Vi tek hand om avfallet ditt! - Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS

www.vor.no
Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS
Torvmyrane 29
6160 Hovdebygda
Telefon: 70 04 86 00
Telefaks: 70 04 86 09
E-post: firmapost@vor.no
Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR) er heileigd av
Volda og Ørsta kommunar og driv med innsamling,
sortering og vidaresending av avfall og kloakkslam
frå hushald, fritidsbustader og næringsliv. Hovedkontor og miljøstasjon ligg i Hovdebygda - midt
mellom Volda og Ørsta sentrum.
Vi tek hand om avfallet ditt!
Hovedoppgåva til VØR er å sørgje for gode avfallsløysingar
for deg som forbrukar. I tillegg til at avfallet i stor grad vert
kjeldesortert og henta hos abonnentane, finst det fleire
returpunkt for levering av ulike typar avfall.
VØR har ressursane og kompetansen som vert kravd
for rett handsaming av avfallet. Miljøstasjonen
i Hovdebygda er i stand til å ta i mot alle typar
avfall for sortering, lagring og vidaresending til
attvinning eller deponering.
Vi arbeider for at private hushald og bedrifter skal
få system på avfallet og tenkje miljø. Samstundes
er det minst like viktig at vi gjer det same i vår eiga
verksemd. Vi jobbar derfor heile tida med nye og
framtidige løysingar for ei meir miljøvennleg drift.
Miljøstasjon
Vår moderne miljøstasjon vert nytta til mottak av alle typar avfall. Her
har privatpersonar høve til fri levering av det meste, med unntak av
restavfall og nokre typar farleg avfall som kan leverast mot avgift.
Returpunkt
I tillegg til Miljøstasjonen har VØR fleire returpunkt rundt
omkring i kommunane. Her er det satt opp godt merka
konteinerar for dei ulike avfallstypane, slik at du sjølv kan
sortere til rett stad.
Fritidsbustader
Volda og Ørsta har innført renovasjon for hytter og fritidshus bustader som er i bruk inntil 16 veker i året. Eigarane får utlevert
sekkar eller avfallsdunkar som dei skal levere avfallet i.
Slam
Slam vert ordinært samla inn frå hushaldningane med
slamavskiljarar kvart andre år. Hytter og fritidshus kvar fjerde år.
Dei med tette tankar kvart år.
Miljøstasjonen ligg i
Torvmyrane 29 i Hovdebygda,
like ved flyplassen.
Open kvar dag 08.00 - 15.30
Tirsdagar langope til 19.00
Laurdagar open 9-12
Kjeldesortering
VØR ønskjer å bidra til at alle forbrukarar tek eit miljøstandpunkt. Ved å bruke
vår kunnskap og erfaring til å gi gode råd og løysingar, skal vi gjere det enkelt og
naturleg å kjeldesortere. Saman tek vi miljøet på alvor!
Restavfall
Vert henta kvar eller anna kvar veke. Her kastar du
matavfall, skiten emballasje og liknande.
Papp og papir
Vert samla inn kvar tredje veke. Legg avfallet i dunken
med blått lokk.
Drikkekartong
Vert samla inn kvar tredje veke, samstundes med
papirinnsamlinga. Kartongane skal skyljast og tørkast
godt. Brett dei saman og pakk dei i kubbar. Kartongkubbane skal leggjast i særskilde posar som du får hos
VØR. Legg desse i “blådunken”.
Plast
Vert samla inn kvar tredje veke, på same dag som papp
og papir. Plastemballasjen skal skyljast og tørkast. Det
vert etter førespurnad levert ut eigne 100L blanke
sekkar for innsamling av plast. Sekken kan settast ved
sidan av “blådunken” på hentedag.
Glas og metall
Leggjast i eigne mottak som står utplasserte på
Miljøstasjonen i Hovdebygda, og ved butikkar. Ta av
korkar og lok - skyl emballasjen. Glas frå vindauge,
keramikk, porselen og eidfaste former må ikkje bli
levert i lag med glaset.
