Skade på avfallsbehaldar? For mykje avfall? Avfallsbehaldaren er VØR sin eigedom. Dersom avfallsbehaldaren din er skadd, tek du kontakt med oss, så byter vi den. Vask avfallsbehaldaren ved behov, så slepp du lukt og andre hygieniske problem. Skadd avfallsbehaldar som følgje av misbruk/aktløyse, blir abonnenten sin kostnad. Har du til dømes tømt vedomnen for oske, er det viktig at den er nedkjølt før du kastar det i behaldaren din. Dette kan du gjere: Transport av avfall til miljøstasjonen? Då kan du låne tilhengar av oss gratis. Hengarane har berre sommardekk, og blir difor ikkje lånt ut om vinteren. Hugs å sikre lasten på veg til miljøstasjonen. • Bestille større behaldar for restavfall og/eller papir. Sjå prisliste på www.vor.no • Kjøpe ekstra avfallssekk som er merka med VØR-logo. Denne plasserer du ved sidan av behaldaren din på hentedag • Levere direkte på miljøstasjonen i Hovdebygda mot betaling pr. kilo Er du ny i nabolaget? Les meir om returpunkt for glas- og metallemballasje, tekstilar og farleg avfall eller levering av avfall til miljøstasjonen på www.vor.no For information in other languages, please contact us! Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS Torvmyrane 29, 6160 Hovdebygda Telefon: 70 04 86 00 firmapost@vor.no Besøk oss gjerne på miljøstasjonen i Hovdebygda! Kva passar for deg? Slik skal du sortere Velkomen som ny abonnent hjå Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS. Alle husstandar i kommunane har plikt til å levere avfall, og vi tilbyr ulike løysingar for deg. Kvar enkelt bueining/leiligheit skal vere registrert med 1 renovasjonsgebyr. Med dette som utgangspunkt, har du høve til å velje ulike typar abonnement. Restavfall blir samla inn kvar eller annankvar veke. Med omsyn til hygiene skal restavfallet vere emballert i pose og ikkje ligge laust i avfallsbehaldaren din. Eit standard renovasjonsgebyr inneheld: 1 x 140 liter avfallsbehaldar for restavfall. Tøming kvar veke. 1 x 140 liter avfallsbehaldar for papir/papp/kartong + plast (i eigen sekk). Tøming kvar tredje veke. Du kan lese om kommunal innsamling av avfall i forskriftene på www.lovdata.no Avfallsproduksjon og butilhøve kan variere og du har difor høve til å velje større behaldarar, endra hentefrekvens og/eller samarbeid om felles behaldarar. Dersom du bur i eit sameige, kan det vere aktuelt med ein samarbeidsavtale. Sjå fullstendig prisliste på www.vor.no Papir og papp blir samla inn kvar tredje veke. Brettar du pappen får du betre plass i avfallsbehaldaren. Plast blir samla inn kvar tredje veke i eigen sekk, saman med papir. Plastsekken skal opp i papirbehaldaren. Dersom plastemballasjen skal kunne brukast til gjenvinning er det viktig at du skyl skiten plast i kaldt vatn og let den tørke før levering. Bruk gjerne oppvaskbørste på vanskelege flekkar – går ikkje dette, gjer plasten betre nytte i restavfallet. Sortert plast går til materialgjenvinning og produksjon av ny plastemballasje. Vi leverer ut sekkar til plastemballasje éin gong i året. Du får fleire sekkar gratis dersom du går tom, Skyll, brett & stapp Drikkekartongar blir samla inn kvar tredje veke, saman med papir. Slik gjer du det: • skyl og tørk drikkekartongane • brett dei saman til kubbar • legg kubbane direkte i papirbehaldaren For å delta i Returkartonglotteriet må det vere minst seks drikkekartongar i den sjuande. Korker kan vere på og kartongane kan gjerne stikke opp. Merk kubbane med namn og telefonnummer. Les meir på Grønt Punkt, Returkartonglotteriet. På hentedag – hugs å plassere behaldaren: • Rett veg, med opning mot bilen • Med ein avstand på 1 - 3 meter frå vegkanten • Fritt frå vegg, tre, mur osb. • Med ein avstand på 20 cm mellom behaldarane Ingen overfylte behaldarar – loket skal vere på ved tøming! JA NEI
© Copyright 2024