. 08. Diverse - Dette vedtaket (i hovedstyret i Syril) blir repetert på årsmøtet: Det blir ikkje akseptert at eit enkelt lagt går ut og skaffar seg «eigne» sponsorar. Styret kan akseptere at det blir jobba for heile årskullet (jenter og gutar) samla knytta Kjartan eksempelvis opp mot Norway Cup – men sponsorane skal avstemmast mot styret (og hovedlaget) og ikkje forfordelast enkelte. - Tilsvarande dette vedtaket (i hovedstyret i Syril): Dersom lag vinn pengepremiar som ein del av Syril kan det enkelte lag beholde 5000,- kr + ¼ av det overskytande beløpet til bruk på laget (ballar, treningsstegar, mål mv) i løpet av den sesongen premien blir vunne. Det resterande beløpet skal førast over på kontoen til Syril fotball. Kontoar av privat art med «Syril-pengar» blir Kjartan ikkje akseptert. NESTE MØTE: Årsmøte. Kjartan kallar inn. Kjartan J Hove Referent Kjartan
© Copyright 2024