Grovavfall
Du kan levere byggeavfall, møblar og tepper, hardplast, isolasjonsmateriale, keramikk og toalett til
Miljøstasjonen mot ei avgift per kilo. Her vert dette
sortert og vidaresendt for rett handsaming.
Farleg avfall
Farleg avfall er så skadeleg for helse og miljø at det
ikkje må kastast saman med anna hushaldsavfall. Det
skal i staden leverast i særskilde konteinarar. Sjå side 7
for meir informasjon.
For næringslivet
Gjennom vårt heileigde dotterselskap Retura Søre Sunnmøre, gir vi eit
komplett tilbod til næringslivet. Vår kompetanse sikrar di bedrift løysingar
som er enkle å gjennomføre, gir miljøgevinst og er kostnadseffektive.
Vi kan tilby avfallsløysingar og henteordningar
innan heile avfallsspekteret - makulering, henteordningar for restavfall, papp og papir, utleige av
presser, komprimatorar, konteinerar og mottak av
farleg avfall.
For kundar som ikkje allereie har det, kan vi tilby
rådgjeving og løysingar for kjeldesortering. Slik
minimerer ein mengden avfall gjennom sorterte
fraksjonar, som dessutan er rimeligare å levere. Du
får med det senka kostnadane samstundes med at
du får ein god miljøprofil.
Retura Søre Sunnmøre er medlem av kjeden Retura,
og får slik tilgong til kompetanse og sentrale landsdekkande avtalar.
Farleg avfall
Farleg avfall inneheld tungt nedbrytbare stoff som kan gjere stor skade på
menneske, dyr og miljø - sjølv i små mengder. Derfor er det viktig å levere inn
alt det farlege avfallet til Miljøstasjonen for forsvarleg slutthandsaming.
Slik kastar du farleg avfall
Farleg avfall leverer du på Miljøstasjonen eller i
utplasserte mottak.
Innlevering av farleg avfall frå private hushaldningar er gratis med nokre få unntak t.d.
impregnert trevirke og eternitt.
Avfallet skal så langt som råd leverast i originalemballasje eller merkast med innhald. Dei tilsette
på Miljøstasjonen har kompetanse på farleg avfall
og sender dette til forsvarleg slutthandsaming.
Er du i tvil om noko du skal kaste inneheld farleg
avfall? Lever det til forsvarleg mottak - for å vere
sikker.
Farleg avfall er til dømes
•
•
•
•
•
•
maling, lim og lakk
olje, oljefilter, oljefiller og andre oljehaldige produkt
løysemiddel som white sprite og tynner
reingjeringsmiddel som salmiakk
bilbatteri og andre oppladbare batteri
trykkimpregnert trevirke
I tillegg inneheld elektriske og elektroniske
produkt farleg avfall. Eksempel på EE-avfall er
•
•
•
•
•
•
kjøleskap og komfyrar
TV og radio
datamaskiner, dataspel, mobiltelefonar
MP3-spelarar, elektriske tannbørstar, klokker
elektriske leiker og blinkesko
lysrør og sparepærer
www.retura.no
Containerleige eller andre avfallstenester i
frå oss? Ring 70048610
Som ein totalleverandør av avfallsløysingar tilbyr vi også:
• Miljøkartlegging og avfallsplanar
• Mottak av alle typar avfall
• Kunderågjeving retta mot kjeldesortering
Torvmyrane 29, 6160 Hovdebygda | Tlf 70048610 | Faks 70048609 |
E-post sore.sunnmore@retura.no
Alt i storbil og personbil
Ê
utførerPKK
PKK
- skrivakontroll� -kransertifisering
kransertifisering
ViVi
utfører
� skrivakontroll
Eigenelektroverkstad
elektroverkstadog
oghydraulikkverkstad
hydraulikkverkstad
Eigen
størstpå
pådekk
dekkpå
påSøre
SøreSunnmøre
Sunnmøre
ViViererstørst
Ê