8 TYSDAG KULTUR HORDALAND 22. JULI 2014 Aasen i dag Kjenna seg sjølv er ein stor Kunst ■ Tilskipingar Vossestrand skyttarlag har skyteprøve for storviltjakt på skytebana i Haugsvik kvar fredag og sundag kveld. Trening finkaliber på 100 m bane kvar sundag. Hedleberget på Kyte Guida turar kvar torsdag kveld. Oppmøte ved fellesbrakka. Aurlandsmarsjen går frå Østerbø til Vassbygdi sundag. Arr. Aurland Røde Kors, Aurland kommune og Vener av Aurlandsdalen. ■ Konsert Sommarkonsert i Vangskyrkja med Helga Hommedal onsdag ettermiddag. Arr. Voss sokneråd Granvin bygdemuseum har ope onsdag–sundag. Torsdag er det gratis sommarkonsert med elevar frå musikkskulen i Granvin. ■ Utstilling Finnesloftet er ope onsdag og fredag ettermiddag og kveld. ■ Kino VOSS 22. Jump Street Filmen går onsdag. 11 år. Dawn of the Planet of the Apes, 3D Filmen går tysdag og onsdag. 11 år. Dragetreneren 2, 3D Filmen går onsdag. 7 år. The Purge: Anarchy Filmen går tysdag og onsdag. 15 år. Transformers: Age of Extinction, 3D Filmen går tysdag. 2D onsdag. 11 år. MARKISER PERSIENNER inntil 35% rabat t Tilbudet gjelder på utvalgte produkter ut juli 04990 www.scandic.no ENDA PÅ GRASET: På slutten gjekk det litt vel fort føre seg på dansegolvet, og Eirin Tjoflot enda på graset. – Det er ekstremt tungt å dansa på gras, eg har Intim postkortkonsert Mellom bakkar og berg vart det duka for ein lang sommarkveld i Ulvik. Real Ones og Revolver bergtok publikum. Det er laurdag kveld og framleis over 20 grader. På gardsvegen kjem folk vandrande opp til Børsheim gard; ektepar, foreldre og born, nye par, sysken og venner. Fallskjermklubben har derimot teke snarvegen, og kjem dalande frå himme- len. Men samtlege er på veg til Kvemmadokkje, husmannsplassen på Børsheim gard. TRADISJONELT OG RÅTT. Sola skin på den vetle scena som er sett opp i bakken. Det fine vêret gjer at det ikkje trengs tak på scena, noko som gjev banda nærare kontakt med publikum. Bakteppet er derfor ei nasjonalromantisk blanding av fjell, fjord og bakkar. Daniel Sandén-Warg og Anders Røine frå Revolver startar kvelden med eit lydbilete utanom det vanlege. Utan å ha gitt ut si fyrste plate har dei likevel eit stort repertoar. Lyden av hardingfele, langeleik, moraharpe og munnharpe legg seg over husmannsplassen. Kombinasjonen av intensiteten i folkemusikken og lydstyrken i rocken gjev ein original råskap til dei tradisjonelle instrumenta. PÅ FYRSTE RAD. Hanna Osa (9) og Sunniva Lekve (8) synest det er kjekt å vera på Kvemmadokkje, og dei sit på fyrste rad for å fylgja med på musikken. – Me var litt spente på korleis Revolver sin musikk kom til å vera sidan dei har så spesielt namn, fortel Sunniva. Men det dei gler seg aller mest til er Real Ones. Storesystera til Hanna er hemmeleg forelska i ein i bandet, og no skal dei sjekka om han er dugande. – Han ser ut som om han er flink å spela, fortel Hanna. Både Sunniva og Hanna spelar instrument sjølve, og då er det kjekt å få med seg konsertane. Sunniva har nemleg seld lappar og jobba på Kvemmadokkje fleire gonger, så no er det på tide å berre høyra på musikken. TYSDAG KULTUR HORDALAND 22. JULI 2014 9 LANG FARTSTID: Real Ones kan feira 20 år som band, og har difor eit bra repertoar av songar å velja mellom. «Ballad Of An Old Man» var ein av songane som fall i svært god jord hjå publikum. SOMMARIDYLL: På husmannsplassen Kvemmadokkje samla alle seg for å høyra Revolver og Real Ones spela. Bakteppet for konsertane er ikkje å klaga på heller. heilt blodsmak i munnen, seier Eirin og ler. VENTAR PÅ HOPPARANE: Hanna Osa (t.v.) og Sunniva Lekve ventar spent på å sjå fallskjermhopparane dala frå himmelen. Mest av alt gler dei seg likevel til musikken. i Kvemmadokkje DANSEGLEDA PÅ GRASET. Real Ones entrar scena til stor applaus, og det vert fort tydeleg at blandinga av folk, pop og rock passar glimrande til omgivnadane. Miksen av dvelande og raske låtar gjev publikum moglegheit til å både nyta og dansa. Det er færre som hiv seg til sistnevnte, men ein gjeng ungdommar frå Lofthus ser sitt snitt til å skapa endå meir stemning. Edvard Kvalvik og Eirin Tjoflot svingar seg rundt på graset, og ser ikkje ut til å ensa publikum. – Bandet oppfordra til at me skulle dansa, så då gjer me det! Det er noko med atmosfæren her, eg føler at me sit på ein fjelltopp. Lyden smell nærast mot deg og utsikten er jo heilt ekstremt flott! Heilt fantastisk, seier Edvard. OPPFOR KVEMMADOKKJE. Lenger oppe i bakken sit KarlMagnus Tobiassen og Ingvar Bergh. Begge har gått Kvasshovden Opp tidlegare same dag, og då er det fint å berre sitja i graset og slappa av. – Utruleg bra omgivnader! Det i seg sjølv gjev ein ekstra dimensjon til musikken, seier Ingvar. – Og det fantastisk fine vêret gjer sitt det óg. Dette er ein skikkeleg fin kveld, legg KarlMagnus til. Eit stykke bortanfor dei ligg ein mann og slappar av og nyt musikken med attlatne auge. På Kvemmadokkje er det rom for å digga musikken på forskjelleg vis. KVALITETSKOMBO. Kvelden er ein kveld utanom det vanlege. Den intime settinga gjev eit preg av bakgards- eller hagekonsert, men samstundes er bandet Spelemannprisvinnarar av året. Kombinasjonen av kvalitetar kunne ikkje vore betre. På ein konsert der bandmedlem har på seg både tøflar og fjellsko, bakteppet er som eit postkort, solstålane glinsar seg i dei siste snørestane på fjelltoppane, fallskjermhopparar landar i tunet og det vert drukke eplemost til den store gullmedaljen – då er det klart at ein er på Kvemmadokkje. LISA MARIA BREISTEIN SØLVBERG | tekst og foto lms@avisa-hordaland.no FAKTA | KVEMMADOKKJE Kvemmadokkje er ein husmannsplass på garden Børsheim i Ulvik. Første husmannen kom frå Kvam, kvemming, og plassen ligg i eit dokk, eit søkk. Derav namnet Kvemmadokkje. Frå 2006 har det vore skipa til ulike arrangement her kvart år.
© Copyright 2024